FJALER NO!

Page 1

AV IS A N N O N S E 22 I 20 A P R IL/M A

ler

æring i Fja

gn Handel o

VOOKAL / Foto: David Zadig

Ein eim av

VÅR


Det vårast i Sande-senteret

Fløytelåt Selja står saftgrøn og sevjemjuk, kvistfri og ferdig til fløytebruk for hage smågutehender.

Sande-senteret skal forske i, og formidle diktinga til Jakob Sande, nynorsk språk og kultur. Senteret har som mål å utvikle eit fagmiljø for forteljekunst og vere ein stad som får fram eit mangfald av forteljingar og nye røyster.

Tonen kjem smygande, mjuk og var, aukar i kraft og fær døyvde svar langt borte frå andre grender. Solgylt og djup med ein eim av vår, slørd som i lengt og vemodig sår han skiftande stig og bårar.

Snart står selja saftgrøn og sevjemjuk, og vi er klare for nok ein innhaldsrik vår- og sommarsesong i Jakob Sande- senter for forteljekunst. Jakob Sande si dikting fører oss inn i ei verd av både kjensleladde tekstar med sosial urettferd, makabre skildringar, tru, sjømannsliv, kjærleik til naturen og til sjølve livet. Diktinga femner med andre ord vidt, på same måte kan både den munnlege og den skriftlege forteljekunsten femne vidt, og vere teljande for alle menneske same kva slags tilhøve dei lev under. Forteljing er viktig for oss menneske. Det ligg heilt elementært i oss å fortelje. Frå vi er små ynskjer vi å fortelje om dagen vår, om det vi har opplevd og det vi ynskjer oppleve, og det er ei kjensgjerning at ungar har allverdas tid til å høyre på forteljingar når dei eigentleg burde ha sove. Forteljing har ein heilt sentral plass i oss menneske sine liv. I Jakob Sande-senter for forteljekunst ynskjer vi å setje forteljinga i fokus og få fram både små og store sanningar og røyster, slik at forteljingar frå samtida kan få ein tydeleg plass i framtida. Vi er alle førstehandskjelder til den tida og kulturen vi lev i, og dei personlege historiene våre er bitar av større forteljingar, som kan ha stor allmenn nytte og verdi. Som med seljefløyta, ynskjer vi at forteljingane som bur i oss menneska skal nå fram til fleire grender. I vår og sommar vonar vi at fleire nye røyster dukkar opp i Sande-senteret. Gjennom formidlingsløyper, utstillingar og vår- og sommarsalongar og gjennom menneskelege treff i tunet.

Gåta om livet ligg løynd der i jordbundne krefter som gjer seg fri, løyst ut gjennom tusen vårar. Småfuglen tagnar i skogen då, undrande sit han og lyder på og gløymer seg lange stunder. Barnet som stabbar i garden lær, undrar seg på kva vel dette er for spelande, blankt vedunder. Frostvar på tun står ein gamal mann, minnest den gongen då ogso han sprang berrføtt i fjell og finne. Tonane leikar i hugen hans, augo står fjerne med dimslørd glans mot barndommens bleike minne. Frå Guten og grenda, 1945 Gamle skulehuset er bokhandel & krambu og resepsjon for Jakob Sande-tunet. Kopp og notatbok designa av Eva Meier og no også 9. opplag av Dikt i samling, stadig like aktuell!

Sommaropning 19. juni kvar dag 12-16 fram til 14. august. Sommarutstilling, omvising og krambu.

Fjaler NO! April 2022 Utgjevar: Butikknemnda i Dale Marknadsansvarleg og redaksjon: Butikknemnda i Dale og kultureininga i Fjaler. Framside: Frå Dalsåsen med utsikt over Dale, Dalsfjorden og Dalsfjordbrua. Fremst ser du Casper, Christian og Mats Systaddal, Rita Maria Marinaro, Juan Carlos Nogales Muñoz, Gunn Osland og Bernhard Ness. Til venstre Çağla Karat. Foto: David Zadig. Trykk: Sogn og Fjordane Avistrykk Grafisk utforming: VOOKAL Annonsere i Fjaler NO! Kontakt: Elisabeth Boge Sande, tlf. 951 02 562 / elisabeth.boge@­hotmail.com Innspel til redaksjonelt stoff: Kontakt Frivilligsentralen, Margrete Reisæter, tlf. 57 73 80 20 / mre@fjaler.kommune.no

Neste FjalerNO kjem 11. august

© Rakel CW Solheim

Då kom våren! Fjaler kommune – Fjaler frivilligsentral

Illustrasjon: Eva Meier

Besøksteneste i Fjaler

2

Det å få besøk og å vere ein besøksven er ofte ein gjensidig god oppleving for begge partar. Ein prat over kaffikoppen, høgtlesing frå avisa, ein tur langs vegen eller vere med på arrangement er døme på aktivitetar. Vi veit dei fleste ønskjer å bu heime så lenge som mogeleg. Då er det viktig med sosial kontakt og har ein det godt saman med andre, kan det ha innverknad både på fysisk og psykisk helse.

