molo 2024

Page 1

Runde – Fosnavåg – Herøy STORE OPPLEVINGAR YTST I HAVGAPET 1

Kjære lesar

Opplev Runde – og bli klok på naturen

Dei løynde skattane på Herøy

Kunst på kaia og næringsliv ved leia

Badeglede i Fosnavåg

Utforsk dykkarparadiset Herøy

Eit pusterom for sjela

Kulinarisk fryd på Runde

SKORPA NERLANDSØY

Fotturstart

Gjestehamner – Båtutleige - Marina

Handelssenter – daglegvarer

Ladestasjon el-bil

Leikepark

Sunnmørsbadet

Toalett

Bubilparkering

Tømmestasjonar

Turistinformasjon

www.opplevhavlandet.no

Fosnavåg Kystkultursenter

Opplev eit lite stykke Kyst-Noreg

Frå fangst til fat

Konserthus og kino på kaia

Kajakk-eventyr i Herøy

Festivalar & Arrangement

Overnatting – Spisestader

REMØY

BERGSØY

LEINØY

2
03 04 06 08 10 12 14 16 18 19 20 22 24 25 26 INNHALD RUNDE
MOLTU MYRVÅG TJØRVÅG

Foto: www.meirenntusenord.com

KJÆRE LESAR!

Opplevingsaktørane i Herøy står saman om å tilby dei beste opplevingane ytst i havgapet! I denne utgåva av MOLO kan du bli kjend med nokon av dei. I magasinet fortel vi om fleire av aktivitetane vi har både i sjøen og på land, og turane som er mogleg i den flotte kystnaturen vi har. Vi fortel også kvar du kan ete kortreist mat, kvar du kan overnatte og kva du kan oppleve av kunst og kultur. Vi har også mange gratis opplevingar som til dømes det å sjå ørna som krinsar over deg, nyte utsikta frå dei mange turstiane våre, eller sjå store fiskebåtar som kjem inn hamneløpet

«Våje», og ruver mot hotell og hus før dei legg til inn til fiskemottaket innunder Tverrfjellet. Hos oss kan du utforske og oppleve mykje forskjellig som rører ved både sinn og sansar.

Herøy gir opplevingar til både kortreiste og meir langvegsfarande besøkande, vere seg born eller godt vaksne. Her er noko for alle. God lesing og velkomen skal du vere!

Helsing frå oss som ynskjer at du skal få oppleve det beste av Herøy.

Takk til sponsor Sparebanken Møre, Thon Hotel Fosnavåg, Sunnmørsbadet, Herøy næringsforum og bidrag frå reiselivsaktørar.

3
TRYKK PROS J EKTLEIING GRAFISK DESIGN
UTGIVING 2024
CANN AS Herøy Næringsforum BK Trykk AS

Du treng ikkje gå langt for å finne rare og utrulege skapningar. På fjøreforsking får du lære om planteog dyrelivet i fjøresona.

Opplev Runde

• Er ein del av Runde Miljøsenter, med utstillingar, overnatting, møtefasilitetar og kafé.

• Tilbyr lærerike, guida naturopplevingar på Runde, heile året

• Tilrettelegg for magiske øyeblikk i havgapet

• www.opplevrunde.no

OPPLEV RUNDE – OG BLI KLOK PÅ NAT U REN

Visste du at det finst ein trygg måte å kjenne havets krefter på kroppen? Eller kor mykje som skjer i sjøen under våroppblomstringa?

Opplev Runde lar gjestane «lære ved å gjere» – med rettleiing frå profesjonelle instruktørar.

– Når du ser sjøen, tenkjer du kanskje på å leite etter krabbar i fjøra eller å fiske frå ein båt. Men det er så mykje meir å oppdage. Tenk på alt det spennande du kan lære ved å utforske fjøra saman med ein marinbiolog eller naturrettleiar!

Det er umogleg ikkje å la seg påverke av dagleg leiar ved Opplev Runde, Cecil Elisabet Nerbø, og hennar glødande engasjement. Ho har mykje å fortelje om alle dei ulike naturaktivitetane opplevingssenteret tilbyr, men hovudbodskapen er enkel: – Vi vil få gjestane våre til å forstå naturen og ønskje å ta vare på han. Då må dei først bli kjende med han. Hos oss kan dei sanse og utforske. I tillegg kan dei skaffe seg kunnskap ved å lytte til våre naturrettleiarar.

Etter ein guida tur med Opplev Runde, enten det er i fjøra, i sjøen, på fuglefjellet eller i ei av utstillingane på Runde Miljøsenter, skal gjestane reise heim med djupe inntrykk og ny, viktig kunnskap i bagasjen.

COASTEERING – NATURENS EIGE BADELAND Kan du sjå føre deg å hoppe i sjøen frå ein liten klippe eller stor stein? Kva seier du til å trakke i store tareskogar under vassoverflata, klatre over naturlege hindringar i fjøra, og kanskje smake på litt tang undervegs? Du er sjølvsagt godt beskytta, med hjelm, badesko, våtdrakt

og flytevest – og heile tida vert du passa på av ein erfaren naturrettleiar som veit kor det er trygt å ferdast. Undervegs lærer du ein heil del om det du opplever og sansar med heile kroppen.

Det er ikkje så skummelt som det kanskje høyrest ut. Ifølgje naturrettleiar Johannes Madsen passar coasteering for alle som er nysgjerrige på livet i havet.

– Nett no anbefaler vi aktiviteten frå 16 år, men også yngre kan vere med dersom dei kan bruke våtdrakt i vaksen storleik, opplyser han.

På coasteering tek Johannes med gjestane ut i fjøresona på Runde.

– Mellom anna ser vi på kva typar tang, tare og dyreliv som finst rundt omkring. Dei modigaste tør endåtil å smake på sniglar, seier han.

