Firdaposten
tema Utdanning
Fredag 31. januar 2020
13
Utdanning Temabilaget er eit samarbeid mellom Firda, Firdaposten og Sogn Avis.
Flinkast i landet til å fullføre
Lærling: Elevane og lærlingane i Sogn og Fjordane er dei beste i landet til å fullføre utdanningsløpet. Venke Nordeide (54) og Roald Standnes (54) jobbar begge for at trenden skal halde fram Andrea Sørøy Tekst
– Elevane og lærlingane er veldig viktige, dei er framtida vår, seier Venke Nordeide. Ho er elev- og lærlingombod i Sogn og Fjordane fylkeskommune, no Vestland. Tidlegare Sogn og Fjordane var eitt av dei første fylka som fekk ombod for lærlingar, og det har vore Nordeide si rolle dei siste 15 åra. Jobben hennar inneber mellom anna å høyre på elevane og lærlingane og hjelpe dei dersom det oppstår eit problem. – Eg reiser ofte rundt til skulane for å møte elevane. Det er låg terskel for å ta kontakt, og det er viktig at vi får løyst opp i problema som oppstår. Det er viktig å rette opp i ting på eit tidleg tidspunkt, og på den måten skåne både lærlingen og bedrifta, seier ho.
På førsteplass Elevane og lærlingane i Sogn og Fjordane er dei beste i landet til å fullføre skuleløpet. Av dei som startar på yrkesfag, fullfører 71,5 prosent studieløpet innan fem år. Rogaland ligg på ein andreplass med 69,7 prosent, viser tal frå Ungdata. Nordeide trur den låge terskelen for å ta kontakt og at ombodet gjer seg kjent for elevane, kan vere ein av grunnane til at mange fullfører studieløpet, men ho understrekar at det er mange i den vidaregåande opplæringa som gjer ein god jobb for både elevar og lærlingar. – Når problem blir handtert tidleg, kan ein forhindre at lørlingane droppar ut. Samtidig får lærebedrifter ein sjanse til å gi rett hjelp i tide, utan at det endar som klagesaker. Mykje kan løysast digitalt, men ingenting kan erstatte ein støttande samtale, ansikt til ansikt, med den enkelte lærling som treng at nokon bryr seg, seier ho.
TIDLEG UTE: – Når ting blir tatt tidleg, kan ein lettare hindre at lærlingar droppar ut, påpeikar elev- og lærlingombod Venke Nordeide.
FOTO: Bent Are Iversen
Kva er OKSU? ■■ OKSU
(Opplæringskontoras samarbeidsutval) består av 13 opplæringskontora med adresse i Sogn og Fjordane, innanfor alle bransjar. ■■ Har ansvaret for over 1.000 lærlingar i regionen. ■■ Dei arbeider for at politikarane skal ta gode val og legge til rette for lærlingane og dei ulike bransjane. ■■ Styreleiaren har tale- og møterett i fylkestinget, men ikkje stemmerett. ■■ Arbeider for å rekruttere dei rette lærlingane til den rette bransjen.
Ønsker meir praksis i skulen Roald Standnes er styreleiar i OKSU, samarbeidsutvalet til opplæringskontora. Han meiner praksis og opplæring tidleg i skuleløpet kan hindre feilval og fråfall. – Ordninga der elevane får teste kva utdanningsprogram
som passar dei, og synt seg fram for bedriftene, er viktig for å redusere feilval og fråfall. Det er lagt opp til at elevane kan gjere omval dersom faget ikkje passar for dei. Kanskje er dette unødvendig bruk av ressursar om ein blir flinkare både i ungdomsskulen og i vidaregåande skule til å la elevane prøve seg meir i praksis.
Merkar betring Han har merkt seg at dei vidaregåande skulane har vorte betre til å fortelje elevane kva moglegheiter dei har. Dette er ein fordel for både lærlingane og lærebedriftene. – Skulane er meir aktive i formidlingsprosessen. Dette gjer at lærlingane og bedriftene får betre innsyn i kvarandre sine utfordringar. Dette er spesielt viktig når ein skal opplyse elevar – som av ulike grunnar fell frå enkelte studium, men kan gjere det bra i andre – om kva alternativ dei har. Han seier at etterspurnaden etter lærlingar er høg, og fleire
PRAKSIS: At ungdomsskule og vidaregåande skule let elevane prøve seg meir i praksis, er viktig for å redusere feilval og fråfall seinare, meiner Roald Standnes. Han er styreleiar i OKSU, ein fellesorganisasjon for opplæringskontora for dei ulike bransjane. bransjar har utfordringar med rekruttering. – Spør du opplæringskontora, så vil dei seie at næringslivet ønskjer seg fleire lærlingar. Dei vidaregåande skulane er flinke til å utnytte moglegheitene som ligg i yrkesfagleg fordjuping, og bedriftene er flinke til å
tilby praksis både elevar på vidaregåande skule og ungdomsskule, seier han. På spørsmål seier han at restaurant- og matfag og transportfag er fag som har hatt for lite søkjarar over fleire år, men at det stort sett er godt tilpassa.
14
TEMA UTDANNING
Fredag 31. januar 2020
FIRDAPOSTEN
Tobias (19) valde feil linje på vidaregåande:
Det har ikkje stoppa han LÆRLING: – Bror min gjekk byggfag, og eg tenkte det var noko som kunne passe for meg. Det gjorde det ikkje, så eg starta på nytt igjen. Eg ligg jo eitt år bak dei andre på min alder, men det er no det det er. ANDREA SØRØY Tekst
Tobias Ekreskar Nervik er 19 år gammal og bur på Flokeneset i Askvoll. Då han starta på byggfaglinja, merka han fort at det ikkje var rette valet. Han valde derfor å starte vidaregåande på nytt og søkte seg inn på naturbruklinja i Måløy, vidare til akvakultur på Vg2. No er han lærling hos Steinvik fiskefarm, der han jobbar saman med 24 andre tilsette. Bedrifta har fleire anlegg i regionen, fleire som berre er tilgjengelege med båt.
Var skulelei Nervik var skulelei, og han synest yrkesfag og havbruk er spennande og kjekt å jobbe
med. Han angrar ikkje på at han endra retning. No får han arbeide med varierte og artige oppgåver på anlegget, seier han. – Eg har fleire forskjellige arbeidsoppgåver som stort sett går ut på å røkte fisken. Passe på at fisken får nok mat, sjekke at det ikkje er hol på anlegget og så vidare. Det er eit kjekt yrke. Han har førebels ingen planar om å gå meir skule, men er ikkje heilt framand for tanken. – Nei, eg er framleis ganske skulelei og eg likar å få løn. Men ein veit jo aldri.
Ikkje problem å finne lærebedrift Nervik hadde ikkje noko problem med å finne lærlingplass, men seier at fleire av dei han gjekk i klasse med, hadde problem med å finne lærlingplass med ein gong. – Skulen er flink til å hjelpe oss med lærlingplassar, men sa at vi kanskje måtte flytte litt på oss. Utplassering er lurt og kan vere ein eventuell inngangsbillett til ein lærlingplass, seier han. Han har vore tilsett i Steinvik fiskefarm tidlegare og trivst godt der.
PRAKSIS: Arne Erling Gjelsvik (16) har valt same linje som Nervik og går på skule i Måløy. Akkurat no har han utplassering hos Steinvik FOTO: INGUNN OSLAND fiskefarm.
Samhald, karriere og personleg utvikling. Bli ein del av gjengen!
32
SJÅ MEIR PÅ WWW.FRAMTIDSFYLKET.NO
– Eg har det veldig fint som lærling, og det er gøy å tene pengar. Eg får god oppfølging og har veldig kjekke kollegaar. Kontrakten som lærling starta i juni, men eg har jobba på anlegget tidlegare, i feriar, helger og dersom dei har hatt behov for ekstra folk. Eg likar meg godt her.
Tilpassa marknaden Bedrifter som ligg utanfor regionsentera, må ofte jobbe ekstra for å tiltrekke seg søkarar, seier Roald Standnes. Han trur meir lokale skuletilbod kan hjelpe både elevar og bedrifter. – Nær tilknyting til ein vidaregåande skule er viktig for å kunne rekruttere lokalt. Når eit utdanningstilbod ikkje er tilgjengeleg i nærområdet, vel eleven ofte eit anna fag for å kunne bu nær heimen. Både bedriftene og elevane treng eit lokalt skuletilbod. Roald Standnes er styreleiar i Opplæringskontoras samarbeidsutval, OKSU, og er tett på dei ulike bransjane og lærlingane. Han seier fylke og næringsliv samarbeider godt og jobbar for at det skal vere tilstrekkeleg med plassar til lærlingane. – Det er mange omsyn å ta når ein skal kome fram til rett tal på elevplassar i dei ulike utdanningsprogramma. Talet på inntekne lærlingar, framtidsutsikter i dei ulike bransjane og talet på søkarar til skulane er viktige punkt. Dei siste åra har det vore god dialog mellom bransjane og opplæringsnemnda i Sogn og Fjordane. Generelt sett er det god balanse. Likevel er det nokre søkarar som ikkje får læreplass, og nokre bedrifter som ikkje finn søkaren dei vil satse på.
TRIVST: Tobias Ekreskar Nervik trivst som lærling og angrar ikkje på at han
ATTRAKTIVE TRAINEESTILLINGAR
Her trur flest elevar at dei blir arbeidsledige
I VESTLAND SØKNADSFRIST 1. MARS
Tal frå Ungdata.no gir ei oversikt over kva elevane forventar i framtida. I desse kommunane trur flest at dei vil gå arbeidsledige i framtida. På landsbasis er det 17 prosent som trur dei kjem til å vere arbeidsledige ein gong i framtida, medan i tidlegare Sogn og Fjordane fylke er snittet 11 prosent. Flest pessimistiske svar vart registrert i Gaular og Leikanger, men dei er likevel meir optimistiske enn ungdommen på landsbasis. Tal for Solund, Høyanger, Balestrand og Jølster er ikkje oppgitt.
