LEIARKOMMENTAR
Kjære Bergsøyvenner,
Ein innhaldsrik sesong går mot slutten, og no gjenstår kun Sparebanken Møre Romjulscup 2. juledag for å runde av året. Bergsøy Fotball fortsett si gode sportslege utvikling, og det er svært gledeleg og sjå at vi lykkast med fleire av våre satsingar. Spesielt kjekt er det at vi er ein klubb med stor vekst innan jentefotballen. Vi er også glade for å sjå at våre aktive og lag viser stor utvikling, og fleire Bergsøyspelarar utmerker seg med kretslagspel. Vi kan konkludere med at det for tida gror svært godt i klubben!
Mange legg ned ein stor frivillig innsats for klubben. Eg vil nytte anledninga til å takke alle som bidreg både som trenarar og i andre roller. Frivilligheit er grunnsteinen i ein breddeklubb som Bergsøy IL. Vi har også gjennomført større arrangment som HAV Cup og konsert med Vassendgutane i 2022, og det er svært gledeleg å sjå den store frivillige oppslutninga vi har hatt rundt desse viktige arrangementa.
Tidvis kan det også storme litt der det er stort engasjement. Bergsøy Fotball skal ha stor takhøgde og være ein arena for alle. Samtidig er det viktig å hugse at fair play og gjensidig respekt trass ulike meiningar er grunnleggande verdiar i klubben vår. Fotball er eit lagspel, og vi skal spele kvarandre gode både på og utanfor bana.
For at Bergsøy Fotball skal kunne gi eit best mogleg tilbod til innbyggjarane i Herøy er vi avhengig av støtta vi får fra alle våre sponsorar. Eg vil rette ei stor takk til alle som støttar oss, og håper at bedriftene rundt oss fortsett å sjå verdien av arbeidet klubben gjer.
På vegne av styret vil eg ønske alle med eit bankande Bergsøyhjerte ei riktig god jul, og ser fram til eit godt nytt fotballår i 2023!
Med sportsleg helsing
Lars Conradi AndersenStyreleiar Bergsøy Fotball
Bergsøy G6
G6 består av 17 treningsivrige og speleglade gutar. Gjengen har i sitt fyrste fotballår vore på turnering i Hovdebygda, Gursken, Volda, Vigra, i tillegg til HAV-cup, og har vist stor utvikling det fyrste året. Gjengen trenar tirsdagar kl. 1715 og søndagar kl 1230. Vi har plass til enda fleire, so det er berre å hive seg med!
Trenarane: Ove Kvalsvik, Christoffer Bjørge og Mats Røys KnottenHandling, processing and cooling of fish to the seafood industry
We are transforming the seafood industry by offering complete and sustainable system solutions for the handling, processing and cooling of fish to the seafood industry, onshore, onboard and in aquaculture – worldwide.
Jentefotballen i Bergsøy har fått eit godt fotfeste, og det visast på antall "nysigneringar". Det er i underkant 20 jenter som i år har fått oppleve stor speleglede, meistring, utfordringar og vennskap.
Jentene har vore aktive på cupar og minuturneringar, kor dei har heia kvarandre fram og vist fair play. Vi gler oss til 2023!
Vi starta året med 5 spelara på J7 og enda året med 9 spelarar. Vi har i år trena saman med J6 og var på våren ei god blanding på cup. Før sommaren deltok jentene på cup i Hovdebygda der dei viste stor fotballglede og iver. Etter sommaren rakk vi heile 3 cupar! Først ut var cup i Gursken der J7 møtte andre J7 lag. Vi såg her ein stor framgong med fleire av jentene. Vidare deltok jentene på HAV Cup, noko som var svært kjekt. Jentene var kjempe fornøyde, sjølv om dei vann og tapte. Siste cupen for i år var i Volda på kiwi cup. Her såg vi tydelig utviklinga til kvar enkelt. Dei viste oss at dei kan spele pasninger, plassere seg i formasjon og at dei har starta å få taket på å spele saman som lag, og ikkje bere score mål. Vi har i alle turneringene delt dei i 2 lag, og på siste cup vann dei nesten alle kampane sine.
