Sommarbyen 2024

Page 1

byen Florø
F oto: South Coa S t Crea tive
2024 Sommar
F ot o: South Coa S t Crea tive Foto: Bj ø rn a Bjerke

– Alle bør

nyte ein sjølvfiska middag i sommar!

Likte du å fiske då du var yngre, men får liksom ikkje gjort det lenger?

Eivind og Jan Otto gir deg tipsa for å oppdage eller finne tilbake til fiskegleda og fiskelykka.

– Fiskevatna og elvane i Florø-regionen er eit paradis for fritidsfiskarar. Og det er fjordane og farvatna i skjergarden også. Florøværingane Eivind Nordvik Hauge og Jan Otto Hovden var ei handfull år første gong dei heldt i ei fiskestong. Men i motsetning til mange av oss, så har dei halde fram med å oppsøkje spenninga, gleda og naturopplevinga som fisking gir dei.

– Fisking er kvalitetstid. Og terskelen er låg for å komme i gang. Det handlar om å bytte ut nokre timar med skjermtitting med timar med sanselege naturopplevingar. Og det bør alle klare å unne seg, meiner dei.

– La naturen «ta deg» der fisken er Jan Otto er medlem av Flora Jeger- og Fiskerforening, og for han er flugefiske blitt ein lidenskapeleg hobby.

– Eg er nok ein nerd, smiler han og legg ut om ulike flugetypar og korleis han sjølv har lært seg kunsten å binde fluger.

– Men for folk flest er det nok med ei lita fiskestong og nokre små slukar og spinnarar. Og det får du tak i i ein lokal sportsbutikk. Så set du deg i bilen, stoppar ved eit vatn, går nokre meter, og vips så er du midt i natur- og fiskeeventyret.

Og fiskeeventyret startar gjerne der elvane renn inn i eit vatn.

– Innoset, der elva kjem inn i vatnet, er alltid ein gunstig fiskeplass. Frå vegetasjon og greiner som heng utover fell insekt og maur ned i det strøymande vatnet. Det gjer innoset til eit godt matfat for fisken, forklarer Jan Otto og gir to konkrete tips til kvar du finn slike stader.

– I austenden av Solheimsvatnet i Norddalsfjorden og i austenden av Krogstadvatnet nord for Storebru. Dette er flotte stader der du får fisk. Det er kort veg frå parkeringsplass og du får naturen tett på. I Sol-

heimsvatnet kjem det av og til laks opp også. I tillegg får du sauer som beiter, ender som seglar, elva som klukkar, skogen som lokkar og fjellet som kneisar over deg; og fisken som nappar: Det er ei storslått naturoppleving, slår Jan Otto fast.

Han oppfordrar også til å gå litt lenger vekk frå parkeringsplassane og la «naturen ta deg,» som han seier.

– Fessevatnet og Litlevatnet i Norddalsfjorden er magiske stader. Der får du uansett småfisk, så ta med deg ein primus, ei lita steikepanne og ein klatt smør, og steik middagen din under himmelkvelvinga i naturen sitt eige kjøkken.

– eg har aldri kjøpt fisk Tobarns-pappa Eivind Nordvik Hauge jobbar til dagen med torsk på Havlandet. Og det handlar like mykje om fisk på fritida.

– Vi tek med Henrik (8) og Martin (6) på fisketur så ofte eg kan, og det er ofte, smiler han.

Og med «vi» så meiner han seg sjølv, kona Margrete og foreldra til Eivind, Signe og Martin.

Då går turen gjerne i båt rundt om i fjordane og skjergarden rundt Florø.

– Å fiske er gøy, spennande, sosialt, gir fantastiske naturopplevingar og sunn og god mat på bordet. Eg trur eg aldri har kjøpt fisk. Jau, kanskje ein breiflabb ein sjeldan gang. Men frysaren vår er full av sjølfiska fangst, fortel han.

Og han er ikkje redd for å dele informasjon om kvar han fiskar.

– Eg vil jo at fleire oppdagar eller gjen-

opptar gleda ved å fiske. Dessutan blir vi nok aldri så mange på sjøen at det blir fullt, ler han.

Før tida med ekkolodd og kartplottar brukte ein formasjonar i naturen – sokalla «med» – for å notere seg kvar dei gode fiskeplassar var. Men no kan du finne god informasjon på smarttelefonen din.

– Der finn du mellom anna ein app som heiter FiskHer, fortel Eivind.

I appen har ivrige fritidsfiskarar samla kunnskap og erfaring og plotta inn 45.000 fiskeområde langs heile kysten der sjansane er store for å trekke opp akkurat den fisken du håpar på.

Kinn og Solheimsfjorden

Eivind brukar ikkje appen sjølv, for han veit kvar fisken står.

– Den står mellom anna i Solheimsfjorden på ei grunne rett vest for det gamle båthuset på Furuholmen Båthavn og langs nesa i fjorden. Det er også supert å fiske på strekka frå Kinn til Ytterøyane med fine holer, ei grunne og marebakkar. Utsiget i Nekkøyosen mot Solheimsfjorden er også bra.

No er gutane hans blitt så hekta på å fiske at dei masar om det titt og ofte.

– Og vi gjer det enkelt. Med fiskestong og sluk eller med snik. Snik er enkle liner med til dømes seks krokar som vi kan setje ut og dra opp når vi har hygga oss med stongfiske nokre timar.

Eivind fortel at dei nesten alltid endar opp med fisk.

– Å fiske er ei flott naturoppleving anten

2 Sommarbyen 2024
byen Fi SK e
1 4 3
Sommar

1: Her Står F i S ken ! På strekka frå Kinn til Ytterøyane Fyr er det alltid fisk å få. Det veit Henrik (8) og Martin (6) Nordvik Hauge. Foto: e i V ind n ordV ik Hauge

2: deler tip S : Jan Otto Hovden deler gjerne fisketips, men noko held han tett om. Denne auren på over kiloet fekk han på flugestong i Solheimsvatnet, men akkurat kvar og under kva tilhøve held han tett om. – Den store auren går djupt, men den kjem opp om det er lite næring å finne. Då tek han proteinbomba som fluga mi liknar på, smiler han. Foto: p ri Vat

3: blink S kot: Jan Otto Hovden er ein særs habil naturfotograf. På sine turar i skog og mark er det ikkje berre fisking han er oppteken av. – Det blir nokre portrett av fugl, ekorn, rev og anna kvart år, seier han og legg til at han også tek portrettfoto av oss folk om vi kontaktar han. Foto: j an o tto HoV de n

4: Hekta: Eivind Nordvik Hauge har fått sønene sine Henrik (8) og Martin (6) hekta på fisking. Sjølvfiska torsk er nam-nam! Foto: p ri Vat

5: Fi S ke: Martin (6) sprellar på land medan storebror Henrik (8) fiskar. Dei er like glade i å fiske i vatn saman med pappa Eivind som dei er i sjøfiske. Foto: e i V ind n ordV ik Hauge

ein får fisk eller ei, men vi ender no oftast opp med fin fangst av torsk, lyr, sei, hyse og makrell. Brosme får vi også.

– Fisk blir til kylling på den magiske steikepanna!

Eivind fortel at det er stor stas for gutane hans når dei kan invitere kameratar på middag som dei sjølve har fiska.

– Eg ønskjer at dei får ei heilskapleg fiskeoppleving: Fiske sjølve, vere med å sløye, finne ei oppskrift på nettet, steike fisken – og ete den. Det er enklare å få dei til å like og ete fisk når dei er med på heile opplevinga, slår han fast.

Minstemann Martin (6) har i nokre år blitt servert ei aldri så lita kvit fiskeløgn frå pappa Eivind, mamma Margrete og storebror Henrik på åtte.

– Vi fekk han til å tru at steikepanna vår er magisk. At fiskekjøtet blei for-

S e : I fjella og dalane rundt Florø kan du få deg mange fine fiskeopplevingar – og middagar.

Fiskevatna rundt Florø

På turistinformasjonen til Visit Fjordkysten og Sunnfjord i Strandgata i Florø har dei laga eit hefte med oversikt over fiskevatna i gamle Flora kommune. Stikk du innom og hent deg eit eksemplar! Det er også fine kart i heftet der fiskevatna er plotta inn.

Flora jeger- og fiskerforeining har 300 medlemmer og eit godt fisketilbod. Ta kontakt med leiar Eivind Gulestøl for meir informasjon.

Per Øyvind Helle

Her er ei oversikt over dei fleste fiskevatna:

På Askrova er det to gode fiskevatn, Hammarsetvatnet og Valvikvatnet. Dei ligg like ved turløypene på øya. Ved Hammasetvatnet er det opparbeidd ein rasteplass og grill. Foto: b jørn a b jerke

■ GrØFJell UTMArKSlAG: Kupevatnet, Langevatnet, Akslavatnet, Rundevatnet, Keipevatnet, Terdalskeipevatnet. Parkering på sørsida av Magnhildskartunnelen. Infotavler i terrenget gir opplysningar om fiskekort (betaling med smarttelefon) er nødvendig.

■ HAUKÅvASSdrAGeT: Haukåvatnet, Tjørnesvatnet, Gulskarlivatnet og Svartevatnet. Parkering i vestre enden av Haukåvatnet. I desse vatna er spinnar det beste å bruke. Du treng ikkje fiskekort, men kontakt grunneigar Jens-Petter Strømsnes for å registrere deg.

■ nOrdAlSvASSdrAGeT: Litlevatnet, Storevatnet, Fessevatnet og Storebotnvatnet er alle fiskerike vatn. Parkering ved gravplassen i Norddalsfjord. Fiskekort; Sjå infotavler i nærleiken av vatna. Du betalar med mobilen, og du får fiskekortet på mobilen anten du går for dagskort, vekekort eller sesongkort. Det same gjeld for Solheimsvassdraget.

vandla til kylling når det blei steikt. Slik fekk vi i han fisk, smiler pappaen.

Men no et Martin fisk med god appetitt sjølv om han veit at det er fisk han et.

– g jer som martin!

Eivind og Jan Otto oppfordrar alle til å følge Martin (6) sitt døme.

– Finn eit vatn eller bruk båten til å komme deg ut på sjøen for å fiske. Og set deg som mål om at i sommar skal du minst ete ein sjølvfiska middag, proklamerer dei.

Har du ikkje båt, så spør ein ven om å få bli med ein tur eller leig til dømes av Krokane Camping. Og rimeleg fiskeutstyr får florøfolk mellom anna hos Solheim Diesel eller Outlet-butikken på Amfi.

Per Øyvind Helle

■ SOlHeiMSvASSdrAGeT: Utlaup inst i Norddalsfjord. Her er vatna Furenesvatnet, Fiskevatnet, Solheimsvatnet (anbefalt av Jan Otto Hovden), Midtbøvatnet, Sundalsvatnet, Nedstevatnet, Grøndalsvatnet, Grøndalsstølsvatnet og Svartedalsvatnet. Heftet til Fjordkysten gir info om parkeringsstader.

■ OSenvASSdrAGeT: Her ligg store vatn som Løkkebøvatnet, Endestadvatnet og Krokstadvatnet og Blåmannsvatnet. Oselva mellom Svardalsvatnet og Osøyra er den beste lakseelva i gamle Flora kommune. Greie parkeringsmoglegheiter. Opplysningar om fiskekort finn du ved vatna eller hos Endestad Camping.

■ STAndAlSvASSdrAGeT: Med Standalsvatnet (der denne journalisten har magiske barndomsminne med fiske med dupp og makk), Stølsvatnet og Svartevatnet. Spør kjekke folk langs vegen og på gardane om kvar du kan parkere og om løyve til å fiske.

■ SvAnØy: Midtvatnet og Kvalstadvatnet. Ta kontakt med Norsk Hjortesenter for løyve til å fiske. Tett bestand av brunaure i vatna.

■ ASKrOvA: Hammarsetvatnet og Valvikvatnet. Du treng ikkje kjøpe fiskekort.

■ HOvden: Gåsevatnet, Lille Gåsevatnet, Mjelkeovsvatnet, Store skogsvatnet, Svartomnsvatna, Dalsvatnet, Dombevatnet og Dalselva. Du treng ikkje fiskekort for å fiske i vatna på Hovden.

■ niPevATneT, SvArTHUMlevATneT OG lAnGevATneT: Desse tre vatna nær Eikefjord byr på fine fiskeopplevingar. Du treng ikkje fiskekort, men må få løyve frå grunneigarane.

■ FlOrØ: Storevatnet og Lillevatnet. Du treng ikkje fiskekort. Flora jeger- og fiskerforeining skal snart starte jobben med å byggje opp ein ny aurebestand i Storevatnet.

3 Sommarbyen 2024
F ot o : S a Vee
ym
2 5

– Vi kasta oss ut i det, og det har vore fantastisk!

Fanøy-patriot gler

Festivalen Havblikk på

Fanøy feirar sine fem første år. – Vi kasta oss ut i det med mål om å lage ein feelgoodfestival med fokus på musikalsk kvalitet. Det har vi klart, slår festivalleiar Johan J. Bakken fast.

Fanøy er ei idyllisk øy i Florø-skjergarden, men ikkje akkurat ein draum for ein som er oppteken av effektiv festivallogistikk.

– Nei, heimøya mi er jo ei brulaus øy, men vi har klart å lage ein flott festival der ting glir godt. Og grunnen til det er alle dei ressurssterke folka som bur i området. Det har vore fantastisk å oppleve kor dyktige og hjelpsame dei er, seier Johan, som no bur i eigen båt saman med sambuar LiveAndrea Gjessen Rasch i Egersund. Johan jobbar både som musikar og festivalarrangør, og i tillegg tar han oppdrag innan film, foto og grafisk design.

Kinn-bar mot Kinnaklova Bakken er imponert over alle samarbeidspartnarane til festivalen.

– Fiskeoppdrettarar som hjelper oss med frakt av utstyr med kranbåt og truckar frå Florø og tilbake, Batalden Ishus som er glimrande vertskap for våre overnattande artistar, dugnadsgjengen som trør til kvart år – alle desse er essensielle for å skape Havblikk-magien, understrekar han.

Sommar

byen

Fanøy

Michelle Ullestad treng ikkje vente på grønt lys lenger. Ho er på veg til å bli ein av våre nye store popartistar.

Foto: Sara We S terga ard Karl S en

Honningbarna er tøffare enn toget. Gjer deg klar til ein forrykande konsert på Havblikk!

Pre SS e F ot o

Og femårsjubileet meiner han blir den beste festivalen nokon gong.

– Vi har eit strålande artistprogram, og i tillegg blir dagtilbodet betre. Festivalcampen flyttar vi til ei større privat mark der ein eigen campansvarleg tek imot bestillingar. Vi har også fått på plass vår første aktivitetsansvarlege, opplyser han.

I år blir det blant anna ein eigen Kinn-bar bak butikken på kaia med utsikt mot Kinnaklova. Baren blir open på dagtid med både øl- og vinsmaking, og musikkquiz på fredagen. Festivalkafeen litt lenger inne i vågen byr på mat og kaffi – og bading og brettspel!

Spennvidd frå visepop til pønkrock

At Havblikk er kompromisslause på kvalitet viser årets artistplakat. Der finn vi fleire Spellemannpris-vinnarar; frå pønkrockbandet Honningbarna til visepop-poeten Moddi.

«Perfekt, unnasluntrende og passe samfunnskritisk poppunk, med de morsomste punktekstene sidan Turbonegro solgte pizza.» Det skreiv VG om bandet Aktiv Dödshjelp som entrar scena på Havblikk i år.

I tillegg kan du oppleve desse artistane: Real Ones blei til i 1994 og starta som eit tradisjonelt folkband. I dag er dei landets mest unike og eksperimentelle band innan folk, pop og rock – og eit unikt liveband.

Maud har i løpet av kort tid skapt eit særeige drøymande, overjordisk elektronisk popunivers. Ho har hausta lovord både nasjonalt og internasjonalt for sine smakfulle referansar og kombinasjonen av hyperpop, klubb og trance.

Michelle Ullestad serverer ny, norsk pop frå øvste hylle og har raskt etablert seg som

ein oppsiktsvekkande nykommar og låtskrivar innan det norskspråklege popuniverset.

Local Store er bandet der Bjørn Klakegg får utløp for sin kjærleik til 70-talets popmusikk.

Den siste artisten du får sjå på scena er både verd å sjå og høyre. For Metteson (artistnamnet til Sverre Breivik) har hausta glimrande kritikk for si debutplate. Han foreinar performance, teater og konsert på scena med sin popelektroniske intuisjon som kan minne om både Robyn og Pet Shop Boys.

Meir info om båtruter til og frå Fanøy, overnatting med meir, finn du på havblikk. net.

Per Øyvind Helle

Som festivalleiar Johan J. Bakken seg stort over korleis Havblikk har utvikla seg.
4 Sommarbyen 2024
Foto: South Coa S t Creative
Pre SS e F ot o
Real Ones har begeistra publikum sidan 1990-talet og er blant Norges beste liveband.

Visste du at Adrian har plass til 250 her?

– Krokane Camping har eit godt renommé hos gjestar frå heile Europa. Og vi oppgraderer heile tida tilbodet vårt.

Leiar Adrian Dziadura på Krokane Camping fortel om hektiske dagar på ei bedrift kanskje mange lokale innbyggjarar veit lite om. For «campingplassen» i Solheimsfjorden har eit allsidig tilbod som stadig er i utvikling.

– Vi har plass til kring 250 gjestar totalt på dei 19 hyttene, dei 15 teltplassane og dei 40 bubilplassane våre, fortel Adrian.

Det betyr at Krokane Camping faktisk har plass til like mange overnattande gjestar som Knutholmen.

Nytt i år er at dei har renovert dei to hyttene lengst mot vest til særs høg standard. Og dei har kjøpt inn to nye båtar for utleige.