FIRDAPOSTEN
TEMA UTDANNING
Fredag 31. januar 2020
FORNYBAR
BÆREKRAFT
KLIMA
skifta retning.
FOTO: INGUNN OSLAND
I desse kommunane skulkar dei mest
Er du oppteken av klimaet og framtida? Vi ser etter deg som vil bidra i vårt målretta arbeid og engasjement for framtidas løysingar. Hos oss finn du eit stort mangfald av framtidsretta jobbar, frå fagarbeidarar, ingeniørar til eit breitt spekter av administrative fag og leiing. No er vi på søken etter lærlingar innan elektrofaga, energimontør og energioperatør, sjå meir på sfe.no På landsbasis er det 24 prosent som oppgir at dei har skulka i løpet av det siste året, viser tal frå Ungdata. Totalt i gamle Sogn og Fjordane oppgir 20 prosent at dei òg har skulka ein eller fleire gongar det siste året. I desse kommunane skulkar flest: Tal for Solund, Høyanger, Balestrand og Jølster er ikkje oppgitt.
Søknadsfrist 1. mars
Sogn og Fjordane Energi
15
16
tema utdanning
Firdaposten
Fredag 31. januar 2020
Tonje (23) vart kåra til årets lærling: – Eg ante ingenting på førehand, men kjenner det er litt stas Lærling: Tonje Fiona Gulbrandsen vart årets lærling i Comfort-kjeda 2019. Ho er den einaste kvinnelege røyrleggaren hos Dale Rør i Førde.
– Det er nesten litt skremmande å snart vere ferdig. Eg føler eg har mykje å lære enno, seier Gulbrandsen.
Kosar seg på jobb
Ingunn Osland Tekst
– Eg visste ikkje heilt kva eg skulle bli. Men pappa er røyrleggar, og eg var med han litt for å sjå om det kunne vere interessant. Det var det. Etter kvart vart det meir og meir moro, og eg likte det eg heldt på med. Då var ikkje valet så vanskeleg, seier Gulbrandsen som er frå Heilevang i Førde. Ho valde å ta røyrleggarutdanning og begynte hos Dale Rør i utplassering frå skulen i 2016. Året etter begynte ho som lærling hos bedrifta.
Visste ingenting
Frequency.no
KJEKT: – Eg liker veldig godt å jobbe som rørleggar, seier Tonje Foto: Privat Gulbrandsen.
Gulbrandsen var med på teknisk fagseminar i Comfort-kjeda og ante ingenting om utmerkinga som kom. – Eg hadde høyrt noko om ei kåring av årets lærling. Og då eg forstod at noko var på gang, håpte eg nesten at det var ein av
KJEKK JOBB: Tonje Fiona Gulbrandsen (23) er veldig godt nøgd med å jobbe som rørleggar. Ho held på med siste året som lærling, og vart nyleg kåra til beste lærling i den kjeda ho FOTO: Privat jobbar for. dei andre som vart ropt opp. Men eg vart veldig glad, altså. Det var veldig kjekt. – Veit du kva som gjorde deg best av alle? – Eigentleg ikkje. Det er visse krav lærlingar skal innfri, og eg hadde visst innfridd alle. Dei hadde plukka ut meg, og det er veldig kjekt, seier Gulbrandsen. Ho er ferdig med læretida si i september i år, og håpar å få jobbe der vidare.
– Vi er 16 stykk som jobbar hos Dale Rør. Det er ei anna kvinne som jobbar i butikken, men eg er einaste kvinne som jobbar som røyrleggar, seier Gulbrandsen. – Korleis er det då? – Heilt fint. Eg trivst veldig godt, og vi har eit fint arbeidsmiljø. Det er greitt å jobbe med menn. Alle pratar med alle, og det er ikkje sånn at nokon går rundt og surmular over lengre tid. Eg likar meg godt, seier Gulbrandsen. – Ho leverer alltid 100 prosent på alt ho gjer, seier administrerande direktør i Comfort, Kari Øgle Kjensberg, i ei pressemelding. Ho legg til at Tonje er kjeda sitt «lærlingfjes» og at ho er ein flott ambassadør for dei. Sjølv håpar Gulbrandsen at fleire jenter gjer som ho, og vel røyrleggarfaget. – Det er spennande, og veldig kjekt. Eg håpar vi blir fleire jenter, seier ho.
Visste du at ... … …
Fjord1 har om lag 70 opplæringsstillingar i løpet av eit år i kortare eller lengre periodar kompetanseområda våre spenner mellom anna frå miljøteknologi, forretningsutvikling, HR og IKT til strategi, catering og økonomi/finans …
…
Fjord1 er det største ferjereiarlaget i Noreg med om lag 1200 tilsette over store delar av kysten til Noreg
…
vi tilbyr spennande traineestillingar
VI JAKTAR ALLTID PÅ
NY KOMPETANSE
Gode arbeidsmiljø, personleg utvikling og engasjerte leiarar kjenneteiknar arbeidskvardagen i Fjord1. Selskapet er det leiande ferjeselskapet i Norge, men vi har også aktivitet knytt til hurtigbåt, catering og reiseliv. Fjord1 er eit innovativt selskap med store ambisjonar, og vi er stadig på jakt etter ny kompetanse innan ulike fagområde! Sjå ledige stillingar på fjord1.no
Følg oss på Facebook og Instagram
VÅRE VERDIAR: STOLTE • OPNE OG ÆRLEGE • PÅLITELEGE • GODT HUMØR • TEAMÅND • LØNSAME
Målet er å ha i overkant av 70 lærlingar, og rundt 20 dekk- og maskinkadettar, fordelt på våre fartøy
...
Fjord1 er leiande innan det grøne skiftet i ferjenæringa
Firdaposten
Tema utdanning
Fredag 31. januar 2020
Vi ser etter lærlingar som ønskjer å gjere ein forskjell.
Det er difor vi treng deg. Equinor tok inn 159 lærlinger totalt i 2019. 29 av desse har arbeidsstad på Mongstad. Samfunnet treng fagarbeidarar, som lærling på Equinor Mongstad får ein brei arbeidserfaring under utdanninga. Vi har behov for fleire fagarbeidarar i
framtida! Equinor tek opp lærlingar i ei rekke fag. Nye lærlinge- stillingar blir utlyst kvart år i januar, med søknadsfrist 6. februar. Les meir på equinor.com
17
18
tema Utdanning
Firdaposten
Fredag 31. januar 2020
Kunstfag: Ho er sjølvstendig, har svømt med haiar og jobba på SFO i Sveits. Men mest av alt elskar Elisabeth å teikne.
Kunststudenten Elisabeth:
– Alle bør dyrke si kreative side
Sunniva Grimstad Hestenes Tekst og foto
Elisabeth Fure Schwarz stikk hovudet ut av vindauget som er rett ved inngangen til bakgarden. Ho smiler stort og osar positivitet på ein slik måte at det varmar. – Berre bla ned til du finn namnet Schwarz og trykk på klokka, så slepp eg deg inn, ropar ho. Leilegheita er lita. Den er av typen som ser stor ut når ein først kjem inn, men etter kvart så merkar ein at den ikkje er så stor likevel. Kanskje det er fordi det er høgt under taket og Elisabeth søv på ein hems over badet. Gjestfriheita er i alle fall stor i det ho byr på kaffi og bollar. Den søte lukta av gjærbakst set seg i nasa og blir verande.
Kunstnar? Hobbykunstnar?
VIKTIG: Alle, uansett kva ein driv med og kvar ein er i livet, bør utforske og dyrke dei kreative sidene sine, meiner kunststudent Elisabeth Fure Schwarz frå Florø.
Elisabeth Fure Schwarz bur i Oslo, men favorittplassen hennar er i lenestolen heime i Florø med utsikt over Storebatalden og dei andre øyane. Når ho sit der kan ho slappe av, og om katten er i godt humør legg han seg på fanget hennar. – Eg likar å sjå på meg sjølv som sjølvstendig. Også øver eg meg på å seie at eg er ein kunstnar, for det
ORIGOD
KURS I FLORØ OG FØRDE
KURS • • • • • • •
NOG 116 Pakking, sikring • og transport av last • Truckførarkurs T1, T2, T3 og T4 Truckkurs+ 10 tonn • Masseforflyttingskurs • G-11: Løfteredskap • stroppekurs • Kurs i varme arbeider • Stillaskurs 2-9 meter
Trefelling / Motorsagkurs Anhuker og signalgiverløfteredskap Lift- personløftekurs Fallsikring Traverskran kurs G-4 Fastmontert hydraulisk kran G-20 Førstehjelps kurs
For meir informasjon sjå origod.no eller kontakt kursleiar Jon Ole Solheim: 951 17 653 Postboks 274, 6902 Florø • Tlf. 57 75 21 40 • www.origod.no
EI UTDANNING FOR DEI SOM VIL NOKO MEIR NHH er staden for deg som vil skape, lede, endre og gjere noko varig. Søk bachelor i økonomi og administrasjon innan 15. april.
nhh.no
Firdaposten er vel det eg er no? Eller kanskje eg er ein hobbykunstnar, spør ho seg sjølv. Elisabeth går på Einar Granum Kunstfagskule. Den tilbyr ein toårig yrkesfagleg utdanning i visuelle kunstfag, med moglegheit til fordjuping andre studieåret innan teikning, tredimensjonal kunst og måleri. Ho likar seg så godt at når skulen var ferdig før jul gledde ho seg allereie til å byrje att i januar.
