Sommarbyen Florø 2020
PLANKEKØYRING: May-Lisbeth og Viktoria.
FOTO: Privat
På Askrova har dei bore tungt for at du skal få besøke «Ørnereiret» ASKROVA: Bygda sitt store dugnadsprosjekt, draumeplassen «Ørnereiret» er ferdig. Sidan i fjor har askrovingar og hyttefolk arbeidd med Draumeplassen «Ørnereiret» dei bygger på Askrova. Dei er no ferdig med bygginga av ei hytte med sovealkove og platting. Denne vart offisielt opna i førstninga av juni. Hytta har ein heilt spektakulær utsikt vestover, der den ligg like nedanfor Skaratoppen. Og med tida vil dei vidareutvikle heile området, slik at dette verkeleg blir ein draumeplass. Sjølv om dei har fått pengar frå både 4H og Gjensidigestiftinga til prosjektet, er alt det fysiske arbeidet gjort på dugnad. – Det er ikkje billeg å bygge ei sånn hytte, men ekstremt mykje har gått på dugnad. Vi
har hatt folk i sving i fleire månader no, både hyttefolk og fastbuande.
Sommar– byen Ørnereiret
STOLT: Siri Sunde i bygdelaget på Askrova er stolt over det øybuarane har klart å få til i lag.
Foto: Privat
Det seier ein av fleire pådrivarar for prosjektet, Siri Sunde i bygdelaget på Askrova. Men det har på inga måte vore noko lett dugnadsarbeid. Vel å merke har dei tidvis kunne køyre materiale og dei tyngste elementa opp på fjellet til draumeplassen, men når sauene er ute på beite er ikkje det lov. Då har dei i staden bore plankar og andre byggemateriale mellom seg nesten heilt opp til Skaratoppen. – Her har folk teke med seg ein planke eller to når dei skal ut på tur til Skaret. Det er heilt imponerande, for det er eit stykke å gå, sjølv om det ikkje er så bratt. Og så spurte vi om folk kunne tenke seg å strikke og tove sitjeunderlag og tova tøflar til hytta. Det var utruleg mange strikkeglade både frå fjern og nær som melde si interesse og strikka til oss. Så dugnadsgleda har vore enorm, seier Sunde. Men det har ikkje vore berre enkelt. Hyt-
ta ligg veldig utsett for vêr og vind. Så rundt juletider tok vinden taket på hytta. Og rett etter tok den døra. – Etter ei stund fekk vi på nytt, skikkeleg sterkt tak. Og ny og betre dør kom på plass. Og så har det vore snø, og så har det vore korona. så det har vore ein del utfordringar før vi kom til opningsdagen. Og det er kanskje derfor det kjennest så bra at vi no kan opne dørene, seier Sunde. For draumeplassen kom etter eit ønske om å få fleire attraksjonar som lokkar turistar og besøkande til øya. – Men vi er også opptekne av at vi også skal ha eit tilbod til barna ikkje berre her på Askrova, men i heile kommunen. Når du bur på fastlandet har barna mange aktivitetar å velje blant. Her ute må vi lage til våre eigne aktivitetar. Og på draumeplassen kan vi vise ungane kor kjekt det er å vere ute i naturen, avsluttar Sunde. Tekst: David E. Antonsen
Sommarbyen 2020 er eit partipolitisk og uavhengig magasin gitt ut av Firdaposten. / Firdaposten | www.firdaposten.no / Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee | svend@firdaposten.no / Formgjeving: Gunnar-Arne Haaland, Grafisk Bi-inntekt / Trykk: Sogn og Fjordane Avistrykk AS, Førde / Opplag: 9600
2
Sommarbyen 2020
NATURSKJØNT: Det er ein heilt fantastisk utsikt ved hytta.
Foto: Privat
FARGERIKE FLORØ
- EN KOMPLETT FARGEHANDEL! SPØR OSS OM RÅD!
Velkommen! rgerike s på FaA.S. sen osINTERIØR HilFLORØ maling | tapet | gulvbelegg |
| gardiner | interiør
GARDINER - MALING - TAPET - GULVBELEGG - FLISER Hjellegata 6 - 6900 Florø - TLF 57 74 03 66
FLORØ INTERIØR A.S
TAKTEKKING: Han har god peiling på tak, blekkslagar Jan Henrik Nygård og sonen Dag Henrik i sving med å tette taket på hytta.
Foto: Privat
Hjellegata6A 6 •• 6900 Tlf. 57 74 74 03 03 66 66 Hjellegata 6900 Florø Florø • Tlf.
maling | tapet | gulvbelegg |
| gardiner | interiør FLORØ INTERIØR A.S.
GARDINER - MALING - TAPET - GULVBELEGG - FLISER Hjellegata 6 - 6900 Florø - TLF 57 74 03 66
FLORØ INTERIØR A.S
Hjellegata 6 • 6900 Florø • Tlf. 57 74 03 66
NAUSTDAL DAMPBAKERI - Møteplassen i Strandgata Ferske bakevarer kvar dag
Prøv gjerne vår nye nettbutikk dampbakeriet.no OPE: Kvardagar: 07.30-16.30 Laurdag: 09.00-16.00 Strandgata 45, 6905 Florø, Tlf: 57 72 41 40 Utsikt vestover: Frå hytta kan du sjå Alden i der fjerne.
Foto: Privat
Velkommen innom!
BYVÅPENET: Det raude byvåpenet med dei tre sildane dekka eitt av dei sju nye grenseskilta som skal syne dei gamle bygrensene. Øyvind Kleiven i Flora Historielag til høgre og Kinn-ordførar Ola FOTO: Dag Frøyen Teigen.
Dei gamle bygrensene vart avduka på Florø sin 160-årsdag FLORØ: 16. mai 2020 blei Florø by 160 år. Det vart mellom anna markert ved at Flora Historielag avduka eit av sju skilt som skal fortelje for ettertida grensene til gamlebyen. – Vi står på ein stad med tung symbolikk, kom det frå Kinn-ordførar Ola Teigen. Han peika på at Florø er ein by som no er i ferd med å bygge eit nytt rådhus, og at dei no skulle avduke grensemerket til gamle Florø, mellom byvatna med det gamle Kinnrådhuset i ryggen. Det var ein historieinteressert kontingent som var på plass. Fleire kunne også teksten på bysongen «Skjønn er du by» som Otto Søvik framførte på kornett. Det var tilbake i 1860 på kong Carl av Sverige sin fritidsresidens utanfor Stockholm at resolusjonen om at Florø skulle bli by vart signert. Den gongen var det berre om lag 50–60 menneske på området. Det budde langt fleire menneske i øyane kring der sildefiskarane gjekk i hamn. Det var den kortaste vegen ifrå fiskefelta der dei fekk salta fangsten sin. Og det var nettopp det rike silde-
4
Sommarbyen 2020
Sommar– byen Florø
FORTELJAR: Byhistorikar Harald J. Stavang var heldigvis for dei frammøtte litt utanfor manus då han fortalde levande om dei som dreiv gard på Florølandet og skulle avgi land til den nye byen.
fisket i distriktet som skapte behovet for ein by. For å kunne drive handel trengde ein bystatus, og rett nok med kraftige protestar ifrå handelsstanden i Bergen, så vann forslaget fram. Det vart peika på Florø i konkurranse mellom anna med Flokeneset på sørsida av Brufjorden, og fleire andre stader. Leiar i historielaget Reidar Brandsberg hadde ei innleiing der han mellom anna fortalde at opphavet til namnet Florø truleg kjem av det engelske ordet «Floor». Det peikar på topografien, altså det flate landet mellom fjella. Tidlegare journalist og forfattar Harald J. Stavang som har skrive bok om Florø og kommunen Flora, hadde eit lite tilbakeblikk frå den tida då bøndene skilde ut land til det som skulle bli den nye byen for dei frammøtte mellom byvatna. Året var 1860. Med bystatus, kom det privilegium, og med privilegium kom folk. Berre dei fem første åra flytta det til 350 menneske til Florø. Byplanane vart etablert allereie før kong Carl sitt segl hadde smelta på dokumentet. Og i 1861 fekk byen sin første reguleringsplan. Ein gatestruktur i rutemønster vart lagt over det jomfruelege landet og denne vart tilpassa etter kvart som byen vaks. I dag 160 år seinare har byen oppunder
10.000 menneske. Byen som i si tid grensa til gamle Kinn kommune, er no blitt ein av to byar i nye Kinn kommune. Men dei gamle grensene er no løfta fram av Historielaget, men med avgjerande pengestøtte frå Sparebanken Sogn og Fjordane. I alt sju skilt blir no sett opp og dei er plassert perfekt i høve til det som er bynære rekreasjonsområde. Det som vart avduka mellom Store- og Lillevatnet er det eine. Det er solide skilt i syrefast stål som toler vêr og vind. Det står eitt i Michael Sarsgate der stien går over ned til Omsorgssenteret, så er det eitt på nordvestsida av Lilleåsen og eitt nede på kaia. Det vil komme eitt skilt ved den nye innfartsvegen i nord og eitt ved den gamle innfartsvegen, altså ved Møllarbakken. Det siste skiltet skal stå på det dei kalla Florø Eidet (Havhesten) før i verda. Dette kjem opp seinare i samband med oppussinga som no går føre seg på Havhesten.
