BERGSØYBLADET 2021 BERGSØY IL - FOTBALL
EIN ARENA FOR ALLE
FOTBALLÅRET 2021 Leiarkommentar - Lagpresentasjonar Fair Play-prisar mm.
Foto: iStockphoto.com
A leading supplier of quality assured supply services to the offshore industry, nationally as well as internationally.
havilashipping.no
LEIARKOMMENTAR Kjære fotballvenner, Sjølv om samfunnet framleis er prega av coronapandemien har vi i Bergsøy Fotball lagt bak oss eit år med høg aktivitet og mykje fotballglede. Alle lag fekk igjen spele kamper som normalt, og i haust starta vi også opp HAV Akadamiet som eit ekstra og kostnadsfritt tilbod for jenter og gutar etter skuletid for eit styrka sportsleg tilbod. Dette har vore eit særs populært tilbod, og HAV akademiet vil halde fram i 2022. Dette er i tråd med klubben sitt uttalte ønske om å satse meir på sport, og i desember fekk vi også inn Lars Petter Rønnestad som ny sportssjef i klubben. Han skal jobbe med den sportslege utviklinga i klubben på alle nivå; barn, ungdom og senior - og er allereie godt i gong med planlegging av den komande sesongen saman med resten av klubben. Som ein av få klubbar på Sunnmøre har Bergsøy Fotball klart å vekse gjennom nokre vanskelege år for idretten. Ekstra gledeleg er det at vi har klart å auke jenteandelen i klubben betrakteleg, og dette arbeidet vil vi fortsette med. Ein viktig grunn til dette er at Bergsøy Fotball er heldige som har engasjerte frivillige som gjer ein stor innsats i ulike roller, og eg vil rette ei stor takk til alle desse! I takt med at aktiviteten aukar i 2022, håper vi at enda fleire kan tenke seg å stille opp for klubben. Vi er avhengig av dugnadsinnsats for å kunne gi eit best mogleg tilbod til våre aktive. Det er også både kjekt og givande å engasjere seg, og at frivillig innsats gir noko tilbake er lett å gløyme i den hektiske kvardagen. Vi treng engasjerte både i arrangement, anlegg og sport – og du treng heller ikkje ha aktive barn eller barnebarn for å gjere ein innsats for klubben. Ta kontakt med oss om du kan tenke deg å bidra. Vi må også takke våre sponsorar som fortsett å spele på lag med oss. Dette gjer at vi kan tilby eit bredt og godt tilbod til alle på flott fasilitetar. Vi har også starta dialogen med Herøy Kommune rundt utviding av vår KGB tilbake til 11ar størrelse, etter at den vart redusert som følgje av bygginga av Fiskarhallen. Dette er eit viktig prosjekt for klubben, vi er avhengig av utvidinga for å kunne gjennomføre vår høge aktivitet av kamper og trening. Dette blir eit samarbeidsprosjekt mellom klubben, kommunen og sponsorar. Vi gler oss til å komme i gong med prosjektet, og håper Herøy kommune er klar for dette i 2022. Med dette vil eg ønske alle ei fin julehøgtid. Vi ser fram til å sjå dykk igjen på stadion i 2022 for nye små og store høgdepunkt for både aktive, tillitsvalde og publikum. Med sportsleg helsing Lars Conradi Andersen Styreleiar Bergsøy Fotball
HAV Group er glade fotballen endelig er i gang igjen og ønsker alle i Bergsøy
havgroup.no
lykke til med sesongen!
HAV Group ASA – for ei bærekraftig framtid på havet
Bergsøy Mix 6 år Klubben sine 6 åringer har lagt bak seg ein aktiv og kjekk første sesong sidan oppstarten i mai. Totalt er 31 jenter og gutar med. Dei har fått oppleve både tap og sigrar, men mest av alt mykje glede og mestring gjennom året. Laget har spelt miniturneringer både i Gursken, Larsnes og Ulsteinvik før ein avslutta sesongen med kamper på heimebane i Fiskarhallen i november. Vi har plass til enda fleire, så det er berre å hive seg med! "Trenarane"
Bergsøy G7 G7 har trena ein gong i veka i fiskarhallen der vi jamt over har vore mellom 15-22 gutar på treningane der vi har fokus på å ha det kjekt i lag. I 2021 har G7 vore på 4 cupar arrangert av Gurskøy, Hødd, Larsnes og Bergsøy. Det har blitt både siger og tap, men den gode stemninga har alltid vore til stades. Fleire cupar har dessverre blitt avlyste på grunn av korona, men vi har teke tak sjølve og arrangert cup før sommaren (for lag innad i kommunen) eller slik vi gjorde før vi avslutta til jul; arrangerte ein interncup der vi spelte mot kvarandre og spelte både 3’ar og avslutta med 5’ar kampar. Overgangen frå 3’ar til 5’ar ser ut til å gå veldig bra. Vi ser fram til mange gode fotballstunder med gjengen i 2022 og ynskjer fleire 2014gutar velkomne for dei som vil prøve fotball. Trenarane: Ole Magne Rotevatn, Benedikte Storås, Steinar Nupen, Vebjørn Sjåstad, og Frank Edvard Vike
Foto: Kristoffer Ytterland
Bergsøy sin leverandør av dagligvarer og kioskvarer
Bergsøy J8 Bergsøy J8 består av jenter født 2012, 2013 og 2014. Vi starta sesongen i januar med ei gruppe på 12 jenter, og avslutta sesongen med over 20 jenter. Treningsoppmøte har vore veldig bra og i haust har vi vore ca 20 spelara per trening. I år har vi delteke på miniturneringar, og avslutta kampsesongen i november med Tare Jentefestival i Sparebanken Møre Arena med fire Bergsøylag som var stor stas! Vi har fått matcha oss mot naboklubbane, og fått smakt på både siger, uavgjort og tap som seg hør og bør. Denne herlige gjengen vil gjerne ha fleire jenter med på laget, og ønsker alle nye velkomne til å prøve fotball! Trenara: Magnus Myklebust, Kristian Arnevik
SUSTAINABLE FISH HANDLING - Handling, processing and cooling of fish to the seafood industry
We are transforming the seafood industry by offering complete and sustainable system solutions for the handling, processing and cooling of fish to the seafood industry, onshore, onboard and in aquaculture – worldwide.
mmcfirstprocess.com
Bergsøy G8 Denne gjengen tar en velfortjent juleferie etter en svært imponerende sesong. Inspirert av den berømte Barcelona-årgangen under Pep Guardiola, har spillerne fintet bort halve Søre Sunnmøre med en egen bygdevariant av tiki-takaen. Dribleraid, kremmerhus, tekniske finesser og artisteri. Sugende returløp, beinhardt arbeid og fair play. Alt dette har bidratt til gode resultater i serien og i miniturneringer i Fiskarhallen og i Ulstein. Det var stor stas for barna med en fin, blank medalje i Fiskarhallen. Litt snodig var det at de håpefulle ble belønnet med en slapp skopose etter turneringen i Ulstein. Spillerne stortrives på trening og i kamp, og det er en glede for trenerteamet å være sammen med barna. Selv om vi mangler en tro kopi av Jostein Flo, og våre hjørnespark slåes hardt inn på lykke og fromme, satser vi på at corner er mål neste sesong. Lagleder: Julie Kvalsund Trenere: Robin Nilsen, Daniel Harbo Pinheiro, Arve Kvalsvik Trener og medisinsk leder: Anders Hoff
Bergsøy G9 G2012 er framleis ein gjeng på rundt 20 spelarar. Det er ein fin og ivrig gjeng som har fast trening tysdagane og ei frivillig trening søndagane. Nytt i år var at at vi hadde to lag i serien, i tillegg til mini-turneringane. Pandemien har prega også denne sesongen, men vi har fått farta litt rundt. Laget har tatt store steg når det gjeld samspel, og vi er glade for å sjå at alle er ute etter mest mogleg speletid. I juni deltok dei på mini-turnering i Ulsteinvik, og i haust var laget i Vanylven og på Larsnes. HAV-cup vart dessverre avlyst, så då arrangerte vi intern-kamp mellom dei to laga vi hadde i serien. Det vart ein fin formiddag i Fiskarhallen med fotball, gratis pølser,kaffi og saft. Tare-cup på Høddvoll i oktober var ein kald opplevelse, men det var kjekt med cup att. Vi er heldige å ha eit stabilt og godt trenarteam som består av Franjo Tepuric, Frode Haugstveit, Vebjørn Sjåstad og Gullik Kjellstadli. Renate Zahl er lagleiar. Takk til flinke spelarar og ei engasjert foreldregruppe for ein fin sesong, tross korona
Foto: Bergsøy IL-Fotball
DET HANDLER OM Å HØRE TIL Å ta på drakta for første gang. Å dra på seg strømpene, skoa, leggbeskyttere og få tallet på ryggen. Det er følelsen av å høre til. Du hører til laget, trenerteamet eller foreldregruppa som steker vaflene i boden og selger is når det er varmt. Du hører til de mange frivillige som legger til rette for kamp og trening. Du hører til Bergsøy IL Fotball. Vi i BDO vet at det er viktig med lokal tilhørighet. Derfor sponser vi breddeidretten, og derfor har vi 70 kontorer over hele landet med kompetanse innen revisjon, rådgivning, regnskap og advokattjenester.
EINAR G. LØKKEN Partner einar.lokken@bdo.no +47 952 78 890
THOR MARTIN EIDEM Partner thor.martin.eidem@bdo.no +47 926 09 733
ELDAR ZAHL Partner eldar.zahl@bdo.no +47 915 99 789
Revisjon | Advokat | Rådgivning | Regnskap
Bergsøy G10 Bergsøy G10 har tatt endå større steg i 2021. Alle i gruppa bidrar til god intensitet på treningsfeltet og viser innsats og læringsvilje. Progresjon fra veke til veke. Nå begynner ting som vi har terpet en del på (sidan dei var 6-7 åringar) å virkelig vise igjen i kampsituasjon. Heilt fra enkle korte innsidepasninger, til gjennombruddspasninger. Også det med å komme rundt på kantene med påfølgende innlegg begynner no å vise igjen meir og meir. I denne alderen er det også en glede å sjå at forsvarsarbeidet er godt i emning. Ballbeherskelse, rask kontroll, oversikt over plassering medspillere ser vi vert stadig bedre. Vi har meldt opp et lag i futsalserien no i vinter og allerede under treningane i Einehallen dei siste vekene ser vi at samtlege som deltar har spelt på seg meir sjøltillit ift. eigne ballferdigheitar. Dette bidrar til eit bra løft i lagprestasjon og heva trua i gruppa til å oppnå gode resultat på turnering og seriespill. Det er mykje godt å seie om denne gjengen. Ein flott samansveiset gruppe som fremstår som ett lag med gode verdiar. Det er en glede å trene guttane. "Trenarane"
MS SMARAGD
HAV akademiet barn hausten 2021 Målet med HAV akademiet barn er å gi jenter og gutar i 3.-7.klasse eit ekstra treningstilbud på tvers av aldersgrupper, og har som hovudmålsetting å halde barn i aktivitet. HAV akademiet rettar seg mot dei barna som ivrar etter å vere i aktivitet og spele fotball. Alle er velkomne - om du har pause fra fotball - ikkje har prøvd fotball enda - spelar fotball allereie Vi legg opp aktivitet og øvelsar med mål om å føle meistring. Gjennom vårt treningsopplegg med trenarar med lang trenar- og spelarerfaring, legg vi til rette for at barna får utvikling over tid. Dei lærer og erfarer at "øvelse gjer meister" og at det er morosamt å spele fotball og trene saman med andre. HAV akademiet har hausten 2021 vore inklusiv i treningsavgiften og gratis for dei som ikkje har vore medlem. Dette blir vidareført også i 2022.
Over 30 ivrige og glade barn var samla til første akademitrening!
KORT OM SPORT Lars Petter Rønnestad er tilbake i Bergsøy som sportssjef I tillegg til å ha vore dagleg leiar i Bergsøy var Lars Petter i 2009 trenar for herrelaget då dei rykte opp til tredjedivisjon. Han har elles jobba i akademiet til Brann og tatt Hødd opp eit divisjonsnivå. Hans siste store trenarprestasjon var i 2019 då han tok Volda til tredjedivisjon. Her er hans tankar om 2022: Vi er godt i gang med forberedelsane til 2022-sesongen, og gler oss til det som skal skje framover! HAV-akademiet vart etablert i haust, og klubben vidarefører prosjektet også komande år. Vi har tru på at det du ofte held på med, vert du god på. HAV-akademiet gir alle i barneog ungdomsfotballen som er motivert til å trene mykje, anledning til det. Kombinasjonen mellom gode lagstreningar, og i tillegg til å trene på akademiet, har vi trua på. Etter nyttår startar vi også opp eit nytt prosjekt i klubben som vi kallar «Trenarlyftet». Vi veit at trenarutvikling er god spelarutvikling. Klubben kjem til å jobbe tett på trenarane i aldersbestemt fotball. Vi skal ha fleire tiltak i klubb retta mot våre trenarar i 2022, samt god oppfølging og dialog i kvardagen. Alle fire klubbane Herøy og to klubbar i Sande hadde for litt sidan eit godt møte, der vi blant anna diskuterte å lyfte damefotballen saman. Spennande tankar, og slik det ser ut no så kjem vi til å gå vidare med prosjektet over nyttår. Det å kome saman og diskutere muligheiter og utfordringar på tvers mellom klubbane, er veldig positivt, og noko klubbane vart einige om å fortsette med. Herrelaget startar også opp igjen rett etter nyttår. Vi har både hatt spelarmøte og individuelle spelarsamtalar, og gutta virkar klar. Vi har ein fin mix mellom unggutar og nokre spelarar i sin beste alder. Vi skal bygge ein rå treningskultur , og har tru på at vi vil sjå resultat av arbeidet allereie komande sesong. God jul og godt nyttår til dykk alle! Vi sjåast på stadion i 2022! Heia Bergsøy! Lars-Petter Rønnestad Sportssjef
Bergsøy G11 Sesongen 2021 har variert ein del resultatmessig, men G-11 har eit høgt toppnivå og har vist det fleire gonger i løpet av sesongen. Vi har møtt Hareid, Hødd, Ørsta og Volda i seriespel, både heime og borte med tap og sigrar. Gjengen har vore med på Tare Cup på Høddvoll i oktober og vi har ein fin gjeng av lovande spelarar. Gutane har eit godt humør og sjølv om vi tapte første vårkamp mot Volda i april, så kom vi oss over den kneika. I haust har gutane prestert bra og spelt mykje fin fotball. Gutane hevar blikket, finn kvarandre med gode pasningar og spelar med betre og betre intensitet. Avslutta haustsesongen med ein fin-fin 5-4 siger heime mot Hødd. Tidleg i november prøvde vi for første gong å spele 9-arkamp mot Ørsta (3-3), som var ei fin oppleving. Bergsøy G11 består av til saman 14 karar. Desse gutane er Abdulhai, Alvin, Arian, Bendik, Elias, Emil, Isak V, Isak R, Joakim, Jonas, Joshua, Konrad, Marcus Alfred og Sebastian. Trenarar i år har vore Steinar Eggesbø Hagen, Marius Vangen Kvalsvik, Toni Sandanger. Lagleiar: Therese Haugen.
FØLG OSS GJERNE PÅ SOSIALE MEDIER
Instagram: canndesignstudio Facebook: @canndesignface
CANN AS - MERKEVARE- OG DESIGNSTUDIO Vi leverer konsulenttjenester innen design, identitet/merkevarebygging og markedsplanlegging/rådgivning. Ta gjerne kontakt med oss for å diskutere hva vi kan bidra med for å styrke deres merkevare ved hjelp av design og markedsføring.
cann.no
Bergsøy J12 Bergsøy J12 består no av 16 ivrige jenter. I haust har vi spelt trippel serie mot Ørsta, Hareid/Hjørungavåg og Vartdal. Denne sesongen har laget utvikla seg mykje, både fotballmessig og det sosiale fellesskapet. Laget har også vekse mykje i antal, noko som er veldig kjekt. Denne sesongen har vi endeleg fått spele nokre serie kampar og delteke på miniturneringar, her har det blitt både tap, uavgjort og seiarar! Akkurat slik det skal vere i fotballen. Jentene har kjempa for fullt i kvar einaste kamp og dei står på. Den innsatsen som dei legg ned i kampane er det som tel mest, og då er det spesielt kjekt å sjå når jentene lykkast! I kampane ser vi igjen det vi jobbar med på trening, og laget og spelarane har utvikla seg mykje i løpet av sesongen. J12 er eit kjekt lag å vere ein del av og dei møte alltid opp med godt humør, klare til å gjere ein innsats på både trening og i kamp. Jentene har stort potensiale og dei kan bli akkurat så gode som dei vil viss dei fortsette slik dei gjer idag! Trenar: Tonje Christin Hide
VISJON, STRATEGI OG VERDIER I BERGSØY IL FOTBALL
Visjonen vår er å bidra til å gjere Herøy til ein endå bedre plass å bu. Vi skal vere ein arena for alle der målet er at vi skal inkludere flest mulig, behalde alle lengst mulig, og legge til rette for å verte best mulig.
Bergsøy G12 G12 er ein treningsglad og svært ivrig gjeng på 18 spelarar. (Siste halvåret har vi også hatt nokre 4 hospitantar frå G11 på treningane ) Dette året har Anders Rønning trena laget, Jørn Erik Schanche og John Henrik Steinsvik har vore hjelpetrenarar. Anders starta før sesongen begynte, og har gjort ein framifrå jobb med gutane. Han har auka treningsmengda og dei har 4-5 treningar pr veke. Trenaren har innført ein, for gutane, heilt ny måte å spele fotball på der dei alltid spelar seg ut bakfrå. Dette har dei vorte veldig gode på. Og dei har hatt kjempegod progresjon dette året. Både som lag og kvar enkelt spelar. Dei har spelt 7-ar i G12-serien og 9-ar i G13-serien. På denne måten har alle spelarane fått ein kamparena på sitt nivå. I begge seriane har dei hatt mange gode kampar, der dei fleste har enda med sigrar. Dette laget vann si gruppe i G13-serien, mot spelarar som er eitt år eldre enn våre gutar. I tillegg har dei spelt ganske mange treningskampar, både mot gutar og jenter som er eldre enn dei. Dei har også deltatt på Tare-cup og spelar no i Futsal-serien. I tillegg til treningar og kampar har vi hatt fokus på å få til sosiale aktivitetar med gutane saman med trenarar og lagleiar. Vi har vore på kino og sett Bortebane, vi har vore på Epiq aktivitetspark og hatt biljard-turnering i Fosnavåg. Laurdag 18/12 hadde laget sesongavslutning i Fiskarhallen, med quiz, lagkonkurranser, adjektivhistorie, godteri, prisutdeling og sjølvsagt fotballspilling. Vi holdt faktisk på i 5 timar, og gutane ville ikkje gå heim. Vi gler oss til neste sesong! Mvh Hege Alstad Steinsvik (lagleiar)
Bruk oss innenfor regnskap, skatt, avgift og lønn!
LITT OM ÅRET 2021 Da er et nytt år snart omme, og julen og året 2022 står for tur. Vi er dessverre ikke helt ferdige med pandemien, men la oss se framover, og være optimistiske. Vi sier at 2022 blir fantastisk! Noen av de positive tingene vi tar med oss inn i 2022; • Sunnmøre fotballkrets melder at det i vår krets er et gjennomsnittlig frafall fra fotballen på 9% så langt under pandemien, og at det kun er 2 klubber som har hatt økning i rekrutteringen. Bergsøy IL-Fotball er en av dem! • Klubben ble i år nominert for 2 priser fra Sunnmøre Fotballkrets, som årets jenteklubb, og Fair Play klubb. Selv om vi ikke vant, gir det gode signaler på at arbeidet som utføres er godt, og blir lagt merke til. • Vi har også fått godkjent en langsiktig handlingsplan i NFF prosjektet «Jenteløftet i klubb». Her har klubben tatt nye tak for å sikre et bedre helhetlige jentetilbud. • Klubben startet i høst HAV akademiet (Breddeakademi). Satsingen som omfatter alle hverdager rett etter skoleslutt, har i høst hatt en positiv og spennende utvikling, og den er bestemt videreført for 2022 • Klubben har ansatt Sportssjef. Lars-Petter Rønnestad. Dette vil forsterke den sportslige utviklingen av klubben. • Klubben har klart kriteriene for videreføring av status som sertifisert Kvalitetsklubb i NFF for 2022. Noe klubben har vært siden 2014. I en vanskelig tid, har klubben ikke stått stille! Fantastiske trenere, lagledere, klubbansatte, foreldre, og andre frivillige i lagene og i klubb verv har bidratt sterkt. Dette sammen med god støtte fra våre samarbeidspartnere i næringslivet, har de gjort det mulig for våre barn og ungdom å få drive god og trygg aktivitet. Videre gjort det mulig for klubben å være «framoverlent» i utviklingen. Tusen Takk til dere alle! Ønsker dere alle en riktig God Jul og Godt Nytt År Tom Beddari Daglig leder
www.fosnavagshipping.no
Kle for folk flest!
Bergsøy G13 Vårt første år med seriespill der vi kjempet for 3 poeng i alle kamper, en sesong som har bydd på både oppturer og nedturer. Vi spilte 9’er i 2.divisjon og lå i toppen av tabellen fra start til slutt. Avgjørelsen kom i siste serierunde da vi kun klarte 1-1 borte mot Volda, samtidig som Blindheim2 vant sin kamp. Vi endte på andreplass, 2 poeng bak Blindheim 2. En god opplevelse for guttene som selv var veldig opptatt av resultater og tabellsituasjon. Vi var med i to cuper i høstsesongen. Den første var Bergen Fotballcup i august, der vi vant B-sluttspillet og vår første pokal. I november stilte vi med to lag i Førde Cup, der Bergsøy Raud innkasserte en hederlig bronse i A-sluttspillet, mens Bergsøy Kvit tok sølvet i B-sluttspillet. To cuper, tre lag, tre pokaler til klubbhuset. Vi har til og med fått oss vår egen hylle i premieskapet Guttene gleder seg masse til våren når de skal ut i sin første sesong med 11’er fotball! Trener: Mikael Makipera Vike, Terje Nybø, Rune Frantsen
Når det gjelder fiskeredskaper KONTAKT
EGERSUND HERØY AS MJØLSTADNESET, TLF. 70 08 04 80
BERGSØY J-13 Årets lag i klubben må verte dette nyoppstarta jentelaget som sjølve har teke initiativ til å spele fotball. Dei har utvist ein treningsiver og ei entusiasme som har vore imponerande. Læringskurva har vore bratt, då dei fleste her aldri har spelt organisert fotball, men til tross for ein del tøffe opplevelsar, med tidvis tøffe nederlag, så har dei aldri gitt seg. Fokuset har vore at fotball er gøy, og samhaldet og idretssgleda i denne gjengen har vore stor. Svært stor. Underteikna har vore med i fotballen nokre år, men eg har problem med å hugse ein fotballkamp med større genuin glede enn då desse fekk sin første siger mot slutten av sesongen. Dei hadde mange nesten-kampar der det var stolpe ut og seine poengtap. Men til slutt kom gevinsten i ein kollektiv kraftanstrengelse som gav siger. Å vinne er ikkje det viktigaste i fotball, seier nokon, men fy fader så gøy og forløysande det er å ta sitt livs første siger!! Idrettsglede på øverste hylle. Sesongen vart krona med Førde-cup, der dei og gjorde det veldig bra! Årets fair play-kandidat er på J13 heile laget. Dei har støtta og backa kvarandre dag ut og dag inn i eit heilt kalenderår og røyst seg gong etter gong etter gong. Det har vore ei glede å få leia nokre kampar frå sidelinja med denne gjengen. Takk til akademiet for å ha avholdt treningane for gjengen ila sesongen. Lasse Myrhol/forelder, step in-lagleiar
HERØYHAV AS
Køyrer du med Bjørlykke Transport får du ei trygg og sikker reise!
Bergsøy G14 G14 spilte bare 2 seriekamper på vårsesongen. Det vart vunne med 29-3 i målforskjell. Skuffelsen var stor når vi for andre gang ikkje kunne reise på Norway Cup til sommeren. På vårsesongen hospiterte vi opp spelarar fra G13. Til høstsesongen fekk vi 2 guta til som begynte på fotball, Martin og David. Bergsøy G14 er vel det eineste laget som har hatt vekst i troppen på 14 års trinnet, alle andre klubbar klagar på mykje frafall i pandemiperioda. I høstsesongen spelte vi 7 kampar. Det endte med 4 seier og 3 tap. Alt i alt en grei sesong for G14. Vi avslutta i november med Førde Cup for første gang, noke alle syns var stor stas! Trenar: Harald-Magne Haugen
Vår offisielle utstyrsleverandør
HAV Akademi ungdom haust 2021 Klubben sin ambisjon med HAV akademiet er å få med flest mulig lengst mulig og bli best mulig. Spelarane i ungdomsalder 13-16 år får eit tilpassa fotballtilbud som tek hensyn til ambisjonar/interesse og nivå. Ungdomen trenar på dagtid rett etter skuletid, og har kvelden fri til lekser og andre aktivitetar. HAV akademiet er i tillegg til lagstreningane. Vi ønskjer eit tett samarbeid med alle lag sine trenarar og støtteapparat slik at lagstreningane og akademiet kan bygge opp under kvarandre og løfte klubben. Hoveddelen av øktene består av spelsekvensar med ulike tema kvar veke. Deløvelsane er ofte konkurransebaserte, og i tillegg har vi fokus på koordinasjon, styrke og hurtighet. Trenarane på HAV akademiet har lang trenar- og spelarerfaring og veit kva som skal til for dei som har ambisjoner, men forstår også viktigheita det er å ha det gøy med fotballen. Trenarar: Magnus Myklebust Franjo Tepuric Konstanse T Nærø
Vi leier ut lokaler på klubbhuset Treng du selskapslokale til dåp, konfirmasjon, bursdager eller andre hendingar? No kan du leige selskapslokale på BIL Fotball sitt klubbhus! Vi leige ut i helger. Lokalet passar fint for selskap opp til 60-70 personar. Kjøkken med kjølehjørne, komfyr, steamoppvaskmaskin, stor kaffekokar og dekketøy. Interessert i å leige? Send mail til kristin@bergsoy.no for meir info/reservasjon.
Bergsøy G16 G16 starta i år med ei spelargruppe på fem 16-åringar og elleve 15-åringar. Fleire spelara kom til ila sesongen og vi hadde da i utgangspunktet ei god spelargruppe på ca 20, men sjukdom og skader har likavel gjort det utfordrande å stille lag i haust. Vi er takknemlig for at vi har fått med oss 14-åringar som stiller opp til kamp på kort tid! Fokuset i år har vore å utvikle spelarane, spesielt bli meir komfortable med ball i bein ved å spele meir ballbesittande i kampa. Ikkje alle kampa har dette fungert like bra, men dei lære og vil ta steg som fotballspelara og stå bedre rusta når dei når jr alder/A-lagsfotball. Fleire 16-åringar har også fått god matching på juniorlaget i år, og Bendik Frøysa har i tillegg vore fast inventar på A-laget som vise dei andre at det er mulig å nå opp på A-laget i tidlig alder. Høgdepunktet i år var 1-0 seieren borte mot Langevåg som var en sterk og solid lagseier. I tillegg må også Førdecup nevnast som eit høgdepunkt i årets sesong! Trenar: Magnus Myklebust Ass trenarar: Ronny-Pål Kvalsvik, John Henrik Steinsvik
TREFF BALLEN KLOKKEREINT; Velg XPM.no og Xerox på print, plott og fleirfunksjon! Fagfeltet vårt er bedrifta sine dokument – papir og digitale: • Xerox Fleirfunksjonsmaskiner • Stort lokalt serviceteam • HP Plott/storformat • Toner/papir/spesialmedia • Arkivløysningar, dokumenthandtering og Fakturaflyt
STOLT LOKAL SPONSOR AV BERGSØY IL - FOTBALL!
-VI GIR OG KICK BACK TIL BERGSØY IL - FOTBALL PÅ SAL I HERØY: • Ta kontakt for hyggeleg samtale med oss på 70133340 • Spør etter Bjarte Skuseth, dagleg leiar – mobil 91829955 – bjarte@xpm.no – www.xpm.no Dette programbladet er trykket på en Xerox maskin fra XPM.no!
Bergsøy Jr. I ein utfordrande sesong med Covidsituasjonen og problemer med å ha en stabil gruppe, har gutta som har vore med gjort ein strålande jobb. Det har vore både gode og dårlige resultat gjennom sesongen, men hovedmålet i år har vore å utvikle spelarane. Fleire har også tatt steget opp på A-laget og fått verdigfull erfaring. Spelarane har stort potensiale og vi håpar å sjå mange av dei på A-laget i åra som kjem! Trenar: Franjo Tepuric
Bergsøy Young Boys Årets sesong vart heller ikkje normal på grunn av covid-19. Vi kom oss i gang 24. august, heime mot Hareid. Det vart ein jamn kamp som Hareid til slutt vann 4-2. Det er den kampen det vart scora minst mål i. Hareid vart til slutt serievinnarar og kretsmeistrar i 7er serien for senior. Bergsøy YB har gjerne målrike kampar, med mange mål begge veier. I årets sesong tapte vi to kampar med eit mål, totalt vart det scora 26 i dei to kampane. Moro for publikum i alle fall. Fleire av Bergsøy YB sine spelerar er på sjøen og vi hadde difor aldri same tropp i to kampar. I tillegg så vart det mykje rullering på keeperplassen. Alt dette gav utfordring i forhold til kva lag vi kunne stille. Den minste troppa vi starta med var på 8 spelerar, altså ein innbytar. Sesongens største siger kom 12. oktober på Haddal. Då vann Bergsøy Young boys heile 9-1 og leverte årets aller beste kamp. Mykje bra spel og heile laget sto på frå fløyta gikk. Lagbilete er frå den kampen. Trenar: Tore Langvatn
Bad – Vaskerom - Varme - Vedovner – Gasspeis - Kvitevarer
Fair Play prisar 2021 Fair play handler om respekt. Både for kvarandre som medspelar, motspelar, trenar, lagleiar, og dommar. Det er viktig at vi skal oppføre oss bra både på trening, kamp og på reise til og frå. Vi tek godt imot gjestande lag og dommar. Vi har respekt for speletid, laguttak og i det dommaren bles i fløyta for. Vi som foreldre/familie/supportarar må også hugse dette. Fair play er viktig både på og utanfor bana! Bergsøy IL Fotball deler kvart år ut Fair Play pris i ungdomsklassene. Kriteriane for denne gjeve prisen er blant anna respekt, gode haldningar, oppmøte og det å være ein god lagspelar. Denne prisen går til ein spelar per lag og det er trenarteamet på sitt lag som velger. Kvar Fair Play spelar får eit Fosnavåg gavekort til ein verdi av kr 200,-. Årets Fair Play vinnarar 2021 er: J-13 - Laget G-13 - Oliver Kvalsvik G-14 - Jakob Kessler Myking G-16 - Jonas Steinsvik Juniorlaget - Sander Bøe Young Boys - Jostein Nerland Vi gratulerer!
LOKALAVISA - NÆR OG KJÆR FØLG LOKAL SPORT I LOKALAVISA, SOM ER TETT PÅ! Fosnavåg - Tlf. 70 08 44 00 - www.vestlandsnytt.no
Bergsøy A-lag dame 2021 sesongen starta med preg av koronarestriksjoner som gav oss litt utfordring mtp organisering av treningar. Det var snø på banene ute og inne i Fiskarhallen kunne vi ikkje være med dei over 20 år. I staden fekk vi trene mange, gode økter inne i Studio Konstanse der fokuset var å auke den fysiske forma, kondisjon, balanse, styrke, mobilitet og skadeforebygging. Forma steig fint på ei god gruppe damer/jenter og etterkvart fekk vi heldigvis trene meir fotball ute på Havila. Vi hadde ei god oppkjøring fram mot sommarferien og såg fram til å kome i gong med sesongen i august der vi skulle spele halv serie i 4. div. Vi lykkast i å spele offensiv fotball og har scora mål i alle kampane. Og laget har hatt god utvikling gjennom sesongen både individuelt og som gruppe. Målet med sesong 2021 var å etablere oss i 4. div og det har vi lykkast greit med og ser no fram til å bygge vidare på grunnlaget som er lagt fram mot sesong 2022 Vi avslutta sesongen på Førdecup der vi fekk 3.plass i A sluttspelet. Trenarar: Jørn Magnussen, Konstanse T Nærø
Synsundersøking? Tlf 700 88 195 E-post: fosnavag@interoptik.no Brillekonto - Det koster ikkje meir enn ved kontant kjøp! Facebook: www.facebook.com/nymark.fosnavag
6065 ULSTEINVIK - TLF. 70 01 74 20
Bergsøy A-lag herre Fotballsesongen 2021 vart i år som i fjor prega av Covid-19, men heldigvis fekk vi spele halv sesong i år. Den halve sesongen besto av 11 kampar der 6 var heime og 5 borte. Kampane endte slik: Bergsøy-Valder 2-0. Espen og Pijus Rollon-Bergsøy 1-0 Bergsøy-Emblem 3-0 Franjo 3 Langevåg-Bergsøy 0-2 Magnus og Pijus Bergsøy-L/G 1-1 Pijus Hovdebygda-Bergsøy 3-1 Franjo Bergsøy-SIF/Hessa 0-1 Norborg/Brattvåg-Bergsøy 0-8 Nils-Erik 4, Magnus 2, Bendik og Pijus Bergsøy-Hødd 2 2-4 Franjo 2 Hareid-Bergsøy 0-3 Nils-Erik 2 og Bendik Bergsøy-Herd 0-0 5 seiera, 2 uavgjort og 4 tap og ein målforskjell på 22-10 Ser vi på statistikken og målforskjellen i kampane kan vi seie at det var en ujamn sesong der vi for det meste var solide bakover (holdt nullen i 6 kampar), men skora for lite mål framover, bortsett frå kampen mot Norborg/Brattvåg der vi skora heile 8 mål. Toppskorarar vart Nils-Erik og Franjo med 6 mål kvar. I løpet av dei 11 kampane viser også statistikken at vi hadde heile 9 debutantar. 8 av dei hadde G-16 eller G-19 alder og en ny spelar(Nils-Erik) debuterte. 2022 sesongen blir spennande både for Bergsøy og a-laget. Klubben satsar og Lars-Petter Rønnestad har allereide starta i jobben som sportsjef, og skal også vær hovedtrenar for a-laget. Eg fortsetter i min trenarrolle, og slik det ser ut no så fortsetter også Nerijus og Ingrid rundt laget. Da vil på vegne av Bergsøy a-lag ønske alle ei hjartelg god jul og eit godt nytt år! Sportsleg helsing Frank Sverre Kopperstad Skorpen
Tlf: 7013 8000 – E-post: post@nvnk.no
Nordvest Naprapatklinikk er ein av dei største aktørane innan avansert manuell medisin på Nordvestlandet. Vi har 8 klinikkar mellom Bergen og Ålesund, ein av desse på Sunnmørsbadet i Fosnavåg. Kort ventetid: Garantert time innan 2 yrkesdagar! Vi samarbeider tverrfaglig, mellom anna med legar
Vi jobber mykje med: • • • • • •
Idrettsskader Hovudverk, stiv nakke Skuldersmerter Tennisalboge, musearm Rygg- og bekkensmerter Ischias
Alle som spør oss om Bergsøy-behandling ved vår klinikk på Sunnmørsbadet, får rabattert pris på behandling. NB! Gjeld både aktive, støtteapparat og publikum – men du må spørre for å få det!
Bergsøy Old Boys Når sesongen endeleg opna for 7ar-laga til Bergsøy burde det være jubel å spore. Men corona-pausa viste seg å ha hatt større konsekvensar enn ein kanskje skulle tru. Først og fremst har det påverka treningsgruppa. Oldboys-laget består av spelarar som trenar saman med mosjonistane to gongar i veka der ein utelukkande spelar fotball på treningane. Tidvis, tidlegare, har denne gruppa vore oppe i 30-40 på trening. No har mange forsvunne etter at det var treningsstopp i lang tid under pandemien. Når gruppa med spelarar er lita, og i tillegg består av ein uforsvarleg stor andel som jobbar på sjøen, då blir det tøft å stille lag. Den halve sesongen som vart spelt vart difor ein kamp for å få nok folk, og det vart stort sett ein tapt kamp. Det seier det meste når ein heimeværande nødreserve som eigentleg spelar på juniorlaget er den med omtrent flest kampar. Nytt lag inn i serien var Hareid som i år merkeleg nok ikkje stiller 2.lag i 6.div. Det var tidleg klart at det var nettopp dei ein kom til å knive med om tittelen. Tittelkampen symboliserte sesongen perfekt. Bergsøy leia 4-0 i den kampen, men medan skadene kom, og ein var heilt nede på felgen med ein halv reserve, så stilte Hareid med 6 reservar og fekk påfyll undervegs i kampen. Ergo gjekk lufta ut av ballongen og BIL tapte kampen, og dermed kretsmeisterskapet. Uvant kost. Ein må ta ein seriøs statusrapport før ein melder på dette laget komande sesong. Dessverre. Dersom nokon ønsker å være med, ta kontakt. Lasse/ Spelande lagleiar
BERGSØY IL- FOTBALL på sosiale medier Følg oss på sosiale medier for å holde dere oppdatert på det som skjer i og rundt klubben!
Bergsøy IL Fotball
bergsoyil
Bergsøy IL Fotball
bergsoyfotball
HERØY MALERSERVICE
Holmefjordvegen 4 6090 Fosnavåg Tlf. 700 80 700 Email: post@e-s.no
FLEST MULIG, LENGST MULIG, BEST MULIG
Bergsøy IL-Fotball ønsker å se ”hvor gode kan vi bli her vi bor”. Ved riktig bruk av våre ressurser, både menneskelig og økonomiske, håper og tror vi på vår visjon om at vi vil bidra til å gjøre Herøy til en enda bedre plass å bo. Vår visjon er avhengig av at vi har en arena for alle, en arena der alle skal føle seg velkommen og trives uansett nivå. Våre trenere og ledere er innforstått med vår strategiplan, og skal etter beste evne inkludere alle som vil spille fotball, og gi de et trenings og kamptilbud tilpasset sitt nivå og ambisjoner. Vi skal også ha lov å bli god i Bergsøy IL-Fotball, og vi skal legge forholdene til rette for de som vil satse. Et av våre mål er å øke rekrutteringen og få spillerne til å holde på lengst mulig. Når spillere gir seg av naturlige årsaker, håper vi at de fortsatt ønsker å være en del av miljøet, gjennom å bidra videre i Bergsøy IL-Fotball som frivillig, leder, trener etc. Vi ønsker å skape et livslangt godt forhold til Bergsøy IL-Fotball.
EIN ARENA FOR ALLE
STØTT våre annonsørar - dei støttar oss!
M.S VESTBAS
Noen ganger er det godt å snakke med en du kjenner Privatforsikring hos Møretrygd
Be om tilbud! moretrygd.no
Forsikring siden 1866
ÅLESUND | FOSNAVÅG | VOLDA firmapost@moretrygd.no | 70 10 12 50
BERGSØY IL-FOTBALL - Organisasjonen
Styret - Lars Conradi Andersen, Lasse Myrhol, Terje Teige, Torbjørn Hide, Veronica Nerland Madsen, Ann-Elin Myklebust, Ronny-Pål Kvalsvik, Runar Olsen Anleggsutvalg- Runar Olsen (anleggsansvarlig), Normann Frantsen, Gullik Kjellstadli, Per Odd Pettersen, Tonny Pettersen (utvikling) Arrangementsutvalg - Admin Markedsutvalg - Magnus Myklebust, Terje Teige, Daniel Jøsok Kvalsvik Sportslig utvalg - Ronny-Pål Kvalsvik, Lena Ihle, Ann-Elin Myklebust, Andre Søvik, Stian Elveseter
Daglig leder - Tom Beddari
Sportssjef - Lars Petter Rønnestad
Bergsøy IL Fotball sin offisielle utstyrsleverandør
Fosnavåg Bilverksted AS Myklebustvegen 65, 6092 Fosnavåg Tlf 70081600 E-post: post@fosbil.no www.mekonomen.no Coo
· Arenareklame · Banner/rollup · Tekstiltrykk · Storformat · Trykksaker · Monterig · Gravering · Foliering · Bilde kor · Skilt
Vi produserer varer og leverer tenester med kvalitet og sørvis. profilering@furene.no | www.furene.no
Mal Proff Coatings Ulsteinvik Besøksadresse: Sjøgata 55, 6065 Ulsteinvik Mobilnr. 48180006/ 06260 fosnavaag.coatings@malproff.no kundeservice.coatings@malproff.no
EIN ARENA FOR ALLE
STØTT
våre annonsørar - dei støttar oss!
Foto: Per Eide / Racer
FRÅ TINDAR TIL DEG STRAUM, TELEFONI, INTERNETT OG DIGITAL-TV. ALT FRÅ SAME KJELDE. Gjennom fleire tiår har Tussa forvalta noko av det vakraste som finst rundt oss, vatnet frå tindane våre. Nettopp dette har gitt oss kraft til å skape det du treng for å bruke dei forskjellige produkta i kvardagen din. Vi haustar vatnet, og tek det frå tindar til deg.
Følg oss på facebook.com/tussa
EIN ARENA FOR ALLE
GOD JUL OG GODT NYTT ÅR!