Programblad Bergsøy vs Rollon 8.9

Page 1

A leading supplier of quality assured supply services to the offshore industry, nationally as well as internationally.

havilashipping.no

Bergsøy

sin leverandør av dagligvarer og kioskvarer

LEIARKOMMENTAR

Kjære fotballvenner, Etter ein lang treningsvinter er endeleg fotballsesongen her, og både små og store er utolmodige etter å komme i gang med kamper og turneringar. Med tett på 40 påmeldte Bergsøylag er det mykje fotballmoro i vente! Vi gler oss over at den fine utviklinga med auke i aktive held fram, og spesielt på jentesida har vi stor vekst. Vi kan no tilby eit likeverdig tilbod i barnefotballen for både gutar og jenter.

Fjoråret var det første normale driftsåret for klubben på nokre år, og det var stor aktivitet og mykje flotte sportslege resultat. Vi har satsa på å utvikle trenarane våre, og klubben er i ein situasjon der vi har svært mange kompetente og engasjerte trenarar på alle nivå. Dette er ein viktig føresetnad for å fortsette å utvikle oss sportsleg – både for laga og våre aktive.

Kostnadane ved å drive idrettslag følger utviklinga elles i samfunnet, og også i Bergsøy Fotball merkar vi godt at utgiftene aukar. Vi må omstille oss i henhold til dette, og ønsker samstundes å unngå at det påverkar vår sportslege satsing. Vi er også klar over at hushaldningane merkar inflasjonen på kroppen, og vedtok difor å halde kontingenten uendra i 2023. Dette er mogleg takka være den store frivillige innsatsen mange legg ned, men vi treng enda fleire som bidreg i større og mindre roller.

Ein annan viktig faktor for å gi eit best mogleg tilbod er alle våre økonomiske støttespelarar og sponsorar. Bergsøy Fotball er heldige, og har solid støtte i vårt lokale næringsliv. Dette er vi svært takksame for.

Kunstgraset på Havila Stadion Fosnavåg er utslitt, og må skiftast ut. Vi er glade for at Herøy kommune ser samfunnsverdien som skapast i Bergsøy Fotball, og vil legge til rette for dette. Med over 400 aktive er vi ein viktig aktør for folkehelsa i kommuna, og eit anlegg som gir oss anledning til å drive med all vår aktivitet er eit møst for oss.

Sportsleg sett har vi store forventningar til året som kjem. Vi har mange lovande jenter og gutar i alle alderstrinn, og er trygge på at dei vil fortsette si fine utvikling i 2023. Vi vil også gratulere Bergsøy Handball sitt herrelag med opprykket til 1. divisjon, og håper dei med det har sett standarden for ein sportsleg opptur i heile idrettslaget!

Vi vil med det ønske både aktive, frivillige og supporterar lykke til med sesongen, og håper å sjå mykje folk på anlegget vårt gjennom 2023. Du finn oppdaterte vekeplaner og kampoppsett på våre heimesider og Facebook. Heia Bergsøy!

Med sportsleg helsing

Lars Conradi Andersen

Styreleiar Bergsøy Fotball

HAV Group er glade fotballen

endelig er i gang igjen og

ønsker alle i Bergsøy lykke til med sesongen! havgroup.no

HAV Group ASA

–for ei bærekraftig framtid på havet

Vår offisielle utstyrsleverandør

Handling, processing and cooling of fish to the seafood industry

We are transforming the seafood industry by offering complete and sustainable system solutions for the handling, processing and cooling of fish to the seafood industry, onshore, onboard and in aquaculture – worldwide.

mmcfirstprocess.com

Endelig heimekamp igjen, og denne gongen er det Rollon som står på motsatt banehalvdel. Velkomen til Havila Stadion Fosnavåg og denne 15.serierunda i årets 4. divisjon!

Rollon har forsterka seg i haust, og har vist storform etter sommarpausa. Anført av tidligare Aafk-spelar og halvt herøyværing Anders Myking Waagan har laget tre strake sigrar med ei målforskjell på 11-1. Det blir alltid tette og jamne kampar mot gutta frå Larsgården, og vi reknar med at kveldens kamp ikkje blir eit unntak.

Sjølv står vi med 10 sigrar på dei 11 siste kampane. Vi er klar over at det er ei rekke som må forlengast dersom vi skal klare å halde fylgje i toppen av tabellen. Førre fredag vart det ein sterk bortesiger mot Sif/Hessa i ein kamp der vi spelemessig leverte årsbeste fyrste timen. Kjekt å sjå at så mange frå Herøy hadde tatt turen til Ålesund, det set vi pris på!

Pawel Jarzebak var veldig solid for oss både mot Langevåg og Sif/Hessa, men har fått alvorlig sjukdom i nær familie, og måtte heim til Polen rett etter førre kamp. På den andre side er Kjetil Paulsen tilbake i troppa etter å ha flytta heim permanent frå Oslo. Vi jobbar også med å få inn ein spelar til frå Hødd før overgongsvindauget stenger, og om alt har gått etter planen kan han få sin debut i kveld.