Sjøen og fiske freistar mange

– No har vi heile 11 båtar til utleige. Mange av gjestane ønskjer å fiske, og det legg vi til rette for. Dei kan leige båt på eiga hand, men i tillegg jobbar vi no med eit opplegg der vi skal leggje til rette for guida fisketurar også, fortel Adrian.

Leige båt kan sjølvsagt også båtlause som bur i regionen gjere.

– Vi har lært oss kvar du får fisk i fjorden her, så vi viser deg på kartet kor du kan vente at det nappar, smiler Adrian og legg til at fisking frå eit svaberg kring hyttene også er attraktivt.

– Vi ligg jo fantastisk til her inne med små knausar, ein liten skog, badevik og fjordutsikt, så vi ønskjer at gjestane får eit tilbod hos oss som matchar naturen. Og det viser tilbakemeldingane frå kundane at vi gir dei, seier han.

I det moderne sanitær- og servicehuset er det tilrettelagt for sløying, røyking og frysing av fisk. Der er også skifterom for dykkarar med høve til reingjering, tørking og oppbevaring av dykkarutstyr.

Vasskuter og villa i særklasse

Krokane Camping tilbyr aktivitetar som elsyklar, mini discgolf-bane, trampoline, biljard, utleige av kano, kajakk og vasskuter –og sjølvsagt fri bading frå svaberget på Prata eller i badevika på Lille-Prata.

– Vi er heldige som er lokalisert slik at gjestane får varierte opplevingar på eit komprimert område, meiner Adrian.

Og er ikkje camping- og hyttelivet på Prata nok, så sender Adrian gjerne gjestane til Kinn, Svanøy eller folkeparken på Sørstrand. Og han sender dei til Raudøyna der dei sjølve driftar ein stor villa. – Raudnøyna ligg vest av Tansøy og her får du ei heil øy for deg sjølv. Her kan grupper på 4–10 personar få ei ekstraordinær

av hyttene til ekstra høg standard, og skal leggje til rette for guida fisketurar.

overnattings-oppleving nær naturen. Vi legg til rette for ekstra høg kvalitet i alle ledd. På øya har vi også ein låve med eteplass til 70 personar der større grupper kan nyte eit ekstraordinært dagsopplegg, reklamerer Adrian før han blir oppteken med

to karar som kjem inn i resepsjonen i Pratakafeen. Dei ønskjer å leige hytte.

– Eg har trua på ein god sommar, avsluttar han smilande.

Per Øyvind Helle

Sommarbyen 2024 er eit partipolitisk og uavhengig magasin gitt ut av Firdaposten. / Firdaposten | www.firdaposten.no / Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee | svend@firdaposten.no / Journalist: Per Øyvind Helle | per.oyvind.helle@firdaposten.no | Foto: Der ikkje anna er oppgitt, Per Øyvind Helle / Formgjeving: Gunnar-Arne Haaland, Grafisk Bi-inntekt / Trykk: Amedia Trykk, Lillestrøm

5 Sommarbyen 2024
l I lle-P raTa : Krokane Camping byr på idylliske opplevingar. raUD øyna : Krokane Camping sitt unike øytilbod. Fo T o: © Henr I k S T r øm S Ta D / Scan PI x UTVIDa TI lbo D : Adrian Dziadura fortel at dei har investert i to nye utleigebåtar, oppgradert eit par Fo T o: Per øy VI n D Helle

Steinar er klar til

å vatne gjestane

Stavangfestivalen blei ein stor suksess i fjor. – I det vanskelege andre året blir det full gass, lovar Steinar Svardal.

Det er den nye pøbben Ludvik'en i butikkbygget i Stavang som står bak Stavang-festivalen. Men i realiteten er det Steinar Svardal som har drege i gang arrangementet.

Med 600 publikummarar innom festivalområdet i 2023 og ein bråte med båtfolk som hygga seg i hamna i Stavang, så blei festivalen ein større suksess enn Steinar hadde sett føre seg. I etterkant lova han at i 2024 skulle han dra på med endå større artistar. Og det blir det.

Luftgitar og allsong 9. august kan du spele luftgitar og synge med på låtar som «Still In Love», «Love Cries» og «Soldier's Gun» på kaikanten i Stavang.

– Fredagen er via til topp norsk rock'n

Sommar

Stavang

Arrangør Steinar Svardal er alltid på tilbodssida. Om kunden vil vatnast i varmen, så blir han det. Denne kunden får Stavangfestivalen i 2023 sprang ut i blomst seinare på kvelden. Foto: Per Øyvind He LL e

roll. Og noko betre enn Stage Dolls er vanskeleg å få tak i, meiner Steinar.

Bandet med Torstein Flakne i spissen hatt eit solid live-grep om norsk publikum, der dei serverer radiovenleg, klassisk rock'n roll, godt rotfesta i amerikansk tradisjon.

– I tillegg skal Torbjørn Gran med vener spele både før og etter konserten med Stage Dolls, fortel Steinar.

Cowboyfest laurdagen

Laurdag 10. august er temaet countrymusikk.

Kruttrøyk, Hilljacks og Glimmer Duo står på plakaten.

– Jan Kjetil Klubben og Maria Sævrøy Underdal i Glimmer Duo øvar inn herlege country-låtar som folk kan gle seg til å høyre. Det blir hæla i taket laurdagen, det kan eg love, fastslår Steinar.

Konseptet med scene og publikumsområde i tilknyting til Ludvik'en og sjøkanten, med gjestehamn og parkeringsplass for bubilar tett på, fungerte godt i fjor. Og dette endrar ikkje Steinar på.

– Vi har selt svært mykje billettar og både

gjestebrygga og bubil- og campingvognparkeringa er i ferd med å fyllast opp. Det er berre å ta kontakt og få seg ein plass om du vil vere med på alle tiders bygdefest, reklamerer Steinar.

Per Øyvind Helle

6 Sommarbyen 2024
byen
ti L Stavang : Torstein Flakne og resten av Stage Dolls kjem til Stavang 9. august. (Foto: Foto: Pressefoto)

Arrangement i sommar

Her er ei oversikt over nokre arrangement langs kysten i sommar.

Juni:

■ 7. Konsert med Bergen nasjonale opera i Kinnakyrkja

■ 11. Vinsma K ing med merete Bø, svanøy Hovedgård

■ 21. s ilde B ordet, Florø

■ 22. l a K sens dag, Florø

■ 22. Konsert drops of green, Haavebua i Florø

■ 19. opa K yr KJ e på Kinn, slik at ein kan ha ei stille stund og sjå seg omkring.eit frivillig vertskap som held til i Kyrkjestova/ kyrkja tek imot deg og er med deg i kyrkja i.

■ 22.-23. Kinnaspelet på Kinn

■ 28.-29. HaVB li KK, musikkfestival på Fanøy

■ 29.-30. musi KK teater Bella og solla - og per i smørhamn handelsstad

Våt m oro: 11.-14. juli blir det Våt moro i Florø. Fo to: n ord Fjord aK ti V

Juli

■ 3. Konsert med mojna på Vesle Kinn

■ 6. s ommardansen i norddalsfjord med gunslingers og staut

■ 5. -8. 1000-års F eiring aV s el J umannamesse. det blir jubileumsseglas med kulturprogram og folkefest i Florø, selje, måløy, Kalvåg og på Kinn.

■ 11.-13. r oc K wee K end musikk- og familiefestival i Bremanger

■ 11.-14. Våt m oro, havsportfestival i Florø

■ 15.-20. sVanøy V e K a med konsert med Bjørn eidsvåg

■ 26.-27. palme K yst F esti Valen, musikkfestival i Florø

■ 27. Konsert med Keiino på askrova august

■ 9. staVang F esti Valen, musikkfestival i stavang

■ 16.-17. e i K e FJ orddagane, familiefestival i eikefjord

■ 24. Konsert med Highland Fling på Vesle Kinn

■ 31. opa K yr KJ e på Kinn, slik at ein kan ha ei stille stund og sjå seg omkring.eit frivillig vertskap som held til i Kyrkjestova/ kyrkja tek imot deg og er med deg i kyrkja i.

På firdaposten.no vil du i starten på kvar veke oppdatere ei «Kva skjerspalte» der du kan lese om arrangement som kjem til i løpet av sommaren. Lista er basert på arrangement som var klare når Sommarbyen 2024 gikk i trykken.

BREMANGER

Bremanger Turistinformasjon

BremangerTuristinfo

BremangerTurist

DET GODE LIV

• Strender • Båtliv • Fjord • • Fjell • Bre • Uteliv • Stillheit •

BREMANGER KOMMUNE

Kalvåg - Svelgen Tlf. 481 40 488 E-post: turistinformasjon.bremanger @bremanger.kommune.no

LEVE, VIRKE, NYTE

Foto: Sverre Hjørnevik, Svenn Petter Kjerpeset og Bremanger Turistinfo

7 Sommarbyen 2024
Kinna S pelet: 22-23. juni. Fo to: e gil a ardal Ålfotbreen Vingen Vetvika Svelgen sentrum Kalvåg Hornelen

Det er her dama» Terese seg mest

Det er avkopling, oppleving og nyting. Og sjølv om mange gjer det, så gjer vi det kanskje for sjeldan? – For meg handlar det mest om gratis kos, fysisk påkopling og mental avkopling, smiler Terese Eikefjord.

– Det er her eg kjenner meg mest heime. Det er naturen ho snakkar om. Nærare bestemt turar til skogs og til fjells. – Vi er privilegerte her i Florø- og Bremanger-regionen, meiner Terese og siktar til kor tilgjengeleg naturen er blitt gjennom tilrettelagte stinett. Hundrevis av stiar som turlaga i regionen brukar til å lage flotte turforslag som vi kan bruke. Og eventuelle kne- og hofteproblem skal ikkje hindre deg i å bruke naturen, for stinettet i området gir også eit lågterskeltilbod til deg. Å gå på tur er godt både for kropp og sjel.

– Praten går så naturleg i naturen Terese er medlem i Flora Turlag og på papiret også turlagsleiar. Ho jobbar turnus som miljøterapeut i Stad kommune, men i friperiodane er heimen i Brandsøy basen hennar. Og derfrå går turen ofte til skogen og fjellet, året rundt.

– Turlaget gjer ein kjempeinnsats med å invitere til mange organiserte fellesturar i løpet av året. Trimpoengkonkurransen er også eit glimrande tiltak som har fått mange ut av sofaen og ut på stien, meiner ho. Men for Terese sjølv er det dei uorganiserte turane, utan tanke på trimpoeng, saman med mannen eller vener, som er dei beste.

– For meg er naturen ein fin plass å vere sosial. Ein stad der smilet sit lausare og praten går lettare. Når ein går tur så går praten så naturleg. Og når ein ikkje pratar så er stillheita naturleg også. Det er ikkje som rundt eit bord der ei snakkepause kan kjennast klein. Naturen gir deg absolutt fridom, smiler ho.

n ipenatt er på bucketlista

Sjølv om Terese for det meste går i snakketempo på turane sine og kosar seg med kvikklunsjen, eller kanskje ein oppgradert versjon i form av ein helgepose frå Lille Marked, så likar ho godt dei lengre turane også.

– Nipenatt-turen er på bucketlista mi, og i år får eg heldigvis med meg den. Den er ein av dei mest populære turane til turla-

8 Sommarbyen 2024
Terese Eikefjord koplar av mentalt og koplar seg på fysisk når ho går i naturen. Her er ho på Gulebrystet som ligg nær Svelgen.

her «steinTerese føler mest heime

get, så den vil eg slå eit slag for, seier ho. Nipenatt-turen går 28. juni og der skal ein innom Eikefjordstøylen, Knollane, Nipevatnet, Skreene, Flatenipa, Litlenipa/ Kvitefjell, Strandanipa og Hovlandsstølane. Meir info om turen finn du på Flora Turlag sine facebook-sider.

«Steindama» sine anbefalingar Terese er ei kreativ sjel, og mange har nok støtt på nokre av dei kring 50 steinane ho dekorerte med livsmotto for nokre år sidan og la ut i naturen.

– Eg gjekk ein tur i Norddalsfjord i april og då gjekk eg på ein av steinane mine som eg hadde gløymd eg hadde lagt ut. Ein koseleg augneblink, smiler ho.

– Har du nokre favoritturar i nærleiken som du vil anbefale?

– Veten i Bremanger og dagsturhytta der er knallflott. Den flottaste turen eg har gått i Florø-området er til Saga. Det var heilt vilt magisk! Men den er nok litt utilgjengeleg for folk flest, så om eg skal nemne noko meir lettgått, så synest eg Nordre Midtbøstølen er verd eit besøk - gjerne vidare til Dyttingvatnet, for der er det kjempeflott utsikt.

Men det viktigaste er berre å komme seg ut.

– Freden, roa, luktene, lydane og det du ser - og trimmen som bonus. Å gå tur gir gode opplevingar der og då og ei godkjensle i kropp og sjel etterpå. Det er gratis og tilrettelagt, så det er berre å komme seg ut å gå, oppfordrar Terese.

Per Øyvind Helle

Sommar

byen

Natur

i og ru N dt florø

Vil du på tur?

er dette greitt å vite

Flora Turlag har nærare 1000 medlemmer. Terskelen er låg for å bli med på ein sosial arena der venskap oppstår og formen betrar seg. Bli med på tur - det er bokstaveleg tala stien til eit betre liv!

Flora Turlag i Florø og Keipen Turlag i Bremanger gjer det enkelt for deg å komme deg ut i naturen. Dei arrangerer fleire vekentlege fellesturar med turleiarar året rundt. I sommarsesongen er det stor aktivitet som passar både for liten og stor, utrent og trent, på dagtid eller ettermiddag og helg.

Informasjon om organiserte turar

Strandanipa.

og turtips finn du på flora.dnt.no og keipen.dnt.no.

Per Øyvind Helle

Bli med på poengjakta!

Flora Turlag inviterer til nok ein sprek sommar gjennom poengjaktkonkurransen sin. For fjerde året på rad har dei organisert trimkonkurransen sin, med heile 64 ulike turmål som du kan nå anten til fots eller på sykkel. Du kan rusle flatt eller gå høgt. 20 av turmåla er heilt nye. Kvar gong du sjekker inn på eit av turmåla samlar du poeng. Og samlar du poeng, er du med i konkurransen om flotte premiar.

For å bli med i konkurransen, som

er gratis, lastar du ned appen Trimpoeng på smarttelefonen din. I appen kan du følgje med på kor mange poeng du og venene dine samlar undervegs i konkurransen. Dei 64 turmåla varierer i vanskegrad og ligg primært i Flora Turlag sitt område - med nokre perler frå nærliggande turlag sine område.

Meir info finn du under innlegg på Facebooksida til Flora Turlag.

Per Øyvind Helle

Sommar på Kystmuseet

16. jnui - 18. august

Måndag - fredag, 11 - 17 Laurdag og søndag, 12 - 17

Her kan du oppleve: Sommarutstilling: På jakt etter pigghå Barnas kystmuseum Båthallen og verdas eldste jekt!

For meir informasjon

9 Sommarbye N 202 4
Er du heldig så går du på ein av dei flotte livsmotto-steinane Terese har plassert i naturen. Denne ligg ved Lillevatnet i Norddalsfjord.
Her er Terese med venninnene Anne, Sissel, Gro og Janne på Veten.
f oto: dag f røy e N

vekkjer gode og sterke kjensler.

«Atløy» blir lasta med biskop, prost og potet

M/S Atløy vekkjer sterke og gode kjensler hos mange. Og du får heldigvis sjå ho i våre farvatn i sommar - og på fjordaferd til hausten.

Med kjærleik steller Atløys Venner med stasbåten sin. M/S Atløy vart kåra til landets best vedlikehaldne veteranbåt av Forbundet Kysten i 2002.

– Vi er glad i dama og pussar på ho slik at ho beheld sitt vakre ytre og indre. Slik at folk kan komme om bord og oppleve dei gode kjenslene ei ferd med veteranbåten frå 1931 gir.

Det seier styreleiar Sander Ødelien i rei-

Sommar

byen

Veteranbåt

arlaget Veteranbåtlaget Atløy om båten som er stasjonert i Florø. Sander er også ein av dei aktive i driftsselskapet Atløys Venner.

b ergen, cruise og S eljumannamesse

Dei tre første vekene i juni vil M/S Atløy, som i fjor, vere oppteken med oppdrag i Bergen, populær som båten er for blåturgjestar.

– 6.-8. juli skal vi segle Florø-Selje-Måløy-Kalvåg-Kinn i samband med Seljumannamesse, opplyser Ødelien.

Seljumannamesse er ein av våre eldste kristne merkedagar og blir feira kvart år rundt 8. juli på Selja og Kinn. I år får messa ein ekstra dimensjon ved at ein feirar 1000-årsmarkeringa av kristenretten si innføring i Norge. Alle som vil kan sjølvsagt bestille plass om bord til denne flotte turen, og dei vil då kunne helse på bisko-

Blir det desibelrekord?

Ungdomslaget Heimhug i Norddalsfjord har arrangert sommardans i heimbygda med stor suksess i mange år. 6. juli i år er det Gunslingers som toppar plakaten, med Staut som oppvarmingsband. Arrangørane trur på kring 800 menneske under teltduken.

Gunslingers avsluttar ofte konsertane sine med allsong av nasjonalsongen og då dei spelte på sommardansen i Norddals-

fjord i 2022, påstod dei at dei aldri hadde høyrt liknande lydnivå frå publikum. Går volumet opp i år? Det er berre å reinske halsen og gjere seg klar til festen. Bubilcampen vil vere på plass, og det vil gå buss til Florø etter at dansen er over opplyser ungdomslaget.

Per Øyvind Helle

Sommar

byen

n orddal Sfjord

pen i Bjørgvin, Ragnhild Jebsen, som blir ein av gjestane om bord.

– Mesteparten av juli vil vi vere eit av utflukts-tilboda cruiseturistane i Måløy kan nytte seg av, men vi håpar også å få til nokre fyrsafari-turar frå Florø, fortel han. fjordferda får nytt liv Dei populære fjordaferd-turane med Atløy startar opp att i september.