Tekst og foto: Dag Nesbø Frøyen
FJORD1 HAR CIRKA 60 LÆRLINGAR KVART ÅR, OG DETTE TALET SKAL AUKE! “God og personleg oppfølging frå våre dyktige instruktørar”
“Gode moglegheitar til å sikre deg ei framtidig fast stilling”
SOM LÆRLING I FJORD1
SOM LÆRLING I FJORD1
“Du vert ein dyktig og ettertrakta arbeidskraft i næringa”
W
W
W
.
F
J
O
R
D
1
.
N
Frequency.no
JAKTA JAK A PÅ Å LÆRLINGANE R NGAN G O
Sommarbyen 2020
5
DOSABU: Ytst mot havet, mellom Dosavarden og Muledosa på Frøya, ligg den vesle dagsturhytta Dosabu. Utsikta frå hytta må verkeleg vere blant dei meir FOTO: Tore Skjølberg spektakulære.
Er det rart denne hytta har hatt 350 besøkande på eit halvt år? KALVÅG: Dagsturhytta Dosabu i Kalvåg er verdt eit besøk. Ytst mot havet, i skråninga mellom Dosavarden og Muledosa på Frøya, klamrar dagsturhytta Dosabu seg til fjellveggen. Den er heldigvis godt sikra med både solide fundament og bardunar, for frå hytta stupar skrenten i underkant av 300 meter rett ned i havet. Er det rart denne spektakulære hytta på kort tid har fått merksemd både lokalt og internasjonalt? – Det er veldig mange fine turar og toppar på Frøya, men Dosabu er heilt spesiell. Det seier Jannike Brenden Frøyen i IL Frøy, og legg til: – Det er ein passeleg spasertur på vel halvannan time frå Nesje til hytta, og denne
6
Sommarbyen 2020
Sommar– byen Dosabu
turen er absolutt verdt det: Det er noko heilt unikt å komme til hytta og sjå solnedgangen, og fuglelivet der er rikt. Her får du sjå havørna. Og det er utruleg å vere der når det er styggevêr. Dei som orkar det, kan få seg litt av ei oppleving når det stormar. Den 15 kvadratmeter store hytta blei offisielt opna 29. september i fjor. Bygginga er eit samarbeid mellom Knutholmen og IL Frøy. Etter opninga har hytta blitt mykje brukt, fortel Frøyen. – Hytta er veldig mykje besøkt, og folk som har besøkt den er over seg av begeistring. Sidan nyttår har vel 350 personar skrive seg inn i hytteboka. Men vi veit talet er høgare, for det er ikkje alle som skriv seg inn, seier ho. Og etter opninga er mange bilde av Dosabu delt på sosiale medium, som desse i denne artikkelen som er tekne av Tore
Skjølberg. Det har ført til at hytta har fått mykje merksemd ikkje berre lokalt, men nasjonalt og internasjonalt. – Det er mange turistar som har høyrt om den og som har lyst til å komme og besøke den, og Knutholmen har mange førespurnader frå besøkande som vil besøke Dosabu. Det er to måtar å komme seg til Dosabu: Du kan køyre grusvegen ut til Nesje, parkere bilen der og følge den 3,5 kilometer lange, merka turstien til Dosavarden. Dosabu ligg 400 meter under varden, og stien ned dit er merkt med gule merkekjeppar. Alternativt kan du gå dei 6,5 kilometrane frå sentrum av Kalvåg til Dosavarden. Denne stien er også godt merka. Tekst: David E. Antonsen
IDER: OPNINGST 0 : 07.30-16.3 g a d e fr g a Månd .00 -15.00 Laurdag 09
NYHEIT:
iMow RMI 422P ROBOTKLIPPAR
Vi tar GR ATIS BEFARIN G av plenen d in om de n er eigna for robotklip par!
KLAR FOR SOMMAREN? DET ER VI…
Klipper effektivt og raskt plenar på opptil 15000 m2. Den utmerkar seg på ekstra kuperte gressplenar då den er utstyrt med helningssensorer. Evt. montering og ledning kjem i tillegg.
13.490,-
NYHEIT:
STIHL iMow MI632 ROBOTKLIPPAR Klipper plenar på opptil 3000 m2 på kort tid. Dynamisk klippeskjema og intelligent ladesystem. Evt. montering og ledning kjem i tillegg.
Vi har grasklipparen du treng!
17.990,Honda IZY HRG-serien
frå kr 6.490,-
Honda HRX-serien
frå kr 9.490,Honda Miimo robotklippar
frakr kr 7. 1995, frå 17.995,-
FLORØ
Evjagata, Postbo oks 172, 6901, Florø Tlf. 57 74 15 40 / 952 65 750 E-post: salg@ppfloro.no www.proffpartnerfloro.no Sommarbyen 2020
7
SKINNET BEDRAR: Denne konteinaren ser kanskje ikkje så koseleg ut på utsida, men innvendig har du det du treng for eit koseleg opphald på Refviksanden.
Refviksanden campingplass var den første campingplassen i verda som kunne tilby overnatting i konteinar. I år har dei oppgradert. Det var i fjor dei fekk eit par konteinarar på plass på Refviksanden. Men i staden for billege varer frå Kina, var dette konteinarar med eit litt anna bruksområde. Dei var innreidde med soveromsmodular. Dette var konteinarar meint for overnatting. – Vi er den første campingplassen i verda med dette tilbodet, sa initiativtakar Rune Eriksen til NRK den gongen. I år har dei oppgradert standarden. Shippingkonteinar: Det er framleis Podtown som leverer konteinaren, men i staden for soveromsmodulane dei hadde ståande i fjor, som vi også kjenner frå Kystfestivalen i Kalvåg, Malakoff og andre festivalar, har dei denne gongen levert eit kompaktrom med høg standard.
8
Sommarbyen 2020
Sommar– byen Refviksanden
– Dette er ein frittståande leilegheit. Med utgangspunkt i ein 20 fots shippingkonteinar har vi innreia den til ein bueining med minikjøkken og ein kompakt baderomsløysing. Den er like godt eigna til turistmål, som til minihus, anneks eller hagestue. Vi opplever stor etterspørsel frå både private og aktørar innan turisme, fortel Ragnild Cathrine Østervold som er Marketing Manager i Podtown. – I år blir første året der vi får testa einingane gjennom ein heil sommarsesong og dette er vi sjølvsagt spente på – både for vår del og ikkje minst Refvik sin del. Maksimere opplevinga: Firdaposten tok turen til Refviksanden for å sjekke ut korleis det kan vere å bu i konteinar, og vi hadde ein fin tur. Om vi tek innvendingane først. Konteinaren er litt bortgøymd der den står i bakkant av sanitærbygget. Det er sikkert praktiske årsaker til det, men vi hadde ønska oss ei plassering som maksimerte opplevinga av å bu på stranda. Rett nok har vi utsikt til stranda og potensielle solnedgangar, om vi sit på rett plass i konteinaren, men vi har også utsikt til ei rundkøyring. Vi ville gjerne vore nærmare sjølve stranda.
