Vasskraft VENTILAR/STENGEORGAN
NYNORSK
www.dahl.no
2
INNHALD Innløpsrør og ventilar 3 Dreiespjeldventilar, sluseventilar 4 Kuleventilar 5 Dreiespjeldventilar 6 -9 Energidreparventilar 10 Ventilar 11 Skyvespjeldventilar 12-13 Ventilar 14 Tilbakeslagsventilar 15 Kontakt oss 16
BRØDRENE DAHL VASSKRAFT Brødrene Dahl Vasskraft leverer alle typar ventilar for bruk i både små og store kraftverk. Som turbinventilar bruker ein dreiespjeld eller kuleventilar, avhengig av trykk/design. Vi skil gjerne mellom dreiespjeldventil ved låge trykk, og kuleventil ved høgare trykk. Naturleg skilje går rundt PN25, men dette er avhengig av fleire faktorar som i kvart enkelt prosjekt må vurderast. Alle våre ventilar kan leverast etter kundespesifikke krav. Byggjelengde, holsirkeldiameter, o-ring, spor, flens etc. blir tilpassa i kvart enkelt tilfelle om det er behov for det. For vasskraft er det nesten utan unntak einsidig trykk som påverkar ventilane. Dette må ein ta omsyn til ved val av ventil. Ein standard produsert ventil brukt som for eksempel turbinventil, vil normalt ikkje tole påkjenningar som oppstår ved ei uønskt nødstenging. Vassmengd/fart over ventilen medfører enorme moment som blir overført til spjeld/ akslingar. Lukketid for ventilar brukt i inntak og turbinventilar må tilpassast korrekt lukketid. For turbinventilar er lukketid kritisk. Trykkstøyt må minimaliserast slik at det ikkje kan medføre skade på rørgate og utstyr i vassvegen. Ein bruker ofte å sette lukketid på ventil til 3x stengetid som er på turbin.
Vasskraft
3
KULEVENTILAR
Ventilane kan leverast med ulike aktuatorar. På biletet ein kuleventil K92 med Auma installasjon.
Ventilar klare til sending. På biletet 4 stk. DN750 PN63 kuleventilar modell K92. Ventilane er levert med hydrauliske aktuatorar på bypassystem. Ventilens funksjon er opning ved hydraulisk sylinder, og lukking ved hjelp av lodd. Levert 2013.
TURBINVENTIL MED INNLØPSRØR
Innløpsrør DN1400/DN1000. Innløpsrøret er plassert frå utsida av stasjonen, inn gjennom bygget og avsluttar mot en turbinventil DN1000 PN40 kuleventil. Bygd etter kundens spesifikasjon/design. Ventil, ekspansjonsrør og innløpsrør levert av Brødrene Dahl.
DN1000 PN40 kuleventil.
www.dahl.no
4
TURBINVENTILAR Dreiespjeldventilar klare til sending. Frå venstre Fykanvann DN1000 PN16 og Aksu DN1000 PN40. Begge ventilar er utstyrt med sylinder for opning og lodd for lukking. Design L32.7 som er dobbel eksentrisk spjeld. Levert 2012.
Bileta viser ein horisontal og en vertikal francisturbin med turbinventil. Turbinventilar til begge prosjekt er levert av Brødrene Dahl. Ventilar er innteikna i komplett 3D stasjonsteikning.
SLUSEVENTILAR Sluseventilar modell S33. Denne modellen er metalltettande, men kan også leverast som gummitettande. Blir levert frå DN50 PN10 og oppover. Blir gjerne brukt som revisjonsventilar, tappe/ spyleventil eller fylleventil ved låge trykk. Kan leverast med ulik byggjelengd avhengig av kva for ein modell ein vel.
Vasskraft
5
OPTIMALISERING
Fart
Tettleik (kg/mˆ3)
Ventilar blir designa etter kundens spesifikasjonar og blir optimalisert. Her viser vi ei flowsimulering av ein kuleventil modell K92 (biletet over) og ein dreiespjeldventil modell L32.7 (biletet under). Optimalisering ved hjelp av simulering hjelper designarar til å finne beste mogleg løysing med tanke på falltap.
www.dahl.no
6
RØRBROTSVENTIL Dreiespjeldventil DN3500 PN10 L32.7. Levert til Rendalen i 2011. Her frå førebuingar til funksjonstest / trykktest.
Funksjonstest av DN3500 PN10 dreiespjeldventil til Rendalen. Opne-/ lukketid blir kontrollert og justert. Lukketid blir styrt av ei fast blende (orifice) som er plassert integrert i sylinder. Særvekt av ventil med lodd er 35 tonn.
Vasskraft
Ventil bygd etter kundens spesifikasjonar. Her ein dreiespjeldventil modell L32.7 (dobbel eksentrisk utstyrt med Auma-aktuator for opning-/ lukking. Leverandør kontrollerer ventil før siste finish, maling og sending.
7
DREIESPJELDVENTILAR
Dreiespjeldventilar modell L32.7 (dobbel eksentrisk). Alle ventilar blir leverte med teikningar i filformat PDF, AutoCad og 3D-fil.
Biletet viser 2x DN2600 PN10 dreiespjeldventilar med tilhøyrande demontasjerør. Brødrene Dahl leverer komplett pakke med ventilar, demontasjerør, boltar og pakningar, hydraulikkanlegg og styreskap. Prosjekt Nedre Vinstra.
www.dahl.no
8
DREIESPJELDVENTILAR
Dobbeleksentrisk dreiespjeldventil modell EKN, manuelt operert. Ventilen på biletet er DN800 PN40. Material GGG40.
