Eit hav av moglegheiter Magasin om fiskeri og havbruk i Sogn og Fjordane. Gitt ut av Fjordenes Tidende og Firdaposten i november 2020.
Idun fĂ´rar og overvakar 35 oppdrettsanlegg
Side 26 og 27
2
Hav av moglegheiter 2020
Les meir om desse sakene:
Blåskjel i Dalsfjorden Side 8
Vekst for innovativ tauprodusent Side 14-15
Landbasert oppdrett må gjerast enklare Side 16-17
Lyngfamilien med storsatsing i Sverige Side 18-19
Rolf Domstein har snudd minus til pluss Side 20-22
Har brukt ti år og 500 mill. for å utvikle settefiskanlegget Side 24-25
EIT HAV AV MOGLEGHEITER Dette årlege bransjemagasinet er det 18. i rekka frå Fjordenes Tidende i Måløy og Firdaposten i Florø. Vi som til dagleg konkurrerer om å vere først med lokale nyhende i overlappande dekningsområde, ser heilt klart at vi saman kan lage eit betre og meir komplett produkt. Ansvarlege redaktørar: Erling Waage i Fjordenes Tidende Svend Arne Vee i Firdaposten Redaksjonsansvarlege: Svanhild Breidalen i Fjordenes Tidende Arve Olav F. Solbakken i Firdaposten Journalistar: Arve Olav F. Solbakken Svanhild Breidalen Jørn-Arne Tomasgard Bjørn Erik Drabløs Gjert Myrestrand Prosjektleiar: Rune Henden Marknadsansvarlege: Trude Sørbø Vee i Firdaposten Ståle Tennebø i Fjordenes Tidende Formgjeving: Gunnar-Arne Haaland, Grafisk Bi-inntekt Trykk: Sogn og Fjordane Avistrykk AS, Førde Opplag: 10.000 eksemplar
KRAFTIG BILDEBRUK: Øystein Sandøy tok i bruk sterke ord for å understreke at no må alle Foto: Egil Aardal. klutar settast inn for å samle alle i Norges Fiskarlag.
– Vi må unngå intern krig i fiskerinæringa FLORØ: Norges Fiskarlag er i krise etter at fiskarane i Troms og Finnmark har meldt seg ut. - Vi må ikkje la det gå så langt at det blir intern krig i næringa. Bankline-reiar Øystein Sandøy var ei av dei tydelegaste stemmene i debatten på årsmøtet i Sogn og Fjordane Fiskarlag; der dagleg leiar i Fiskarlaget Nord, Jon-Erik Henriksen, var observatør. Ei viktig årsak til usemja er at kystfiskarane i nord meiner at dei havgåande flåtegruppene har fått for stor makt og får fangste for stor del av fiskeressursane og alt for nær kysten. Med fargerike ordbilde frå krigstid av Nordahl Grieg og den amerikanske presidenten Abraham Lincoln, slo Sandøy fast at no må ein sette seg til forhandlingsbordet og finne saman igjen med yrkesbrørne heilt i nord. – Lincoln viste til at borgarkrigen i USA var ein naudsynt og djup konflikt det var nødvendig å gå gjennom. Men vi kan ikkje la det gå så langt, understrekar Sandøy. Avtroppane fylkeslagsleiar, Jarl Magne Silden, meiner at konflikten må løysast snarast råd er. – Når dei først har gått til det drastiske skrittet å melde seg ut, då må det ligg noko djupt og sårt bak. Alle klutar må settast til for berge Norges Fiskarlag. Vi er ikkje einige i alt, men vi må ha ein organisasjon som offentleg talar med ei felles stemme. Det verste som kan skje er at Norges Fiskarlag taper legitimitet og rolla som premissleverandør opp mot styresmaktene. Sjå på kompromisset vi fekk til i kvoteforliket i 1994. Alle måtte gje, alle var misnøgde.
Det var eit kunststykke som rettsmeklarane kring om i verda skryter av. Fiskarane i Sogn og Fjordane kjenner at dei har mykje til felles med fiskarane i nord. Kysten er grisgrendt og mange fiskebruk er blitt nedlagde etter kvart som sjarkflåten har minka og overgang til større fartøy har skote fart. Men medan fiskarane i nord i større grad fangstar i heimtraktene, har vestlandsfiskarane ein tradisjon for å søke nye moglegheiter i havområda både i Nordsjøen, Barentshavet og langt mot vest i Atlanterhavet. Mangeårig sentralstyre-medlem Geir Magne Røys påpeikar at det hastar å få ei semje i nord: – Eg fryktar at spliden mellom fiskarane kan sementere seg. Men eg er optimist. Vi må gå raskt i gong finne ut kva som må til for å bli einige. Vi får det nok til.
ARVE OLAV F. SOLBAKKEN
HØYR PODKAST:
Med Jon-Erik Henriksen, Fiskarlaget Nord og Jarl-Magne Silden, Sogn og Fjordane Fiskarlag. Høyr podkast i nettmagasinet.
Hav av moglegheiter 2020
Foto: Harald M. Valderhaug | Photoevent | Heldall AS
Vi griper muligheter og skaper verdier I INC Gruppen har vi gode referanser på å finne løsninger for havnæringen, enten det gjelder vedlikehold av fiskebåter eller utstyr som brukes sammen med fiskeri og oppdrett. Vi er raske på labben og hos oss står Eurofins Havlandet klare til å ta kjappe våtkjemiske og mikrobiologiske analyser. Hos Havlandet Marin Yngel har vi produsert yngel og settefisk av torsk siden 2002, og oppdrettet rensefisk av arten Berggylt siden 2014. På Fjord Base ferdigstiller vi nå RAS anlegg for laks, og vi har fremtidsplaner om storskala oppdrett av både torsk og laks. Samtidig jobber vi med synergier og sirkulerøkonomi for hydrogenproduksjon. Ta gjerne kontakt med oss her Telefon: 5775 1800 | e-post: kontakt@incgruppen.no Hjemmeside: www.incgruppen.no | Facebook: INC Gruppen
Morselskap INC Invest Olje og gass Saga Fjordbase Eiendom Fjord Base Tekniske tjenester Norsk Contracting Partner West Industri Service WIS Møre WIS VVS NBN Elektro Akvakultur Eurofins Havlandet Havlandet Marin Yngel Havlandet RAS Pilot
3
4
Hav av moglegheiter 2020
Tar arbeidsmetodane sine inn i framtida for å kunne garantere kundane eit optimalt produkt MÅLØY: Ei utvikling mot å gå meir teknisk og vitskapeleg til verks, med analyseverktøy til å utforme og designe skip, er noko dagleg leiar i Naval Consult, Erlend Hagen, håpar vil bere god frukt.
– Vi ser at det hjelper oss til å sikre at vi lagar eit veldig godt produkt, seier han. Hagen eksemplifiserer med selskapet si nyaste kontrakt, hybridfiskebåten Arnøytind, som dei skal teikne, og Stadyard bygge, for reiar Svein Roger Karlsen i Arnøytind AS. – Den nye måten å jobbe på vil sikre at Arnøytind blir eit særs godt og effektivt fartøy, eit fartøy som eigentleg går litt utanpå det vi har gjort før, seier Hagen. Han trur dette vil heve både kvaliteten på arbeidet selskapet gjer, så vel som renommeet Naval Consult har i marknaden.
Viktig å legge tanke i designprosessen Mellom anna bruker dei analyseverktøy til å utforme sirkulasjonssystemet i båtar slik at ein får best mogleg ferskt vatn ved frakt av levande fisk. Investeringar i god utnytting av fisken, berekraftig fiske og andre miljøtiltak er noko som på sikt blir god butikk for fiskaren sjølv om investeringa kan koste. – For eit godt designa sirkulasjonssystem handlar det om at inntekta for fiskaren ligg i kor mykje han kan få for fisken han leverer. Vi har stort fokus på at frå fiskaren får fisken i nota til den er levert på kaia, så skal den vere handtert på best mogleg måte. Slik at ein kan få best mogleg betalt for kvart leverte kilo. Det er ikkje uavgrensa ressursar i havet og einaste moglegheit til å tene meir er å få opp prisen per kilo.
Då tel god utnytting og kvalitet, seier Hagen. Det å redusere svinnet og ha gjennomtenkte system for kjøling og prosessering av last, er også ein annan del av det å modernisere flåtefisket, nemleg gjennom fokuset på miljøvenlege båtar. Men sjølv om miljøtanken for dei fleste skipsdesignarar no går som ein raud tråd i arbeidet er det likevel ikkje alle båtar som blir bygd med tanke på miljøet. – Det er jo framleis slik at ein god del av tiltaka som må til for å lage ein miljøvenleg båt kostar pengar. Og dersom ein reiar ikkje har moglegheit til å velje noko anna enn det rimelegaste, er det framleis slik at det er ei billigare investering utan miljøløysingar. Men ein vil tape på sikt. Så om ein har pengane, rår eg våre kundar til å sjå det langsiktige bildet.
Redusere drivstoffbruk og optimalisere prosessar Løysingane Hagen siktar til er mange, men ein vesentleg del av miljødesign i fiskeriet handlar om drivstoffet, reduksjon i både bruk og utslepp. – Til dømes som på Arnøytind. Her er tanken å designe ein båt som bruker minst mogleg drivstoff på å gjere jobben han skal, både på veg til felta, under fangst og bearbeiding av fisken og transportere den på best mogleg måte til land. Det første bodet er at ein båt som skal redusere utslepp må ha minst mogleg motstand i sjøen. Å
VÅRE STASJONER
FINNER DU «OVERALT»
Den korte vegen til lokale råvarer
STASJONER FOR BIL OG BÅT
Sparebanken Sogn og Fjordane er stolt støttespelar for mange lokale bedrifter. Ei av desse er Sogn Aqua.
Tlf: 5785 3650 | www.mhservice.no ssf.no
MH24 eies og drives av MHSERVICE AS
Hav av moglegheiter 2020 designe eit skrog som har best mogleg linjer betalar seg på fleire måtar på sikt. I tillegg må ein ha eit framdriftsanlegg som passar driftsprofilen båten skal ha. Dette vil vere forskjellig om båten skal ligge og dra line, gå fort frå land og til land med fisk, eller om båten skal dra på ein tung trål over tid. – Her må ein gjere gjennomtenkte val som saman med skrogdesignet gir ein båt som brukar lite drivstoff på å flytte seg. Det er fleire ting som er med på å dra opp dieselforbruket på dei fleste båtar. Ein ting er oppvarming, tradisjonelt gjort gjennom elektriske varmeomnar som får straum frå ein generator driven av dieselmotoren. – Dette området har vore lite gjennomtenkt om bord båtar. Det vi no gjer på Arnøytind, og på den førre båten, er at vi hentar ut varmen frå kjølevatnet som blir skapt ved at motorane går likevel, og brukar det til å varme opp båten. I staden for å kjøle mot sjøen. Investeringa i systemet kostar litt, men når det først er gjort, er jo oppvarminga i prinsippet gratis. I dagens båtar brukar ein også isolert glas, i tillegg til at ein tenker nøye gjennom systema for kjøling og prosessering av last. – Samla sett gjer desse tiltaka at ein reduserer drivstoff-forbruket vesentleg, seier Hagen, utan at han kan talfeste det heilt nøyaktig. Ettersom Naval Consult, som blei etablert i 1983, har vore veldig spissa mot den norske kystfiskeflåten har konjunkturane i bransjen prega selskapet. Det har gått bra når det
Fornyar seg: Ei utvikling mot å gå meir teknisk og vitskapeleg til verks, med analyseverktøy til å utforme og designe skip, er noko dagleg leiar i Naval Consult, Erlend Hagen, håpar vil bere god frukt. Foto: Gjert Myrestrand har vore gode tider og dårlegare når bransjen har hatt det trongt.
Jobbar med å finne fleire bein å stå på – Så det har jo vore både eit gode og ei ulempe, men vi jobbar no med å spreie produkta våre over fleire marknadar for å få fleire bein å stå på, seier Erlend Hagen. Selskapet har vore, og er, spesialistar på snurparar og kombinerte snurp- og snurrevadbåtar. Fokusområdet har vore på båtar med ei lengde frå 20 meter og opp til over 50 meter. Dei har også designa linebåtar og båtar som kan drive trål, og
dei har utført nokre brønnbåtar i samarbeid med lokale aktørar. No håpar Hagen at mellom anna ei satsing på oppdrag på Island skal føre til ein litt meir stabil situasjon for selskapet. Her har dei nyleg fått kontrakt på ei forlenging der dei også skal tilpasse den eksisterande fiskebåten til å drive fiske slik vi har tilrettelagt fleire av våre fartøy for våre kundar i Norge.
Ser optimistisk på framtida – Dei ønskjer å prøve ut metodar og rutinar vi bruker her, men som dei ikkje er vande med sjølve. Dette
reiarlaget har mange båtar, men dei har lyst å prøve ut noko heilt nytt med denne. 2019 blei ikkje eit bra år for Naval Consult. Etterverknadane av innføring av nye reglar frå myndigheitene i selskapet si flåtegruppe, diskusjon om fiskarar kunne få utvide av fartssertifikata sine til større båtar, diskusjon om lastevolumsreglar og ei ny kvotemelding, gjorde at resultatet før skatt enda på litt over ein million i minus. Omsetninga auka imidlertid med 43 prosent og landa på 6,1 millionar. – Det var eit tungt år. Det var tungt å få kontrakter, og vi mista kontrakter vi trudde vi skulle få. Men 2020 blir vesentleg betre, og eg ser veldig optimistisk på 2021, seier Hagen. Per i dag jobbar det seks personar i Naval Consult, fordelt på to kontor. Eitt på Raudeberg og eitt på Hareid. Fordelinga blei nødvendig for å skaffe rett kompetanse, noko som kan vere ei utfordring i bransjen. – Vi er i dag ikkje på jakt etter masse folk, men vi er alltid på jakt etter spesialkompetanse, seier Hagen, og legg til: – No er vi i ein situasjon der vi har seks særs kompetente folk, eit godt utgangspunkt for å bygge vidare på selskapet i den retninga vi ønskjer. Verken for stort eller for lite, og kjenneteikna av høg kompetanse. Kundane skal vite at kjem dei til oss, så treffer dei folk som kan sakene sine og som leverer eit godt produkt.
Svanhild Breidalen
TILGJENGELIGHET · ENGASJEMENT · KOMPETANSE · BÆREKRAFT Bravo Seafood selger laks og ørret av høy kvalitet. Kunnskap og erfaring betyr at vi kjenner kundenes strenge kvalitetskrav og kan levere til deres tilfredshet. Nøkkelen til suksess er langvarige relasjoner og positivt samarbeid med oppdrettere og kunder.
bravoseafood.no
5
Hav av moglegheiter 2020
Artic Shipping vart i 2018 kjøpt av Aquaship, men vi held framleis til i Førde.
Foto: HS Produksjon
Aquaship driv med alt innan fartøy for oppdrettsnæringa, og oprerer og eig servicebåtar, bløggebåtar, brønnbåtar og fòrbåtar frå Norge, Shetland, Chile, Irland, Canada, Skottland, Island, Hellas og Spania. Vi har lang og stor kompetanse på transport av fiskefôr på ein effektiv og miljøvenleg måte. Vi har verdas mest moderne fiskefôrskip og mannskap med fokus på hygiene, miljø og sikkerheit. Vår visjon – saman med kunden – er å vere eit leiande og innovativt reiarlag med fokus på auka sikkerheit, logistikk og miljø.
Kinn Marina tilbyr et moderne og effektivt kaiområde som legger til rette for båthotell og vinteropplag. Vi har også fasiliteter for nødvendig service, vedlikehold og reparasjon KINN MARINA
Tlf.: +47 952 56 373 – E-mail.: lekva@aquaship.no Aquaship – Hafstadvegen 21 – 6800 FØRDE
Brandsøysundet 29 6908 Florø Tlf: 485 06 000 post@kinnmarina.no www.kinnmarina.no
Frequency.no
6
SIKKER JOBB -TRYGG FREMTID Laboratorium med lang erfaring og høy kompetanse på mikrobiologiske og kjemiske analyser av næringsmiddel, vann og miljø.
VI SØKER LÆRLINGER TIL FREMTIDSNÆRINGENE
Fiske og fangst Akvakultur Matros Motormann
6718 Deknepollen, tlf: 57 85 35 11, lab@matmiljo.no www.mat-miljo.no Akkreditert laboratorium etter NS-ISO/IEC 17025
OPPLÆRINGSKONTORET FOR FISKERI- OG HAVBRUKSFAG Amtskaia 30 6700 Måløy Mob.: 415 30 834 post@okfh.no | www.okfh.no
Hav av moglegheiter 2020
Fiber og fiskevelferd Med fiber heilt fram til merdkanten kan oppdrettarane nytte seg av all den teknologien som er tilgjengeleg, og som dei er avhengige av. Vi ser at det er viktig at vi kjem tidleg på bana i planleggingsfasen, slår Randi Solheimsnes fast. Ho er salssjef for bedriftsmarknaden i Enivest og på kundebesøk vest i havet.
