Bergsøybladet 2020

Page 1

BERGSØYBLADET 2020 BERGSØY IL - FOTBALL

EIN ARENA FOR ALLE

FOTBALLÅRET 2020 Leiarkommentar - Lagpresentasjonar Fair Play-prisar mm.


Foto: iStockphoto.com




LEIARKOMMENTAR Kjære fotballvenner, Eit år utanom det vanlege går mot slutten. Sjølv om pandemien har ramma mange langt meir alvorleg enn Bergsøy Fotball, må vi kunne seie at det har vore eit vanskeleg år for alle som er glade i klubben. For første gong sidan Bergsøy vart stifta i 1944 har vi ikkje spelt offisielle senior-kamper gjennom eit heilt år, og sesongen for barn og unge har vore avkorta og annleis. Vi har heldigvis hatt gode opplevingar i 2020 også. Før alt endra seg samla vi 250 gjester i Fosnavåg konserthus og feira klubben sitt 75. års jubileum med ein festgalla. Mange bidrog til å gjere dette til ein minnerik kveld, og eg vil spesielt trekke fram Steffen Helsem Kvalsund og hans fantastiske arbeid med å samle vår rike historie som eit høgdepunkt. Klubben er heldig som har slike ressurspersonar. Det var også stort når sesongen for barn og unge kom i gang etter ferien. Sjeldan har eg sett meir fotballglede, og det var utruleg viktig at vi fekk fullføre haustsesongen nokolunde normalt for våre yngre. Fotball er viktig for mange, og i ei elles krevjande tid var aktiviteten, gleda og kameratskapet fotballen tilbyr noko som var sårt tiltrengt. Vi vil også gi skryt til alle som har vore engasjert i fotballen gjennom året for deira innsats for å unngå smitte i klubben; ved å følgje retningslinjene for smittevern og fotballens mykje omtala koronavettregler. Bergsøy Fotball ser fram til 2021 og det vi håper og trur blir ein meir normal sesong. Det er viktig for at våre aktive framleis skal halde fram, og ikkje minst for at vi som klubb skal få utvikle oss vidare. I arbeidet med budsjett for neste år jobbar styret med å styrke satsinga på sport, for å kunne løfte dette arbeidet i klubben. Det er viktig for oss at midlane og ressursane våre blir brukt mest mogleg til å gi alle våre aktive eit best mogleg tilbod. Vi har også starta dialogen med Herøy Kommune rundt utviding av vår KGB tilbake til 11ar størrelse, etter at den vart redusert som følgje av bygginga av Fiskarhallen. Dette er eit viktig prosjekt for klubben, vi er avhengig av utvidinga for å kunne gjennomføre den daglege høge aktiviteten av kamper og trening. Dette blir eit samarbeidsprosjekt mellom klubben og kommunen, og vi gler oss til å komme i gong med prosjektet. Utan alle som står på utrøytteleg for Bergsøy Fotball hadde vi ikkje hatt noko klubb. Eg vil uttrykke stor takksemd til alle, og spesielt i dette året som har vore så annleis. Eg håper også at året 2021 blir året der enda fleire ser gleda og samhaldet som ligg i å engasjere seg for klubben vår. Vi har alltid plass til fleire som gjer ein innsats. Vi må også takke våre sponsorar som fortsett å stille opp, på tross av de vanskane dei har hatt i året vi har lagt bak oss. Vi ser fram til å ha dykk med vidare på laget! Med dette vil eg ønske alle en fin julehøgtid. Vi ser fram til å sjå dykk igjen på stadion i 2021 for nye små og store høgdepunkt for både aktive, tillitsvalde og publikum. Lars Conradi Andersen Styreleder Bergsøy Fotball


MS SMARAGD


Bergsøy sin leverandør av dagligvarer og kioskvarer


Bergsøy G-6 Laurdag 5.september var det duka for Bergsøy fotball sitt kick off arrangement for 2014-kullet. Det var mange spente born som møtte opp. Etter kyndig leiing frå instruktørane frå Bergsøy sitt A-lag og AFO ga det meirsmak og gutelaget har vore over 20 spelarar på trening i månadane etter. Allereie før det hadde gått ein månad skulle gjengen på cup. 26.september drog 19 spente gutar til Gursken på sin første cup. Strenge koronareglar og kun eit avgrensa tal på tilskodarar fekk vere med, men det sette ingen dempar på stemninga. Det var ein ivrig gjeng som spelte sine kampar og til slutt kunne motta sin første medalje. Det var god stemning både på bana og blant tilskodarane. Vi ser fram til mange gode fotballstunder med denne gjengen og ynskjer fleire 2014-gutar velkomne på trening. Trenarar: Ole Magne Rotevatn, Vebjørn Sjåstad, Steinar Nupen, Frank Edvard Vike, Benedikte Storås

Foto: Kristoffer Nærø Ytterland


SUSTAINABLE FISH HANDLING - Handling, processing and cooling of fish to the seafood industry

We are transforming the seafood industry by offering complete and sustainable system solutions for the handling, processing and cooling of fish to the seafood industry, onshore, onboard and in aquaculture – worldwide.

mmcfirstprocess.com


Bergsøy J-7 J-7 var i vinter ein del av J-9-laget. Etter fotballoppstart for skulestartarane i sommar blei J-6 og J-7 slått saman til eitt lag og vi trenar ein gong i veka i flotte Fiskarhallen. Det har vore godt oppmøte på treningane som også gjer at andre jenter på samme alder vil prøve fotball. Jentene er treningsvillige, engasjerte og trivst godt med å trene på 3ar baner med veggar. Vi fikk også gjennomført ei turnering på Larsnes i 3ar fotball i haust. Humøret og stemninga var på topp og medaljen på slutten av turneringa var prikken over i-en på ein flott og minnerik dag! Vi håpar på fleire slike turneringer i 2021. Neste år skal vi også vekk fra 3ar fotball og over på 5ar fotball så vi har i den siste perioda før juleferie trena utan veggane. Jentene har takla den overgongen strålande og dei kan nesten ikkje vente på å få sparke i gong fotballsesongen 2021! Trenar: Magnus Myklebust


Foto: Bergsøy IL-Fotball

DET HANDLER OM Å HØRE TIL Å ta på drakta for første gang. Å dra på seg strømpene, skoa, leggbeskyttere og få tallet på ryggen. Det er følelsen av å høre til. Du hører til laget, trenerteamet eller foreldregruppa som steker vaflene i boden og selger is når det er varmt. Du hører til de mange frivillige som legger til rette for kamp og trening. Du hører til Bergsøy IL Fotball. Vi i BDO vet at det er viktig med lokal tilhørighet. Derfor sponser vi breddeidretten, og derfor har vi 70 kontorer over hele landet med kompetanse innen revisjon, rådgivning, regnskap og advokattjenester.