FJØREFORSKING FOR HEILE FAMILIEN For dei som trivst best på land eller er på jakt etter ein familievenleg aktivitet, er fjøreforsking eit godt alternativ. Utstyrt med hov, bøtte og anna «forskarutstyr» får du vere med ein naturrettleiar på tur i fjøresteinane for å utforske og lære om plante- og dyrelivet i fjøresona.

– Mellom anna tek vi vassprøvar som vi etterpå tek med oss inn på miljøsenteret og studerer i mikroskop, seier Johannes.

4 Tekst:
Josefine Spiro

Lundesafari er ein av Opplev Runde sine mest populære sommaraktivitetar. På ein guida kveldstur til fuglefjellet, kjem du tett på lundefuglen. Undervegs fortel naturrettleiaren deg om sjøfuglane sine spesielle liv, historie frå øya, og om den ekte gullskatten frå forliset av Akerendam som gjekk på grunn utanfor Runde i 1725, som er utstilt på Runde Miljøsenter.

FOTO: Elin Skår

Dersom vatnet er grumsete, kan det tyde på at der er ekstra mykje liv, noko som er typisk under vårblomstringa i sjøen. Med auget mot mikroskopet vil du oppdage at det du kanskje trudde var sand, i verkelegheita er massevis av bitte små, spennande dyr.

– Kva liv som finst i ei vassprøve varierer frå årstid til årstid. Prøvane seier oss mykje om økosystemet i og i tilknyting til havet. Ingenting er tilfeldig, forklarar naturrettleiaren.

Er du klar for å utforske kystens hemmelegheiter?

Opplev fjøresona på ein heilt ny måte med coasteering på Runde.

FOTO: Runde Miljøsenter

DEI LØYNDE SKATTANE PÅ HERØY

6
Museet vitnar om livet til dei som levde på handelsstaden frå slutten av 1700-talet til byrjinga av 1900-talet. Tekst: Foto: Eileen Gjerde Cecilie Hatløy

PÅ DEN IDYLLISKE ØYA HERØY finn vi mange spor i landskapet, både svært gamle og frå nyare tid. Det vi oppfattar som urørt natur gøymer mange kulturminne frå meir enn tusen år - både på land og i sjø. Og kjenner vi godt etter, kan vi nesten sjå og høyre menneska som har vore på denne staden, midt i leia og kystlandskapet, på veg til kyrkje, for å handle eller på si ferd frå hamn til hamn.

HERØYA har hatt ein sentral plass i regionen vår i over tusen år, og i sagaene om dei norske kongane skriv Snorre Sturlasson at fleire vikingkongar har vitja øya. Dette var ein viktig møtestad, tingstad, kyrkjestad, prestegard, handelsstad i eit mangfald av aktivitetar i samspel mellom menneska og naturen. Den gode hamna på Herøy gav grunnlag for ein kulturoase som framleis er i hevd, og i dag vert den særs vakre øya mykje nytta som friluftsområde. I tillegg til å huse Herøy Kystmuseum og sunnmørsjekta «Anna Olava» sine aktivitetar, er staden eit pilegrimsmål i kystpilegrimsleia og sogespelet “Kongens Ring” vert synt fram den fyrste helga i juli kvart år. Kystmuseet sine omvisarar kan ta deg med på ei spennande vandring om historia, øya og menneska sin plass i lokalmiljøet og regionen. Staden er godt skilta og vi tilbyr også digital omvising.

HERØY KYSTMUSEUM framstår i dag slik staden vaks fram på 1700-1800-talet med ulike bygningar, interiør, fiskereiskapar og båtar. I sommarmånadane har museet faste opningstider, og her kan du nyte ein kopp te eller kaffi og kystens beste vaflar. Sjøen, steingarden, blomstrane, det vêrbite treverket og dei stolte husa set ramma rundt opplevinga, anten du søkjer ei stund åleine, eller saman med andre.

Museet med museumskafeen og krambua er ope heile året, og med faste opningstider i perioden juniseptember.

Herøy er godt tilrettelagt for parkering, og er tilgjengeleg som tur- og rekreasjonsområde året rundt.

For meir informasjon om opplevingar og aktivitetar, sjå vår webside: www.heroy.kommune.no/heroy-gardog-heroy-kystmuseum

Folk har samlast på Herøy i over tusen år, og øya har ei snart tusenårig lang historie som kyrkjestad.

7
Foto til venstre: © Fotograf Cecilie Hatløy Foto under: Mariann Skorpen Berge

Bygget er utsmykka med kunst som er innkjøpt av Rita Christina Sævik.

Horisont: Arbeidsplass og møteplass der du kan bli inspirert av variert kunst, god mat, knyte nye kontaktar og rette blikket mot havet.

KUNST PÅ KAIA OG NÆRINGSLIV VED LEIA

I øyriket ved Stadhavet ligg kunst- og næringsbygget «Horisont». Her møter du menneske som driv på utradisjonelle måtar og let kunstverda inspirere og motivere i det hardbarka fiskarlivet.

Dette unike bygget ligg midt i skipsleia mellom Stadt og Ålesund. Her i Fosnavåg næringspark kan du oppleve eit yrande næringsliv med kjende industri- og servicebedrifter frå marin og maritim industri like ved kaia der store fiskerfartøy kjem og går dagleg.

KVEN ER VI? Det starta med rederiet Ervik & Sævik og fiskebåten Christina E. Fiskeri er hjartet - i bedrifta, i næringa og i Fosnavåg. Og ut frå hjartet har Horisont vorte mykje meir enn ein arbeidsplass. Det er også ein møteplass der du kan bli inspirert av variert kunst, nyte gode måltid, knyte nye kontaktar og rette blikket mot havet.

Dette unike bygget ligg midt i skipsleia mellom Stadt og Ålesund. Her i Fosnavåg næringspark kan du oppleve eit yrande næringsliv med kjende industri- og servicebedrifter frå marin og maritim industri like ved kaia der store fiskerfartøy kjem og går dagleg. Midt i dette ligg Horisont – ein arbeidsplass og ein møteplass der du kan bli inspirert av variert kunst, nyte gode måltid, knyte nye kontaktar og rette blikket mot havet.