besøksven01.indd 1

APRIL 2022

21.04.2022 15:26

For dei aller fleste betyr våren uteliv i alle fasongar. Nokon har alt teke sitt første bad og andre igjen pussar på båt og sykkel. Og atter andre er i gong i hagen. For ikkje å snakke om fotball og lamming. Sikre vårteikn! Har du ikkje eigen hage eller strand, finn ein felleshage eller strand nær deg! Badevika og Tusenårsparken lengtar etter deg. Og gjere dugnad saman med fleire, er både kjekt og meiningsfullt og ut av samarbeiet kjem det gode historier du kan leve lenge på. Lista for Titur Dalsfjorden i år er klar og her er

det berre å starte opp. Gjer deg kjent i nabokommunen eller ein stad i eigen kommune du ikkje har vore på. Har du ikkje vore opp til Langevatna i Flekke, har du verkeleg ein fin tur i vente! Send også ein tanke til dei som ikkje likar våren som godt, det er nokon av dei. Ta ein prat, gå ein tur og inviter dei til kaffi eller til ein middag. Det største gleda ein kan ha, det er å gjere andre glad. Vi ynskjer alt beste for deg i vår og sommar! frivilligsentralen@fjaler.kommune.no


To sosialstudentar i farta Kanskje du har støtt på desse to karane og lurer på kven dei er? Vi spurde kor dei kjem i frå og kva dei gjer på i Dale. Håkon Solli Grønningsæter (21) kjem frå Lier og Mathias Brøten Brewer (22) frå Jessheim. Begge studerer sosialt arbeid ved Høgskulen Vestland (HVL) i Sogndal og no har dei praksis i flyktningstenesta i Fjaler kommune fram til juni. – HVL gav oss praksis i Dale, og så langt er vi nøgde med plassen. Kjempefin

plass med vakker natur! Samfunnet er imøtekomande, og vi gler oss til å bli kjent med fleire. Vi oppfordar gutane til å bli med på fellesdugnad i Dale 4. mai og alle må ta eit tak. Då vert dei garantert kjent med fleire !

GODE TILBOD!

Dalsbua feirar 45års jubileum 2. juli!

DUO KVALITETSKVILESTOL M/PALL

Velkomen til jubileumshandel, jubileumskake og fest i hagen!

Handkle

-50% 5.495,-

Stoff: Danny grå

Tilbodspris

Vi har m.a. invitert Magni og Vidar Jensen med keramikk og trearbeid “Bestemorsøm” med babykle i fine mønster og fargar

Vaskevott, 40x60 cm, 50x90 cm, 70x140cm

Musikalske gjester: Sara Rose og Gjest Sturle Sandvik

SOLSKJERMING UTVENDIG OG INNVENDIG Måltilpassa eller standardmål

Servering av salatar m/ bollar og kaker, alt laga av dalsbudamene Henny, Gjertrud, Margrete, Solgunn og Kari

• Utvendige persienner • Duette og plissegardiner • Rullegardiner • Persienner • Lamellgardiner • Utvendige screen • Markiser • Måltaking og montering

@ Bygdeavisene, Marianne Furevikstrand

Dalsbua ANS

Dalsvegen 103, 6963 Dale i Sunnfjord Tlf. 57 73 62 44/475 15 652 i opningstida

– butikken du aldri gløymer!

Ope: onsdag, torsdag og fredag 11-17 laurdag 10-15

Jakob Sande-tunet og gamle skulehuset Bokhandel & krambu, forfattarresidens, Løa og museum Tlf. 57 73 77 75 www.jakobsande.no

Dalevegen 95 • 6963 Dale i Sunnfjord • telefon 57 73 63 12 • Følg oss på STORT SETT GRATIS HEIMKØYRING AV MØBLANE DINE! Fjaler, Hyllestad, Askvoll, Gaular, Førde og Høyanger

BUA Fjaler finn du på ungdomskulen i Dale, Nikka Vonens veg 36, 1. inngong

Gratis utleige av utandørs fritidsutstyr

Mob. 902 05 061

www.bua.io BUAFjaler

KORSSUND HANDEL AS Tlf. 57 73 75 35 APRIL 2022

3


• S N A D • K K I S U M STANDUP •

Vi gledar oss!

VÅR 2022

Endelig vår og tid for UTELEIK! 649,Aquaplay lockbox

Kubb

499,-

14. MAI: AGNAR GJELSVIK

Mølkky

299,-

18. JUNI: BENT VADSETH

XL yatzy Bean bag

rangement

329,-

ia si fb-side, under ar

Bill. Stand-up: sjå Ka

DANS/MUSIKK • FRI INNGANG FØR KL. 23 • BILL. FRÅ KL 23 KR 200

Animal croquet

199,-

Aquaplay startset

Rackets

129,-

599,-

NYE

299,-

Hit the tin

199,-

Følg oss på Telefon 918 88 659 e-post: frankeven65@gmail.com

FREMTIDENS OPPDRETTSANLEGG www.vikingaqua.no

Blomstertorget A/S

Dale Senter, 6963 Dale i Sunnfjord Telefon 57 73 98 00 Mobil 975 21 569 Telefax 57 73 98 01 sunnfjord.gravferdsbyraa@interflora.no www.blomstertorget.no