EINAR G. LØKKEN Partner einar.lokken@bdo.no +47 952 78 890

THOR MARTIN EIDEM Partner thor.martin.eidem@bdo.no +47 926 09 733

ELDAR ZAHL Partner eldar.zahl@bdo.no +47 915 99 789

Revisjon | Advokat | Rådgivning | Regnskap


Bergsøy G-7 2013-kullet er ein treningsvillig gjeng på 18 gutar og 1 jente. Pga Covid-19 så måtte vi vente over 1 år på første mini-turneringa, men når den endelig kom 29.august så var det ekstra stor glede. Sjølv med strenge smittevernregla så var turneringa i Fiskarhallen ein stor suksess for dei aktive, og for foreldra som endeleg fekk sjå kor flinke ungane deira er. Vi fekk også med oss ei mini-turnering på Hareid, og før vi tar juleferie skal vi spele noken kampa til. Vi gler oss allereide til 2021 og fleire mini-turneringa, og håper at fleire gutar og jenter vil begynt med oss! Trenarar: Robin Nilsen, Anders Hoff, Daniel Pinheiro



Bergsøy G-8 Sesongen starta med ein god gjeng på over 20 spelarar. Ein ivrig og morsom gjeng. Vi har hatt trening på tysdag kveld og så ei valgfri trening søndag formiddag. Startsskotet for sesongen var Kiwi-cup i Volda/Ørsta. Men Covid-19 satte ein stoppar for det. Ei long periode utan trening. Det skal ikkje leggast skjul på at vi var færre spelarar når vi starta opp med trening etter sommaren. Vi har etter sommaren våre på cup i Hasund og på Larsnes. Flott innsats frå alle sammen! Trenarane har vore Franjo Tepuric som hovudtrenar, Frode Haugstveit, Vebjørn Sjåstad og Gullik Kjellstadli som hjelpetrenarar. Renate Zahl har våre lagleiar. Tusen takk for jobben lagleiinga har gjort. Og ikkje minst takk til spelarar og foreldre som er med og stiller opp. Vi i lagleiinga er takknemlig for alle dei kjekke stundene vi har hatt og kjem til å få. Heia Bergsøy!


HERØYHAV AS

Synsundersøking? Tlf 700 88 195 E-post: fosnavag@interoptik.no Brillekonto - Det koster ikkje meir enn ved kontant kjøp! Facebook: www.facebook.com/nymark.fosnavag

6065 ULSTEINVIK - TLF. 70 01 74 20


Bergsøy J 8-11 I byrjinga av sesongen var laget blanda årskulla 2013-2009. Men etter opninga av samfunnet igjen kom det monge fleire jenter som ville spele fotball saman med oss, og vi fekk delt opp laget i to lag. Bergsøy J8-11 består no av ein gjeng på 8-11 åringar, 14 jenter totalt. Jentene kjem alltid på trening klare til å gjere ein innsats. Dei er fulle av mykje liv å det er aldri ei kjedeleg trening med dei. Denne sesongen har jentene delteke på to miniturneringar. Her har jentene spela bra å jobba hardt gjennom alle kampane. Etter ein sesong med desse jentene, ser vi at dei er ein glad og ivrig gjeng som vi trenarane gler oss til å fylge vidare i tida framover! Trenarar: Tonje Christin Hide og Rebecca Herskedal


FØLG OSS GJERNE PÅ SOSIALE MEDIER

Instagram: canndesignstudio Facebook: @canndesignface

CANN AS - MERKEVARE- OG DESIGNSTUDIO Vi leverer konsulenttjenester innen design, identitet/merkevarebygging og markedsplanlegging/rådgivning. Ta gjerne kontakt med oss for å diskutere hva vi kan bidra med for å styrke deres merkevare ved hjelp av design og markedsføring.

cann.no


Bergsøy IL si historie digitalisert I samanheng med skriving av boka "Idrett i havgapet" samla Johs. Wike originalstoff frå Bergsøy IL si historie. Deriblant bøkene: * Medlemsbok for BIL i perioden 1944 til 1956-57. * Ringperm med avisutklipp (Lied-boka) om BIL første ti-året etter at laget vart starta. Permen er redigert av laget sin arkivar Nils H. Lied. * «Fotballboka» for perioden 1952-1968 og for perioden 1969-70 inneheld resultat, tabellar og lagoppstillingar for BIL sitt A-lag. Desse to bøkene er ført av Eystein Botn, mangeårig formann i laget. * Bøker for Handball 1968-1975 og 1978-1985 inneheld styrereferat, medlemsoversikt og resultat frå kamper. Heile dette materialet er no gjort tilgjengeleg for alle på Historikk.com i sin ALBUM-kategori. Du har valget mellom å lese side for side, se/laste ned bøkene i PDF, eller å se hele bøkene i en online-visning. Tusen hjertelig takk til Steffen Helsem Kvalsund, som har gjort et fantastisk arbeid med å digitalisere dette, og mye mye mer om Bergsøy IL på sin hjemmeside historikk.com. Vi har også på våre hjemmesider et eget punkt i menyen som heter Historikk Bergsøy som tar dere direkte til denne flotte siden. Heia Bergsøy !


VISJON, STRATEGI OG VERDIER I BERGSØY IL FOTBALL

Visjonen vår er å bidra til å gjere Herøy til ein endå bedre plass å bu. Vi skal vere ein arena for alle der målet er at vi skal inkludere flest mulig, behalde alle lengst mulig, og legge til rette for å verte best mulig.


Bergsøy G-9 Bergsøy G9 (2011) har tatt store steg dette året. Nå begynner ting som vi har terpet en del på (sidan dei var 6-7 åringar) å virkelig vise igjen i kampsituasjon. Heilt fra enkle korte innsidepasninger, til gjennombruddspasninger. Også det med å komme rundt på kantene med påfølgende innlegg begynner no å vise igjen meir og meir. I denne alderen er det også en glede å sjå at forsvarsarbeidet er godt i emning. Ballbeherskelse, rask kontroll, oversikt over plassering medspillere ser vi vert stadig bedre. Det er mykje godt å sei om denne gruppa. Ein flott samansveiset gruppe som det er en glede å trene. Progresjon fra veke til veke. Årets sesong avslutta vi med felles aktiviteter og ein matbit på Sunnmørsbadet Fosnavåg. Trenarar: Philipp Kessler-Myking, Marvin Kopperstad, Frank Edvard Vike, Karl-Bjarte Vike


HERØY KOMMUNE

HEIA BERGSØY!

HEIA BERGSØY!

Alle foto: Thomas Teige Sporsheim

Bergsøy IL Fotball gjer eit stort og viktig arbeid for å aktivisere barn og unge. Herøy kommune vil gi honnør til Bergsøy IL og dei andre idrettslaga for den store, frivillige innsatsen dei legg ned. TAKK FOR EIN FANTASTISK INNSATS! Beste helsing Bjørn-Halvor Prytz Ordførar, Herøy kommune Adr.: P.b. 274 6099 FOSNAVÅG Tlf.: 70 08 13 00 www.heroy.kommune.no


Bergsøy G-10 Sesongen 2020 har trass koronarestriksjonane vore ein veldig kjekk sesong for Bergsøy sitt gute 10 lag. Dei har spelt 7ar serie for fyrste gong og det har gått strålande! Laget har gått gjennom sesongen utan tap og endte med 6 seier og 2 uavgjort. Det kjekkaste med dette laget er at dei har godt samhold og er særs flinke til å spele kvarandre gode. Her er assist like viktig som å skore mål og til tider får publikum være vitne til fint veggspel som ofte resulterer i mål. Trenarar: Marius Vangen, Toni Sandanger, Steinar Hagen


Bruk oss innenfor regnskap, skatt, avgift og lønn!


