Gynekologen 3/20

Page 31

Oppdatert Akutt obstetrikk er noko mange eg snakker med synest er både det mest spennande og skumlaste med faget vårt. Når barnet er forløyst og mor er flytta til intensiven kan eg ofte kjenna meg som ein fisk på særs tort land. Der driv dei på med rare ting som å ta invasive MAP-trykk, og blod­ prøvesetta inneheld mykje eg ikkje er vand med. Her kjem det to podcastar som hovudsakeleg omhandler den kritisk sjuke obstetriske pasienten.

Sjølv om eg ikkje har tru på at podcastar kan erstatta praktisk trening i å handtera akutte situasjonar, kan dei komplementera den med å gje ei betre innføring i teorien og prinsippa bak det som ­trenast på. Kanskje kan dei gje deg betre grunnlag for å sjå tilstanden litt frå anestesiologen si side.

The critical care obstetrics podcast Amerikansk podcast som tek føre seg alle moglege problem­ stillingar som er relevante for å ta vare på den kritisk sjuke obstetriske pasienten, frå biokjemiske prosessar til strukturelle utfordringar ved sjukehusorganisering. Podcasten forklarer tema som ein vagt husker frå studiet på ein veldig pedagogisk og klinisk relevant måte. Sjekk for eksempel ut episoden “sepsis simplified”, “DKA made simple” og “what is DIC”. Denne podcasten er laga av eit firma som driv med simuleringar, og nokre podcastepisodar omhandler korleis ein kan optimalisera simuleringstreningane. Kjem ut vekentleg og varer 10-20 min.

Øystein Bergøy LiS ved Stavanger Universitetssykehus og ­nestleder i FUGO

Obsgynaecritcare Australsk podcast produsert av ein anestesiolog, og vinklinga på ein del av temaa synast å bera preg av det. Det er for eksempel ­mykje fysiologisnakk og diskusjonar rundt anestesiologiske prosedyrer som f.eks. intubering. Podcasten synast imidlartid å vera klar over at dei har ein del lyttarar som er obstetrikarar, så dei fleste ting blir forklart slik at me klarer å henga med. Det er mange gode diskusjonar her der ein kan læra om faget vårt frå ein litt annan ståstad enn det me kanskje er vande med. Episodane er litt uregelmessige for tida, men har til vanleg kome ut eit par gonger per mnd. Varigheit er som regel rundt ein halvtime. Dei første episodane er av betydeleg dårlegare kvalitet enn det dei siste er.

Medlemsblad for Norsk Gynekologisk Forening

31


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook

Articles inside

Referansegruppe for fødselsovervåking

3min
page 67

European Board and College of Obstetrics and Gynecology (EBCOG

3min
pages 64-65

NFOG

4min
pages 68-69

Spesialitetskomiteen

4min
pages 70-72

Norsk gynekologisk endoskopiregister (NGER

2min
page 60

FUGO

4min
page 66

GYNEKOLOGEN ANBEFALER

2min
pages 52-53

GYNEKOLOGER IMELLOM

1min
pages 50-51

Oppdatert

1min
page 31

FUGOteket

2min
pages 36-37

NORGE RUNDT

7min
pages 46-49

Boksen går – videre

3min
pages 38-39

Kunnskapsbasert praksis. Tre anledningar til å misbruka studier

9min
pages 32-33

Hormonbehandling i klimakteriet. Hva er historien, og hvor står vi i dag?

11min
pages 28-30

Ny bioteknologilov gir mulighet for bedre preeklampsiscreening og -forebygging i Norge – med bedre helse for mor og barn

32min
pages 22-27

Endret svangerskapsomsorg og fosterdiagnostisk tilbud til norske kvinner

17min
pages 16-19

Eggdonasjon – Gynekologiske perspektiver på ny bioteknologilov

6min
pages 20-21

Generalforsamling NGF 2020

0
page 12

Oversikt over NGFs utvalg og komiteer høst 2020

1min
pages 14-15

NGF-STYRET

2min
page 8

LEDER

2min
page 7

REDAKTØR

2min
pages 5-6
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.