Lappeteppe

Page 1


Publica © 2021 Forlagshuset Vest AS Langgata 30 4306 SANDNES Publica er et imprint av Forlagshuset Vest AS. www.publicabok.no ISBN: 9788284161242 Omslagsillustrasjon: Jarl Wåge Omslag: Hana Costelloe Sats: Hana Costelloe

Materialet i denne publikasjon er omfattet av åndsverklovens bestemmelser. Uten særskilt avtale med Publica er enhver eksemplarfremstilling og tilgjengeliggjøring bare tillatt i den utstrekning det er hjemlet i lov. Utnyttelse i strid med lov eller avtale kan medføre erstatningsansvar.


LAPPETEPPE JA R L WÅG E

2021



av hav er eg komen evig brus av bylgjer som bryt lyd av rullesteinar gnurande mot kvarandre i alt dette steig eg av hav og blei menneskje

Foto: Liv Hilde Gotteberg 5 /


/ 6


eg går langs havet alltid langs havet ord ligg som drivved mellom fjæresteinane eg plukkar dei opp legg dei sirleg etter kvarandre som vogner i eit tog for å sjå om dei gjev ei slags meining

Foto: Liv Hilde Gotteberg

7 /


/ 8


ta handa mi sa han denne vegen er for bratt for berre ein

Foto: Mirjam Wåge Jensen

9 /


/ 10


kven han er får ingen vite for den han er vil ingen sjå berre den dei vil han skal vere viser han dei

Foto: Mirjam Wåge Jensen

11 /


ingen ting veks på steingrunn orda eg sådde der (symfoni av poesi stod det på frøpakken) ein slags atonal jammerkonsert

/ 12


perledykkar han har ikkje lungekapasitet nok til å dikte den perfekte perla

13 /


midtsommarnatt i natt dreg alle heksene til Bloksberg og att sit alle vi som ikkje vågar fly

/ 14


fyrstereisgut han snakka til meg fyrstereisgut i den store verda på hjørnet mellom Regent Street og Oxford Street eit ordlaust språk eg aldri hadde vore borti før dette gudsordet frå Ytre Nordfjord forstod alt han sa og det han sa gav meg kneskjelv og hjartebank eg visste det der og då det fanst ingen annan veg å gå

15 /


eit nanosekund av blått blikk i mitt sjeleskjelv styrke 8,7 på Richters skala med etterskjelv på etterskjelv berre ruinar att av forsvarsverket mitt

/ 16


mi gåve til deg sa han er lukke rein og skir eg veit at pakkar eg ho ut seier eg samstundes ja, takk til å eige ei sorg

17 /


/ 18


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.