– Fjordaferd har vi ikkje hatt sidan pandemien råka, så vi gler oss til å farte rundt til kyst- og fjordkaiene i gamlefylket. Då går vi lasta med fisk, eple, poteter og fine råvarer elles som folk kan kjøpe når vi legg til kai. Vi skal innom dei fleste av kommunane i gamle Sogn og Fjordane. Vil du vere med frå kai til kai på fjordaferdene våre, så er det berre å kontakte oss og bestille plass, avsluttar Sander.

Per Øyvind Helle

Alltid god stemning på sommardansen. Her er Plumbo på scena i fjor. f oto: e

10 Sommarbyen 2024
gil a ardal Å sjå M/S Atløy på fjorden f oto: HåVard S tub H a ug

Nybrotsarbeid og verdsleiande teknologi

På Fjord1 sitt hovudkontor i Florø jobbar om lag hundre menneske, som kvar dag kombinerer innovasjon, ny teknologi og skipskraft for å sikre kritisk infrastruktur på kysten.

I moderne lokale i Strandavegen møter du folk i gangane på veg inn i møter. Andre sit i sofagruppene og diskuterer ivrig. Her jobbar folk med svært variert bakgrunn, alt frå sal- og marknadsføring til ingeniørar, ITmedarbeidarar og økonomar på tvers for å utvikle ferjer og hurtigbåtar for framtida.

Autonomi og framtidas arbeidsplassar

Fartøyporteføljen på nær 80 fartøy er topp moderne, over halvparten er fornya med lav- og nullutsleppsteknologi. Det siste nybrotsarbeidet er autonome ferjer, som skal segle sambandet Lavik – Oppedal frå 2026.

Snart etablerer Fjord1 eit kontrollsenter for verdas første heilautonome ferjesamband i Florø. Også til dette arbeidet treng vi menneske med variert bakgrunn!

Vil du jobbe i eit verdsleiande selskap?

Fjord1 er i stadig utvikling og treng alltid fleire tilsette.

Følg med på stillingsutlysingane våre her:

Visste du at Fjord1…

... har 16,2 millionar reisande i året?

... er dei første i verda som skal utvikle og drifte autonome ferjer?

... er ein stor læreplass for lærlingar og kadettar frå maritime fag? I fjor tok vi inn 90 lærlingar. I tillegg har vi kadettar og traineear.

11 Sommarbyen 2024

Monica tek seg vatn over hovudet for å nyte

livet

– Du må nyte livet i dei augneblinkane du kan. Eg nyt mine på jobb, i sosiale drypp med vener – og når eg pustar djupt inn og dykkar roleg ned i verda under vatn.

Monica Kalberg fekk påvist borrelia-infeksjon våren 2019. Fem år etter seier ho nøkternt at ho truleg ikkje får «det siste giret» tilbake.

– Eg hadde akkurat tatt masteroppgåva mi og fått draumejobben som driftsleiar på Svanøy Havbruk då flåttbitet tidlegare det året slo ut i full blomst.

Monica smiler i sola når ho seier det. Men etter ein dag i sola, så følger det ofte ein dag på sofaen.

Livet er snudd på hovudet for den tidlegare særs så aktive kvinna.

– eg måtte få hjelp til å skrelle egg Symptoma på post-borrelia kan likne på harde influensasymptom.

– Eg blir fort sliten og må gjere ting i roleg tempo. Heldigvis har eg ein flott arbeidsgjevar som har gitt meg ansvar som forsøkssjef i redusert stilling. Det er stor skilnad på å gå langs merdene som driftssjef til ein rolegare fysisk jobb som forsøkssjef. Det betyr at eg kan jobbe litt lenger utan å

eigen T i D: For Monica Kalberg på Svanøy gir livet i fjæra og under havoverflata viktig eigentid.

– Fridykking er godt både for fysisk og mental helse, slår ho fast.

Sommar

byen

Dykking

bli utmatta, fortel Monica.

Den første tida etter at infeksjonen slo ut, sleit Monica både med tåkehovud og sviktande korttidshukommelse.

– Eg måtte få hjelp til å skrelle egg, for eg hadde gløymt korleis ein gjer det.

Monica smiler og ler litt og ser uforskamma frisk ut der ho sit i fjæra. Men så frisk som før er ho ikkje.

– Fysisk trening er litt fy-fy. Det same er faktisk yoga. Å anstrenge seg slår meg ut. Men heldigvis kan eg framleis nyte naturen og menneska rundt meg på jobb og i sosiale lag. Eg fokuserer på å glede meg over det eg kan gjere og ta kvar dag som den kjem – for den neste dagen er ikkje sjølvsagt.

Verda under vatn er fantastisk

Og ein av tinga Monica framleis kan gjere er å dyrke fridykking som hobby.

– Verda under vatn; ho er fantastisk! Du lever så sterkt den vesle tida du er der nede, strålar Monica som var på fridykking-ferie på Maldivene i vår.

– Det var eit eventyr, men heilt alvorleg: Livet under havoverflata er minst like fantastisk å oppleve i Florø-skjergarden!

– På kva måte?

– Du får opplevingar her som er like fine som eit korralrev. Leppefisk som er turkise, raude og gullfarga. Synet av gapet til ein breiflabb i fjæra. Fløyfisk med turkise flekkar. Ein nyfiken sel som nappar deg leikent i svømmefoten. Tang og tare og nakensnigle i all verdas fargar. Og når du flyt under

Eva meiner livet under overflata er fantastisk. Her er ein nakensnigle ute og viftar med gjellene sine.

ein stim med lyryngel som svømmer over deg og stimen glinsar i gull og turkis frå sola: Då er det like strålande å fridykke her som på Maldivene. Berre få på svømmeføtene, få opp auga og sjå!

Før borreliaen slo ho ut kunne Monica trekkje pusten, gli under vatn og halde den i to og eitt halvt minutt på ned til 20 meters djup før ho måtte opp til verda over overflata. Og ho er ikkje langt unna å kunne gje-

12 Sommarbyen 2024
Fo T o: Jannicke Skorpei D e

Å nyte augneblinkane når du kan er viktig for Monica. Svanøy gir gode rammer for slike augneblinkar.

re det same no, sjølv om dei lengste dykka no er sjeldnare og må planleggast ut frå forma.

– Eg plaskar gjerne rundt i overflata og går ned til to-tre meters djup. Det er heilt herleg det også. Fleire burde unne seg denne hobbyen. Du treng ei våtdrakt, blylodd og svømmeføter. Er du i relativt god grunnform, så kjem ein seg fort ned på 15 meter. Og berre så det er sagt; eg synest det er litt skummelt å vere nede på djupt og mørkt vatn!

– Likevel så dykkar du?!

– Ja, det gjer det jo eigentleg berre meir spennande. Eg kjenner at eg lever. Dei storarta naturopplevingane veg meir enn nok opp for mi vesle redsle. Ein får pusha nokre grenser mentalt om ein vil det.

mat frå fjæra

Monica haustar også mat frå fjæra.

– Det er gøy å få mat på bordet frå råvarer ein har fangsta sjølv.

– Kva fangstar du?

– Vi har mykje kamskjel i området vårt. Grilla olbogeskjel med kvitløksmør på er veldig godt. Og strandsnegl er overraskande godt! Dei puttar du berre i ei panne med sjøvatn med litt ekstra salt og kokar, så pirkar du ut maten med ein tannpirkar og «nam-nam!»

– Om nokon blir freista til å fridykke etter denne vesle reklame for livet under overflata her i Florø-skjergarden, så er det berre å sende meg ei melding, avsluttar Monica smilande.

Knutepunkt Florø

Florø hamn er ei miljøvenleg pulsåre som knyt regionen vår til verda, eit naturleg bindeledd mellom veg og sjø.

Ei aktiv hamn, pulserande av liv og røre, med passasjerbåtar, containerfarty, supplybåtar, fiskefarty, brønnbåtar og fraktebåtar som syner byen sine maritime tradisjonar.

Florø si rolle som eit viktig knutepunkt vert i tillegg ivareteke av flyplassen, rett i nærleiken. God kommunikasjon gjer det enkelt å reise til og frå byen;

· Direktefly til og frå Oslo og Bergen

· Hurtigrute

· Ekspressbåt til og frå Bergen, Nordfjord og Sogn.

· Regelmessige avgangar.

Fugleskjærskaien – FLORØ Postboks 17, 6901 Florø e-post: hamn@kinn.kommune.no - Tlf: (47) 57 75 67 40

Fugleskjærskaia – FLORØ Postboks 17, 6901 Florø e-post: hamn@kinn.kommune.no – Tlf: (47) 57 75 67 40

wwwflorohamnno

MORO FOR ALLE ALDRE

Symjing for liten og stor Sklie og stupetårn Styrketrening

Spinning Badstue Badebrygge Kafé Gratis parkering

Ta med venner og familie og nyt eit bad i fantastiske omgjevnader!

Åpningstider frå 19. juni t.o.m. 20. august 2024

Mån./ons./fre./: kl. 15.00 - 20.00

Tirs./tors./lør./søn.: kl. 10.00 - 15.30

Velkommen!

13 Sommarbyen 2024
Monica dykkar så ofte ho kan. Monica er blitt ekspert på å lage mat basert på råvarer frå fjæra.
ww w.fl oroh amn.no
FLORØ HAMN
havhesten.no
A til Åwww.atilaa.no Bilde: Salt Arkitekter Foto: WeAre

Steinar og Heidi inviterer til øyadans.

– Den blir for alle og «you name it!»

– Det er kjekt om du kjem, for eg samlar på gode opplevingar i lag med andre etter smellen eg fekk for ti år sidan.

Det seier den pensjonerte skipparen Steinar Bendiksen som fylte 70 år i mai. Jubileet markerer han og kona Heidi med å invitere til stor sommardans på Rognaldsvåg skule laurdag 27. juli.

Steinar er ein smilande kar som mange kjenner til etter hans mange år som skipper for Florø Skyssbåt.

– No har eg eigentleg vore pensjonist sidan hausten 2022, men i vinter har no oppdraga for Paal (Skorpen, dagleg leiar Florø Skyssbåt, red.mrk) gitt meg meir i inntekt enn alderspensjonen, smiler Steinar og skoggler.

– l ivet fekk ei anna betydning

For ti år sidan levde Steinar og Heidi Bendiksen eit hektisk liv der forholdet blei nedprioritert. Steinar jobbar mykje, veldig mykje.

– Altfor mykje, sa folk til meg, seier Steinar.

Så mykje at eit kraftig panikkangstanfall sende han på eit lengre sjukehusopphald.

– Det er først i dag, ti år etter, at eg kjenner på at panikken er i ferd med å sleppe taket, fortel Steinar.

Steinar sitt møte med veggen var eit vendepunkt for han og Heidi. Dei brukte Familiekontoret i Førde i fem år for å lære seg å snakke saman og leve saman slik ektefellar bør gjere. Utan samtalane der inne trur han ikkje dei to lenger hadde vore eit par.

– Vi lever saman på ein betre måte no, og ein del av livet er å unne seg sjølv, kvarandre og andre gode opplevingar. Pustepausar i kvardagen. 70-årsfesten min blir ei slik oppleving, smiler Steinar.

Skape liv i bygda

Steinar og Heidi kjenner seg privilegerte som har økonomi til å gi noko tilbake til Reksta og bygda som dei er så glade i. Mellom anna har dei investert i ei brygge på 44 meter som fungerer som gjestebrygge i Rognaldsvåg.

– Bygdelaget Havglimt gjer ein storarta jobb, og alle inntektene frå billett- og barsalet til 70-årsdansen min skal gå til dei, seier Steinar.

Utgiftene til artisten Tore Leiren tek han og Heidi på si kappe.

Havglimt held no på med eit nytt trivselsprosjekt ved Rognaldsvåg Grendahus der budsjettet er kring ein million kroner. Det skal blant anna settast opp gapahuk med overnattingsmoglegheiter og ei scene. Leikeplassen vert oppgradert i to byggesteg med eit større leikeapparat.

– Vi er ein aktiv og livleg gjeng her ute, så

som legg til på gjestebrygga

då er det viktig å vise det fram med å skape liv i bygda, smiler Steinar.

Beste medisinen

Fest for alle og you name it.

Då Steinar var sjuk ottast han for om han fekk behalde jobben som skipper i Florø Skyssbåt.

– Eg var veldig langt nede, og ei av bekymringane var om eg fekk jobbe igjen. Men sjefen min, Paal Skorpen, sa at jobben var min same kor lang tid det skulle gå før eg kjende meg jobbklar igjen. Dei orda var beste medisinen og gav meg ein tryggleik. At folk bryr seg og viser støtte og omsorg er så viktig.

I ei bygd som viser omsorg og er raus med kvarandre, er Steinar sitt svar på støtta han møtte då han var sjuk å vere raus tilbake.

– Eg håpar alle og «you name it» kjem på

festen min. Vi har plass til alle som kjem, og vi set opp telt også om det må til, avsluttar den smilande – og ikkje fullt så pensjonerte – skipparen.

Per Øyvind Helle

14 Sommar Byen 20 24 byen rognald Svåg
Sommar
BUa : Den raude bua til Steinar og Heidi er blitt ein sosial samlingsplass i Rognaldsvåg. På bildet aular det med folk utanfor bua under Rek i Land i fjor. I bua lagar Steinar og Heidi vaflar, fiskekaker, drikk kaffi og kosar seg. Og helsar på båtfarande deira ut i vågen. Fo to: Per Øyvind Helle Heidi og Steinar Bendiksen inviterer til stor øyadans i juli. Foto: e line Kir K e BØ

1. ETG. GULL OG UR VINMONOPOLET CUBUS RINGO LAYER REMA 1000

NORMAL - Opnar i juni BURGER KING

- Opnar i løpet av sommaren DRESSMANN - Opnar i september

2.ETG. EUROSKO

TOPPEN FRISØR KITCH`N

SUNNFJORD APOTEK

VITA EXCLUSIVE

SUNKOST NILLE POWER

3.ETG. NORLI PRINCESS

KAFE KANDIS

SPORT OUTLET

TANNLEGENE MØLSTER

Stolt hovedsponsor for Våt Moro 11. – 14. juli

10-19 (16) | AMFI.NO/FLORO REMA 1000 07-21

15 Sommarbyen 2024 AMFI Myeå gledesegtil.Alltid.
Følg oss på

– Salmontunet blir klart til Eikefjorddagane

Eikefjord sin nye kulturog aktivitetspark er i ferd med å ta form.

Like ved skulen i Eikefjord er arbeidet i gang med å gjere Salmontunet ferdig.

– Salmontunet skal bli ei grøn lunge for folk. Ein leikeplass for barn og unge, ein samlingsplass for oss alle, og ein opplevingsarena på sikt.

Det seier Christina Stæger-Breisnes som er ny i rolla som leiar for Eikefjord Grendalag.

Kommunen og andre støttespelarar har vore med kroner, og grendalaget og innbyggjarar med dugnadsinnsats når kulturog aktivitetsparken no blir realisert.

Scene med amfi

På arealet like sør av skulen er ein gapahuk alt komme opp. Ei sandvolleyballbane er også klar.

– Leikeapparat med blant anna eit sekskanta klatrestativ med edderkoppnett skal opp. Leikeapparata håpar vi å ha klare til Eikefjorddagane 16.–17. august, seier Christina.

Det skal også byggast eit amfi med ei overbygd scene.

– Amfiet blir så flott! Det blir også bygd steintribuner som er så fine, smiler Christina.

nytt stunt på e ikefjorddagane?

Eikefjorddagane blir i år komprimert til to dagar, fredag 16. august og laurdag 17. august.

– På fredagen er målet å gjere det store kakebordet vårt endå større. Elles vil vi truleg satse på underhaldning med meir lokal vri. Ein av ideane er ein talentiade. Og kanskje er det tid for at styret i grendalaget gjenopplivar stunt-arrangementet.

– Stunt?

– Ja. Det var jo nokre år styret laga eit hemmeleg stunt ved midnatt på fredagen. Då gjekk dei utanfor komfortsona si og laga

mellom anna si eiga versjon av Svanesjødansen, ler Christina.

Sommar

byen

e ikefjord

Ho fortel også at dei tenkjer på å lage fleire aktivitetar som appellerer til ungdom.

– Eikefjorddagane skal også i år gi flotte rammer og opplevingar for barn og vaksne. Og så blir det nok innhald som også ungdom kan gle seg over. Kanskje kan vi ta i bruk den flotte miljøstranda vår og den herlege fjorden vår til å utvide festivaltil-

Eit spennande innblikk i havbrukshistoria

Visningssenteret til Steinvik Fiskefarm er eit spennande praktisk visningsanlegg for produksjon av laks og aure. Senteret formidlar havbrukshistorie for publikum i alle aldrar.

Steinvik Fiskefarm har vore pionerar innan oppdrett sidan 1980-talet og Steinvik Fiskefarm Visningssenter i Høydalsfjord er eit av dei første i Norge.

På senteret kan du gå rett frå utstillinga på land og ut på merdkanten for å mate laksen. Det er gratis å besøke utstillinga, og Steinvik Fiskefarm stiller med guidar. Du

får eit spennande innblikk i ei av Norges største eksportnæringar – frå rognproduksjon til matbordet. Den unike plasseringa av senteret rett ved sidan av Steinvik sitt ordinære produksjonsanlegg, gjer eit besøk på visningssenteret ekstra fasinerande og lærerikt både for store og små.

Visningssenteret er ope alle kvardagar mellom klokka 10 og 15. Ein kan også kontakte Steinvik Fiskefarm på www.steinvik. no for å avtale eit besøk.

Per Øyvind Helle

bodet. Vi får jo ein badstu på plass i løpet av sommaren og stupebrett er alt på plass. Så rammene har vi for å skape ei herleg festivalhelg, avsluttar Christina.

Mottoet for eikefjordingane er «vi kan, vi vil og vi får det til.» At Christina og co. arrangerer flotte Eikefjorddagar i år også, er vi derfor ikkje i tvil om.

