Wergeland i skolen

Page 1

Wergeland-jubileet og Mangfaldsåret Hvad er vanskeligst? – Sig Selv at kjende. Hvad er lettest? – Til andre Raad at sende. Henrik Wergeland

2008


Wergeland-jubileet og Mangfaldsåret 2008

I 2008 er det 200 år sidan Henrik Wergeland vart fødd. Dette skal markerast gjennom heile året og på ulike måtar over heile landet. Regjeringa har òg vedteke at 2008 skal vere eit markeringsår for kulturelt mangfald. Begge markeringane har fokus på kultur, demokrati, medverknad og likeverd. Her finn du nokre framlegg til korleis skolane kan knyte seg til Wergeland-jubileet og Mangfaldsåret.

Wergeland-jubileet 2008 Kultur- og kyrkjedepartementet har gjeve Nasjonalbiblioteket, Riksarkivet og Eidsvoll 1814 i oppdrag å gje feiringa av 200-årsjubileet for Henrik Wergelands fødsel ein nasjonal dimensjon. Dei har skipa fellesprosjektet Wergeland 2008. Prosjektet har teke inititativ til ei rad tiltak, mellom anna ein eigen nettstad: www.wergeland2008.no

Boghylden er den Stige, der fører til at blive Overmandens Lige Henrik Wergeland

Her kan du bli betre kjend med vår mangfaldige nasjonaldiktar: lyrikaren, dramatikaren, samfunnsdebattanten, 17.-maikongen og opprøraren, og dessutan skoleeleven, studenten, sonen, broren og den forelska Henrik Wergeland.

På nettstaden, som er eit samarbeidsprosjekt mellom VestAgder fylkeskommune og Wergeland 2008, vil du mellom anna finne Samlede Skrifter i søkbar form, biletstoff (til dømes portrett, geografiske kart, manuskript, brev og Wergelands eigne teikningar), omtale av diktinga, samtida hans og dei mange spor Wergeland har etterlate seg. Delar av nettstaden vil vere tilrettelagde for skoleelevar og mellom anna innehalde pedagogiske oppgåver og aktivitetar knytte til originalmaterialet. Dei pedagogiske opplegga kan nyttast som ressursar for både lærarar og elevar i heile det 13-årige skoleløpet. Ein kan velje mellom leikande tilnærmingar (til dømes lage papirutstilllingar, nettutstillingar og digitale forteljingar eller svare på quiz) og meir reflekterande oppgåver som først og fremst er tilpassa ungdomssteget og vidaregåande opplæring. Henrik Wergelands tankar om menneskerettar, folkeopplysning, religionsfridom, ytringsfridom og andre grunnleggjande demokratiske rettar er utgangpunkt for oppgåver knytte til aktuelle problemstillingar (til dømes Midtausten-problematikken, religionsfiendskap, aukande framandfrykt, nasjons-

omgrepet og ei drøfting av om Grunnloven er moden for revisjon). I tillegg blir det aktualitetsstoff knytt til jubileumsmarkeringar og -arrangement rundt omkring i landet. Nettstaden vil halde fram utover 200-årsjubileet.


Kulturelt mangfald 2008 Kulturelt mangfald er ikkje noko nytt korkje i Noreg eller i andre delar av verda. Til alle tider har folk av ulike grunnar vandra frå land til land. Han eller ho som vandrer, blir endra, men også dei som har budd lenge på den staden vandraren kjem til, endrar seg. Det skjer ein gjensidig påverknad.

Saa skjøn er ingen Jordens Blomst som Smilet. Henrik Wergeland

Norsk historie er full av forteljingar om relasjonar og møte mellom individ og grupper som har budd her gjennom lengre tid, og folk som har komme hit frå andre delar av verda.

Regjeringa markerer 2008 som markeringsår for kulturelt mangfald. Stortingsmelding 17 (2005-2006) legg rammene for Mangfaldsåret. Det er skipa eit sekretariat under Kultur- og kyrkjedepartementet som skal koordinere arbeidet med Mangfaldsåret. Meir om dette arbeidet kan du lese på www.kultureltmangfold.no 2008 skal vere eit år som skal fremje tilgjenge og likeverd i kulturlivet, og byrjinga på ein demokratiseringsprosess av kulturlivet i Noreg. Målet er: ■ å synleggjere og styrkje det kulturelle mangfaldet som alt finst i dagens norske samfunn. ■ å gjere det mogleg for innbyggjarane å delta i og oppleve dette kulturelle mangfaldet. ■ å medverke til at etablerte kulturinstitusjonar i større grad enn i dag speglar att mangfaldet i folkesetnaden. Mangfaldsåret rettar seg mot alle som bur i Noreg uavhengig av kjønn, alder, klasse, seksuell legning, funksjonsevne, religiøs eller kulturell bakgrunn. Den overordna målsetjinga om toleranse og menneskeverd

i læreplanen har klar relevans til målsetjingar for Mangfaldsåret. Utdanningsdirektoratet vil derfor oppmode skolane til å delta. Med undervisningsopplegg og aktivitetar kan dei medverke til å styrkje dei positive dimensjonane i dagens kulturelle mangfald. Skolane kan til dømes arrangere stilkonkurranse, utstilling med kunst, måleri og teikning som dei sjølve lagar, musikk eller talentkonkurranse, og så vidare.