4

APRIL 2022

BLIKÅS ELEKTRO AS Tlf. 920 60 804 blikas.elektro@gmail.com

VI DEKKER: Fjaler, Askvoll, Hyllestad, Gaular, Høyanger, Solund, Førde, Balestrand og Jølster

Din lokale røyrleggar

Tlf. 57 73 63 40 • Vakttlf. 917 16 305 • post@skaar-vvs.no

HELLEVIK LANDHANDEL


Allmenn

Quiz

laurdag 14. mai kl. 21.00

Hugs å bestille bord på tlf. 400 70 470 eller innboks på Facebook

Fabel

Kafé og motell TLF. 400 70 470

Vi tek oss av rekneskapen Ikkje særleg glad i ådin føra Som om det skulle vore vårt eige rekneskap?

Accountor HAFS Hope Rekneskapskontor AS Dale Senter, 6963 Dale i Sunnfjord Leirvik Senter, 6953 Leirvik i Sogn ole.hope@accountor.no Tlf. Dale: 57 73 99 00 / Leirvik: 57 78 83 00 www.accountor.no

Flaks at vi er det

Rekneskap - Lønn - Rådgiving APRIL 2022

5


Dalsbujenter er blitt dalsbudamer Idealiske unge var dei den gong i 1977 då ein gjeng på 12 ville starte ein annleis butikk som skulle selje eigne produserte varer, biodynamiske matvarer, riktige leikar og ikkje minst fotformsko! Og her var ein gong keramikkverkstad med vedfyrt omn, det var systove, utstillingar og vevstol i butikken. I gamlebutikken til Sørebø i Dale som selde LP plater og fjernsyn, der det var teorikurs på bakrommet tok desse 12 eit felles tak, og bygde opp ein butikk som folk ikkje gløymer viss dei først har vore der. Det som ein gong var kommunen sitt saneringsobjekt - slikt gamalt rask kan berre rivast – har det gjennom 45 år vore ein livskraftig butikk som luktar godt. Gjennom barnefødslar, skilsmisser og tap av kjære, sjukdom og studier, har det blomstra og grodd. Her er no ei salig blanding med matvarer, smykke, klede og leikar, lys og såper, tøfler, garn og tekstilar og mykje meir like frå golv til tak. Og framleis eigen produserte varer. Dei 5 som driv butikken no, er nokre

Slik såg dei ut i 1988: Frå v. Margrete Reisæter, Henny Boge, Kari Jensen, Gjertrud Eikevik, Bella Eikevik ( d. 2018) og Solgunn Eikevik.

stolte og ikkje minst stae kvinnfolk som vil halde på så lenge det er liv. Og liv vert det laurdag 2. juli i Dalstunet. I år fyller nemleg Dalsbua 45 år ( kvart 5. år vert feira! ) Då er det jubileumsfest med servering av kaker

og kaffi, salatar og brød, musikk med Sara Rose og Sturle Sandvik , sal av keramikk frå Magni og trearbeid frå Vidar og Jan mfl og Bestemorsøm sel babykle Merk av dagen og kom!

Starter nå!

FESTPRISAR I MAI! Pr. pk

69

00 SOMMERKOTELETTER

Ca 1,3 kg ferske, First Price, pr. kg

KIWI Fjaler

89

00

APRIL 2022

MED 15% KIWI PLUSS-BONUS

2542

SVIN GRILLRIBBE KRYDRET 600 g Folkets, pr. kg 148,33

Man-fre

Dalstunet 6, 6963 Dale i Sunnfjord 6

29

90

Lør

7-23 8-21

TOMATER ROMANTICA/ROMANSE 400 g Season/Gartner, pr. kg 74,75


Strikka sunnfjordbunad Som nok fleire har fått med seg, har det dukka opp garnpakkar og modellar på Sunnfjordbunad for barn hos Signe på Fjaler Profilering på Dale Senter. Vi spør Signe kven som står bak idèen? – Eg og Dagrunn Enstad Solheim som arbeider her på butikken innimellom snakka om at det kunne vore artig å prøve. Og så var vi i gong! Kvifor strikke når ein kan sy? – Det er gøy å strikke og det er eit billigare alternativ enn å sy.

Kor mange bunader har de produsert? – Vi har laga tre jente - og gutebunader som modellar og garnpakkar til str 1-2 år og opp til 8 år. Det har vore masse gode tilbakemeldinger og vi har mellom anna sendt ut pakkar både til Harstad og Trondheim. Vi tilbyr også hjelp til dei som står fast eller lurer på noko. Kanskje vi får sjå ein strikka sunnfjordbunad i 17. maitoget i år?

Signe Nordbotten t.v. og Dagrunn Enstad Solheim hos Fjaler Profilering strikkar Sunnfjordbunader til barn.