Per Øyvind Helle

16 Sommarbyen 2024
V i S nin G: Å gå på visning på visningssenteret til Steinvik Fiskefarm er spennande, lærerikt og populært. f ot o: Stein V ik f i S kefarm Christina Stæger-Breisnes er ny leiar i Eikefjord Grendalag: – Det blir Eikefjorddagar i år også, 16.–17. august Og miljøstranda vår får ein sentral plass i festivalen, fortel ho. f oto: Per Øy V ind Helle

Kinn Bryggeri og gründar Espen Lothe inviterer til omvising og ølsmaking på utvalde datoar i juli. Foto:

Ølsmaking og omvising på Vesle Kinn

Vesle Kinn er både ølkaféen og testbryggeriet til Kinn Bryggeri. Du finn Vesle Kinn i hjartet av Strandgata i Florø. I bakre delen av lokalet har dei det vesle bryggeriet der dei prøver ut nye råvarer og oppskrifter, og dei driv med lagring på franske eiketønner. I juli, og litt ut i august, kan du bli med på omvising og ølsmaking på

Vesle Kinn. Her får ein komme inn i bryggerilokalet, sjå på utstyret ein bryggjar med, lære om bryggjeprosessen og historia til Kinn Bryggeri. Det er og mogleg å bestille omvising og ølsmaking for grupper gjennom heile året.

Per Øyvind Helle

NAUSTDAL DAMPBAKERI - Møteplassen i Strandgata Ferske bakevarer kvar dag

tide å ta seg ein tur 3000 år tilbake i tid

Har du sett helleristingane i Ausevika? Ikkje? Eller for ørten år sidan då du var barn på klassetur? Då er det på tide å oppleve dette unike fenomentet.

Helleristingsfeltet i Ausevika, dryge halvtimen frå Florø, er blant dei største i Norge. Feltet viser over 300 ristningar, både dyre- og menneskefigurar. Ausevika vel verd eit besøk der den ligg under Skålefjellet, som reiser seg mot sør i nærare 800 meter høgde.

V ik Sommar

Dette fjellet dannar avslutninga på eit fjellområde som strekkjer seg

heilt inn til Jotunheimen, og er difor eit naturleg streifområde for storvilt på trekk mellom kyst og innland. Her finn ein over 3000 år gamle figurar. I tillegg til dyre- og menneskefigurar kan ein sjå fruktbarheits- og jordbruksmotiv, såkalla veidemannskunst. Geometriske teikn, spiralar og labyrintar finn ein over heile feltet. Det er parkeringsplass, sanitærbygg og publikumsramper med opplysningsskilt.

Per Øyvind Helle

Prøv gjerne vår nye nettbutikk Prøv gjerne vår nye nettbutikkdampbakeriet.no

Prøv gjerne vår nye nettbutikk

Prøv gjerne vår nye nettbutikk dampbakeriet.no

OPE: Kvardagar: 07.30-16.30 Laurdag: 09.00-16.00 Strandgata 45, 6905 Florø, Tlf: 57 72 41 40

Velkommen innom!

17 Sommarbyen 2024
Ta deg ein tur til Ausevika i sommar! Foto: Vi S it Fjordky S ten & Sunn Fjord
S it Fjordky S ten og Sunn Fjord byen Florø Sommar byen au S e
Vi
FLORØ 11.–14. JULI 2024 +
E-FOIL • BANANBÅT • HOPPESLOTT ANSIKTSMALING • BARNEPARK TUBE • HAVRAFTING • FOTTURAR BOBLEFOTBALL • COASTEERING HUMORKVELD • QUIZ • DANSEGOLV EI STOR TAKK TIL ALLE SPONSORAR
mykje meir på våtmoro.no

– Eit spel der mykje står på spel

Saman med teatersjef

Cecilie Grydeland Lundsholt ved Teater Vestland er Anethe Alfsvåg ny regissør for Kinnaspelet.

– Eg var på Kinnaspelet og Kinn for første gong i fjor. Det var ei storslått oppleving eg blei rørt av. Eg kjenner på audmjuk ære når eg no får lov å ta over stafettpinnen og føre dette fantastiske spelet vidare.

Det seier Anethe som bur på Kolbotn. Dei siste åra har ho jobba fulltid som pedagog og teaterlærar og er no tilsett ved Romerike Folkehøgskole. Ho har lang erfaring som skodespelar og som regissør.

Spissar historia

Blått hav og høg himmel, Kinnaklova og den gamle steinkyrkja frå 1100-talet, er det som møter deg på Kinn. Her på havstranda, så langt vest du kan kome i Norge, ligg ei av dei eldste kyrkjene i landet. Dei gamle legendene fortel om heilage menn frå øyrika i Irskesjøen som busette seg her, truleg på 900-talet ein gang.

Dette er ramma kring Kinnaspelet «Songen ved det store djup.» Historia om då danskekongen sin fut kom til Kinn i 1537 og gjer kjent at pavekyrkja si tid er forbi. Kongen skal no eige alt kyrkjegods, og ein ny, luthersk prest skal setjast inn. Ingen lett bodskap å selje inn hos bygdefolket på Kinn.

– Historia frå reformasjonstida minnar om vår tid. Det var store endringar på gong den gong som no. Kva er viktig i liva våre? Kva endringer er vi for og i mot? Når vi blir utfordra til å revurdere det vi meiner og trur på, kva verdiar er det verd å halde fast

ved? Kinnaspelet handlar om desse vanskelege vala menneske i turbulente tider og krise må ta, resonnerer Anethe.

– Regimessig ønskjer vi å spisse historia og dramaet som utspeler seg. Det er bokstaveleg tala mykje som står på spel i spelet, og den nerven ønskjer vi å få fram i endå større grad, fortel ho.

Koret blir meir sentralt

Eit anna av regitrekka er at koret i år blir trekt meir fram på scena.

– Koret får ei meir synleg rolle. Det er sjølvsagt visuelt flott, men det representerer også bygdefolket som er ein viktig del av handlinga, understrekar Anethe som meiner originalmanuset til Rolf Losnegård står seg særs godt 40 år etter at det vart skrive. – Vi går tilbake til kjernehistoria til Rolf når vi legg årets regi. Den historia har ei stor kraft som vi ønskjer å formidle ut til publikum, seier ho.

Kinnaspelet blir framført av Teater Vestland, musikarar og kring 160 lokale amatørar og koristar.

Publikum får også bli med tilbake til 900-talet og bygdefolket sitt «lille kirkespill» om prinsesse Sunniva frå Irland som rømmer frå vikingkongen Ramn som vil ha henne til dronning. Med følgjet sitt legg ho ut på havet i båtar utan segl, ror og årar, og lar vind og havstraumar råde. Ho driv i land på Selja og blir seinare St. Sunniva, helgen for Vestlandet. Båtane kjem frå kvarandre og søstera Borni driv i land på Kinn. Etter legenda skal det vere ho som fekk bygd Kinnakyrkja.

Dette er teateret ved havet, der naturen og landskapet spelar med; ei oppleving du ikkje finn maken til.

Per Øyvind Helle

Sommar

byen Kinn

Program

Laurdag 22 .juni:

Kl 11.30: Omvisning i Kinnakyrkja: Den vakre Kinnakyrkja er ei av dei eldste steinkyrkjene i Noreg. Plasseringa i einsemda langt vest i havet er heilt spesiell. Det same er kunsten og inventaret, ikkje minst det unike lektoriet frå 1200-talet. Sjølve kyrkjebygget har også høg verdi ved at det er endra lite samanlikna med dei andre mellomalderkyrkjene i Norge.

Kl 13.00: Kinnaspelet; framsyning 1: «Songen ved det store djup»

Kl 13.00: Avreise Florø til tur med Barnas Turlag som tar familiar med på tur rundt Kinn.

Kl. 15.00: Historia til Kinn: Torleif Reksten vil fortelje om lokal historie, geografi og myter og legender knytt til spelet. «Historietimen» vil vere på ca 45 min og blir på ein knaus rett vest for gjerdet.

Kl 15.00: Konsert i Kinnakyrkja ved Elisabeth Gimmestad trio. Trioen med Elisabeth Gimmestad på vokal, Johan J. Bakken på tangent og Magnus L. Jacobsen på gitar er kjende blant anna for konsertprogrammet sitt «Bygdesongar.» Dette er eit program med folkeviser inspirert av historier frå fleire generasjonar; frå humoristiske songar til alvorlege salmer.

Kl 16.30: Kinnaspelet; framsyning 2: «Songen ved det store djup»

Kl 18.00: Kveldsbøn

Kl 18.30: Omvisning i Kinnakyrkja

Søndag 23.juni

Kl 11.00: Gudsteneste ved biskopen i Bjørgvin, Ragnhild Jepsen.

Kl 12.00: Vikingaktivitetar startar. Mellom kl 12.00 og 14.00 middelalder/vikingaktivitetar for barn. Ein kan spikke, kaste med øks på blink, skyte med pil og bue, male korn på kvernstein og steike vikingbrød på bål.

Kl 12.45: Konsert i Kinnakyrkja ved Elisabeth Gimmestad trio.

Kl 12.45: Historia til Kinn: Torleif Reksten si «historietime.»

Kl 13.45: Omvisning i Kinnakyrkja

Kl 15.00:Kinnaspelet; framsyning 3: «Songen ved det store djup»

Kl 16.30: Kveldsbøn

Kl 17.00: Omvisning i Kinnakyrkja Båtruter; sjå kinnaspelet.no

18 Sommarbyen 2024
Carina Furseth speler også sjølvsagt rolla som Borni. Foto: e gi L a arda L Carina Furseth skal i år spele rolla som Sunniva for andre gang. Her frå spelet i fjor. Foto: e gi L a arda L Skodespelar Anethe Alfsvåg (t.v) og teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt står bak regien på Kinnaspelet. Her er strålande på veg ut til Kinn under fjorårets spel. Foto : Privat

av langs kysten fungerte. Fo

Dette er Annette sitt kinderegg:

– Troll under brua, slipp-guiding og pigghå!

Annette Langedal Holme er leiar på Kystmuseet i Florø. – Vi har litt av kvart å by på for både barn og vaksne i sommar, smiler ho.

I vår opna endeleg Nilsen-slippen på Kystmuseet etter at Kystmuseet sine tilsette i samarbeid med frivillige dugnadssjeler har sett dei mekaniske maskinene på slippen i stand.

Nilsen-slippen er døme på eit mangesysleri og representerte tusenkunstnarar som kunne lage og reparere nær sagt kva det skulle vere.

– I sommar opnar vi for guida innblikk i den praktiske bruken av desse maskinene frå svunnen tid. Nilsen-slippen er ei historieforteljing om dei usynlege arbeidsmaurane som bygde den maritime kystkulturen vår, fortel Annette.

b arnas Kystmuseum

Barnas Kystmuseum har vore eit populært tiltak tidlegare, og i sommar satsar Annette ekstra på eit tilbod til barn og barnefamiliar.

– Kvar tysdag i juli inviterer vi til Barnas Kystmuseum. Då får barna byggje båtar,

Sommar

Anette Holme er leiar på Kystmuseet i Sogn og Fjordane . Fo T o: e g I l a ardal

fotoutstilling om pigghåfiske på Kystmuseet i sommar.

sysle med tauverk der lærer seg å lage sokalla apeneve, og dei får nøkkelringar. Og så skal vi fortelje eventyr for dei!

– Ja, for Kystmuseet er jo eit lite eventyr i seg sjølv?

– Nettopp! All den unike kystkulturen vi har samla her gir grobotn til spennande historieforteljing. Og bygga og bruene her er også gode flotte kulissar for å skape spennande stunder. Det kan nok hende det dukkar opp eit troll under ei av bruene, men ikkje sei det til borna før dei kjem ned hit, smiler Annette.

Fish & c hips

Fotoutstillingar er god formidling av kysthistorie og 16. juni opnar Kystmuseet fotoutstillinga «På jakt etter pigghåen.»

Fotografia i utstillinga om pigghåfiske vart tekne om bord i Lestholm som drog frå Gotteberg i Vågsøy til Shetland i 1958. Skipparen var Ole Lofnes.

– Pigghåfiske var eit sentralt fiske i vårt distrikt, fortel Annette som syslar med tanken om å serverer fish & chips på opninga av utstillinga.

Det er nok ikkje mange som veit det, men pigghå var faktisk den fisken som originalt blei brukt då britane «fann opp» fish & chips.

Per Øyvind Helle

Det er klart for den første Svanøyveka

Når Bjørn Eidsvåg held konsert på kulturlåven på Svanøy laurdag 20. juli, så avsluttar han også den første versjonen av Svanøyveka.

Med nyrestaurert kulturlåve og reopning av Svanøy Hovedgård, tenkjer styreleiar Ola Teigen i Stiftelsen Svanøy Hus stort om kulturog reiselivsaktivitet på øya framover.

– Derfor lanserer vi alt i sommar den første Svanøyveka. Målet er at dette på sikt blir ein variert kultur- og opplevingsveke der alle Svanøy sine unike kvalitetar blir tekne i bruk.

Kvar dag mellom 15. og 20. juli vil meisterkokkane Richard Sundal (frå Norddalsfjord) og Adrean Bakke (frå Krokane) lage ein femrettars meny med det beste av lokale råvarer som dei serverer gjestar på Svanøy Hovedgård. – Richard og Adrean har jobba saman på restauranten Fjord i Oslo. Eg har hatt gleda av å nyte kokkekunstane deira, og no kjem dei til Svanøy, tar det beste dei har laga i kokkekarriere og legg på fatet til gjestane. Her bør alle med smakssans nytte høvet til ei spesielt god mat- og drikkeoppleving, seier Teigen.

Før storkonserten med Bjørn Eidsvåg laurdagen, vil dei to kokkane også invitere til stort grillparty.

Etter konserten med Eidsvåg blir det låvedans med Glimmer Duo. Låvedansen er gratis for dei som har vore på Eidsvåg-konserten. Publikum som ikkje har konsertbillett laurdag kan kjøpe adgang til låvedansen om det er ledige plassar.

Det blir sett opp bilar for transport på Svanøy laurdag og søndag.

Per Øyvind Helle

19 Sommarbyen 2024 byen
Florø
Fo T o: Sara a ngel I ca Sp I ll I ng/ p udder agency)
TI l SVanøy: Bjørn Eidsvåg har satt seg ned i enga for å tenke på kor fint det blir å spele i kulturlåven på Svanøy. FISH & c HI p S: Det blir Endeleg er Nilsen-slippen sett i stand og kan vise korleis dei små mekaniske slippane som det fanst så mange T o: lIV S Tandal byen SVanøy Sommar

Svein Inge fyller 70:

– So no jobbar eg berre 10-12

– Ikkje røykjer eg, ikkje drikk eg, og ikkje reiser eg. Eg treng ikkje pengar, så no har eg sagt til Jan Fredrik at han kan ta meg vekk frå løningslista.

Svein Inge Fosse sit på Knutholmen og pratar. Mannen nokon kallar mister Kalvåg. Han som har bygd opp ei reiselivsbedrift som kan huse 250 menneske fordelt på 20 bygg i bygda; det er nesten like mange som det er fastbuande i Kalvåg.

– Men du, Knutholmen har eg ikkje bygd opp åleine, altså. Veldig mange har vore med meg. Og det er Jan Fredrik, sonen min, som er sjef no. Det har han for så vidt vore sidan 2005 då han kom tilbake til bygda, nyutdanna som kokk, og kjøpte tomt inne i Buvika utan å spørje meg. Og eg måtte betale!

Svein Inge slår smilande ut med armane og er einig i at Jan Fredrik har minst like stor risikovilje og kreativt satsingsmot som han sjølv.

– Eg har ikkje greie på servering eller mat, einaste eg kan er service Historia om Fosse-familien og Knutholmen startar på 1950-talet. Då flytta Paul Fosse frå Alværsund til Kalvåg for å drive daglegvarebutikken Bremanger Spareforening. På

– Far min dreiv butikken i konkurranse med seks andre daglegvarebutikkar! Han kjøpte den i 1958. På same tida var det slutt på silda og Kalvåg kollapsa på mange måtar. Alle skulle jo vekk herifrå. Då eg gjekk på Frøyen skule i 1964 var det 104 elevar. Då Domstein etablerte seg i 1980 var det under 40.

Svein Inge fortel levande om oppveksten, berre avbroten av to tilfeldige karar på kaia lurar på om dei kunne få ein kopp kaffi.

– Sjølvsagt!

Svein Inge sprett opp, går inn på det stengde kjøkkenet og fiksar det.

– Eg har ikkje greie på servering eller mat, einaste eg kan er service, smiler han når han set seg ned igjen.

Då livet vende

I 1976 var den 21 år gamle Svein Inge i jobb som sjåfør for Gartnerhallen med leveransar rundt om i fylket.

– Eg var ein introvert og beskjeden ungdom som budde på hybel i Måløy. Og der hadde eg vel framleis budd om ikkje det skjedde.

Det som skjedde var at bror hans døde i ei bilulykke.

– Bror min var ekspeditør for Fylkesbaatane, drosjesjåfør og dreiv butikken i lag med far min. far min. Då han døde måtte eg heim på dagen for å ta over dei tre jobbane hans. Far min takla ikkje tapet av sonen, og eg blei bråvaksen som 21-åring, fortel Svein Inge som budde på loftet på Sparebank-butikken.

Der budde han til han var 24 år. Han var 25 og kona Mariann var 18 då dei fekk før-

Sommar

Kalvåg

anno 1880. Mykje har endra seg

Foto: Fyl K e S hi S tori SK ar K iv

ste sonen Trond som er hardt ramma av CP.

– Det var ei fysisk og psykisk tøff tid der vi dreiv butikken samstundes som vi f... så fort blei foreldre til fem barn. Det å få Trond har gitt meg ein ballast i livet der eg ser kva som er viktig og ikkje viktig, understrekar Svein Inge og rosar kona Mariann.