MANNSKAPET, den tolvte spelar. ”Mannskapet” er supporterklubben til Bergsøy IL Fotball, og har som mål å støtte klubben sine lag. Den tolvte spelar handlar om positivt engasjement og støtte frå tribuna som skal kjennast av spelarane, og som kan være avgjerande for at dei gir ”det lille ekstra”. Stemninga skal kunne følast både av heime- og bortesupportarar. Gå inn på facebooksida til ”Mannskapet – Bergsøys supporterar ” og finn meir info om oss. Styret i mannskapet har eit ynske om: • Å skape god stemning og heie fram Bergsøy, på heime- og bortebane, i med- og motgong. • Samarbeide med Bergsøy IL Fotball, og være ei ”forlenga arm” for klubben sine visjonar; Å gjere Herøy til ein betre plass å bu. At det skal vere en ”Arena for alle”, der målet er at alle skal være inkludert og at vi skal behalde alle lengst mogleg og verte best mogleg. • Mannskapet skal være gode forbilder, og vise fairplay på tribuna. Vi ynsker at våre motstandarar skal føle seg respektert og velkomne. Vi skal oppføre oss fint på bortebane og ha gode haldningar. Fotball skal være gøy! Vil du bli støttemedlem? Medlemskap i ”Mannskapet” koster kr. 50.- pr. sesong. Inkludert i medlemskapet er gode medlemsfordelar og premiar. Desse vert oppdatert fortløpande, og vert annonsert på facebooksida til ”Mannskapet”, og via speaker på stadion. Heia Bergsøy!


www.fosnavagshipping.no


Bergsøy G-11 Året til G-11 starta med nokre fråfall på laget. Vi var ned i ca 17 stk, men vi var fortsatt ei fin gruppe med mykje talent. Vi starta opp og trene tidlig i februar og det viste seg at vi hadde ei treningsvillig gruppe. Vi hadde gode treningar heile Februar og i byrjinga av Mars. Stor nedtur iblant spelarane når vi måtte stenge ned aktiviteten pga korona. Gleda var stor når vi endelig kunne starte opp igjen med trening og kamp, stor iver og mange på trening. Blant det mest positive var tilveksten i laget. 1 tilflyttar og nokre som hadde slutta, starta opp igjen. Vi står no registrert med 21 spelarar på laget vårt, 1 jente og 20 gutar. September, Oktober og November har vore dei beste månedande med trening, der oppmøte har våre utrulig bra. Veldig jamnt oppmøte og på det meste 20 stk på trening, til stor glede for trenarane. Vi har også fått inn 1 ekstra som hjelper oss, noke vi er glade for. Og med 21 stk så er det ofte. Trenarar: Ingmar Gotten, Jørn-Erik Schanche



Dame - Herre - Ungdomskle Sengeutstyr - Gardiner



FISKARHALLEN Sjølv om corona har satt ein effektiv stoppar for aktivitet i Fiskarhallen, har det ikkje vore heilt stille. No kan vi endelge seie at kiosken er ferdig, og vi gler oss sjølvsagt til den dagen vi kan starte med sal av varer under kamp og turneringar. Garasje har vi også fått i lag med containeren på utsida av hallen, noko som gjer at vi får rydda Fiskarhallen for ting som ikkje har noko med det sportslege å gjere. Innvendig i Fiskarhallen har vi fått starta med å henge opp ein del reklameskilt, noko som gjer at heilheita av hallen vert meir komplett. Vi jobbar med, og håpar på at vi skal få henge opp fleire skilt på veggane i tida framover. Fiskarhallen ansvarleg: Sigurd Helsem Sævik


LOKALAVISA - NÆR OG KJÆR FØLG LOKAL SPORT I LOKALAVISA, SOM ER TETT PÅ! Fosnavåg - Tlf. 70 08 44 00 - www.vestlandsnytt.no


Bergsøy G-12 En veldig spesiell sesong som holdt oss alle ute av spill i 2 måneder. Da vi endelig startet opp igjen var det en liten, men livlig gjeng som var klare for fotball igjen. Sakte men sikkert dukket flere og flere opp til trening, og da vi trodde en stund at vi skulle få problemer med å stille to lag til serien, brettet gutta opp ermene og stilte opp til både en trening og to kamper i uken. Masse godt spill og gode resultater gjennom sesongen, og utrolig kjekt å se gutta ta større og større steg. Selv om vi fortsatt har masse å jobbe med, har vi i år sett at de finner hverandre, forstår hverandre, og spiller hverandre gode. Alt i alt en godt gjennomført sesong til tross for situasjonen vi har vært, og er i. Vi ser fram mot en ny sesong med motiverte og treningsvillige gutter! Trenere: Terje Andre Nybø, Rune Frantsen, Mikael M. Vike Lagleder: Geir Idar Kvalsvik


Når det gjelder fiskeredskaper KONTAKT

EGERSUND HERØY AS MJØLSTADNESET, TLF. 70 08 04 80


TELENOR XTRA | BERGSØY AFO For jenter og gutar frå 1. klasse AFO er eit landsomfattande aktivitets tilbud etter skuletid i regi av NFF og TELENOR. Der meistring, bevegelsesglede, treningsglede, samspel og tilhørigheit står i fokus. AFO er eit tilbud etter skuletid som legger tilrette for pass, trygge rammer, gode rutiner, ernæringsrik mat og aktivitet Aktivitetane er fotball, anna ballaktivitet, balanse, koordinasjon og mobilitetstrening. Vi nyttar også basisøvelsar for å legge til rette for ein mjuk og sterk kropp. Tilpassa barnets alder Bergsøy klubbhus, Havila Stadion og Fiskarhallen har flotte rammer og kvalifiserte trenarar for å ta i mot barn til dette formål. Transport/overgong frå skule til AFO • Vi henter i eigen 9 setar frå Nerlandsøy skule og Einedalen skule • Barn frå Blåhaugen skule går til AFO. Vi går i lag med dei til dei er trygge. For mer informasjon og søknadsskjema gå inn på vår heimeside bergsoy.com tlf: 99015191 mail: afo@bergsoy.no



Bergsøy J-13 J 13 har i år vore ein gjeng på 9-10 jenter. Då vi fekk begynt å trene igjen var det ein engasjert gjeng som kom på trening, jentene hadde lengta etter å spele fotball. Vi fekk heldigvis gjennomføre sesongen og dei har spelt 7ar. Nokre kampar har det blitt knapt med spelarar, men vi har heldigvis fått hjelp frå både yngre og jenter som har spelt tidlegare. Jentene har hatt ein tøff sesong med nokre store tap. Men dei har stått på og vi ser at dei har utvikla seg gjennom sesongen både som lag og enkeltspelarar. Trenarar: Ida K. Vestnes, Jenny Gjelseth, Konstanse T. Nærø

___________________________________________________________________________________________________

Vår offisielle utstyrsleverandør


TREFF BALLEN KLOKKEREINT; Velg XPM.no og Xerox på print, plott og fleirfunksjon! Fagfeltet vårt er bedrifta sine dokument – papir og digitale: • Xerox Fleirfunksjonsmaskiner • Stort lokalt serviceteam • HP Plott/storformat • Toner/papir/spesialmedia • Arkivløysningar, dokumenthandtering og Fakturaflyt

STOLT LOKAL SPONSOR AV BERGSØY IL - FOTBALL!

