Lyrikkforlaget © 2022 Inkognito publisering Postboks 112 4395 Hommersåk www.lyrikkforlaget.no Lyrikkforlaget er et imprint av Inkognito publisering ISBN: 9788283982534 Omslag: CF media Sats: CF media Materialet i denne publikasjon er omfattet av åndsverklovens bestemmelser. Uten særskilt avtale med Lyrikkforlaget er enhver eksemplarfremstilling og tilgjengeliggjøring bare tillatt i den utstrekning det er hjemlet i lov. Utnyttelse i strid med lov eller avtale kan medføre erstatningsansvar.
lealausgrind_sats_v4.indd 2
26.01.2022 13:58:24
HANS GÜNTHER BONENBERGER
Lealaus grind Alt heng saman
LYRIKKFORLAGET
lealausgrind_sats_v4.indd 3
26.01.2022 13:58:24
lealausgrind_sats_v4.indd 4
26.01.2022 13:58:24
1. Alt heng saman Det kan ha vore eg kom tilfeldig hit, trudde eg Billetten og reisa var inga tilfeldigheit Hovudet mitt seier noko anna – alt heng saman, utan samanheng er me ikkje noko Reisa vart lengst på bortebane og kvar morgon lengtar eg tilbake
– 5 – lealausgrind_sats_v4.indd 5
26.01.2022 13:58:24
2. Biletbokas by I Fontanestadt mitt hus mitt ly, du biletbokas by. II Eit lite kny, i verd så stor, kva veit eit barn om det; om krig for fred om fred for krig om det som fylgjer med. III Eg var liten du var stor, staden den var moder jord. IV Alle oss vart vi og dei, så pensa dei ein bane, ut av lei.
– 6 – lealausgrind_sats_v4.indd 6
26.01.2022 13:58:24
V For oss som barn var hausten fin, me dansa vilt me song på rim. VI Den kross ho bar i bringa si, vart tommel ned for mora mi. VII Dei la ut åte i vårt rom, ei mor med barn ho fekk sin dom. VIII Ho sa det slik; kva bryr vel dei, dei høyrer ikkje på meg meir, dei byggjer opp ein fiendeleir, det gjer meg mødd og mo.
– 7 – lealausgrind_sats_v4.indd 7
26.01.2022 13:58:24
IX Du vesle, vesle, vesle du, her kan me ikkje saman bu, ein augneblink er nok for den, som held seg til ei liste; der står det kva som skjer med dei som ikkje let seg freiste, til heilag tru og svir med dei som havnar i ei kiste. X Så skjedde det som skulle skje, me måtte berre flykte, frå alt det vesle som var vårt, til storbylarm og storbykår, det kunne berre briste. XI Ei morgonstund med gull i munn, i sovesalen – fellesrom, Marienfelde flyktningleir, vårt yankeedidl redningsreir.
– 8 – lealausgrind_sats_v4.indd 8
26.01.2022 13:58:24
XII Frå høganlei og ned til oss, dala det eit brev, der orda stod i sand: Me vil så gjerne hjelpa dykk, kvi rømde de vårt land på flukt, de sveik oss mest med ufornuft, de kryssa sperra grensegang, dei dømer dykk frå dette land; til aldri meir få fred, slik stempla dei vårt brev. XIII I aust og vest, kom freden kald, kva siger var no det? XIV Eg pussa mine venger små, eg budde mine framtidsår; eg skulle kanskje fly. XV Eg trur dei skjemde angra seg då flagga hang på stong, slik ærekjensla viser seg, det gjer ho gong på gong.
– 9 – lealausgrind_sats_v4.indd 9
26.01.2022 13:58:24
XVI For min del, eg var barnemunn i verda og på jord. Dei lærte meg om tru og liv, for liten og for stor. XVII Frå høgste hald vart det bestemt; at folket skulle sjå, no var det oss Berlinerbarn, som skulle ære få. XVIII I vesterveg dei sende oss til feiteferieland, der skulle me gå hand i hand, som barn, i engleland. XIX På Tempelhof stod fuglen klar med stjernepynten på, kvitt, kvitt, så var me langt av stad, kor skulle dette gå. For min del vart det Noregs land, der trolla stakk sitt hovud fram, eit liv, langt i det blå.
– 10 – lealausgrind_sats_v4.indd 10
26.01.2022 13:58:24
XX I trolleland hang sola høgt og himmelen var grå, men songane gjekk støtt i moll, det plagar meg ennå. Du kjære min, mitt store barn, kvi reiste du så langt, dei sulla meg, så underleg, i trollemor sitt land. XXI No vil eg hegna hausten inn, og kjenna våren ny; eg takkar deg mitt fødeland, Fontanestadt, du biletbokas by.
– 11 – lealausgrind_sats_v4.indd 11
26.01.2022 13:58:24
3. Eg vil i det minste treffa verda Sjølv var eg; ein fjernstyrt lauskatt som tidleg kvesste klør avgrensa til meg sjølv, gjekk eg frå nederlag til nederlag Eg vil i det minste treffa verda og verdas einfaldige Gud, eg kjenner meg til overs har ikkje mykje i denne verda å gjera Eg ville berre hatt det eg ikkje var, men eg vil i det minste treffa verda og verdas einfaldige Gud.
– 12 – lealausgrind_sats_v4.indd 12
26.01.2022 13:58:24
4. Lealaus grind Ut i marka hang ein port ei gamal hengsla grind; ein møtestad for stort og smått eit le innunder lind. Den kunne vera kvilestad for hender og for legg, men ofte stod den einsam klar som samanspikra vegg. Eg hugsar godt ein sommardag då grinda stod på gap, eit lag drog gjennom le mot li til fjells, langs krøtersti. Dei dagar då det roleg var sat fugl på grindevagl, slik våren kom med fantedriv og gauka sommartid. Ei grind var grind, ein gut var gut slik var no denne tid, til ein dag dei tok hengsla di; og ferist kom for bil. Eg saknar grinda lealaus og marka der den stod, den kunne stengjast med ein krok – kvar finn eg slike no.
– 13 – lealausgrind_sats_v4.indd 13
26.01.2022 13:58:24