3 minute read
desember: Fjaler kino viser Tre nøtter til
Odd Helge Helle er ein ekte Dalekate – oppvokst i Dale sentrum. Men har no busett seg litt lenger inne i fjorden saman med familien sin.
Han var opphaveleg industrirørleggar men vart vaksenlærling hos Jarstad Rør AS slik at han no også er «vanleg» rørleggar. Han gjennomførte fagbrevet for dette i fjor sommar. 1. juni 2022 starta han bedrifta Helle Rør AS.
Korleis går det med det nye firmaet? Det er på mange måtar ikkje stor forskjell frå å vera tilsett – men nokre ting er nytt. Men no begynner eg å komme inn i tralten og det begynner å sette seg litt. Som rørleggar får ein ofte telefonar på kveldstid om ulike ting – men det er eg vane til.
Døme på kva oppdrag du kan ta? Eg kan ta på meg det meste innan rørleggarfaget. Eg har jobba med både nye bygg og rehabilitering. Har også tatt F-gass godkjenning for varmepumpe – så no kan eg innstallere dette også. Så langt er Helle Rør ei enkeltmannsbedrift. Odd Helge ser ikkje vekk frå at dei på sikt kan verte fleire – og meiner at det er viktig at ein legg til rette for lærlingsplass slik at det vert utdanna fleire rørleggarar i området.
Jobbar du stort sett i regionen? Eg har stort nedslagsfelt – og har tatt på meg jobbar i Førde, Solund, Vadheim, Sogndal og Bergen. Det er nok jungeltelegrafen som verkar. Han har ikkje merka så mykje enno til at det er mindre etterspurnad knytt til at forbrukarane kanskje har fått mindre pengar å rutte med pga dyr strøm og auka renteutgifter.
Han har brukt litt pengar på marknadsføring mellom anna med hjelp frå kommunalt næringsfond som han fekk frå Fjaler næringsutvikling. Men sidan han berre er ein person må han finne ein balanse mellom etterspurnad og kva han kan ta på seg av arbeid.
Ingeborg Opdøl Tysnes
Korleis få på plass julesteminga i desember?
1. desember: Teater Vestland «Grevinna og
Hovmeisteren». Ungdomshuset Trudvang kl. 19.00
3. desember: Fjaler kino viser Tre nøtter til
Askepott. Ungdomshuset Trudvang kl. 16.00 4. desember: Lysmesse Guddal kykje kl. 16.00 og Folkestad bedehuskapell kl. 19.00 9. desember: Julekonsert i Dale kyrkje med flinke lokale aktørar
11. desember: Julemarknad på Lillingstonheimen, kl. 12.00-17.00
17. desember: Fjaler kino viser Teddybjørnens jul
Ungdomshuset Trudvang kl. 16.00 18. desember: Julehandel og jul i Nilsbua, kl. 12.00-15.00
24. desember: Gudsteneste. Folkestad bedehus-kapell, Guddal kyrkje og Dale kyrkje
Kultur skulen
Kulturskulen gler seg no til mange kjekke framsyningar. Elevane på dans, kunst og musikk skal alle få vise fram kva dei har jobba med no før jul. Vi har fleire arrangement. Det blir konsert og kunstframsyning på Dingemoen 14. desember. Nokre av elevane våre er også med på den store julekonserten i Dale kyrkje 9. desember, samt andre arrangement.
Teatergruppa vår er også godt i gang med å øve. Der blir det premiere før påske. Tema er Peter Pan i moderne drakt. Det er eit flott samarbeid mellom kulturskulen, Jakob Sande-senter for forteljekunst og dale ungdomslag. Torkil Sandsund er regissør. UKM i år blir i Trudvang fredag 10. februar, og vi jobbar med å lage det til ein kjekk arena for dei mellom 13 og 20 år. Her kan du lese meir og melde deg på via nettsida UKM.no.
Mats W. Systaddal
Jakob Sande-tunet og gamle skulehuset
Bokhandel & krambu, forfattarresidens, Løa og museum
Tlf. 57 73 77 75 www.jakobsande.no
BUA Fjaler
finn du på ungdomskulen i Dale, Nikka Vonens veg 36, 1. inngong