Tøffe tilbakemeldingar – Eg har lært fleire teknikkar, og sjølvsagt teori. Vi jobbar nesten berre praktisk. Så eg tenkjer ikkje over at eg lærer, det skjer liksom berre. Tilbakemeldingane frå lærerane er som oftast veldig konstruktive og eg kan bruke det dei seier til å utvikle meg. Men av og til er dei litt røffe. Så eg må øve meg på å ikkje ta alt så veldig personleg, seier ho med eit smil. Kunst betyr mykje for Elisabeth. Moglegheita til å vere kreativ kvar dag synast ho er fantastisk og ho vert glad av å tenkje på det. - Når byrja du å lage kunst? – Eg har alltid teikna, men det er vel sånn alle born gjer? Onkelen hennar har fortalt at dei fleste born teiknar fram til dei er ti år. Då byrjar dei å sjå at det dei teiknar ikkje liknar på verkelegheita og så sluttar dei. Elisabeth tok interessa for å teikne med seg inn i tenåra, og på lik linje med alt anna, så gjer trening meister. Ein må teikne
tema Utdanning
Fredag 31. januar 2020
FOR ALLTID: Mange born sluttar å teikne i tiårsalderen. Elisabeth Fure Schwarz la aldri teiknesakene bort, og no studerer ho kunstfag. mykje for å bli flink, men ho har gjort andre ting i barndommen enn å teikne.
Sandane - Sveits - Australia -Oslo – Eg har veldig gode minne frå Florø, og eg trur dei beste er kopla til naturen. Enten det var ute i øyane, på Brandsøyåsen eller nede på Prata. Eg gjekk i utegruppa på Torvmyrane året før eg byrja på skulen, og eg kom heim å lukta som skog og bål kvar dag, seier ho og smiler av tanken. På ungdomsskulen hadde Elisabeth rolla som Sandy i musikalen Grease. Då vart ho inspirert til å vere i eit kreativt miljø og bestemte seg for å søkje på dramalinja ved Firda vidaregåande skule. – Etter vidaregåande var eg ikkje klar for å studere, så eg flytta til Sveits. Der budde eg i eit stort kollektiv med 14 andre damer og jobba på ein SFO for born med innvandrarbak-
grunn. I løpet av ein dag kunne vi ha opptil nitti born innom, og vi var berre sju tilsette. Eg hadde fire kjekke månadar, men eg fann ut at eg ikkje skal jobbe med born seinare i livet, ler ho. Etter jul i 2019 reiste Elisabeth til Australia der ho budde med ei venninne og familien hennar. Ho fekk seg jobb, lærte å ri, symde med haiar, og tok eit bartendarkurs ho aldri fekk bruk for. – Det siste som har skjedd er at eg flytta til Oslo og byrja på kunstskule. Eg bur for fyrste gong åleine, og det er herleg, utstrålar ho. Du sa i intervjuet med Firda i fjor haust at du ikkje hadde bestemt deg for å satse på kunst. Kva tenkjer du no som du har starta på skulen?
Ei framtid med kunsten? – Eg trur framleis ikkje at eg skal satse. Eg vil berre fortsette med å kunne kose meg med kunsten, også brenn eg veldig for omsorgsyrket, så eg trur eg hadde likt å vere sjukepleiar, forklarar ho. Verka til Elisabeth heng rundt om i leilegheita. I gongen bak jakkene er der ei teikning av grøne planter. Over dørkarmen inn til stova heng ei teikning av fem par med lange bein, og på andre sida er der ei teikning av ei gammal dame, med eit bistert uttrykk. - Kva er det som inspirerer deg til å måle? – Alt mogleg. Det kan vere ein
samtale, natur, ein film, nesten alt, ler ho. Ho er ikkje heilt sikker på kva som er kjekkast å lage. Akvarell har vore ei preferanse lenge, men etter at ho byrja på kunstfagskulen har ho fått auga opne for akryl. Ho har framleis ikkje funne heilt sin stil. Familien hennar er veldig støttande og likar mykje av det ho lagar. – Bror min og kjærasten hans ynskte seg eit stort, abstrakt måleri til bryllaupet deira i haust. At faktisk ville ha eit bilete som var så stort, laga av meg - og henge det på veggen var jo koseleg, skryt ho. Elisabeth sel også verka ho legg ut på kunst-Instagramen @fure.kunst. Ho meiner at ho må bli meir sjølvsikker på kunsten sin, så då hjelper det veldig med dei positive kommentarane folk legg igjen. - Vil du oppfordre andre til å utforske den kreative sida ved seg sjølv? - Ja! Vi har folk i alle aldrar på skulen vår, så det er aldri for seint, smiler ho.
INSPIRA-SJONEN: Elisabeth Fure Schwarz seier ho finn inspirasjon i alt, ofte i små kvardags-lege ting.
Einar Granum Kunstfagskole ■■ Einar Granum
Kunstfagskole er ein kunstskule i Oslo som tilbyr toårig høgare yrkesfagleg utdanning i visuelle kunstfag, med spesialisering andre studieår innan teikning, måling eller tredimensjonal kunst. Skulen er den første og eldste private kunstskulen i Norge. ■■ Utdanningen gir grunnlag for vidare arbeid og fordjuping innan det kunstfaglege feltet som biletkunst, arkitektur, design, illustrasjon og visuell kommunikasjon. ■■ Utdanningstilbodet ved Einar Granum Kunstfagskole er godkjent av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen (NOKUT), og kvalifisert til full støtte hos Statens lånekasse for utdanning. ■■ Skulen er med i nasjonalt forum for kunstfagleg utdanning, Kunstskolene som er ei samling statleg godkjente kunstskular og omfattar nokre av dei eldste og mest etablerte kunstskulane i Norge. ■■ Skulen ligg på Grünerløkka i Oslo. Frå 2019 er skulen tilknytta studentsamskipnaden i Oslo og Akershus (SiO) ■■ Frå og med våren 2020 er Einar Granum Kunstfagskole med i Samordna opptak til fagskular Kjelde: skulen sine heimesider/Wikipedia
Studietilbod 2020/21 Studiespesialisering
gir generell og spesiell studiekompetanse for studium ved universitet og høgskular
Vi hjelper deg å lykkes!
Helse- og oppvekstfag/ helsearbeidarfag
gir deg viktig etterspurd kompetanse til jobbar i helse� og oppvekstsektoren
Teknikk og industriell produksjon/ industriteknologi gir deg grundig etterspurd maskinfagleg kompetanse
Påbygging Vg3�teoriår for dei som har gått yrkesfag eller som har teke fagbrev. Gir studiekompetanse
Søknadsfrist 30. mars.
Vaksenopplæring i helsearbeidarfag for minoritetsspråklege gir fagbrev i helsearbeidarfaget
Rimelege hyblar i gåavstand til det meste Volontør på open skule med mat, prat, musikk, skulearbeid, mekking i verkstad… Fin skulekantine med god og sunn varmmat, salatbar mm. Internasjonalisering: 3 veker i London for Helsearbeidarfag og 2 veker i Danmark for Industriteknologi Breiddeidrett med sjølvvalt individuell del, t.d. skyting
Har du lærevansker eller psykiske/fysiske utfordringer?
Mange og gode fritidstilbod: Velutstyrt treningsstudio ope 24/7, badminton, volleyball, fotball, handball mm. Kor, korps, ungdomslagsaktivitetar og ungdomsklubb Kulturskule med instrumentopplæring eller songundervisning
Trenger du ekstra oppfølging for å fullføre en videregående opplæring? •
Elektrofag
•
Salg, service og reiseliv
•
IKT-servicefag
•
Påbygg til generell studiekompetanse
•
Informasjonsteknologi og medieproduksjon
facebook.com/krokeidevgs
tlf: 57 63 70 00 / www.dale.vgs.no
firmapost@krokeide.vgs.no
19
www.krokeide.vgs.no
20
tema Utdanning
Firdaposten
Fredag 31. januar 2020
– Skal du bli politi, må du ve
Politi: Då Frida Nordem Føleide (27) bestemte seg for å bli politi, hadde ho aldri trudd at internett skulle bli viktaste arbeidsverktøy.
Når mange unge i dag lever store delar av livet sitt på nett, så må vi vere der også. Vi må vere tett på.
"
Frida Nordem Føleide Politi
Svend Arne Vee Tekst
eg året etterpå søkte og kom inn på politihøgskulen i Stavern. Dei tre åra, frå 2014 til 2017 i Stavern kan ikkje Frida få fullrost nok. – Utruleg kjekke studieår. Her møtte eg mi beste veninne. At eg også møtte kjærasten min på skulen, skadar jo heller ikkje, legg ho til.
Ho innrømmer det med ein god porsjon latter, Frida Føleide: – Ja, eg er så til dei grader arveleg belasta når det gjeld politiyrket. Mamma er politi, morfar var innom politiet ein kort periode, mormor har vore sivilt polititilsett i mange, mange år – og eg møtte kjærasten og sambuaren min på politihøgskulen, seier 27 år gamle Frida på telefon frå Bergen. Men heilt opplagt var vegvalet ikkje frå starten av for Frida.
Frå politi-tv til web
Først juss i Sogndal – Eg gjekk vidaregåande i Florø, deretter eit år på ekstremsportlinje på folkehøgskule, før eg søkte opptak til politihøgskulen. Men eg søkte også på eittårseininga på juss i Sogndal, og fekk napp begge stadar. Då valde eg jussen, vel vitande om at jussen er relevant for politiyrket, og at eg uansett kunne
ARVELEG BELASTA: Frida Nordem Føleide har både mamma, mormor og morfar i politiet, så yrkesvalet er kanskje ikkje så uventa for 27-åringen frå Florø. Alle FOTO: Politiet søke opptak på politihøgskulen seinare. Men jussvalet viste seg fort å
vere litt feil for Frida. – Haha, det var nesten komisk. Allereie første dagen på
studiet i Sogndal kjende eg at jussen, det var ikkje noko for meg. Men eg fullførte året, før
Men så var det sjølve politiyrket, då. Der har Frida i alle fall ikkje hamna heilt «mainstream» når det gjeld arbeidsoppgåver. Allereie første året blei ho eit kjend ansikt i TV2serien «Blålys». Våren 2019 søkte ho seg over i nysatsinga Politiets Nettpatrulje Vest. Der er Frida no ein av eit fempersonars team som har den digitale verda som sitt patruljeområde. Menneska som Frida møter og har dialog med, er ofte ungdom.