– Ho er heilt fantastisk både med ungane og meg! Og med Knutholmen!

Svein Inge snur seg der vi sit på kaia. Han blunkar sitt sjarmerande smil til Mariann som held på å male vindauga på Knutholmen før sesongen tek til for alvor.

Kafé vest og fem rom

Svein Inge si optimistiske innstilling mei-

ner han å ha arva etter far sin. Og servicetalentet kom snart til syne utover 1980-talet. – Domstein etablerte seg her med fabrikk i 1980 og redda på mange måtar Kalvåg. Og vi fekk meir arbeid. Og eg starta å alboge meg fram og la det beskjedne vesenet til sides, smiler han.

Når snurpebåtar ringde han og lurte på om det var mogleg å stikke innom Kalvåg for å proviantere klokka tre om natta, så var Svein Inge ikkje vond å be.

– Sjølvsagt, sa eg, smiler Svein Inge. Levering av proviant til fiskebåtane blei eit viktig levebrød for butikken.

– Det var eit lite eventyr. Og rundt 1985 fann eg ut at vi måtte utvide butikken. Eg fekk kjøpe nabohuset, Frøyenhuset. Tanken var å bruke 4,5 millionar på å rive det og bygge eit moderne bygg. Men så kom eg i kontakt med ein hippiearkitekt frå Florø som sa at eg måtte ta vare på det gamle bygguttrykket. Og det gjorde vi, og jaggu fekk vi bygd «nytt» berre for 1,7 millionar, inkludert Kafe Vest og fem leilegheiter!

Svein Inge skoggler.

– Det er forresten arkitekt Hareide eg snakkar om. Hans innspel har vore viktig med tanke på all seinare bygging vi har gjort også, med tanke på å ta vare på det gamle sjøhuspreget i Kalvåg.

Dei fem leilegheitene han bygde i Frøyenhuset var meint for utleige til forretningsreisande som kom til bygda i sam-

20 Sommarbyen 2024 byen
Knutholmen sidan den gong! Svein inge F o SS e : – Ingenting er finare enn Kalvåg! For ein natur! Eg koplar av med å fiske om vinteren. Det å komme seg ut og fryse litt og sjå ut i havet mot Kinnaklova og Mulen; faen det er herleg! Fo to: Davi D Za D ig

10-12 timar gratis om dagen

band med aktiviteten på Pelagia og andre stader. Og ein kafé var jo kjekk å ha.

– Kokkinga var det kvinnfolka lokalt som sto for. Og der må eg få skryte av fantastisk nøkkelpersonar som blant anna Hege Ness og Ragnhild Svarstad. Jaggu var det mange sjøslag i den tida. Vi gjekk heim halv fire om morgonen etter å ha vaska ut folk etter dansen, og så var det på 'an med frukost eit par timar seinare. Eg har forresten ete frukost klokka 06.30 i 30 år. Vi er arbeidsfolk og likar å sjaue og styre på, så så mykje søvn treng eg ikkje.

Knutholmen og historia om ein halv gris

Det var mange tomme sjøhus i Kalvåg som delvis stod til forfall på 80-talet, og Svein Inge spurde etter kvart eigarane om han kunne leige dei.

– Dei fem romma i Frøyenhuset blei fort til femti sengeplassar i løpet av tre år. Kundane var gjerne blåturgjestar, frå Florøområdet spesielt. Men noko tanke om ein om bevisst reiselivssatsing var det ikkje. Det var meir at potensielle kundar kontakta meg og eg såg overnattingsbehovet vekse frå dei fem første leilegheitene eg bygde. Eigarane av Frøyen eigde også byggruinene på Knutholmen. Og dei kontakta Svein Inge og lurte på om han ville kjøpe.

– I 1990 var det ei avstengt kai, eit skur med eternittvegger og ei falleferdig bu på Knutholmen. Vi kjøpte. Eg og kona fylte stein i 1990, lagde ny kai, og i 1991 lagde vi restaurant. Det var hardt for eg dreiv jo butikken på same tida, seier 69-åringen og kjem med ei av sine mange historier.

– Folk var jo vande med at eg sa ja og stod på for å gi service. Ein dag i 30 graders steikande sol stod eg og diskuterte med snikkarane som bygde restauranten på Knutholmen. Då kom det ein lokal kar bort til meg og sa:

– Kom her, du Fosse!

– Kva du vil?

– Og så tok han meg bort til bilen. Bak i den låg det ein halv gris som han ville at eg skulle partere for han, gratis sjølvsagt. Du veit, folk var blitt så vande med at eg hopp og sa ja til alt at dei trudde dei kunne be meg om alt.

– Og du parterte?

– Sjølvsagt! Eg er jo i botnen ein kjøpmann som gjer det meste for kundane.

I 1991 stod restauranten på Knutholmen klar og eit nytt eventyr kunne starte.

– No er eg minstepensjonist, ubetalt vaktmeister og hobbygartnar

Det har vore 23 år med vekst for Knutholmen sidan starte.

– Det har bala på seg. Eg er ikkje veldig strategisk av meg, og pengar kan eg lite om, men eg har lyst til å skape liv og bulyst. Og så har eg vore flink til å setje meg delmål. Eg ser ikkje for langt fram, for då kan der verke umogleg å gjennomføre eit prosjekt, seier kjøpmannen.

Det høyrest ut som eit godt råd for mange.

Men korleis har Svein Inge hatt råd til å byggje opp den fantastiske reiselivsbedrifta?

– Du, det lurar eg også på! Vi har jo investert for over 250 millionar kroner, men pengar har eg vel eigentleg aldri hatt. Men vi har hatt ein bank som har hatt trua på oss, og flinke folk i nøkkelposisjonar, derfor har vi landa på beina. Det galnaste eg har gjort var å kjøpe Havly i Bremanger. Der tapte eg mykje pengar.

Knutholmen er no eit konglomerat beståande av 20 bygg, med 140 rom og plass til 250 overnattande gjestar. I fjor var det Galleri Torsheim som var den store nyheita. I år skal tre nye luksusleilegheiter stå klare i det gamle Frøyenhuset.

– Leilegheitene er meint for «dollarturistar,» flirer Jan Fredrik.

Det er han som no eig 100 prosent av aksjonane både i eigedomsselskapet Fosse Eigedom AS og i driftsselskapet Knutholmen AS.

Ein ny hotellresepsjon og ein splitter ny og flott bar med innreiing frå Hadeland Glassverk er også ferdig.

– Jan Fredrik er flinkare med visjonar og vyar enn meg. Og så trur eg at eg har lært han litt om god service og å vere ein god vert, seier Svein Inge som også har dottera si, Martine, med på laget. Ho er hotellsjef for dei 20 overnattingsbygga.

I oktober blir Svein Inge 70 år. Å trappe ned på jobbing er ikkje aktuelt, men han

Å prate med Svein Inge Fosse er spennande og fasinerande. Det blir både alvor og humor. Først snur han seg kjærleg mot kona Mariann som målar veggar, så snur han seg og ser mot Frøyenhuset det alt starta, så må han plante litt, fortelje ei fiskeskrøne, før han ikkje har samvit til å late kona måle åleine. Ein mann med mykje på hjartet og ei hand på det meste. Foto: Per Øyvi N d Helle

har tatt seg av løningslista. – Eg har ansvaret for blomane på uteområdet, eg fiksa gjestebrygga i vinter og vår og eg malar litt. Så steikjer eg brød og lagar litt frukost til gjestane. Og så helsar eg på folk, køyrer storboss og guidar litt. I går hadde eg ei buavandring med ein kar frå New Mexico og nokre andre amerikanarar. Det er jo spennande å prate med folk, sant?

Ja, det er det. Og det er veldig spennande å prate med Svein Inge. Han kunne det sikkert blitt laga bok av. Og boka kjem. Og sjølv om den skal handle om heile Knutholmen si historie, så får Svein Inge ein sentral plass i den.

– Den blir ført i pennen av Kari Tinnen, kjent Barne-TV-forfattar og også tekstforfattar til heimesidene på nynorsk. Boka blir lansert neste år, fortel Jan Fredrik. Pengar har Svein Inge ikkje bruk for, seier han, så det går fint å vere minstepensjonist.

– Ikkje røykjer eg, ikkje drikk eg og ikkje reiser eg. Nokre kroner til ei korg jordbær og nokre blåbær er alt eg treng, konkluderer hotellverten i særklasse.

Per Øyvind Helle

20 millio N ar :

Det er summen Knutholmen har brukt i år på å byggje ny bar, resepsjon og tre leilegheiter. – Det blir ikkje dei store investeringane neste år, då blir det meir fokus på drift, fortel Jan Fredrik.

Foto: Sol Fure

21 Sommarbye N 202 4
F o SS e : Martine sine barn, Oliver og Lukas, elskar akvariet på kaikanten på Knutholmen. – Vi håpar jo at nokre av barnebarna vil engasjere seg i drifta med tid og stunder, smiler bestefar Svein Inge. Martine og Mariann til venste og Jan Fredrik til høgre. Fo to: Per Øyvi N d Helle

– Det blir eit sabla rockeliv på sjø og låvebru, i ur og langs bøgardane!

Rockweekend i Bremanger har planane klare for ei festivalhelg både ung og gammal kan gle seg til.

Styret i Rockweekend har vore gjennom eit generasjonsskifte der ungt blod har komme inn. Det kan vere årsaka til at årets Rockweekend ser ganske så friskt og spennande ut.

– Vi er veldig godt nøgde med bookingane vi har gjort til dei magiske kveldane på Havlys 11.–13. juli, seier Maria Igland som sit i styret.

– Og med Iglandsvik Utvikling og eldsjela Roger Igland som samarbeidspartnarar, så blir det også eit supert og familievennleg dagprogram på laurdagen.

the Boss, violet road og synne vo Torsdagen startar det med jam og opa scene der lokale artistar får prøve seg. Gjennom eit aktivt musikkmiljø i fleire tiår har Bremanger fostra mange unike talent. Det ferskaste døme er bandet Oddny.

Fredagskvelden startar med The Promise, eit tributeband til Bruce Springsteen og hans E Street Band. Det ni mann store bandet er bergensbasert, men også her finn vi lokale heltar, med Jarle Grotle på piano/vokal, Inge Willy Hauge på gitar og vokal og Kjetil Solberg på bass. Dette er jo helga før The Boss sjølv gjestar Bergen, så denne konserten funkar fint anten ein treng trøyst fordi ein manglar billett, eller opplading fordi ein har fått tak i.

Synne Vo spelar musikk i ein heilt anna sjanger, men vil nok appellere til både unge og litt eldre med sine melodiøse poplåtar.

– Laurdagen blir opna av Soft City. Dei er eit ungt bluesband som kom på andreplass i Blues Challenge i fjor sommar, fortel Maria.

Sommar

byen

i glandsvik

Hovudattraksjonen laurdagen er Violet Road. Kvintetten frå Kåfjord i Troms er rekna for å vere eit av Norges absolutt beste liveband. Bandet er aktuell med sitt åttande studioalbum «Back on Level One».

– Vi gler oss veldig til å oppleve bandet som tok scena på Rockweekend med storm for ti år sidan, smiler Maria.

moro på sjøen og langs bøgardane

På dagtid laurdagen har Roger Igland og Iglandsvik Utvikling ansvar for programmet.

– Tradisjonen tru blir det konsert på utescene på kaia på Igland. I fjor introduserte vi Rockweekendløpet, og det blei ein suksess som vi gjentek, men med nytt innhald. Ung og gammal kan gå eller springe langs bøgardane i bygda. Vi legg inn over-

raskande underhaldningsinnslag i ei ur eller på ein låvebru langs løypa, smiler Roger.

tøff «triatlon»

Fjoråret baud også på premieren for eit slags triatlonløp med symjing, springing og SUP-padling. Det kjem også tilbake, men i ei litt anna form.

– Dette blir tøffare enn i fjor. Vi får 10–12 godt trente deltakarar til å kjempe seg gjennom løypa som er konsentrert rundt Iglandsvika. Eg trur dette blir ei kjempeoppleving for publikum å følge med på, seier Roger.

Per Øyvind Helle

Styret i Rockweekend. Frå v. Andreas Gjersund Runningen, Maria Igland, Leif-Erik Senneset, Silje Mikarlsen Dahl og Joakim Totland Hauge. Oliver Igland er ikkje med på bildet. Violet Road er eit av Norges beste liveband. Pressefoto
enda
f oto: o liver i gl and/oPP le v Bremanger
«Triatlon»-konkurransen blir
tøffare enn i fjor, forsikar Roger Igland som her motiverer ein av fjorårets deltakarar.
Synne Vo blir stadig meir populær. Pressefoto
22 s ommar Byen 20 24

Best i test for fjerde år på rad*

Med Enivest surfar du på prisvinnande internett*, med kundeservice i Norgestoppen**

Sjekk kva du kan få på enivest.no

*1. plass

- nPerf Speed Test 2023, fast breiband

**3. plass

- Kundeserviceprisen 2023, fast breiband

23 Sommarbyen 2024

aktivitet San Svarle g: Marie Louise Kjørlaug Svangtun er aktivitetsansvarleg på Havblikk.

Foto: Sout H Coa S t Creative

logi Stikkan Svarle g : Kristoffer Karstensen vaks opp på Fanøy og bur no i Florø. – På ein festival er det mykje utstyr, artistmat med meir som treng å bli frakta til og frå øya, så mitt ansvar er å organisere alt dette. Det er kjekt og spennande arbeid der det alltid er problem som ein må finne gode og kjappe løysingar på.

Foto: Sout H Coa S t Creative

F rivilligan Svarle g : Vidar Seljen Høydal er frå Måløy og bur i Stavanger der han jobbar som teiknspråktolk. –Mitt ansvar er å ta i mot alle frivillige og sørge for at dei får ei best mogleg festivaloppleving. Det er mange trådar å halde styr på, men alle på laget gir det lille ekstra og det går som ein draum! På Havblikk er vi ei unik festivalboble – ei digg kjensle av å høyre til i eit samhald med ein herleg gjeng!

Foto: Sout H Coa S t Creative

Sommar

byen

Havblikkgjengen

Jobben min er å endre Fanøy til eit skikkeleg koseleg festivalområde der publikum kan nyte musikk og forfriskningar!

Richa R d områdeansvarleg.

C am Pan Svarle g : Lokalkjente Else Karin Seljeseth har fått ansvaret for campen i år. – Eg har vore med som festivaldeltakar i fleire år og sett det fantastiske arbeidet som er lagt ned av festivalleiinga og av dei frivillige. No ønskjer eg sjølv å oppleve den fine stemninga i denne gjengen og bidra til å vise fram Fanøy til alle som kjem - og ikkje minst la dei få smake Ragnhild sine gode fiskekaker, smiler Else Karin som til dagen jobbar for Widerøe Ground Handling på Florø Lufthamn der ei oppgåve kan vere å redde fugl på rullebana!

m at: Jon Erik Kvåle Øien er matansvarleg.

Foto: Sout H Coa S t Creative

o mråde S je F: Richard Andreas Salvesen er like glad i Fanøy som han er i Drøbaksundet!

Foto: Sout H Coa S t Creative

24 Sommarbyen 2024

bar SJ e F en : Gunhild Strømgren har 15 års fartstid innan restaurant- og servicebransjen. No tek ho lærarutdanning og pedagogikk, så årets drikkekurs kjem til å nå nye høgder med tanke på formidling.

Fo T o: Sou T h Coa S T CreaT iv

Møt menneska bak di sommaroppleving

Det er heldigvis mange hundre av dei i vårt område: Dugnadsfolket. Eldsjelene som legg til rette for at vi andre skal få gode sommaropplevingar.

Dei går rundt i islendarar på Sildebordet, i kostyme på Kinnaspelet og i t-skjorter med namnet på festivalen dei jobbar for. Hundrevis av menneske som brukar av fritida si for at lokale festivalar og ulike sommararrangement skal gi oss smil om munnen, gode augneblinkar og varige sommarminne.

På festivalen Havblikk på Fanøy jobbar 80 av desse. Festivalen langt ute i havgapet kan skilte med eit imponerande artistprogram når dei siste helga i juni feirar sine første fem år. Honningbarna, Real Ones, Moddi og Michelle Ullestad er blant namna på plakaten. Men festivalen er ikkje berre musikkopplevingar.

Vi let nokre av eldsjelene som arrangerer festival på Fanøy representere alle dei som gir oss gode sommaropplevingar. Nokre kjem langvegsfrå, medan andre har lokal tilknyting.

– Den mest idylliske festivalen eg har vore på

Marie Louise Kjørlaug Svangtun jobbar i år frivillig som Havblikk sin første aktivitetsansvarlege.

– Som ein del av festivalen gjennomfører vi eit aktivitetstilbod på dagtid før festivalområdet opnar, fortel Marie.

I fjor stod blant anna boblesmaking med sommelier, uteyoga i nydeleg natur, fisking og rokonkurranse på programmet.

Marie fortel at ho ønskjer å leggje vekt på aktivitetar som tek i bruk den fantastiske naturen og som freistar fleire målgrupper.

– Vi håpar å få til ei historisk vandring på øya og så introduserer vi Havblikks Tøffaste, ein konkurranse der mellom anna halding av teiner og anna inngår, smiler ho.

Quiz og musikkbingo kjem også til å stå på programmet i år.

– Eg gjekk på ungdomsskulen i Florø saman med arrangørane av Havblikk, og var med som frivillig i fjor for første gang. Det gav absolutt meirsmak! Havblikk er den mest idylliske festivalen eg har vore med på, og ingenting freistar meir enn å sitje i havgapet medan sola skin, nyte god musikk og vere omringa av vener og bekjente, smiler ho. b armeny, bobler og oransjevin Gunhild Strømgren er utdanna sommelier og vaks opp på Fanøy. Som i fjor blir jo baransvarleg på Havblikk. I år vidareutviklar ho barkonseptet.