På trening har vi fokusert på meg og ballen. Vi har hatt lange sekvenser med kamptrening 3-3, men også fokusert på det å føre ball og passe på ballen sin. På hausten starta vi å trene meir på pasninger og på slutten også skudd. Vi har nesten kvar einaste trening hatt 7-9 jenter frå J7, og jentene utrykker sjølv at dei har det kjekt kvar trening. I november starta vi å trene på 5ar fotball. Dei var samstemte i at dette blir svært kjekt å gjere meir av! Vi gler oss masse til nytt år og ny sesong ilag med denne kjekke gjengen vora, og håper at enda fleire 2015 jenter vil komme å trene ilag med oss etterkvart.
Bergsøy G-7
Bergsøy G7 har gjennomført en flott sesong! Laget har hatt ei fin utvikling, der både ferdigheter og samspelet har blitt betre og betre.
G7 har spelt totalt 6 turneringer, med mykje mål og fotballglede som hovedingredienser.
No gler denne fine gjengen seg til neste år, der dei endeleg skal spele på 5-er bane.
2022 vart første året der gutte 8 skulle vere med å spele seriespel. Vi besøkte både Vanylven, Hareid, Ørsta, Volda, Sæbø og Åmdal. G8 stilte med tre lag i serien og kvart lag hadde sju kampar på våren og seks kampar på hausten.
I tillegg til seriespel så har gutta vore på fire miniturneringar og to større cupar der HAV-cup sjølvsagt var det store høgdepunktet. I tillegg arrangerte vi miniturnering i Fiskarhallen med over 200 spelerar, 27 lag og over 40 kampar der samtlege foreldre var involvert og engasjert i turneringa. G8 består av 24 energiske kjekke gutar som har det kjekt ilag både på trening og i kamp. God stemning og trivsel er nøkkelfaktorar for G8.
Vi ser fram til mange gode fotballstunder med gjengen i 2023 og ynskjer fleire 2014gutar velkomne for dei som vil prøve fotball.
Trenarane: Ole Magne Rotevatn, Benedikte Storås, Steinar Nupen, Vebjørn Sjåstad, Frank Edvard Vike og Daniel Kvalsund-Nilsen
CANN AS - MERKEVARE- OG DESIGNSTUDIO
Vi leverer konsulenttjenester innen design, identitet/merkevarebygging og markedsplanlegging/rådgivning.
Ta gjerne kontakt med oss for å diskutere hva vi kan bidra med for å styrke deres merkevare ved hjelp av design og markedsføring.
Bergsøy J-9
Bergsøy J9 består av 18 energiske og kjekke 8- og 9åringar.
I treningskvardagen trenar vi også saman med 10 åringane som dei yngste ser veldig opp til.
I år har J9 spelt seriekampar, vore med på alle miniturneringane med fleire lag og i tillegg deltatt på Tare cup og HAV Cup. Sistnevte var nok årets store høgdepunkt! Jentene har tatt store steg i årets fotballsesong, og gler seg veldig til å gå fra 5ar til 7ar fotball neste år!
Bergsøy G9 kan se tilbake på en sesong full av utvikling og triumfer. Å vinne fotballkamper gir glede og selvtillit, og det er ikke utenkelig at spillegruppa gomler pinnekjøtt med rak rygg og oppbrettet Cantona-krage på julaften.
Få ting glemmes like fort glemt som dagens avis eller en fotballkamp på en forblåst bane på Sunnmøre. Men i det jula ringer inn tillater vi oss å se tilbake på 2022 som året da vi begynte å finne vår fotballidentitet. Selv om det er et stykke igjen, og vel så det, innen vi behersker brasiliansk samba, fremstår vi som et lag med en tydelig formasjon og spillestil. Vi har gledet oss over noen vanvittige comeback, toppet med euforiske overtidsscoringer, noe som vitner om en spillergruppe med god karakter.