Vi satser på kompetanse
YSK – Yrkes- og studiekompetanse (TAF) 4 årig utdanning som gir fagbrev og «spesiell studiekompetanse» innanfor • Teknikk og industriell produksjon • Helse og sosial • Akvakultur
Yrkesfaglege utdaningsprogram • Naturbruk (Vg1) • Vg2: Akvakulur • Vg2: Fiske og fangst • Restaurant og matfag (Vg1) • Vg2 : Kokk og servitørfag • Teknisk og industriell produksjon (Vg1) • Vg2 : Køyretøy • Vg2 : Maritime fag • Informasjonsteknologi og mediepproduksjon (Vg1) • Vg2 : Informasjonsteknologi eller medieproduksjon (oppstart 2021)
Nyh et!
Bremanger www.elkem.com
Firdaposten
tema Utdanning
Fredag 31. januar 2020
21
ere god å lytte og glad i folk Polithøgskolen (PHS)
■■ Statleg høgskule i Norge og den
UVENTA: – Om nokon hadde sagt at internett skulle bli hovudverktøyet i arbeidet mitt som politi, så hadde eg neppe trudd dei, seier Frida Føleide i Politiets Nettpatrulje Vest.
– Eg har ein fantastisk spennande jobb no. Det er viktig at vi i politiet følgjer med i utviklinga. Når mange unge i dag lever store delar av livet sitt på nett, så må vi vere der også. Vi må vere tett på, slår Frida fast. – Kva eigenskapar må ein ha i dag, om ein er ung og er nysgjerrig på politiyrket? – Eg vil seie at det aller viktigaste er å vere ein god lyttar.
Du må ha evna til å setje deg inn i andre menneske sin situasjon. Det betyr ikkje at ein skal ta innover seg alle kjensler og problemstillingar og identifisere seg med alt, men en må ha respekt for folk og ein må aldri sleppe følgjande tanke: For mange unge menneske kan kontakten med meg på nettet vere den aller første kontakten dei har med politiet. Då er det viktig å gjere ting
STORTRIVEST I JOBBEN: Frida Nordem Føleide (t.v.), fagleiar Frode Hauge, Irene Kjenes, Rune Fimreite og Hans Olav Ulvenes utgjer til saman Politiets Nettpatrulje Vest. Frida rosar det gode arbeidsmiljøet som gruppa har. rett om ein skal opparbeide tillit, seier Frida. Av andre eigenskapar trekkjer ho fram evna til å handtere stress, og å kunne kommunisere godt. – Hadde du trudd du skulle ende som tv-kjendis i uniform og med internett som arbeidsverktøy då du tok politiutdanninga di? – Nei, aldri i livet! Men eg angrar ikkje på den retninga eg
har valt i jobben min, for det er utruleg spennande og givande arbeidsdagar eg har, i eit svært så godt miljø. – Du bur i Bergen no. Kva er forholdet til Florø? – Det er kjempesterkt! Eg er svært familiekjær og er ofte heime. Sjølv om mange av venene mine også har flytta ut, så er det å kome heim i helgar og høgtider noko heilt spesielt for meg, seier 27-åringen.
sentrale utdanningsinstitusjonen for Politi- og lensmannsetaten. ■■ PHS er underlagt Politidirektoratet og skal gi både grunnutdanning på bachelornivå for etatens tilsette og utdanning på masternivå. ■■ Skulen har bachelorutdanningar i Oslo, Bodø og Stavern ■■ Politihøgskolen blei etablert i 1992 og fikk full høgskuleakkreditering i 2004. Forløparen var Statens Politiskole (1920-1992). ■■ I 1990 blei politiutdanninga utvida frå to til tre år. Bachelorutdanninga går over tre år, gir teoretisk og praktisk kunnskap som dannar grunnlag for teneste i politiet og utdannar generalister til alle landets politidistrikt. Første år (B1) er undervisning ved Politihøgskolen, andre år (B2) er praksis med vegleiing og tredje år (B3) er eit avsluttande år på høgskulen. ■■ Opptak til skulen blir gjort av eigne opptaksnemnder som plukkar ut søkjarar etter nærmere kriterium fastsett av Justisdepartementet. ■■ Opptaksprosessen består av fysiske testar og vurdering av om ein er personleg eigna til utdanninga og yrket. Kjelde: PHS/Wikipedia
Firda vgs
musikk, dans, drama - idrett - studiespesialiserande Sindre gjorde det: Det har vore godt å ha PRO i ryggen slik at eg er sikker på at all dokumentasjon som skal til er på plass. Sindre har nytta seg av sjansane til å ta ein del kurs via opplæringskontoret, og tykkjer dei er flinke til å følgje opp lærlingane. – Då eg i fylgje fagplanen trengte opplæring i andre fagområde enn det mi lærebedrift kunne tilby, vart det ordna gjennom ei anna bedrift som også er tilslutta PRO.
Thomas gjorde det: Eg trudde det skulle bli vanskeleg å få seg læreplass, og var i utgangspunktet litt negativ. Så tok Pro Opplæringskontoret kontakt og eg fekk tilbod om to læreplassar.
Lene gjorde det:
• • • • • •
Du får ei trygg læretid, med god oppfølging Du får opplæring i dei fagområda du har rett på i følge læreplanen Du får delta på organiserte sosiale aktivitetar i lag med andre lærlingar Du får kurs i viktige fag knytt til di utdanning Du får tilbod om utveksling til bedrifter i andre land Du får fast fagleg oppfølging frå opplæringskonsulent Vi tar vare på heile lærlingen – både det faglege og det sosiale Vi utdannar fagfolk med fagfolk!
Automatiseringsfaget • CNC-maskineringsfaget • Dataelektronikarfaget Elektrikarfaget • IKT-servicefaget • Industriell overflatebehandling Industrimekanikarfaget • Industrimontørfaget • Industrirøyrleggjarfaget Industrisnikkarfaget • Kjemiprosessfaget • Kontor- og administrasjonsfaget Laboratoriefaget • Logistikkfaget • Mediegrafiker • Motormekanikarfaget Platearbeidarfaget • Produksjonsteknikkfaget • Salsfaget • Serigrafifaget Sveisefaget
ars
s
• •
Søk ved å sende søknad til: post@pro.sf.no
Då Lene var ferdig på VG2 industriteknologi i Sogndal hadde ho ingen klare mål om kvar ho skulle få seg lærlingplass. – Eg søkte gjennom PRO opplæringskontoret og møtte på intervju – og slik vart det.
t 1. m s i r f s d a økn
Søk deg læreplass gjennom PRO opplæringskontoret fordi:
Opplæringskontor for industri- og teknologifag Profesjonell – Rekruttering – Opplæring
pro.sf.no
22
tema utdanning
Firdaposten
Fredag 31. januar 2020
Mange veit ikkje kva dei vil stud
Alida (18) har Jobb & Karriere i byggebransJen Gjennom over 20 år har Åsen og Øvrelid AS opparbeidd seg ein solid posisjon i byggebransjen i Sogn og Fjordane. Denne posisjonen skal vi halde også i framtida. Og vi skal møte stadig strengare krav og forventingar frå både marknaden, byggherrar og myndigheiter med solid innsikt, kompetanse og leveringsdyktigheit. For å klare dette treng vi dei beste medarbeidarane. Vi har mange av dei allereie i dag, men vekst og utvikling krev også påfyll av nye talent. Vil du vere med oss vidare? Åsen & Øvrelid AS rekrutterer: FAGArbeiDArAr OG lærlinGAr i ulike FAG Vi ønskjer å kome i kontakt med dyktige, engasjerte og sjølvstendige fagarbeidarar til prosjekt hovudsakleg i Sogn og Fjordane. Er du ung og nysgjerrig på byggebransjen? Då oppmodar vi deg til å ta utdanning i vidaregåande opplæring. Etter utdanninga er du velkomen til å søkje læreplass hos oss. Fleire av våre leiarar har «gått gradene» i selskapet, så hos oss er det gode karrieremoglegheiter vidare! PrOSjektleiArAr / byGGePlASSAnSVArleGe Vi ønskjer å kome i kontakt med engasjerte og sjølvstendig personar, primært med ingeniørutdanning eller teknisk fagskule. Men mangel på utdanning kan kompenserast med solid fagbakgrunn i kombinasjon med leiarerfaring. Vi ønskjer både nyutdanna og personar med røynsle frå prosjektleiing/byggeplassleiing velkomne som søkjarar. For rett person kan også ei slik stilling omfatte prosjekteringsleiing i totalentreprisar. Dersom du har desse eigenskapane, så kan vi tilby ein utfordrande og til tider hektisk jobb, med ordna arbeidstilhøve, gode lønsvilkår, bonus- og forsikringsordningar. Åsen & Øvrelid as Postboks 506, 6803 Førde Tlf. 57 72 38 50 firmapost@aasen-ovrelid.no
www.aasen-ovrelid.no www.aasen-ovrelid.no
Utdanning: Det er ikkje lett å bestemme seg for kva ein skal bli. Heldigvis er det hjelp å få frå skulen, rådgjevarar, familie og TV-seriar.
Elevane sine beste tips
■■ Ta ulike interessetestar på
internett.
■■ Set deg inn i ulike
jobbmogelegheiter.
■■ Avgrens ulike yrkesval: Set
deg datoar der du avgrensar til færre og færre yrke etter kvart.
Marie Håland Tekst og foto
Midt oppi førebuing til tentamen, eksamen og russetid må tredjeklassingar på vidaregåande førebu seg på eit viktig val. Den 15. april er fristen for å søkje høgare utdanning. 1300 studium å velje mellom på 27 ulike universitet og høgskular i landet. Hafstad vidaregåande skule i Førde myldrar av tankefulle elevar, og i lunsjen summar det i håpefulle samtaler rundt utdanningsval og kva dei vil etter sommaren. Skulen legg til rette for at valet skal bli litt lettare å ta, no sist veke ved å invitere til utdanningsmesse.