– Vi er fantastisk heldige som har hand-

verks- og kvalitetsbryggeriet Kinn Bryggeri i nærleiken. Det er ein samarbeidspartnar vi har tett kontakt med for å skape gode drikkeopplevingar for publikum. I fjor hadde vi boblesmaking, og i år blir det også oransjevinsmaking. Eg trur ikkje det er mange «små» festivalar i Norge som kan skilte med champagne på glas. Det er jo også litt kult, seier Gunhild entusiastisk.

– Eg er med som frivillig fordi det er ein kvalitetsfestival på kanskje verdas vakraste location. Treng eg seier meir!? Sol, bading, super musikk, glade menneske. Havblikk er fantastisk!

– maten skal vere digg og rask

Jon Erik Kvåle Øien frå Stårheim er matansvarleg på festivalen, og etter fantastiske tilbakemeldingar i 2023, er Jon Erik med også i år.

– I samråd med andre legg eg opp menyen og passar på at alt ligg til rette for å lage mat som er digg og rask. Det inneber ganske mange timar med prepp på førehand og undervegs i festivalen.

Jon Erik fortel at det er fleire som gjekk i klasse på Firda VGS som jobbar med festivalen.

– Det gjer det ekstra gøy å få ein reunion ein gong i året. Og så er det noko magisk når festivalen endeleg er i gong og ting funkar som det skal.

Til vanleg jobbar Jon Erik som vinkelner og restaurantsjef i Bergen.

– Eg har samstundes vore utøvande musikar sidan eg flytta til Bergen, fortel han.

Trommisen som snikrar og sjauar

Richard Andreas Salvesen frå Drøbak spelte trommer i bandet Flokkdyr på Havblikk i 2022. Då kom Richard, som også er snikkar, til Fanøy ein dag for tidleg.

– Eg likar å ta i eit tak, så eg sette meg like gjerne i gang som frivillig på festivalen, smiler han.

Og no er Richard blitt festivalen sin områdeansvarlege.

– Eg har ansvar for dekor og utforming av området der Havblikk blir arrangert. Jobben min er å endre Fanøy til eit skikkeleg koseleg festivalområde der publikum kan nyte musikk og forfriskingar! Merch-boden, kaféen, barane, matutsal og toalett; vi må gjere det oversiktleg og tilgjengeleg, seier han.

– Det var utruleg gøy å kunne bidra i 2022, og det gjorde at eg fekk eit eigarskap til festivalen. Då er det ekstra gøy å setje seg bak trommene, skal eg seie deg. Eg gler meg til å kunne nyte synet av det flotte festivalområdet når det fyller seg opp med glade publikummarar samtidig som eg kan ta meg ein velfortent øl eller tre og sjå på konsertar, slår den snikkarglade trommisen fast.

Per Øyvind Helle

25 Sommarbyen 2024 byen Fanøy Sommar

Dampande suksess i Furuholmen

Kinn Bad si flytande badstove ytst på Furuholmen Båthavn i Florø opna i mai.

– Ho har vore ein suksess frå dag ein, fortel Magnus Brandsøy som driv badstova saman med sambuar Heidi Kjerpeset.

Magnus er veldig nøgd med korleis badstova og badeplattforma fungerer, og med mottakinga tilbodet deira har fått.

– Vi har fått på plass eit effektivt og enkelt bookingsystem som gjer at gjestane omtrent styrer seg sjølve. Vår jobb blir å vaske og halde ting pent og i orden. Bookingane framover ser veldig bra ut, så dette er eit tilbod eg trur både fastbuande og tilreisande finn attraktivt.

Med flott utsikt mot Båtevika og relativt kort veg frå Florø sentrum, er Kinn Bad si flytande badstove alt blitt eit populært fritids-tilbod.

Per Øyvind Helle

byen

Våre stasjoner:

Almenningsfjellet

Bremanger

Bryggja Furuholmen

Byrkjelo

Dragsund

Fiskå

Florø

Fosnavåg

Haugsbygda

Klubbevika

Kolset

Kulen

Måløy

Sandane

Smørhamn

Stryn

Sørbøvåg

Utvik Leirvik

Moldøen

Åheim

Ålesund

26 Sommarbyen 2024
Med vårt MH24 kort får du rabatt på hver tanking. Telefon: 57 85 36 50 | Epost: post@mhservice.no mhservice.no
Foto: Kri S tine l ar S en m jelde
Drivstoff til sj� og land

Det er sju år sidan siste konsert, no er Kjartan tilbake

Palmekystfestivalen har vore eit flott tilskot på kulturkalenderen i Florø dei siste åra. I år byttar dei arena for andre gong.

Kjartan Lauritzen og fire andre artistar skal løyse smila og sveitten til publikum under årets Palmekystfestival. Og det skjer innandørs i Florø Idrettssenter 26.-27. juli. Festivalen starta i eit telt på Torget i Florø for to år sidan. I fjor vaks festivalen ut av teltet og opp på Florø Stadion. I år er arrangørane vêruavhengige når dei arrangerer konsertar i Florø Idrettssenter for første gong på sju år.

Kjartan; også for dei under 18 – Den gong i 2017 var det også Kjartan Lauritzen som heldt konsert i idrettssenteret, fortel Sivert Orheim i Palmekystfestivalen.

Han er særs glad for at dei får lov til å halde konsert i idrettssenteret. Tilbake i 2012 og 2013 heldt Kaizers Orchestra to konsertar i hallen, og erfaringa frå den gong viser at hallen er ein særs god konsertarena.

Kjartan Lauritzen har vakse seg stor som artist sidan 2017. Låtar som «Fredag»,

Sommar

Palmekystfestivalen har gitt flotte konsertopplevingar for mange glade publikummarar dei siste to år. Desse gler seg nok til årets progam også! Foto: l iv Standal

«Tada» og «Skaol Skadle» har fått mykje radiospeling for antihelten med stor kjærleik til heimbygda, og både samarbeidet med Ylvis-brørne og eigen TV-serie, «6899 til eg dør», om det spinnville hotellprosjektet i Balestrand har sett 28-åringen ettertrykkeleg på kartet.

I år var han også nominert til årets Spellemann saman med DJ MøMø for låta Badebussen. Rapparen Marstein er også klar for festivalen. Han vann i år Årets Spelle-

mann med gruppa Undegrunn. Cir.Cuz, Amondso og Halva Priset er dei andre artistane på plakten. Og alle desse får også ungdom under 18 år oppleve.

– Det er viktig for oss å halde fram med å lage eit festivalområde for dei under 18 år. Alt er klart til ein herleg festival siste helga i juli, slår Sivert fast.

Per Øyvind Helle

27 Sommarbyen 2024
TUREN TIL KINN OG TEATERET VED HAVET –EI OPPLEVING DU IKKJE FINN MAKEN TIL! BÅT FRÅ BERGEN OG FLORØ. Sjå www.kinnaspelet.no for meir info og billettar 22. og 23. juni Songen ved det store djup

– Du får ikkje meir moro enn Våt Moro lagar til deg

– Programmet blir større og meir variert enn nokon gong. Det proklamerer festivalsjef Frank Robert Klakegg i Våt Moro.

– Vi har kjøpt inn hoppeslott som ungane kan kose seg i. Vi lagar turnering i boblefotball. Bananabåten er tilbake med frydefulle hyl på Florøvika. Og vi køyrer på med efoil i samarbeid med Nordfjord Aktiv. I tillegg får du alle andre aktivitetar som vi er kjende for; ribturar med meir.

Festivalsjef Klakegg gler seg på barns vis til det ellevte året med vassportfestivalen

Våt Moro i Florø.

– b arneparken er favoritten

For småbarnspappa Frank Robert er barneparken i byparken favoritten.

– Det å sjå gleda barna viser når dei boltrar seg på vassklia i parken med skum i håret, ja, då kjenner eg på at vi arrangerer ein viktig festival - både for små og store. Du får ikkje meir moro enn Våt Moro lagar til deg!

Men Frank Robert er ein aktiv kar sjølv, og vi vil nok også sjå han på Florøvika på årets nyheit; e-foil-brettet.

– Det er Nordfjord Aktiv som kjem med tilbodet, og dei vil truleg også halde kurs, fortel han.

Stemningsgaranti på a mf i og afterS ea

For aktivitetstilbodet på dagtid er det Amfi-kaia som er utgangspunktet.

– Her har vi verkeleg fått til ein fin kaifront under festivalen med god stemning som det ikkje er grunn til å endre på, meiner Frank Robert.

For kveldsprogrammet er det eit stort telt på Torget som er arena.

– Torsdagen satsar vi på stand-up. Det fortel Christian V. Hope som er ansvarleg for artistbooking og marknadsføring.

Maria «Piateed» Stavang og Marlene Stavrum gir deg eit heilaftans show med impro, sketsjar, standup, karakterar og roast. Og kanskje treng dei hjelp frå publikum?

Florø Sommar

byen

– Vi håpar du vil komme og leike med dei, for det er det dei skal; leike og vere barn igjen, smiler Christian og legg til at bergensaren Per-Owe Helle skal varme opp.

– Suksessoppskrifta rokkar vi ikkje ved

– Vår aller største suksess og tradisjon blir sjølvsagt gjenteke i år, forsikrar Christian og siktar til quizkvelden på fredagen. Tradisjonen tru er det lagt inn fleire utfordringar undervegs. Når vinnaren er tildelt heider, ære og ein verdig premie, entrar partybandet Waterproof scena og spe-

lar opp til allsang.

– Dette blir ein kveld du ikkje vil sjå på story dagen etter utan sjølv å ha vore med, meiner Christian.

Laurdag blir festivalen runda av med Demokratisk Dansegulv. Det er eit klubbkonsept som lar publikum bestemme musikken dei vil høyre.

– På demokratisk vis, sjølvsagt. Det blir to DJ-lag der kvart lag får stemme på kva låt som er den neste. Det skapar ei unik stemning der du og vennene dine legg føringane for kvelden, avsluttar Christian. Per Øyvind Helle

28 Sommarbyen 2024
Alltid god stemning på Våt Moro-quizen! Foto: Fanny Feragen Solheim Festivalsjef Frank Robert Klakegg og Christian Hope som tar seg av marknadsføring og artistbooking Med e-foil svever du over vannet... det er ein augneblink du kjem til å hugse for resten av livet. Foto: n ord Fjord a ktiv
29 Sommarbyen 2024 HELT NYE HELELEKTRISKE EXPLORER® Auto 8-8 Forum Sandersplassen 2 6808 Førde Tel. 57 83 09 60 www.auto8-8.no Explorer RWD Extended Range Opptil 602 km rekkevidde* Fra kr. 459.000,- Ta kontakt for info og tilbud! *Rekkevidde er testet etter WLTP. Gjelder RWD med fulladet Extended Range batteri. Faktisk rekkevidde vil variere ut fra en rekke faktorer som utvendig klima, kjørestil, vedlikehold av bil, alder på batteriet osv. Vi tar forbehold om eventuelle prisendringer etter 30.06.24

Fo to: a rne Hjort j o H an S en

Laksebowling stod på programmet i fjor, kanskje i år også?

Foto: a rne Hjort j o H an S en

Med Solveig Hareide som konferansier på Laksens Dag er barn og vaksne sikra god underhaldning og konkurransar med flotte premiar.

Solveig og laksen skapar oppskrifta for det gode liv

– Laksens Dag er ei folkeleg markering av laksen som eit viktig og godt produkt. Og så er det Florø sin store familieog feelgood-dag!

Solveig Willis står i spissen for kring 100 frivillige som er involvert i å lage folke- og gatefesten Laksens Dag i Strandgata i Florø. I år er datoen laurdag 22. juni.

– Gjennom åra har vi funne ei god oppskrift på arrangementet som samlar tusenvis av barn og vaksne i sentrum på dagtid. Målet vårt er å skape liv og røre og fine opplevingar gjennom fokus på kva laksen har å seie for regionen vår, seier Solveig. namnesøstera er tilbake

Lakse-Solveig er glad for nok ein gong å få med seg NRK-Solveig som konferansier og underhaldar på scena i Strandgata.

– Solveig Hareide er særs populær blant barna. Ho er i full gong med å pønske ut kreative og gøye konkurransar og aktivitetar som ungane, og vaksne, får kose seg meg, fortel lakse-Solveig og nemner blant

Sommar

byen

Florø

anna eit rebusløp med flotte premiar.

NRK-Solveig er frå Florø og var konferansier på Laksens Dag også i 2019 og 2022. Ho er prosjektleiar for programmet «Norges Tøffeste», tidlegare programleiar for «Newton» og medskapar av barne-tv-serien «Solveig og Kosinus», og er eit sprudlande scene-, underhaldar- og konferansiertalent.

Men NRK-Solveig er ikkje åleine om å skape smilande gateliv.

b arnas l aksemeisterskap og smakfulle rettar

I tillegg til å by på musikk, moro for borna og spanande og smakfull mat, så viser oppdrettsnæringa i fylket fram aktiviteten sin. Det blir mange stander i gata, og du kan gå om bord i arbeidsbåtar på Kolkaia der du vil få eit innblikk i kvardagen for dei som jobbar i næringa.

– Kokkelauget kjem med 15 kokkar og lagar Barnas Laksemeisterskap. Dei lagar også kring 7000 smaksprøver av laks og aure i mange ulike variantar som folk får nyte. Heldigvis er ikkje Byakvariet stengt, så der blir det flotte aktivitetar for barna i år også, seier lakse-Solveig.

Ungdomsbandet Grenades skal spele ein minikonsert, medan hovudattraksjonen på musikksida, Drops Of Green, blir å høyre

fleire gongar. Det seks mann store irske bandet har fått ein stor fanskare. Dei kombinerer ei rekke instrument med salige firstemmige harmoniar og speler alle dine irske favorittmelodiar! Dei speler også til konsert på Haavebua om kvelden.

Laksens Dag er ein del av Himmel & Hav helga med Sildebordet og Kinnaspelet. Per Øyvind Helle

Med sine eigne unike og moderne versjonar av klassiske irske låtar, saman med eit vell av tradisjonar, historieforteljing og lidenskap, er showet til Drops Of Green eit must for irske musikkfans, både unge og gamle.

Foto: S

30 Sommarbyen 2024
SISte S jan S e ? Blir Laksens Dag siste høve til å sjå Gro Tveit Sveen på stand for Svanøy Røykeri? Vi får gå i Strandgata 22. juni for å sjekke!
te Fan C la U S

Slik kan du også bruke Storåsen

Dei blå metall-»reira» i Storåsen blir stadig meir populære.

I løpet av 2025 kan 18 diskgolfhol stå klare i Storåsen i Florø. Enn så lenge er ni hol på plass. Og det er meir enn nok til at mange tek den korte turen opp i åsen for å løyse litt sveitte, nyte natur, trimme og konkurrere litt, og vere sosiale.

300 interesserte, og fleire blir det Florø Diskgolf er ei undergruppe av Florø Turn & Idrettsforening og har i dag kring 30 betalande medlemmer.

– Men 300 er med i Facebook-gruppa vår, og kven som helst kan bruke bana i åsen gratis. Dette er eit lågterkseltilbod til ein aktivitet vi er glade i og ønskjer at fleire skal få auga opp for.

Det seier styreleiar Even Hallingstad og nestleiar Thomas Øren i Florø Diskgolf FT&IF.

Vakker utsikt og nøgde hyl

Då vi var i åsen for å snakke med Even og Thomas, møtte vi på fire andre karar som var i gang med å spele ein runde. Og på hol 4, med vakker utsikt over Likkjevatnet, landa ein diskgolf berre ein meter frå korga, etter eit kast på opp mot 90 meter. Då kom det eit nøgd hyl frå karen som kasta.

– Når du får til eit godt kast, så kjem det nokre spontane kjensler som må få utløp, smiler Even.

Bana i Storåsen er relativt kort. Dei to lengste hola er knappe 100 meter.

– Men det er ei krevjande og spennande bane med mykje skogsterreng. Og så ligg den jo svært vakkert til her opp, seier Thomas.

Thomas og Even er over snittet interessert i sporten og har ein ryggsekk full av diskar som passar til ulike lengder og vindforhold.

– Du treng absolutt ikkje ein ryggsekk med diskar, du treng ein eller to. Og om du vil prøve deg, så kan du kontakte oss eller gå inn på Florø Diskgolf FT&IF på Facebook og sjå informasjonen der. Vi har nokre diskar til utleige, seier dei to.

Turist og vekesgolf

Er du turist i byen og ønskjer ein kjekk aktivitet ein dag, så har BUA i Strandgata nokre diskar til låns.

– Vil du kjøpe ein disk, så får du det i ein sportsbutikk. Prisen ligg på kring 200 kroner for ein kurant ein. Så er det berre å samle seg ein liten gjeng og kose seg på

Even Hallingstad (t.v) og Thomas Øren ønskjer deg velkomen til å prøve diskgolfbana i Storåsen.

bana vår, seier Thomas.

I sommar kan Thomas og Even også tilby vekesgolf.

– Ein gong i veka inviterer vi til trening i åsen med enkel konkurranse. Og her kan du komme anten du berre er nyfiken nybegynnar eller har halde på ei stund. All informasjon om dette får du på Facebook-sida vår.

Gjennom dugnad og støtte frå lokale bankar og anna næringsliv, og tippemidlar, skal Even, Thomas og Florø T&IF ha skryt for å ha skapt ein heilt ny aktivitetsarena i Florø. Diskgolf er ein lågterskel-sport som passar flott til ein kompisgjeng eller ei bedrift som er ute etter ein blåtur-aktivitet.

Ved bunkersen like over Florø Ungdomsskule finn du skilting med god informasjon om reglar, diskgolfgruppa i Florø og sjølve bana.

Per Øyvind Helle

– Diskgolf er omtrent gratis moro, leik, konkurranse og sosialt, meiner kompisgjengen. Frå v: Kristoffer Orheim, Eirik Kvamme, Aksel Knapstad og Mats Christiansen - Fo T o: Per øy V ind Helle

Aktiv sommar i Florø

Her har du nokre sommaraktivitetar du kan hive deg på. Ta kontakt med Turistinformasjonen i Strandgata eller dei mange bygdelaga rundt om for fleire tips.