Vi er klare for å brette opp ermene i 2023 og gå løs på 7’er fotball.
Bergsøy J-10
J10 laget er en livlig gjeng bestående av 7 spillere (8 i vår-sesongen) og er en del av en større treningsgruppe sammen med J8/J9 laget. Det har i år vært godt oppmøte både på treninger og kamper der fokus har vært utvikling og spillerglede. Sesongen startet med en kald og regnfull kamp på KGB, fortsatte med seriekamper i Fiskarhallen og rundt omkring på Sunnmøre og avsluttet med Tare cup inn i Sparebanken Møre Arena. Resultatene har variert fra store seiere til sviende nederlag, men mange av kampene har vært tette og jevnspilte. Årets sesong har laget vært påmeldt som et 5’er lag i en 7’er fotball serie pga antall spillere, men jentene har også fått prøvd seg på noen kamper med 7’er fotball. Denne jente-gjengen vil gjerne ha med flere spillere på laget fram mot neste år!
Trener: Kristian Arnevik Lagleder: Torbjørn Reite og Helene Dyrhaug Bruk oss innenfor regnskap, skatt, avgift og lønn!Vi har i år hatt ei auke i spelarar og er oppe i 27 gutar. Dei fleste har vore med frå starten, nokre har hatt ei pause og vendt tilbake og andre er heilt nye. Vi har hatt to faste treningar i veka, og ei frivillig trening søndagane. Dette halvåret har vi hatt eine treninga rett etter skuletid som eit prøveprosjekt. Det har vore litt logistikk for å få det til, men tilbakemeldingane har vore gode.
Vi har hatt to lag påmeldt i serien, og begge lag har klart seg godt. Spelarane vert stadig flinkare fotballteknisk, og vi ser meir godt lagspel. I tillegg til det fotballtekniske har trenarane fokus på gode haldningar, både ute på bana og på benk. I haust har vore med på HAV-cup og Kiwi Bama-cup i Volda, og rett over nyttår skal vi delta på Coop-cup i Ålesund. Det er kjekt med cup!
I haustferien reiste vi på fotballtur til Stryn der gutane fyrst fekk sjå landskamp med G15. Deretter spelte dei treningskampar mot G10-laget frå Stryn og avslutta dagen med pizzabuffet. Trenarane i år har vore Franjo Tepuric, Frode Haugstveit og Vebjørn Sjåstad. Renate Zahl er lagleiar.
Vi takkar spelarar og føresette for nok ein gøy sesong!
G11 (f. 2011) - ein god kameratgjeng
Vi starta året med ein gjeng på 14stk og vi avslutta året med 18stk. At nye har komt til er gledelig og positivt. Gruppa tar godt i mot både nye som vil prøve seg og hospitantar frå andre lag (alderstrinn) i klubben. Laget består av ulike «typar» - vi har vinnarskallar, vi har kranglefantar, vi har omsorgsfulle, vi har skøyera, vi har rolige, vi har modige, vi har smarte – ulike kvalitetar må til for å skape eit godt lag/miljø. Dei trenar godt og utviklar seg heile tida – både som fotballspelarar og som personar. Oppmøtet på treningane har våre veldig bra heile året. Denne sesongen har vi spelt 15 seriekampar og vi har deltatt på 2 klubbturneringar. I tillegg har vi deltatt i futsalserien. Vi har vunnet mykje, men vi har også tapt ein del. Dette har dei lært mykje av.
I år har vi spelt 7er-fotball, men neste sesong skal vi over på 9er-fotball. Det blir eit nytt steg opp og ei ny utfordring som vi alle gler oss til.
Det er ei fryd å være trenarar for denne gjengen!
G12 har spelt sin første sesong med 9er fotball og har teke utfordringane på strak arm! Vi avslutta siste kamp for sesongen med 4-2 seier over FIL/MSIL og tek med oss godfølelsen til over nyttår:)
Vi gler oss til å følge disse guttane vidare inn i undomsfotballen!