Kunnskap, samarbeid og lokalkunnskap er avgjerande for drifta vår, seier Nils Tore Karstensen, som representerer oppdrettsselskapa E. Karstensen og Marø Havbruk. Han er strålande fornøgd med samarbeidet med Randi Solheimsnes frå Enivest og Eivind Gulestøl frå Indata. Kvardagen for oss og fiskane våre er avhengige av eit stabilt nett. Foto: Espen Nyttingnes, Rakkar.
For oppdrettsnæringa som styrer mykje av fiskestellet sitt digitalt, er det avgjerande å ha eit stabilt og godt nett, og då er fiber den raskaste og sikraste løysinga. For å klare dette har Enivest gått i samarbeid med Indata – som har lang erfaring med å levere nett til havbruksnæringa på øyane i Florø.
“Med Enivest og Indata sin teknologi, kunnskap og erfaring har vi fått eit nett som fungerer veldig bra” Teknologisamarbeid Med Enivest og Indata sin teknologi, kunnskap og erfaring har vi fått eit nett som fungerer veldig bra, seier Nils Tore Karstensen. Oppdrettselskapa E. Karstensen og Marø Havbruk har eit dataanlegg der vi følger med og fôrar 3 ulike lokalitetar via ein skjerm – og dette må fungere optimalt til ei kvar tid. Systemet trengte ei oppdatering – og det har vi fått takka vere samarbeidet mellom dei to teknologiselskapa. Fiber er framtida Eivind Gulestøl og Indata er nøkkelen i dette samarbeidet, framhevar salssjefen i Enivest. Dei er teknisk veldig dyktige og klarer å få systema til å snakke saman. No er det installert fiber der det er mogleg – og Indata har klart å binde i hop alle anlegga, slik at det er ei saumlaus linje av fiber og antenne. Dermed kan alle anlegga fôrast frå ein
plass, og dei har oversikt over biomasse, vekst og luseteljing via eit og same kamera. Dette er avgjerande for fiskevelferd og sikkerheit, seier Nils Tore Karstensen. Kjenner kvar krinkelkrok Det viktigaste er at kundane får rask hjelp, seier Gulestøl – og det klarer vi fordi både vi og Enivest har god teknisk kunnskap – og ikkje minst god lokalkunnskap. Etterkvart kjenner vi kvar einaste krinkelkrok rundt Florø. Nils Tore Karstensen veit nesten ikkje kva godt han skal seie om dei to utbyggarane. Det heile kokar ned til flinke folk med god lokalkunnskap, som ikkje minst klarer å samarbeide – og er veldig serviceinnstilte.
Vi bygger fiber der det er mogleg, fortel salssjef Randi Solheimsnes. For ho og Enivest er kundebesøk og lokalkunnskap avgjerande for å kunne tilby kundane det dei har bruk for. Foto: Espen Nyttingnes, Rakkar.
På lag med kunden Som leverandør av fiber, er vi stolte av å vere ein del av kunden sitt team – som i dette tilfelle sikrar god fiskehelse. Denne saka er eit godt døme på at bedriftsrådgjevar i Enivest – Daniel Notø – har gjort ein grundig og god jobb i forkant. Det er avgjerande å bli tatt med på råd tidleg i prosessen, slik at vi kan finne dei optimale løysingane i lag med kunden, og andre samarbeidspartar. Enivest legg vekt på å bruke lokale leverandørar som til dømes entreprenørar og dataselskap og lovar høg oppetid og stabilt nett, avsluttar Randi Solheimsnes.
3 gode grunnar for å bygge fiber for havbruket: •
Rasjonell drift, der fleire lokalitetar blir knytt saman
•
Kontroll på biomasse, vekst og luseteljing via stabilt nett
•
Lokalkunnskap og samarbeid er avgjerande for å løyse oppgåvene i utkantane
7
8
Hav av moglegheiter 2020
Blåskjel, det står dalsfjordingane for
HAUSTEFARTØY: Eit skikkeleg haustefartøy var noko av det første Arne Nistad fekk fatt i då han starta med blåskjeldyrking.
DALE: – Dei grunne og korte kystfjordane gir ideelle forhold til å produsere gode blåskjel, fortel dyrkarveteran Arnulf Elle i Dalsfjorden.
Han og kompanjong Jostein Sylta i Ariel Seafood begynner å bli gråhåra etter kvart, men optimismen har overtaket enno. Saman med Arne og Eirik Nistad i Dalsfjord Skjell er dei einaste gjenværande blåskjeldyrkarar i Sunnfjord. Då optimismen i næringa var som størst, på starten av 2000-talet, var det 60 registrerte dyrkarar i fylket. No kan dei teljast på fingrane på eine handa.
Familie-onne
GIR SEG IKKJE: Arnulf Elle har framleis trua på blåskjelnæringa.
Foto: Firda
FAMILIE: Hausting av skjel i Dalsfjorden er nærast å rekne som ei familie-onne. Her ser vi Reidun Nistad og sonen Eirik Nistad.
Foto: Firda
– Akkurat no er det stopp på grunn av korona. Skjela går i hovudsak til den norske restaurantnæringa, som har skalert ned aktiviteten sin i korona-krisa. Men det er inga krise for oss. Vi kan la skjella stå i sjøen eit år til. Restaurantbransjen ønsker skjel i storleik 3–7 centimeter og dei skal helst vere reine utan påvekst av rur. Gründer Arne Nistad i Dalsfjord Skjell også har is i magen. No er det sonen Eirik Nistad som står ansvarleg for blåskjelkonsesjonane, medan Arne framleis er direktør for Nistad Transport. – Blåskjel i sjøen er som pengar i banken, spøker han. Haustinga av blåskjel ser han på som ei familie-onne på lik linje med innhaustingane av grønsaker eller gras på eit gardsbruk.
Til å leve med Men marknadsprisane på skjel har ikkje vore mykje å skryte av. Derfor
lever blåskjeldyrkinga vidare som ei hyggeleg og idealistisk attåtnæring. – Prisane er til å leve med. Eg er pensjonist og det er kjekt å ha noko fornuftig å drive med, seier Arnulf Elle, vel vitande om at Ariel Seafood er avhengig av eit vidare samspel med Dalsfjord Skjell. Moglegheita for sambruk av utstyr er ein nøkkelfaktor. Dalsfjord Skjell investerte tidleg i ein spesialbåt for røkting og hausting av blåskjel og dessutan har Nistad Transport ein semitrailer med kjølekapasitet, som dei brukar når skjella skal leverast til mottak i Trøndelag. Blåskjel er levande ferskvare og rask nedkjøling er svært viktig. Med godt utstyr haustar dei 25 tonn blåskjel på eit par dagar og fyller opp eit trailerlass for transport til mottak.
Dobbeltspel Den gryande blåskjelnæringa kollapsa i åra fram til 2004. Arnulf Elle peikar på ei viktig årsak til dette: – Styresmaktene dreiv eit slags dobbeltspel. På den eine sida oppmuntra dei og la til rette for at folk kunne starte med blåskjeldyrking. Men samstundes blei næringa motarbeidd ved at det norske fagmiljøet innan matvaretryggleik ikkje ville ta i bruk kjent metodikk frå dei store blåskjel-nasjonane for å godkjenne skjella til konsum. Sterke krefter i veterinærmiljøet gjorde
Foto: Firda
det vanskeleg å få godkjenning ved at ein skulle utvikle ein eigen metode. No i dag er eit godt og fungerande system på plass for godkjenning av skjel som bakterie- og giftfrie.
Undervurdert utstyrsbehov Arne Nistad meiner at mange undervurderte behovet for kunnskap og naudsynt utstyr. – Mange trudde det berre var å henge ut eit bøyestrekk og begynne å dyrke. Men det må røktast og ved behov hengast ut meir bøyer når skjela begynner å bli tunge. Dessutan hadde ikkje folk hausteutstyr. Å investere i ein spesialbåt til hausting var noko av det første vi gjorde, fortel han. Dessutan meiner han styresmaktene hadde feil strategi når det gjaldt etablering av blåskjelmottak då dei valde vekk skjeldyrkarane sitt eige initiativ om felles mottak i Florø. Innovasjon Norge valde i staden å støtte etablering av eit mottak i Davik. Målet var å bygge ein konsernmodell der selskapet ville eige dyrkingsanlegga også. Erfaringane med dyrking av blåskjel i fjordarmane på kysten har vore gode. Det er lite problem med algegifter. Dessutan blir skjella uansett lagde til kontroll og reinsing i mottaket før dei blir godkjent som matvare.
ARVE OLAV FØRDE SOLBAKKEN
Hav av moglegheiter 2020
Sjå video i nettmagasinet:
OPTIMISME: Optimismen i blåskjeldyrkarnæringa var stor rundt tusenår-skiftet med mange lokale dyrkarar som ville organisere seg med felles mottaks- og pakkeanlegg. Her ser vi Halvar Espeseth, Synnøve Herstad og Peter Foto: Arve Olav F. Solbakken Hovgaard frå Høgskulen i Sogn og Fjordane.
SJØMATKOKK: Sjå korleis Kent Ole Strømsøy gjer blåskjel til delikatesse.
Ein veldig kompetent og mislykka strategi
V
i har dei naturgitte føresetnadene og eit svimlande potensial. Det finst kapital, teknologi og kunnskap i landet. På underleg vis lykkast det likevel ikkje å skape ei livskraftig skjelnæring. Rundt tusenårsskiftet var optimismen til å satse på blåskjeldyrking på topp og berre i Sogn og Fjordane var det registrert kring 60 dyrkarar. I 2003 reiste ein delegasjon frå fylket her til Prince Edward Island (PEI) i Canada for å sjå kva som måtte til for å lykkast. Turen var fylkeskommunalt organisert i prosjektet Samordninga av skjelnæringa i Sogn og Fjordane (SAMS). I ettertid ser vi at politikarane og norske styresmakter sentralt ikkje merka seg PEI-suksessen. Denne regionen i Canada står for kring 90 prosent av blåskjelproduksjonen i landet.
se». Det er inngangen til ein reportasje i avisa Vancouver Sun om den vesle regionen Nova Scotia på atlanterhavssida av landet, som er eit mekka for sjømatelskarar. Canadiarane har ein fordel av at tradisjonen med bruk av sjømat som skaldyr og skjel er sterkare enn hos oss. Men Norge har ei av verdas største sjømatnæringar, ein rik stat, god kapitaltilgang og kunnskapsrike fagmiljø, som i sum burde kunne utlikne den fordelen.
Kommentar Blåskjelnæringa
av Arve Olav F. Solbakken
Gratis konsesjonar Dyrkarane på PEI fekk leige konsesjonar gratis og fekk lån og tilskot for å starte opp. Dei slapp dessutan å betale noko tilbake til det offentlege før dei kunne vise til overskot på drifta. Styresmaktene stilte dessutan opp med eit grundig overvakingsprogram for miljø, algegifter, mengde yngel i sjøen og matinnhald i skjella. På få år bygde ein opp ein lokal industri basert på 120 dyrkarar med årleg produksjon på 17-18.000 tonn. Her heime måtte dyrkarane kjøpe konsesjonane og betale relativt sett dyre gebyr for å få godkjent skjella til konsum. «Prince Edward Island slår godt frå seg i den kulinariske bokseringen – langt over sin eigen vektklas-
Eit merkeleg og historielaust strategival når vi kjenner til korleis laksenæringa utvikla seg til ei suksesshistorie. Der kom konserndanninga i andre runde, ikkje første.
Mange private initiativ Etter turen til Canada påpeika ein av dei lokale dyrkarane frå Flora, Synnøve Herstad, at den norske næringa burde organiserast annleis. Ho etterlyste ein modell med eit nasjonalt salslag for skjel og eit offentleg overvakingsprogram over same lest som i Canada. Samstundes var ho sentral i eit initiativ for å etablere eit felles mottaks og pakkeanlegg i Florø for dei frittståande dyrkarane. Dette initiativet konkurrerte med ei anna etablering i Davik i Nordfjord, Fjord Shell, om støtte frå Innovasjon Norge. Der var ideen å lage ein konsernmodell, med målsetjing om at selskapet skulle vere eigarar i dyrkingsanlegga. Kvelande strategi Innovasjon Norge valde å støtte den industrielle konsernmodellen og valde vekk samvirkemodellen som dei fleste skjeldyrkarane i fylket stod bak. I 2006 var det kring 20 aktive dyrkarar i fylket. Fjord Shell i Davik hadde ein periode avtale med totalt 60 dyrkarar, men berre 10 av dei kom frå Sogn og Fjordane. Dei måtte legge ned drifta etter kort tid. I 2008 uttalte direktør i Innovasjon Norge, Halvor Flatland:
– Det er Fjord Shell som kan løfte næringa, men i fylket sit ein att i gamle konfliktar og vonbrot. Det er tvilsamt at det har vore så mykje enklare å samarbeide med dyrkarar utanfor fylket enn innanfor. Flatland sin uttale er heilt i tråd med «Strategi for norsk blåskjelnæring», som blei utarbeidd av SINTEF for Fiskeri og havbruksnæringens Landsforening (FHL) og publisert i 2010. Då hadde ein prøvestein på nettopp denne strategien, Fjord Shell, allereie sokke til botnen og skifteretten. Initiativ og satsingsvilje til små private og familieeigde dyrkingsanlegg var effektivt tatt livet av.
Profesjonelt og stor skala I strategidokumentet til styresmaktene står det at : «Det forretningsmessige potensialet i blåskjeldyrking er av slik art at det må drivast profesjonelt og i større skala for å oppnå lønnsemd.» I dokumentet blir det vist til at små aktørar generelt ikkje kan levere kvalitetsskjel og at det er lite sannsynleg at dei kan drive med lønsemd. Dessutan at det ikkje bør satsast på eit felles salslag fordi smådyrkarane ikkje har kontroll på kvaliteten. I åra mellom 2010 og 2016 har det offentlege brukt store ressursar på å rydde opp etter herrelause blåskjelanlegg kring om på fjordkysten. Det framleis ein del att, som må takast opp i ein runde nummer to no i 2020. Det er det mest handfaste beviset på ein mislykka strategi. Eit merkeleg og historielaust val når vi kjenner til korleis laksenæringa utvikla seg til ei suksesshistorie. Der kom konserndanninga i andre runde, ikkje første.
9
Hav av moglegheiter 2020
– Kvifor er ikkje skadeomfan for sjømatnæringane vurde FLOKENES: – Driftsløyvet er gitt utan at konsekvensane av sjødeponiet er vurdert. Derfor meiner vi at vilkåra for å tildele driftskonsesjonen til Nordic Mining ikkje er oppfylte.
Ingvar Osland og kollegaene i Flokenes Fiskefarm i Førdefjorden har sett seg nøydd til å engasjere Haavind-advokat Bjørn Sørgård i kampen mot sjødeponering av gruveslam i nærområdet sitt. Dei har levert ei formell klage på saksbehandlinga. Det oppsiktsvekkande er at miljøkonsekvensane berre blir vurdert for aktiviteten på land. Omsynet til fiskehelse og fiskevelferd blir ikkje nemnt i søknaden om driftskonsesjon, men det berre slått fast at det er liten risiko for vesentleg konflikt med fiskeri- og oppdrettsinteresser.
Verdas reinaste fjord? I juni godkjende Direktoratet for mineralforvaltning (DMF) driftskonsesjonen for gruveselskapet Nordic Rutile. Oppdrettarane er ikkje i mot gruvedrifta, men er overtydde om at deponering av stein og støv innehaldande tungmetall og kjemikaliar i fjorden kan råke dei hardt. Dei marknadsfører seg i dag som; «Eit fyrtårn innan oppdrett i verdas reinaste fjord». – Vi fryktar at kundane våre vil reagere negativt dersom vi i framti-
da ikkje kan garantere for matvaretryggleik, seier Ingvar Osland i Flokenes Fiskefarm. Dei er i dag sertifiserte via den internasjonalt kjende ordninga GlobalG.A.P. Kundane spør etter dokumentasjon på at ein har søkelys på berekraft, sunn mat, miljø og dyrevelferd. At kundar vil velje vekk ein leverandør som produserer matfisk i nærleiken av eit sjødeponi med mogleg spreiing av giftige kjemikaliar er høgst sannsynleg.