Alle ventilar kan leverast spesifikt etter kundens ønske. Kan leverast etter gjeldande standardar eller tilpasset for eksempel eit eldre eksisterande anlegg. Biletet viser ein ventil i sveist utføring.
Vasskraft
9
KALKULASJON
Kalkulasjon av påkjenningar.
Kalkulasjon av forskyving/vriding i ventilkropp.
Kalkulasjon av påkjenningar.
Kalkulasjon av forskyving/vriding.
Ventilar frå Brødrene Dahl er designa og kalkulert for å få best mogleg løysing. Bileta over viser kalkulasjon av ein dreiespjeldventil. Alle delar blir kalkulert/kontrollert og bygde innanfor gjeldande krav. Myndigheitskrav/kundekrav blir lagt til grunn når ventilar blir designa.
www.dahl.no
10
FORBISLEPPING/ MINSTEVASSFØRINGSVENTILAR Energidreparventil (PLV-Plunger valve) DN600 PN40 med luftinnslepp/lufteventilar, prosjekt Åkraelva levert 2012. Blir brukt som tappe-/reguleringsventil (forbislepping/ minstevassføring). Ventilane er spesielt designa for å kunne regulere vassmengd og samtidig bryte ned energi som blir i vassvegen. På grunn av designet der vasstrålar møtest i senter og knuser energi, er denne ventilen eigna for regulering av vatn under høgt trykk over lang tid. Design er dermed kavitasjonsfritt om val av dimensjon og oppbygging av ventilens bevegelege stempel er rett utført. Ventilane kan leverast med elektrisk, pneumatisk, hydraulisk eller manuelt operert regulering.
Snitt av plunder valve. (PLV) også kallet ringstempelventil.
Vasskraft
11
FORBISLEPPING/ MINSTEVASSFØRINGSVENTILAR
PPLV ventilar vist med ulike reguleringsalternativ. Biletet til venstre viser en PLV med hydraulikk, integrert oljetank og styrepanel.
SKYVESPJELDVENTILAR
Skyvespjeldventilar. Eigna til bruk ved låge trykk. Kan for eksempel brukast som revisjonsventil i ei inntaksløysing (typisk eksempel 5 mvs).
www.dahl.no
12
VENTILINSTALLASJONAR
Biletet viser sett frå høgre dreiespjeldventil brukt som revisjonsventil, plunder valve, rør med 2 stk. luftinnslepputtak med påmonterte lufteventilar. Luftinnslepp er gjort for å unngå (avgrense) kavitasjon. Ved å tilføre luft i området der kavitasjon kan oppstå, blir kavitasjon avgrensa eller unngått.
Seimsdal. Turbinventil DN600 PN40, kuleventil modell K92. Utstyrt med sylinder for opning og lodd for lukking. DN350 PN40 energidrepar (PLV) vertikalt montert til venstre i biletet.
Vasskraft
13
LUFTEVENTILAR Lufteventilar levert og montert i inntakskammer av Brødrene Dahl på Kverninga kraftverk. Dimensjon DN150 PN16.
Lufteventilar blir brukt for å sleppe inn luft for eksempel ved inntaksløysing. Ved tømming/uønskt hendingsgang må det sleppast inn nok luft slik at rørgate/inntaksløysing ikkje blir utsett for vakuum og blir sogne saman. Lufteventilar kan også brukast til å evakuere luft. Ventilane er dobbelverkende/ trippelverkende avhengig av modell/design.
www.dahl.no
14
VENTILAR TIL FORBISLEPPING (FRILUFT)
KSS Hollow jet discharge ventil kan brukast på tilsvarande måte som ei plunder valve (PLV). Denne ventilen blir gjerne brukt ved store vassmengder som blir sleppt direkte til friluft eller via eit kammer. Strålen ut av ventilen har ei paraplyform, så området etter ventil krev ein del plass.
Vasskraft
15
TILBAKESLAGSVENTILAR Tilbakeslagsventil type SKR. Kan brukast til fleire formål. Enkelte kraftverk er kombinerte kraftverk/ pumpestasjonar. Då er dette ein ventil som kan brukast for å hindre vatn å komme i retur ved pumping. Den er også godt eigna til å beskytte pumper mot tilbakeslag. Brødrene Dahl leverer mange typar tilbakeslagsventilar.
SYSTEMLEVERANSAR
Brødrene Dahl leverer komplette løysingar for styring og hydraulikk. Biletet viser styreskap og hydraulisk unit som hører til eit prosjekt. Styreskap og hydraulikk blir bygd etter kundens spesifikasjonar eller etter teknisk løysing som Brødrene Dahl saman med kunden har utarbeidd.
Brødrene Dahl kan levere løysingar komplett samansett på verkstad. Kunden får det levert ferdig testa, samansett og klart til montering.
www.dahl.no
Vasskraft KONTAKTPERSONAR: Kontakt oss for utfyllande opplysningar og hjelp. Vi er ein fleksibel organisasjon med rask respons.
Med vennleg helsing
Stig Hauge Teknisk sjef Mobil: 995 02 221 Tlf: 57 01 99 54 stig.hauge@dahl.no
Daniel Breidvik Mobil: 917 06 849 Tlf: 57 01 99 59 daniel.breidvik@dahl.no
Felles e-post adresse for spørsmål:
vasskraft@dahl.no www.dahl.no Tlf. 22 72 55 00 E-post: vasskraft@dahl.no Felles e-post adresse for spørsmål: Følg oss på Facebook | blogg.dahl.no
vasskraft@dahl.no