STØTT
våre annonsørar - dei støttar oss!
I eit Noreg der vi snart kvar veke kan lese artiklar på at frivilligheita forvitrar, ynskjer eg å starte med å gi honnør til dei mange foreldra og andre frivillige som har gjort ein kjempejobb i Bergsøy IL Fotball i 2022! Utan dykk kunne vi ikkje gitt eit godt nok tilbod til våre aktive som kjem til stadion fleire gongar i veka for å vere i fysisk aktivitet og oppleve meistring, fellesskap, sorg, gleder og skape minner for livet.
Bergsøy IL Fotball er tufta på foreldretrenarar i barnefotballen 6-12 år. Vi ser ein stor verdi i det. Både for å skape gode sosiale miljø, men vi har også tru på at dei kan skape god og nok aktivitet.
Ein nøkkel i så måte er å tilby fagleg påverknad i klubb. I år har vi starta opp «Trenarløftet», og vi har blant anna hatt både praksissamlingar, trenarforum, trenarutdanning og vore på klubbesøk med våre trenarar. Vi fortsetter «Trenarlyftet» også neste år, og skal då også implementere ein helt ny skuleringsplan i klubben.
Eg er imponert over den gode aktiviteten våre foreldretrenarar gjer i barnefotballen. Vi har store kull, ivrige og glade spelarar og innhald og utførelse på feltet står ikkje tilbake for noko av det eg har sett i andre klubbar eg har jobba i. Det lovar godt for framtida i Bergsøy IL Fotball!
Vi har i år opplevd ein auke aktive på over 30 spelarar. Auken er spesielt stor på jentesida, og for andre år på rad vart vi nominert som «årets jenteklubb» av Sunnmøre Fotballkrets. Det er bra!
I klubb omstrukturerar vi ein del på sport neste sesong. Vi har tru på meir påvirkning og aktivitet endå tidligare, og flyttar difor fokus på klubbtiltak i større grad til barnefotballen. Nye tiltak er blant anna HAV Xtra (8-12 år) og Sunnmørsakademiet (i samarbeid med Aafk, Hødd og kretsen). Vi jobbar også med eit nytt spennande tiltak med start til hausten.
I ungdomsfotballen skal Magnus Myklebust blant anna vere spelarutviklar for ungdom, og fylgje opp utvalgte spelarar. Magnus har sjølv gått løpet frå Gursken, via alle alderbestemte landslag og til Eliteserien med Lilletrøm og Odd. Ein perfekt mann som spelarutviklar på ungdom i Bergsøy IL Fotball.
KORT OM SPORT
Ungdomsfotballen i Bergsøy har også hatt bra utvikling i 2022. Dyktige trenarteam, god aktivitet og mykje spennande spelarar. Klubben har blant anna fem spelarar på kretslag til våren på G13- og G14-nivå. Veldig bra! Kjekt er det også at vi neste år endeleg har nok spelarar til at vi er tilbake med 11`ar-fotball på jentesida i Bergsøy. Det er J15 som skal prøve seg på full bane, og det blir spennande.
På seniornivå tok vi også positive steg i 2022. For eit år sidan hadde vi ikkje noko rekruttlag i klubben. Eit år seinare skal rekruttlaget spele i 5. divisjon, og det vert ei god bru mellom aldersbestemt fotball og herrelaget. Damelaget tok meir poeng i 2022 enn året før, scora fleire mål og slapp inn færre. Herrelaget forbedra seg med fire plassar på tabellen frå året før, og satte også klubbrekord med 10 sigrar på rad.
Året som gjekk var eit bra Bergsøy-år. Takk til alle for god innsats! Vi gler oss veldig til fotballåret 2023, som ligg der og ventar med berre moglegheiter i seg!
Ha ei fredfull jul og eit godt nytt år!