99 prosent reduksjon Nordic Mining har gjort drastiske endringar i søknaden om utsleppsløyve. Opphavleg søkte dei om å få lov å sleppe ut 1972 tonn kjemikaliar årleg i Førdefjorden. I den nye søknaden søker dei om årleg utslepp på ni tonn, fordelt på tre nye kjemikaliar. Men det er stilt store spørjeteikn ved eit av dei, sodium isobutyl xanhtate (SIBX), som dei søker om å sleppe ut to tonn årleg av. 13 miljø- og næringsorganisasjonar har klaga på vedtaket og Havforskingsinstituttet påpeikar at ved ei så lita mengde som to tonn, bør
ein sjå på alternative løysingar for avfallshandtering. Til dømes ved å kjemisk destruere SIBX på land før utslepp. Både SIBX og nedbrytingsproduktet CS2 er prova å vere giftig for fisk og plankton i ferskvatn og ein reknar med at det også er tilfelle i sjøvatn.
Fiskarlaget vil ha forsikring Fiskarlaget og sjømatnæringa elles generelt har heile tida påpeika at utslepp i fjorden ikkje må gå på kostnad av fjordmiljø, fiskevelferd og matvaretryggleik. – Sjølv om det er gjennomført testar av SIBX, så er det framleis ikkje vurdert med omsyn til sjømattryggleik, human helse eller påverknad på torskelarvar. Det er også usikkert om det finst godkjent metodikk for å analysere innhald av SIBX og dei andre aktuelle kjemikalia i fisk og sjømat. Dette må avklarast før det blir gitt utsleppsløyve, påpeikar generalsekretær Otto Gregussen i Norges Fiskarlag. Flokenes Fiskefarm sin advokat, Bjørn Sørgård, viser til minerallova som seier at «Driver av mineralfore-
BREMANGER KOMMUNE MED HAVROM FOR INNOVASJON OG NYSKAPING Innovasjon og nyskaping er grunnlaget for at lokalsamfunna skal utvikle seg. Bremanger har både ånda, folka og naturen som skal til for å verte ei drivkraft innan desentraliserte innovasjonsprosjekt og utvikling av nye og etablerte næringar. Fiskerihamna i Kalvåg er eit døme på eit prosjekt som kan få store positive ringverknader for regionen og næringa. Bremanger er ein fiskerikommune med eit hardt arbeidande og optimistisk fiskerimiljø. Ei ny fiskerihamn er avgjerande for ei vidare berekraftig utvikling i Bremanger kommune.
Bremanger kommune bremanger.kommune.no
KALVÅG FISKERIHAMN
Frequency.no
10
Hav av moglegheiter 2020
nget ert?
Nordic Mining har endra utvinningsmetode
komster skal iverksette og vedlikeholde sikringstiltak for heile området slik at arbeidene ikke medfører fare for mennesker, husdyr….». Dessutan skal det stillast økonomisk garanti for gjennomføring av sikkerheitstiltak. – Flokenes Fiskefarm er i tvil om NR og DMF har tilstrekkeleg forståing for dei økonomiske konsekvensane, påpeikar advokaten.
VEVRING: Nordic Mining har endra utvinningsmetode som krev langt mindre kjemikalieforbruk enn den opphavlege metoden.
Tett ved deponiet Flokenes Fiskefarm produserer kring 2000 tonn laks i året og Dyvik-lokaliteten ligg nokre steinkast unna deponiområdet. Dei to andre ligg ikkje langt unna heller, i fjordmunningen der det har vore oppdrettsaktivitet sidan 1972. Havbruksverksemdene i Førdefjord-regionen omsette i 2018 for 950 millionar kroner og betalte bedriftsskatt på 67 millionar kroner I tillegg har det rulla mange millionar frå havbruksfondet inn på kontoen til både Askvoll og Kinn kommune.
ARVE OLAV F. SOLBAKKEN
I FARE: Ingvar Osland i den lokale hjørnesteinsverksemda Flokenes Fiskefarm fryktar for konsekvensane dersom det blir tillate bruk av Foto: Firda kjemikaliar som SIBX.
walcon.no
Tidlegare ønskte Nordic Mining den såkalla flotasjonsmetoden det berekna årleg kjemikaliebruk var berekna til 1972 tonn årleg til tørrseparasjon ved bruk av magnetisk og elektrostatisk metode. Dette skal redusere bruken av kjemikaliar drastisk; frå 1972 tonn til ni tonn årleg. Dette er ein reduksjon på 99 prosent. Selskapet har leigd DNV GL for å modellere, teste og vurdere kjemikaliebruken og meiner å ha svart på krav om dokumentasjon frå Miljødirektoratet. Men fagfolka i Havforskingsinstituttet stiller seg tvilande til relevansen av resultata og fryktar auka belastning av mikroog nanopartiklar i det marine miljøet.
walcon – et fyrtårn på kysten
Fagarbeid er styrken vår
Knutepunkt Florø
• • • • •
Florø hamn er ei miljøvenleg pulsåre som knyt regionen vår til verda, eit naturleg bindeledd mellom veg og sjø.
Florø si rolle som eit viktig knutepunkt vert i tillegg ivareteke av flyplassen, rett i nærleiken. God kommunikasjon gjer det enkelt å reise til og frå byen; · Direktefly til og frå Oslo og Bergen · Hurtigrute · Ekspressbåt til og frå Bergen, Nordfjord og Sogn. · Regelmessige avgangar. Fugleskjærskaien – FLORØ Postboks 17, 6901 Florø e-post: hamn@kinn.kommune.no - Tlf: (47) 57 75 67 40
A til Å - www.atilaa.no
www.florohamn.no
Ei aktiv hamn, pulserande av liv og røre, med passasjerbåtar, containerfarty, supplybåtar, fiskefarty, brønnbåtar og fraktebåtar som syner byen sine maritime tradisjonar.
mekanikere rørleggere sveisere stålutrustning hydraulikk
ORØ HAMN FL
w
ww no .florohamn.
Telefon 917 20 347 P.b. 1067, Ole Aaserudsgata 7 6909 FLORØ
11
12
Hav av moglegheiter 2020
Kallar opp el-båt etter besta FLORØ: – Vi kallar opp den historisk første el-båten vår etter ho besta, ei flott dame i slekta, fortel Nils-Tore Karstensen. Batalden-oppdrettarane har å slektast på, sidan far til Nils-Tore og Geir Karstensen, var ein av føregangsmann i oppdrettsnæringa. Erling Karstensen var ein av dei første til å ta i bruk rensefisk i laksemerdane. E. Karstensen Fiskeoppdrett fører vidare tradisjonen med å vere i front for utviklinga ved å ha bestilt kommersiell el-arbeidsbåt nummer 001 frå Evoy og samarbeidspartner Helgeland Plast. Den vil bli levert i månadsskiftet november/desember. I mellomtida har dei hatt namnekonkurranse og måtte velje blant nær 200 forslag: – Vi gratulerer vinnaren av namnekonkurransen, Janette U Gjertsen. Elida var namnet til ei flott dame i slekta. Besta heitte Elida Storehaug Aalen. Vi har tidlegare brukt familienamna Erling og Borghild på flåte og båtane våre, så vi har ein god tradisjon å halde oppe. Den lokale verksemda er i front med miljøvennleg drift. Dei har minimalisert bruk av fossil energi ved å ha elektrifisert anlegga med landstraum og hybridløysingar. Dessutan er dei i front med bruk av luselaser og rensefisk og kan vise til fleire utsett av fisk der det ikkje er behandla mot lus med kjemikaliar.
ARVE OLAV F. SOLBAKKEN
TEKNOLOGI OG MILJØ: Nils-Tore Karstensen viser fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen og fiskeripolitisk talsmann Tom-Christer Nilsen bruk av miljøvennleg teknologi.
SKIPSSKI SK IIPSPSDESIGNER
ARNØYTIND
Kombinert snurrevad og snurper, fangstar i hovedsak kvitfisk, men også pelagisk. Særdeles drivstoffgjerrig og dertil klimavennlig. Effektivt design for god fangsting og handtering av fisk. Er med sine drøye 50 meter eit av dei største fartøya i kystfiskeflåten. Skal byggast av Stadyard.
Foto: Arve Olav Førde Solbakken
Naval Consult er ein lokalt forankra skipsdesignar som var etablert i 1983. Selskapet har dei siste 25 åra framheva seg som eit av dei fremste i landet innan design av fiskefartøy. Selskapet har hovedkontor på Raudeberg og avdelingskontor på Hareid. Dei ansatte har høg kompetane og lang erfaring, og fartøya er kjende for å vere effektive og lønnsomme fangstmaskiner. Naval Consult sine nye design framhevar seg med å vere særs drivstoffgjerrige, samstundes som effektiv fangst står i høgsetet. Naval Consult er medlem i Måløy Maritime Group, og har tett samarbeid med fleire av dei andre medlammane i gruppa.
Kontaktinformasjon
Naval Consult AS
erlend@naval-consult.no Tel 97159878 / 57853888 Nedrevegen 128, 6710 Raudeberg
Hav av moglegheiter 2020
Sjå video i nettmagasinet:
VIDEO: Sjå video med Nils Tore Karsensen i nettversjonen av avisa.
INDUSTRI
FISKERI
OPPDRETT
Siden vi startet selskapet i 1995, har vi utviklet oss til å bli blant landets fremste spesialister på avanserte rørsystemer. Det som driver oss, er å finne de beste løsningene tilpasset kundens behov. I løpet av 25 år har vi vokst til en bedrift med rundt 50 engasjerte og meget kompetente ansatte i et tverrfaglig miljø. Med stadhavet som nærmeste nabo har vi kampen mot naturkreftene i ryggmargen. Som kunde hos SIMONA Stadpipe kan du være trygg på å få verdensledende ekspertise gjennom hele verdikjeden fra prosjektering og design, produksjon, installasjon og testing, til overlevering av ferdig anlegg. Vår aktivitet er sentralt plassert i forhold til verdiskapningen langs kysten av Vestlandet. Hovedkontor og produksjonshall ligger i Stad Næringspark på Stadlandet.
Foto: Evoy
Våre 115 tilsette slaktar i år 2000 trailerlass prima laks og aure frå gode kundar langs heile vestlandskysten.
Vi er stolte aV det!
Vi er ISO 9001-sertifisert, og kan levere i henhold til NS 9416.
www.simona-stadpipe.com
Slakteriet AS Postboks 393 6901 Florø Tlf.: 57 74 98 00 www.slakteriet-as.no
13
14
Hav av moglegheiter 2020
Fortset veksten og styrker satsinga på kortreist kvalitet MÅLØY: Selstad AS i Måløy har i 2020 hatt ei 38 prosent auke i produksjonen av tau samanlikna med fjoråret. Tre nye stillingar ved taufabrikken i Måløy er oppretta som resultat av veksten, og nye tauprodukt er på trappene. Utvidinga på heimebane har dei gjort for å sikre kundane avgjerande utstyr i ei tid der usikkerheita er stor globalt.
Oppskalering og oppbemanning Erik Engebretsen leier området for tau og sikkerheitsutstyr i Selstad. Han ser mange fordelar ved å utvide produksjonen lokalt. – Det gir oss 100 prosent kontroll på verdikjeda vår, og dermed også kvaliteten på Selstad-tauet. I tillegg er det jo positivt med alt som er kortreist, smiler han. I ein situasjon der det er stor usikkerheit knytt til globale leveransar, bidrar utvidinga av tauproduksjonen til å sikre føreseielegheit for både Selstad og kundane. – Vi har hatt våre utfordringar med korona som alle andre, spesielt på logistikkdelen. Men vi har hatt ein bevisst strategi i bedrifta på korleis vi skal forhindre smitte og sett ned reglar som alle skal følge, seier sal- og marknadssjef Marit Selstad. – Det å behalde produksjonen i Norge gjer oss jo mindre utsett med tanke på å kunne garantere leveransar. Lokal produksjon gir oss fleksibilitet, og det verdset kundane høgt, slår Engebretsen fast. Dei aller fleste aktørane i den maritime bransjen nyttar seg av Selstad-tauet, fortel Engebretsen. For fiskeria er snurrevadtauet ein viktig delemne i reiskapen til snurrevadflåten. Andre typar tau frå Selstad utgjer også ein viktig del av trålar til fiske, og til posar og fortøying for havbruk. – Alle typar skip kan bruke taua våre til fortøying og slep. Når for eksempel trosser ryk i hardt vêr, har ein behov for lynrask erstatning, og der kan vi vere til hjelp, forklarar Engebretsen.
Kombinerer spesialkompetanse med nye idéar Engebretsen har vore leiar i Selstad sidan august i fjor. 35-åringen kjem opphavleg frå Bergen, og har med seg fleire års leiarerfaring frå Fjordkraft og Sjøforsvaret før han gjekk inn som leiar for den einaste attverande taufabrikken i Nord-Europa.
Innanfor eksisterande areal: Den 38 prosent store auka i tauproduksjon handterer Selstad innanfor eksisterande areal, men Marit Selstad vedgår at stadig behov for meir plass er ei tilbakevendande Foto: Bjørn Erik Drabløs utfordring. Engebretsen understrekar at det er i tett samarbeid med formann i taufabrikken, Frode Johnsen, at utvidinga av produksjonen har vore mogleg å gjennomføre i eit land som Norge der konkurransen mot lågkostland merkast godt. Johnsen har over 30 års erfaring med produksjon og utvikling av tau, og leier eit team med spesialkompetanse i sitt felt. – Dei sit på ein heilt unik kompetanse på dette fagområdet, og kombinasjonen av etablert kunnskap med nye idéar gir eit spennande utgangspunkt, seier Engebretsen.
Oppbemannar Gjennom sommaren har Selstad
Plasskrevjande: Selstad AS driv innanfor det vi trygt kan kalle plasskrevjande industri både til maskiner, utstyr og produksjon, men også lagerplass.
bemanna opp med tre nye stillingar ved taufabrikken i Måløy for å møte etterspurnaden frå marknaden. Og dei er glade for at arbeidsplassane er lokale. – Det er viktig for oss å vere med og bygge arbeidsplassar i sterke kystsamfunn som Måløy, seier Engebretsen. – Samtidig er det kjekt å sjå at vi med norske tarifflønningar kan produsere tau som er konkurransedyktig mot tau produsert i land som har langt rimelegare arbeidskraft.
Produktutvikling Samtidig som produksjonen blir skalert opp, tar også produktutvik-
Foto: Bjørn Erik Drabløs
ling store delar av fokuset i Selstad, og er noko Johnsen jobbar med på dagleg basis. Parallelt med at ein jobbar med gode løysingar for mottak og gjenvinning av brukt fiskereiskap, er dei i gang med å utvikle eit nytt produkt. – Ja, vi er så vidt i gang med å utvikle eit tau til bruk i krabbeliner, og då spesielt til snøkrabbe- og kongekrabbefiske. Vi produserer det slik at tauet skal halde seg stabilt lenger, og samtidig redusere snurr, forklarar han. Johnsen meiner tauet som Selstad produserer har høg kvalitet fordi bedrifta produserer sitt eige fiber som er spesielt hardt og slitesterkt. Dette fiberet er også godt
Hav av moglegheiter 2020
15
Har store planar: –
Vi riggar oss kontinuerleg for framtida, sjømatnæringa er ei robust næring og stadig i vekst. Vi har alltid hatt ein tanke om at vi skal utvikle oss, og jobbe for vidare vekst, seier Marit Selstad, som er sal- og marknadssjef i Selstad.
etstau
Foto: Bjørn Erik Drabløs
– Vi har alltid hatt ein tanke om at vi skal utvikle oss og jobbe for vekst MÅLØY: Det har alltid vore viktig for familiebedrifta Selstad å sjå nye moglegheiter og vekse der dei kan, og frå 80-talet skaut utviklinga verkeleg fart.
Utvidar i koronatid:
Selstad AS i Måløy har i 2020 hatt ei 38 prosent auke i produksjonen av tau samanlikna med fjoråret. Tre nye stillingar er oppretta som resultat av veksten, og nye tauprodukt er på trappene. Erik Engebretsen (t.h.) er leiar for området for tau og sikkerheitsutstyr medan Frode Johansen er formann i taufabrikken.
Foto: Selstad AS
eigna til produksjon av krabbetau, fortel han. – Dette er det same fiberet som vi nyttar i det anerkjente snurrevadtauet vårt. Her får vi stadig tilbakemeldingar frå kundane på at Selstad-tau varer over dobbelt så lenge som andre tau. Dette gir også ein svært positiv effekt for miljøet, seier Johnsen. Men dei understrekar at snurrevadtauet, som er blant Selstads viktigaste tauprodukt, framleis skal vere ein hovudprioritet. – Der skal vi framleis vere den foretrukne leverandøren i marknaden, avsluttar Engebretsen.
