1 minute read
Oppdatert
from Gynekologen 3/20
by WebPress
Akutt obstetrikk er noko mange eg snakker med synest er både det mest spennande og skumlaste med faget vårt. Når barnet er forløyst og mor er flytta til intensiven kan eg ofte kjenna meg som ein fisk på særs tort land. Der driv dei på med rare ting som å ta invasive MAP-trykk, og blodprøvesetta inneheld mykje eg ikkje er vand med. Her kjem det to podcastar som hovudsakeleg omhandler den kritisk sjuke obstetriske pasienten.
Sjølv om eg ikkje har tru på at podcastar kan erstatta praktisk trening i å handtera akutte situasjonar, kan dei komplementera den med å gje ei betre innføring i teorien og prinsippa bak det som trenast på. Kanskje kan dei gje deg betre grunnlag for å sjå tilstanden litt frå anestesiologen si side.
Øystein Bergøy
LiS ved Stavanger Universitetssykehus og nestleder i FUGO
The critical care obstetrics podcast Amerikansk podcast som tek føre seg alle moglege problemstillingar som er relevante for å ta vare på den kritisk sjuke obstetriske pasienten, frå biokjemiske prosessar til strukturelle utfordringar ved sjukehusorganisering. Podcasten forklarer tema som ein vagt husker frå studiet på ein veldig pedagogisk og klinisk relevant måte. Sjekk for eksempel ut episoden “sepsis simplified”, “DKA made simple” og “what is DIC”. Denne podcasten er laga av eit firma som driv med simuleringar, og nokre podcastepisodar omhandler korleis ein kan optimalisera simuleringstreningane. Kjem ut vekentleg og varer 10-20 min. Obsgynaecritcare Australsk podcast produsert av ein anestesiolog, og vinklinga på ein del av temaa synast å bera preg av det. Det er for eksempel mykje fysiologisnakk og diskusjonar rundt anestesiologiske prosedyrer som f.eks. intubering. Podcasten synast imidlartid å vera klar over at dei har ein del lyttarar som er obstetrikarar, så dei fleste ting blir forklart slik at me klarer å henga med. Det er mange gode diskusjonar her der ein kan læra om faget vårt frå ein litt annan ståstad enn det me kanskje er vande med. Episodane er litt uregelmessige for tida, men har til vanleg kome ut eit par gonger per mnd. Varigheit er som regel rundt ein halvtime. Dei første episodane er av betydeleg dårlegare kvalitet enn det dei siste er.