Ikkje i tvil, det blir NTNU Tredjeklassingane Alida Sørensen Solheim (18) og Trygve Nummedal (18) er begge heldige og veit kva dei vil etter vidaregåande – Solheim ønskjer å studere til sivilingeniør, Nummedal datateknologi. Begge på NTNU. Til felles har dei òg at dei ønskjer eit friår på førehand på folkehøgskule og i militæret. – Eg har sett kor mykje positivt eit år på folkehøgskule gir, og den sjansen får eg ikkje igjen. Og så blir det godt med eit pauseår, seier Solheim. Alle er nok ikkje like sikre på utdanninga som dei sjølv er, trur dei. Men at eit friår er høgt på lista for mange av dei som ikkje har peiling, er dei ganske sikre på. – Eg hadde ikkje tenkt noko særleg på teknologi før eg besøkte Trondheim og Teknologiveka for jenter i fjor. Då fekk eg heldigvis bytt fag frå sosiologi til fysikk som eg trong for å ta den utdanninga vidare, seier ei letta Solheim.
– Eg blir veldig påverka av seriar I løpet av vidaregåande har Hafstad-elevane eigne utdanningssamtalar med rådgjevar, dei drar blant anna til Høgskulen på Vestlandet, og dei får besøk av Sonor (Study Outside Norway). Torsdag 23. januar var det obligatorisk utdanningsmesse på Hafstad, med besøk frå fleire universitet i Norge. – Her håper eg gjerne å oppdage nokon alternative linjer som kan vere interessante, seier Nummedal. Sjølv om det kjem mykje nyttig informasjon frå skulen, er dei òg flinke til å førebu seg sjølve på framtida. Solheim har nok tenkt på det litt lenger enn andre. – Eg har planlagt kor eg skal utdanne meg sidan eg var 10 år. Eg
Rådgjevarane sine beste tips ■■ Tenk over kva du likar og
interesserer deg for.
■■ Les ulike jobbintervju. ■■ Snakk med folk som har ulike
stillingar.
■■ Og ikkje minst ... kjenn på
kva du får ei god kjensle av!
har i alle fall tenkt på det veldig lenge. Men ho har på ingen måte vore bestemt på det same valet sidan då. – Eg blir veldig påverka av seriar. Då eg såg advokatseriar, ville eg bli advokat. Og då eg såg politiseriar, ville eg bli politi, ler Solheim. Politidraumen slo ho derimot frå seg etter å ha vore på utplassering på ungdomsskulen. Nummedal prøvde seg både innan journalistikk og IT på utveksling, der IT blei vinnaren. – Eg trur ein karriere innan IT blir bra, og at det er mange mogelegheiter for jobb uansett kor eg vil bu. Å få ein sikker jobb etter utdanninga blir lagt stor vekt på. – Det er kjempeviktig. Under Teknologiveka for jenter fekk vi vite at det er ein høg prosent som får jobb etter utdanninga, forklarer Solheim. Om dei skal heim igjen til Førde, er førebels usikkert, men dei synest det er fint å vite at det er mogelegheit for det.
Verda går ikkje under om ein vel feil Rådgjevarane Bjørg Indrebø og Magne Aardal har i mange år gitt Hafstad-elevar rettleiing om vidare utdanning, og dei har stor forståing for at det kan vere eit vanskeleg val å ta. Men så er det heller ikkje verdas undergang om ein ikkje vel rett med ein gong, meiner dei. – Det er som regel ikkje sånn at du finn den rette utdanninga når du er 19 år, og det er viktig å skjønne at det ikkje er krise å ikkje vite kva du skal gjere resten av livet når du er så ung, poengterer Aardal. Indrebø og Aardal er begge einige i at å berre komme inn i eit studentmiljø og få eit innblikk, kan vere fint. Der kan du òg få studierettleiing vidare. – Vi anbefaler uansett alle å søkje på Samordna opptak, sjølv om dei planlegg eit friår, for å få med seg erfaringa med søkjeprosessen. Elles er utdanning.no sine sider med ulike interesse-
Firdaposten
tema Utdanning
Fredag 31. januar 2020
dere til hausten:
23
tenkt på det sidan ho var 10
TENKT LENGE: Alida Sørensen Solheim har tenkt i åtte år på utdanning, men var ikkje sikker før etter eit besøk til Trondheim. testar gode verktøy å bruke, seier Indrebø. – Interessetestane er jo ikkje noko fasitsvar, men det får deg til å tenkje, Det set i gang ein tankeprosess, skyt Aardal inn.
Foreldre og familie påverkar mest – Foreldre og familie er ei viktig samtalekjelde og har mykje å seie for kva dei unge vel. Skulen og rådgjevarane kjem nok lenger nede på påverkingslista, meiner Indrebø. Aardal opplever det same. – Vi er meir tilretteleggjarar for å få informasjon. Men er du i tvil, så er både folkehøgskule og militæret anbefalt. – Det gir i tillegg to tilleggspoeng til vidare søking, opplyser Indrebø.
UTPLASSERING: Alida Sørensen Solheim og Trygve Nummedal fekk allereie testa yrke på ungdomsskulen.
IKKJE STRESS: Rådgjevarane ved Hafstad, Bjørg Indrebø og Magne Aardal, meiner ein finn ut av ting etter kvart.
24
TEMA UTDANNING
Fem på vgs Kva vil du gjere etter vidaregåande? Guro Nyland (18), Sande
– Det står mellom å studere for å bli lærar eller vernepleiar. Eg trur det blir vernepleie i Bergen. Der har eg familie, og det er heller ikkje så langt unna, så det kjennest trygt og fint.
Fekk toppkarakter på vidaregåande. Strauk i same fag på Høgskulen
Julian Skevik (18), Førde
Eg vil studere shipping management i Ålesund. Eg likar både det maritime og økonomi, så eg trur det vil passe veldig bra.
ØKONOMI: Alt låg til rette for at Andrea Jamaris Huus (20) frå Jølster skulle gjere det bra på IT-studiet på høgskulen, med stor interesse for faget og gode resultat frå vidaregåande. Men vanskeleg hovudfag og mangel på lærarar og oppfølging gjorde at ho til slutt endra retning til økonomi.
Vilde Hornnes (18), Førde
Eg veit faktisk ikkje kva eg vil gjere etter vidaregåande. Planen er først og fremst å jobbe ein del og så reise rundt i verda, men etter det er eg veldig usikker.
MARIE HÅLAND Tekst og foto
Øystein Hjetland (18), Lavik
Planen er eit år med backpacking i Europa med kompisar. Etter det, blir det nok studium. Eg driv med klesdesign, så kanskje økonomi? Eg har tenkt på Handelshøgskulen, men om inntakskravet blir for høgt, blir det enten BI eller Høgskulen i Oslo.
FIRDAPOSTEN
Fredag 31. januar 2020
Tobias Sydberger (18), Førde
– Eg ønskte å studere IT fordi det var faget eg likte best og meistra best, seier Huus, som valde å slutte på studiet i Sogndal etter eitt semester.
Eg vart kalla inn til sesjon i dag, så det blir kanskje militæret, sjølv om eg eigentleg ikkje har så veldig lyst. Etter det vil eg utdanne meg til ingeniør eller advokat.
Ingen lærar i førelesinga På Hafstad vidaregåande skule tok ho samfunns- og økonomilinja før ho bestemte seg for å ta IT på høgskulen, og hadde då berre få realfag i bakhand. Men det var mangel på lærarar og rettleiing som var det vanskelegaste. I hovudfaget programmering var førelesin-
Din kunnskap - vår framtid!
Eg er framleis glad for å ha prøvd IT og er redd for at eg hadde angra viss ikkje.
"
ANDREA JAMARIS HUUS Økonomistudent
grar ikkje på at ho prøvde IT først, tvert imot. – Eg er framleis glad for å ha prøvd IT og er redd for at eg hadde angra viss ikkje. Det er ingen fare om ein vel feil studium først, ein kan komme godt ut av det uansett.
– Ingen kunnskap er bortkasta gane sendt som strøyming frå Bergen, og det var ingen lærarar fysisk til stades. – Nokre fag gjekk bra, men det er jo hovudfaget ein ønskjer å meistre. Eg måtte til tider huke tak i andre elevar for å få hjelp, men dei hadde jo ikkje mogelegheit til å hjelpe oss andre heile tida. Ho er ikkje i tvil om at det hadde hjelpt med fleire lærarar i Førde, og gjerne også ei åtvaring om at ein bør ha ekstra forkunnskap for å ta IT.
Ikkje ver redd for å bomme litt på utdanninga Huus sin opphavlege plan var å studere økonomi, så ho trivst godt no og trur ho har valt rett. Der er det og lærarar til stades i alle fag. Men ho an-
Bjørg Kristin Selvik, prorektor for utdanning ved Høgskulen på Vestlandet, har ikkje dokumenterte tal eller grunnar til at folk byter studium, men trur sjølv det kan liggje fleire årsaker bak at nokon byter studieretning. – Dei kjem kanskje ikkje inn på førstevalet sitt, eller så innfridde ikkje forventningane til studiet eller studiebyen. Nokre gjer også oppdagingar undervegs, til dømes gjennom praksis, som kan vise at det ikkje var det dei ville likevel. På den andre sida er det inga dum erfaring å prøve ut fleire retningar. – Det må vere lov å gjere feilval. Viss du gjennomfører eit år, så har du fått med deg kunnskap som du kan bruke vidare inn i ein annan saman-
FAGSKULEUTDANNING Avdeling Førde: 2- årig teknisk fagskule, heiltid eller nettstudium over 3 år: • MASKINTEKNIKK • BYGG – ANLEGG – KLIMA, ENERGI OG MILJØ (KEM) • ELKRAFT – AUTOMATISERING 1- årig fagskule - jordbruk, nettstudium over 2 år: • MJØLKEPRODUKSJON VED BRUK AV ROBOTTEKNOLOGI
Maritim avdeling Måløy: 2-årig maritim fagskule, heiltid:
Tre studieførebuande programområde Medium og kommunikasjon - eit studieførebuande løp for deg som er interessert i foto, film, grafisk design, journalistikk, tekst og sosiale medium. Kunst, design og arkitektur - for deg som er interessert i kunst og design, liker å arbeide praktisk, og som ønskjer ei utdanning med studiekompetanse. Studiespesialisering - eit studieførebuande løp for deg som er interessert i realfag, språk, samfunnsfag og økonomi.
hafstad.vgs.no
• DEKKSOFFISER • MASKINOFFISER Meir info på heimesida vår: fagskulen.no Avdeling Førde, tlf 576 37 450 Avdeling Måløy, tlf 415 30 690 Søknadsfrist 15. april 2020. Søknad via samordnaopptak.no
FIRDAPOSTEN
TEMA UTDANNING
Fredag 31. januar 2020
Fem på gata Kva er viktig å tenkje på før ein vel studium og stad? Andreas Okslevy (24)
studerer til å bli byggingeniør i Førde. Å sjekke ut byen før ein flyttar til han er eit viktig tips. Ha bil om du skal til Førde for eksempel. Eg er frå Osterøy, så eg er vant til køyring. Det viktigaste er nok å vite kva by ein flyttar til.