Svanhild Breidalen
Selskapet som blei grunnlagt av dei to brørne Alf og Harald Selstad i 1953, har i dag 190 tilsette i Norge, 90 av dei på hovudkontoret i Måløy, og kunne i 2019 innkassere omsetnadsvekst for åttande året på rad. Og selskapet har ingen planar om å justere ned ambisjonane. – Vi riggar oss kontinuerleg for framtida, sjømatnæringa er ei robust næring og stadig i vekst. Vi har alltid hatt ein tanke om at vi skal utvikle oss, og jobbe for vidare vekst, seier Marit Selstad, som er sal- og marknadssjef i Selstad. Sjølv flytta ho tilbake til jobben i familiebedrifta for to år sidan etter eit sju år langt utanlandsopphald med siviløkonomstudiar i London og København. – Eg har alltid hatt lyst tilbake, det har nok alltid lege i korta: Men eg hadde også eit ønske om å reise ut, og studere og oppleve i utlandet. Men det å kome tilbake har vore veldig kjekt. Eg kom til ei nyoppretta stilling der eg får jobbe med eit svært erfare team som har mykje å lære frå seg samtidig som vi ser mot nye moglegheiter, seier Selstad. Bedrifta med base i Måløy har nemleg bygd seg opp til å bli ei av dei største i landet innan sal og vedlikehald av reiskap til fiskeflåten og oppdrettsnæringa. På Moldøen ligg hovudkontoret, fiskeriavdeling med fiskereiskapsservice, samt avdeling for sikkerheitsutstyr med servicestasjon for flåtar og redningsutstyr. I anlegget på Trollebø, som stod ferdig i 2015, har selskapet all serviceaktivitet for akvakultur.
Både organisk og bevisst vekst Selstad fortel at veksten dei siste tiåra har vore både organisk, som følge av etterspurnad og marknadsbehov, men også bevisst, der selskapet mellom anna har kjøpt seg inn i selskap og gått inn i
andre marknad av strategiske omsyn. – Noko av det mest sentrale dei siste åra er kanskje utvidinga på Island der vi kjøpte oss inn i Isfell, ein av Island sine største leverandørar av service og sal av utstyr til fiskerinæringa. Vi har i over 20 år hatt tett samarbeid med gründerane i selskapet, og no har vi knytt dei tettare til oss. Men vi har stort fokus på at Isfell framleis skal vere eit islandsk selskap sjølv om det har blitt eit dotterselskap av Selstad. Slike steg er naturleg i ein marknad som stadig blir meir internasjonal, og Selstad merkar også ein større grad av leveransar til Russland, og at produkta beveger seg over den internasjonale marknaden. Men selskapet utvidar også lokalt. I tillegg til styrking av tauproduksjonen på Moldøen, jobbar ein også for tida med utviding av kapasiteten for akvakulturanlegget på Trollebø. I dette anlegget blir oppdrettsposer reingjort, reparert, impregnert, kontrollert og sertifisert til bruk på nytt. Bygget har også mykje utstyr til oppdrettsnæringa, blant anna fortøyingsløysingar, kjetting og anna. No skal det eksisterande bygget forlengast med 30 meter for å gjere plass til nytt prosessutstyr og auka produksjon, og om ein får starta arbeidet på tomta i haust, kan bygget vere klart til bruk våren 2021. – Vi driv plasskrevjande industri, og vi har jobba lenge med å få utvida dette lageret. Men plass kan ein aldri få nok av, og om utviklinga held fram som den har gjort, vil vi nok også trenge meir plass i framtida, seier Selstad.
Omsetnadsvekst for åttande året på rad Tala for 2019 er ikkje trist lesing for Selstad. I det heile tatt har rekneskap vore god lesing for måløyselskapet i mange år, for Selstad auka i 2019 omsetnaden for åttande året på rad. Ifølge purehelp.no hadde selskapet ein omsetnad på 485 millionar kroner i 2019, ein auke på 11 prosent frå året før og nær ei dobling av omsetnaden dei hadde i 2015 (85 prosent auke).
Resultatet før skatt, på nær 18 millionar kroner, går noko ned frå 2018 sine 20,8 millionar, men Marit Selstad forklarar dette med investeringstempoet. – Vi har vore gjennom ein kraftig vekst, og vi har rigga organisasjonen deretter. Vi har investert i bedrifta og tilsett fleire folk, og dette viser naturleg nok igjen i tala. I tillegg står vi i ein tøff konkurranse som legg hardt press på marginane våre.
Sjå dronevideo
av Selstad sine anlegg i Måløy i nettversjonen av magasinet. Foto: Bjørn Erik Drabløs
Stadig på jakt etter dei retta folka For Selstad er visjonen å vere ein foretrukken partnar for den havbaserte næringa, og dei jobbar hardt med kvalitet og utvikling for å styrke og halde på posisjonen. Nyleg har dei valt å oppgradere FoU-delen av verksemda med ei ny stilling, ein FoU-koordinator. – Vi har allereie ein FoU-leiar, men såg behovet for styrking av teamet, og er no på jakt etter ein koordinator også, seier Selstad, og peikar på at dette er ein viktig del av bedrifta sitt strategiarbeid. – Vi ser at jobben med å utvikle nye produkt og finne andre utviklingsmoglegheiter er heilt avgjerande. Vi har også personar i andre stillingar som jobbar med forsking og utvikling som hjelper FoU-leiar og koordinator. Rekrutteringsarbeidet er noko bedrifta jobbar med kontinuerleg. For tida leitar dei også etter IT-sjef, marknadskoordinator og ein del andre folk til sentrale stillingar. – Vi er alltid på jakt etter flinke folk. Vi har jamt og trutt behov for nye folk og ny kompetanse, smiler Selstad.
Hav av moglegheiter 2020
Landbasert må gjerast mindre komplisert BULANDET: – Innovasjonen ligg i å tenke enkelt og robust med basis i lang og relevant erfaring. Det er veldig lett å tenke frykteleg komplisert når ein skal utvikle slike system. Det seier dagleg leiar Hans Haddal i Bulandet Miljøfisk, eit prosjekt som konkurrerer med mange andre om fullfinansiering. Det er stor aktivitet innanfor landbasert akvakultur for tida. Ein les stadig vekk om nye store prosjekt under planlegging I Florø, Bremanger og Måløy-regionen. Det er stor konkurranse om å skape merksemd omkring prosjekta. I dette bildet skil Bulandet Miljøfisk seg litt ut. Få prosjekt er komne lenger, samtidig som selskapet held ein ganske låg medieprofil.
Fokus på kostnader – Dette fortel mykje om korleis gründerane Oddmund Storesund
og Ola Sveen tenkjer, seier dagleg leiar Hans Haddal. – Det gjeld å utvikle eit system som produserer kvalitetsfisk til konkurransedyktig kostnad. Det er her det reelle slaget står. Samstundes er det litt viktig å fortelje litt om det vi driv med også. Dette er fullt mogeleg å gjere utan å bruke for store ord. Bulandet Miljøfisk kallar teknologien sin for SIRAS, som står for Semi-Intensiv Resirculating Aquaculture System. Lokaliteten på Gjørøy er klarert for å produsere 5.500 tonn laks. Det gründerane er spesielt opptekne av er å skape god vasskvalitet for fisken samstundes som ein får til effektiv oppsamling
LEIINGA: Prosjektleiinga på besøk i anleggstomta. Frå venstre prosjekteringsleiar Christian Hatlem Skår, dagleg leiar Hans Haddal, FOUleiar Asbjørn Dyrkorn Løland og styreleiar Knut Eikeland. Foto: Ola Sveen av slam. Dette er to sider av same sak.
Kostnadspress og korona Bulandet Miljøfisk samarbeider med Norce og Universitetet i Bergen om å dokumentere systemet. Bulandet Miljøfisk sitt pilotanlegg representerer eit unik høve til å dokumentere produksjon av ein svært robust postsmolt og matfisk, uttalte Sigurd Handeland, amanuensis ved Universitetet i Bergen, i ein pressemelding i 2019. Då byggearbeidet starta på tomta før jul i 2019 var målsettinga å gjennomføre utbyggingsfasen på 8–10 månader. Denne planen kom under press i februar og mars. Prosjekte-
ringa viste at prosjektet vart dyrare å bygge enn opphavleg planlagt. Det vart også veldig vanskeleg å sjå korleis ein kunne gjennomføre framdrifta på ein god måte i forhold til korona-situasjonen. Det vart då bestemt at Hans Haddal skulle ta over rolla som dagleg leiar, slik at Oddmund Storesund kunne konsentrere seg om å leie sluttføringa av grunnarbeidet og ta ned aktiviteten på byggeplassen. – Eg er veldig glad for at vi raskt tok grep, seier Haddal. – Oddmund har lang erfaring frå store byggeplassar og vi var heilt samstemte i synet på risikoen ved å starte opp nye delprosjekt som kravde mykje folk i turnus. Det
SKIPSDESIGN, INGENIØR- OG KONSULENTTENESTER
MULTI MARITIME UTVIKLAR: • kostnadseffektive og miljøvenlege forbåtar, brønnbåtar og servicefartøy • miljøvenlege flytande lukka oppdrettsanlegg (FLO) for norske fjordar
A til Å · www.atilaa.no
16
PS! Multi Maritime er godkjendt foretak for kontroll og sertifisering av skip opp til 15 m.
www.multi-maritime.no
Hav av moglegheiter 2020
BULANDET: Det er kort veg til sjøen uansett kor ein snur seg i Bulandet.
Foto: Ola Sveen.
hadde vore ein heilt forferdeleg situasjon dersom det var vi som importerte smitte til Bulandet og Værlandet.
Fisk om eit år Koronaperioden har vore brukt til å arbeide med prosjektering og finansiering. Status no at ein har gjort klar tomta og traseane for innløp og avløp. Ein har også fått frakta på plass dei lange røyra som skal leggast til og frå sjøen. Dette arbeidet må leggast til ei periode med godt nok ver. – Det som no skjer vidare er produksjon av kar-element hjå leverandør. Desse vil bli transportert med båt frå produsent til Bulandet
for montering i mars/april. I mellomtida vil det bli gjort eit arbeid på byggeplassen med røyrsystem og støyping av botnplatene til kara, seier Haddal. Målet er å sette inn fisk i anlegget i oktober 2021. Samstundes er selskapet opptatt av at det er viktig å arbeide kontrollert med alle delprosessane.
Stort i Bulandet – Eg må av og til minne meg sjølv på at vi trass alt har starta opp ei av dei største samfunnsinvesteringane i Bulandet og Værlandet nokon gong. Når eg av og til vert veldig utolmodig, så hjelper det å tenkje litt slik på det. Vi har arbeidd med pro-
Bli med på vinnerlaget!
UNDER HAVNIVÅ: Ei tørr byggegrop under havnivå er klar for
pilotanlegget.
Foto: Ola Sveen
sjektet sidan 2015 og har aldri vore nærare realiseringa. Det første byggetrinnet i Bulandet består av fire kar med til saman 14.000 kubikkmeter karvolum. Her vil det på det meste bli produsert opp mot 1000 tonn laks i året. Kara blir plassert i ei tørr byggegrop på land som er sprengt ned til 8 meter under havnivå for å redusere energikostnadane i driftsfasen.
Sunnfjord-modellen I oppstartsfasen vil Bulandet Miljøfisk samarbeide med Landøy Fiskeoppdrett om å utvikle ein god postsmolt for Landøy sitt bruk. Visjonen er å produsere stor og fin laks i lukka anlegg. Men dette kan
kombinerast med å produserer postsmolt for andre oppdrettarar i nærområdet. – Vi har ein visjon som vi kallar «Sunnfjordmodellen». Vi trur at alle som driv med akvakultur i Sunnfjord kan vere tent med større samarbeid på ulike område. I Bulandet Miljøfisk AS set vi utruleg stor pris på at vi saman med Landøy kan få vere med på å utvikle både akvakulturnæringa og lokalsamfunnet i Bulandet og på Værlandet, avsluttar Haddal.
ARVE OLAV F. SOLBAKKEN
Fremtiden ligger i havet – rett under overflaten Å arbeide med levende organismer og de utfordringer biologien har å by på, og samtidig prestere i et internasjonalt, børsnotert konsern, er noe av det som gjør Mowi til en arbeidsplass utenom det vanlige. En spennende og dynamisk hverdag hvor vi sammen gjør jobben for verdensledende sjømatselskap og lakseprodusent! Vi er på jakt etter dyktige personer fra flere fagområder, særlig innen akvakultur, biologi, fiskehelse, næringsmiddelfag, teknikk og automasjon, samt økonomi og ledelse.
www.mowi.com/people
17
18
Hav av moglegheiter 2020
Jobbar internasjonalt: Annelin Fure og Morten Lyng styrer prosjekt i Sverige og Singapore frå administrasjonen i den nyoppussa andre etasje i Paulsenhuset i Gate 1. ALLE FOTO: JØRN-ARNE TOMASGARD
Storsatsing i Skåne siste tilskot i MÅLØY: Det landbaserte oppdrettsselskapet Nordic Salmon i Skåne er siste prosjekt ut i ei rekkje satsingar med utgangspunkt i morselskapet Mato Invest med adresse Måløy.
Annelin Fure er dagleg leiar i Mato Invest og jobbar saman med Tore Lyng med prosjektet i Sør-Sverige. Lyng og familien eig Mato Invest 100 prosent. Denne delen av Lyngfamilien gjekk i 2017 i ei ny retning og har no ei rekkje satsingar i ulike selskap. Aktiviteten femner om alt frå kjøp og sal av laks til sal av frossen sjømat gjennom automatar i Singapore. Og no sikter dei mot ei storsatsing på landbasert lakseoppdrett. Det går ein raud tråd frå oppdrett til sal og automatsatsing i Asia. Fure fortel at dei har jobba med prosjektet i Skåne i tre år. – Det er ein lang prosess med strenge krav, men no har Nordic Salmon sendt inn søknad om utsleppsløyve. Vi reknar med søknadsprossesen vil ta ytterlegare halvanna år før godkjenning.
Miljøanlegg Denne tida vil dei nytte til å finansiere opp prosjektet, for dette er så stort at familieselskapet ikkje kan ta det åleine. I første omgang er planen å produsere 10.000 tonn laks på land årleg. – Det blir eit miljøanlegg der avfallsstoff går inn i eit sirkulærøkonomisystem. I tillegg til at det blir eit RAS-anlegg der vatnet blir brukt opp att fleire gongar, skal alt slam til biogassanlegg. Vatn med næringsstoff skal brukast til vatning av jordbruksland og veksthus. Vi planlegg solcelleanlegg på taket og la-
ding av el-lastebilar. Prosjektet blir veldig grønt. Det blir liggjande midt inne i jordbrukslandet. Vi veit vi har investorar som ynskjer å vere med, seier Fure. Grøne selskap opplever ei veldig oppblomstring for tida. Investorar flyttar pengar i ei grøn retning på verdas børsar. I den samanhengen søkjer også ei rekkje nye selskap om børsnotering. Men dette er ikkje planen for Nordic Salmon, ifølgje Fure. Planen er å finne investorar som vil gå inn i selskapet saman med Mato Invest for å realisere det. RAS-teknologi er kostbart og Fure trur første del av prosjektet i Sverige vil koste 500-750 millionar kroner å realisere.
Tilgang til den indre marknaden Ho seier grunnen til at dei vil satse i Sverige er nærleiken til marknaden. – Det er innanfor EU-området og dermed ikkje toll for sal til den europeiske marknaden. I tillegg er det kort veg over Øresund til Danmark og vidare til Europa. Fure fortel også at dei er i ferd med å redusere tal dotterselskap, i første omgang vil dei fusjonere Selected Prime Fish, eit selskap som driv kjøp og sal av kvitfisk med fire tilsette på Raudeberg, med Lyng Seafood. Administrasjonen er no samla i felles administrasjonsbygg i Paulsenhuset i Gate 1, der dei har
Jobbar med landbasert oppdrett: Som dagleg leiar i
Mato Invest er ei av hovudoppgåvene til Annelin Fure søknadsprosessen i samband med det landbaserte oppdrettsanlegget i Skåne. kjøpt bygget frå andre etasje og oppover. I tillegg til desse selskapa er Mato Invest største eigar i Selected Seafood som driv med kjøp og sal av laks.