Den natta vi er på Refviksanda er det meldt kraftig vind, og det høyrast godt i konteinaren at det bles. Det er så mykje støy at då vi opnar døra og går ut, blir vi overraska over at vinden ikkje er kraftigare. Blåse på havet: Bortsett frå desse innvendingane er det fint å bu i konteinaren. Det er hotellstandard, med ein god dobbeltseng, varm dusj, eit lite kjøleskap, vasskokar og kokeplate. To barkrakkar og ein liten spiseplass. Vi har teke med oss sushi frå La Voile inne i Måløy, ein flaske Riesling frå Vinmonopolet i Florø, og koser oss glugg i hel medan vi ser ut på stranda og forbanner Yr som gav oss håp om å få sjå sola gå ned i havet tidlegare i veka. Denne kvelden er det regn og vind som gjeld, men på Refviksanden har også dette sin sjarm. Refviksanden er ein heilt spesiell plass. Nesten ein kilometer med snøkvit sand, heilt i enden av bygda Refvik, med det opne havet rett utanfor. Her er det så vêrhardt at dei fleste husa er bygd med ein tjukk steinmur på den eine sida. Det er for å hindre at dei sterke stormane som blir pressa ned gjennom dalføret om hausten og vinteren skal blåse tvers i gjennom husa. Eller i verste fall blåse dei på havet. Her er det cam-
I år kan du ta sommarferien i ein konteinar
BREMANGER
Bremanger Turistinformasjon BremangerTuristinfo BremangerTurist
Hornelen
DET GODE LIV • Strender • Båtliv • Fjord • • Fjell • Bre • Uteliv • Stillheit •
BREMANGER KOMMUNE
Ålfotbreen
Kalvåg - Svelgen Tlf. 481 40 488 E-post: turistinformasjon.bremanger @bremanger.kommune.no
LEVE, VIRKE, NYTE Foto: Sverre Hjørnevik, Svenn Petter Kjerpeset og Bremanger Turistinfo
Svelgen sentrum
Vingen
Vetvika
SOMMAR:
pingplass med toalett og dusj, der du kan overnatte i telt, campingvogn eller bubil. Eller altså i ein pod, eller konteinar om du vil, om den er ledig. Om vi tilrår turen? Absolutt! Vi kan ikkje garantere for vær og vind, men Refviksanden er magisk uansett vær. Ta turen! Tekst og foto: Arne Hjorth Johansen
Slik såg det ut på Refviksanden i fjor sommar, med to podtel ståande. Det var ein stor suksess. Frå ein dag til neste hadde Refvik kapasitet til å ta i mot 32 overnattingsgjester.
Kalvåg
Foto: Podtown
Sommarbyen 2020
9
ANNONSE | Enivest
Kvalitetstid er viktig for familien i Førde. Frå venstre: Sara, Julie, Roger, Oddny Marie og Anette.
10
Sommarbyen 2020
Jentene brukar Get boXen både på TV, iPad og mobil.
ANNONSE | Enivest
Denne familien i Førde får til det mange slit med:
– Kvardagen vert mykje lettare! I ein hektisk kvardag med jobb, skule og fritidsaktivitetar kan det vere vanskeleg å finne tid til kvalitetstid med heile familien. Men denne familien i Førde har oppskrifta på korleis ein får samla heile gjengen på kveldinga.
I eit moderne og fint hus nokre minuttar utanfor Førde sit Roger Saugestad saman med heile familien i sofakroken. Latter og smil fyller stova medan favorittprogrammet deira sendast på TV-skjermen. – Det er viktig med kvalitetstid med familien og vi har alltid vore opptekne av at vi skal samlast på kveldinga, fortel Roger og smiler med to av døtrene sine i armkroken. Han fortel at det berre var ei lita justering som skulle til for å samle familien til kvalitetstid på kveldinga. Familiefaren jobbar nemleg som nettsjef i Enivest og har derfor fått lov til å teste den splitter nye Get boXen som no er komen ut på marknaden. EIT SAMLEPUNKT FOR FAMILIEN Med Get boX får du innebygd Chromecast, den aller beste bildekvaliteten og stemmestyrd fjernkontroll. Den er nemleg den kraftigaste TV- og strøymeboksen på den norske marknaden, men for Roger og familien var det noko heilt anna som fekk dei forelska i produktet. – I familien vår, som i dei fleste andre familiar, er det ein hektisk kvardag der jentene skal på trening og andre fritidsaktivitetar til forskjellige klokkeslett kvar einaste ettermiddag. Sjølv om vi har eit TV-program som alle i familien vil sjå på er det garantert at ikkje alle er heime og klare når det blir vist, seier Roger og fortset med
å fortelje kva som blei redninga for kvalitetstida til familien.
opptaka lagrast i skylagring og du kan derfor sjå på seriane dine overalt.
Med denne kraftige boksen har familien nemleg moglegheit til å sjølv bestemme når dei vil sjå favorittprogramma sine, og kan derfor planlegge kvalitetstid på kveldinga.
– Det er veldig enkelt og praktisk! Eg kan sjå seriane eg følger med på kor som helst utan problem.
– Vi kan sjå på akkurat det vi vil, når vi vil! Det er det som gjer den nye Get boXen heilt perfekt for vår familie! FANTASTISKE TILBAKEMELDINGAR Tilbakemeldingane frå dei som har testa Get boX har vore veldig positive. DinSide gav Get boX terningkast 5 og status som anbefalt produkt medan Lyd & Bilde gav den nye boksen 5/6 og merka den som «spesielt anbefalt produkt». Boksen blandar direktesendt TV og strøyming slik at alle får best mogleg oppleving. Og med eit felles søk på tvers av alt innhald frå alle TVkanalar, strøymetenestar og appar du har lasta ned, finn du raskt fram til det du leitar etter. – Alt er veldig enkelt med produktet og ein finn alt saman ved hjelp av berre ein fjernkontroll og få tastetrykk. Den har rett og slett alt familien vår treng i ein TV- og strøymeboks, seier Oddny Marie og legg til at dette er eit produkt som ho absolutt vil anbefale andre å kjøpe. Noko anna som har vore veldig populært hos familien er at alle
MARKNADENS RÅASTE TV- OG STRØYMEBOKS Med allereie fleire nøgde kundar og gode tilbakemeldingar frå testpanel rullar no Enivest ut den nye Get boXen til sine kundar. Denne kraftige og oversiktlege TV- og strøymeboksen er enkel å setje opp og du kjem raskt i gong med TV-tittinga. Vil du vite meir om produktet eller ønskjer marknadens råaste TV- og strøymeboks i di stove? Ta kontakt med Enivest.
Om Get boX • Chromecast innebygd • Tusenvis av apper tilgjengeleg • Bluetooth-teknologi • 4K og HDR bildekvalitet • 500 timar opptak med skylagring • Fjernkontroll med stemmestyring
Sommarbyen 2020
11
Anita har plass til deg i gjestebrygga FLORØ: Med 85 gjesteplassar, nylagt dekke, fast døgnpris og gode sanitærtilbod, gler Anita Eikevik seg til det som kan bli tidenes sommarinnrykk ved Florøvika Gjestebrygge.
VELKOMEN! – Vi gler oss og håpar på rekordinnrykk i sommar, seier Anita Eikevik, ansvarleg for drift og tilsyn av Florøvika Gjestebrygge i sommar.