JENTA MOT STRAUMEN Bygget er utsmykka med kunst som er innkjøpt av Rita Christina Sævik og som høyrer til Ervik & Sævik si kunstsamling.

Rita vart fødd i Ecuador og levde dei første månadene av livet på ein barneheim før ho kom til Norge. Rita vaks opp, vart fiskar og fiskebåtredar – og eigedomsutviklar

med bygginga av Horisont. I tillegg er ho ein av Norges få kvinnelege kunstsamlarar og har gitt kunstsamlinga si ein heim på Horisont. Her på Horisont finn du sprø motiv, livlege fargar og leikne uttrykk. Nokre kunstverk gir murrande ubehag og dirrande uro. Medan andre igjen har utsøkt fargebruk venleg vakkerheit.

Du finn store bilde og små bilde, tradisjonell kunst og moderne kunst, bilde til å sjå på og taktile, fleirdimensjonale kunstverk du får lyst til å ta på. Du vil bli utfordra og kanskje provosert – og du kan få kvile i komfortabelt, vakre bilde. Her er ei lang rekke både norske og internasjonale samtidskunstnarar i tillegg til smakebitar frå 1800-talets nasjonalromantikk.

Meir om kunstsamlaren, kunsten og kvart enkelt kunstverk finn du på www.horisont-fosnavaag.no

GALLERIET R/ART I tillegg til den store private og faste samlinga, byr bygget på kaikanten også skiftande utstillingar i galleriet R/Art. Her har vore utstillingar av anerkjende kunstnarar som Magne Furuholmen, Håkon Bleken, Nico Widerberg, Arnold Dahlslett, Javier Barrios, Per Lysgaard, Karin August Nogva og Kenneth Blom. Salsutstillingane vert jamleg bytta ut og nye utstillingar blir markerte med utstillingsopning der du kan treffe kunstnaren sjølv.

HORISONT ER… Ein framtidsretta næringshub i Fosnavåg næringspark. Bygd for samhandling,

8
Tekst: Foto: Torill Myren Horisont

innovasjon og utvikling av berekraftige løysingar. Her møtest bedrifter frå den maritime og marine næringsklynga, teknologi, reiseliv og kunst i eit bygg med høg standard og eit påkosta interiør der norsk design og berekraft har hatt fokus.

KONFERANSAR, MØTE OG SEMINAR

Du er velkomen til å halde di neste konferanse, kick-off eller styremøte på Horisont. I Restauranten kan vi ta opp til 120 gjester. Vi har integrerte høgtalarar og stor skjerm som gir alle konferansedeltakarane ei god oppleving..

Vi har også flere ulike møterom med plass til 14-16 deltakarar. Book desse og få servert forfriskingar og lunsj fra restauranten vår.

HORISONT RESTAURANT

I Horisont restaurant kan du nyte måltid og havutsikt. Her serverer vi kantinelunsj for dei som jobbar her og gjester som kjem innom. Vi har eit flott chambre sèparèe med plass til 12-16 gjester dersom du ønsker servering i eit eige rom. Restaurantlokalet kan også leigas til spesielle anledningar.

KONTAKT OSS

Telefon: 700 80 700

E-post: booking@e-s.no

Nett: horisont-fosnavaag.no

9

BADEGLEDE I FOSNAVÅG

Med dei populære badepakkane til Sunnmørsbadet og Thon Hotel Fosnavåg kan du ta med deg familien din på overnatting i havgapet og bade så mykje de berre orkar - i ein heil dag! Og kanskje vil de ete middag og lunsj og gå på kino også?

Når du besøker SUNNMØRSBADET i Fosnavåg, ventar 6400 kvadratmeter badeglede.

Det er basseng for dei som vil symje, ei grunn varmelagune for dei aller minste og stupebrett, stupetårn og sklier for våghalsane. Om du vil senke skuldrane og slappe av, finn du boblebad, steambad og badstu medan bølgebassenget og straumkanalen byr på litt moro.

I skuleferiane er det i tillegg andre aktivitetar som funballz og isfjell til klatring.

Etter ein lang og spennande dag på Sunnmørsbadet, passar det fint å sjekke inn på THON HOTEL FOSNAVÅG

10

På THON HOTEL FOSNAVÅG har vi rom som er tilpassa familiar. Du kan velje om de vil ha standardrom med ekstraseng for barn eller om de vil oppgradere mot eit lite tillegg. Då får de eit større rom og barna kan ligge på sovesofa.

I same bygg som hotellet finn du både konserthus og kino, så her er det enkelt å ta med familien på ei kulturoppleving. Resepsjonen hjelper dykk gjerne med program.

Ønskjer de litt frisk luft før middag, er blåsene utanfor hotellet eit populært leikeområde for dei minste. I gangavstand finn du parken i Fosnavåg med fleire leikestativ og aktivitetar for barna.

I restauranten på hotellet, Restaurant Sjøkanten, byr vi på ein variert meny og har også barnemeny til dei minste. Etter ei god natts søvn i deilige hotellsengar kan ein starte dagen med vår prisvinnande frukostbuffet i Restaurant Sjøkanten – ein betre start på dagen skal du leite lenge etter.

THON HOTEL FOSNAVÅG og SUNNMØRSBADET har sidan opning samarbeidd om å tilby opplevingspakkar til både lokale og tilreisande, og det har vore eit svært populært tilbod til gjestene våre.