Jobbar med ny båt Morten Lyng er dagleg leiar i Lyng Seafood og styrer også selskapet Norwegian Salmon PTE som driv med sal av frossen sjømat gjennom automatar i Singepore. Morten er son av Tore Lyng. Medan dei eldre brørne Thomas og Trygve er skipperar, studerer den yngre søstra Pernille fiskehelse i Bergen. Thomas jobbar i eit anna rederi, medan Trygve for tida jobbar med eit båtprosjekt saman med Tore. – I fjor sommar selde vi båten «Tobis» som vi eigde saman med ein annan part. Vi vurderer moglegheita for ein ny båt, og Trygve
Hav av moglegheiter 2020
Foto: Egil Aardal
Fiskehelsetjenester – Miljøtjenester – Rådgiving – Brønnbåtkontroll
Et helhetlig perspektiv på havbruksproduksjon fiskehelse og miljø
Gjødsel: Anlegget er planlagt midt inne i jordbruks-landet på
flatene i Skåne. Planen er å bruke avfallsstoff frå anlegget til gjødsel i eit sirkulærøkonomisk system. Ill: Mato Invest
F.v.: Synnøve Åhjem, Vebjørn Borge og Jan Arne Holm.
Skisse: Det planlagte landbaserte oppdrettsanlegget i Skåne er førebelse. Som vi ser er det enorme dimensjonar og eit avansert bygg. Ill: Mato Invest
Lyng-systemet jobbar difor med eit båtprosjekt. Utan at eg kan gå nærmare inn på det er det snakk om ein ringnotbåt. Sidan prisen på kvotar her i landet er veldig høg, er dette snakk om ein utenlandsk båt, fortel Morten Lyng. Sjølv flytta han heim til Måløy i 2016 etter at han jobba på fiskebåt med base i Bergen. Morten fortel at søskena samarbeider godt og at det er jobb i dei ulike selskapa til alle om dei vil. – Slik det er no har vi som er her for mykje å gjere. Vi treng å vere fleire.
Har auka i koronatida Sjølv om koronapandemien har sett sitt preg også på sjømatnæringa, fortel han at satsinga i Singapore har fått eit løft. – Omsetnaden der er fem-seksdobla siste året. Vi har kring 100 automatar der no og planlegg å vekse til 500 i løpet av 2021. Mellom anna siktar vi mot utplassering av automatar i dagligvarebutikkar, der vi så langt har fått avtale med den største kjeden og fleire. Andre land ynskjer også å vere med på satsinga, men på grunn av korona og stengte grenser er dette på vent. Det kostar å vekse, men økonomien der går allereie i balanse, og det er betre enn venta på dette tidspunktet. I løpet av året skal vi ha ti varebilar der, på sikt vil vi ha 25 tilsette der nede. Vi treng fleire folk og skal lyse ut stillingar. Vi jobbar no også opp mot Horeca-segmen-
tet, altså hotell, restaurant og catering, seier han. Ifølgje Lyng tilbyr dei no fire produkt i automatane – makrell, sashimilaks, røykt laks og lakseporsjonar. Dei jobbar med å få på plass fleire produkt som kvitfisk, tannfisk og makrellstørje.
Produsert lokalt – Makrellfiletane er produsert i Selje, pakka og røykt hjå Snorre Seafood på Raudeberg og skipa ut frå Måløy. Lyng seier ein viktig grunn til at dei har klart seg godt i koronatida, er at dei har satsa på frossen fisk frakta med båt. – Medan det kostar to kroner kiloen å frakte med båt, kostar det 1215 kroner kiloen å frakte fersk fisk med fly. Prisen i samband med korona har vore heilt oppe i 40 kroner for flyfrakt. Det har gjort det lettare for oss å få fisken fram til marknaden. Det er også meir miljøvennleg med mindre utslepp av CO2. Vi satsar veldig hardt på miljøvennlege løysingar og berekraft. Mellom anna ser vi no på bruken av plast, der vi vurderer andre måtar å pakke på. Problemet er eigentleg ikkje plasten, men folk som kastar han i naturen. Det er viktig å ta vare på kloden vi har på lån og som skal drivast vidare etter oss. Då må vi gå nye vegar, meir grønt og berekraftig.
Jørn-Arne Tomasgard
BERGEN - FLORØ - TRONDHEIM - LEKNES - HARSTAD – TROMSØ
19
20
Hav av moglegheiter 2020
Store planar: Domstein-brørne ønsker å bygge om anlegget på Raudeberg til næringsmiddelproduksjon. Foto: Jørn-Arne Tomasgard
Over heile landet: Domstein Sjømat distribuerer fersk og frosen sjømat over heile Norge. Dei fleste leveransane skjer med selskapet sine eigne Foto: Domstein Sjømat AS profilerte bilar.
Handlar om å skaffe seg meir areal: På sikt ønsker Domstein Sjømat AS å auke produksjonskapasiteten gjennom ei utbygging på Raudeberg. Sørover mot Måløy er det mykje ledig areal.
Foto: Gjert Myrestrand
Trivst i ny rolle: – Eg må berre innrømme at eg likar dette. I tillegg til at eg er
Brukte sju år på å snu familiese MÅLØY: – Eg har opplevd mykje spennande i dei snart 40 åra eg har jobba i Domstein-selskap, men dette er faktisk det mest interessante eg har vore med på, seier Rolf Domstein, dagleg leiar i Domstein Sjømat AS i Måløy.
I gamle dagar var det Japan og makrell det handla om. Og Russland og sild, Brasil og klippfisk, USA og laks. Farfaren til Rolf Domstein, Rasmus Domstein, etablerte selskapet i 1925 og sonen Knut tok over etter krigen. Selskapet ekspanderte etter kvart med anlegg på Raudeberg, Selje, Kalvåg, Florø og Sverige, og vaks seg til eitt av dei største fiskerikonserna i Europa under Knut Domstein sine tre søner, Rolf, Gunnar og Knut Magne. I 1993 kom det store, nye produksjonsanlegget på Trollebø på fastlandssida, opna av kong Harald V.
På det meste sysselsette ein 200 berre her. Og dei bygde om buda til Arnt & Simon Midtgaard til eit stilreint hovudkontor i Måløy. Men auka konkurranse, frå mellom anna Kina på fiskefilet, førte til at tidene gradvis endra seg. I dag er Domstein Sjømat AS den einaste distributøren som kan levere fersk fisk i eigen regi til kvar minste avkrok i Norge. Selskapet har avdelingar i Oslo, Bergen, Stavanger, Kristiansand, Trondheim og Tromsø, men administrasjonen ligg framleis i Måløy der alt starta. Men det å få sjå svarte tal på
botnlinja igjen, kom ikkje av seg sjølv. Sju år har snuoperasjonen tatt det nær 100 år gamle familieselskapet.
Har vore gjennom store endringar – Det er mange som spør meg «kva i all verda gjer Domstein på i dag?», seier Rolf Domstein, som er eldst av dei tre brørne som i dag driv selskapet. Han forstår godt at mange har eit forhold til Domstein frå «gamle dagar», og ikkje heilt heng med etter alle endringane selskapet har vore
Hav av moglegheiter 2020
opptatt av fisk, er eg opptatt av mat. Så det er veldig artig for meg personleg å få jobbe med denne marknaden, seier Rolf Domstein.
21
Foto: Gjert Myrestrand
elskapet – no tener dei pengar gjennom dei siste åra. – Kort sagt jobbar vi no i den norske marknaden for fersk og frosen fisk, der vi kjøper inn veldig mange forskjellige sjømatprodukt frå eit stort tal norske produsentar, og distribuerer desse produkta til alt frå daglegvarebransjen til sjukehus, forsvaret og Michelin-restaurantar i dei største byane i Norge. Mottaksanlegga Domstein hadde tidlegare var basert på stor volumproduksjon av enkelte fiskeslag, spesielt sild og makrell. Då var ikkje den norske marknaden så interessant for Domstein.
– Men så gjekk vi inn i selskapet Enghav AS for å få ein kanal inn i den norske og svenske marknaden. Enghav var eit selskap vi aldri fekk kontroll over. Då selskapet til slutt gjekk tomt for pengar og gjekk konkurs, fekk vi ein moglegheit til å ta over selskapet. Det gjorde vi for sju år sidan. Desse åra har Domstein brukt på å snu selskapet. Og sjølv om Rolf og brørne ikkje var i tvil om at dei ønskte å bygge selskapet opp igjen, legg dei ikkje skjul på at det var harde tak i nokre år der dei mista ein del store, nasjonale kundar og tapte
– Vi har hatt ein skikkeleg snuoperasjon, som vi har lukkast med. Rolf Domstein
relativt store pengar. Men i 2019 såg dei endeleg riktig farge på tala på botnlinja igjen. Ifølge Purehelp.no hadde Domstein Sjømat AS i 2019 ei omsetning på 591 millionar kroner og eit driftsresultat på 9,2 millionar kroner. Resultatet før skatt var på nær 5,5 millionar. – Vi har hatt ein skikkeleg snuoperasjon, som vi har lukkast med. Omsetninga har auka litt kvart år, og i fjor var den for første gang høg
Framhald neste side >>
22
Hav av moglegheiter 2020
Har vore gjennom mykje: Domstein-selskapa har hatt store oppturar og store nedturar. Dei siste sju åra har Rolf Domstein brukt på å snu eit selskap
frå konkurs til å tene pengar igjen.
Foto: Gjert Myrestrand
>> Framhald frå førre side
nok til at vi tente pengar. Vi fekk eit driftsresultat på i overkant av ni millionar kroner. For oss var det ein viktig milepæl, seier Domstein, og legg til: – Det som skulle til var at vi klarte å nå det eg kallar kritisk masse, som er den omsetninga du må ha for å dekke kostnadane dine. Den passerte vi i fjor, og vi har hatt ein tilsvarande vekst så langt i 2020. Det går faktisk endå betre i år.
Mange av kundane var imidlertid skeptiske etter Enghav-konkursen, og usikre på om det nyetablerte selskapet Domstein Sjømat kom til å klare seg. Så ein stor del av jobben bestod i å overbevise kundane om det motsette.
Har alltid hatt trua – Mange av kundane vi mista har kome tilbake til oss no. Vi bytta namn til Domstein Sjømat AS, og det å ha med seg Domstein si nesten hundreårige historie har berre vore positivt. Likevel har vi måtta
Sjømatselskapet veks og bygger om til å produsere lokalt – Anlegget vårt på Raudeberg er stort, og det blir for lite brukt i dag, seier Rolf Domstein, som fortel at dei har bestemt seg for å bygge om anlegget til næringsmiddelproduksjon. Han trur at det for enkelte produkt vil vere rasjonelt at dei produserer varene sjølv, og dei har derfor bestemt seg for å bygge om. – Anlegget på Raudeberg har fire etasjar, og målt i kvadratmeter golvflate er det ikkje spesielt mykje mindre enn anlegget vi opna på Trollebø i 1993. Det har i stor grad blitt brukt til fryselager, blant anna i forbindelse med omsetning av agn. Agnaktiviteten skjer gjennom selskapet Domstein Fish AS, og baserer seg på import av blant anna akkar. Domstein Sjømat siktar seg likevel inn på å starte i det små. – Ja, i første omgang er det
snakk om småskalaproduksjon. Vi ser at det på sikt er mogleg å kunne drive storskalaproduksjon, men då treng vi meir areal. Det er derfor vi har sett i gong arbeidet med reguleringsplanen for området, seier Domstein, og fortel om mykje ledig areal frå anlegget og sørover mot Kapellneset. Det kan bli snakk om å fylle ut i sjøen og bygge ny kai, men dette ligg nokre år fram i tid. – Det å investere i ei bedrift som ikkje har moglegheit til å vekse er galskap, så i første omgang dreier dette seg om å skaffe areal, seier Domstein. Det er ikkje bestemt nøyaktig kva som skal produserast på Raudeberg, men det vil vere industriell bearbeiding av fisk som skal gå inn i vareporteføljen til Domstein Sjømat AS.
bevise overfor mange kundar at vi gjer ein god jobb. Han og brørne har brukt mykje pengar på snuoperasjonen, og Domstein fortel at det har vore stilt spørsmål ved om dette var ein fornuftig satsing. – Men vi har alltid hatt trua på dette, fordi vi er det einaste selskapet i Norge som leverer fersk fisk over heile landet heilt i eigen regi, seier Domstein og legg til: – Ein del av årsaka til at vi har så god utvikling er at vår største kunde, daglegvarekjeda Coop Mega,
har satsa endå meir på oss, og late oss få lov til å bevise at vi held det vi lovar. Vi har hatt ei fantastisk utvikling i 2020, der vi har fått mange nye kundar. Sjølv trivst den daglege leiaren som sjømatleverandør. – Ja, det må eg berre innrømme at eg gjer. I tillegg til at eg er opptatt av fisk, er eg opptatt av mat. Så det er veldig artig for meg personleg å få jobbe med denne marknaden.
Gjert Myrestrand
Avgjerande å ha mange bein å stå på Halvparten av kundane til Domstein Sjømat AS er hotell, restaurantar, kantiner og offentlege institusjonar. Og det har vist seg at det er viktig å ha mange bein å stå på, ikkje minst i den mest intense korona-perioden der veldig hotell og restaurant stengde ned i månader. – Det som er interessant er at vi i same periode har hatt ein vekst i daglegvaremarknaden som har kompensert for dette bortfallet. Det viser seg at folk som er vane med å ete på restaurant også vil ha skikkeleg mat når dei må lage maten sjølve, heime på kjøkkenet, seier Domstein, og fortel at selskapet sett auka sal av typisk restaurantmat som skaldyr, også i daglegvarebutikkane. – Både omsetnings- og resultatmessig er vi derfor der vi skal vere, trass i koronaen. Også det breie utvalet til Domstein Sjømat har vore med på å ska-
pe den solide posisjonen i marknaden, meiner han. – Om du skal levere til ein fiskebutikk, må du i praksis kunne tilby alt, frå østers og reker til breiflabb, torsk og uer. At vi klarer å levere omtrent alt er nok ei av årsakene til at vi blir oppfatta som ein attraktiv leverandør. Domstein Sjømat har kjente restaurantar på kundelista, blant anna undervassrestauranten «Under», på Lindesnes, som nettopp fekk ei Michelin-stjerne. – Vi leverer til Michelin-restaurantane i både Oslo, Bergen og Trondheim. Det er kjekt at vi klarer å kombinere dette med å levere til kantiner som gjerne berre skal ha frosne lakse- eller torskeporsjonar. Juni og juli blei derfor beste månadane selskapet har hatt noko sinne. Restaurantar og hotell starta opp igjen, samtidig som etterspurnaden i daglegvaremarknaden heldt seg stabil.
Hav av moglegheiter 2020
stolte tradisjoner - nye tanker Vi utfører reparasjon, vedlikehold, ombygging og nybygg av fartøy. Vår kunnskap er din trygghet.
www.ervikhavfiske.no
www.stadyard.no
Eg synest--det var fire-------flotte år, og----------den erfaringa------------eg har fått med meg frå næringslivet er svært nyttig å ta med seg vidare.
Måløy vidaregående skule
Yrkes og studiekompetanse
YSK/TAF
• Løn under utdanning • Fagbrev og spesiell studiekompetanse • Teori på skulen, praksis i bedrifter • Fireårig løp
Nysgjerrig? Sjå: www.maloy.vgs.no www.taf.no
YSK/TAF er læring i praksis som gir alle moglegheiter
Studietilbod i Måløy:
Sjå våre nettsider på www.maloy.vgs.no
- Bygg- og anleggsteknikk - Helse- og oppvekstfag - Naturbruk - Restaurant- og matfag - Teknikk og industriell produksjon - Studiespesialisering
Måløy vidaregåande skule 6718 Deknepollen Telefon: 57 63 79 00 E-post: postmottak.maloyvgs@vlfk.no
YSK (TAF) Yrkes- og studiekompetanse innafor: - Industriteknologi - Helsefagarbeidar - Akvakultur
23
24
Hav av moglegheiter 2020
Har teke 500 millionar og ti år å utvikle anlegget
STEINHOVDEN-KARANE: Frå venstre prosjektleiar Bjarte Steinhovden, dagleg leiar i Steinvik Fiskefarm, Erlend Vassbotten, utviklingsleiar i Steinvik, Alex alle Foto: Arve Olav F. Solbakken Vassbotten, og senior Inge Vassbotten.
SVELGEN: Tre generasjonar Vassbotten ser med glede fram til å opne vasskranane i mars når første gruppa fisk blir sett inn i det nye settefiskanlegget i Svelgen. Anlegget skal etter planen testkøyrast i februar. Kor tid første gruppa med fisk kjem inn – er avhengig av kor mykje korona-restriksjonar det kan bli framover. Kanskje har bjørkelauvet sprotte før ein kjem i skikkeleg i gang. Vi møter Inge, Alex og Erlend på anleggskontoret i Meisebakken i Breivika, saman med prosjektleiar Bjarte Steinhovden. Familiebanda er sterke hos folket i Steinvika i Høydalsfjorden. Tidleg på 80-talet starta Inge opp Bru Fiskeoppdrett, eit settefiskanlegg med merdar i eit vatn. I 1986 fekk familien sin første laksekonsesjon og Inge tok med seg sonen Alex Vassbotten i gründerkollektivet. Etter 36 års opp- og nedturar i laksebran-
sjen, kan dei vise til eit solid konsern med omsetning på nær 500 millionar. Dei driv både med laks, aure og marin fisk og har eige visingssenter, fleire tilknytte serviceselskap og er aktiv eigar i eksportør-selskapet Seaborn.