Gratulerer til Martin- og Vegard Håheim-Elveseter som begge signerte proffkontrakter med Hødd i går! To karar som har jobba hardt for å kome dit dei er i dag, og som blir spennande å fylgje også framover i Obos-ligaen. Bergsøy har også fleire eigenproduserte spelarar på eit høgare nivå no. I Norsk Tipping-ligaen har vi Trym Rekkedal i Sandviken og Pijus Marcinkevicius i Volda, medan Martin Røren Søvik (Urædd) og Dani Rønnestad Hansen (Lillehammer) gjer det skarpt i gode 4. divisjonsklubbar. Det er kjekt å følgje gutta, og vi er sikre på at fleire vil ta steget i åra som kjem! Vi har hatt fleire 07- og 08-modellar som har fått sin debut på A-laget i 4. divisjon i år, og i går hadde vi også våre fyrste tre 09-modellar på A-lagstrening!

Elles er det klart for HAV-cup laurdag med 92 lag i aksjon frå 22 klubbar. Vi gler oss til å sjå blide born kose seg på fotballbane saman med lagkameratar. Det er det fotball handlar om! Takk til dykk alle som stiller på dugnad denne helga!

Så håper vi at kveldens kamp blir eit godt vorspiel på laurdagens cup. A-gutta er klare for å gi alt, og det håper vi også dykk på tribuna gjer! God kamp!

Lars-Petter

Trenarkommentar
Besøk oss på nettsida: www.heroy.kommune.no Vi er også på Instagram Youtube Adr.: PB. 274 6099 Fosnavåg tlf.: 70 08 13 00 Heia Bergsøy! Bergsøy IL Fotball gjer eit stort og viktig arbeid for å aktivisere barn og unge. Takk for ein fantastisk innsats!

Martin og Vegard signert proffkontrakt

Gratulerer til Martin og Vegard som denne veka signerte proff kontrakt med Hødd!

Sportssjef i Hødd Jesper Törnqvist:

- To lokale gutar som kom frå Bergsøy, og begge gutane har dei siste åra utvikla seg på Hødd sitt rekruttlag og tatt steget opp i A-stallen. Dette har resultert i kontrakt for begge to. Målretta arbeid i mange år i gode miljø gir resultat. Vi gler oss til å jobbe ilag med Martin og Vegard i åra framover!

Vi i Bergsøy ønsker begge to og Hødd lykke til med innspurten av sesongen 2023!

Instagram: canndesignstudio

Facebook: @canndesignface

CANN AS - MERKEVARE- OG DESIGNSTUDIO

Vi leverer konsulenttjenester innen design, identitet/merkevarebygging og markedsplanlegging/rådgivning.

Ta gjerne kontakt med oss for å diskutere hva vi kan bidra med for å styrke deres merkevare ved hjelp av design og markedsføring.

cann.no
GJERNE
MEDIER
FØLG OSS
PÅ SOSIALE

BERGSØY A-LAG DAME

Trenar: Konstanse T Nærø

Lagleiar: Ingolf Leikanger

BLI BEDRE KJENT MED...

Fullt navn: Jesper Sundnes Sundal

Alder: 18

Født: Ulsteinvik

Klubba spelt for: Hødd og Bergsøy

Favorittklubb: Liverpool

Høydepunktet i di fotballkarriere til no: Slå Aafk ut av NM (tre år på rad)

Rollemodell: Petter Northug

Kvifor valgte du bergsøy? Det er en klubb med ambisjonar om å rykke opp noko som virkar spennande og som eg er villig til å ofre alt for å få til. Samt er det ein klubb som tek vare på spelarane sine og er ein plass der det er moglegheit for utvikling

Interesse utenom fotballen: Smågodt, kos, pleie kropp og sjel.

Ambisjona: Hadde vore kult å få spille Eliteserie

Beskriv deg sjøl med tre ord: Chill, avslappa, relaxed

Funfact om deg sjøl: Flink å planlegge spontane ting

Vi ønsker Jesper lykke til i Bergsøydrakta! :)

Visjonen vår er å bidra til å gjere Herøy til ein endå bedre skal vere ein arena for alle der målet er at vi

inkludere flest mulig,behalde alle lengst mulig, og legge til rettefor å verte best mulig.

VISJON, STRATEGI OG VERDIER I BERGSØY IL FOTBALL

Bruk oss innenfor regnskap, skatt, avgift og lønn!

Sak frå Vestlandsnytt:

Laurdag er det igjen klart for HAV-cup, og cupgeneral Tom Beddari frå Bergsøy Fotball ser fram til storinnrykk.

–Vi håper vi har nok med 800 t-skjorter. Det er i alle høve det vi har teke høgde for. Det seier cupgeneral Tom Beddari frå Bergsøy Fotball nokre dagar før årets HAV-cup går av stabelen.

I alt er det 91 påmelde lag i år, fordelt på til saman 22 ulike klubbar.

–Vi ventar rundt 800 deltakarar, men veit nøyaktig tal først på laurdag, då vi ikkje veit kor mange reservar dei ulike klubbane har med.