VI TILBYR I HOVUDSAK TO PAKKAR:

«Bu og bad» med overnatting m/frukost og dagsbillettar til Sunnmørsbadet

«Bu, bad og et» med overnatting m/frukost, dagsbillettar og lunsj hos Sunnmørsbadet og middag i Restaurant Sjøkanten

UTFORSK DYKKARPARADISET HERØY

Herøy kommune, med sine mange øyar og vakre kystlinjer, er eit eldorado for dykkarar. Her finn ein spektakulære dykkelokasjonar som tiltrekker seg både fridykkarar og apparatdykkarar. Kvar du enn snur deg, er det noko nytt og spennande å oppdage under havoverflata.

Tekst: Foto: Bjørnar Torvholm Sævik Njord Freediver / Marko Polter / Bjørnar Torvholm Sævik

HAVETS REGNSKOG Skal ein dykke i Herøy kjem ein ikkje utanom den rike tareskogen. Tareskogen overgår sjølv dei mest fruktbare økosystema på land. På ein kvadratmeter tareskog kan det leve over 100 000 små virvellause dyr, som sniglar og krepsdyr frå over 200 forskjellige artar.

I tareskogen svaiar tang og tare i takt med havstraumane og skapar eit eventyrleg landskap under vatn. Dykkarar kan symje mellom høge tareskogstenglar, utforske livet som bur der og oppleve ein unik undervassverd, full av liv. Ta med deg kameraet og fang dei fantastiske fargane og det yrande livet.

AKERENDAM-FORLISET Ein av dei mest fascinerande dykkeplassane i Herøy er utan tvil Akerendam-forliset ved Runde. Dette nederlandske handelsskipet forliste i 1725, og på botnen av havet ligg restane som ei stille vitnesbyrd om den dramatiske historia. I 1972 fann tre dykkarar den fantastiske Runde-skatten her, med 57 000 gull- og sølvmyntar. Å dykke på Akerendamforliset er som å ta ei reise tilbake i tid. Og kven veit, kanskje er der også uoppdaga skattar som skjuler seg i områda kring Runde?

VRAKDYKKING Herøy byr også på ei rekkje andre skipsvrak som gir ei unik innsikt i fortida. Uansett om du er ein erfaren dykkar eller nybyrjar, vil du finne vrak som passar ditt nivå. Kvart vrakdykk er ei ny oppleving, med sine eigne historier og mysterium å oppdage.

GROTTEDYKKING PÅ RUNDE Under det imponerande fuglefjellet på Runde finst det ei spennande grotte som berre ventar på å bli utforska. For dei som likar grottedykking, er dette staden å vere. Grotta byr på eit majestetisk møte med naturen som krev at ein også lærar seg å respektere havets krefter som slår mot fjellet. Denne opplevinga er ikkje for dei sarte, men for dei meir erfarne som søkjer utfordringar.

SELSAFARI PÅ GRASØYANE Ei anna unik dykkaroppleving i Herøy er selsafari på Grasøyane. Her kan dykkarar få sjå selar på nært hald i sitt naturlege habitat. Sjølv om du ikkje går under vatn, kan du oppleve desse majestetiske skapningane frå båten. For dei som ønskjer å komme endå nærare, er snorkling og fridykking ei fantastisk moglegheit til å svømme med selane og oppleve deira nysgjerrige og leikne natur.

HAVFESTIVAL Om alt dette høyrest interessant ut kan det til slutt nemnast at Herøy dei seinare åra har fått ein eigen havfestival med fokus på mellom anna dykking og utforsking av havet. Sjønær-festivalen, vert arrangert kvar haust i regi av Opplev Runde, Njord Freediver og Herøy Dykkerklubb. Kom å ta del i opplevingar, over, under og om havet.

Velkomen til Herøy – eit eldorado for dykkarar der eventyr ventar under kvar bølge!

13

Tekst: Foto: Josefine Spiro

Medan dei vaksne slappar av med utsikta frå ei av dei eksklusive hyttene til Runde Panorama, er barna på oppdagingsferd i fjøresteinane

Runde Panorama

• Vart offisielt opna i november 2022.

• Består av ni 70 m2 store eksklusive hytter med topp fasilitetar.

• Hyttene har høvesvis fire, fem, seks og ni sengeplassar.

• Alle hyttene har terrasse, sjøutsikt, peis og kvalitetsmøblar frå Ekornes.

• www.rundepanorama.no

PUSTEROM FOR SJELA

Vi sit der med heva føter, på ein hytteterrasse midt i terrenget, med fuglefjellet bak oss og hav så langt auget ser.

Då slår det oss: Den stilla vi kom for er slett ikkje tyst – men ho gir oss fullstendig ro.

14
EIT
Josefine Spiro

Interiør frå «Castillo Negro». Hytta er oppkalla etter segnen om eit spansk skip som forliste ved Runde

Vi innser det medan vi sit der med heile sanseapparatet intakt. Saltvatnet som treffer fjøresteinane. Ørneskriket i det fjerne. Barnerøystene som når fram til oss frå naturens eigen leikeplass. Dei har visst gløymd alt som heiter nettbrett og mobiltelefonar, der dei hoppar glade frå stein til stein, på oppdagingsferd i fjøra.

BYGT INN I TERRENGET Hytta vi sit på heiter Eden, oppkalla etter ærfuglen som familien bak Runde Panorama spotta her på eigedomen då dei kjøpte nabobygget, Christineborg Gjesthus, i 2010.

– Det var første og siste gong vi såg nokon ærfugl her, så eg veit ikkje kor representativt det er, ler Henrik Goksøyr, som han ansvaret for den daglege drifta av hytteutleiga.

Andre fugleartar finst det iallfall mykje av på Runde. Mest kjend er lunden – den vesle pingvinliknande «sjøpapegøya», som kjem tilbake til Lundeura i Fuglefjellet år etter år. Difor har ei av hyttene fått namnet «Pulcinella» som betyr lundefugl på italiensk. Ei tredje hytte – den største, som har to etasjar – heiter «Ørneredet» fordi der er eit ørnereir i området der ho står. Ja, ho står faktisk midt i terrenget. Alle hyttene gjer det. Seks av dei står på pålar.