Ein søndagstur – Anlegget her i Breivika er snart ein realitet ikkje minst takka vere velviljen til grunneigarane Atle Rise og Inger Rise Hallset, understrekar Alex Vassbotten. Inge Vassbotten hugsar godt korleis ideen om satsing i Svelgen blei unnfanga: – Eg og kona mi Olaug var på søndagstur og kom køyrande med bil frå Ålfoten-fjellet og ned mot Svelgen i 2011. Då fekk eg auge på eit flott vatn. Vi gjekk ut av bilen i finvêret og spaserte innover langs Risevatnet, og eg tenkte at «dette er ein kjempestor og flott ressurs». Eg forhøyrde meg litt om Risevatnet og tenkte at «når eg greidde å få til ein avtale med over tretti grunneigarar i eit anna prosjekt, så må det vere mogleg også her». Takka vere interessa og velviljen til grunneigarane på Rise; Atle og Inger, tok det ikkje meir enn ein halvtime før dei
sa at dette ville dei vere med på, fortel Inge.
Oppstart i februar Erlend Vassbotten har teke over som dagleg leiar i Steinvik Fiskefarm og er den som sit til rors for å føre familieverksemda vidare i tiåra som kjem. – Det blir litt av ei verksemd å føre vidare? – Ja, det er det. Då er det godt at vi har så mykje flinke folk med oss, understrekar han. Alex Vassbotten konsentrerer seg no om utviklingsarbeidet i Steinvik-konsernet og då med spesielt fokus på Breivika-anlegget. Investeringskostnadene på byggetrinn ein landar kring 500 millionar kroner, men då er tomtearbeid og teknisk tilrettelegging for byggetrinn to, på tomta der Bremar Flatfisk låg, teke med.
Blåøygd fordel I planleggingsarbeidet har ein måtta rykke tilbake til start to gonger. Først når det viste seg at det dukka opp eit krav om lågare byggehøgde og då det viste seg umogleg å gjennomføre ein privat reguleringsplan i området. Planområdet måtte re-
duserast. Det viste seg også at tomta blei for smal og at ein måtte fylle store mengder stein i sjøen. Reguleringa av området ved småbåthamna med tanke på byggetrinn 3, er no del av kommunen si rullering av kommuneplanen sin arealdel. Den skal handsamast i haust. – Det å satse i eit nytt området der ein ikkje kjenner til alt og alle- kan vere ein fordel. Utgangspunktet er optimistisk og ein trur at gjennomføringa blir enkel og grei. Men du kan ikkje lage omelett utan å knuse nokon egg. Folk i lokalmiljøet har måtta tole mykje bråk og støv i den mest hektiske anleggsperioden, men resultat blir bra. Det innebygde anlegget her i Breivika vil ikkje lage mykje støy i omgjevnadene, forklarer Alex Vassbotten.
Rensefiskanlegg sidan 2010 Steinvik Fiskefarm kjøpte anlegget vest i Breivika frå Norsk Marin Fisk og Stig Bakke i 2013, då botnen hadde falle ut av den norske torskeoppdrettsnæringa. – Vi var heldige med timinga og kom inn når oppdrett av rognkjeks var på veg opp, understrekar Alex. – Det at vi har drive Steinvik Rensefisk med 14 tilsette her i Breivika,
Hav av moglegheiter 2020
Vi skal forvalte marine næringar og ressursar, slik at det vert skapt verdiar for samfunnet, både i dag og for framtidige generasjonar. fiskeridir.no
ROMSLEG: Her ser vi litt av dimensjonane. Dei største kara inne i hallen rommar mykje fisk.
Livet i havet – Vårt felles ansvar
FLOTT SJØFRONT: Strandlinja i Breivika er flott plastra med naturstein frå
Rise-området.
er ein viktig grunn til at vi har satsa vidare så tungt i Svelgen som vi gjer. Produksjon av rognkjeks og på sikt berggylte, vil bli kombinert med produksjon av stor laksesmolt. Effekten av Investeringane så langt på kring 500 millionar, er rekna til 22 arbeidsplassar. Ved gjennomføring av byggetrinn to og tre, kan ein kome opp i 1,4 mrd. i investeringar og kring 40 arbeidsplassar. – Nøkkelen til vidare satsing ligg hos administrasjon og politikarar i Bremanger, understrekar Vassbotten.
Anleggsleiar Bjarte Steinhovden har vore Steinvik sin pendlande prosjektleiar i Svelgen i mange år no. Også han med solide røter i Høydalsfjorden. Mange år som primus motor i grendelaget i heimbygda, gjer at han veit korleis eit lokalsamfunn er skrudd saman. – Eg såg ikkje føre meg at eg skulle jobbe så lenge her og bli så godt kjent med folk i Svelgen. Det har vore litt støy og uro undervegs, men det har roa seg. Utbygginga har vore krevjande, men eg opplever no å bli møtt med mykje positi-
vitet og velvilje, understrekar han. Anlegget skal leverast nøkkelferdig av Artec Aqua, som er spesialistar på landbaserte oppdrettsanlegg.
Stille anlegg Steinhovden tek oss med på ei omvising i hallane, der det aller meste av kar, røyr og tekniske installasjonar er på plass. Det er smittemessig tette skott og slusing av personell mellom dei ulike avdelingane, og det er lagt doble golv for å hindre at vatn renn ned i etasjen under. I tillegg til fjernvarme frå verket, er anlegget utstyrt med enorme varmepumper for å hente varmeenergi frå sjøvatnet. Med det har ein fleksibilitet og er ikkje avhengig av berre ei varmekjelde. – Vi kan drive vidare som normalt, sjølv om varmevatnet frå verket stoppar opp ein periode. Alt som kan lage støy, som utblåsing av luft eller utspyling av vatn er lagt til sjøsida, for å sikre at det blir stillast mogleg for naboane våre, understrekar han.
ARVE OLAV F. SOLBAKKEN
25
26
Hav av moglegheiter 2020
Byggjer verdas største operasjonssentral for op DEKNEPOLLEN: Operasjonssentralen til Mowi i Deknepollen skal styre fôring og kontrollere merdar på 35 oppdrettsanlegg frå Hustadvika til Gulen, når alt er ferdig utbygd.
– Dette blir ein av verdas største operasjonssentral for fôring og overvaking av fisk. Målet er at det også skal bli verdas mest effektive, seier regiondirektør Asgeir Hasund i Mowi. I dag fjernstyrer dei til saman ni operasjonsteknikarane 15 Mowianlegg. Mowi er den dominerande oppdrettsaktøren i Nordfjord, og Hasund fortel at dei starta med dei næraste anlegga då dei byrja byggje opp operasjonssentralen i Deknepollen i mars i år. Før det var dei byrja teste ut løysingane på den gamle basen på Raudeberg. Den høgteknologiske operasjonssentralen held til på 250 kvadratmeter i andre etasje i det nybygde forretningsbygget i Solvang Næringspark.
Aukar opp bemanninga Rune Oksholen er leiar for operasjonssentralen og fortel at dei er i ferd med å tilsette fleire. – Vi er ute etter folk med ulike kompetanse. Det kan vere folk med fagbrev innan akvakultur eller med IT-bakgrunn. Vi er også fleksible i høve til opplæring. Med den aktivi-
teten vi legg opp til i første omgang, skal vi vere 14 medarbeidarar i tillegg til meg, så vi skal fylle opp med fem til. I løpet av 2021 skal vi ha inn ytterlegare fem til sju medarbeidarar. Seinare blir det nok 10–14 til når alt er oppe og går, så det blir ei stor avdeling, seier Oksholen. Han kjem frå jobben som driftsleiar ved lokaliteten Krabbestig utanfor Husevågøy. Dette blir ein annan måte å jobbe på, sjølv om fagfeltet er det same. Termodress og merdkant er bytt ut med kontor og skjorte. – Alt til si tid. Det er fagleg interessant å vere med i prosessen med oppbygginga av operasjonssentralen. Dette er nybrotsarbeid i laksenæringa, seier Oksholen.
Pilotprosjekt Hasund seier prosjektet i Deknepollen er eit pilotprosjekt i Mowi, verdas største oppdrettsselskap. Han trur likevel ikkje utviklinga går i retning av ein stor operasjonssentral som styrer alle oppdrettsanlegg i heile landet. – Det blir nok fleire rundt om i landet tilsvarande denne, som sty-
rer sine område. Det handlar også noko om nærleik til lokaliteten, kommunikasjon og tilgang på personell. No skal vi byggje opp denne som skal styre 35 anlegg mellom Hustadvika ved Fræna i nord, til Gulen i sør. Så vil det truleg bli fleire tilsvarande i andre område. Men det blir ikkje så veldig mange, seier Hasund om utviklinga neste ti åra. Lokalet er bygd opp med datagolv der leidningane går under. Ei utfordring er at det krevst hurtig og stabilt nettverk ute på lokaliteten for å sikre god kontakt inn på sentralen. Ofte ligg lokalitetane utanfor allfarveg der nettet er dårleg.
Treng sikkert nettverk – Dette er noko av det vi jobbar med å sikre no. Vi har samarbeid med ulike IT-selskap i regionen som hjelper oss med dette. Vi har også gode reserveløysingar om noko skulle svikte. Det er alltid folk på lokaliteten. Vi har også redundans på linene, slik at vi alltid har to liner tilgjengeleg, seier Jan Ove Kolseth, produksjonssjef sjø i Mowi region Midt. Han fortel at arbeidsoppgåvene
Hav av moglegheiter 2020
Leiar operasjonssentralen: Rune Oksholen leiar det daglege arbeidet med operasjonssentralen til Mowi i Deknepollen. For tida jobbar han med rekruttering.
Styrer Mowi region Midt: Asgeir Hasund (t.v.) er regiondirektør og Jan Ove Kolseth produksjonssjef sjø hjå Mowi region Midt. Dei har base i tilknyting til operasjonssentralen i nybygget i Solvang Næringspark.
Jobbar på operasjonssentralen: Frå høgre Idun Unneland frå Måløy/Gulen, Øyvind Bjørneset frå Straumshamn, Renate Hjelle frå Stadlandet og Trond Eirik Kupen frå Måløy/Venøy var på jobb på operasjonssentralen den dagen vi var innom. ALLE FOTO: JØRN-ARNE TOMASGARD
Fjernstyrer: Øyvind Bjørneset har kontroll med laksen i merden på dataskjermen under og med data knytt til lokaliteten på skjermen over.
ppdrett til operasjonsteknikarane er å følge med på dataskjermane der det er bilde både frå undervasskamera i merdane og frå kamera på overflata som sveipar over merdområdet. Operasjonsteknikarane sit med Playstation-kontrollar som dei styrer systema med. – Dei styrer fôringa og har elles kontroll på velferda til fisken. I nær framtid vil også biomasse og lusekontroll bli overvaka frå sentralen. Dette er kunstig intelligens med spesielt tilpassa dataløysingar både når det gjeld hardware og software, seier Kolseth. Dei tilsette jobbar turnus sju dagar på, sju dagar fri. Det er lagt opp til ein lang pause midt på dagen der dei kan gjere andre ting, til dømes ta seg ei treningsøkt. På den måten unngår dei at arbeidsdagen blir for krevjande med tanke på skjermtid. – Det er godt samhald, og vi hjelper kvarandre slik at vi kan ta naudsynte pausar, seier Trond Eirik Kupen, ein av dei fire vi treff på operasjonssentralen.
ring frå operasjonssentralar er ein del av løysinga på utfordringar bransjen har med lus og fiskedød. – Operasjonssentralen er med på å optimalisere produksjonen kvar dag. Vi kan fange opp signal slik at vi unngår at fisken får skadar. Og med presis fôring vil fisken vekse raskare. I dag veks fisken på land til han kanskje er 300–400 gram. Med presis fôring kan vi redusere tida i sjø frå 14 til under 12 månader. Dermed blir påverknaden mot lus og sjukdom også mindre, seier Hasund. Kolseth seier han ikkje har inntrykk av at dei tilsette på lokalitetane er misnøgde med at arbeidsoppgåver er sentralisert til Deknepollen. Tidlegare skjedde kontrollen ute på dei enkelte anlegga. – Folk har nok å gjere uansett. No får dei betre tid til andre oppgåver. Eg føler haldninga er at dei tilsette er nøgde med løysinga med felles operasjonssentral.
Kortar ned tida i sjø Hasund meiner utviklinga med sty-
JØRN-ARNE TOMAsGARD
Som gaming: Kontrollen Idun Unneland styrer med er ein Playstation-kontroll identisk med slike ein brukar til dataspel.
Held til her: Den nye operasjonssentralen til Mowi var grunnlaget for at dette forretningsbygget kom opp i Solvang Næringspark i Deknepollen.
27
28
Hav av moglegheiter 2020
Kinn er nest største sjømatkommune i Vestland FLORØ: Kinn kommune ligg tett bak Bergen i rangeringa av sjømatkommunar med størst verdiskaping og sysselsetting i Vestland.
Få næringar har vakse meir enn sjømatnæringa dei siste 15 åra. Eksporten nasjonalt bikka i fjor 100 milliardar kroner og verdiskapinga i sjømatnæringa er meir enn seksdobla i perioden. Gjennom kjøp av varer og tenester gir sjømatnæringa grunnlag for sysselsetting og verdiskaping i heile landet. Landet sett under eitt var verdiskaping berekna til 127 mrd., medan sysselsettingseffekten er berekna til 90.000 arbeidsplassar.
Leverandørindustri er viktig
ARVE OLAV F. SOLBAKKEN
Tala kjem fram i ein nasjonal analyse laga av Nofima, Menon og Norce på oppdrag av Fiskeri- og hav-
TI PÅ TOPP I VESTLAND: Tabell som viser dei ti kommunane som kjem ut med størst verdiskaping og arbeidsplassar. bruksnæringas forskingsfinansiering (FHF). Forskarar frå Sintef, som tidlegare hadde jobben med å lage analysen, meiner tala for kor mange arbeidsplassar og verdiar som blir skapt, er for høge. Forskarane bak den nye rapporten forklarer at dei har inkludert ein større andel av leverandørbedriftene enn Sintef har gjort. Vidare at ved å inkludere leverandørleddet, får ein også med ein betydeleg eksport av utstyr og teknologi frå leverandørindustrien. Årsaka til at Bergen kjem på topp i sysselsettingseffekt i Vestland, er at der ligg hovudkontora til store havbrukskonsern som Mowi og Lerøy. Kinn husar mellom anna
Cargill sin Ewos-fabrikk i Florø, fiskeindustri og ein stor leverandørindustri.
Havbruk størst – Eg er ikkje så veldig overraska. Vi har sett gjennom utbetalingane frå Havbruksfondet at vi er store på havbruk, faktisk den tiande største kommunen i landet. Så veit eg også frå statistikk frå Fiskeridirektoratet at 80 prosent av kvitfisken som blir landa i Vestland, kjem på land i Kinn og Bremanger, seier ordførar i Kinn, Ola Teigen. Men medan sysselsetting i sjømatnæringa berre utgjer 3 prosent av arbeidsstyrken i Bergen, ser vi at sjømatnæringa utgjer ein langt
Fisken først
I Frøy jobber vi på fiskens premisser. God fiskevelferd er bærekraftig og lønnsomt. Med fisken i fokus, utvikler vi i felleskap morgendagens blå næring.
FRØY NORD
FRØY REDERI FRØY AKVARESSURS FRØY AKVASERVICE
Maritim Kompetanse Servicebåter Dykking ROV Kabellegging Sjøentreprenør
FRØY VEST
FRØY VEST BERGEN STAVA SJØ
froygruppen.no Frøy Vest AS - Adresse: Evja Industriområde, 6718 Deknepollen. Tlf: 57 85 00 00. post@froyvest.no
Hav av moglegheiter 2020
større del av arbeidstyrken i kommunar som Kinn (23 prosent), Austevoll (38 prosent), Bømlo (21 prosent) og Askvoll (23 prosent). Ser ein berre på fiske og fangst, er det Bømlo, Austevoll og Kinn som er størst i Vestland fylke. Formann i Flora Fiskarlag, Geir Henning Seljeseth, er ikkje overraska overraska over at Kinn er ein tungvektar innan fiske og fangst. – Vi har i mange år sett kor mykje aktivitet vi skaper rundt oss. Men det er kjekt å sjå effekten bli stadfesta i tal også. Mange av leverandørane våre er lokale. På foredlingssida er det litt lite i Kinn kommune og Sogn og Fjordane generelt. Møre og Romsdal er fylket med størst sysselsetting i verdiskaping, medan Vestland kjem tett bak. Vestland har 8000 sysselsette i fiskeri, oppdrett, fiskeindustri og leverandørindustrien. I tillegg kjem 7000 indirekte sysselsette som følge av kjøp av varere og tenester. Direkte og indirekte verdiskaping i Vestland var på 20,9 mrd. kroner i 2019. Skatteeffekten er på 5,3 mrd. kroner.