Turistinformasjonen finn du i Strandgata. Tlf. 57 74 30 00 – www.fjordkysten.no

■ KAJAKK: Kari-Anne M. Strømmen, tlf. 906 82 961, Tine Kroppan Holvik, tlf. 971 68 809

■ STAND UP PADLING: Else Karin Seljeseth, tlf. 906 42 608

■ SYKLAR: Florø Turistinformasjon, tlf. 57 74 30 00

■ BÅTAR: Krokane Camping, tlf. 57 75 22 50

■ ROBÅTAR PÅ STOREVATNET: Florø Turistinformasjon, tlf. 57 74 30 00

■ GRATIS LÅN REDNINGSVESTAR, FISKEUTSTYR etc: BUA Florø, Strandgata 32, Ope man og tors 14-16.

■ GOLF: Florø Golfklubb, Tove Natvik, tlf. 977 52 410

Sommar

■ D ISKGOLF: FT&IF, Even tlf. 980 88 975, Thomas tlf. 902 02 871

■ TENNIS: Florø Tennisklubb, Jan Hallstensen, tlf. 965 09 540

■ FISKEBÅT MED SKIPPER: Nytraal, Kristian Grov, tlf. 911 33 022

■ SEGLING: Florø Seilforening, Frode Stavang, tlf. 481 52 323

■ KINO OG BIBLIOTEK: Florø Kulturhus, florøkulturhus.no

■ SOLDALEN BESØKSGÅRD: 4H-gard, Inn på tunet-gard, tlf. 924 62 201

■ HAVHESTEN BADELAND: tlf. 57 75 67 20

■ FLORØ MOTORSPORT KLUBB: Facebook: Florø Motorsport Klubb

■ HAVHESTEN BADELAND: havhesten.no

■ LEIRDUESKYTING: Flora Jeger og Fiskerforening v/Jan Otto Hovden, tlf 417 52 461

■ FLORA TURLAG: Tid og stad for turane; flora.dnt.no

■ FLORA HESTESPORTSENTER, hestesportsenter.no

hus, leilegheiter og båtplass. Vi leverar skreddarsydde løysingar.

31
Fo T o: Per øy V ind Helle
Nyeogflotte bustadar under oppføring! krusereklame.no Mobil 911 08 640 - kjell@fanevik.no Pris frå kr. 4.490.000 inkl. eigen båtplass i småbåthamn.Instetunet KÅRA
EIT
TIL
AV NORGES FINASTE BYGGJEFELT. Eit nytt og spanande bustadprosjekt med
Fo T o: S T einar b auge

Denne sommardagen kan livsløpet bli lagt for Bella (15)

Det idylliske sjøbumiljøet i Smørhamn handelstad er arena for ei av dei store opplevingane i sommar. Dagen då alt kan endre seg for ei 15 år gammal jente.

Det er 90 år sidan det skjedde. Dagen då systrene Bergljot og Solveig frå Steinset i Bremanger opplever ein dramatisk dag. Dagen dei skjønar at mellomfasen mellom barndom og vaksenliv med skulegang og studentliv og gift familieliv er kort. Langt kortare enn i vår tid.

«Bella og Solla - og Per» er eit nydeleg musikkteater som blir framført for fjerde gong i Smørhamn handelsstad. I år er datoane 29. og 30. juni. Tilbakemeldingane var strålande frå dei knappe 2000 publikummarane som fekk med seg «Bremanger sitt svar på Kinnaspelet» i 2019, 2021 og 2022. Frå h usabula og byggfag til Smørhamn og Solla

Dei som såg Husabula sin julekalender i år beit seg nok merke i 18 år gamle Bertine Edvardsen frå Bremanger. Ho imponerte stort med si nydelege stemme og sceneutstråling. Bertine går på byggfag på Florø VGS, og det er ho som speler rolla som Solla, den eitt år yngre søstera til Bella. Bella blir spelt av 20 år gamle Oline Strand Senneset.

– Bertine og Oline har eit gnistrande godt samspel på scena og er unike song- og scenetalent. Men dei er jo i ferd med å bli vaksne damer, så dette er nok siste gong publikum kan oppleve dei som Bella og Solla. Berre det i seg sjølv er grunn nok til å sjå årets framsyning, meiner Grete. o ppvekst ved havet

Manus og musikk står Tor Karseth bak, basert på boka Oppvekst ved havet, skriven av Solrun Nes.

– Musikkteateret «Bella og Solla - og Per» er mynta på heile familien, fortel Grete Berntzen, som er regissør og produsent. Handlinga i spelet er lagt til ein sommardag i 1934. Vi følgjer systrene Bergljot (Bella) og Solveig (Solla) og deira kvardagsliv i stort alvor og mykje humor på ein gard på Steinset i Kalvåg . Gjennom fine songar og dialogar kjem vi under huda på jentene og familiane deira. Vanskelege val må takast og det er også litt kjærleik i lufta.

– Heile stykket skildrar dagen då Bella er 15 år og blir spurt om å komme å tene på Nigardsøy. Det kunne vere tøft for ein 15-åring å gjere dette valet. I eit tid då menneska levde frå hand til munn, og der familiane vart samde om at ungjenta skulle i teneste på naboøya, så var livsløpet så godt som ferdig lagt for ungjenta, fortel Grete.

Livets alvor med glimt i auget

Barske bygdekarar med glimt i auget,

eit

Per (Åsmund Melvær Vadøy), som har eit godt auge til Bella, balanserer fint inn på sceneområdet i 2022-utgåva av stykket.

Fo to: a rve So L b akken

«Alle skal få drops kjøpt på butikken i Kalvåg.» Sjøhusmiljøet i Smørhamn gir ei fantastisk ramme for stykket. Fo to: a rve So L b

dansande og glade ungar, 20 i songkoret, det magiske sjøhusmiljøet og humoristiske replikkar, er andre grunnar til benke seg i Smørhamn.

– Det er kring 50 menneske involvert i spelet, og utanom musikarar og lydfolk, så gjer alle alt på dugnad. Det er ein kvardagsleg og fin dialog, utruleg fin musikk, rørande historier og morsomme replikkar. Stykket er familievennleg og har alt! Også barn som ser det seier at det er veldig kjekt, fortel Grete.

Prosjektet er ikkje eit kommunalt prosjekt åleine. Kulturskulen er inne, men det

er også Kalvåg bygdelag og Kalvåg songlag, i tillegg til Bremanger barnekor. Ungar frå Svelgen er også med.

Det kjem til å skje ting på begge sida av vågen i den gamle handelsstaden Smørhamn, og dei kjem til å bruke havet der båtar både skal komme og gå i løpet av stykket. Det er plass til 350 menneske på kvar av dei to framsyningane i det unike og intime natur- og sjøhusmiljøet.

Per Øyvind Helle

32 Sommarbyen 2024 byen
Sommar
Smørhamn
akken Bertine Edvardsen (t.v) og Oline Strand Senneset har gnistrande godt samspel på scena. Foto: a rve So L b akken

Over ein million såg Hornelen

Via Ferrata

Det første driftsåret var ein suksess for Hornelen Via Ferrata. – I år utvidar vi tilbodet både for dei som vil ha ei enklare rute, og for dei som vil kjenne på ekspedisjonskjensla!

Det fortel dagleg leiar Stijn van Oorschot i Hornelen Via Ferrata as.

Det første driftsåret hadde dei kring 450 betalande publikummarar der dei fleste klarta den minst krevjande ruta, Hekseveggen.

Den mest spektakulære – Målet var ein sesong utan noko uhell, og det gjekk fint. Tilbakemeldinga på Hekseveggen var at den var vanskelegare enn ein hadde trudd, og mykje luftigare enn andre Via Ferrata-løyper folk har prøvd før. Dette er nok fordi du heng rett over skipsleia stort sett heile ruta, noko som gjev luftig eksponering, seier Stijn.

Han fortel også at publikum frå inn- og utland omtala Olavsruta som den mest spektakulære ruta folk har klatra, både av dei med lite og mykje erfaring.

Sommar

– Ein funfact er at ein «reel» frå Olavsruta har fått over ein million visingar på Instagram, så no må vi vurdere om vi ikkje berre skal legge klatringa på hylla og bli influencerar i staden, smiler Stijn.

Guiding er nødvendig

– Grunna vanskegraden på klatreløypene

er guiding nødvendig, noko også samtlege vi hadde med oss opp i fjellveggen gav tilbakemelding om, seier Stijn.

Totalt har selskapet 15 guidar i sving, frå heile verda og lokale.

– Vi er også 3-4 som jobbar på «kontoret,» men dei fleste av oss jobbar også for morsselskapet Norway Adventures, opplyser Stijn.

Nye tilbod

Stijn har god tru på ein travel sommar for guidane sine.

– Vi jobbar med å treffe eit litt breiare publikum, spesielt blant utanlandske turistar som ikkje er klare for å gi seg i kast med dei brattaste henga. Derfor kjem vi til å prøve vandringar opp til gapahuken, samt overnatting i hengekøye, fortel han.

Ein annan variant dei har på trappene er klatring av Hekseveggen på kveldstid, overnatting i gapahuken, før ein klatrar Olavsrute på morgonkvisten dagen etterpå.

– Då får ein skikkeleg ekspedisjonskjensle og sparar tid og krefter sidan ein slepp noko inn- og utmarsj, seier Stijn.

Hornelen Via Ferrata samarbeider om totale opplevingspakkar med aktørane i nærleiken, slik som Knutholmen, Havlys, Davik Fjordparadis og Bremanger Fjordhotell.

– Hornelen Via Ferrata har som mål å å gjere Hornelen til eit fjell folk dreg eins ærend for å oppleve, og dermed skape meir reiselivstrafikk til Bremanger. Vi satsar på at dette blir endå betre denne sesongen.

Vi utfører mange oppdrag i alle årstider.

Vi har lang erfaring med lokale og dyktige ansatte som gjer jobben til konkurransedyktig pris.

•Plenklipping

•Klipp og stell av hekk, busker og trær.

•Stell av hage, planter og bed.

•Kosting, spyling og fasadevask

33 Sommarbye N 202 4
byen
Hor N ele N Tommel opp for utsikta! Foto: Hor N ele N Via Ferrata
STELL AV GRØNTAREAL
EIENDOMSVEDLIKEHOLD OG
• Postboks 274, 6902 Florø • Tlf. 57 75 21 40 • www.origod.no

Eva ønskjer velkomen – med litt hjelp frå Bruce Springsteen

Eva Myrvold er som Askeladden. Ho finn gode hjelparar og ting ho ser seg nytte av. Slik har ho spart Svanøy Hovedgård for store summar når stasgarden no opnar for hotelldrift igjen. Og ein av hjelparane hennar er Bruce Springsteen.

Eva Myrvold har vore dagleg leiar for Svanøy Hovedgård i eitt år. Den jobben har for det meste gått i å skaffe til vege nytt interiør til romma som blir pussa opp.

No gler ho seg til å bruke mest tid på rolla som vertinne for gjestane som kjem til øya som blir kalla for «Sunnfjords Perle.»

Vi møtte Eva nokre veker før reopninga 1. juni. At folk verkeleg har venta på at det unike hotellet på Svanøy skal opne igjen, viser bestillingane som har ramla inn.

– Vi er så så seie fullbooka i juni og juli ser også veldig bra ut, fortel Eva og legg til:

– Det har vore eit ellevilt år.

m illionar til låven og gratis

Grand-møblar til hovudgarden

Då Eva og dei gode hjelparane starta med renoveringa i fjor, så skulle dei i utgangspunktet byggje nytt kjøkken på hovudgarden.

– Det det blei lagt på is. Millionane har i staden vore nødvendig å bruke på totalrenoveringa av den store låven som vi byggjer om til ein fantastisk kulturlåve med moderne selskaps- og konferansefasilitetar. Her får vi eit stort restaurantkjøkken som gjer oss i stand til å tilby smakfulle og storslåtte rammer for store selskap og konferansar, smiler Eva når vi står i den gedigne låven som haugianarane bygde like aust for hovudgarden for nokre hundre år sidan.

– På låven skal jo Bjørn Eidsvåg spele i sommar, men vi har høyrt rykte om at Bruce Springsteen også kjem?

– Haha! Det hadde vore noko! Men eg skjønar kva du siktar til, ler Eva. Men før ho fortel om Springsteen, gir ho oss eit innblikk i korleis dette elleville året hennar har vore.

– På hovudgarden kan vi ta imot 35 overnattingsgjestar fordelt på 19 rom; 16 av dei på sjølve garden og tre på det gamle meieriet vegg i vegg. Då eg kom hit såg eg at det estetiske ikkje var heilt på stell på romma. Det var eit samansurium av stilar, så det

Sommar

bestemte eg meg for å gjere noko med, seier ho.

Og det har ho gjort, ved å bruke eit stort nettverk frå hennar varierte bakgrunn i hotell- og reiselivsbransjen. Og ved bruk av finn.no. Og ved bruk av bilen hennar med hengar som bokstaveleg tala har fått køyrt seg med eit titals fraktturar med interiør mellom aust og vest dette året.

– Eg har sikkert fått brukte møblar og interiør for nærmare millionen frå Grand Hotel i Oslo utan andre kostnader enn litt diesel, litt bompengar og tida eg har brukt på å farte over fjellet med alt eg har fått, smiler «dronninga av gjenbruk» som fleire kallar Eva.

autosøk på herregardsmøblar Gjennom kjennskap og venskap fekk Eva nyss i at staselege Grand Hotel skulle kvitte seg med gammalt interiør på hotellromma sine i fjor sommar. Stashotellet i Oslo feirar 150-årsjubileet sitt i år med renovering til over ein milliard kroner.

– Då var eg på, veit du! Og når Grand seier gamle møblar, så snakkar vi berre 7-8 år gamle, altså. Grand sitt klassiske, tidlause interiør passar inn her på hovudgarden, seier Eva og ramsar opp kva ho fekk tak i.

– Hovudgavlar trekt i skinn med integrerte stikkontaktar, flotte lysekroner, skrivebord, nattbord, småbord, bankettstolar og skrivebordsstolar, gardiner, sengetepper, pynteputer...

Eva trekkjer pusten.

– ... kappelaken, nattbordslamper, vitri-

neskap, lenestolar, sovesofaer... Noko av dette fann eg på finn.no. Eg har lagt inn autosøk på Finn med varsel slik at det poppar opp melding om nokon legg ut noko gratis som eg kan sjå meg nytte i. Autosøket, på mellom anna lamper, baderomsinnreiing og teppe, har ho lagt inn på strekninga Jessheim-Oslo-HønefossGol-Hemsedal-Lærdal-Sogndal-Førde-Florø.

– Så når eg pendlar fram og tilbake frå heimen min på Jessheim med møblar frå Grand, så kan det poppe opp ting på køyreturen eg kan plukke med meg. Slik fekk eg mellom anna tak i 32 brødkorger og nokre tv-kanner som vi kan bruke til servering til selskap på låven. Til fellesarealet på låven treng også møblar, så eg har lagt inn autosøk på herregardsmøblar og etestove i eik med skinnsete, fortel Eva og held fram på sprudlande vis.

– Eg kunne ikkje klart dette utan god hjelp frå mange. Gamle flyvertinnekollegaer og mennene deira, kompisar til sonen min og venninner dukka opp då eg ba om hjelp til å flytte 19 sovesofaer frå Grand til Svanøy. Å få dei inn i lastebilen til T. Larsen Transport var ein sveitt jobb skal eg seie deg!

Frå lageret til Larsen i Industrivegen i Florø krana dei sofaene om bord i oppdrettsbåten til Trond Sveen som frakta dei til Svanøy. Så var det med traktor med pallegaffel frå kaia og opp til hovudgarden. Her måtte dei demontere sofaene igjen og bere dei opp i andre etasje.

34 Sommarbyen 2024
Med innreiing som ho har fått gratis frå Grand Hotel, er Eva Myrvold i ferd med å ominnreie alle romma på hovudgarden. Her har ho laga stove av eit gammal kjøken. Foto: Per øyvind Helle

– Altså, slitet med sovesofaer er ein ting. Men korleis gjorde haugianarane det då dei bygde delar av garden her med stokkar som dei henta frå ei stavkyrkje i Hallingdal. Korleis i alle verda klarte dei det utan våre moderne hjelpemiddel?! Nei, folk var laga av noko anna før!

Springsteen tok tak

Eva har også fått ei vennine til å sy gardiner, og ei venninne har ho lokka til Svanøy for å jobbe saman med ho.

– Og så har eg ei venninne til som eg trur eg skal klare å få på gli med å flytte hit, smiler ho.

– Og Bruce Springsteen kjem også?

– Han hadde sikkert likt seg her, for Svanøy er fantastisk. Men eg gløymde å nemne det for han då han hjelpte meg.

For Springsteen tok også i eit tak for Eva då ting og tang skulle ut frå Grand Hotel. Han budde på hotellet i samband med konsertane han heldt i Oslo i fjor.

– Vi dreiv no og sleit med å bere ulike saker ut frå romma og ned i bilen og hengaren min då vi støytte på The Boss og Little Steven. «Are you stealing the furniture,» sa Springsteen smilande til meg. Og så var han ikkje verre på det enn at han hjelpte til med å bere ting inn i hengaren, smiler Eva.

Så slik har det seg at Bruce Springsteen har eit «Human Touch» på noko av møblementet du no finn på hovudgarden. Og Eva har ein fin lita bihistorie å fortelje til gjestane i tillegg til den unike historia sjølve Svanøy Hovudgård står for.

d ette er nytt

Det nye som møter gjestane på Svanøy Hovedgård i sommar er nokre nyoppussa bad, handikapbad for daggjestar, ei stove er bygd om til ein romantisk bryllaupssuite, og det er laga stove av eit gammalt kjøken. Vegg-til-vegg teppa i seks av romma er borte og innreiinga frå Eva sine raid på Grand Hotel og vakne blikk på Finn gjer at

Eva trivast veldig godt på Svanøy. I det raude eldhuset bak ho har ho pussa opp ei leilegheit ho bur i.