Langevatna - ein av turane i TiTur Dalsfjorden 2022 Tur til Langevatna frå Rennestraum: Køyr til Rennestraum og vidare gjennom Heggeviktunnellen. Like etter tunnelen på oppsida/venstre sida av vegen startar ein skogsveg. Der kan ein parkere og gå oppover på skogsvegen til ein kjem til Rennestraumstølen. Der går ein over på sti vidare til Longevatna. Heile turen er godt merka og skilta. Vatna ligg på ca 500 moh og turen tar ca 1 time ein veg og er ca 3 km. Flott utsikt utover mot Alden når ein kjem opp på kanten. Om ein har tid og lyst på ein lengre tur: Gå ein rundtur vidare frå Langevatna og til Klibberdalsfjella, Svenova, Høgevarden og Flekkestølen og attende til Langevatna eller ned til Turvedalsbrua eller til Stav/Strand. Dersom du vil gå via Flekkestølen, går du etter denne stien: https://ut.no/ turforslag/116889 Tekst frå ut.no

Utsyn og opplevingar på veg frå Langevatna.

Magiske Dale! Med bachelorgrad i fransk frå Universitetet i Çukurova er Çağla (26) frå Adana i Tyrkia på plass som volontør ved Frivilligsentralen i Fjaler – endeleg! Det hjelper nemleg å klage! Etter avslag på visum hos UDI i september, hamna søknaden etter fleire runder hos UNE som er klageinnstans, og dei innvilga opphald no i mars! Her fortel Çağla om inntrykket og tankar så langt: – Noreg er eit lite land samanlikna med Tyrkia, men med unik natur og kultur og unike menneske gjer Noreg til eit verkelig attraktivt land.

Magisk – Viss du ser på eit foto over Dale, trur du kanskje det er ein ganske lita bygd, men når du kjem hit, vert det mykje større enn du trudde. Kino, teater, skular, bibliotek; Dale gir deg det du måtte ønskje, det er magien i det! Nynorsk eller bokmål – Etter at eg kom hit, har eg lært at folk snakkar to typer norsk, bokmål og nynorsk. Sidan folk snakkar nynorsk her i Dale, vil eg gjerne lære nynorsk for å forstå lokalbefolkninga og kulturen betre.

Çağla Karat frå Adana søraust i Tyrkia, no volontør i Dale.

Ulike felt –Eg har ulike interesser som kino, bøker og undervisning i språk. Muligheita til å jobbe innan ulike felt i kommunen, vil gje meg god frivillig ballast. Til no kan eg sei at folk er veldig varme og hjelpsame. Eg er veldig glad for å vere frivillig eit år her i Dale!

APRIL 2022

7


d ti e g Ha

Dale

Endeleg er det utetid og inngangspartiet skal pyntast opp. Krukkene skal få ny jord, gjødsel og planter. Beda skal freshast opp med jord, gjødsel, planter og gjerne bark. Plenen skal kalkast og gjødslast. Og så skal ein ha noko fint på gravene på gravplassen. – Mykje kjekt vårarbeid!

JORDBÆR 6 pk.

199

90

Vi har det du treng, gode tilbod og godt utval. Velkomen!

BUKSBOM Kule, liten

Godt utval i tomatplanter, grønnsaksplanter og krydder

Kule, stor Pyramide

19990 59990 29990

GAIA DRIVHUS M/GLASS

Gaia drivhuset er perfekt storleik til balkong, liten hage og til deg som ynskjer å teste ut “dyrk sjølv”- draumen! Vi har og drivhus m/ polykarbonat.

TILBOD Kjøp 5 stk frøposar og få med 9 ltr Så- og kaktusjord.

1490 NO KR

10 FOR

500

3 500 2 500 3 300 5 300 5 200

8

APRIL 2022

PLANTEJORD 40L

FOR

(1 stk 29990)

DEKKBARK 40L

FOR

(1 stk 19990)

PLANTEJORD PLUSS 40L

FOR

HEILGJØDSEL 15L

FOR

FOR

KALK 15KG


HAGEMØBLAR TIL UTEMILJØET! Hagemøbelkolleksjonen 2021

Vi har fått inn utruleg mykje fint. Ulike stilar og ulike materiale. Hageland-kjeden har lagt seg på god kvalitet og fornuftige prisar, og vi kan tilby gode pakkeprisar på dei fleste møbelgruppene. Ta turen innom oss og sjå og prøvesitt møblane.

LINNEA SOFAGRUPPE

13.990,-

HOS HAGELAND FINNER DU ET STORT UTVALG AV HAGEMØBLER SOM GJØR UTEPLASSEN KOMPLETT.

RANA SOFAGRUPPE

Svart aluminium RANA HJØRNEGRUPPE (finnast også i kvit)

10.990,-

Vi hjelper deg å skape uterom som inviterer til hygge og hvilepuls. Sesongens kolleksjoner har noe for enhver. Velg blant klassiske, stilrene design og materialer som er enkle å vedlikeholde.