Sommar– byen Florøvika gjestebrygge
– Det har vore litt krevjande i vår, på grunn av koronatiltaka. Men no har vi det aller meste på stell, og no er vi spent på kor mange som kjem og besøker oss sjøvegen i sommar. Vi er i alle fall klare, og vi gler oss! Det seier Anita Eikevik, som har driftsan-
svaret for Florøvika Gjestebrygge i sommar. Forutan dei 12 faste heilårsplassane, vil det vere plass til 85 gjestebåtar i døgnet i bryggeanlegget, som ligg heilt sentralt midt i Florø sentrum. I år er det lagt nytt dekke på delar av pirane. Samtlege pirar har framført straum, og her kan du ligge med båten din uansett storleik for 250 kroner døgnet. På land får du også mykje valuta for pengane. Serviceanlegget er topp moderne og tilbyr både dusjanlegg, vaskerom og opphaldsrom. I slutten av mai opna ein toaletta og dusjane igjen etter lettinga på koronatiltaka, med litt tidsavgrensingar. Snart vil heile anlegget vere døgnope igjen. – Vi har hatt løpande kontakt med kommunelegen, samtidig som det har kome retningslinjer for drift av campingplassar og
hamner frå regjeringa si side. Vi skal drifte anlegget vårt i tråd med dei tilrådingane vi får gjennom sommaren, seier Eikevik, og legg til at dei har sett inn ekstra ressursar på reinhaldssida for å gjere anlegget trygt å bruke. – Anlegget vil bli reingjort tre gonger i døgnet, seier Eikevik. Like moderne som sanitæranlegga, er også betalingsløysingane for å bruke gjestebrygge-anlegget. – Ein kan enten betale gjennom app-løysinga GoMarina, eller ein kan bruke betalingsautomaten inne på bryggjeanlegget, seier Eikevik. Det er ingen førehandsbestillingar om du ønskjer gjesteplass i bryggjeanlegget. Tekst og foto: Svend Arne Vee
Måløy Industrisøm AS Vi har i over 50 år produsert båtkalesjer, båtstoler, og preseninger og levert til mange kjente norske båtprodusenter. Vi har over 1000 maler til bl.a. NordWest, Rana Plast, Saga, Mørejet, Westkapp, Trio, Neptim, NorCraft, DaCapo, Enes, Westbas, Halco, Regal, Rinker, Schaefer, Triton, Nidelv 24. Vi kan også skaffe kalesjer til Bella, Flipper, Aquador, AMT, Yamarin, Terhi, MV-Marin, FinnMaster, Uttern, Grandezza m/fl. Vi tar i mot båter for måltak og montering av kalesje i egen båthall, og kan dermed jobbe uavhengig av værforhold.
SOLSKJERMING Skreddersydde markiseløsninger - god kvalitet til både bolig, serveringssteder og næringsbygg.
Vi produserer båtkalesjer, båtputer og preseninger
Det er NÅ det lønner seg! Gratis befaring: Tlf 57 74 30 10
Strandavegen 7, 6900 Florø
12
Sommarbyen 2020
Kontakt oss for tilbud på post@maloy-industrisom.no eller 57 85 12 30
KYSTDRAMA: Her har Olav Trygvasson klatra opp og henta ein av soldatane sine for 1000 år sidan, medan trollmenn og hekser har festa og dansa med fanden.
FOTO: Fjordkysten
Foto: Annbjørg Hauge Nygård
Foto: Tore Skjølberg
KOM I FJOR: Den 6. juli i fjor vart dagsturhytta «Vetehytta» flydd på plass ved varden på fjellet Veten.
DOSABU: Ytst mot havet, mellom Dosavarden og Muledosa på Frøya, ligg den vesle dagsturhytta Dosabu. Utsikta frå hytta må verkeleg vere blant dei meir spektakulære.
Kirsten kjem ikkje utanom denne kjendisen Bremanger: Det er eit fjell Keipen Turlag og Kirsten Grotle ikkje kjem utanom i Bremanger. Det er den europeiske rekordinnehavaren og den mytiske kjempeklippa Hornelen. Så er det to nye hytter dei ønskjer å vise til.
Kirsten Grotle er tidlegare leiar i Keipen Turlag og turentusiast. I Bremanger er dei «vekkskjemde» med flotte turar, og Grotle fekk naturleg nok vanskar med å plukke ut tre turar. Ein hard, ein moderat og ein lettare. Men det er eit fjell ho ikkje kunne komme utanom.
Hornelen (860 moh.) Lengde og tid: 13,8 kilometer, tek om lag 4 timar ein veg
– Dette er ein tur du nesten ikkje kjem utanom. Det er europas høgaste havklippe. Ein luftig og flott tur, seier ho. Er du oppteken av å samle deg toppar og vil raskt opp, så tek du turen ifrå nord og Hunskår. Er du derimot interessert i opple-
Sommar– byen
3
turtips frå Kirsten Grotle
vingar undervegs, så meiner Grotle at turen ifrå Berle er endå finare. – Den er litt lengre, men flottare sett under eitt, seier ho. Hornelen er eit segnomspunnen fjell. I eldre tider kalla dei fjellet Smalsarhorn og det skal visst nok ha vore ein samlingsplass for hekser og trollmenn der dei festa og dansa med fanden både på jonsokaftan og på julekvelden. Det er også eit segn om Kong Olav Trygvasson som klatra opp i fjellveggen for å hente ned ein av hirdmennene sine som hadde gått seg skorfast. Hornelen er skapt av ein konglomerat bergart frå devontida lik resten av Ålfotenmassivet. Dette er sandstein danna av gammal havbotn. På toppen av Hornelen er det ei gammal steinbu «Olavsbu» som har namnet sitt frå kongen som klatra i den loddrette fjellveggen. Dette fungerer som ei nødbu ved dårleg vêr.
Vetehytta (527 moh.) Lengde og tid: 4,4 kilometer tek om lag to timar ein veg i moderat tempo
– Det er dagsturhytta vår i Bremanger, det er ein tur eg kan varmt tilrå. Dagsturhytta ligg på Veten, der det er målgang på det populære Vetenløpet som går midt i juli. På grunn av pandemien så er Veteløpet 2020 avlyst, men allereie kan du melde deg på løpet i 2021 som går 10. juli. Fjelltoppen Veten har namnet sitt frå det
gamle vetesystemet langs kysten i mellomalderen. Å tenne vardane, eller vetane var varsling om krig og dette vart gjort på dei høgste fjelltoppane langs skipsleia. Båla på fjelltoppen skulle varsle folk i bygda og dei som hadde ansvaret for å kveike neste vete. Det var tidlegare ei vakthytte på denne toppen, bygd av tyskarane under krigen. I fjor opna dagsturhytta som er eit krypinn for stadig fleire turgåarar i området.
Dosabu Lengde og tid: 3,5 kilometer 2 timar ein veg
– Dosabu i Kalvåg er ein noko lettare tur. Den kan du nå ifrå sentrum i Kalvåg over Fannestadvarden midt på Frøya, og så vestover til Dosavarden. Det er om lag 6,5 kilometer. Den kortaste turen er ifrå Nesje i nord der ein følger ryggen ut til Dosavarden og like under den ligg Dosabu som er ei ny dagsturhytte heilt vest og er eit ynda turmål. Også i ruskevêr, seier Grotle. Tru det eller ei, uvêrsturisme er eit smalt, men stadig veksande turismefelt, og på Vestlandet ligg til tider alt til rette. Kanskje spesielt på Dosabu der vêret ifrå vest dundrar i land medan du kan sitte trygt bak panoramaglaset og sjå på.
Tekst: Dag Nesbø Frøyen
Sommarbyen 2020
13
Denne toppen er på pallen til Bengt 14
Sommarbyen 2020
Vi spurde turlagsleiaren i Flora Turlag om å plukke ut tre turar å tilrå frå sitt område. Ein hard, ein middels og ein lettare variant. Han trekte fram to mektige toppar, og ein lettare, men lang øyvariant. For tur-entusiastane så er det nokre turar som skil seg ut. Så kva betre enn å snakke med leiarane i turlaga her på kysten for å høyre kva som er deira favorittar? Og for at tipsa skal kunne treffe alle bad vi dei om å
plukke ut tre turar. Ein hard, ein middels og ein lettare variant. – Eg tenkte at vi måtte gå til dei kystnære forslaga når vi skulle plukke ut tre turar å tilår, seier leiaren i Flora Turlag, Bengt Solheim-Olsen.
Haukåbøra/Børa (1065 moh.) Lengde og tid: 8,7 kilometer, tek om lag 4 timar ein veg.
– Ser du bort ifrå dei 1300-metrane vi har litt lengre inne, som Plogen og Keipen, så er Børa ein topp som peikar seg ut i vårt distrikt, seier Solheim-Olsen. Ifrå sør ser toppen ut som ein tind som kneisar i vêret, men ifrå dei andre himmelretningane er den flate toppen ein klar referanse om kor du er. Den er også eit kjent seglingsmerke for dei som ferdast på kysten. – Her går ein i majestetisk natur ifrå start til slutt. Det er ein lang tur og du skal opp
TOPPEN: Denne varden står på ein ynda topp, om ein spør leiaren i Flora Turlag.
PEIKER SEG UT: Haukåbøra, eller berre «Børa» som toppen på 1065 meter blir kalla, er ein topptur som peikar seg ut meiner turlagsleiar Bengt Solheim-Olsen. Foto: Privat
STAVØYA: Ein rundtur på Stavøya er ein liten turskatt, meiner Foto: privat turlagsleiaren.
