The Cool Project - lookbook

Page 1

The Cool Project Oslo Fashion Week og Heimen presenterer “The Cool Project” På trendvisninga under opninga av Oslo Fashion Week i februar 2011 såg eit svært spennande prosjekt dagens lys. I samarbeid med Heimen lanserte vi “The Cool Project”: ein designkonkurranse som foreinar tradisjonell husflid og couture – éin gong for alle. Tradisjonelt norske motivog materialar har for alvor vore synlege i det internasjonale motebiletet. Motehus frå D&G til H&M har trykt det urnorske tett inntil brystet og vist heile verdakor unikt og etterspurt norsk handverk er. Samtidig har neppe den norskefashionistaen leita etter det nye trendplagget hos norske strikk- og ullvareprodusentar. Før no. Oslo FashionWeek og Heimen presenterer prosjektet “The Cool Project”. Deltakarane i konkurransenutfordrar norske strikk- og ullvareprodusentar til å tenke meir kommersielt. Hensikta er å utvikle husflidsarven vår til også å dekke mote- og klesbransjensine behov. Gjennom denne konkurransen er både profesjonelle designarar og amatørar invitert til å vise veg. Deltakarane vil bli vurdert av ein profesjonell jury og vinnarane får høve til å vise fram unike prototypar av sin design på Heimen og under ei visning på Oslo Fashion Week i februar 2012.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.