12990

TILBOD

FYN HJØRNEGRUPPE Høgre- eller venstrevendt

9990 SHIRLEY RECLINERSETT 2 stolar, 2 fotpallar og sidebord

Hageland xxxx

RANA HJØRNEGRUPPE

Adresse xxx Tlf xxx

Liten. Svart aluminium Stor. Høgre- eller venstrevendt

9990 12990

9990

Besøk oss på hageland.no

Vi tar forbehold om trykkfeil, forsinket levering eller at noen produkter raskt kan bli utsolgt.

BELFORT RECLINER

Svart aluminium (finnast også i kvit)

11990 KETER PUTEKASSE Westwood 520l

1990

HASLEV RECLINERSETT 2 stolar, 2 fotpallar og sidebord

14990

MONTREAL HENGESTOL

5490

KETER PUTEKASSE Ontario 870l

3490

Opningstider frå 1. mai: Mandag – fredag .......................... 9–19 Laurdag ........................................ 9–16 Søndag .........................................12–16

Blomstertorget

Blomster · Binderi · Hagesenter · Gåve · Interiør

Sunnfjord Gravferdsbyrå - www.blomstertorget.no

Dale Senter, 6963 Dale i Sunnfjord - Tlf. 57 73 98 00 - Vakttlf. 975 21 569

APRIL 2022

9


! n e t n a m r fi n o k Tips til

Velkomen til ein triveleg handel! Vi har

-25% på

varmeverktøy t.o.m 17.05.

Helsing oss i PÅHÅRET Bjørn, Viorica, Elin, Henriette, Nadia, Anniken og Kari

Tlf. 57 73 62 22 eller ting time på www.paharet.no

Straumsnes Bygg A/S Straumsnes VI UTFØRER SERVICE PÅ ALLE BILMERKER • Bilvask • Reparasjonar • EU-kontroll Straumsnes Bygg A/S Mob: 908 76 214 Web: www.straumsnesbygg.com E-post: post@straumsnesbygg.com

Straumsnes Bygg AS v/ Svante Tømmerbakke 6969 Straumsnes

Mob: 908 76 214 Web: www.straumsnesbygg.com E-post: post@straumsnesbygg.com

Bygg A/S

Straumsnes Bygg AS v/ Svante Tømmerbakke 6969 Straumsnes

Mob: 908 76 214 Web: www.straumsnesbygg.com E-post: post@straumsnesbygg.com

Straumsnes Bygg AS v/ Svante Tømmerbakke 6969 Straumsnes

• Sal av dekk • Dekkhotell • Bil- og hengarutleige

Dale Servicesenter AS

Dalsvegen 102 | 6963 DALE I SUNNFJORD Tlf: 57 73 62 75 | e-post: post@daleservicesenter.no

Vi utvikler neste generasjon digitale tjenester for helseog attføring avanssoma.no

10

APRIL 2022

• ENTREPRENØRTENESTER I 50 ÅR • Tlf. 57 73 63 90/917 16 310 • post@mkmyklebust.no • www.mkmyklebust.no


MASKINENTREPRENØR

KÅRE

HAALAND • Boring • Sprenging • Transport • Drenering • Graving • Pigging

40 år i faget Ansvarsrett Gratis synfaring

TITUR DALSFJORDEN 2022 GÅ 10 TURAR I PERIODEN 1. MAI – 2. OKTOBER TiTur Dalsfjorden er eit samarbeid mellom Askvoll kommune, Fjaler kommune, Indre Sunnfjord turlag og turlaga i Askvoll og Fjaler. Frå og med 1. mai til og med 2. oktober har du høve til å bli kjend med mange av dei flotte turområda i nærområdet vårt. DETTE ER TURANE I 2022: ASKVOLL: • Industriminneløypa Stongfjorden • Hovden på Atløy • Blåfjellet Askvoll • Bakkefjellet • Hundeheia FJALER: • Hovden på Hellevik • Kaldhagåsen • Longevatna • Røbua • Styggeheia PREMIERING: Alle som fullfører får ein premie ved innlevering av turkort, og du vert då med i trekninga av 3 gåvekort med ein verdi av 1000 kroner. I tillegg trekk vi eit gåvekort blant instagrambilete som er ut med emneknaggen #titurdalsfjorden22 (hugs open profil) Det vil i år vere raude postkassar med bøker i på toppane. Vi oppmodar likevel om at du nyttar appen til www.ut.no for å registrere deg på sjølve toppen.

Kåre Haaland - 992 29 248 kaarehaaland@gmail.com

Vil du ha meir informasjon eller fleire turkort? Gå inn på nettsida til kommunane. Turkortet må leverast på YX bensinstasjon i Askvoll eller Dale innan 10. oktober 2022.