Beste helsing, Lars-Petter Rønnestad Sportsleg leiar
Bad – Vaskerom - Varme - Vedovner – Gasspeis - Kvitevarer
J13 sin sesong har bestått av ei utrulig læringskurve, seiera og tap, masse fin fotball og motiverte jenter!
I løpet av haustsesongen har jentene av dei sju kampane dei har spelt dragd i land to seiera, 4 tap og ein uavgjort. Dette er ein stor kontrast til vårsesongen der dei tapte alle kampane. Denne sesongen har ingen av dei tapte kampane til jentene vår på meir enn fire mål i forskjell! Jentene viser at dei har tatt store steg!
Dei har utvikla seg masse som lag og som individuelle spelara, til tross for store forskjellar i nivå med tanke på at nokre av jentene nettop har starta å spele fotball mens andre har spelt i fleire år. Denne sesongen bestemte vi oss for å slå jentene sammen til et 9-ar lag, dette var for å få samla gruppa ein del meir og for å betre kunne styre og trene laget. Vi visste at dette ville utfordre dei nyaste spelarane våre masse! Til tross for utfordringa synest eg dei har klart seg bra.
Jentene har utruleg potensiale og fotballglede! Denne kombinasjonen er uslåelig og jente fotballen i bergsøy har store ting i vente med desse jentene som framtidige damelagsspelara!
En artig sesong er over for G14. Oppturer og nedturer, som sikkert er helt normalt i første sesong med 11’er fotball i 1.divisjon. Det har vært mange spennende kamper, men det artigste har vært å se utviklingen til laget utover i sesongen. Spillerne har funnet rollene sine, og samspillet har blitt bedre og bedre. Synd sesongen er ferdig sånn sett. Vi tar med oss en artig NorwayCup, gull i Hav Cup, og avslutning i serien med en skikkelig lagseier over Ørsta på Havila Stadion. I Førde Cup tok vi med oss en ny pokal hjem til klubbhuset da vi tok gull i B-sluttspillet. Nå gleder vi oss til futsal i vinter, og der har vi startet sesongen med full pott og 9 poeng i de tre første kampene. Guttene ser også fram til ny sesong og sammenslåing med 2007-kullet fra nyttår.
Trenerteamet takker alle gutta, lagleder, foreldre og alle som har stilt opp med organisering og ikke minst som en herlig heiagjeng på våre borte- og hjemmekamper
Bergsøy J-15
J-15 har hatt ein flott sesong der både jentene og eg sjølv har tatt store steg.
Vi har fått til ei god treningsguppe med god atmosfære og vi har hatt det kjekt ilag. Utviklinga har vore kjekk å følge med på, og dei har vokst med oppgavene dei har fått. Det kan vere tøft spele mot jenter eldre enn dei sjølve, men dei har tatt utfordringa på strak arm! Eg er glad og heldig som har fått vore trenaren deira denne sesongen, og eg håpar dei vil fortsette å spele fotball og fortsette utvikle seg i tida framover.
Pedro Luis Moreno GonzalezFair play handler om respekt. Både for kvarandre som medspelar, motspelar, trenar, lagleiar, og dommar. Det er viktig at vi skal oppføre oss bra både på trening, kamp og på reise til og frå.
Vi tek godt imot gjestande lag og dommar.
Vi har respekt for speletid, laguttak og i det dommaren bles i fløyta for.
Vi som foreldre/familie/supportarar må også hugse dette.
Vi deler hvert år ut Årets Fairplay priser. Kriteriane for denne prisen er bla respekt, gode haldningar, oppmøte og det å vær ein god lagspelar.
Vi har også haldningskontrakt til alle aktive fom 13 år-18 år, og kvart lag skal ha sin egen fair play representant.
Fair play er viktig både på og utanfor bana!
Jeg ble ansatt som trener for g-16 og så på det som en fin utfordring for meg. Laget gikk inn i sesongen med stor tro på at vi kan kjempe med de beste i den avdelingen, noe som vi delvis klarte. Laget viste stor fremgang og og entusiasme som gjorde jobben veldig morsom og innholdsrik!