Arnulf Goksøyr, som har vore primus motor for hytteprosjektet, fortel at familien berre stilte to krav til dei lokale arkitektane som skulle teikne idéskissa til Runde Panorama:

– Bygga måtte vere tilpassa terreng og miljø. Elles fekk dei frie tyglar.

SATSAR PÅ HEILÅRSTURISME Om våren og sommaren går Runde Panorama sine gjestar i fjellet, dreg på båttur med lokale samarbeidspartnarar, eller dei nyter sola på terrassen. Om hausten og vinteren kjem dei som let seg fascinere av naturens krefter. Det er dei som trivst med uvêret – så lenge dei sit trygt i ei koseleg stove, med fyr på peisen og betraktar det heile gjennom solide panoramavindauge.

Nærområda har mykje å by på, uansett årstid. Til dømes samarbeider vertskapet med «Opplev Runde», som tilbyr spennande utstillingar og læringsbaserte naturaktivitetar heile året.

– Vi skreddarsyr også opplegg med det ein måtte ønske av mat og aktivitetar for både bedrifter og private. Det er berre å ta kontakt, så ordnar vi det, seier far og son Goksøyr.

15
Foto: Memoria

KULINARISK FRYD PÅ RUNDE

Tekst: Foto: Josefine Spiro

Josefine Spiro

Kokken på Christineborg Gjesthus er «ei godt bevart hemmelegheit». Alt vi veit er at han er lokal – nett som mesteparten av råvarene han nyttar i sitt velsmakande kjøken.

Christineborg Gjesthus

• Ligg på Runde, med fjøresteinane, havet og Runde Panorama som næraste nabo

• Tilbyr overnatting, matservering ute og inne, selskapslokale og konferanserom

• Har åtte enkeltrom, 14 dobbeltrom og fem familierom for opptil seks personar

• www.christineborg.no

Han held seg helst ute av syne, denne matkunstnaren på Runde, som ikkje likar å stikke seg fram og iallfall ikkje vil la seg fotografere. Det er litt synd, meiner dagleg leiar Henrik Goksøyr, for den lokale kokken hadde fortent offentleg skryt.

– Han tryller fram dei nydelegaste rettar til gjestane våre. Du skulle høyrt dei då far min feira 60-årsdagen sin her. Somme sa dei hadde reist «land og strand» rundt og smakt mykje god mat, men at lite kunne måle seg med buffémiddagen dei fekk her, fortel han.

Henrik sin far heiter forresten Arnulf Goksøyr, er tidlegare ordførar i Herøy, og eig Christineborg saman med barna sine, bror sin og fleire lokale nærings-

aktørar. Familien kjøpte eigedomen og i 2010 og har gjort fleire store oppgraderingar av gjestehuset. Dei siste åra har det vorte ein populær ete- og overnattingsstad både for dei lokale og tilreisande turistar.

SKREDDARSYDDE MENYAR

Ofte, når gjestane består av grupper i sosiale lag, som bryllaup, konfirmasjonsselskap eller bedrifter på kurs/ konferanse, vert menyane skreddarsydde etter dei besøkande sine ønske.

– Typisk serverer vi buffé til konfirmasjonar, medan bedriftsgjestane gjerne går for ein finare tre-rettars middag og kanskje ein enklare lunsjrett, fortel Henrik. Årets à la carte sommarmeny, som vert servert i kafeen frå tysdag til søndag frå 1. juni til 15. august, er derimot fast og inneheld noko for ein kvar smak. Elles har Christineborg søndagsopen kafé nokre periodar i året.

KJEM FOR UTSIKTA

Det er ikkje tvil i at velsmakande kvalitetsmat er viktig for Christineborg sine gjestar.

– Men dei fleste kjem på grunn av plasseringa og utsikta, seier Henrik.

Vi trur han så gjerne. Med fuglefjellet på den eine sida, og fjøresteinane og havgapet på den andre, kjem du ikkje tettare på Runde sin unike natur. Det gjer måltidet og opphaldet på Christineborg Gjesthus til ei heilt spesiell oppleving.

Med fuglefjellet på den eine sida, og fjøresteinane og havgapet på den andre, kjem du ikkje tettare på Runde sin unike natur.

16
Dagleg leiar Henrik Goksøyr ved Christineborg Gjesthus.

Foto: Cecilie

Hatløy

OPPLEVINGAR PÅ HAVET

Saltvatn i ansiktet og vind i håret. Her er det rom for å oppleve og for å nyte.

Du kan velje actionfylte turar eller rolege turar tettare på naturen.

Skal du på tur med kollegaer, familie eller vener? Uansett formål så finn vi passande pakkar og opplegg for deg. Vi kan arrangere fototurar og guide deg tett på naturen for dei beste bileta.

Vi har utstyr for dei fleste aktivitetar vere seg kajakkar,

THON HOTEL FOSNAVÅG

BO VED HAVGAPET

Thon Hotel Fosnavåg er et nytt og moderne konferense-hotell med egen restaurant med 220 sitteplasser. Hotellet ligger på kaia i Fosnavåg med en flott utsikt mot havet.

Vår smakfulle frokostbuffet sikrer deg en god start på dagen.

Hjertelig velkommen til Thon Hotel Fosnavåg!

Book ditt opphold på thonhotels.no/fosnavåg eller i vår app

RIB-båt og turbåtar. Om du ynskjer å oppdage havet og finne fiskeplassar på eiga hand så har vi også utleigebåtar.

Vi vil gje deg turen du vil huske lenge. Velkomen til Havopplevelse! www.havopplevelse.no

Turistinformasjon i Herøy kommune

• Thon Hotel Fosnavåg

• Runde Miljøsenter

• Herøy gard

• Rådhuset

Velkomen til Herøy kommune!

Meir info: www.heroy.kommune.no

Adr.: PB. 274 6099 Fosnavåg tlf.: 70 08 13 00

17

Fosnavåg kystkultursenter

• Vi har kunnskapsrike guidar og lokale til leige. I løpet av året har vi òg forskjellige samankomstar og aktivitetar.

• Kom gjerne innom ein tur eller ta kontakt med www.heroy-kystlag.no.

FOSNAVÅG KYSTKULTURSENTER

Inne på Fosnavåg hamn finn du Fosnavåg Kystkultursenter, også kalla “Slippen” på folkemunne. Senteret er eigd og drive på frivillig basis av Herøy Kystlag, eit lokallag av det landsdekkande Forbundet Kysten.

Her har kystlaget sidan år 2000 arbeidd fram eit spanande anlegg med utstillingar av gamle motorar, båtar, gjenstandar, bilde og film.

Frå 2024 vert det mellom anna i samarbeid med Herøy Rotaryklubb og Magnar Hjertenæs, etterkomar etter fotograf A. Berge, arbeidd med ei unik utstilling knytt til krigen 1940-45, men også lokale aktivitetar.

Anlegget vart bygd i 1950 og framstår bygningsmessig i stor grad autentisk. Alt frå 1913 vart det drive med slipping og vedlikehald av mindre båtar her. Eit besøk her vil gje deg ei god innføring i den lokale historia.

18
Tekst:

OPPLEV EIT LITE STYKKE KYST-NOREG

Dette er eit konsept som har fungert gjennom alle år, seier eigar

Kåre Jensholm. Her er det noko for eitkvart behov anten du er på besøk eller bur her ute.

Lanternen har hatt sitt faste og trufaste konsept med tradisjonsmat i snart 40 år, og har servert tusenvis av turistar og fastbuande. På menyen står alt frå seibiff og kjøttkaker til julemeny – kvardagsmat og festmat om kvarandre. Kåre har stått ved roret i alle år, både på kjøkkenet og som vertskap. Omgivnadane er maritime med båhamn og sjøhus. Hos Kåre kan du leige kysthytter og bubilplass, og til og med båt om du vil ut på sjøen på eigenhand. Det er også tilbod om catering og leige av selskapslokale.

www.lanternen.no

19

Det har alltid handla om fisk og hav i Herøy. Herøyfiskaren har vore frampå med nye fiskeslag og nye fiskefelt.

No handlar det også om kortreist fisk og sjømat rett opp på restaurantgjestane sin tallerken. Sjarkar leverer direkte til både Meny og til kokkar som lagar sine beste variasjonar av det som fiskarane fekk på kroken eller i teinene denne dagen. Nært og godt.

Herøy har ei lang rekke stader med ulike menyar i ulike prisklassar og der du kan nyte eit godt måltid. Les meir her www.heroynf.no/mat

Tekst: Foto: Torill Myren Pål Paulsen

FRÅ FANGST TIL FAT

Dagens fangst frå havet, presentert og servert i ei sjøbu

frå midten av 1800-talet. Her smeltar ny kokkekunst og

moderne design saman med historiske omgivnader frå ei tid der Skotholmen var handelstad og fiskevær.

På Skotholmen finn du ein sjømatrestaurant som skvulpar i vasskanten ein rask båttur frå Fosnavåg.

Vi ønskjer velkomen til ein holme full av gode smakar med eit kjøken som følgjer sesongen og solnedgangen. Kjøkenet har havet og horisonten som levande veggbilde. Her blir det laga ureist mat hausta frå den blå åkeren.

På Skotholmen skal vi gi ei god matoppleving til fødselsdagar og andre dagar, møte og seminar, konfirmasjon og bryllaup, båttur og blåtur. Skotholmen ønskjer både private gjester og firmagjester velkomne.

Vi serverer 3 - 5 rettar i den over 160 år gamle sjøbuda der vi har kjøken og restaurant. Her sit historia i veggane.

Vi kan også servere i det røffare Røykeriet der ein kan site ved langbord. Dei snart hundre år gamle betongveggane der inviterer til tøffare menyar. Dette er staden for å knuse krabbeklør.

Holmeturen går med store, varme og trygge båtar. Om sommaren er det daglege avgangar frå gjestebrygga i Fosnavåg. Turen tek om lag ti minutt. Lett å gå om bord og på land.

VELKOMEN TIL OSS!

Skotholmen

• Open restaurant i frå påske til jul

• Kapasitet 1. etg: 115 personar 2. etg: ca 35 personar

• "Røykeriet": ca 25 personar

• Seminar - og møteromsfasilitetar

• Arrangement og feiringar

• booking@skotholmen.no

• skotholmen.no

21
Tekst: Toril Myren Foto: Tone Molnes

KONSERTHUS OG KINO PÅ KAIA

Du som elskar musikk, eller film, eller teater og dans – kultur utan stans. På kaia midt i byen ligg Fosnavåg konserthus og kino, vegg-i-vegg og samarbeidande med Thon Hotell Fosnavåg.

22
Tekst: Foto: Petter Ole Kopperstad Fosnavåg Konserthus

Ein folkehelsesentral for heile regionen og for ulike aldersgrupper. Dit kan du gå og oppleve kultur, fordi næringsliv og kommune i 2014 samarbeida om å bygge det flotte huset. Der kan du møte andre menneske i eit smykke av eit hus som vart mogleg ved hjelp av mellom mykje anna 40 bidragsytarar frå næringslivet og 300 folkeaksjar. Såleis kan du nytte eit sentrumstilbod som folket er engasjerte i, frå starten til no!

Dine opplevingar i dette huset er på sett og vis eit kommersielt tilbod, men det er drive som ein kommunal seksjon i Herøy kommune. På 10 år har det vorte fylt med grandiose konsertar, lokale aktørar, nasjonalt kjende artistar, små intimkonsertar, humorshow og konferansar. Samstundes har små og store utøvarar fått bli kjende med ei eineståande scene framfor fullsett amfi i ein konsertsal med vidgjeten kvalitet på lyd og flygel.

Ditt forhold til huset er kanskje eit kinobesøk eller ti. Dessutan har du vore på kulinarisk kino med kvit duk i den store salen. Og så har du vore på revy to gongar, foredrag éin gong, og på alle julekonsertane som Eva Weel Skram har hatt her. Kanskje kjøpte du signerte vinylplater som Adam Douglas signerte også. Og så var det den sommaravslutninga der heile kollegiet åt middag i lag i restauranten før show i konsertsalen! Som var dagen etter skuleframsyninga…

Din sommar har heilt sikkert ein ledig kveld for eit kinobesøk: Om sommaren flyttar konsertopplevingane gjerne ut frå salen til utandørs, telt, uteamfi og festivalstemning. Når hausten kjem er det atter tid for å site i lag inne. Fosnavåg konserthus har eit godt alternativ for barn og unge som heiter kino, og er for born, ungdom, familie, unge vaksne og pensjonistar! Eit alternativ som er litt rimelegare å kjøpe billett til, men som også er givande! Film er kultur, kino er også ein møteplass, sentrumsfunksjon. Sallysa går på om kvelden når butikklysa går av, slik at sentrum har noko å by på heile dagen.

Du som leitar deg opp i Fosnavåg by finn faktisk ein kino og eit konserthus. Det er stor sjanse for at eit besøk blir til fleire. Til og med artistar som har vore i huset vil tilbake til den same scena. Det kallast rennomé, og går hand i hand med omdømme. Stadig fleire blir lagt til i publikumsflokken som gjennom åra strøymer til konserthuset som har sin eigen profil og visjon:

Fosnavåg Konserthus skal vere ein arena for både dei store og små opplevingane, og skal knyte band mellom både ungdom og vaksne gjennom eit rikhaldig kulturelt tilbod. Fosnavåg Konserthus er uredde for å satse nytt, og vil endre seg i takt med omgjevnadane. (https://www.fosnavagkonserthus.no/historia/)

Menneske treng kultur i alle tider – også dei skiftande. Innbyggarar treng også. Møteplassar og myldremuligheiter, saman med kvarandre, med næringsliv og i lag med besøkande! Det skal vere å finne dei neste 10 åra også. Bli med! Og følg med om innhald blir fornya og utvikla, om inventar blir skjøtta, skifta og fiksa og polert. Vala som vart gjort ved bygging og innreiing var prega av høg kvalitet!

Du som likar å feire likar kanskje at det skal feirast 10-årsjubileum for Fosnavåg konserthus og kino. Det kan ein lese om både her og der. Det er jo berre ein start, tiåringen må jo vekse til og vidareutvikle seg. Fleire må få vite om den som du, og finne opplevingar som du. Små gjennom heile året, og store i julesesongen. Kvardag og stas, den eine treng det andre.

Ditt blikk har kanskje ein gong festa seg ved den grøne skrifta på veggen i foajéen:

Her er det svake og det sterke. Her er det høglydte og det lågmælte, det dramatiske og det fredfulle. Her er dei store opplevingane og dei strevsame kvardagane. Her er dei mektige kontrastane og dei fine nyansane. Ytst i havgapet, inspirert av havet og musikken. Ein levande stad i stadig endring

23

KAJAKKEVENTYR

I HERØY

Det å oppleve omgjevnadene frå sjøsida gir eit heilt anna perspektiv. Du kjem heilt ned på vassflata og kjenner saltsmaken og sjøbrisen mot andletet. Her kan du smyge deg innimellom holmar og skjer, og du kjem tett på dyre- og fugleliv.

Mange har god kompetanse på friluftsliv og klarer fint å ta seg fram både til vass og til lands på ein trygg måte. Likevel er det mange gode grunnar til å velje ein guida tur når du først skal besøke eller utforske eit område frå kajakk. I tillegg til å sikre rammene for ei trygg og god oppleving, har ein guide også kunnskap om dei små løyndomane som du ikkje vil finne på eiga hand. Guiden kjenner dei finaste stadane og beste opplevingane i området. Herøy har eit stort utval av padleruter. Her er mange øyer, sund, holmar og skjær som du kan utforske anten på ein dag eller med overnatting undervegs. Eventyret ventar!

Hos Herøy Kajakklubb på Jensholmen er det utlån av kajakkar til dei som er medlem i ein Kajakklubb.

Kontakt: https://www.heroykajakk.no/

Herøy Kystmuseum og Opplev Runde leverer i samarbeid guida kajakkturar med historisk innhald, med base på Herøy Kystmuseum.

Les meir og bestill opplevinga di her: https://www. opplevrunde.no/

24
Foto: Gunn-Lise Voldsund

FESTIVALAR & ARRANGEMENT

FOSNAVÅGKONFERANSEN

Kvart år i juni arrangerast Fosnavågkonferansen på Thon Hotel. Her møtest næringslivet for å høyre på gode foredrag, mingle og knytte kontaktar. På kvelden er det sosialt samvær over god mat og drikke.

RUNDEDAGEN

Arrangement kvar juni ved Runde hamn. Salsboder, skodespel, korsong, matsal og kunstutstilling. Følg med på Facebook for informasjon.

MOSJONSFESTIVAL MOLTUSTRANDA

Moltustranda Mosjonsfestival har blitt arrangert sidan 2013, og har blitt fast inventar på kulturprogrammet i Herøy kvar mai.

moltustranda.no/mosjonsfestivalen

SJØNÆR

Verdas minste havfestival. Fridykking, apparatdykking, coasteering, tangsafari, kajakkpadling. Yoga, mat, foredrag, musikk og sosialt samvær gjennom tre dagar i september.

FYR TIL FYR

Fjelløp og festival som går av stabelen nest siste helga i juni kvart år. Dette spektakulære løpet går frå Golleneset fyr i Kvalsund og over fleire fjell heilt ut til Runde fyr. fyrtilfyr.com

POTETFESTIVAL

Poteter, leikar, musikk og kortreist mat i Kvalsvika på Nerlandsøy i august månad. Følg med på Facebook for informasjon.