29
Sjå video i nettmagasinet: KINNORDFØRAR OLA TEIGEN:
Ingen ting er meir fonybart enn det som lever i havet. Foto: Egil Aardal
GEIR HENNING SELJESETH I FISKARLAGET:
Folk i Måløy kjenner Florafiskebåtane betre enn florøfolk.
Sysselsette i Vestland
Foto: Egil Aardal
■■ Fiskaryrket 1557 ■■ Akvakultur 2325 ■■ Fiskeindustri 1574 ■■ Leverandørindustri 2061 ■■ Innan salsarbeid 484 ■■ Tilknytte næringar 6961 ■■ Totalt 14.962
MS Cape Arkona
MS Cape Arkona
Komplett styring, Autopilot, Joystick og DP Dynamisk Posisjonering
MS Støttfjord
salmongroup.no
Komplett elektronikkutrustning
salmongroup.no
MS Jens Kristian
MS Støttfjord
Sikkerhetssystemer for opdrett, personell og anlegg. Vi tar oppdrag innen service og nyinstallasjoner i inn- og utland.
Ocean Electronics har avdelinger i Måløy og Florø.
www.oceanelectronics.no
Norges viktigste nettverk for lokale oppdrettere
30
Hav av moglegheiter 2020
Trur nytt kunstig agn har potensial til å revolusjonere linefisket
Klar for å ta agnframtida: Måløybedrifta Ecobait AS og dagleg leiar Ole Petter Humborstad meiner det nye agnet dei har utvikla vil revolusjonere fiskeriet ved å vere konkurransedyktig på pris, miljøvenleg og ikkje minst ved å bidra til å redusere uønskt bifangst. Foto: Gjert Myrestrand
Vil bygge industri lokalt med fabrikk for storskalaproduksjon Ecobait har kome så langt i utviklinga av det nye agnet til lineflåten at dei planlegg å bygge ein fabrikk for storskalaproduksjon i Måløy. – Det betyr at vi kjem til å produsere mykje agn, og det ønskjer vi å produsere her i Måløy. Vi snakkar om eit produksjonsanlegg med stor kapasitet, seier dagleg leiar Ole Petter Humborstad. Ecobait skal gjere noko som ingen andre har gjort før, nemleg å setje i verk ein styrt introduksjon til marknaden med storskala testing av agnet. Og for Humborstad er det viktig å bidra til å løfte fram Måløy som ei naturleg plassering for ein
ny type forskingsbaserte arbeidsplassar, så jobben framover vil handle om å legge grunnlaget for at det skal vere fornuftig å etablere fabrikken i Måløy. – Vi må bygge opp nok kompetanse lokalt til at det er fornuftig og naturleg at hovudkontoret ligg her. Utstyret i fabrikken vil kunne brukast til fleire formål, for eksempel til produksjon av fiskefôr og anna gjennom ekstruderkapasiteten den vil få. Han får støtte av styreleiar i MMR Ocean Blue, Trond-Inge Kvernevik: – I forprosjektet til MMR såg vi at både næringsaktørar og FoU-miljø
ser med interesse på etablering av ekstruderingskapasitet til utvikling av fôr og agn. Eksisterande anlegg blei gjerne bygd opp for å betene landbrukssektoren og lage fôr til husdyr. Men Måløy er ei god plassering for ein framtidsretta ekstruder eigna for marine råstoff, både fordi råstoffet og bransjeaktørar som kjenner behova og har mykje kompetanse omgir oss. Derfor blei det frå fylket si side spesifikt øyremerkt midlar til etablering av ekstruder i Måløy. Og Ecobait er ein av dei viktige aktørane som framover vil ha behov for slik kapasitet, seier Kvernevik, og understrekar at samarbei-
det med MMR vil gjere det enklare og meir kostnadseffektivt for begge partar å få etablert installasjonane som skal til for å kome i gang. Styreleiar i Ecobait AS, Øyvind Reed, meiner tidspunktet for selskapet si satsing er god, også frå eit marknadsmessig perspektiv. – Prisen på akkar er i dag 44 kroner kiloen, og agn har blitt ein betydeleg kostnad for lineflåten. Vi må tore å stikke hovudet fram og planlegge for ei framtid der vi har lukkast. Vi må investere no for å vere klare til å ta moglegheita som kjem når vi har eit fungerande produkt, seier Reed.
Hav av moglegheiter 2020
MÅLØY: Måløybedrifta Ecobait AS meiner det nye agnet dei har utvikla vil revolusjonere fiskeriet ved å vere konkurransedyktig på pris, miljøvenleg og ikkje minst ved å bidra til å redusere uønskt bifangst. – Agnet har ikkje alternativ bruk som menneskeføde, og målet er jamn kvalitet gjennom heile året. Kundane skal ha ein stabil pris, seier dagleg leiar Ole Petter Humborstad, og legg til: – Målet vårt har vore å kome fram til eit fabrikkert agn som ikkje berre kan konkurrere på pris, men som også kan lokke til seg akkurat det fiskeslaget ein er ute etter på fiskefelta. På den måten kan vi redusere uønskt bifangst, ein problematikk som er spesielt vanleg for torsk og hyse. Ecobait er eigd av ei rekke reiarlag som primært driv med linefiske, og eigarane ser med interesse på at selskapet no ha utvikla eit artsselektivt agn. – Det vil også bidra til betre forvalting av fiskeressursane ved at vi kan treffe mykje betre på kvotane som myndigheitene gir oss kvart år. Det at Ecobait no er i ferd med å lukkast med å få til dette gir selskapet eit enormt potensial, meiner Arild Aarvik, som via investeringsselskapet Carisma Fish AS er medeigar i selskapet.
Forsking er suksessfaktor Ecobait AS starta med eit svært enkelt mål for auget, dei jobba for å utvikle eit billigare agn. I starten jobba ein med ideen om å ta vare på fiskeavskjeret, male det opp og fryse det i pølser som så skulle brukast som agn. – Men Ecobait sin forretningsidé skaut verkeleg fart då styret, og etter kvart også eigarane, innsåg at ei meir forskingsbasert tilnærming, med systematisk testing og dei bitte små justeringane som må til for at eit agn skal fungere optimalt, var vegen å gå. Miljø og berekraft blei navet i satsinga, seier Aarvik. Ecobait definerte ein klar strategi basert på viktige kriterium for å lukkast med sitt lineagn. Basert på strategien fekk dei 14 millionar kroner frå Norges Forskningsråd i 2018, og selskapet har også eit godt samarbeid med Innovasjon Norge og Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfinansering. Dei har også knytt til seg doktorgradsstipendiat Dejan Knezevic frå Norges Miljø- og
Biovitenskapelige Universitet (NMBU) på Ås. Samarbeidspartnar lokalt er forskingsstiftinga MMR Ocean Blue som arbeider med forsking og utvikling innan havbruk, fiske og fangst og nye marine næringar. Også MMR arbeider tett med NMBU. – Det er ingen snarvegar i dette gamet. Det er systematisk, hardt arbeid. Innovasjon og utvikling kan skje på slump om ein finn noko som fungerer. Men om ein ikkje forstår kvifor, ta ein stor risiko om produktet plutseleg skulle slutte å fungere. Vi har funne ting som fungerer, svært mykje som ikkje fungerer, og er no i ferd med å forstå kvifor. Men sjølv om Ecobait har kome langt er dei ikkje heilt i mål. – Nei, men vi er i ferd med å knekke koden. Vi ser ut til å ha løyst gåta for torsk og hyse i Barentshavet, men vi må forske meir. Og ved å knytte tette band til MMR Ocean Blue på dette kan det etter kvart bli mange spennande jobbar i Måløy og omland, seier Aarvik. Styreleiar i MMR Ocean Blue, Trond-Inge Kvernevik kjenner igjen problemstillinga, og peikar på at forsking og samarbeid er nøklar her. – Utvikling av fôr og agn er så komplisert at ein risikerer aldri å kome i mål om ein driv planlaus prøving og feiling. Den tilnærminga vil før eller sidan koste meir enn den smakar. Forsking byr på ei stor verktøykasse for å planlegge, gjennomføre og lære av forsøk, det gir tilgang til eksisterande kunnskap på ein systematisk måte, og bidrar til at ein får definert kor utfordringar som kan krevje lang tid, store kostnader og høg risiko ligg, seier han. Han har tru på at Ecobait har det som trengst til å bli ein kommersiell suksess. – Det har vore drive forsking og utvikling på agn i Norge i over 30 år, utan at ein har lukkast med kommersialiseringa. Men Ecobait har fått linenæringa med på laget og har no kome lengre enn nokon har gjort før.
• Pelagia Måløy Sildoljefabrikk • Pelagia Måløy • Pelagia Måløy Sentrallager • Pelagia Selje • Pelagia Kalvåg • Pelagia Måløy Health
• Produserer ca 270 000 tonn fisk • Sysselsetter over 200 personer
PELAGIA I SOGN & FJORDANE
• Utleie av fryselagerkapasitet på 18.500 tonn
www.pelagia.com
ORIGOD – den fleksible samarbeidspartneren
Døgnbemanna vakttelefon 940 15 823 918 08 644
Gjert Myrestrand og Svanhild Breidalen
MEKANISK AVDELING Produksjonsavdelinga vår kan tilby eit bredt spekter av mekaniske varer og tenester. Origod AS har lang erfaring innanfor aluminium, rustfritt og syrefast. Maskinverkstaden vår har ein moderne maskinpark der vi kan utføre allsidig bearbeiding. MASKINPARK • Sveisemaskiner TIG/MIG/ MAG • Hydraulisk presse • NC kantpresser • Profil og kombisaks • Platesakser • CNC maskineringssenter • CNC dreiesenter • Dreiebenk
Samarbeid og forsking: Ecobait har knytt til seg mange støttespelarar og trur på forsking og samarbeid som viktig suksessfaktorar. Frå venstre medeigar Arild Aarvik, Frank Willy Djuvik i Måløy Vekst, styreleiar i MMR Ocean Blue Trond-Inge Kvernevik, Ole Petter Humborstad og styreleiar i Ecobait Øyvind Reed. Foto: Gjert Myrestrand
• • • • • • • •
Brennebord Fres Borverk Valse Pulver lakkeringsanlegg Profilvalse Plansliper og bladslipere 5 tonns traverskran
Postboks 274, 6902 Florø • Tlf. 57 75 21 40 • www.origod.no A til Å - www.atilaa.no I
Foto: Photoevent
31
32
Hav av moglegheiter 2020
Gir æra for fiskerisuksessen i vår region til to lokale fiskarar som såg verdien av eit automatisert linefiske
Nybakt pensjonist: Fiskar, styrmann og reiar Øystein Sandøy (63) har opplevd det meste på sjøen. Men han ser likevel moglegheiter for fiskerinæringa i
framtida.
BREMANGER/ MÅLØY: Fiskar, styrmann og reiar Øystein Sandøy (63) har opplevd det meste på sjøen. Frå faren og onklane som skrapa saman til eigen båt og frigjorde seg frå det harde fiskarbondelivet på den vesle øya Sandøy på Bulandet til autolinerevolusjon på 70-talet, ny teknologi og dagens superbåtar.
Foto: Erling Wåge
Sandøy flytta etter kvart til Holvik i dagens Kinn kommune, og fiskeriet sin suksess i dette området tilskriv han to linefiskarar frå Bremanger som trudde på automatisering før alle andre såg lyset. – Linefiske før 70-talet hadde ikkje store statusen. Det var hardt og einsformig arbeid, prega av såre fingrar og lite søvn. Det var rett og slett ikkje heilt det store samanlikna med ringnot og trål, seier Øystein Sandøy, nybakt pensjonist, men før det reiar, fiskar og skipper om bord på M/S Sjøvær. Men midt på 70-talet endra situasjonen seg. Då kom autolina. – Eg meiner folk i vårt fylke, nærmare bestemt i Bremanger, kan stå med framskoten brystkasse i denne utviklinga. Det er min påstand at grunnen til at autolina slo gjennom så fort, og fungerte så godt, handlar om to menn: Erling og Oskar Førde. Og sjølvsagt mannskapa deira på M/S Førde. Men ikkje alle var med på dette påfunnet, og trudde ikkje det var liv laga. – Dei var ikkje kloke på ein flekk, fekk dei høyre, og hadde dei ikkje
evne til å orientere seg sjølve i verda? Men han Erling skjønte fort det ingen andre skjønte, at teknikken måtte overta for det traurige arbeidet med å få agn på linene for å få ei god framtid. Men det var ein veg som måtte brøytast.
Gjorde nybrotsarbeid Det tok nær eit år før det nye fiskeriet var såpass oppe å gå at ein kunne kalle det konkurransedyktig. – Med stor innsats og ikkje minst høg økonomisk risiko gjennomførte dei dette. For det var ikkje noko som heitte innovasjonspengar på den tida. I starten låg dei saman med konkurrentane og fekk berre halve fiskeriet. Båtane lasta seg og fekk mindre, fortel Sandøy. – Men etter som tida gjekk, og systema blei betre, ein fekk nye delar og gjorde justeringar, så blei avstanden til konkurrentane mindre, spesielt på pigghå. Heilt til dei gjekk forbi dei andre, halte meir line og kunne ha døgndrift med skiftordningar medan andre båtar måtte ligge i ro. Sandøy trur ikkje ein kunne ha
hatt dagens superbåtar med doble mannskap, komfort som på eit hotell og det nyaste av teknologi om det ikkje hadde vore for dette nybrotsarbeidet. – Nei, dette var nøkkelen til dei gode tidene som linefisket har hatt heilt fram til i dag. Hadde ein skulle drive linefiske som i eldre tider i dag, hadde ein aldri fått folk til det. Pigghåen var også med og sette fart i autolineutviklinga, og Sandøy ser miljøet rundt Måløy og Bremanger som sjølve episenteret for pigghå. Med pigghåen var det nemleg ikkje så nøye med egnekvaliteten som for andre fiskeslag. – Nei, berre håen hang på så var det greitt. Medan for tradisjonelt rundfiske, som lange og brosme, så var egnekvaliteten mykje meir avgjerande. Men etter kvart auka ein egnekvaliteten på autoline også for fleire fiskeslag, og revolusjonen i fiskeria var eit faktum. – Og alt dette skjedde her hos oss, her vi bur, seier Sandøy.
Svanhild Breidalen
Hav av moglegheiter 2020
Revolusjon i linefisket: Æra for suksessen i automatisert linefiske i vår region, gir Øystein Sandøy til to menn frå Bremanger, Erling og Oskar Førde. Illustrasjonsfoto: Erling Wåge
Profesjonalisering av bransjen har vore eit gode Utviklinga hentar inn linefisket også, og i dag står flåten overfor utfordringar. Til dømes dyrare agn, større og færre båtar og kampen om rettar fiskarane i mellom. – Det skal pengar til for å drive linefiske i dag, for i tillegg til den store utgifta dyrt agn har blitt for fiskarane, er det også nytt driftsmiddel og rettar som krevst. Og båtane er større og meir ressurskrevjande. Om det ikkje skjer noko, slik at kaka vi alle skal ete frå blir større, kan det kanskje vere at båtane i verste fall blir for store og for dyre. Det har også kome store krav til tilsette sine rettar, miljø, tryggleik og dokumentasjon. – Dette har auka kraftig. Men dyktige skipperar, styrmenn og maskinistar vil ein gjerne ha med seg vidare, og den beste vegen å gå er etter mi meining å sleppe dei inn i reiarlaga på postar som er overkomelege og rimelege for begge partar. Mange vil kanskje seie at ein då sementerer den reiarlagsstrukturen vi har, men vi må hugse på at dei aller fleste i lineflåten her er før-
stegenerasjon, nokre få er andregenerasjon. Det er alle dei som investerte sjølve, med Ervik Havfiske som det store, lysande eksempelet. – To menn som selde bilen for å kjøpe ein brukt linebåt? – Ja, og vi skal bøye oss i støvet for dei, skal eg seie deg. At det kom gratis til dei to, det gjorde det i alle fall ikkje. Den første båten dei kjøpte var ikkje rare greiene. Men han sa, Stig Ervik, at den var såpass i stand at dei kunne gå på sjøen same dag. Dei slapp å bruke pengar, det var cluet. Og resten av historia kjenner vi. Men mange av krava som kom til ei profesjonalisering av bransjen var på høg tid og velkomne, meiner Sandøy. – Det er eit villnis av formalitetar og reglar, og du skal ha tunga rett i munnen når du går på sjøen. Men noko er faktisk bra. Vi har fått styringssystem om bord med full oversikt over alt. Kva oppgåver ein har, kven som er med ut, deira pårørande med kontaktinformasjon om noko skulle skje. Det var på høg tid.