Læreplanar Læreplanar for dei fleste fag inneheld ei rad kompetansemål som er direkte eller indirekte knytte til tema som demokratiforståing, medverknad og kulturelt mangfald. Kompetansemåla er formulerte slik at dei gjev rom for lokalt utforma innhald og tverrfaglege læringsprosessar. Markeringa av Wergeland-jubileet og Mangfaldsåret er moglege utgangspunkt for å konkretisere kompetansemåla. I dette arbeidet er Grep eit nyttig verktøy for å finne fram til relevante kompetansemål og tema på tvers av fag. Faget elevrådsarbeid er særleg relevant når det gjeld demokratiforståing og medavgjerd. Dette faget omfattar alle elevane og er med på å understreke skolen som demokratisk arena. Faget har mellom anna til føremål å utvikle nødvendig kompetanse hos elevane for at dei skal kunne delta i påverknads- og avgjerdsprosessar. Norskfaget er eit sentralt fag for å utvikle kulturforståing, toleranse og respekt for menneske med ulik bakgrunn i eit kulturelt mangfaldig samHenrik Wergeland funn. Fleire kompetansemål på dei ulike årsstega set fokus på kommunikasjon på tvers av tidlegare grenser – språkleg, kulturelt, sosialt og geografisk:

Frihed uden Viisdom have, O det er en skræksom Gave!”

■ ■ ■ ■ ■

uttrykke egne følelser og meninger (2. årssteget) forklare hvordan man gjennom språk kan krenke andre (4. årssteget) lytte til andre, uttrykke og grunngi egne standpunkter og vise respekt for andres (7. årssteget) drøfte hvordan språkbruk kan virke diskriminerende og trakasserende (10. årssteget) forklare flerspråklighet og gi eksempler på hvordan språklig og kulturell samhandling kan bidra til språklige endringer og kulturell bevissthet (Vg1) drøfte fellesskap og mangfold, kulturmøter og kulturkonflikter med utgangspunkt i et bredt utvalg av norske og utenlandske samtidstekster i ulike sjangrer (Vg2)

Henrik Wergelands rolle som formidlar av demokratiske verdiar og kulturelt likeverd kan brukast på ulike nivå i tråd med kompetansemåla i norskplanen: samtale om et utvalg sanger, regler, dikt, fortellinger og eventyr fra fortid og nåtid på bokmål, nynorsk og i oversettelse fra samisk og andre kulturer (4. årssteget) ■ gjøre rede for viktige utviklingslinjer og noen sentrale forfatterskap i norsk og europeisk litteratur fra middelalderen til og med romantikken og denne litteraturens forhold til øvrig europeisk kulturhistorie (Vg2) ■

Samfunnsfag og KRL er andre fag der ein finn kompetansemål knytte til medavgjerd og demokrati. utforme og praktisere reglar for samspel med andre og vere med og ta demokratiske avgjersler i skulesamfunnet (samfunnsfag) ■ forklare skilnader mellom å leve i eit demokrati og i eit samfunn utan demokrati, og gjere greie for dei viktigaste maktinstitusjonane i Noreg (samfunnsfag) ■ drøfte verdivalg og aktuelle temaer i samfunnet lokalt og globalt: sosialt og økologisk ansvar, teknologiske utfordringer, fredsarbeid og demokrati (KRL) ■

Når det gjeld kulturelt mangfald, er det kompetansemål knytte til fleirkulturelle kulturuttrykk i kunst og handverk, musikk, kroppsøving, mat og helse og KRL. Språkfaga kan òg vere aktuelle fag å knyte til disse tema. ■

■ ■

bruke formelementer fra ulike kulturer i utforming av gjenstander med dekorative elementer (kunst og håndverk) diskutere hvordan kunstnere i ulike kulturer har framstilt mennesker gjennom tidene, og bruke dette som utgangspunkt for eget skapende arbeid med portrett og skulptur (kunst og håndverk) lage mat fra ulike kulturer og sammenligne mat- og måltidsskikker (mat og helse) diskutere særtrekk ved rytmisk musikk, kunstmusikk og norsk, samisk og andre kulturers folkemusikk og gjøre rede for egne musikkpreferanser (musikk) vere med i songleikar og enkle dansar frå ulike kulturar (kroppsøving)


Nettressurs om den retten eit barn har til å bli sett, høyrt og teke på alvor!

Arbeid på skolane mot rasisme og diskriminering

Frå 15. mai er verktøyet ”Livet under 18” tilgjengeleg for elevar i heile landet.

