Lyrikkforlaget © 2022 Inkognito publisering Postboks 112 4395 Hommersåk www.lyrikkforlaget.no Lyrikkforlaget er et imprint av Inkognito publisering ISBN: 9788283982626 Omslag: Hana Costelloe Sats: Hana Costelloe
Materialet i denne publikasjon er omfattet av åndsverklovens bestemmelser. Uten særskilt avtale med Lyrikkforlaget er enhver eksemplarfremstilling og tilgjengeliggjøring bare tillatt i den utstrekning det er hjemlet i lov. Utnyttelse i strid med lov eller avtale kan medføre erstatningsansvar
Ola Hausberg
LYRIKKFORLAGET
2022
– 4
Inni er det annleis alltid smilande og blid full av lovord og trøyst til dei du møter på din veg inni er det annleis kven ser det mon tru kanskje du
5 –
Søv kattar han sit der og myser auga er som strek eg freistar sova om natta han held meg vaken søv kattar
– 6
Du står i det skyene ter seg som skip jagar over den blåsvarte himmelen snart er det kvelden ingen veit kva mørket skjuler du står i det utkvilt kjem natta og fillerister deg på ny
7 –
– 8
Av og til av og til er livet som ein karusell blåst i håret sug i magen fest setebeltet hald spyposen klar
9 –
Ro i sjela ro i sjela er ei gåve eg sjeldan eig lenge ynskjer meg ei ny sjel men ho seier dei er utseld på ubestemt tid
– 10
Angsten kjem snikande du korkje ser eller høyrer han men er likevel heilt viss han har vel reist forbi utan å bry deg du er fortsett heilt viss han kjem att
11 –