Vi kjenner havet selstad.no
Vi har mye å lære av hverandre
Miljøfokuset har blitt ein raud tråd i all båtbygging Sjølv om fiskeriet er i stadig endring, ser Øystein Sandøy moglegheiter mange stadar, og gjerne i samarbeid med oppdrettsbransjen. – Eg håpar det kan vere litt vinnvinn i oppdrett for alle oss andre også, at dei kan vere med på å bane veg slik at vi i norsk fiskeri kan få eit – forhåpentlegvis fortent – rykte som stabile leverandørar av kvalitetsfisk. Enten dei er ala opp i ei merd eller fiska på ope hav, seier Sandøy, og legg til: – Og eg har også eit berettiga håp om at når vi kan reklamere for fisk som er fiska på berekraftig vis, frå eit rent hav under eit strengt forvaltingsregime, at det ved ein korsveg vil vere eit godt salsargument. – Ja, for fiskarane er også opptekne av miljøet? – Ja, det skal du berre sjå! For dei båtane som er bygd dei siste ti åra,
Høyr podkast
går miljø som ein raud tråd gjennom alt. Vi skal ikkje henge gloria heilt fast på oss, for det handlar jo også om betre framdrift og motorpakkar som kort og godt sparar oss for pengar på veg til og frå fiskefelt. Men bonusen i det er jo at det også belastar miljøet mindre. Før var havet den store avfallsbøtta, alt gjekk i havet, forklarar han. – Slik er det ikkje lenger. Alt som ikkje høyrer naturen til blir tatt med heim, destruert eller brukt til noko anna. Gamle bruk, garn og slikt, som vi får opp, tar vi med oss heim. Og alle er med på dette som kallast fishing for litter. For det er også i vår eiga interesse. Hiv du eit gamalt bruk ut igjen, så får du det berre opp igjen neste gong. Få det opp og få det vekk!
med Øystein Sandøy og redaktør Erling Wåge som diskuterer fiskeria før og no i nettmagasinet.
Helge Landøy, Landøy Fiskeoppdrett AS
Vi liker å prate med folk, og er opptatt av å lære. Vi har også mye å lære bort.
Vi liker å prate med folk, og er opptatt av å lære av våre kollegaer i oppdrettsbransjen. Mange tiårs samarbeid med våre partnere i næringen og kunder over hele verden har gitt oss kunnskap som andre kan ha nytte Prat osspåpå telefon 57 75til00 00, jobber med av. Vi vilmed være med å utvikle kompetansen alle som oppdrett, salg og videreforedling av laks8og ørret. eller kom innom Fugleskjærgt. i Florø
besøk oss www.norwell.no Prat med oss på på telefon 57 75 00 00, kom innom Fugleskjærgt. 8 i Florø, eller besøk oss på www.norwell.no Your source of seafood value
Your source of seafood value
33
34
Hav av moglegheiter 2020
AKTIV: Dagleg leiar i reiarlaget, Håkon-Inge Mjånes, er aktiv i fiskarlaget i Sogn og Fjordane.
Foto: Egil Aardal
Korona-brottsjø for FLORØ: – Vi har fått ein tung start i desse koronatidene, men nye «Stormhav» har allereie vist seg å vere ein god og velfungerande sjøbåt.
Det fortel kalvågaren Håkon-Inge Mjånes, ein av dei tre eigarane og dagleg leiar i Stormhav-reiarlaget. Vi treff han på årsmøtet i Sogn og Fjordane Fiskarlag i Florø i oktober og slår av ein prat om korleis båten så langt har svart til forventningane til å bli framtidas 28 meters fiskefartøy. Planen var å komme i full drift i vår, men det tok noko lenger tid. – Eg har hatt ein fin og variert start i haust. Eg har vore ute ein tur som kokk, ein som sjef i fabrikken og ein i styrehuset, fortel Mjånes.
Gravferd og dåp Grunna eit dødsfall i nær familie til Jon-Atle Bjørnø og Tomas Bjørnø og koronarestriksjonar, blei leveransen av båten nokre månader forseinka og dei flytta skipsdåpen frå Bremanger til heimehamna på Sørøya i Finnmark. – På grunn av gravferda, flytta vi dåpsfesten til 24. august på Sørøya og inviterte i staden til «Open båt» i Kalvåg. Det vart litt spesielt med handsprit, å halde avstand mellom folk og andre koronatiltak, fortel Mjånes. – Har de hatt nokon tekniske utfordringar i startfasen?
– Vi har hatt litt problem med hydraulikken og krana. Men i denne bransjen er det om å gjere å ikkje vase vekk for mykje tid i land. Då legg vi heller ein plan på det, og får reparatørar til å skru når vi er inne og leverer. Dei store tinga har vi «skåre unna». Vi hadde noko plunder med fryseriet første turen, slik at vi fekk ein del fisk nedklassa. Det var ei lei affære. I oktober måtte skipper Jon-Atle Bjørnø avslutte fiske ved Bjørnøya og gå i korona-karantene i hamna i Tromsø, sidan det var mistanke om at 12 av 14 mann om bord kunne ha covid-19. Mistanken viste seg heldigvis å ikkje stemme.
Prisfall og høge agnprisar Prisfallet på kvitfisk under koronaepidemien tynner ut inntektsgrunnlaget no i startfasen. Det gjer også den rekordhøge prisen på lineagn. – Agnprisane er katastrofalt høge, i tillegg har vi vanskane i marknaden med å selje lange og brosme. – Korleis går det med å veksle mellom garn og linefiske? – Det går heilt suverent det. Kunsten er å få tak i nokre gode li-
nefolk og nokre gode garnfolk. Ikkje alle er like flinke og effektive til begge deler. Det er litt meir jag når vi jobbar med garn, så dei fleste likar best å jobbe med line. – Går det greitt å få mannskap? – Ja, det er lett å finne god folk, men dei er enten garnfolk eller linefolk. Då må vi gjere ei vurdering på det, og finne nokon som er brukande til begge deler. Det er om å gjere å få ei kjappheit i det. Det går seg vel til.
Ut av NTP Ein viktig del av det nye driftsopplegget er å levere fersk fisk til landindustrien på Sørøya. Men førebels er innseglinga til hamna for grunn med last om bord. Dei måtte losse båten heilt tom i Tromsø, for å komme seg inn til dåpsseremonien. – På same måte som fiskerihamna i Kalvåg, datt også prosjektet på Sørøya ut av prioriteringslistene i Nasjonal Transportplan (NTP). Vi har vore i land og diskutert ferskfiskopplegget, men har ikkje kome i gang enno. På 15 år har dei tre Stormhav-karane jobba seg opp frå sesongbasert sjarkfiske til å bygge denne nye
Hav av moglegheiter 2020
Nokre fakta om Stormhav ■■ 28 meter lang/ 9,5 meter brei ■■ Lastekapasitet 230 m3 ■■ Meir kostbart maskineri/LED-belysning er valt for å redusere bruk av fossilt
drivstoff.
■■ Dobbelt shelterdekk ■■ Fiskeforedlingsfabrikk på hovuddekk. ■■ Tilrettelagt med isolerte kar for oppbevaring av rogn, lever og hovud i
lasteromma.
■■ Kombinert fryse og ferskfisklagring i lasteromma. ■■ RSW-kjøling ned til +1 grad av fisken i alle skyllekar i fabrikken. ■■ Emballering og veging av fisk i kasser, fiskemottak kan då planlegge betre. ■■ Heving av standard på lugarfasilitetar med ein og tomannslugarar med wc/
dusj. Moglegheiter for data/tv-signal til lugarane.
■■ Klare skilje mellom tørre og våte soner om bord gir betre tørking av
arbeidsklede og friskare luft i bysse/messe/lugarar.
DÅP: Brørne Jon-Atle Bjørnø og Tomas Bjørnø ønste lokale folk velkommen ved landgangen då båten vart døypt i Finnmark. Privat/Facebook
«Stormhav» havgåande båten med arbeid til to skift på 12 mann. – På det meste hadde vi 300 døgn på sjøen i året om bord i kystsjarken. Etter kvart fann vi ut at dersom vi skal kunne bli gamle i fiskaryrket, så må vi ha ordna arbeidsforhold og fritid til familieliv, forklarer Mjånes.
150 millionar I byggeperioden har Jon-Atle Bjørnø og Tomas Bjørnø jobba på skift med leigd båt for å fiske kvotane. Svært viktig med dei gode prisane som har vore på kvitfisk. Og ikkje minst når dei no har investert kring 90 millionar i draumebåten, som er tilrettelagt for deira unike driftsform. Inklusiv kjøp av fiskekvotar utgjer det ei investering i området 150 millionar kroner. Det er ein unik båt med dobbelt shelterdekk for kombinert garn- og linefiske, fabrikk og fryseri. Dei kan til dømes drage garn om morgonen og sette autoline på ettermiddagen. Dei tenkjer også utradisjonelt når det gjeld fangstmønster sett opp i mot tradisjonelle høgsesongar i fiskeria. – Vi planlegg ikkje å ta torskekvoten vår i nord i høgsesongen i janu-
WEST 590 Pro
- forbedret og forsterket for fritidsfiske. • Lengde: 5.9 meter • Bredde: 2,2, meter • Godkj. for 8 personer
• Anbefalt motor 60 hk • Vekta. 500 kg.
ar-mars. Då flyt det over av fisk til landsindustrien lokalt. I den perioden går vi heller vest om Shetland på anna fiskeri. Grunntanken er å sikre jamne leveransar heile året, noko som er viktig både for båten og landsindustrien, fortel Mjånes.
Hasvik kommune «Stormhav» er registrert i Hasvik kommunen på Sørøya i Finnmark, der Jon-Atle Bjørnø er busett. Dei to andre eigarane; Tomas Bjørnø og Jon-Atle Mjånes er begge busette i Kalvåg. Ordførar i Hasvik kommune, Eva D. Huseby, er godt informert om prosjektet og driftsopplegget. – Det er veldig positivt at Hasvik har fiskarar som ønsker å satse på nybygd fiskarfartøy i denne storleiken. Det vil skape viktige arbeidsplassar på både hav og land, uttaler ho.
ARVE OLAV F. SOLBAKKEN
TEST DEN
GJERNE I DAG!
35
36
Hav av moglegheiter 2020
Rekruttering: Ola Austring (t.v.) trekk fram rekruttering som eit av argumenta for at ein må legge til rette for den yngre garde som har interesse for faget. Foto: Fjordenes Tidende
Lei av å vente: Svein Osmundsvåg er ein av mange fiskarar i Selje som i ei årrekke har kjempa for å få etablert ei fiskerikai i Lestovika. Sjølv om han, med fleire, ser mørkt på ei etablering, kan det vere håp Foto: Bjørn Erik Drabløs grunna ny kommune, og nytt hamnesamarbeid.
Er kai allereie: Kaia som er der i dag er i privat eige, men enkelte av fiskarane har leigeavtalar som gjer at dei kan nytte den som er der i dag. Den er likevel alt for liten til det formålet fiskarane ønskjer å bruke den til.
Foto: Bjørn Erik Drabløs
I 20 år har fiskarane jobba for å sikre neste generasjon ei betre kai. Framleis er dei ikkje i mål SELJE: I snart tjue år har draumen om ei fiskerikai i Lestovika møtt motbør frå skiftande politisk leiing og byråkratar. Bildet fiskarane teiknar er ei kjensle av avmakt for lokale styresmakter. No er håpet at nye kostar kan få fart i prosjektet. I storheitstida var det i overkant av 300 fiskarar i Selje og omland, dei fleste i båtar som romma frå ein til fire mann. Sjølv om denne tida i dag er eit vagt minne til fordel for dei store reiarlaga, handlar det for dei som er igjen i korte trekk om gode arbeidsforhold for eit yrke som bygd staden dei bur på. – Eg fryktar dette er ein draum som aldri går i oppfylling, seier ein av dei mest rutinerte i faget, Svein Osmundsvåg, som saman med andre har vore ein pådrivar for etablering av kaia som han vedgår at det er andre som kjem til å få mest bruk for. – Vi har no snart gått ut på dato, men for dei unge i dag, så gjer mangel på båtplassar det til at dei kvir seg for å kjøpe båt, seier han.
Planen var klar Allereie tilbake i 2003 søkte Selje kommune om midlar frå Kystverket om etablering av kai i Lestovika etter ønske frå fiskarane. Det vart brukt 250.000 kroner på å lage teikningar og planar, men i 2018 vart til slutt planen skrota til fordel for ei
kombinert fiskerikai og industriområde på motsett side av fjorden, ved Hatlenes. Fiskarane, som heile tida hadde uttrykt ønske om Lestovika som plassering, fekk beskjed om at prosjektet var i boks med midlar frå Kystverket om dei gjekk med på å leggje fiskerikaia til Hatlenes, Viss ikkje, ville det ikkje bli noko kai. – Å legge ei fiskerikai på motsett side er berre tull. Slik som nordvesten slår på Hatlenes, så er det ikkje råd å la båtane ligge der på vinteren, seier Osmundsvåg. Dermed har kai latt vente på seg.
Set sin lit til ny administrasjon Ein som lenge har stått på barrikadane for etableringa av kaia, er Ola Austring. Han håpar at nytt blod i form av ei ny kommuneleiing, samt hamnesamarbeid med Bremanger kommune, vil gi prosjektet nødvendig tyngde. – Det er stygt å seie det, men eg trur ikkje den gjengen som jobba med det tidlegare hadde heilt forståinga på kva det dreidde seg om.
Sånn sett er det bra at vi no får eit anna miljø rundt saka, med andre haldningar og ein ny administrasjon, seier Austring. Han peikar også på at kaia er for den oppveksande generasjonen fiskarar. – Vi veit at det er fleire som går på fiske og fangst i Måløy som har interesse for dette yrket. Men utan nokon stad å vere så risikerer ein at dei flyttar ut av kommunen. Og sjølv om eg vil gi all honnør til Ervik Havfiske og den gjengen som driv stort, så må ein også leggje til rette for dei som vil drive fiskeri i ein mindre skala, seier han.
Draumen om fiskerikommunen Når fiskarane snakkar om det som var, er det ikkje utan eit håp om å få noko av det tilbake. Ola Austring viser til to kommunar ikkje så langt frå Stad der ein framleis satsar på småskalafiskaren. – Vi har nemnt Bremanger, der har dei vore flinke. Men ein kjem heller ikkje utanom Herøy, sjølv om vi så klart ikkje kan samanlikne oss med dei i målestokk. Men der har dei lagt til rette for alt frå den minste sjarkfiskar og heilt opp til store trålarar. Det handlar om å skape eit miljø. Då får du unge som er interessert inn i yrket, og ein legg føringa for rekruttering til dei større båtane, seier Austring. Paul Jacob Helgesen i Stad Sen-
terparti har tidlegare jobba for å få realisert planane om ny kai. Også han ser til det nyleg oppretta hamnesamarbeidet som ein avgjerande faktor.
Satsar på fortgang – Status på saka er at den er under arbeid. No når Stad og Bremanger Hamnekontor er på plass reknar vi med at det vil bli fortgang i ei utgreiing på dette, seier Helgesen, som er einig i det fiskarane seier. Eit argument som har gått igjen frå kommunalt hald tidlegare er at ein må vente til Stad skipstunnel kjem, noko som vil generere overskotsmasse til ei ny fiskerikai. Det er berre det at behovet til fiskarane ikkje er større enn at ein kan klare seg med langt mindre enn massane frå ein skipstunnel, i alle fall i første omgang. – Lestovika er ei naturleg hamn frå naturen si side. Om alt ein planlegg skal knytast opp mot tunnelen, må alt av planar settast på vent. Vi har vore i dialog med fiskarane, og der kjem det fram kva dei har av behov. Slik vi oppfatta det, skal det vere mogleg å gjere forbetringar utan at ein må gjere så store inngrep at det går utover andre interesser, seier Helgesen.
Bjørn Erik Drabløs