Eg går

Page 1


Lyrikkforlaget © 2021 Inkognito publisering Postboks 112 4395 Hommersåk www.lyrikkforlaget.no Lyrikkforlaget er et imprint av Inkognito publisering ISBN: 9788283982008 Omslag: Hana Costelloe Sats: Hana Costelloe

Materialet i denne publikasjon er omfattet av åndsverklovens bestemmelser. Uten særskilt avtale med Lyrikkforlaget er enhver eksemplarfremstilling og tilgjengeliggjøring bare tillatt i den utstrekning det er hjemlet i lov. Utnyttelse i strid med lov eller avtale kan medføre erstatningsansvar.


Eg går A N D E R S H O L M E FJ O R D

LYRIKKFORLAGET

2021


- 4


Stille Stille seglar kvite skyer stille svevar frie fuglar mot asurblå himmelkvelv mjukt og stille landar orda borne til ein son av jorda sitrande som lauvet skjelv

5 -


Å gå Å gå er ei reisande rørsle for først må eg opp og stå å gå er å finna balanse ja, heilt frå mi storetå å gå er å få ei framdrift til ferd frå den tronge krå Å gå er eit krav frå viljen når skodda sig sid og grå å gå er å flytta fokus nytt méd eller mål å sjå å gå er å setja sjøbein når kulingen friskar på Å gå er å fara stillsleg og plukka seg bær på strå å gå er å trø gjennom grinder som møter meg, knirkande trå å gå er å nærma seg venen for kjærleik og nåde å få

- 6


Eg går Eg går i dei lange liene og leitar etter løynt liv mellom vindfall Det raslar av visne bregner under støvlane Bjørkene står nakne no ventar på dei snøkvite kåpene Eg følgjer eit far Det ber oppover mot himmelsyna

7 -


Det dagast I natta bryt du deg veg gjennom dråpeskogen, tårevåt Sidan grånar greina der dråpar heng som ei perlande morgongåve på dagen sin bleike hals Du bøyer deg og trør varsamt vidare

- 8


Eg er redd Eg er redd for å gå åleine gjennom mørke marka. Du lovar å koma til møtes med meg. Trygge steg på stigen. Vi møtest på halvvegen. Saman går vi heim.

9 -


Hjorten Smygande steg stoggar Or inkje kjem hjorten I det sekundet dyret er der vert våpenet vendt mot den opne glenna, men før fingeren når målet sitt er tida omme Skogen står der og løyner alt eg ikkje vann

- 10


Maskefall Eg går i ein skog av masker og stiltrar meg fram på tå for maskene heng i natta med spindelvevtrådar på Ved myra sviv nakne kroppar med attlatne auge i pant og flyt gjennom draumedisen mot det som er ekte og sant Langt bortom dei stive trea søv tjørna av roser full snart skinande opne andlet mot sola sitt morgongull Men lyset bak maskeskogen er berre i glimt å sjå for meg som kvar natt til ende mi pilegrimsferd må gå Eg lengtar mot morgonlyset og vatn mot naken hud eit bilete slik han såg det den fullkomne skapar, Gud Or ævedom lyder basunen i skogen så aud og kald ein stormlyd mot spindelverket det evige maskefall

11 -


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.