Feelgood på nynorsk

Page 1


Lyrikkforlaget © 2021 Inkognito publisering Postboks 112 4395 Hommersåk www.lyrikkforlaget.no Lyrikkforlaget er et imprint av Inkognito publisering ISBN: 9788283980820 Illustrasjon omslag: "Førs i strekar", Aurora Nordal Omslag: Hana Costelloe - CF media Sats: Hana Costelloe - CF media

Materialet i denne publikasjon er omfattet av åndsverklovens bestemmelser. Uten særskilt avtale med Lyrikkforlaget er enhver eksemplarfremstilling og tilgjengeliggjøring bare tillatt i den utstrekning det er hjemlet i lov. Utnyttelse i strid med lov eller avtale kan medføre erstatningsansvar


FEELGOOD PÅ NYNORSK

Svein Førde

LYRIKKFORLAGET


/ 4


BERRE MENNESKE Vi meiner vel alle å gjere det rette, i vår relasjon til andre. Og å sjå ut som likendes folk, i den tid vi på jorda skal vandre. Pleie vårt omdøme og få respekt, skape tillit og prøve å vere gagns og brukanes menneske, til glede for nære og kjære. Men ofte vi må vel erkjenne vi strekk ikkje til som vi vil. Seier ord vi ikkje skulle sagt, og gjer ting vi ikkje får til. Det kan henge ved i frå unge år, og gneg oss og går ikkje bort. Feile ord til folk du er glad i, eller gjerning du ikkje skulle gjort. Men døm deg ikkje for hardt, du er likevel god som du er. Ingen kan gå gjennom livet, utan mørke skyer og ruskever. For dette gjeld oss alle, og går nok på kryss og tvers. Men prøv no berre å rydde opp, før du kjem til det siste vers.

5 /


/ 6


DU NORDFJORD Eg helsar deg Nordfjord, frå Endal brygge, som ufaglært skipper på fullrigga naust, I kuling og storm er vi tørre og trygge, når sjødrevet slår inn frå nord og nordaust. Her drikk vi vår vin og her let vi det suse, her et vi vår biff og det daglege brød. Her tuslar vi rundt berre i tøflar og truse, her hentar vi inn att vår lyst og vår glød. Her stikk vi ut kursen mot ukjente stadar, der stortorsken står mellom holmar og skjær. Der set vi vårt bruk og i kveldssola badar, før heimatt med brisen i ryggen vi fer. Og dagen deretter, før måsen får «gale», legg vi ut i vår båt for å dorge litt lyr. For då skal vi krabben og hummaren hale, og håpar ikkje «Oppsynet» skriv ut gebyr.

7 /


/ 8


EIN KLESHENGAR-BIOGRAFI Eg er ein hengar frå Eids konfeksjon, Ikkje mange er att av min generasjon. Eg har hengt rundt i «hundrede» år, så kroken er sliten og nakken er sår. Eg har sett motar kome og gå, kjolar og jakker for store og små. Allslags fasongar for dame og herre, smaklaust, vulgært eller endå verre. Påkledd og avkledd i mykje rart, livet som hengar er strevsamt og hardt. Har og henge naken, utan ein tråd, kanskje det stundom var dårleg med råd? Tafsing frå folk som har kome frå fest, frå vertskapet sjølv, og frå medteken gjest; fomlande forsøk på å henge opp plagg, skulle då ynskje at eg var ein knagg. No er eg sliten og skuldrene heng, no vil eg ha den pensjonen eg treng. Kanskje eg då kan få sett inn ny krok, så kan dei kanskje få hengt opp ei brok.

9 /


/ 10


HESTEKAR Er fullfaren som bestefar, no har eg prøvd meg som hestekar. Stallgut på Raad, på Fjordhestgarden, det gjekk no vel bra, men er lite erfaren. Møkking – ja, det heiter visst så, foring og kledning, av og på. Nattkjole og frakkar for allslags veir, dekken seier vel hestefolk meir. Geleide dei trygt både ut og inn, store dyr med vakre sinn, Spelar på lag – skritt for skritt, han som held tauet, lurer no litt. Kloke auge ser på meg, opplagt kva dei tenke seg: «Har han aldri sett ei grime før?» Ein oppgitt hest er det som spør. Er usikker på kven som styrer her, men vi kjem nok fram dit vi fer. Eg fører an med «stødig» hand, med eit rosa, fletta og fancy band. Eg forstår at mange har hesten kjær, ein trufast ven som kan vere litt sær. Som også var med då vi bygde landet, som blir ved di side om du slepp bandet.

11 /


/ 12


HAUST Så trekke livet seg stille attende, vemodig og vakkert å sjå det hende. Det grøne blir gult, og det friske blir dødt, Mor Jord går på lading for på ny og bli født. Strålande fargar mot himmelblått tak, sanking av nyttige vekstar med smak. Fjelltoppar dryssa med nysnø i sol, mange slags artar søker sitt bol. Bonden har hausta og jorda får ro, og kviler til graset igjen skal gro. Trekkfugl har reist og helsar frå sør, slik som i fjor og alle år før. Så naturen er raus – år etter år, og håpet må vere at vi alle forstår, Og verdsette dette, så alt vil bestå, så dei som kjem etter, også får sjå.

13 /


/ 14


DEI UNGE I alt som lever og alt som er, dei unge og ranke vil vere her. Frå spede spira i vårvarm jord, til barn og unge rundt våre bord. Dei løftar oss fram i alt dei gjer, gjev oss krefter som håpet ber. Dei er vår glede ved sjølve seg, og sine draumar på livets veg. Dei møter livet med djerve steg, med unge krefter og heile seg. Tek seg framover, lett på fot, med store planar og pågangsmot. Sjå ungdom stråle for det dei trur på inspirerer oss alle, får oss fram på tå. Litt som «dop» for oss vaksne og trøtte, og gjer at vi betre kan vere til støtte. For visst kan det butte, og ting gå i mot. Då må vi vere der – på stødig fot. Knyte levd liv med ung energi, og leie våre unge trygt forbi.

15 /


/ 16


OTIUM Så fekk eg stå opp til endå ein dag, har ikkje planlagt å gjere det slag. Strekke på kroppen og høyre det knaka, stryk så ei hand over skjeggete kjaka. Testa funksjonar og kjenne dei virkar, det meste er bra sjølv om det knirkar. Om alt kanskje var i betre stand før, då vi var unge med tut og med kjør. Då vi drøymde om alt som låg føre, då tankane svirra og alt var ei røre. Då lite vi visste kor hen det bar, og høyrde for lite på mor og far. No det meste er gjort, med gode minne, og eg kan berre takke med fred i sinne. For alt eg var med på og folka eg møtte, som viste meg tillit og gav meg si støtte. Livet er fint når unge draumar blir lagt, men minst like godt når det meste er sagt. Då kan vi mimre om det som blei gjort, og sitte å skryte og gløyme oss bort. Dei fleste ville nok hatt livet til gode, slik ein gjekk der og drøymde som pode. Men er du tilfreds med slik som det blei, kan du sitte og minnest med smilet på snei.

17 /


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.