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter

Vi ordner jobben fra start til slutt

Vestlandets fremste rehabiliteringsinstitusjon

asfaltvest.no

www.rkhr.no

Globalt eller lokalt? Ja takk, begge deler. Revisjon, advokattjenester, finansiell rådgivning, risikoanalyser og konsulenttjenester. Du treffer oss i 2. etasje på Dale Senter. www.deloitte.no © 2022 Deloitte AS

Bjerga 14,8,6963 Postboks 6961Dale Dale

Dagleg leiar: Anny-Mari Holm anny@elvetunbarnehage.no Tlf. 57 73 88 00 Mob. 95 90 45 06

APRIL 2022 11


BYGGI VESTBYGG AS Alt i bygg og trelast

VI UTFØRER SERVICE PÅ ALLE BILMERKE

Skal du bygge eller treng du byggevarer? Vi er her for DEG! Vi har lang erfaring med å bygge VestlandsHus i eit røft kystklima – og vi hjelper deg i heile byggeprosessen. Og i butikken vår får du det du treng til byggeprosjektet. Ta kontakt eller kom innom hos oss i BYGGI eller sei ifrå om du heller treng varelevering. BYGGEHJELP

I BUTIKKEN FÅR DU • • • • •

BYGGEOPPDRAG

• Prosjektering • Teikning • Søknad

Byggevarer Trevarer Jernvarer Betongvarer Varelevering og kraning

• Nybygg • Tilbygg • Restaurering

• Bilvask • Reparasjonar • EU-kontroll • Sal av dekk • Dekkhotell • Bil- og hengarutleige Dale Servicesenter AS

BYGGI Vestbygg AS Grytøyra, 6967 Hellevik i Fjaler Tlf: 57 73 72 60 Åpningstider: 8 –16 post@vestbyggas.no

Dalsvegen 102, 6963 Dale i Sunnfjord Tlf: 57 73 62 75 e-post: post@daleservicesenter.no

AS VESTLAND GLASS OG LÅS Vi utfører montering og levering av det meste innan glass og lås, samt utskifting av knuste og dugg - glass, nye vindauge, dører, fasadar, glasstak, vinter/sommarhager, glassrekkverk, lås, kopierer nøklar, enkle adgangskontroller, låskasser, system, skyvedør- og slagdørsautomatikk.

AS VESTLAND GLASS OG LÅS

Kontakt

D al sv e g e n 1 0 8 6963 Da le i Su n n f jo rd Tl f: 95 2 3 6 9 9 9

asbjorn@asvgl.no www.asvgl.no (Under oppføring)

Vi utfører måltaking etter behov

Følg oss!

Stort utval av varme og kalde rettar og drikke. Tel: 57 73 77 30 Mob: 97 18 69 04 E.post: post@fristadelektro.no

TLF. 477 07 066

-18

GAR 10-20 • LAURDAG 10

OPNINGSTIDER KVARDA

DALE

12

APRIL 2022

MEIR TIL OVERS

Forhandlar av blant anna GreenGate, Bloomingville, Chic Antique, PB Home og Kusmi Tea.

Sandnes Fiskeoppdrett


NULL STRESS! – La oss skifte til sommardekk for deg!

Ta servicen hos oss og få gratis Veihjelp i 12 mnd.

Vi tilbyr hjul- og dekkskift til konkurransedyktige prisar og har fagkompetansen som gir deg tryggleik i kvardagen. Vi tilbyr sjølvsagt dekkhotell. Norddal Auto Skaddalsvegen 2A Tlf. 995 68 893 Opningstid: man–fre 08–16

Bestill EU-kontroll i dag!

@ David Zadig

DROP-IN • ETABLERING • LANGTIDSLEIGE

Moderne kontorlokale til leige i DALE SENTER I kontorfellesskapet vårt i 2. etasje på Dale Senter er det no 14 ulike firma og om lag 35 personar. Vi har nye og flotte lokale med kjøkken, fine fellesareal og to gode møterom med audiovisuelt utstyr. Også møtelokala er for utleige. For meir informasjon, kontakt Ole Hope, tlf. 970 88 012 e-post: ole.hope@accountor.no

DALE SENTER

ALVÆRVIK CONTAINERSERVICE AS • Containerutleige 8 m3 – 35 m3 • Vi tar på oss alt av transportoppdrag • Vi hentar alt av stålskrap

90 20 11 00 CONTAINERUTLEIGE • rune.container@gmail.com

• GRAVING • MURING • TRANSPORT Uforplikta synfaring Følg oss gjerne på etanlegg@outlook.com

:

6963 Dale i Sunnfjord Mob.: 906 21 968 post@hafsbetongbygg.no www.hafsbetongbygg.no

Sanitær & Varmeanlegg • Varmepumper Kjerneboring & Betongsaging • Brønnboring & Energiboring

APRIL 2022 13


VÅRNYTT! SYKKEL

Giro Register

Merida Freeride II

699

Merida Tucan JR

599

899

TORSDAG, FREDAG, LAURDAG

ALLE SKO

-20% Gjeld ikkje allereie nedsette varer

VI HAR EIGEN SYKKELVERKSTAD Vi hjelper deg med vårreingjering og service på sykkelen din! • Justering av gir og bremser • Skift av dekk og slangar • Byte av gir, kjede, kassett og kranklager • Service og vedlikehald på hydrauliske og mekaniske bremser.