-VI GIR OG KICK BACK TIL BERGSØY IL - FOTBALL PÅ SAL I HERØY: • Ta kontakt for hyggeleg samtale med oss på 70133340 • Spør etter Bjarte Skuseth, dagleg leiar – mobil 91829955 – bjarte@xpm.no – www.xpm.no Dette programbladet er trykket på en Xerox maskin fra XPM.no!


Bergsøy G-13 Bergsøy G13 var veldig motiverte da vi fikk starte opp igjen med kamp etter koronapausa. Det virka som at den pausen gjorde at alle fikk ekstra opp augene for kor kjekt det er å få være en del av et fotballag. Det var mange med dårlig form, men også noken som hadde holdt forma vedlike. I høst har vi trent bra og spilt kamp kvar veke. Vi har tapt 3 kamper, 2 uavgjort og 3 seirer i 9er serien. Fleire spelarerar har hospitert på kamper hos G14. Vi har også et godt samarbeid med G12, som vi trener en del i lag med. Fleire fra G12 har også hospitert inn på kamper hos G13 med stor suksess. Mandager er det Magnus Myklebust som har hatt treninger rett etter skoletid. Etter å ha hatt foreldretrenarar i fleire år, er det veldig kjekt for gutane å kunne få input frå en så rutinert fotballspelar. G13 har hatt ei meget god utvikling denne hausten, både spelemessig, og på kondisjon og innsats. På bakgrunn av dette og vårsesongen som forsvann, har vi forlenga sesongen med treningskamper heile november, før vi roer litt ned i desember. Trenarar er Harald Magne Haugen, Anders Hoff, Magnus Myklebust og Sveinar Frøysa. Lagleiar Anniken Kessler Myking.


Fair play handler om respekt. Både for kvarandre som medspelar, motspelar, trenar, lagleiar, og dommar. Det er viktig at vi skal oppføre oss bra både på trening, kamp og på reise til og frå. Vi tek godt imot gjestande lag og dommar. Vi har respekt for speletid, laguttak og i det dommaren bles i fløyta for. Vi som foreldre/familie/supportarar må også hugse dette. Vi deler hvert år ut Årets Fairplay priser. Kriteriane for denne prisen er bla respekt, gode haldningar, oppmøte og det å vær ein god lagspelar. Vi har også haldningskontrakt til alle aktive fom 13 år-18 år, og kvart lag skal ha sin egen fair play representant. Fair play er viktig både på og utanfor bana!


Bergsøy G-14 2020-sesongen har våre fylt med både oppturar og nedturar slik som dei fleste lag opplever iløpet av ein fotballsesong. Høydepunktet for laget var ein sterk heimesiger mot Spjelkavik der vi vant 2-1 heime. Det var ein flott prestasjon av gutane som visste ein knallsterk lagmoral og kanonbra arbeidsinnsats av alle mann. Vi vil også trekke fram heimekampen mot Blindheim, som også var eit stort øyeblikk dinne sesongen, vertfall for oss trenarane. Stillinga var 0-0 og det hadde ikkje våre ufortjent om vi hadde vunne denne kampen. Dette var ein kamp der vi som trenarar blei veldig stolte av å sjå måten laget spelte på. Dei spelte nydelig fotball og spelte rett og slett ut Blindheim som er blant dei beste laga i divisjonen, om ikkje det beste. Samtlige av gutane la ned ein fantastisk innsats! Akkurat slik som eit Bergsøy-lag skal gjere! Innsatsen gutta har lagt ned på treningsfeltet har våre fantastisk og det er ekstra gøy når vi kan sjå igjen ting vi trenar på, i kamp! Det har våre utfordrandes og eg trur alle kan sjå at det er eit stort forbetringspotensiale hos heile gruppa, og det er akkurat slik det skal være også. Årets G-14 lag er eit konkurransedyktig lag der samtlige er gode fotballspelarar og det er berre dei sjølve som bestemmer kor gode dei vil bli. Vi har hatt våre nedturer, dette er ein del av fotballen og dette er noko både vi trenarane og spelarane skal ta lærdom av. Denne sesongen har vi hatt som mål og spele god og attraktiv fotball, der samtlige skal bli involverte og ikkje minst ha det kjekt med fotballen. Akkurat dette har våre dei to viktigaste punkta for denne sesongen, mestring og utvikling. G14 gjengen er ein treningsivrig gjeng som har hatt ei god utvikling denne sesongen. Det har vore ekstremt kjekt og lærerikt å følge utviklinga til gjengen over sesongen. John Henrik Steinsvik som har hatt guttane før vi tok over skal også ha mykje av æra for utviklinga til gutta! Innsatsen han har lagt ned for desse gutane skal ikkje bli tatt for gitt, og han fortjena mykje av æra! I alt so har sesongen 2020 våre lærerik for samtlige på laget, inkludert trenarane. Denne 2006generasjonen er ein flott gjeng som har mykje gode talent og dette vil vi sjå igjen allereide neste sesong for når dei blir G-16 spelarar! Vi har trua på at 2021 blir eit bra år for gutta! Trenarar: Trym Rekkedal, Dani Rønnestad, John Henrik Steinsvik


Bad – Vaskerom - Varme - Vedovner – Gasspeis - Kvitevarer


Vi leier ut lokaler på klubbhuset Treng du selskapslokale til dåp, konfirmasjon, bursdager eller andre hendingar? No kan du leige selskapslokale på BIL Fotball sitt klubbhus! Vi leige ut i helger. Lokalet passar fint for selskap opp til 60-70 personar. Kjøkken med kjølehjørne, komfyr, steamoppvaskmaskin, stor kaffekokar og dekketøy. Interessert i å leige? Send mail til kristin@bergsoy.no for meir info/reservasjon.