Kampene var jevne og vi styrte de fleste, men vi hadde marginene imot oss. Skal vi se på sesongen i sin helhet var nok ikke sluttresultatet til laget helt som vi hadde håpet, men mange spillere vokste både som spiller og person så alt i alt er jeg fornøyd med den individuelle utviklingen, tross noen ufortjente tap.
Ønsker alle masse lykke til videre!
mvh
Bergsøy Junior/rekrutt
I 2022 vart det bestemt at junior og rekrutt skal fungere som ei treningsgruppe.
Og med 28 stk i gruppa så hadde vi som mål å utvikle spelara for a-laget, og kjempe i toppen med begge laga.
Junior i 2.div, og Bergsøy 2 i 6.div avd.3.
Junior serien var i år delt i vår-sesong, og med eit sluttspel på hausten der topp 4 frå våren skulle spele mot kvarandre igjen. Vi vart nr.3 på våren med 6 seiera og 2 tap, bak nr.1 med 1 poeng. Vi gjekk derfor inn i sluttspelet på hausten med god tru på seier.
Og gutta svikta ikkje. 6 seiera av 6 mulige, med ein målforskjell på 22-1 gjorde oss til suverene vinnara av G19 2.div 2022.
Bergsøy 2 hadde som mål om å kjempe om opprykket, og etter ei ekstremt spennande avslutning på sesongen så klarte vi det med minst mulig margin. Opprykket var sikra i siste kamp. Der vi stod igjen med like mange poeng som Sæbø, men med bedre målforskjell.
Junior var også med på Norway Cup. Der stoppa det i kvartfinala i B-sluttspelet mot Tromsø.
2022 har visst at det gror godt med fotballspelara i Bergsøy. Vi har hatt ein stor og kjekk gjeng på trening gjennom året, og ser fram mot nye utfordringa i 2023.
Bergsøy A-lag dame
A lag dame hadde som mål å verte i bedre fysisk form, halde oss nokonlunde skadefri og verte eit godt samspelt lag.
Forma steig fint på ei god gruppe damer/jenter og vi fekk ei fin oppkjøring fram mot sesongstart i april
4.div kvinner har denne sesongen bestått av 11 lag som vart delt i to avdelingar for 3. delt serie. Bergsøy fekk motstandarane Hornindal, Stranda, Hareid og Åheim/Selje
Resultat har svinga litt gjennom sesongen men vi har totalt sett gjort ein god sesong, og enda til slutt på ein fin 3.plass.
A lag dame har i vinter trent innendørs og deltatt på Førdecup og Futsalturnering
Vi ser fram til sesong 2023 og har som mål å kome oss høgare opp på tabellen.
HERØYHAV AS
Synsundersøking? Tlf 700 88 195 E-post: fosnavag@interoptik.no Brillekonto - Det koster ikkje meir enn ved kontant kjøp! Facebook: www.facebook.com/nymark.fosnavag
Bergsøy A-lag herre
Herrelaget var tilbake i toppkampen i 4. divisjon i 2022. Med fire serierunder att leia Bergsøy serien, etter å ha satt klubbrekord med 10 sigrar på rad. Men Herd vart for sterke på oppløpet, og gutta enda på 2. plass.
Vegen fram til å bli eit lag å rekne med i toppen av divisjonen verka lang då vi starta opp i januar. Laget kom midt på tabellen året før, stallen talte berre 15 mann, og av dei var fleire ute med langtidsskader. Det vart ein vinter og vår der det var utfordrande å skape ein treningskvardag av den kvaliteten vi ynskjer, og dette tok vi sjølvsagt med oss inn i kampane. Fyrst i midten av juni var vi der vi hadde håpt å vere to månader tidlegare, men derfrå og ut leverte vi mange gode prestasjonar.