Fo to: Per Øyvind Helle

alle romma framstår i meir gjennomført stil.

– Fargemessig blir det også meir ryddig. No har vi blant anna eit raudt, eit grønt, eit blått og eit gult rom. Før var det estetiske inntrykket meir tilfeldig. Med litt opprydding i dette blir det veldig mykje betre utan å rokke ved den gamle herskapelege identiteten til hovudgarden, meiner Eva. Ombygginga av låven blir ikkje heilt ferdig denne sommaren. Då arbeidsfolka starta å pigge seg ned i kjellaren for å auke takhøgda frå den gamle sauefjøsen sine 1,70 meter til godkjend høgde, fann dei råtefjell og vatn.

På den gamle låven er eit omfattande ombyggingsarbeid i gang. Eva lovar at konsertsalen blir ferdig til Bjørn Eidsvåg sin konsert i juli.

Foto: Per Øyvind Helle

Sengegavlar, sengetepper, lampar, gardiner, stolar, kontorpult og meir til kjem frå Grand Hotel. Og i vinduskarmen på eine rommet har Eva fått i stand ein lesekrok.

Foto: Sol Fure

– Vi har måtte grave drenering rundt heile låven og det balar på seg med nye røyr og septiktank. Men du verda kor flott det blir når låven står ferdig! Eg har fått tak i 40 gamle eikestolar frå Grand som stod i den brune puben på Bristol Hotel. Dei skal eg han inn på låven. Nokre av dei fire meter lange gardinene frå Grand kan vi bruke som sceneteppe og til romavdeling. Og 26 flotte, jålete lysekroner vil passe perfekt under taket her. Det blir så flott, så! I første etasje i låven blir det inngang frå vest med resepsjon, garderobe, mingleområde, stort restaurantkjøken og stor selskaps- og konferansesal. Det blir trapp og heis opp til konsertlokalet som får ein ny og betre scene. I kjellaren blir det visningssenter med kunstskattar frå Svanøy som per no står hos Bergen Museum. Vinkjeller blir det også.

– Når låven er ferdig ombygd vil Svanøy Hovedgård vere ein fantastisk attraksjon og eit fullverdig hotell eg gler meg til å vere leiar for. Sjølv har eg no flytta inn i oppussa leilegheit i det gamle eldhuset. Kanskje blir eg her så lenge at eg kan få tittelen Fru Svanøy, for eg trivast verkeleg, avsluttar Eva på sprudlande og smilande vis.

Per Øyvind Helle

35 Sommarbyen 2024
Svanøy Hovedgård. Det gule huset er det gamle meieriet. Låven oppe til venstre. Bildet er teke i samband med bryllaup, derav «menneskehjartet.» Foto: Jo H an t rygve Sol H eim

Asbjørn vil ta fuglekassen til utlandet

Birdboxen ligg på ei høgd for seg sjølv, like ved den gamle skulen på øya, også kjend som Rekstakjellaren. Panoramautsikta frå hytta er retta sørvest i havet, og ein ser både det vakre landskapet på Reksta, vestover mot Kinn og sørover mot Alden.

– Birdboxen på Reksta er ein suksess. No satsar vi utanlands. Opplevingar knytt til naturen går aldri ut på dato.

Det er Asbjørn Reksten Stigedal, dagleg leiar i LivIt og medeigar i Birdbox Reksta, som seier dette. Livit er gründerselskapet bak konseptet Birdbox. Dei små nøkkelferdige overnattingsromma blir produsert i Eikefjord hos Brødrene Aa.

– Tilbakemeldingane frå gjestane i det året Birdbox Reksta har vore i drift er veldig gode. Vi er også veldig nøgde med talet på gjestar vi har hatt. Ordet går, og no har vi hatt folk her frå fleire land enn eg kan telje på hendene, fortel Asbjørn og nemner USA, Singapore og Tyskland - og sjølvsagt mange frå Norge.

naturlege opplevingar Birdbox er ei minimalistisk opplevingshytte som er designa for å få gjestane så tett på naturen som mogleg, med komforten til eit hotellrom. Ei overnatting i fuglekassen på Reksta kostar i overkant av 3000 kroner.

– Verdien for kunden er den unike opplevinga med å komme tett på naturen i kombinasjon med å bli kjent med små bygde-

samfunn på ein naturleg måte, meiner Asbjørn.

Og det er tydeleg ein verdi gjestane set høgt og er villig til å betale for.

Det er foreldra til Asbjørn, Inger Reksten Stigedal og Johnny Stigedal, som driftar birdboxen på Reksta.

– Omvising på det gamle skulehuset, sykling og fisking på øya, eit besøk i eit naust med gamle fiskereiskapar og forslag til flotte turar på øya er blant aktivitetane foreldra mine hjelper gjestane med, fortel Asbjørn.

No tilbyr Inger og Johnny også gjestane ei opplevingspakke med krabbelag på deira eiga sjøbu.

sveits først ute

Livit har selt mange birdboxar i Norge, og no satsar dei også i utlandet. Den første er alt komme opp i Sveits.

– Vi ser ein auke i førespurnader, både frå folk som vil overnatte i Birdbox og frå folk som ønskjer å kjøpe ein for å setje den opp og drifte den sjølv. Stadig fleire av desse førespurnadane kjem frå utlandet, opplyser Asbjørn.

I regionen vår står det ein Birdbox i Eikefjord i tillegg til den på Reksta. Og i løpet av sommaren kjem det også opp ein Birdbox på Fanøy.

– Gjestane blir kjent med det autentiske bygdemiljøet utanfor allfarveg. Det er ein verdi for dei som er verd prisen for ei overnatting i ein Birdbox, meiner Asbjørn Reksten Stigedal.

Seng, ein liten kjøkkenkrok, lenestolar, ventilasjon - og ikkje minst «a room with a view.» Det er det du får om du leiger Birdboxen på Reksta.

36 s o MM arbyen 2024 byen r eksta
Foto: t rond Myran r eksten
Sommar
Foto: t rond Myran r eksten

Dette er sildegutane sine, det!

12 mann har hengt opp 6000 sildefiletar til tørk i Bataldenbua i Båtevika. På Sildebordet blir det ei blanding av gammal tradisjon og ung lyd.

Fredag 21. juni dekkast borda, tusenvis av publikummarar strøymer til, og Sildebordet i Florø blir arranget for 31. gong. Mykje arbeid blir lagt ned før vi kan smake på havets sølv og menge oss med sidekvinna langs sildeborda i Strandgata.

Sildebordet er eit viktig og folkeleg gratisarrangement som held i hevd byen si sildehistorie.

12 manns arbeid

Stig Bredesen og Arild Melvær har ein mannsalder bak seg som medlemmer i Sildekomiteen. I vår fekk dei med seg ti assosierte medlemmer til å henge opp over 6000 sildefiletar i Bataldenbua ved Kystmuseet.

– Vi ti er som meinige sildesoldatar å rekne, ler Kjell Ståle Orheim som seier det er veldig kjekt å kunne bidra som frivillig.

Saman med dei andre har han hengt opp det som blir til tørkasild til sals på Sildebordet.

Hentar gammal oppskrift - og ungdommen får sitt I tillegg til tørkasilda som gamlegutane står for, så blir det sild i bøtter og spann langs borda med klassikarane nøttesild, glassmeistersild og stimensild. I tillegg er rødbetsild-oppskrifta frå midt på 1990-talet tilbake.

I fjor blei det noko brudulje då dei talentfulle gutane i bandet Grenades fekk spele under Silde-

6. klassingar frå alle skular i Florø-regionen har i vår vore på Bataldenbua og lært om sildehistoria. Dei fekk også henge opp sild til tørk på gamlemåten. – I gamle dagar flekka dei silda i ryggen og tok ikkje ut ryggbeinet. Dei beheldt buken, bretta den ut og hang den til tørk, fortel Stig og Arild. Fo T o: Per Øyv I n D He LL e

bordet. Nokon meinte lyden blei vel høg. Men Arild Melvær og Sildekomiteen bukkar ikkje under for presset for folk på sin eigen alder og har invitert Grenades til å spele nok ein gong.

– Sildebordet er for alle, også ungdommen, slår han fast.

Publikum får også oppleve det irske bandet Drops Of Green frå scena i Strandgata. Bandet er kveldsattraksjonen på Haavebua på Laksens Dag.

Per Øyvind Helle

Jack Ingebrigtsen, Agnar Huus, Svein Hove, Dagfinn Reiakvam, Gunnar Onarheim var ikkje til stades.

Fo T o: Per Øyv I n D He LL e

Åpningstider:

Torsdag 16.00-21.00 | Fredag 13.00-22.00 Lørdag 11.00-22.00 | Søndag 11.00-17.00

Tivoli for hele familien!

www.facebook.com/bergstromstivoli Lik oss på Facebook

37 Sommarbyen 2024
SILD e L aG e T: Frå v. nede: Modleiv Hovland, Stig Bredesen, Stig Bredesen, Ivar Magnussen, Arild Melvær. Frå v. oppe. Kurt Sandal, Kjell Ståle Orheim,
byen F LorØ Sommar
Tivoli
i Florø 20-23.
Telefon 57 86 84 00 Kraft og køyreglede Marknadsleiar i Sogn og Fjordane 2023
juni

Frå solgangsbris og fiskelykke til båtkos på brygga

Lune viker, storslått hav, gode uthamner, majestetiske øyer og sentrumsnære tilbod gjer at båtfolker likar seg i skjergarden rundt Florø.

Her er ei oversikt over nokre gjestebrygger og uthamner med utgangspunkt i Florø.

1: Florø Gjestebrygge

Byens gjestebrygge midt i det flotte hamnebassenget er populært blant båtfolket. Du finn eit av Norges beste gjesteservicehus her og mange maritime servicebedrifter. I tillegg finn du eit godt utval av kafear, serveringsstader og lokale butikkar i byen.

2: Fanøy Gjestebrygge

Du finn både gjestebrygge og nærbutikk like ved rutebåtstoppet på øya. Der kan du også leige kajakk. Pøbben og overnattingsstaden Ishuset er eit fiskestangkast unna.

3: Svelgen Gjestebrygge

Ved den flotte hagen til Bremanger Fjordhotell finn du både gjestehamn og bubilområde.

4: Knutholmen, Kalvåg

Du finn ein stor gjestebrygge i bygda som er kåra til ei av ti kystperler langs Norskekysten. Spa, galleri, treningssenter og restaurant.

5: Askrova Gjestebrygge

Gjestehamn like ved nærbutikken som byr på både daglegvarer og pøbb. Tilgang til straum, vatn og trådlaust nett.

6: Rindheim Gjestehamn, Reksta/ Rognaldsvåg

Sommar

byen

BåTFER iE

Gjestehamna på øya er godt tilrettelagd med vatn, landstraum og toalett/dusj like ved. Nærbutikk.

7: Svanøybukt Gjesthamn

På Sunnfjords perle finn du både gjestehamn, butikk og kro. Servicehus med fri bruk av dusj, toalett, vaskemaskin og tørketrommel. Gratis wi-fi på land. Du kan leige syklar på butikken.

8: Stavang gjeste- og bubilhamn Ved nærbutikken finn båtfolket det ein treng: Serviceanlegg med dusj, toalett,

Uthamner i Florø-skjergarden

1: å lvora ved Stavøya

Ideell for barnefamiliar. Treplattingar og trebruer. Sittegrupper og grillplassar. Grillhytte med gassomn. Langgrunn lagune og lita sandstrand.

2: Sponga, Domba på Hovden

Lita hytte på kaia med langbord og gassgrill. Godt utgangspunkt for fisketurar og korte og lange gåturar, til dømes til Kvanhovden fyr.

3: Æsøysundet på Skorpa

Plass til 8-10 båtar. Grillhytte med langbord og varmeomn. Flott turterreng, til dømes Blåkollen 393 m.o.h.

4: Hillersøya ved Vevlingen Kaiplass, flytebryggjer og gjestehytte med gassgrill. Flott for både barnefamiliar og andre båtreisande. Det er ikkje busetnad på øya.

Per Øyvind Helle

vaskemaskin, tørketrommel. Straum tilgjengeleg både for båt og bil.

Er du bubil-entusiast?

I Florø er det bubilparkering to stader. Ved Florø Stadion som ligg like ved det flotte turterrenget i dei to byane som åsen krinsar rundt, og ved Florø Bil og Havneservice i Strandavegen.

38 Sommarbyen 2024
FLORØ GJESTEBRYGGE: Idyllisk lokalisert i kystbyen.
32 SO mmARBYEn 2023 1 3 4 2 Kinn kommune 5km © Mapbox © OpenStreetMap © 2023 Norkart AS/Geovekst og kommunene/NASA, Meti 1 5 6 7 8 2 3 4

Keiino, Krisen Kro, nye turløyper, gjestebrygger og badstove

Bygde- og dugnadsfolket på Askrova fornektar seg ikkje. Dei er klare for nok ein aktiv sommar fylt med arrangement og nye tilbod for tilreisande. Dei har rydda nye turløper og sett opp kart i det vakre terrenget på øya, og i samband med det også montert ei badstove.

På den årlege konserten «Under Hillaren» 7. juni er det Asbjørn Vie og Jorunn Russøy som spelar. Og laurdag 27. juli kjem Keiino tilbake. 400 var på fjorårets strålande «stadionkonsert» med det populære bandet, og like mange og vel så det kjem nok i år. Då kan det vere greitt å vite for tilreisande at det er lagt ut nye gjestebrygger i Espeseth Molo, og at bygdekafèen Krisen Kro er open kvar laurdag frå klokka 14 til 18 i sommar.

Der blir det både leskande drikke, matservering og ulike sommaraktivitetar.

– Vi bur i byens beste hage

Doris og Håkon Christensen har budd i båt i fem år, dei siste tre av dei i gjestebrygga i Florø.

– Båt og båt, fru Blom. Vi kallar han huset vårt, smiler Doris og Håkon.

«Grosso» er av typen Bertram, bygd i 1980 med ei totallengde på 65 fot.

– Med to store dieselmotorar som sluker ei månadsløn om vi legg frå kai i nokre nautiske mil, så blir det til at vi ikkje løyser tampane, humrar Håkon. Dette er ein båt å bu i.

– o j, den var stor!

Dei to første åra budde Doris og Håkon om bord i båten i Måløy. I 2021 fekk så Håkon endra jobbstad som driftsteknikar i kommunen frå Måløy til Florø. Dermed flytta dei båten lenger sør til kystbyen der Doris har jobba sidan 2010, i ppt-tenesta og seinast på Florø barneskole. Ho er no starta i ny jobb i BUP i Førde.

– Eg ringde Florø Hamn og fortalde at eg trong båtplass. «Oj, den var stor,» var reaksjonen i andre enden av telefonen då eg sa kor stor Grosso var. Men ti minuttar etterpå hadde dei fiksa det. Det er rett og slett ein storarta service her, både av Florø Hamn og av Florø Parkering som driftar gjestebrygga, seier Håkon.

– e in av norge s beste Håkon og Doris er ikkje i tvil om at gjestebrygga i Florø er blant landets beste.

– Vi har jo budd her i nokre år og høyrer jo kva ferierande båtturistar seier. Fasilitetane med eit topp servicehus, hjelpsame hamnevertar og ei idyllisk plassering midt i

sentrum, skjerma for det verste vêret, er heilt strålande. Vi bur jo i byens beste hage! Håkon slår ut med armane og Doris smiler. Dei meiner at det å bu i båt gir ei spesiell fridomskjensle.

e in ny fase i livet

– For oss har desse fem åra vore ein flott fase i livet etter at ungane flytta ut då vi budde i hus i Måløy, fortel ekteparet.

Når dei går ned landgangen til brygga og om bord i båten, får dei mental kvilepuls.

– Om bord har vi alt vi treng og meir til. Og nabolivet med båtfolk tett på er veldig sosialt og kjekt. Koseleg rett og slett. Lydane frå hamnelivet, bøgjeskvulp, synet av ein oterfamilie, makrellstimar og ei sjeldan nise; å bu i båt i ei brygge er ei herleg blanding av natur- og byliv, konkluderer Doris og Håkon. I haust er likevel bubåt-livet over for dei to.

– Håkon blir 60 år i år, og kjøpet av leilegheit i det nye bygget på Notømarka er ein del av planen for alderdommen vår. Så båten er til sals, fortel Doris.

Kjøparen kan sjå fram til eit «hus» med eit kjøken der det er tre meter under taket. Byssa blei ombygd berre for eit par år sidan og er betre utstyrt enn mange vanlege kjøken.

– To bad med dusj, tre toalett, store soverom, stove, vaskemaskin, tørketrommel, gode varmekjelder, godt isolert... Det er eit fint hus kjøparen får, reklamerer Håkon.

– Og ikkje betalar du eigedomsskatt heller, smiler han.

Men med hytte på Halsør i Måløy er ikkje båtlivet heilt over.

– Vi må jo ha oss ein litt mindre båt som vi kan farte opp til hytta med, kjem det frå båtglade Håkon.

Per Øyvind Helle

39 Sommarbyen 2024
byen
Sommar
Det er tre meter under taket i byssa. –Favorittrommet mitt om bord, smiler Doris. – Livet på dekk er heilt topp, smiler Håkon og Doris. b egge Foto: Per øyvind Helle Keiino med Alexandra Rotan i spissen kjem tilbake til Askrova i år. Foto: a rne Hjor t j o H an S en
byen
aS krova Sommar

Vi er med deg -heile vegen

God sommar!

ssf.no

Frå sparekonto til huskjøp og pensjonssparing. Rådgjevarane og meklarane våre i Florø er med deg heile vegen.

Avtal eit møte ved å scanne QR koden eller ring oss på 57 82 97 00.

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.