FØRELESING UTEN LÆRAR: Andrea Jamaris Huus måtte få hjelp frå medelevar på IT-studiet i
Førde.
heng. Ingen kunnskap er bortkasta.
Har tru på programmeringsfaget Når det gjeld programmeringsfaget i Førde, ser ho at sider av opplegget kan forbetrast, men at dei brukar dei
beste pedagogane på programmeringsfaget samt har studentassistentar på lab. Ho seier og at programmeringsfaget er eit krevjande fag uansett om ein har lærar fysisk til stades eller på strøyming. – Studiet i Førde vil uansett ha ei blanding av fjernunder-
visning og lokal undervisning i framtida, og vi trur at det blir eit godt tilbod når vi har fått meir erfaring og fleire lokalt tilsette. Generelt ønskjer vi å ha folk til stades. Vi har tilsett tre personar mellombels til ITstudiet for våren og lyser snart ut tre faste stillingar.
Kristoffer Henden Kaasa (23)
studerer Kaasa bygg- og miljøteknikk. Det viktigaste er å ikkje stresse. Foreldra mine ville at eg skulle starte tidleg. Eg har sjølv bytt linje mange gonger. Ikkje tenk på alder, set deg inn i studietilbodet og ikkje berre gjer det andre vil du skal gjere.
June Audsdotter Stafsnes (29)
jobbar på biblioteket. Ein må gjere som ein vil, og ikkje bukke under for press frå andre. Å følge hjartet og studere det ein har lyst til. Velje uavhengig av press frå samfunnet og andre. Iris Kristin Fauske (25) frå
Førde og er utdanna lærar. Eg var sjølv stressa då eg skulle velje studium. Tenk over kva du likar. Det er enklare å jobbe med faga når du har ein lidenskap for det du studerer.
Vg2 – Industriteknologi Vg2 – Køyretøy
Vg1 Restaurant- og matfag
Vg2 – Kokk- og servitørfag
Vg1 Helse- og oppvekstfag
Vg2 – Helsearbeidarfag Vg2 – Helseservice Vg2 – Ambulansefag Vg2 – Barne- og ungdomsarbeidarfag
Vg1 Elektrofag
Vg2 – Data og elektronikk Vg2 – Elenergi
Vg1 Service, samferdsle og reiseliv
Vg2 – Sal, service og sikkerheit YSK Vg2 – Transport og logistikk
Vg1 Bygg- og anleggsteknikk
Vg2 – Byggteknikk Vg2 – Anleggsteknikk
Vg1 Naturbruk
Vg2 – Landbruk og gartneri Vg3 – Allsidig landbruk Vg3 – Studieførebuande innan naturbruk
Vg1 Naturbruk m/vektlegging på hest
Vg2 – Heste- og hovslagarfag
Besøk gjerne Mo og Øyrane vidaregåande skule si heimeside for meir informasjon www.moy.vgs.no
Store forventninger Nå bygger Neptune Energy ut feltene Duva og Gjøa P1. Det er bra – ikke bare for oss, men også for leverandørindustrien: De to feltene vil bidra med hele 8 400 årsverk under utbygging og drift.
Neptune Energy er blant nykommerne på norsk sokkel, og vi er ett av de mest offensive operatørselskapene. Les mer om våre aktiviteter på neptuneenergy.com
Vebjørn Lyngstad (20)
studerer til å bli automasjonsingeniør. Det er viktig å sjekke ut studiestaden før ein flyttar til han. Ta deg god tid til å velje riktig stad og studium.
Velkommen til ein skulen med høg trivselsfaktor. I tett samarbeid med næringslivet tilbyr me opplæring innan programområda: Vg1 Teknikk og industriell produksjon
25
26
tema Utdanning
Fredag 31. januar 2020
Firdaposten
Økonomistudent styrer bedrift – utan å tene ei krone Økonomi: – Eg kan trygt seie at dette er den beste jobberfaringa eg har hatt. Om ein då kan kalle det jobb, seier økonomistudenten Jostein Vagstad (28) frå Flekke i Fjaler. Theo B. Wilson Tekst
Lyst til å jobbe med folk Studievalet forklarer Vagstad med mellom anna mange jobbalternativ. – Så har eg lyst til å jobbe med folk, og å kunne jobbe som leiar. Etter allmennfag på Dale vidaregåande og eitt år i militæret arbeidde han som mekanikar og tok fag ved teknisk fagskule i Førde. Då bestemte han seg for å ta bachelor i økonomi og administrasjon ved høgskulen i Sogndal. – Sogndal verka bra på mange måtar. Eg hadde vennar heimanfrå som var der, og det ligg ganske nær heime. Eg hadde òg høyrt mykje bra om studentmiljøet her – noko som har vist seg å stemme.
Fann rom for fotballgleda Han studerer på heiltid, men kjende han hadde overskot. Så oppdaga han Studentspretten,
FRIVILLIG: For Jostein Vagstad handlar det om å kunne kombinere studium med interesse og slik få god erfaring som han kan ta med seg ut i
arbeidslivet.
eit idrettslag drive av og for studentar. Vagstad er veldig glad i fotball. Sjølv kan han ikkje spele lenger på grunn av skade. Likevel ville han framleis vere med, og det vart han alt første året ved høgskulen. – Eg hadde ikkje noko fast rolle i byrjinga. Eg var ein slags altmoglegmann. Etter kvart vart han leiar for serielaget i herrefotball. På spørsmål om leiarrolla kjennest ut som arbeid eller moro, svarar han at det blir ei blanding. – Det er klart, eg hadde ikkje drive med det, hadde eg ikkje synst det var moro. Det er meir ansvar enn det eg såg føre meg då eg byrja, men det har absolutt vore verdt det.
Meir ansvar enn han først trudde – Ein kan seie at eg har ansvaret
NYNORSK JOURNALISTUTDANNING
med løn • Noregs mest effektive opplæring i avisjournalistikk • 6 månader teori og praksis i Firda Media og sjølvvald avis • Du skriv nynorsk, er samfunnsengasjert og vil bli journalist • Vi tek inn søkjarar med ulike utdanningar og bakgrunn
SØKNADSFRIST 15. APRIL n y n o r s k a v i s s e n t e r. n o
FOTO: Privat
for den daglege drifta av laget, forklarar han. Det kan vere å ordne bane og treningstider, sjå til at laget har naudsynt utstyr for å gjennomføre treningar, og ordne transport til og frå kampar. – I tillegg er eg med på å rekruttere spelarar og trenarar, og eg er i kontakt med sponsorar og andre lag sine leiarar. Sjølv om han studerer økonomi, reknar ikkje Vagstad seg som økonomiansvarleg: – Eg har ikkje økonomisk ansvar slik sett. Altså, eg set opp budsjett for laget og passar på at dei rettar seg etter det, men eg er ikkje den som driv og disponerer kontoar.
har tre treningar for veka, pluss ein kamp. Ei trening varar to timar, og det går to til tre timar på kamp. I tillegg kjem organisering, for eksempel å snakke med det møtande laget og dommarane før kampen. Det blir om lag 20 timar i veka, totalt sett. Det er vel å merke i sesongen, det vert litt mindre utanom. Alt dette utan å tene ei einaste krone. Vagstad er snar å påpeike at dette gjeld for alle involverte i Studentspretten: – Arbeidet er gjort på frivillig basis. Det gjeld alle – spelarar, trenarar, administrasjon. Dei fortener ros, heile gjengen.
Rosar alle dei involverte
– Beste jobberfaringa eg har hatt
Med alt ansvaret går det med ein del tid. Han innrømmer det. – Det blir ganske mykje. Vi
Vagstad er no på siste året av bacheloren. Han meiner arbeidet med Studentspretten har
vore svært relevant for utdanninga då han har vore innom mellom anna leiing, økonomi, organisering og sponsorarbeid. – Er dette noko du kunne tenkt å jobbe vidare med etter du er ferdig å studere? – Ja, men det er vanskeleg med tanke på breiddefotball i Sogn og Fjordane. Mykje av drifta er basert på frivillig arbeid. Sjølv om det har vore veldig kjekt å kombinere studium med interesse, ser han det som litt vanskeleg å gjere det til eit levebrød. Uansett har det vore ei bra erfaring. – Eg har hatt ulike jobbar sidan eg var om lag femten år, og eg kan trygt seie at dette er den beste jobberfaringa eg har hatt. Om ein då kan kalle det jobb, legg han til. – Å ha ansvar og å leie folk har vore veldig gjevande.
findriv.no / Foto: Bent Are Iversen
Jostein Vagstad studerer økonomi, men har valt å satse på frivillig arbeid heller enn å tene pengar ved sida av studiet. 28-åringen er leiar for serielaget til Studentspretten Fotball i Sogndal. Bedrift eller ikkje bedrift, i alle fall betyr dette leiaransvaret at Vagstad får brynt seg på økonomi, organisering, leiing og sponsorarbeid som i ei tradisjonell bedrift. For Vagstad handlar det om å kunne kombinere studium med interesse og slik få god erfaring som han kan ta med seg ut i arbeidslivet. – Klart det er moro, men det er meir ansvar enn eg såg føre meg.