Vi slapp inn nest færrast mål, og scora flest i divisjonen. Heile 15 spelarar scora for oss i år, derav ni med fire nettkjenningar eller meir. Vi hadde ein lokal profil, der mellom åtte og ti hærøyværingar starta i kvar av kampane.
Når vi no ser inn mot 2023, så er vi optimistar. Eit par av spelarane våre har interesse frå klubbar høgare i divisjonssystemet, men det ser ut til at stallen blir stort sett intakt. Vi tek opp eit par juniorar til i A-stallen. I tillegg kjem mangeårig Bergsøy-kaptein Kjetil Paulsen heim til Fosnavåg, og blir ein fin tilvekst etter nokre år i Lokomotiv Oslo. Grunnlaget vårt er betre enn det var i fjor på same tid, og vi har ei målsetting om å plukke fleire poeng neste sesong enn i år.
Honnør til spelarane som har levert ein god sesong, og så er det også kjekt å melde at heile teamet rundt laget fortsetter neste år. Vi gler oss!
Til slutt vil vi takke divisjonens beste publikum, som også i år møtte opp i rikeleg antal og var ei fantastisk støtte. Vi sjåast neste år! Heia Bergsøy!
Lagbilde etter siger og klubbrekord med 10 sigrar på rad.Bergsøy IL-Fotball ønsker å se ”hvor gode kan vi bli her vi bor”. Ved riktig bruk av våre ressurser, både menneskelig og økonomiske, håper og tror vi på vår visjon om at vi vil bidra til å gjøre Herøy til en enda bedre plass å bo.
Vår visjon er avhengig av at vi har en arena for alle, en arena der alle skal føle seg velkommen og trives uansett nivå. Våre trenere og ledere er innforstått med vår strategiplan, og skal etter beste evne inkludere alle som vil spille fotball, og gi de et trenings og kamptilbud tilpasset sitt nivå og ambisjoner.
Vi skal også ha lov å bli god i Bergsøy IL-Fotball, og vi skal legge forholdene til rette for de som vil satse. Et av våre mål er å øke rekrutteringen og få spillerne til å holde på lengst mulig. Når spillere gir seg av naturlige årsaker, håper vi at de fortsatt ønsker å være en del av miljøet, gjennom å bidra videre i Bergsøy IL-Fotball som frivillig, leder, trener etc. Vi ønsker å skape et livslangt godt forhold til Bergsøy IL-Fotball.
våre annonsørar - dei støttar oss!
M.S VESTBAS
FLEST MULIG, LENGST MULIG, BEST MULIGJulen er noen dager unna, og vi har endelig lagt en «normal» sesong bak oss. Klubben evaluerer etter hver sesong, der både drift, organisering, tilbudet til våre aktive/medlemmer m.m. er tema. Klubben er fortsatt i en slik prosess, men endringer også i 2023 vet vi at det vil bli.
Etter 2 år med korona var klubben klar over at 2022 kunne bli mer uforutsigbar. De to årene var vanskelig å bruke som sammenligningsgrunnlag under planleggingen. Dette både vedrørende aktivitet, økonomi, rekruttering med mer, og ved organisering av verv for frivillige og ansatt roller.
Vi har satset videre på sportslig utvikling. Det har vi gjort ved å styrke den sportslige administrasjonen og trenerapparatet. Med det tilført klubben ny og viktig kompetanse for videreutvikling.
Vi har startet prosjektet «Trenerløftet» som også var med som en egen del av kriteriene i resertifiseringsprosessen for å få videre godkjenning som kvalitetsklubb nivå 1 i NFF. Godkjent ble vi, og Bergsøy IL-Fotball er nå sertifisert som kvalitetsklubb fram til 1 november 2024.
Vi har i tillegg til A-lags kamper hatt arrangementer som Kick Off for 6 åringer, Tussa Camp, Jentedagen, Kronekampen, HAV Cup og 2 stk Berg-Hansen Rosarussetreff. Alle disse arrangementene har vært vellykkete.
