5 minute read
desember: Teater Vestland «Grevinna og
VOOKAL / Foto: David Zadig ANNONSEAVIS DESEMBER 2022
Handel og næring i Fjaler
Alt godt
som enno ventar...
Etter Nikka Vonen si gravferd 5. desember 1933, var overskrifta i Firda Folkeblad: Daa Dale tok avskil med Nikka Vonen. Vidare skreiv ein Dalebu følgjande: «Det var ein uvanleg vakker dag då Nikka Vonen skulle til sin siste kvilestad. Dei snøkledde fjelltoppane stod som æresvakt over den stille bygd». I Bergens Tidene stod det om ei alvorleg stemning som kvilte over Dalebygda. Der som det vanlegvis var liv og verksemd, var det no ei taus haldning. Alle flagg vaia på halv stong, motorbåtar frakta fleire og fleire folk over fjorden, som samlast rundt kyrkja for å vise Nikka Vonen den siste ære. Bergens Tidende skreiv at det verka som alle tenkte dei eigde Nikka i Dale, då det var eit enormt oppmøte med folk som ville ta eit siste avskil med den kjære skulestyraren.
Ved 13-tida samla fleire og fleire folk seg rundt hovudhuset på Steia, som var vakkert pynta med grøne lekkjer med granbar både ved inngangsdøra og i stovene. På Steia var det song ved dei tilsette og tidlegare elevar, før hennar siste drengar bar kista fremst i sørgetoget nedover alleen og mot kyrkja. Der stod Dale ungdomskor og song Deilig er jorden, som skal ha vore Nikka sin favorittsalme.
Sokneprest Døskeland sa i talen: «Vi er i dag samlet ved Nikkas båre, hennes liv synes mig å tyde på at troen hadde bodd i hennes hjerte. Det som slo mig mest var hennes hjertedannelse. Bare man snakket et par ord med henne fikk man inntrykk av det og fordi hun var så hjertedannet hadde hun en helstøpt karakter».
Nikka Vonen (14.11.1836 – 28.11.1933) hadde styrt pigeinstituttet på Steien i 38 år, der ho sjølv underviste i soge, norsk, tysk og religion. Elevar av Nikka skal ha uttalt at undervisningsøktene hennar var reine ugløymande feststunder, då ho formidla så levande og godt. Då Nikka tok i mot sitt siste elevkull i 1907, hadde ho til saman tatt imot kring 800 elevar, som ho var ein særs viktig rollemodell og omsorgsperson for. Ingen kunne ta over skulen då helsa til Nikka byrja svikte, for skulen var Nikka.
Jentene frå Fabel barne – og ungdomsteater står på framsidefotoet og syng Deilig er jorden utanfor hennar gamle pigeinstitutt. Eit symbol på at det framleis kan skje hjartedanning på Steia, med inspirasjon av evnerike Nikka Vonen. Signalanlegget på Steia som tidlegare var fullt med livlege kvardagar, spel frå fire piano og høgtidstunder står no til nedfalls. Jakob Sande – senter for forteljekunst ser det som naturleg å invitere Nikka med på laget inn i eit forteljesenteret. Vi ynskjer saman med sterke miljø å sikre dokumentasjon av kulturmiljøet, legge grunnlaget for og gjennomføre eit restaureringsarbeid, slik at vi igjen kan opne staden for ålmenta.
Riksantikvaren har tru på prosjektet og ynskjer bidra økonomisk og samarbeide med oss i arbeidet av oppbygginga av Steia gard der vi skal vise at forteljekunst er ei drivkraft for verdiskaping.
Dette startskotet vil vi markere saman med dykk alle, og inviterer difor til fest på Steia fredag 2. desember kl. 19.
Sigrid Felde slapp nyleg låta Alt godt som enno ventar. Ein song med tekst av Jeaninne M. Harrysson, som Sigrid traff medan Jeaninne var i residens i Jakob Sande – senter for forteljekunst.
Det er mykje å glede seg over i tida som kjem, og vi ser fram til å høyre Sigrid synge og Mats spele for oss denne kvelden. John Trygve Mulhearn Evensen har tonesett ein song skriven av tidlegare elevar av Nikka, som vi syng saman med han og Anne Marte Haugen. Bjørn Enes skal attfortelje Odd Bjordal og Hans Bjarne Haugen si historie: Før og no og alt innimellom. Nemnda for arbeidet på Steia gard, Ingeborg Tysnes, Alexander Rauboti og Rakel Cecilie Wilhelmsen Solheim orienterer om det historiske bakteppet og framtidsplanar. Det vert sal av forteljekalender, pyntegrønt, gløgg og litteratur. Alt til inntekt til restaureringa av Steia gard. Hjarteleg velkomen til Steia!
Rakel Solheim
Fjaler NO! Desember 2022
Utgjevar: Butikknemnda i Dale. Marknadsansvarleg og redaksjon: Butikknemnda i Dale og kultur-eininga i Fjaler. Framside: Nokre av jentene frå Fabel barne – og ungdomsteater. Bak som Nikka Vonen: Hanna Poòr. Nedover trappene står Bignia Losnegard, Ragnhild Høgseth Felde, Astrid Sandsund-Lie, Amanda Skår Haugsbø, Ingrid Nitter, Emilie Nedrebø Arstein, Eiril Sagevik, Saga Willemoes Systaddal, Mari Lorense Stang Sævik, Ingrid Mulhearn Søgnen.
Foto: David Zadig Grafisk utforming: VOOKAL
Annonsere i Fjaler NO! Kontakt: Elisabeth Boge Sande, tlf. 951 02 562 / elisabeth.boge@hotmail.com
Innspel til redaksjonelt stoff: Kontakt Frivilligsentralen, Rhona Thingnes tlf. 57 73 80 20 / rhona.thingnes@fjaler.kommune.no
Bli frivillig!
I 1996 kom eg for første gang til Dale saman med ein svensk venn, keramikar Arne Öhnell, kjend for sine fantastiske keramikkgrisar. Eg hadde med fargeglade, tova hattar som eg selde på Dalsbua. Spol fram 26 år og eg har flytta hit med familien! Kven hadde tippa det?
No har eg vore dagleg leiar i frivilligsentralen i Fjaler i nesten 4 månader og kan ærleg seie at eg ikkje er plaga av å ha det kjedeleg på jobb! Og ikkje elles heller, for så vidt.
Eg kosar meg skikkeleg i fine Dale – elskar å sykle på jobb, nyte den vakre naturen, fange fisk til middag, symje på Haugland, bli kjend med mykje kjekke folk, gå på konsertar, teater, boksamtalar, kino, tur med Bakkejekta, og mykje meir…
På jobben prøver eg å fylle dei store skoa etter Margrete Reisæter sin enorme innsats over mange år! Med god hjelp har eg allereie lært meg mykje, og så skal eg finne min eigen måte å gjere ting på - veldig moro!
Eg har akkurat vore på «Kulturkonferansen 2022 – Frivilligheit bygger samfunn» der forsking viser at det å gjere noko bra for nokon andre gjer oss lukkelegare. Altså, å vere frivillig = gladere Win, win. Og, her treng eg dykkar hjelp!
Har du lyst å bidra til at vi i Dale kan bli meir lukkelege? Kom på språkkafé, hjelp til med gjenbruket på FUS, og alt mogleg anna gøy – ta kontakt på frivilligsentralen@fjaler.kommune.no eller drop-in på BUA i gamle ungdomsskulen.