1 minute read

EIN TUR I FJÆRA

Next Article
PÅKLEDNING

PÅKLEDNING

Eg går ofte ein tur i fjæra og ser kva eg finn der. Ting som er innom på ferda og tek seg ein pause her.

Der finn du sjeldan to like, men alle slags ting og tang. Til glede for meg og slike som kjenner si «finnetrang».

Advertisement

Vasar med tau og plast frå nære og fjerne hav, som vitnar om bruk og kast til eit sørgjeleg hopehav.

Bleika og glattskura bord i sin gråe patina og glans, vakrare enn sagt med ord, for alle med maritim sans.

Så å gå der å rusle i fjæra gjev stadige skifte i sinn, og sjå kor vi vansteller verda, men òg alt det vakre ein finn.

V R

Timar med lys og eit drag i lufta av vårlege vindar og gryande liv. Trekkfuglar kjem med helsing frå sør, snøen den smeltar til elvar som før.

Liv kjem til syne på mange slags vis, fuglane syng til oppvakningas pris. Røtene hentar sitt liv ned i jorda slik at vi alle har mat nok på borda.

Mange dei ryddar og rakar i hagen, enkelte slepper litt sol inn på magen. Vinterdekk vaska og lagt på hotell, folket er ute og nyter kvar kveld og helsar med glede, igjen er det vår, gylle på marka og bøndene sår. No vil vi sjå kor det spirer og gror med næring frå desse håpefulle ord.

This article is from: