1 minute read
PÅKLEDNING
Kva skal eg ha på meg i dag?
Skal eg tenkje funksjon og behag?
Advertisement
Eller vere kul og ta meg ut, som ein trendy, yngre gut?
Skal det vere noko som varmar?
Korte eller lange armar?
Skal eg ha det opp under kjaken, eller skal bringa vere naken?
Kva signal vil eg sende?
Skjule magen, kan hende?
Skal eg virke høg eller brei, kanskje vere litt på snei?
Skal buksa vere trang?
Skal skjorta vere lang?
Skal det vere ruter og i blått, eller den nye som er så flott?
Å kle seg er slett ikkje lett, eg kjenne at eg blir litt sveitt. Men då er det iallfall ei lukke, at allting kler den …ukke.
Ferie
Ferietid er fint og flott, gler oss no, det skal bli godt. Ligge lenge, gløyme klokka, fedrelandet dreg og lokka.
Det er eit styr å slappe av utan plikter, stress og kav. Kose deg med alle dine og kanskje litt med andre sine.
Finn på, prøv det meste, drikk med sommargjester. Køyr til side, ta ein stopp, finn ein topp og kom deg opp.
Heseblese Norge rundt med alle sine høgdepunkt. Myggestikk og kleggebit, skunde seg å vente litt.
Ungar, bikkje og ein katt, styr og ståk kvar enda natt. Oppblåsbare underlag avtrede av alle slag.
Og så når alt ein dag er slutt, og du er heilt og fullt kaputt. Gå på jobb til dagleg tralt, kvil deg ut, og få betalt.
Sommartid
Sommar med solfylte dagar, men også med velkjende plagar. Då kjem myggen og knotten, og det knøttlitle udyret flåtten.
Så kjem kvefsen og kleggen som får folk til å springe på veggen når dei høyre det surra bak øyre’ og dei skjønar kva det er dei høyrer.
Skrik og ber seg alt dei kan og lyser bestøvande insekt i bann. Veivande armar i urytmisk dans, fram og tilbake utan ein stans.
Andre ser på og ler og lurer på kva det er. «Du kan ikkje vere heilt god … kanskje du skulle stå litt i ro?»