RÅ UTSIKT: – Det er ikkje noko å seie på utsikta i frå Klauvekeipen, seier Bengt Solheim-Olsen. Foto: privat
over 1000 meter frå starten og opp til toppen så du må vere i relativ brukbar form. Dette er ein tur ein bør nyte og bruke tid på. Denne turen er også fin å gå ifrå Nordalsfjorden. Det er ein topp som ein kan kjenne igjen ifrå alle vinklar. Turen startar ifrå Gravplassen i Nordalsfjord, men du kan også gå ifrå krysset på fylkesveg 614 og vegen inn til Nordalsfjord.
Grytadalen – Klauvekeipen (769 moh.) Lengde og tid: 4,3 kilometer, tek om lag 2 timar ein veg
Er du ute etter ein dagstur med spektakulær utsikt så er Klauvekeipen eit godt val meiner Solheim-Olsen. – Klauvekeipen er ein konge. Rett og slett rå utsikt over Florø og øyane ut forbi. Du går på fin sti i starten og kjem tidleg opp på fjellet. Denne er gjort på nokre timar for dei som
Sommarbyen
3
turtips frå Bengt SolheimOlsen
er i relativt form, men om vi tek tida til hjelp så er dette er ein tur som er tilgjengeleg for dei fleste, eg vil berre ha streka under at det er lov å ta pausar undervegs, seier turlagsleiaren. Ved å gå ifrå Magnhildskaret er ein allereie på 400 meter. Stigninga kjem på slutten der ein går opp eit par hundre høgdemeter langs ryggen og vestover mot toppen. Utsikta er førsteklasses. Turen kan ein også gå frå Søre Dyrelia. Då følger ein merka sti frå Grytadalen opp det første elvefaret på venstre sida om ein køyrer nordover F614
– Dette er ein fin rundtur opp mot toppen av Stavøya. Her får vi vakker utsikt utover havet. Det er om lag 200 høgdemeter og ein tur som passar for heile familien og folk i alle aldersgrupper. Eg har vore rundt om kring Stavøya, men ikkje vore mykje på land. Men eit fredagstips i Flora Turlag peika på denne turen, så den fann vi ut at vi skulle teste, så den kan eg trygt anbefale. Det er ein lang tur, men det er lite stigning, så eg vil karakterisere dette som ein lettare og tilgjengeleg tur, svarar turleiaren.
Rundtur Stavøya – Skaranipa – Humrevika Lengde og tid: 9,2 kilometer, tek om lag 4 timar 30 minutt
Det var gjennom fredagstipset til Flora Turlag at turleiaren sjølv fekk auga opp for denne godbiten.
Tekst: Dag Nesbø Frøyen
Sommarbyen 2020
15
Ålvora ved Stavøya (1)
Alt ligg til rette for lokal Florø-skjergarden er ideell for kortreist båtferie. Med tallause flotte viker og holmar, uthamner og gjestehamner har ein mange kjekke opplevingar å velje i mellom. Florø Båtforening har opparbeidd fire flotte uthamner i Florø-skjergarden, som er populære turmål for alle med båt. Her kan ein ligge gratis, enten på dagstur eller på overnatting. I dei fire uthamnene, i Domba, Hillersøya, Skorpa og Ålvora, er der flytebrygger og uteliggarar med plass til fleire båtar.
16
Sommarbyen 2020
Sommar– byen
4
båthamner i nærleiken
Hamnene har også grillplass og gode badeog turmoglegheiter. Hit kan ein ta ein dagstur, eller ligge over i fleire netter, om ein skulle ønske det. Og det er gratis.
godt utgangspunkt for fisketurar og for korte og lange gåturar, til dømes til Kvanhovden fyr. Det går også ei Nordsjøløype på Hovden, som går forbi Sponga.
Ålvora ved Stavøya (1)
På Hillersøy, nord på Vevlingen, er det kaiplass og flytebryggjer. Her er det fint for både barnefamiliar og andre båtreisande. Brygga er beskytta mot vêr og vind, og her er ei bu der ein kan få tak over hovudet. Det er ikkje busetnad på øya.
Ålvora er ideelt for barnefamiliar. Her er det treplattingar og trebruer med fleire sittegrupper og grillplassar, og her er ein liten lagune der ungane kan vasse og fange krabber og andre smådyr. Denne lagunen er fin også for dei aller minste barna, då det er langgrunt, oversiktleg og låg vasstand. Det er også ei lita tretrapp ned til vatnet. Det er ei lita sandstrand inst i bukta, elles kan ein også bade frå flytebryggene.
Sponga, Domba på Hovden (2) Her er det ei lita hytte på kaia, med langbord og gassgrill, så ein kan ete innandørs om ein ønsker det. Uthamna er også eit
Hillersøya ved Vevlingen (3)
Æsøysundet på Skorpa (4) Æsøysundet ligg heilt vest på Skorpa, og i denne uthamna er det plass til om lag 8–10 båtar ved flytebrygga. Her er det grillhytte med langbord og varmeomn. Også her er det flotte turmoglegheiter. Tek ein turen opp på toppen av Blåkollen, 292 m.o.h., har ein ei fantastisk utsikt i alle himmelretningar, og her får ein
Hillersøya ved Vevlingen (3)
Sponga, Domba på Hovden (2)
Foto: Liv Standal
Foto: Linda Regina Bruvik
Æsøysundet på Skorpa (4)
båtferie bokstaveleg talt «sjå ned» på resten av øyriket.
Gjestehamner I området rundt Florø er det ein rekke gjestehamner. Midt i Florø sentrum finn ein Florø gjestebrygge, som har eit nyare servicehus med alle fasilitetar. På Svanøy er det gjestehamn ved butikken og kroa i Svanøybukt. Det er det straum, vatn og servicebygg, og badestrand rett ved. På andre sida av øya, rett ved Norsk Hjortesenter på Kvalstad, er det også ei lita, fredeleg gjestehamn. Spaserer ein rett opp grusbakken frå flytebrygga finn ein hjortesenteret, her kan ein få omvising, få nærkontakt med hjort og handle kjøttvarer. På Svanøy er det også flotte turmoglegheiter, både til fots og på sykkel. På Askrova, nærare bestemt Tansøya, ligg Askrova gjestehamn rett ved nærbu-
Foto: Geir Gåsøy
tikken. Her er det butikk, kro og pub, mogleg å fylle drivstoff, det er plass til ca. 20 båtar, og det er tilgjengeleg straum, vatn og trådlaust internett. På Askrova er det flotte turmoglegheiter, mellom anna med stor og fin aure i to av fiskevatna. På Fanøy er det gjestebrygge rett ved Batalden landhandel, og i Stavang og i Rognaldsvåg er det også gjestehamner rett ved butikken. I Måløy er det gjestehamn i sentrum, det er det også på Skjærbuda på Silda. I nabokommunane er det også flotte gjestehamner det er verdt å besøke. I Bremanger er det sentrale gjestehamner både i Kalvåg og i kommunesenteret Svelgen, i tillegg har også Iglandsvik, Davik og Rugsund gjestehamner.
Skilt: «Ryddar du opp etter deg og tek bosset med deg heim, så vil du få eit langt liv og ikkje verte plaga med sjøsjuke, vatn i dieselen og anna farkeskap». Det står det i alle fall å lese i uthamna i Domba.
Foto: Linda Regina Bruvik
2
3
4
1
Uthamnene. Kart: Nordkart
Tekst: Linda Regina Bruvik
Sommarbyen 2020
17
Trur på ein travel handelsstadsommar RUGSUND: Harald og Marie Skaar tek vare på ein 400 år gammal tradisjon med å ta i mot gjestar på Rugsund Handelsstad.
Sommar– byen Rugsund
SJØ OG LANDEVEGEN: Rugsund Handelstad kan ta mot gjestar både sjø- og landevegen.
Renovering og vedlikehald er ein kontinuerleg prosess når du byr på ei tidlaus atmosfære med moderne fasilitetar i bygningar frå midten av 1600-talet – Eg reknar med at nye flytebrygger vil vere på plass i løpet av juni. Utlendingane har avbestilt sine besøk i sommar, men eg har tru på at det kan bli ein travel sommar med norske som kjem enten sjøvegen og landevegen, seier Harald Skaar.
VERTSKAP: Harald Skaar og kona Marie Skaar. Foto: Anita M. Ingebrigtsen
FOTO: RH
Handelsstaden har gjestehamn, dieselutsal, utleige av rom, leilegheiter, hus og selskapslokale, luftfylling og gode moglegheiter for rekreasjon også under vatn. Rugsund Handelstad er eit ynda reisemål for dykkarklubbar og padlarar. Familien er svært opptekne av å ta vare på bygningsmassen, stemninga og kultur-
opplevinga i handelsstaden, som ligg lunt til i Rugsund med det majestetiske Hornelen-massivet i bakgrunnen mot vest. Vegen er kort til flotte fjellturar eller spanande fiskemoglegheiter i Skatestraumen.
Tekst: Arve Olav Solbakken
Sjå våre populære bubilar – fleire bilar på veg inn! 2018 Opel Grandland X Turbo Premium, skinn, kamera, Denon Stero, 55 000 km, kr 309 000,-
2018 Isuzu D-max 1.9 Premium, 4 dørs, Black Edition, Magnum, 36 907 km, kr 379 000,-
2018 Opel Mokka 1.4 Turbo Premium, skinn, biled, bose, tectyl++, 31 000 km, kr 359 000,-
2018 Suzuki Swift Hybrid 4x4, kamera, led, adaptive cruise, 56 399 km, kr 216 900,-
2014 Volkswagen Passat Alltrack 2.0 TDI, 177HK, Highline, p. varmer, panorama, foliert, 144.300 km,
2019 Opel Insignia 1.5 Turbo Premium, automat, skinn, kamera, tectyl, garanti t 2019, 12 543 km,
kr 249 000,-
kr 420 000,-
Velkomen innom!
Hugs service og oljeskift AC service Fukttest
Steinavegen 10, Førde Tlf. 57 82 99 00 – www.opusas.no 18
Sommarbyen 2020
Få ein god dose «Andersicana» på Svanøy Kro i sommar SVANØY: Det blir ein amputert festivalsommar, men Anders Dahlberg & The Serenaders er på turne i ein gamal Toyota Corona. I juli kjem dei til Svanøy. Sommaren 2020 har ikkje så mykje livemusikk å by på. Eitt av unntaka er Anders Dahlberg som tek med seg sine The Serenaders og spelar på Svanøy Kro den 17. juli. Kven er Anders Dahlberg spør du kanskje, og det er greitt. Han er ikkje kjend i dei tusen heim enno, men lat no ikkje det stoppe deg. Dahlberg er frå Hønefoss. Han debuterte på plate med «Dancing With Stars» i 2016. Følgde den opp med «Street Serenade» i 2018. Han har eigentleg to band. Med Rusty Gold er det fullt Springsteen-køyr med saksofon og halloi, men det er ikkje det bandet han tek med seg til Svanøy. Nei, der er det trioen The Serenaders, og eit litt meir americana-inspirert lydbilde. Inspirasjonskjeldene ligg uansett i hjartet av Amerika. Tom Petty, John Mellencamp, tidleg Ryan
ANDERSICANA: Denne karen kjem til Svanøy Kro i sommar. Tek du turen? Adams, og sjølvsagt Bruce Springsteen. For å nemne nokon.
Sommar– byen Svanøy
I sommar skal Dahlberg og The Serenaders køyre rundt i landet og spele i hagar, uteplassar, små scener, utestader og der dei no slepp til. Dei kallar det for Toyota Corona Tour 2020, og både bandet og arrangørane
FOTO: Presse
på Svanøy er oppteke av at alle gjeldande reglar for smittevern blir følgd. Det betyr båtfolket, som ein vanlegvis gjerne vil ha på land, denne gongen kan nyte musikken frå båtane sine utan å ha dårleg samvit for det. Tekst: Arne Hjorth Johansen
Opplev Sagaøya Kinn! Det vil i sommar vere vertskap og open kyrkje på Kinn frå 22. juni – 7.august. Ta turen ut med sommarruta kl. 11.35 og la deg bergta av øya, historia, mellomalderkyrkja og den vakre naturen! Besøk Måløyraidsenteret! Her er det originale bilde frå raidet og metervis med original film. Utstillinga viser originale uniformar, sekkepipa til Mad Jack og Martin Linge`s pistol. Vel verdt eit besøk! Opplev historiske Svanøy! Kvar fredag frå 21. juni til 7.august kan du vere med på guida tur til «Sunnfjords perle». Turen går til Norsk Hjortesenter og Svanøy Hovedgård. Etter turen kan du nyte eit herleg måltid med lokale råvarer på kroa. Dagsturhyttene i Kinn Besøk dagsturhytta på Kletten i Måløy. Den ligg fint til i Deknepollen med fantastisk utsikt over Måløy og omland. I Florø ligg dagsturhytta på Fløgen, der du kan gå vidare opp til Hatlesetnipa. Her er det ei nydeleg utsikt utover kysten. Kulturvandring i Florø Gå ein times rundtur i Florø sentrum der vi tek føre oss skulpturar, viktige bygg og båtar og den historiske byvandringa. DNT-hytta på Kinn DNT-hytta på Kinn er i sommar open, men den må bestillast på førehand. Du kan ikkje bruke den vanlege DNT-nøkkelen. Ta kontakt med turistinformasjonen i Florø for meir informasjon kring dette. Kajakkturar Annakvar onsdag har Flora Turlag padleturar i den flotte skjergarden vår. Turane vert lagt ut på nettsida til turlaget. Vi minner om at du finn mange flotte turar på www.ut.no og på turistinformasjonen i Florø kan du kjøpe den lokale turboka til Flora Turlag. www.fjordkysten.no www.flora.dnt.no
Foto: Børre Eimhjellen
Turistinformasjonen i Florø: Strandgata 30, tlf 577 43000
Sommarbyen 2020
19
CAMPE HER? Ja, det kan du. I norsk utmark kan du liggje to døgn i telt på same stad, utan særskilt løyve frå den som eig grunnen.
Kan du telte her? Eller der? Og FLORØ: Når koronaen hindrar oss i å reise utanlands, vil mange gjere comeback som camparar denne sommaren. Og i Norge finst ei lov som gir deg langt større rettar enn i mange andre land. Skal du bruke teltet og primusen igjen i sommar, og skal du campe ute i naturen? Då er det eit sett med reglar og lover som regulerer kva du kan gjere – og kva du bør styre unna. Det viktigaste prinsippet ligg knytt til den såkalla allemannsretten, som allereie i 1957 blei lovfesta og regulert gjennom Friluftslova sin paragraf 9. Gjennom denne lova er du sikra retten til å kunne telte i norsk utmark, uansett kven som eig grunnen, i inntil to døgn samanhengande. Men det finst krav og pålegg knytt til denne retten, og dei bør du setje deg inn i. Kva er utmark? For det første må du ha styr på kva som faktisk er utmark. Utmark er definert som skog, fjell, hei, strandsone-
20
Sommarbyen 2020
Sommar– byen Friluftslova
område og anna type terreng der det ikkje er kultivert jord. Det betyr at du må styre unna åkrar, dyrka mark og opparbeidde beiteområde for husdyr. For det andre skal teltinga skje minst 150 meter frå bebudde hus og hytter. Ordet «bebudd» er vesentleg her, og det finst rettsavgjerder på at ei hytte som blir brukt nokre månader i året, og som står tom når du kjem dit med teltet ditt, ikkje er å rekne som bebudd. Men vis omsyn; du treng sjølvsagt ikkje leggje deg nærmare om du kan unngå det. Telte lenger? Spør grunneigar: I lova heiter det også at teltinga di ikkje skal påføre naturen nemneverdige skadar. Dermed kan du ikkje gå laus med øks og sag etter eige forgodtbefinnande, du må rydde etter deg, og du må sjølvsagt også følge regelverket som regulerer bruk av open eld i skog og mark. Den generelle regelen her er ein forbodsperiode som gjeld frå 15. april til 15. september, men ver obs på at denne endrast gjennom lokale vedtekter viss omsyna krev det. Kva så om du har funne draumeplassen i ein skog og har lyst til å telte der utover dei to tillatne døgna? Då seier regelverket at du kan kontakte grunneigar og pent be om å løyve til å campe litt lenger. Du kan også flytte teltplassen din til eit anna område.