Vi har hatt en meget god utvikling i rekruttering og øker stadig. Størst suksess har vi hatt i rekruttering av jenter. Vi ble for andre år på rad nominert til årets jenteklubb, og vi satser på at neste år tar vi prisen.
Klubben har også fått i gang igjen arrangement i Fiskarhallen. Vi lyktes ikke å få til alt som var planlagt der, men konserten med Vassendgutane ble gjennomført, og ble et veldig bra arrangement. Dette til tross for store utfordringer i forkant p.g.a. av brannen.
Den dugnaden som våre frivillige/foreldre og medlemmer bidrar med under slike arrangement er svært viktig for klubben. HAV Cup og Vassendgutane konserten ble en stor suksess, og hadde ikke vært mulig uten den hjelpen. Tusen Takk til alle som stiller opp!
Å ha gode trenere, lagledere, foreldre, frivillige, tillitsvalgte og ansatte er ikke en selvfølge, men det har vi! De bidrar sterkt i å ivareta klubben og videreutviklingen av den. Dette sammen med den gode støtten fra våre samarbeidspartnere i næringslivet gjør de det mulig og fortsatt drive god aktivitet for våre barn og unge. Tusen takk til dere alle!
Lykke til med sesongen 2023!
Ønsker dere alle en riktig God Jul og Godt Nytt År
mvh
Tom
Beddari Daglig lederBergsøy IL Fotball sin offisielle utstyrsleverandør
Noen ganger er det godt å snakke med en du kjenner
HAV Akademiet 2022
Litt om årets HAV akademi:
Klubben sin ambisjon med HAV akademiet er å få med flest mulig jenter og gutar lengst mulig i fotballen, og gi eit best mulig tilbud tilpassa sitt nivå. Spelarane får eit tilpassa fotballtilbud som tek hensyn til ambisjonar og interesse.
Mykje spel, konkurransebaserte øvelsar med ball og ein del fokus på koordinasjon, styrke og hurtigheit har blitt prioritert. I tillegg til alle treningsøktene har vi fått arrangert fleire spennande og kjekke fotballturneringar gjennom året som har vore høgdepunkta. Vi har også fått besøk av Herøy Kiropraktorklinikk som snakka om skadeforebygging og kor lite innsats som skal til for å unngå skadeplager. Dette er ein viktig del av fotballen for å kunne ta nye steg som fotballspelarar.
Denne flinke gjengen tek no ei velfortjent juleferie før fotballen rullar vidare i 2023!
Køyrer du med Bjørlykke Transport får du ei trygg og sikker reise!
Styret - Lars Conradi Andersen, Lasse Myrhol, Terje Teige, Torbjørn Hide, Veronica Nerland Madsen, Ann-Elin Myklebust, Ronny-Pål Kvalsvik, Runar Olsen
Anleggsutvalg- Runar Olsen (anleggsansvarlig), Normann Frantsen, Gullik Kjellstadli, Per Odd Pettersen, Tonny Pettersen / Karl-Bjarte Vike
Arrangementsutvalg - Admin
Markedsutvalg - Magnus Myklebust, Terje Teige, Daniel Jøsok Kvalsvik, Ole Magne Rotevatn
Sportslig utvalg - Ronny-Pål Kvalsvik, Lena Ihle, Ann-Elin Myklebust, Andre Søvik, Stian Elveseter
Følg oss på sosiale medier for å holde dykk oppdatert på det som skjer i og rundt klubben! Bergsøy IL Fotball
FRÅ TINDAR TIL DEG
STRAUM, TELEFONI, INTERNETT OG DIGITAL-TV. ALT FRÅ SAME KJELDE.
Gjennom fleire tiår har Tussa forvalta noko av det vakraste som finst rundt oss, vatnet frå tindane våre. Nettopp dette har gitt oss kraft til å skape det du treng for å bruke dei forskjellige produkta i kvardagen din.
Vi haustar vatnet, og tek det frå tindar til deg.
Følg oss på facebook.com/tussa
Foto: Per Eide / Racer EIN ARENA FOR ALLE