Publica © 2021 Forlagshuset Vest AS Langgata 30 4306 SANDNES Publica er et imprint av Forlagshuset Vest AS. www.publicabok.no ISBN: 9788284161174 Illustrasjoner: Johannes Eines Omslag: Hana Costelloe Sats: Hana Costelloe
Materialet i denne publikasjon er omfattet av åndsverklovens bestemmelser. Uten særskilt avtale med Publica er enhver eksemplarfremstilling og tilgjengeliggjøring bare tillatt i den utstrekning det er hjemlet i lov. Utnyttelse i strid med lov eller avtale kan medføre erstatningsansvar.
Eg høyrer regndropar best når det er mørkt JOHANNES EINES
2021
T IL F RAN SI SKA VIKTORIA AV HAMNI NGBE RG
DEL 1
I PO M OR E N S H U S
7 -
JA VISST GÅR DET EIT TOG Ja visst går det eit tog til Hamningberg frå Vladivostok i aust til Sankt Petersburg i vest mot Helsinki og nordover til Haparanda, langs Torneälv og gamle ferdselsvegar som passerer eit hus i ein liten hage der nokon dreg frå gardinene mot det store, opne havet fylgjer fullmånens reise over natthimmelen, sjår ljoset i andletet ditt, høyrer deg die for fyrste gong
9 -
DEN ANDRE MÅNADEN Det er den andre månaden i det nye året, oppkalla etter Februus, guden for det underjordiske og all rensing Jordmor som veit alt om den siste vintermånaden, ser barnet røre på fingrar og tær og ber den tause kvinna gravleggje etterbyrden idet havet stig
11 -
FAR FÅR HØYRE Far får høyre om den nyfødde sonens glatte hud, mjuk som bløtt gress I tung båt let han fingrane gli over fiskens glatte utside
13 -
FISKET Fisket blir godt i år, seier far, kan hende skal sonen fylle mine sko Allereie no, like etter fødselen, kjem slike tankar Den fyrste kvelden etter velkomsten er han leiken og oppesen, spelar komposisjonar av Rachmaninov Mor seier at far har breie skuldre
15 -