Tlf: 7013 8000 – E-post: post@nvnk.no

Nordvest Naprapatklinikk er ein av dei største aktørane innan avansert manuell medisin på Nordvestlandet. Vi har 8 klinikkar mellom Bergen og Ålesund, ein av desse på Sunnmørsbadet i Fosnavåg. Kort ventetid: Garantert time innan 2 yrkesdagar! Vi samarbeider tverrfaglig, mellom anna med legar

Vi jobber mykje med: • • • • • •

Idrettsskader Hovudverk, stiv nakke Skuldersmerter Tennisalboge, musearm Rygg- og bekkensmerter Ischias

Alle som spør oss om Bergsøy-behandling ved vår klinikk på Sunnmørsbadet, får rabattert pris på behandling. NB! Gjeld både aktive, støtteapparat og publikum – men du må spørre for å få det!


Bergsøy G-16 I ein spesiell sesong som det har vore i år fortjener dei som gjennomførte heile sesongen ei skikkelig rose. Her har fellesskapet stått sterkt. Vi har hatt 06’era som har bidrege til at vi har kunna fullført sesongen. Vi hadde oss nokre flotte treningveker dei siste tre vekene med faste folk på treningane og det ga resultat. Totalt sett har vi hatt ei utruleg positiv utvikling i ein hard divisjon og vi er veldig stolt av gutane! Det mest fantastiske i ein ellers vanskelig sportslig sesong for gutta: Er at dei har uavhengig av resultat vist ein enorm ståpå vilje, vore utruleg positive og ikkje minst tatt vare på kvarandre. Det har vore utruleg kjekt å vore ein del av gruppa og sett korleis dei har håndtert situasjonen, tatt lærdom av den og har hatt ei flott utvikling gjennom hausten. Ganske sikker på at neste års gutte 16 vil bite godt ifrå seg. Gutta har gjennomført sesongen med stil og vi ser fram til 2021! Trenar: Preben Hestad Lagleiar: Ronny Pål Kvalsvik

Siger over Hareid i vår

Vinnarane av internkonkurranse

____________________________________________________________________________________________________



Bergsøy J-19/Damelaget 2020 har for mange vore eit merkeleg år. I Januar består damelaget av 22 spelarar. Mykje ser ut til å gå damene sin veg. Godt treningsoppmøte og stor framgong prega januar og februar månad. Damene spelte gode treningskampar, og spelte blandt anna mot 3.divisjonslaget Studentspretten. Der vart det eit knepent 2-3 tap, men damene spelte god fotball og imponerte dei fleste. Neste planlagde kamp skulle bli spelt 12.mars mot Hødd. Som vi alle veit vart det full stopp i samfunnet og ingen fotballaktivitet. Under nedstenginga leverte damene vekeslogg og vi hadde forskjellige konkurranser innad i laget. Tida etter oppstart var tung og krevjande, 1meters regelen skulle overholdast og mykje anna smittevern skulle huskast på. Likevel fann vi ein god balanse og hadde mange gode og lærerike treningar. Den største utfordringa kom då alle under 20 år fekk trene med kontakt. Heldigvis tok damene dette på strak arm og vi fann løysningar som gjorde sik at alle fekk gode treningar. I august fekk U20 tilbod om å melde på lag i J19 serien. Uten å vite heilt kva vi gjekk til vart eit lag meldt på og U20 var klar til sesong. Å spele kampar i seg sjølv var ein god opplevelse, men nivået på motstandarane var noko vi ikkje var forberedt på. Eg vil uansett nytte anledninga til å skryte av alle U20 spelarane som gong ette gong lyfta seg, vi tok nye steg og vi kjempe oss gjennom kampane. Vi viser stor framgong i spelet vårt og i holdningar. Eg vil også skryte av alle over 20 år som møter på trening og bidreg til gode treningar og støttar dei som skal ut i kamp. No kan endeleg alle damer trene med kontakt. Samtlige spelarar har teke steg som fotballspelarar. Sjølv om vi har hatt eit tungt år, og ein tung sesong, sit vi igjen med mykje erfaring og læring som vi tek med oss inn i treningskvardagen og vidare inn mot neste sesong. Vi ser fram til ein vinter med monge gode treningar og håpar på full sesong i 2021! Trenar: Ingrid Beate Smådal Hide


Holmefjordvegen 4 6090 FosnavĂĽg Tlf. 700 80 700 Email: post@e-s.no


Bergsøy G-19 2019-sesongen ble spilt uten at Bergsøy stilte G19-lag. Mandag 6. januar møtte derfor 25 mann opp på kick-off med spillermøte og trening for Bergsøy G19 2020. Ung og spillesugen gruppe med gode ferdigheter, og godt humør og samhold. Kvalifiseringen til 1. divisjon med fem kamper fra 22. januar til 12. februar var ikke mange dager unna. Målet var unisont, vi skulle kvalifisere oss til 1. divisjon. På veien frem til første kvalifiseringskamp fulgte gode treningsøkter og to treningskamper mot henholdsvis Hasundgot og Ørsta. Fokus var først og fremst å få kropp og hode klart for tellende kamper i tillegg til noen enkle, felles taktiske prinsipper. Årets første tellende kamp stod for tur da Valder gjestet Havila Stadion Fosnavåg 22. januar. En god kamp ser ut til å bli kronet med en 1-0-seier, men Valder skårer idet vi passerer 90 spilte minutter. Vi gir oss ikke av den grunn, og rekker et siste angrep. Fra avspark bygger vi fint opp og sikrer seieren med skåring tre minutt på overtid til enorm jubel fra spillere, støtteapparat og publikum! Nå kom kvalifiseringskampene på rekke og rad. Først tapte vi for gruppefavoritt Hødd. Deretter ble SIF/Hessa og Sykkylven beseiret komfortabelt. I siste kvalifiseringskamp stod Rollon for tur. På det som trolig er Sunnmøres vanskeligste bortebane måtte vi ha minst ett poeng for å være sikret spill i 1. divisjon 2020. Vi var med andre ord under et visst press. Men på en islagt kunstgressbane i Larsgården feier vi Rollon fullstendig av banen fra første sekund. Etter 90 minutter står det 6-1 på måltavlen og aldri truet – vanvittig sterkt under press. Vi ender som nummer 2 av 6 lag i kvalifiseringsgruppen kun slått på målforskjell av Hødd. Målet om spill i 1. divisjon var nådd. Flere treningskamper var planlagt inn mot seriestart, men 12. mars besluttet NFF at all breddeaktivitet skulle stoppes ut april. Fotballtrening med kompiser ble byttet ut med treningsdagbok og vekter Jubelscener og lagbilde etter at spill i 1. divisjon var sikret med 5-1 over Rollon. på stuegulvet hjemme. Foto: Morten Elverum Keyn. Uker ble til måneder og først i midten av mai var vi i gang med «koronatrening». Trening underlagt et strengt vaske- og avstandsregime. Gledelig var det at vi var uten frafall av spillere – samtlige gutter var fortsatt med. Fra og med 1. juni kunne vi, til stor lettelse fra spillere og støtteapparat, trene som normalt. Likevel skulle det gå ytterligere 2 måneder før vi fikk spille kamper. 6. august, 150 dager etter forrige kamp, møtte en kamprusten gjeng Hareid til kamp. En rotete førsteomgang ble etterfulgt av en bedre andreomgang som ender 3-0 i vår favør. Noen dager senere møter vi Hødd til treningskamp som gir oss god matching før seriestart. Mandag 18. august var det endelig seriestart. 125 dager etter oppsatt plan. Ørsta på bortebane er noe av det mest utfordrende man kan møte på dette nivået på Sunnmøre, og utfordrende ble det. En brutal start hvor vi virkelig får se hvor nivået ligger når det gjelder innstilling og vinnervilje. Gledelig er det at det er en motivert og revansjesugen gjeng som møter på trening etter Ørsta-kampen. Gode treninger gir ofte gode prestasjoner i kamp. Og det fikk vi oppleve i ukene etter kampen mot Ørsta. I en kamp litt under pari, så spiller vi 1-1 mot Herd, som senere viste seg å bli årets kretsmester. Vi rundspiller Aksla på bortebane og vinner 5-1 før vi beseirer Ørskog/Stordal 4-1 hjemme i en kamp hvor vi er gode første 45 og svake siste 45.