Sogn
tema Utdanning
Fredag 31. januar 2020
Fjordane
yrkesfag
Les meir om oss på
OKSU.NO
Det er smart
å velje yrkesfag 3 år med berre teoretiske fag freista ikkje meg. Då var det mykje betre å ta to år med praktiske fag og følge på med 2 års læretid.
Til foreldre og føresette Yrkesfag opnar alle dører
Det er tøft å velje mot haldningane til foreldra, rådgjevarane og kompisane.
No får eg testa ut faget, og eg står med eit fagbrev i handa etter fire kjekke og varierte år, og eg får jo til og med løn under utdanninga!
Gjennomgangstonen er at om du er usikker, så ta studiespesialisering – for då er alle vegar opne. Eg vil seie at det er heilt omvendt; Er du usikker så ta ei fagutdanning.
- Ellen Oppedal, helsefagarbeidar i omsorgstenesta i Høyanger
- Finn Ove Øen, dagleg leiar hos Åsen og Øvrelid
OKSU.NO
www.bok-sfj.no
www.okfh.no
Sogn og Fjordane
www.transportfag-sfj.no
www.sfj.byggopp.no
www.noropp.no
www.okab.no
www.okosweb.no
SOK
www.nelfo.no www.oktf.no
27
www.byggmesterforbundet.no
www.pro.sf.no
S Ogn Opplæring S KOntOr
www.sognok.no
A til Å - www.atilaa.no
Firdaposten
28
TEMA UTDANNING
FIRDAPOSTEN
Fredag 31. januar 2020
Renate (29): – Utan jobb hadde eg ikkje visst kva eg skulle gjere som eigedomsmeklar UTDANNING: Renate Ripe Johnsen (29) frå Jølster er fulltidsstudent og ikkje ferdig utdanna før til sommaren. Likevel jobbar ho allereie fulltid som eigedomsmeklar. – Ikkje positivt, meiner Ingunn Skjelbreidalen, lektor ved Høgskulen på Vestlandet.
– Studentane lærer ein del ved å jobbe, men for fleire går det nok utover skulearbeidet. Dette merker vi særleg på munnleg eksamen mot slutten av studiet. Mange av studentane manglar ein del teoretisk. Det er derfor tydeleg at dei fleste ikkje får lese nok pensum, seier ho. Skjelbreidalen har ikkje fullstendig oversikt, men tippar at rundt halvparten av studentane som går sisteåret i eigedomsmekling, har jobb ved sida av studia. – Det er også veldig negativt for det sosiale klassemiljøet og kjedeleg for oss lærarar at det er så få som bur her i Sogndal og kjem på forelesingar. Dei kan heller jobbe i feriane!
INGRID HJELLBAKK KVAMSTØ Tekst og foto
gjennom heile forelesingsperioden. Desse brukar i snitt 12 timar i veka på å jobbe.
– Dei kan jobbe i feriane! Ingunn Skjelbreidalen, lektor ved Høgskulen på Vestlandet, seier at ho forstår at elevane er ivrige etter å jobbe, men er ikkje einig i at det er ein god idé.
Kantine
Vil du vere med på laget?
Elektro
Studiebygda Volda er særleg kjent for medieutdanningane sine, tradisjonsrike og innovative lærarutdanningar og eit kreativt og godt studentmiljø med eit mangfald av lag, organisasjonar og festivalar. Høgskulen tilbyr bachelor- og masterstudium innan:
Besøk oss på
• Administrasjon, planlegging og leiing • Estetiske fag, drama, kunst- og musikkfag • Helse og sosialfag • Historie og religion • Idrett og friluftsliv • Lærar- og barnehagelærarutdanning • Medie- og journalistfag • Språk og litteratur ©1/2020 HVGS
Les meir på: hivolda.no
God tilgang på hyblar Internasjonalisering
– Dersom du får ein jobb slik at du ser korleis meklarar jobbar og får ei forståing av korleis systemet fungerer, får du ein kjempestor fordel den dagen du er utdanna. Johnsen er ikkje aleine. Ifølge Statistisk sentralbyrå har over 40 prosent av norske studentar betalt arbeid ved sida av studia
Helse- og oppvekst
– Studiet har i utgangspunktet veldig lite praksis. Om du berre studerer utan å få erfaring frå arbeidslivet, veit du omtrent ikkje kva du går til når du skal ut i jobb.
Johnsen understrekar at ho ikkje ligg på latsida. – For at ei fulltidsstilling skal fungere, må du ha ein veldig god struktur på kvardagen. Alt som har med sosialt liv å gjere, må eg legge til helgane. Ho meiner at ei fulltidsstilling ikkje er for alle, men anbefaler å opparbeide seg erfaring.
Alle blir sett
Krev disiplin
EFFEKTIV: Renate Ripe Johnsen (29) både studerer og jobbar på fulltid.
Helsearbeidarfag
– Eg har eit stort konkurranseinstinkt, smiler Johnsen. Etter nokre friår var ho ikkje i tvil om kva ho ville bli. – Sal og rådgjeving har alltid vore store interesser. Og så elskar eg å møte nye menneske. Eigedomsmekling vart derfor eit naturleg val. Johnsen sette seg tidleg eit mål om å ha jobb i det ho starta på andre året av utdanninga og ringde rundt til ho fekk napp. I dag jobbar ho som trainee i W Eiendomsmegling Sunnfjord.
SKEPTISK: Studentane bør vere meir i undervisninga, meiner Ingunn Skjelbreidalen, lektor ved Høgskulen på Vestlandet. FOTO: PRIVAT
Sjekk alle våre studieetilbod på hoyanger.vgs.no
TIP
Stud. spes.
Firdaposten
Tema Utdanning
Fredag 31. januar 2020
Velkommen til Florø og til Flora vgs!
Vi er ein skule med fokus på praktisk læring i eit triveleg skulemiljø. Hos oss får du hjelp til å skaffe hybel. Vi har bli-kjent-veke for hybelbuarar og open-skule har aktivitetar, hybelmiddag og leksehjelp.
VG1
VG2
29
VG3
Har du spørsmål om skulen og tilbodet?
Ring oss på tlf 57 63 76 00 og snakk med ein rådgjevar, miljøkoordinator eller lærar. Avtal gjerne eit besøk eller sjå flora.vgs.no og facebook.com/floravgs/.
flora.vgs.no
HAR DU LYST Å
BLI LÆRLING I ENERGIMONTØRFAGET I BKK?
Vi har ledige læreplassar i Bergen, Sunnfjord og ytre Sogn Send søknad på BKK.no innan 3. mars 2020
30
tema utdanning
Fredag 31. januar 2020
Firdaposten
Kim Roar flytta til Bergen
Idrett: Kim Roar Reksten Nekkøy (17) er eit stortalent i handball. Det er det ingen tvil om. Men å flytte åleine til Bergen for følge draumen om å bli handballspelar som 16-åring, det er eit større steg å ta. Men i haust pakka han snippeska og fór. Dag Nesbø Frøyen Tekst
– Mange ville vegre seg for å flytte åleine til Bergen som 16-åring. Er dei litt tøffare dei som er oppvaksne i øyane? – Ja, eg trur det har ein del med oppveksten å gjere, vedgår Kim. For dei er gjerne meir sjølvstendige dei ungane som er oppvaksne i øyane utanfor Florø. Og i Kim Roar sitt tilfelle verkar dette å stemme. Han er oppvaksen på Søre Nekkøy, men gjekk på skule i Florø. Han har ein pappa som jobbar på fiskebåt og ei mor som jobbar offshore. Familien har ein leilegheit i Florø. Og tidvis då foreldra var begge på jobb, så budde han åleine i leilegheita slik at han kunne spele handball i Florø SK Handball på ettermiddagen. Og han var tidleg ein spelar som markerte seg. Han var truleg den beste 2003 spelaren i Sogn og Fjordane og toppa scoringsstatistikken i G16-serien med hele 165 mål. Han hadde i snitt 10,3 mål per kamp og scora 35 mål meir enn den neste på lista. Kim Roar er eit idrettstalent også på andre område, men fann tidleg ut det var handball som var idretten han ville satse på. Og han gjer det skikkeleg.
Vil bli proff Det finnast millionar av barn som skal bli fotballspelarar som Ronaldo eller Messi eller dei som skal bli den nye Sagosen eller Karabatic på handballbana. Men på vegen til draumen, er det naturleg nok mange som fell av. Kim Roar Nekkøy vil ikkje hamne i den skåla, difor har han ofra mykje for å nå draumen om å bli profesjonell handballspelar. – Er du meir sjølvstendig enn andre gutar på din alder trur du?
Drømmer du om å bli
– Ja, det vil eg påstå, slår han fast. For det er ikkje noko slaraffenliv han lever sjølv om han bur åleine i Bergen. Og når han seier at det er tungt, så er det ikkje heimelangsel og sakn av familie og vener han tenker på, sjølv om han veit det er noko han ofrar. Det tunge er å trene så mykje, å få i seg riktig mat til riktig tid, halde styr på skulearbeidet og få tid til søvn og restitusjon. Han trener opp til fire timar kvar einaste dag. Og for å komme seg til og frå hallen der han trener fire gonger i veka, må han ta fire bussar og to tog. – Klarer du skulearbeidet opp i dette? – Eg går på toppidrettslinja og her er dei flinke til å legge til rette. Vi får gjort mesteparten av arbeidet på skulen slik at kveldane er fri til trening. Men innimellom blir det litt lekser på kveldstid på oss også. Men det er fokus på handball frå tidleg morgon til sein kveld, vedgår han. – Saknar du Florø? – Eg saknar byen Florø, men eg trur det var riktig av meg å søke til ein annan stad då eg skulle gå vidaregåande. No har eg fokus meir på meg sjølv. I Florø følte eg at eg måtte ta eit større ansvar på laget. I Bjørnar er det lettare å ta dei rette vala då det er sterke spelarar i alle posisjonane på laget, seier han og skryt av trenarane sine. – Det er eit godt treningsmiljø der vi ikkje slepp unna om vi er slitne, du må ha gyldig grunn til ikkje å stille på trening, og slik må det vere, seier han.