Markering av Holocaustdagen 27. januar og Benjaminprisen

Dette er utvikla og prøvd ut i samarbeid med lærarar og elevar og består av arbeidsmåtar som gjer elevar kjende med rettar og plikter barn og unge har etter FNs barnekonvensjon. Det er utvikla i eigne versjonar til mellomsteget og ungdomssteget.

Alle skolane skal ha eit læringsmiljø fritt for rasisme og diskriminering. Utdanningsdirektoratet deler kvart år ut ein pris til ein skole som har merkt seg ut i arbeidet mot rasisme og diskriminering. Prisen har fått namn etter 15 år gamle Benjamin Hermansen som vart offer for eit rasistisk motivert drap på Holmlia i Oslo i 2001. Utdanningsdirektoratet inviterer alle skolane til å sende inn søknad til Benjaminprisen. Sjå meir om prisen og søknadsskjema på: http://www.udir.no

Vær i Et og Alt dig Selv! Det er Sejrens Kunst, min Sjel! Henrik Wergeland

Verktøyet legg vekt på artikkel 12 i Barnekonvensjonen: Den retten barn og unge har til å seie si meining og bli tekne på alvor.

Det kan brukast for at elevane på ulike måtar kan uttrykkje eigne tankar og erfaringar om skolekvardagen, om kva som er viktig for å ha det godt i livet, om korleis barn og unge har det i andre delar av verda, om når dei lærer godt eller dårleg, om kva dei opplever som press i livet – og kva dei tenkjer om framtida. På nettstaden er det oppskrift på ulike arbeidsmåtar som kan brukast i klasserommet. Det er presentert for elevane og har utfyllande kommentarar til læraren. Her finst det også tekstar og foto uttrykte av barn og unge, noko som gjer det spennande for elevane sjølve å gå inn på nettstaden. Verktøyet er utvikla av Forandringsfabrikken på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet – og det er prøvd ut i samarbeid med skolar i Kristiansand. Se: www.livetunder18.no

Benjaminprisen blir kvart år delt ut på den internasjonale minnedagen for Holocaust, 27. januar. Alle skolane blir oppmoda til å markere denne dagen som eit ledd i arbeidet mot rasisme og diskriminering på skolane. Utdanningsdirektoratet har utvikla og samla ei rad læringsressursar som skolane kan nytte i det haldningsskapande arbeidet mot rasisme og diskriminering. Sjå: http://skolenettet.no/lom I 2008 vil det vere ein naturleg vinkel på arbeidet å knyte det til Wergelands tekstar og arbeid for likeverd og inkludering, mellom anna arbeidet hans for å gje jødar tilgjenge til Noreg.

Christen, Moslem, Hedning, Jøde maatte dog hverandre møde inden samme Faders Arme. Henrik Wergeland


Dronning Sonjas skolepris for likeverd og inkludering Dronning Sonja har teke initiativ til ein skolepris for likeverd og inkludering. Dette er i tråd både med intensjonane for Mangfaldsåret og i Henrik Wergelands ånd.

Der er Slægtskab mellem Sjelen og Stjernerne.

Henrik Wergeland

Likeverd og inkludering er grunnleggjande verdiar for alle skolar. I samanheng med Dronning Sonjas skolepris blir likeverd og inkludering definerte slik:

Likeverdig opplæring Opplæringen er likeverdig dersom elevene får et adekvat og fullverdig opplæringstilbud egnet til å nå egne og felles mål, uten at det må være identisk med det tilbudet som andre elever får. Elever og lærlinger er ulike, og derfor har de ulike behov og læreforutsetninger. Likeverdig opplæring er ikke en opplæring som er lik, men en opplæring som tar hensyn til at elevene er ulike.

Inkludering Alle barn og unge skal få mulighet til å leve, lære og virke sammen gjennom hele grunnopplæringen. Den skal favne alle og være en felles arbeids- og møteplass. Alle elever og lærlinger skal ta del i det faglige, sosiale og kulturelle fellesskap. Tilstedeværelse er alene ikke tilstrekkelig. En inkluderende opplæring krever at alle elever opplever tilhørighet, deltagelse, medbestemmelse, faglig og sosialt utbytte Utanningsdirektoratet oppmodar alle skolane til melde seg som kandidatar til prisen, så sant dei har eit arbeid for likeverd og inkludering som er heilskapleg og langsiktig, synleg i planar og verdigrunnlag for skolen, og inkluderer heile skolesamfunnet. Informasjon om prisen og søknadsskjema finst på http://www.udir.no

Aktuelle nettstader: Utdanningsdirektoratets nettsider www.udir.no

Wergeland-jubileet 2008 www.wergeland2008.no

Læreplanane for Kunnskapsløftet www.udir.no/grep

Kulturelt Mangfald 2008 www.kultureltmangfold.no

Utdanningsdirektoratets nettsider for lærarar og elevar www.skolenettet.no

Nettressurs om den retten eit barn har til å bli sett, høyrt og teke på alvor www.livetunder18.no

Utdanningsdirektoratets sider om lærings- og oppvekstmiljø www.skolenettet.no/lom


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.