Bergsøy G-19 I midten av september står fjorårets kretsmester, Spjelkavik, på motsatt halvdel. En utfordrende motstander på bortebane blir ikke mindre utfordrende når vi etter vårt skjønn får en mann feilaktig utvist etter 25 minutter. Selv med en mann mindre viser vi en vanvittig lagmoral, innsats og vilje resten av kampen som vi skal være stolt av. I lys av overtidsseieren vår mot Valder i kvalifiseringen, så var det et revansjesugent Valder-lag som møtte oss på hjemmebane i slutten av september. De første 45 minuttene styrer vi kampen uten å skape de helt store sjansene. Idet dommer skal blåse av til pause blir en av våre spillere taklet stygt og Valder belønnes med direkte rødt kort. Likevel evner vi ikke å bryte ned et veldig lavtliggende Valder-lag. I stedet blir vi hardt straffet for personlige feil og kontret i senk. Vi sitter igjen med en fryktelig følelse av tomhet, sinne og skuffelse. Etter to tap på rad tar vi en liten «samling i bånn». Tre kamper gjenstår, og vi er enig om å gå for minst 7 poeng. En motivert gjeng lar først Hødd unngjelde med 5-1 på Høddvoll. Kampens høydepunkt er derimot en nydelig strafferedning av Teodor Torgersen Nærø. Søndag 18. oktober reiser vi til Brattvåg og skal matche oss mot et fysisk Brattvåg/Norborg/Harøy-lag. Vi leverer en sterk prestasjon både offensivt og defensivt hvor vi er det førende laget store deler av kampen som ender 2-2. I årets siste seriekamp er vi det beste laget fra start til slutt og vinner fortjent 4-0 over Blindheim etter mange fine angrep. Lov å smile etter 4-0 over Blindheim i årets siste seriekamp. Foto: Tore Langvatn. Med det som trolig er seriens yngste lag ender vi som nummer 6 av 10 i 1. divisjon 2020. I tillegg til seriespill skulle vi delta både på Norway Cup og Førde Cup som begge utgikk grunnet pandemi. En litt amputert sesong er likevel gjennomført etter beste evne av alle involverte. Årets «fun fact» fra Bergsøy G19 er at vi fikk straffe imot (og slapp inn) i fem av de fem første seriekampene. Takk for i år!

Foto: Tore Langvatn.


Bergsøy G-19 2 Årets sesong har vore spesiell for alle lag. Vi skulle normalt spille i 7er serien for senior. Når ikkje det vart mogelig er vi glade for at vi fikk muligheit til å delta i ekstra serien for G19 lag med påmelding seint. Spesielt for Bergsøy G19-2 har det vore at vi har hatt folk på sjøen gjennom heile sesongen så troppen har variert litt. Heldigvis har vi fått bruke nokre juniorspelarar i kvar kamp. Totalt sett enda Bergsøy G19-2 på 3. plass i ekstraserien, men med litt meir tur kunne vi kjempa om samanlagt sigeren. Det har også vore utfordrande for mange å omstille seg til å spele 11ar fotball på stor bane. Vi starta med første kamp 28.08.20 mot HaNo/Lepsøy heime. Det enda 1-1. Vi spilte jamne kampar og fleire av kampane kunne enda med seier begge vegar, spesielt i dei tre første kampane. Den einaste kampen vi var sjanselause var i siste kamp mot HaNo/Lepsøy borte. Den vart spelt på ei veldig tung grasbane og vi hadde med få spillerar. I tillegg fekk vi ein skade tidleg. Slaget om Herøy. Bergsøy G19-2 mot Moldtustranda/Tjørvåg/Gurskøy. Bortekampen enda 4-4 ein kamp Bergsøy burde vunne. Heimekampen enda med Bergsøy seier 3-2 så Bergsøy trakk i alle fall det lengste strået over to kampar. Lagbilete frå heimekampen under. Trenar: Tore Langvatn


Tlf.: 70 08 93 70

EVERYDAY EXCELLENCE, THAT’S THE FULL PICTURE



Fair Play prisar 2020 Bergsøy IL Fotball delar kvart år ut Fair Play pris i klassene J13,G13, G14, G16, J19, G19 1 og G19 2. Kriteriane for denne prisen er bla respekt, gode haldningar, oppmøte og det å vær ein god lagspelar. Denne gjeve prisen går til ein spelar per lag og det er trenarteamet på sitt lag som velger og begrunner sitt valg. Kvar Fair Play spelar får eit Fosnavåg gavekort til ein verdi av kr 200,-. Årets Fair Play prisar går til: J-13 - Årets Fair Play spelar J-13 går til Malin Kvalsvik Malin er ei pliktoppfyllande jente med godt oppmøte på både trening og kamp, der ho alltid står på uansett. Ho er roleg og beherska og bidreg med gode haldningar inn mot laget. I tillegg er ho støttande og positiv til medspelarane sine. G-13 - Årets Fair Play spelar G-13 går til Alex Xavier Eide. Alex gjer alltid sitt beste for laget. Er løysningsorientert og har høg prosent av positiv meldingar til sine lagkameratar. Går alltid tøft i duellar, men er alltid fair. G-14 - Årets Fair-play pris for gutter 14 går til en spelar som alltid er å sjå på trening. Dette er ein spelar som gjennom heile sesongen har vist positive holdninger som har inspirert og verka inn på dei andre spelarane. Seriøsitet og gode haldningar er eigenskapar som samsvarer med denne spelaren både på trening og i kamp. Spelaren har ein unik egenskap til å motivere medspelarar. Dette gjer han ved å ha ei fin balanse av ros og konstruktive tilbakemeldinger til medspillerne sine. Spelaren tek med seg like mykje trøkk og innsats på samtlige av treningene. Dette viser igjen, spesielt i kamp. I tillegg møter spelaren på kvar trening med treningsiver og positiv innstilling. Desse haldningane har også smitta over på andre som også igjen viser at personen har ein fin innflytelse på resten av gruppa. Årets Fair-Play-pris for gutter 14 år går til Magne Remøy Thrane. G-16 - Årets Fair Play spelar G-16 går til Benjamin Kvalsvik. Benjamin er alltid blid og positiv og treningsvillig.