K UT SJEK TTE LO VÅR F TNET KK BUTI

www.sportdale.no

r a l k n e s s a r r e t Få n e g n o s e s til Terrassebord Concise 28x120 Royal brun, pr lm

5490

Makita kappog gjæringssag LS 0815FLN

3690 14

APRIL 2022

TREBITT Terrassebeis 3l

439 DALE BYGGSENTER Tlf. 977 70 977/957 09 315 www.byggtorget.no


Her snakkar vi norsk! Du har gjerne vore innom Fabel på Dale senter ein tysdag og lagt merke til ein gjeng som har sett saman mange bord og ler og gestikulerer? Har du lurt på om du kan setje deg ned der? Det kan du! Det er ein uformell språkkafe der dei som kan norsk møter dei som ikkje kan norsk. Dette er ein samarbeid mellom frivilligsentralen og flyktningtenesta og skjer kvar tysdag frå 14.45 – 15.45 på nettopp Fabel. Kom og sett deg ned ved bordet vårt!

Tid for dugnad i Dale Frivillig Her er Kari Andersen, straks 74 år og seier alltid ja om du spør. – Eg må jo gjere på noko!

Rydde, rake, kutte, kaste, koste, bere, skjere... Dugnaden er sett til onsdag 4. mai kl 18–20. Her er bruk for mange frivillige hender og det er mange stader å arbeide på; Parken i Dalstunet, rundt Fjalerhuset og Melkeveien, Tusenårsparken og Badevika. Møt gjerne opp i Parken først, så fordeler vi oss. Du kan velje deg din favorittplass! Det vil vere ansvarspersonar på kvar arena som vil syne deg kva som skal gjerast. Ta med utstyr og hanskar, sjølv om vi har noko! Så møter vi alle i Badevika til grilling og bad kl 20!

Kari er altså mora til Roger (Ellingsen) og har busett seg her i Dale. Om du ikkje allereie har prata med ho, kan vi love du vert i godt humør når du først gjer det. Garantert! – Spør meg om kva som helst, seier Kari! Ho ivrar for frivillig arbeid og det første ho skal

Kontaktpersonar: Kulturkontoret, Ingeborg 988 65 054 Frivilligsentralen, Margrete 995 48 767

til med no, er å rydde i beda i Tusenårssparken i Dale. – Eg har alltid hatt stor hage og likar arbeidet så lenge eg kan bestemme tida sjølv, seier Kari og går laus på små Rosa Rugosaskudd som har forvilla seg i bedet.

• GARN • ARBEIDSKLE • ARBEIDSSKO • BILDEKOR • BRODERING

Vårens nyheiter på arbeidsklede Vår og sommar i Sande-tunet

@ David Zadig

I år som i fjor vert det tilsett sommarungdom i Sande-senteret. Sommarungdommen skal arbeide i Gamle skulehuset, i sommarkafeen vår Lisa i Li og ta imot besøkande. Det vert vårseminar med eit rikt fagmiljø i tunet 29.04. Om kvelden vert det forteljekunst i Løa kl. 20.30. Forfattarar kjem og les og formidlar Johanne Øvstebø Tvedten viser framsyninga No veks der berre blomar og gras.

Spøt bunad til 17. mai! Jente stakk, frå

519,199,249,-

19. JUNI: OPNING AV SOMMARSESONGEN

SUNDAG 3. JULI: OPNING AV SOMMARUTSTILLING

i Sande-senteret med presentasjon av årets sommarvertar i tunet. Omvising i Jakob Sande og Nikka Vonens rike. Opning av sommarkafé og sommarsalong.

i Bestefarstaua. Om forfattaren og bonden Jens Olavson Espedal (18981925) og boksamlinga etter han. Salong og samtale mellom Ove Eide, Sollaug og Olav Kåre Espedal.

VEKE 25: SOMMARAKADEMI

Gut bukse, frå

i Sande-senteret med fokus på forteljekunst og formidling.

Vest

Tlf. 57 02 40 24 / 918 11 210

• TEKSTILTRYKK • LASERGRAVERING • GRAVERING • REKLAMEARTIKLAR • M.M.

Opningstider frå 19. juni: Sommarkafè sundagar kl. 12–16 Gamle skulehuset mån–sun 11–16

I tillegg vert det lansering av program til Teaterfestivalen, vi får besøk av Førde-festivalen, forfattarar i residens, aktuelle formidlarar og legg fortløpande ut program på vår Facebook-side. Sett av helga 12.–14. august til Fest i Fjaler. Meir info:: www.jakobsande.no Billettsal: www.ticketco.no Jakob Sande-senter for forteljekunst

APRIL 2022 15


ANNONSE

34 ulike prosjekt får til saman 4 millionar kroner frå Sparebankstiftinga Fjaler. Her er Torunn Mattson (t.v.) og Julie Vårdal Heggøy, som begge jobbar hos Sparebanken Sogn og Fjordane i Dale.

