Du er lur, Nøstepus

Page 1


Forlagshuset Publica © 2020 Forlagshuset Vest AS Langgata 30 4306 SANDNES Publica er et imprint av Forlagshuset Vest AS. www.forlagshusetpublica.no ISBN: 9788284160146 Omslag: Hana Costelloe Sats: Hana Costelloe Illustratør: Borghild Langøy Raj Trykkested: Latvia Materialet i denne publikasjon er omfattet av åndsverklovens bestemmelser. Uten særskilt avtale med Forlagshuset Publica er enhver eksemplarfremstilling og tilgjengeliggjøring bare tillatt i den utstrekning det er hjemlet i lov. Utnyttelse i strid med lov eller avtale kan medføre erstatningsansvar.


Borghild Langøy Raj

2020


-)I

..

-


E

in dag kom ei bestemor til meg. Kan du skrive ei bok på nynorsk til meg? spurde ho. Kan du lage ei historie som eg kan lese for dei minste, heime hos oss? Eg kan prøva, svara eg då. Takk for inspirasjonen, Inger Johanne!


Me har ein katt. Katten heiter Nøstepus.

Nøste + pus = Nøstepus.

- 6


Då Nøstepus var lita, tok me på henne kleda til dokkene våre. Så køyrde me henne i dokkevogna.

7 -


- 8


Tida gjekk. Ein dag hadde pusen vår blitt ein vaksen katt. – Det er då fælt så stor mage du har fått, sa Ninna ein dag. – Du må ikkje eta så mykje mat, pus! Nøstepus kikka på oss med dei ravgule augo sine.

9 -


– Mi-i-au, sa ho. Me bøygde oss over henne. – Vil du ha kos, pus? spurde me. Ho smaug seg inntil føtene våre. Me strauk den spraglete pelsen hennar, med varsame hender. Då vreid ho seg vekk og sprang av stad. - 10


Kva var no dette? Me såg undrande på kvarandre. Me ville klappe pus. Pus likte då kos?! Kvar gong me strauk pelsen hennar, mol ho nøgd. Men så byksa ho vekk! No såg pusen vår på oss att. – Mi-i-au, sa ho lågt. Me skunda oss bort til henne. Ninna og eg kosa med pus ein gong til, men berre litt. Så vreid ho seg vekk og smaug seg av stad att bortetter vegen.

11 -


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.