Flyttinga skal vere «reell»; det er ikkje nok å flytte teltet ditt nokre få meter. Viss du campar heilt avsides i høgfjellet, langt frå folk og hytter, kan du slå opp telt utan å ha todagars-avgrensinga å ta omsyn til. Telt på Brendøya?: I Florø og områda rundt er det få lokale restriksjonar for camparar. Du kan faktisk campe i bynære område som Sørstrand og Brendøya, utan å bryte noko lover eller reglar. Derimot er det foten ned i fleire område i skjergarden, der ein del holmar og øyar er fuglereservat og har ilandstigingsforbod i hekketidene. Desse øyane er godt merkte med skilt når du kjem sjøvegen, og det finst vernekart på kommunane sine heimesider. Ver ekstra obs på område som har lovas strengaste vern, naturreservata. Her vil det ofte vere ein del avgrensingar ein bør kjenne til. I Bremanger kommune finn du dei einaste plassane i våre som i dag kan seiast å ha eit visst brukarpress, då særleg Grotlesanden og områda rundt Vetvika. Skal du besøke Grotlesanden og overnatte i telt, er det lagt til rette for dette på Iglandsvik. Pressområdet Grotlesanden: – Vi har inngått ein avtale med Iglandsvik utvikling om bruk av deira grunn til camping, både for teltarar og bubilar som kjem. I tillegg opna vi nytt sanitæranlegg på sjølve
+47 577 40 029 www.seglinn.com post@seglinn.com
FOTO: Dag N. Frøyen
Og kor lenge?
Grotlesanden, og dette må folk bruke, men med ei koronatilnærming når det gjeld smitteverntiltak, seier kommunalsjef for samfunn og utvikling i Bremanger kommune, Karl Vidar Førde. Det blir også jobba med ei sanitærløysing for Vetvika, der kommunen no er nær ein avtale med grunneigar i området. – Utover dette er det ingen andre område i kommunen som har ekstra restriksjonar på telting, utover det som er nedfelt i Friluftslova, stadfestar Førde.
FULL STRAND: Grotlesanden er ein av få plassar ein verkeleg kan kalle pressområde når det gjeld badeog friluftsliv i våre område. Her er det også restriksjonar for teltarar.
Tekst: Svend Arne Vee
Sommarbyen 2020
21
Middelalder: Svanøy Hovedgård har røter tilbake til middelalderen, men blei i 1662 seld til biskop Hans Svane, som øya har namnet sitt etter. Eigedommen er freda, og blir i dag styrt av ei stifting.
I sommar blir det hotell her SVANØY: Kva med ei natt eller to på den ærverdige Hovedgården på Svanøy? Vanlegvis er det berre ope for grupper på minimum ti personar å bestille overnatting på Svanøy Hovedgård. Det meste av aktiviteten der er det næringslivet som står for, i form av møter og seminar, pluss nokre bryllaupsfestar eller runde dagar. Men det aller meste av denne aktiviteten har forsvunne i koronadragsuget, så no tenker Bistro To Kokker, som driv staden, nytt.
– Vi vil ha ope i juli, stadfestar Øystein Berge.
Sommar– byen Svanøy hovedgård
Då vil ein både kunne overnatte og ete middag på staden. Berge fortel at dei mellom anna vil marknadsføre tilbodet gjennom Fjordkysten. – Folk er nyfikne på Sogn og Fjordane – vi fekk god reklame gjennom den store saka til VG nyleg, og her har nett vore eit tvteam. Så om folk kjem, skal vi vere der. På Svanøy Hovedgård er det totalt 42 senger: Det er 14 rom på i sjølve hovudbygnin-
gen, fire på Eldhuset og tre på Meieriet. Eldhuset har eit tekjøkken pluss opphaldsrom og toalett, medan Meieriet har fullt utstyrt kjøkken, stove og bad. Desse to blir også leigde ut som hytter, medan det på Hovedgården blir fullpensjon som på eit hotell. Ikkje alle romma har bad, ettersom det er gamle bygg dette er tale om, men det er likevel ei oppleving å overnatte innanfor desse staselege tømmerveggane.
Tekst og foto: Liv Standal
VELKOMMEN INNOM!
Sommarope
Besøk våre butikker: Fugleskjærgt. 10 Florø, Gate 1 Måløy
20.6 – 23.8
Man – Fre: Lør – Søn:
11.00 – 17.00 12.00 - 16.00
Kystmuseet i Sogn og Fjordane viser glimt av kulturhistoria frå kysten. I utstillingane er det eit mangfald av småbåtar, presentasjon av framveksten av byen Florø, utstilling om oljeverksemda i Nordsjøen, og ei museumsløype i kulturlandskap med beitande geit og sauer. I Båthallen har vi ny-opning av utstillinga om vestlandsbåtar, fiske og kystkultur.
Tlf: 57 74 22 33 Sjå heimeside www.kyst.museum.no og facebook 22
Sommarbyen 2020
Vi har utstilling av utstyr for demo KARTPLOTTERE • EKKOLODD GPS • RADAR • VHF • AIS
T: +47 57 75 13 00 | E: post@oceanelectronics.no | W: www.oceanelectronics.no
Foto: Line Hårklau
Foto: Line Hårklau
Foto: Line Hårklau
aktivitetar
mat. . og..drikke
100
overnatting
Foto: Line Hårklau
sykkel
vandring
ting å gjere i Sunnfjord i sommar
Langferie, kortferie, helgetur eller berre ein dagstur i eigen region. Besøk Sunnfjord i sommar! Sjekk ut oversikta over 100 ting å gjere i Sunnfjord i sommar og ta turen. sunnfjord.no / 100isunnfjord.no
Sommarbyen 2020
23
OPERA HER? Er det mogleg å få til ein operakonsert under ein hillar, langt oppe i fjellsida over gamle Askrova skule? Svaret får du fredag 19. juni. Foto: Askrova bygdelag
I FJELLSIDA: Under denne hillaren på Askrova har det vore kulturarrangement før, og no er det klart for operakonsert.
Operakonsert her? Er det mogleg? FLORØ: Helga 19.–21. juni kan det dukke opp ein operakonsert der du minst ventar det. Under ein hillar ute på Askrova. I eit bedehus i Rognaldsvåg. Eller midt i Strandgata i sommarbyen Florø. Slik ser den noko spesielle planen ut når arrangørane Svanøy Folkeakademi, Folkeakademiet Reksta og Askrova bygdelag snart har tre operakonsertar på gang til publikum. – Vi må fylle på med litt kultur til folket. I desse tider er det ekstra viktig, seier Halv-
Sommar– byen Askrova
Halvard Lunde
ard Lunde, styreleiar i Folkeakademiet Sogn og Fjordane. Han har fått napp hjå to høgst habile musikarar, som i duoformat vil framføre kjende utdrag frå verdsberømte operaverk. Dei to er vår eigen Andreas Taklo som skal traktere tangentane, og på song kjem tenoren Eivind Kandal frå Gloppen. Kandal er utdanna ved Operaakademiet i København og har vore solopraktikant ved Den Norske Opera & ballett. Kandal fekk mykje lovord då han hausten 2018, på tre timars varsel, tok over hovudrolla i Opera Nordfjord si oppsetjing av «La Boheme» då tenorsongaren hadde blitt sjuk. Den første konserten går av stabelen fre-
dag 19. juni oppunder hillaren over det gamle skulebygget på Askrova. Hit vil det bli trekt straum, og det vil bli selt 50 billettar til publikum, slik koronaregelverket tillèt. Denne konserten vil også bli streama, og du kan sjå den på firdaposten.no. Dagen etter blir det gratis pop up-opera i Strandgata i Florø, før det blir ein avsluttande søndagskonsert ute på bedehuset i Rognaldsvåg. Til den første og siste konserten er det lagt ut billettar i førehandssal. Tekst: Svend Arne Vee
KALDE FRISTELSER Vi har soft-is, slush, kule-is og milk-shake
VELKOMMEN! VE MMEN!
DIN LOKALE
SPORTSBUTIKK Her finner du alt du trenger av klær og tilbehør til tur og trening Strandgata 22 I 6905 Florø 900 55 960
STORT UTVALG AV SYKLER OG EL.SYKLER
CIRCLE K FLORØ Krokane 6900 Florø Tlf. 57 74 91 77 24
Sommarbyen 2020
Storevatnet: Vatnet i Storevatnet er for lengst blitt reint nok til at ein kan bade FOTO: Foto: Norunn Melvær der.