Gir fire millionar av bankoverskotet til Fjaler og Holmedal-området Endeleg er tida for gåveutdelingar her igjen. – Dette er fantastisk kjekt, seier Torunn Mattson, Sparebanken Sogn og Fjordane sin banksjef på privatmarknaden i Dale. 4 041 445 kroner fordelt på 34 ulike prosjekt. Det er fasiten for årets tildeling i Fjaler og Holmedal-området. Gåvene er gitt av Sparebankstiftinga Fjaler, og pengane kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.

– Mange legg ned ein kjempeinnsats – Det er fantastisk kjekt at delar av bankoverskotet går tilbake til gode prosjekt her i området vårt.

Auka aktivitet og attraktive lokalsamfunn er det vi ønsker oss, og vi håpar at desse gåvene bidreg til akkurat dette, seier Torunn Mattson. Ho er banksjef på privatmarknaden ved Sparebanken Sogn og Fjordane sitt kontor i Dale. Saman med Julie Vårdal Heggøy, banksjef på bedriftsmarknaden i regionen, er dei einige om at den årlege utdelinga frå stiftinga er eit høgdepunkt.

Gåver frå Sparebankstiftinga Fjaler i 2022: Fjaler kommune Fjaler Næringsutvikling (FNU) Fjaler kommune Straumsnes Grendalag Dalsfjorden/Ytre Sogn Fjordhestlag Magnusbakken (Holmedal) Holeholten 4H (Flekke) Dale Idrettslag Fjaler kommune Dale Ungdomslag Holmedal Vel Dale Musikkorps Fjorden Grendalag Helle og Vårdal Bygdelag Askvoll og Holmedal Idrettslag Bortheim Grannelag Dale Idrettslag Jensbua Kystkultursenter AS Holmedal Ungdomslag Rullerampa 6963 Guddalstoppen 4H Dale Idrettslag Vener av Nilsbua (Hellevik) Reiseliv næringsklynge i Dalsfjordområdet Jakob Sande-selskapet Blandakoret Dekor Hellevik Grendelag Guddal Ungdomslag Holmedal Vel Dale Idrettslag Fortidsminneforeninga Sogn og Fjordane Flekke og Guddal Grunneigarlag Dale Idrettslag Skigruppa Dalsfjorden Spelemannslag

16

APRIL 2022

Profilering Dale sentrum Karrieremesse Dale VGS Ekstra reinhald grunna korona Ballbinge Ridekurs Akematter og sikkerheitsutstyr Driftsstøtte Oppstart kampsportgruppe Kulturhus i Dale Oppgradering Trudvang Diverse prosjekt Driftsstøtte Driftsstøtte Oppgradering bygdehus Turstiar Utvikling badeplass Organisasjons- og samfunnsutviklingprosjekt Dingemoen Idrettspark Krambu Utvikling uteområde ved bygdehuset Grindbygg med skaterampe m.m. Driftsstøtte Tilrettelegging klatring innandørs Oppgradering av Nilsbua Etablering av reiselivsklynge Vedlikehald av Bestefarsstaua Driftsstøtte Vedlikehald grendahus Driftsstøtte Badeflåte Opprusting kjøkken i Fjalerhallen Førstehjelpsutstyr og -kurs Utfisking i Hovlandsdalsvatnet Reparasjon trakkemaskin Driftsstøtte

kr kr kr kr kr kr kr kr kr kr kr kr kr kr kr kr

250.000 50.000 50.000 300.000 10.000 25.000 15.000 18.000 850.000 198.490 30.000 20.000 20.000 100.000 18.000 50.000

kr kr kr kr kr kr kr kr kr kr kr kr kr kr kr kr kr kr

250.000 50.000 200.000 550.000 20.000 30.000 75.000 100.000 120.000 20.000 154.200 10.000 35.000 37.500 55.000 95.000 245.755 10.000

– Det er veldig mange som legg ned ein kjempeinnsats rundt omkring i bygdene våre. Både frivillige og innanfor næringslivet. Vi er avhengige av nettopp desse, og då er det både kjekt og avgjerande at vi er med og støttar det viktige arbeidet som vert lagt ned, seier Vårdal Heggøy. Har si eiga stifting Sparebankstiftinga Fjaler eig om lag seks prosent av Sparebanken Sogn og Fjordane. Stiftinga vart til då Fjaler Sparebank gjekk inn i Sparebanken Sogn og Fjordane i 2010. Kapitalen som var i Fjaler Sparebank utgjer grunnkapitalen i stiftinga, og kvart år får stiftinga tilført friske midlar frå overskotet til banken. – Innbyggarane her er i ein unik posisjon som har si eiga stifting. Eg oppfordrar derfor sterkt til å engasjere seg der ein bur. Vi har i år igjen fått mange gode søknader til gode prosjekt som er med på å løfte tilbodet i området vårt, noko som er veldig bra. Og sjølvsagt vil vi gjerne ha endå fleire neste år, seier Mattson og Vårdal Heggøy.

Totalt kr 4.041.445

skape og dele

Sparebankstiftinga FJALER

skape og dele

Sparebankstiftinga FJALER


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.