LAGET: Bjørnar frå Arna er eit av dei beste 16-års laga i landet. Spelarane er ambisiøse og fleire av dei går på toppidrettslinja på Tertnes VGS. Foto: Stephanie Børhaug
– Han må berre få styre på
Høge mål Kim Roar har eit skyhøgt mål og har også høge delmål på vegen dit. – Målet mitt no er å spele meg inn på 2. divisjonslaget til Bjørnar. Om eit år vil eg bli ein nøkkelspelar. Når eg er blitt 18 år vil eg spele i 1. divisjon eller eliteserien om det går. Så er det aldersbestemt landslag. På sikt håper eg å nå ein klubb i utlandet. Ein klubb i Bundesliga, Vardar eller Barcelona eller ein av dei store. Så vil eg spele på landslaget. Då er eg nøgd, svarer han skamlaust. No jobbar han med å utvikle svakheitene sine på bana. – Eg må bli ein betre tovegsspelar der eg kan bli solid både i forsvar og angrep, seier han.
FRISØR?
PRESTASJONSMILJØ: – Her i Bjørnar er det fleire spelarar som ønskjer å følgje proffdraumen sin, det er inspirerande, seier Foto: Stephanie Børhaug Kim Roar.
GAMLETRENAREN: – Kim Roar har alt for å lukkast på handballbana. Han har høgde, fysikk og teknikk. Men kanskje viktigast av alt, så er han ambisiøs og disiplinert. Han duller ikkje når han trener, seier gamletrenaren i Florø SK Handball, Bjørn Wefring.
Ønsker du å ha en jobb der ingen dag er lik og du ser resultater av egen innsats umiddelbart? Som frisør har du mulighet til å jobbe med mennesker, og hjelpe andre med å få frem det beste i seg selv.
Tlf: 70 10 72 76 // Ålesund
Med ein far som eig kystnotbåten «Bluefin» har det kanskje ligge i korta at Kim Roar med tid og stunder vil overta familiebedrifta på Søre Nekkøy. Men det ligg ikkje noko form for press i frå faren Atle Magne Nekkøy. – Han kava no på, og dei må få velje sjølv kva dei vil styre med i ungdommen, seier faren. Men han er også tydeleg på at dørene er opne om han så seinare ønskjer å følge i kjølvatnet til faren. – På sommaren driv vi litt fiske i lag, mellom anna med leppefisk til oppdrettsindustrien. Dette viser han stor interesse for, så han har nok ein fiskar i blodet. Men eg meiner at ungdommen må få utfalde seg og han styrer no på nede i Bergen, seier faren. Han fortel om ein gut som tidleg var sjølvstendig. No er han motivert og har valt å gå idrettslinja på Tertnes vidaregåande skule samtidig som han trener med Bjørnar i Arna. – Om de er dette han vil, og at han er motivert til å gjere det som skal til, så meiner eg han må få styre på, så får vi sjå kva det blir til, det er kjekt at han er ambisiøs og viser vilje til å jobbe for dei måla han har sett seg, kjem det frå faren.
– Kim har det som skal til
Etter bare 5 1/2 måned på Cancam skolen kan du begynne å jobbe som lønnet lærling. Søk enkelt på cancamskolen.no. Studiestart aug.2020 og jan. 2021
Fysikken er viktig for handballspelarar og no merker han at progresjonen i styrkerommet er ganske god. – Er det fleire på laget som er like ambisiøse som deg? – Ja det er to spelarar eg går i klasse med som har same mål som meg, så no er eg i eit godt miljø. – Så du ser ikkje føre å overta bedrifta etter far din med det første? – Jo, kanskje det kan vere noko om det skulle gå dårleg eller på lengre sikt. Det er kjekt å ha fiske i familien og ha den tryggleiken av å ha noko å falle tilbake på. Eg tenker uansett å ta økonomiutdanning etter at eg er ferdig på toppidrettslinja. – Om du skulle samanlikne deg sjølv med ein spelar på landslaget, kven ville det vere? – Kanskje Harald Reinkin (THW Kiel), sjølv om eg ikkje er venstrehendt. – Så du er god til å score med folk i kroppen? – Ja, det vil eg påstå, avsluttar han.
PAPPA: – Ungdommen må få velge sjølve kva dei vil styre med, seier faren Atle Magne Nekkøy om sonen Kim Roar som flytta til Bergen for å bli handballspelar.
Bjørn Wefring var trenaren til Kim Roar Nekkøy i Florø Sportsklubb. Det var her, i ei treningsgruppa kor fleire spelarar no er på herrelaget, at Kim Roar Nekkøy bestemte seg. Og han var heller ikkje redd for å seie det. Han skulle bli proff. – Det eg tidleg merka meg med Kim var at han heile tida har vore nysgjerrig på korleis
Firdaposten
tema utdanning
Fredag 31. januar 2020
for å bli handballspelar
31
HEIME: Han er oppvaksen på Søre Nekkøya, og oppveksten i øyane meiner han har gjort han meir sjølvstendig. – For meg var det ikkje vanskeleg å flytte til Bergen åleine som FOTO: Privat 16-åring, seier han. du kan bli betre på alle område, og han har treningsiver og vilje til å legge ned det arbeidet som skal til for å ta nye steg, seier Wefring. Kim Roar var rimeleg suveren på 14- og 16-årslaget i Florø SK handball mykje på grunn av at han hadde fysikken på plass tidleg. Han trente dessutan tid-
leg med herrelaget og yppa seg helst mot dei største og sterkaste spelarane. Sjølv om han har vore i ei god treningsgruppe med mange talentfulle spelarar i mange år, ville han ut for å ta nye steg så raskt han kunne. Handballen var her styrande. Og gamletrenaren meiner Kim Roar
Nekkøy har alle føresetnader for å bli verkeleg god. – Kim Roar har alt. Han har høgde, fysikk og teknikk. Men kanskje viktigast av alt så er han ambisiøs og disiplinert. Han duller ikkje når han trener. Det er ofte slik at når vi har styrkeøkter så blir det ofte til at spelarar er meir sosiale enn dedi-
kerte. Men her var alltid Kim Roar nøye. Han gjennomførte alltid programmet han fekk, seier Wefring. Han trur om Nekkøy kjem i det rette miljøet kan han ta store steg på handballbana. – Utfordringa til Kim Roar er kanskje å sjå andre spelarar på bana og ikkje berre vere skyttar.
Han har føresetnader til å bli ein playmaker. Men eg trur på same tid dette er kvalitetar som må til skal du nå langt. Du må ha sjølvtillit, du må vere litt ego og litt «cocky» så får det vere opp til ein trenar å sy desse kvalitetane inn i laget, seier Wefring som ønskjer den tidlegare spelaren sin lykke til.
Vi utdanner deg til FREMTIDENS YRKER SPORT
Vi vil gi våre studenter et best mulig faglig tilbud med tett oppfølgning av hver enkelt student. Forelesninger på nett, et et internasjonalt studie- og forskningsmiljø og utplassering i bedrift. il naturopplevelser i verdensklasse. bedrift. Et nært og sosialt studiemiljø, med kort vei t til Hos oss kan du ta ta en bachelor eller master innen: sykepleie, vernepleie, logistikk, økonomi, sport, juss, samfunnsfag og IT.
SØKNADSFRIST 15. APRIL I www.himolde.no
32
tema
Fredag 31. januar 2020
Firdaposten
Traineestillingar Ønsker du å jobbe med Internett og relaterte tenester? Som trainee kan vi gje deg ein spennande start på karrieren din i eit innovativt og lærerikt miljø. Du får eigen mentor som syter for di faglege og personlege utvikling. Vi kan gi deg konkurransedyktig løn og moglegheit for fast tilsetting.
Forretningsutviklar
Sikkerheitskonsulent
Arbeidsoppgåver:
Arbeidsoppgåver:
Arbeidsoppgåver:
• Bidra til å utvikle nye forretningsområde i Enivest • Vere med å vidareutvikle eksisterande produkt i Enivest • Delta aktivt i Enivest sitt interne utviklingsarbeid • Overvake, strukturere og analysere kundar, konkurrentar og marknad • Samarbeide tett med andre funksjonar i selskapet
• IT-sikkerheit i Enivest • Nettverksarkitektur og sikkerheit i nettverk og for våre kundar • Informasjons- og sikkerheitsarkitektur • Penetrasjonstesting og sårbarheitsanalyse • Analysere og tolke innsamla data • Sikkerheitskultur, sikkerheitsforståing og modning • Koding og scripting
• Utvikling og vedlikehald av Enivest sitt kundesystem, nettside og eksterne portalar for kundar og samarbeidspartnarar • Delta aktivt i Enivest sitt interne utviklingsarbeid • Utforske og bidra til at Enivest sitt utviklingsteam held seg oppdatert på ny teknologi
Prosjektingeniør
Trainee innan IT-drift
Arbeidsoppgåver:
Arbeidsoppgåver:
Arbeidsoppgåver:
• Utvikling, drift, konfigurer ing og planlegging av datakommunikasjonsløysingar for internett, IP-VPN, multicast/IPTV • Planlegging, konfigurering og levering av ruterar, svitsjar, kundeutstyr mm • Delta i Enivest si vaktordning for beredskap og nettovervaking
• Prosjektering, planlegging og prosjektleiing for utbygging av fibernett og annan infrastruktur • Oppfølging og koordinering av eksterne entreprenørar, installatørar, leverandørar og samarbeidspartnarar • Forhandlingar og utforming av kontraktar • Dokumentasjon av nett
• Drift av lokalnett, klientar og servere • Systemdrift av Interne system • Systemdrift av skytenester
Nettverksingeniør
Frontendutviklar
RIST SØKNADSF 20 0 1. MARS 2
20 ugus t 20 A : g in t t e Tils t 2021 til augus
Kvalifikasjonar til stillingane og kontaktinformasjon finn du på enivest.no/ledig-stilling www.enivest.no
ne N B! es tillinga e in a r t e All no m t på gjen må søkas fylket. Framti d s