Fair Play prisar 2020 J-19 - Årets Fair Play spelar J19 går til ein spelar som gjennom fleire år viser gode holdningar og gir alltid 110% på trening. Ho har vist stor framgong i år og møter alltid alle med eit smil. Personen sørgar alltid for god stemning og gjer alltid sitt ytterste for å bygge andre opp. Ho er ein ledartype og er inkluderande og av den grunn kaptein på damelaget. Årets Fair Play går til Ida Kvalsvik Vestnes! G-19 1 -Årets fair play-pris på G19 går ikke til spilleren med færrest gule kort. Fair play er mye mer enn gule og røde kort. Fair play handler om hvordan vi oppfører oss mot hverandre, både på og utenfor banen. Og i denne sammenheng er årets vinner forbilledlig. Han viser gode holdninger på trening og kamp. Med nærmest 100 % treningsoppmøte, er han den som har fullført flest G19-økter i 2020. Ikke bare har han fullført flest treningsøkter, han har stort sett møtt opp presist og alltid gitt beskjed ved forfall. Trofast innsamler av utstyr etter endt treningsøkt er han også. I tillegg har han vært særdeles lærevillig både i trening og kamp. Denne karen har alltid et smil og en god kommentar på lur. Han skaper god stemning og sørger for at alle trives og har det gøy. Han er hyggelig, omgjengelig og morsom, og er godt likt av både med- og motspillere. I tillegg til å være godt likt og lærevillig, ha gode holdninger og godt treningsoppmøte, så er han viktigst av alt, inkluderende og evner å se alle i gruppen. Han går foran og er støttende, oppmuntrende og positiv både i trening og kamp. Årets vinner har åpenbart gode kjerneverdier. Han viser respekt for trener, dommer, spillets regler, med- og motspillere, og behandler alle likt, uavhengig av bakgrunn. En strålende rollemodell for barn og unge i Bergsøy Idrettslag! Velfortjent vinner av Bergsøy G19 sin Fair play-pris i 2020 er Markus Andrè Kvalsvik! G-19-2 - Årets Fair Play spelar G-19-2 går til Theodor Kopperstad. Theodor er alltid blid og positiv, har veldig bra oppmøte på trening og vi har aldri høyrt han seie eit vondt ord om lagkameratar eller motstandarar. Har alltid tatt dei posisjonane i laget som er ledig, utan å stille spørsmålsteikn om det. Han har også spelt i alle Bergsøy G19-2 sine kampar. Vi gratulerer alle Fair Play vinnarane!



NILS-ERIK ENGEN NILS ERIK ENGEN Nysignering A-Lag Herre! Nils-Erik Engen er 24 år gamal og har mykje god erfaring som fotballspelar. Tidligare klubbar: Hareid, Hødd, Brann, Varegg, Fyllingsdalen, Djerv Studert: økonomi på hvl og nhh Jobba: BDO (passa på kaptein Daniel Jøsok Kvalsvik) Bor: Leinane Ditt inntrykk av klubben så langt? - Gode fasiliteta, mykje gode spelara og eit seriøst opplegg. Alt ligge til rette for opprykk Kvifor blei det Bergsøy? - Flytta ut på Leinane so då blei det eit naturlig valg. Ambisjonar? - Opprykk med Bergsøy 2021 Erfaringar/møte med Bergsøy tidlegare som spelar? - Både tapt stort og vonne stort. Alltid vore kjekt å møte Bergsøy! Tanka om Bergsøy A-lag 2021? - Veldig kjekke gjeng og gode fotballspelara. Opprykk i 2021. Ein liten funfact til slutt? - Ej e revisor. Vi e ikkje morsomme. A-trenar Frank Sverre er godt fornøgd med nysigneringa og ser fram til å sjå han i aksjon på Havila Stadion Fosnavåg: "Ein kjekk kar og ein veldig bra spelar med gode basisferdigheiter som kjem til å passe perfekt inn i vår spelestil. Frisparkfoten går det gjeteord om i Bergen og det har vi sett på trening kvifor. Det er berre å krysse fringrane for at vi får sjå den på Havila Stadion Fosnavåg neste sesong! Vi ønsker Nils Erik velkommen til klubben!

Køyrer du med Bjørlykke Transport får du ei trygg og sikker reise!


FLEST MULIG, LENGST MULIG, BEST MULIG

Bergsøy IL-Fotball ønsker å se ”hvor gode kan vi bli her vi bor”. Ved riktig bruk av våre ressurser, både menneskelig og økonomiske, håper og tror vi på vår visjon om at vi vil bidra til å gjøre Herøy til en enda bedre plass å bo. Vår visjon er avhengig av at vi har en arena for alle, en arena der alle skal føle seg velkommen og trives uansett nivå. Våre trenere og ledere er innforstått med vår strategiplan, og skal etter beste evne inkludere alle som vil spille fotball, og gi de et trenings og kamptilbud tilpasset sitt nivå og ambisjoner. Vi skal også ha lov å bli god i Bergsøy IL-Fotball, og vi skal legge forholdene til rette for de som vil satse. Et av våre mål er å øke rekrutteringen og få spillerne til å holde på lengst mulig. Når spillere gir seg av naturlige årsaker, håper vi at de fortsatt ønsker å være en del av miljøet, gjennom å bidra videre i Bergsøy IL-Fotball som frivillig, leder, trener etc. Vi ønsker å skape et livslangt godt forhold til Bergsøy IL-Fotball.

EIN ARENA FOR ALLE

STØTT våre annonsørar - dei støttar oss!