HERØYSPELET

Vikingmusikal som spelast kvart år i starten av juli ved Herøy gard. Historisk utespel der 200 aktørar skapar spelmagi på den store naturscena mot Stadhavet. heroyspelet.no

SOMMARFESTEN

Arrangerast i Fosnavåg sentrum kvar juni. Konsertar, aktivitetar for alle, topp stemning! Følg med på Facebook for informasjon.

25

OVERNATTING

Christineborg Gjesthus

30 rom, restaurant med havutsikt på Runde

Herøy Kystcamp - Kysthytter

+47 70 08 59 50 post@christineborg.no

2 store hytter som ligg rett ved havet. 4 sengeplassar i kvar hytte. Uteplass. +47 900 11 799 post@kysthytter.com

Herøy Kystcamp - Rorbuda Rorbu med 3 soverom og 7 sengeplassar med storhavet som næraste nabo.

Jakobs Rorbu

2 rorbuer ved sjøen på Eggesbønes. Kaiområde og uteplass

Kjeldsund Leirstad og Gjestegard

+47 928 57 929 post@rorbuda.no

+47 977 90 683 info@jakobsrorbu.no

Gjestegard med utleige av rom og 6 hytter, heilt nede ved sjøen. Barnevennleg. +47 970 95 525 booking@kjeldsund.no

Kvalsund Utleige Stor ferieleilighet i sentrum av Fosnavåg med 4 soverom og 9 sengeplassar +47 906 80 145 andkvalsund@gmail.com

Lanternen Marina 10 hytter på øya Jensholmen, like ved Herøybrua. Skjærgården ligg rett utanfor.

Opplev Runde

8 romslege leiligheiter med havutsikt på Runde.

Runde Panorama

+47 70 08 52 50 post@lanternen.no

+47 70 08 08 00 booking@rundecentre.no

9 feriehytter med moderne komfort på Runde. Unik beliggenhet, unik utsikt. +47 960 44 000 post@rundepanorama.no

Thon Hotel Fosnavåg

Bu sentralt i Fosnavåg, 115 rom, restaurant, kino og konserthus

Torvholmen

Lei di eiga øy, og bu i Skipperhuset eller rorbua.

Vollanaustet

Fiskarhytte med 3 soverom i Kvalsvika. Ligg ved havet. Liten båt inkludert i prisen.

SPISESTADER

Bogne Breseri & Catering

Open temarestaurant i helgane. Sjå informasjon på Instagram og Facebook.

Christineborg Gjesthus

Sesongopen kafe og gjestehus. Selskapslokaler med den argaste utsikta

Elmirs Pizzeria Grill, Restaurant og Kaffebar

Pizzeria, grill og kaffebar sentralt plassert i Fosnavåg sentrum

Herøy Kystmuseum kafe

Sommaropen kafe på Herøy Kystmuseum. Open kvar dag i juli og august

Horisont Fosnavåg

Selskapsrestaurant

Kami Skotholmen

Sjømatopplevingar på ein holme i havgapet

Kjeldsund Leirstad og Gjestegard

Sesongopent kjøkken med heimelaga mat og personleg service.

Lanternen kafe og gatekjøkken

Kafe, gatekjøkken og kiosk på Jensholmen ved Herøybrua

Madelynn Coffee Fosnavåg

Lunsj og kaffebar med amerikansk inspirert mat

Meny Fosnavåg

Lunsjrettar, varme middagsrettar, og påsmurt bakst. Catering.

Pizzabakeren

Pizza, take-away, -og noen sitteplasser inne.

Mix Eggesbønes

Hurtigmatrestaurant og storkiosk sentralt på Eggesbønes og lett tilgjengeleg

Restaurant Fosnavåg Brygge

Restaurant med lunsj og middagsrettar på brygga midt i sentrum av Fosnavåg.

Runde Miljøsenter kafe

Sommaropen kafe med fantastisk utsikt utover havet

Sjøkanten Restaurant

A la carte-restaurant på Thon Hotel Fosnavåg

YX Bensinstasjon

Bensinstasjon

+47 70 08 10 00 fosnavag@olavthon.no

+47 915 84 000 booking@torvholmen.no

+47 993 37 925 kjell.vike@gmail.com

SKJENKERETTIGHETERMATSERVERINGGJESTEHAVNKONFERANSEROM TRÅDLØST INTERNETT RULLESTOLVENNLIG

+47 907 31 393 marianne@bogne.no

+47 70 08 59 50 post@christineborg.no

+47 481 80 081 hymejra1@hotmail.com

+47 480 46 338 kystmuseum@heroy.kommune.no

+47 700 80 700 post@e-s.no

+47 480 38 388 booking@skotholmen.no

+47 970 95 525 booking@kjeldsund.no

+47 70 08 52 50 post@lanternen.no

+47 454 69 787 post@madelynn.no

+47 70 08 96 70 jon-robert.moen@meny.no

400 00 758

911 94 480 mix.eggesbones@mix.no

08 62 50 epost@fosnavaagbrygge.no

booking@rundecentre.no

08 10 00 fosnavag@olavthon.no

26
STRØMTILKOBLING
LEILIGHET GJESTEHAVN MATSERVERING BÅTUTLEIE GJESTEHUS TØMMESTASJON SKJENKERETTIGHETER
FEIREHUS/
RULLESTOLVENNLIG
HOTELL
RORBU KONFERANSEROM
BADEMULIGHETER
HYTTE TRÅDLØST INTERNETT
SYKKELUTLEIE
+47
+47
+47 70
+47 70
08 08 00
+47
70
med hurtigmat for folk i farta +47 70 08 44 90 post@fosnavaagservice.no
sentralt på Myklebust
27
Design: cann.noFoto: www.meirenntusenord.com

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.