SERVICE-, ETTERMARKNAD OG MONTASJERETTLEIING
NYNORSK
www.dahl.no
2
INNHALD 3 Vasskraftanlegg underlagt tilsyn og tryggleik frå NVE 3 Din lokale partnar 4 Bildeserie frå praksiskurs 4 Installasjon av inntaksunit på kraftverk 5 Installasjon av inntaksluke på kraftverk 6 Kompetanse 6 Garantiar og levetid 6 HMS 7 Ulike tenester
FRÅ RIST TIL TURBIN FOR VASSKRAFTANLEGG I vassveggen finst det mange tekniske komponentar som treng regelmessig vedlikehald og funksjonssjekk. For å oppnå forventa levetid må utstyret sjekkast og haldast ved like av kvalifisert personell.
Vasskraft
3
VASSKRAFTANLEGG UNDERLAGT TILSYN OG TRYGGLEIK FRÅ NVE Lovpålagde reglar set strenge krav til vedlikehald på tekniske produkt som finst i kraftverket. Dette er ofte komponentar i system som kan sette liv og helse i fare dersom det er funksjonssvikt på produkt/systemet. For vasskraft er det strenge krav frå styresmaktene i Norges Vassdrag og Energidirektorat. Anlegga er delt inn i forskjellige fareklasser i forhold til konsekvensane som anlegget kan påføre 3. part ved eventuell ulykke. Alle anlegg blir særskilt behandla frå NVE si side etter § 4 i forskrift om klassifisering av vassdragsanlegg, det er sett tydelege krav til tiltakshavarar/eigarar av vassdragsanlegg. Følgjande tekstar er henta frå § 4. Tiltakshavar/eigar er ansvarleg for sikkerheita og må vurdere konsekvensar ved brot på dammar (demningar), uavhengig av føremål, og trykkrør (tilknytt kraftverk). Dersom brot kan truge sikkerheita til menneske, miljø eller eigedom, skal anlegget klassifiserast i klasse 3, 2 eller 1, og forskrift om sikkerheit og tilsyn med vassdragsanlegg og underliggjande forskrifter blir gjort gjeldande. Dam/rør med mindre konsekvensar kan plasserast i klasse 0 (uklassifisert). Krav til sikkerheit og vedlikehald av dammar/rør i klasse 0 er gitt i lov om vassdrag og grunnvatn, jf. bl.a. §§ 5, 37 og 47.
LAGLEG TILKOMST Ein av våre visjonar er lagleg tilkomst. Gjennom våre lokale avdelingar har vi eit nettverk av bedrifter som er kvalifiserte av oss til å utføre riktig montasje av nytt utstyr samt kontroll og funksjonstest av ferdig montert utstyr. Vi er alltid i nærleiken av ditt anlegg.
HOS OSS KAN DU FORVENTE RASK RESPONSTID!
Brødrene Dahl har i Noreg i overkant av 54 avdelingar. Dette gjer at vi har lokal forankring på dei fleste anlegg der det blir bygt vasskraft. Vi har dermed eit unikt kompetansenettverk innafor aktuelt tema.
www.dahl.no
4
KURSING OG OPPLÆRING
Vi gjennomfører kurs i praktisk rørlegging, samt servicekurs på ventilar og anna teknisk utstyr. Vi har nødvendige autorisasjonar frå våre produsentar til å drive med opplæring på spesifikke produkt.
FUNKSJONSTEST AV FERDIG INNTAKSUNIT MED RØRBROTSVENTIL I VERKSTAD
INSTALLASJON AV INNTAKSUNIT PÅ KRAFTVERK
Vasskraft
5
INSTALLASJON AV INNTAKSLUKE PÃ… KRAFTVERK
www.dahl.no
6
KOMPETANSE Ein av våre visjonar er kompetanse: vi sørgjer for opplæring av nøkkelkundar og nøkkelpersonell. Kvaliteten av det ferdige produktet inneheld fleire element – det viktigaste er riktig installasjon. Vi utarbeider alt av montasje- og vedlikehaldstilvisingar til utstyr vi leverer.
GARANTIAR OG LEVETID For at ein skal unngå funksjonssvikt og uføresett stopp, krev utstyret riktig montasje, systemtest og ettersyn. Vi kan tilby inntil 10 års garanti slik at du får ei betre løysing med tanke på finansiering og forsikring. Brødrene Dahl Vasskraft har gode samarbeidspartnarar for å finne den optimale løysing for deg som kunde uansett kvar du oppheld deg i landet.
10 ÅR GARANTI
FOKUS PÅ HMS Alt arbeid blir forankra med god HMS politikk. Brødrene Dahl Vasskraft har etablert risikovurderingsliste i samband med hendingsforløp frå planstadiet til oppstart og utføring. HMS Vannkra ft
www.dah
l.no
FOR OSS ER HMS EIN NATURLEG DEL AV LEVERANSEN VÅR.
Vasskraft
GARANTIGARANTI
7
MONTASJE AV ELVEKRYSSING PÅ ÅVELLA KRAFTVERK.
SERVICE SOM VI TILBYR GJENNOM VÅRE SAMARBEIDSPARTNARAR • • • • • • • • •
Synfaring og tilstandsvurdering Kjølevassanlegg: Rehabilitering og design av nye kjøleanlegg (teikning og komponentlister) Montasje av mekaniske koplingar Montasje av flensar Montasje og funksjonstest av aktuatorar Montasjesveisar Montasje og funksjonstest av rørbrotsventilar Tilsyn og vedlikehald på dei fleste spjeldventilar Tilsyn og vedlikehald på dei fleste sluseventilar
• • • • • • •
Tilsyn og vedlikehald på dei fleste kuleventilar Tilsyn og vedlikehald på dei fleste luker Montasje og funksjonstest av luker Montasje av hydrolikkanlegg Montasje av styreskap til ventilstyringar Moglegheit for VTA-ansvar Montasje og funksjonstest av minstevassføringsanlegg
«Vi er på vegen for deg» www.dahl.no
Vasskraft KONTAKT OSS: Vi kan skreddarsy service og ettermarknadsavtalar tilpassa den enkelte kunde. Kontakt oss for utfyllande opplysningar og hjelp. Vi er ein fleksibel organisasjon med rask respons. Med vennleg helsing/ Best Regards
Daniel Breidvik Service- og vedlikehaldsansvarleg Mobil: 917 06 849 Tlf: 57 01 99 59 daniel.breidvik@dahl.no
Felles e-post adresse for spørsmål:
vasskraft@dahl.no www.dahl.no Tlf. 22 72 55 00 E-post: vasskraft@dahl.no Følg oss på Facebook | blogg.dahl.no