M.S VESTBAS


A-laget Herre Hei. Det er tid for å oppsummere fotballsesongen 2020 for Bergsøy a-lag. Den vil nok gå inn i historiebøkene som den mest spesielle i manns minne. Ikkje fordi vi leverte dårlige prestasjona, men fordi vi vart satt sjakk matt av COVID-19. Ingen visste det kom til å bli slik når vi starta opp å trene mandag 13 januar. 19 mann sto den kvelden på Havila stadion og var klare for tre mnd med pre-season. Vi skulle trene godt, og målet var å kjempe i toppen, og kanskje forbedre den kjedelige 2 plassen fra sesongen før. Slik vart det ikkje. Tirsdag 09 mars hadde vi vår siste normale trening. Før det rakk vi å ha 27 treningar og 2 treningskampar (Hareid og Stryn). Så blei det plutselig stopp. Regjeringa og helsemyndigheitene stengte ned alt. Fra den tirsdagen til tirsdag 28 april fekk ikkje vi lov å trene i lag. Dei 7 vekene utan fellestrening var fryktlige. Eg prøvde så godt det lot seg gjere å følge spelarane opp. Eg prøvde å oppmuntra dei til å trene bra og til å skrive treningsdagbok, men det mangla det viktigaste. Den sosiale biten var ikkje der. Vi savna lagkameratane, kanskje dei dårlige vitsane mine, og alt det andre vi prata om i garderoba før og etter trening. Frå 28 april til i dag har vi hatt såkalte korona-treninga med strenge regla på vasking og avstand mellom spelarane. 2 meter vart 1 meter og der er vi i dag. Dette har våre veldig vanskelig å forholde seg til, og til tider vanskelig å begripe da det virker veldig urettferdig med tanke på andre reglar i samfunnet. Vi hørte historier frå klubber i samme divisjon som trente vanlig. Kvifor kunne ikkje vi når dei gjor det? Styret i Bergsøy var her ganske bombastisk på at vi skulle følge reglane, og det har vi klart ganske bra. Eg vil skryte ta spelarane som har møtt opp og trent godt heile perioda. Å halde motivasjonen oppe så lenge har garantert våre vanskelig. Dei i a-gruppa med jr alder har heldigvis fått spele jr kamper nå i haust. Gruppa vil fortsette å trene til slutten av november. Men kva skjer neste år? Får vi trene som normalt og får vi spele kampar? Alt er uvisst, men vi krysser alt vi kan krysse for at 2021 blir mykje meir normalt, bortsett fra at Bergsøy a-lag ikkje blir nr.2, men vinn 4 div avd Sunnmøre. Frank Sverre To prisar har blitt delt ut på A-lag Herre dette året; Årets spelar og Årets treningsoppmøte! Årets spelar: Spelarstallen, trenar og resten av støtteapparatet for Bergsøy a-lag stemte fram Vegard som årets spelar 2020 med god margin.Vegard har hatt ei god utvikling og han er meget lærevillig og veldig seriøs. I tilegg til å ha god teknikk er Vegard også hardtarbeidande og ein skikkelig lagspelar. Treningsoppmøte 2020. Her var det Trym som vann. Trym gjekk glipp av kun to treningar og det med god grunn da han spelte jr kamp. Imponerande! Trym er som Vegard veldig seriøs og trener mykje egentrening. Både Vegard og Trym er to rollemodeller vi er glade for å ha i Bergsøy, og som spelarane på aldersbestemt lag kan sjå opp til og lære av. Gratulerer med prisane til begge to!


Noen ganger er det godt å snakke med en du kjenner Privatforsikring hos Møretrygd

Be om tilbud! moretrygd.no

Forsikring siden 1866

ÅLESUND | FOSNAVÅG | VOLDA firmapost@moretrygd.no | 70 10 12 50


Bergsøy Menn Senior 7ar Å skulle oppdatere sesongen 2020 for klubbens einaste regjerande kretsmeister på seniornivå er egentlig fort gjort. Vi har kvilt på laurbæra heilt sidan corona-nedstenginga i mars. Ofte, i fotballsamanheng, så kan rutine være til god hjelp. Dette året her har det utelukkande vore negativt. Vårt lag fyl oppskrifta at det enkle er det beste, og treningane våre består utelukkande av å spele fotball. Fotball som inkluderar kontakt. No vil truleg nokon moroklumpar hevde at oldboysarane aldri er tidsnok inne i tacklingane til å oppnå kontakt med andre, og dei er inne på noko, men like fullt så har vi altså valgt å stenge ned alt av treningar heilt og holdent inntil vi igjen får spele fotball utan restriksjonar. Det betyr at der ikkje har vore ei einaste fotballtrening for oss, eller dei andre mosjonistane som trener samtidig med oss to gonger i veka, til vanleg. Trist. Som lagleiar for dette laget har eg ei ekstra bekymring, for noko seier meg at det er variabel mengde alternativ trening. Ikkje ser eg nokon av dei på Aktiv, og ikkje renn dei ned gjestebøkene på fjelltoppane heller. Eg håper dei øver på å samle rutine, om ikkje anna. Vi håper på at situasjonen vil løsne når vaksine kjem, og at vi kan sjå fram mot eit meir normalt fotballår i 2021, med seine tacklingar, dårlig kondis...men forhåpentligvis ei KM-finale i det fjerne. Vi gler oss! Trenar: Lasse Myrhol

KM-tittel sikra i 2019 etter siger mot Rollon



BERGSØY IL-FOTBALL - Organisasjonen

Styret - Lars Conradi Andersen, Lasse Myrhol, Håvard Remøy, Torbjørn Hide, Cecilie Zahl, Ann-Elin Myklebust, Ronny-Pål Kvalsvik, Runar Olsen Anleggsutvalg- Runar Olsen (anleggsansvarlig), Normann Frantsen, Gullik Kjellstadli, Per Odd Pettersen, Tonny Pettersen (utvikling) Arrangementsutvalg - Leder Cecilie Zahl + medlem fra hvert aldersbestemt lag Markedsutvalg - Magnus Myklebust, Terje Teige, Daniel Jøsok Kvalsvik, Lasse Myrhol Sportslig utvalg - Ronny-Pål Kvalsvik, Lena Ihle, Ann-Elin Myklebust, Andre Søvik, Stian Elveseter

Daglig leder - Tom Beddari

Marked/sport - Magnus Myklebust AFO - Konstanse Nærø Torgersen, Franjo Tepuric



BERGSØY IL- FOTBALL på sosiale medier Følg oss på sosiale medier for å holde dere oppdatert på det som skjer i og rundt klubben!

Bergsøy IL Fotball

Bergsøy IL Fotball

bergsoyil

bergsoyfotball

HERØY MALERSERVICE


Fosnavåg Bilverksted AS Myklebustvegen 65, 6092 Fosnavåg Tlf 70081600 E-post: post@fosbil.no www.mekonomen.no Coo

· Arenareklame · Banner/rollup · Tekstiltrykk · Storformat · Trykksaker · Monterig · Gravering · Foliering · Bilde kor · Skilt

Vi produserer varer og leverer tenester med kvalitet og sørvis. profilering@furene.no | www.furene.no


Mal Proff Coatings Ulsteinvik Besøksadresse: Sjøgata 55, 6065 Ulsteinvik Mobilnr. 48180006/ 06260 fosnavaag.coatings@malproff.no kundeservice.coatings@malproff.no

EIN ARENA FOR ALLE

STØTT

våre annonsørar - dei støttar oss!


Foto: Per Eide / Racer

FRÅ TINDAR TIL DEG STRAUM, TELEFONI, INTERNETT OG DIGITAL-TV. ALT FRÅ SAME KJELDE. Gjennom fleire tiår har Tussa forvalta noko av det vakraste som finst rundt oss, vatnet frå tindane våre. Nettopp dette har gitt oss kraft til å skape det du treng for å bruke dei forskjellige produkta i kvardagen din. Vi haustar vatnet, og tek det frå tindar til deg.

Følg oss på facebook.com/tussa


God Jul & Godt Nytt Ã…r!

EIN ARENA FOR ALLE


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.