Krokane: Badeliv i den lune vika på Krokane Camping, med tilgang til is i kiosken like ovanfor, er ein ypparleg måte å tilbringe varme sommardagar på.
FLORØ: Ikkje alle er klar over det, men begge byvatna i Florø er for lengst friskmelde og godkjende som badevatn. For nokre år tilbake var det ikkje særleg aktuelt å bade i verken Storevatnet eller Lillevatnet. I det store rann det ut kloakk, og det lille var drikkevassreserve. Men i 2017 blei det lagt nye avløpsleidningar på nordsida av Storevatnet, der bustadane blei tilknytt. Her blei avløpet ført vidare til Kanalen Reinseanlegg. Nokre få bustader lengst vest i Firdavegen har avløp mot Firdavegen. På sørsida av Storevatnet er det lagt nye va-leidningar i Professor Gjelsvikveg i 2014 og Kinnvegen i 2015. Det vil seie at det kommunale leidningsnettet på begge sider av Storevatnet no er nye an-
Foto: MAGNHILD HAUGE
Visste du at du kan bade i begge byvatna i Florø? legg, og det er ikkje lenger bustader som har avløp i Storevatnet.
Sommar– byen Florø
Tidlegare var det ein del småbarnsfamiliar som brukte den vesle stranda i austenden av vatnet, men det har det vore lite av dei seinare åra. Men det er altså ingen grunn til at ein ikkje skulle bade i Storevatnet – det er reint nok for lengst. Og det er mange år sidan ein kom til den erkjenning at ei drikkevasskjelde så tett opp til folk si daglege ferdsle ikkje var ideelt.
I tillegg kan ein ta ein tjue minutts spasertur ut av bykjernen i retning flyplassen og bruke den flotte sandstranda på Sørstrand. Går ein omtrent like langt innover riksveg 5, kjem ein til Krokane Camping, der vesle-Prata er ein høgt skatta plass for spesielt småbarnsfamiliar sommarstid. I tillegg har ein Leira i Brandsøy, ved Planteskulen. Tekst: Liv Standal
Ikkje gå glipp av ein fullspekka OCTAVIA! NO SEL VI SISTE PARTIET AV NORGES MEST KJØPTE STASJONSVOGN
ŠKODA OCTAVIA frå
408.000,-
Tilbodet varer til 30.06.20. Drivstofforbruk og CO2-utslepp i høve WLTP-norma er estimert til 6,2 l/100km og 163g/km, kan variere med valt utstyr. Pris OCTAVIA STYLE 184 TDI fra kr 408 000,- Avbilda modell kan avvike. Atterhald om trykkfeil.
Vi har eit avgrensa tal OCTAVIA for rask levering. Vi har spekka opp sjølve definisjonen på mykje bil for pengane i familiefavoritten OCTAVIA STYLE TDI. Her får du 184 hestekrefter, 4x4 firehjulstrekk, og nyttig ekstrautstyr som inkluderer parkeringsvarmar, tilhengarfeste, digitalt instrumentpanel, rattvarme, parkeringsensorar, Kessy nøkkelfri adgang, sensorstyrt elektrisk bakluke, Canton Sound System for å nemne noko av det du garantert vil sette pris på når du set deg bak rattet. ŠKODA OCTAVIA kjem som alltid med ei heil rekke smarte løysingar, og akkurat no har vi bilar for rask levering hos Berge & Co.
Snakk med Joakim eller Ronald hos oss, og be om eit knakande godt tilbod!
Sommarbyen 2020
25
Vi jakta på stormen, men fann berre solskinsbollar på Kråkenes fyr KRÅKENES: Fyret på Kråkenes er berømt og berykta for hardt ver og store bølger. Det såg vi lite til då vi tok turen innom.
Sommar– byen Kråkenes fyr
Vi som bur her på kanten av landet har kanskje ikkje det heilt store behovet for å oppsøke uveret, men stormturisme er eit omgrep. Storm og styggevêr kan vere eit lokkemiddel for å få turistane ut til kysten av Sogn og Fjordane, og for dei som jaktar på storm og store bølger kan Kråkenes fyr vere eit naturleg stad å starte. Orkanar i fleng: Kråkenes Fyr vart bygd i 1906. Stadhavet er næraste nabo, der det ligg på eit platå 45 meter over havet med hav på sjø på tre av sidene. 45 meter er ikkje nok til å halde bølgene unna når det bles som verst. Dei kastar seg over klippene, og bankar gjerne på vindauga for å seie ifrå at det er best å halde seg innomhus. Her er det registrert rundt 150 orkanar. Då orkanen Tor tok turen forbi tilbake i 2016 var middelvinden på 48.9 m/s. Fyret blei automatisert i 1986, og fråflytta i 1991. No er det Ytre Nordfjord Turlag som tek seg av fyret, og sørger for at det er mogleg å overnatte her. I sjølve fyrbygningen kan du leie Stormsuiten. Her er det plass for inntil fire personar, som har tredje
etasje for seg sjølv. Her er bad med dusj, og ein liten kjøkkenkrok. 50 meter frå fyret ligg Stormhuset. Det er stengd på grunn av vedlikehaldsarbeid fram til 1. juli, men elles opent for utleige. Her er det 11 sengeplassar fordelt på fire rom. Felles stue, bad og kjøkken med kjøleskap, omn og det som trengst for å lage seg eit måltid. Vaflar og solskinsbollar: Vi hadde tenkt å ta oss ei overnatting på fyret då vi likevel var på tur i Nordre Kinn, men det var ikkje råd å finne ein dag som var ledig. Med unntak av ein og annan inneklemt dag er fyret fullbooka i juni og juli. I skrivande stund er det framleis mogleg å finne seg ein dato i august og seinare. Vi tok turen til Kråkenes likevel, og sjølv om det ikkje var verken storm eller sjøsprøyt opp på fyret, blei vi ikkje skuffa. Det var blå himmel, kvite skumtoppar på bølgene, og fyrkafeen var open. Her fekk vi servert både kaffi, kakao, vaflar og solskinsbollar. Berre det var verdt turen. For ikkje å snakke om naturen, med svaberg, havørn og utsikt over til Stadlandet. Turen frå Raudeberg, over Kvalheim og fram til Kråkenes var også fin. Ein fin avstikkar på ein vakker vårdag. Vi kjem nok tilbake seinare for å jakte på hauststormane. Tekst og foto: Arne Hjorth Johansen
OVER HAVET: På eit platå, 45 meter over havet, ligg Kråkenes fyr. Men bles det nok kjem bølgene likevel og bankar på vindauga.
26
Sommarbyen 2020
FYR HER: Kråkenes fyr på ein fin maidag. Vi får jakte på hauststormane seinare.
STORMHUSET: Det er stengd for vedlikehald fram til 1. juli. Etterpå er det stort sett fullbooka.
FRISØRSALONG Bestill time: hairevi.no, fixit appen eller ring 57 74 77 40 Åpningstider: Man, tirs, fre: 09.00- 16.30 Ons., tors.: 09.00 -19.00 Lørdag: 09.00 -14.00 Strandgata 18, 6900 Florø Sommarbyen 2020
27
Foto: Harald M. Valderhaug | Photoevent
I ÅR BLIR DET FLORØSOMMER! Nå kommer sommeren, og det er viktigere enn noen gang at vi bruker våre lokale bedrifter. Dette er kanskje sommeren for å finne ukjente paradis i egen region. Hvis du aldri har vært på Refviksanden eller Grotlesanden kan vi anbefale en tur dit. På Fjord Base vil vi legge ferieplanene slik at aktiviteten innen olje og gass, tekniske tjenester eiendomsutvikling, akvakultur, subsea og industrielt vedlikehold kan opprettholdes. God sommer! Ta gjerne kontakt med oss her telefon: 5775 1800 | e-post: kontakt@incgruppen.no hjemmeside: www.incgruppen.no
Morselskap INC Invest Olje og gass Saga Fjordbase Eiendom Fjord Base Tekniske tjenester Norsk Contracting Partner West Industri Service WIS Møre WIS VVS NBN Elektro Akvakultur Eurofins Havlandet Havlandet Marin Yngel Havlandet RAS Pilot