Fleire skal overnatte

Til cupen er det venta lag frå både Måløy, Sandane og Ålesund-området, i tillegg til Søre Sunnmøre. Fleire lag har også planar om å overnatte til søndag.

–Vi har ein avtale med skulen om overnatting, og det er vel ein stad mellom 80–90 spelarar som skal liggje på skulen. Vi går aktivt ut med Herøy og Fosnavåg som destinasjon i samband med invitasjonane, og har avtalar både med badeland, kino og hotellet, fortel Beddari.

Og med mange påmelde forventar han også storinnrykk av foreldre og søsken.

–Det kan bli mykje folk i Fosnavåg laurdag.

–Den store, sportslege dugnaden

Beddari vil rette ein stor takk til både føresette og folk i Bergsøy for innsatsen dei legg ned i samband med HAV-cup.

–Dette hadde ikkje gått an å gjennomføre utan innsatsen frå dei føresette og klubben. Dette er den store, årlege sportslege dugnaden. Og så er vi ein eigen arrangementskomité som stiller opp. Det er mykje jobb, men det viktige er at ungane skal trivast. Det er idrettsglede og fair play i fokus.

HAV CUP 2023

HAV CUP 2023

På matfronten kan Beddari love både grillkioskar og vanlege kioskar rundt om.

–Vi køyrer sunn mat, og så tek vi omsyn til allergiar. Vi er også heldige som har veldig flotte anlegg med gode fasilitetar, med kafé inne i tillegg til tribunar under tak. Men vi håper sjølvsagt på fint vêr som i fjor.

Han rettar også ein stor takk til alle sponsorane.

–Den støtta er vi svært takksame for. No ser vi fram til ei hektisk og flott turnering laurdag.

Geir Egil Eiksund, Vestlandsnytt
LOKALAVISA - NÆR OG KJÆR FØLG LOKALSPORT I LOKALAVISA, SOM ER TETT PÅ! Fosnavåg -Tlf. 70 08 44 00 - www.vestlandsnytt.no

Bergsøy ligg på 3.plass ett poeng bak Herd og Ørsta, mens Rollon ligg på 4.plass 12 poeng bak Bergsøy. Kampen om seriemesterskapet står med andre ord mellom tre lag, mens Rollon er det beste laget av dei som ligg i neste kategori.

Rollon har avogtil vore eit vanskelig lag å møte, men no har Bergsøy tre strake sigerar mot laget i blått. Bergsøy har vunnet dei 7 siste heimekampene mot Rollon, og har ikkje tapt heime mot Rollon sidan 1983. Den gang vann Rollon 2-1 etter mål av Ole Petter Aarsund og Kjell Pedersen, etter at Bergsøy først hadde tatt ledelsen ved Frode Wilhelmsen etter ein Knut Teige assist.

Totalt har laga møttast 42 gangar i serien. Bergsøy har vunnet 23 - uavgjort 5 og tapt 14 av kampane. Målforskjell 83-64

På heimebane har Bergsøy spelt 20 kampar mot Rollon, vunnet 14, uavgjort 3 og tapt 3 med målforskjell 49-21.

Bildet: Fra kampen i 1983 da Rollon sist vann i Fosnavåg.

DAGENS MOTSTANDAR
www.historikk.com
Når det gjelder fiskeredskaper KONTAKT EGERSUND HERØY AS MJØLSTADNESET, TLF. 70 08 04 80

VASSENDGUTANE I FISKARHALLEN

Vi gjentek suksessen og inviterer til ny fest med Vassendgutane!

Lørdag 30.09.2023 - Dørene opnar kl. 20

Vassendgutane er "Originalen av Festcountry". Dei er bandet som kan fylle heile konserten med allsongar som: Granada, Ungkar med Dobbelseng, Hjortejakt, Siste Dans, Silikon i Tatti, Hytta mi, Sånn so de va før og Hurragutt.

Alkohol og matservering. 18-års grense.

LØRDAG 30.09.2023

FISKARHALLEN

TLF: 911 94 480

Bergsøy A-lag Herre

Terminliste og Tabell 2023

Tabell oppdatert 06.09

Fair play handler om respekt. Både for kvarandre som medspelar, motspelar, trenar, lagleiar, og dommar. Det er viktig at vi skal oppføre oss bra både på trening, kamp og på reise til og frå.

Vi tek godt imot gjestande lag og dommar.

Vi har respekt for speletid, laguttak og i det dommaren bles i fløyta for.

Vi som foreldre/familie/supportarar må også hugse dette.

Vi deler hvert år ut Årets Fairplay priser. Kriteriane for denne prisen er bla respekt, gode haldningar, oppmøte og det å vær ein god lagspelar.

Vi har også haldningskontrakt til alle aktive fom 13 år-18 år, og kvart lag skal ha sin egen fair play representant.

Fair play er viktig både på og utanfor bana!

Tabell oppdatert 06.09

Vestbas Holding AS

Bergsøy
Terminliste og Tabell våren 2023
A-lag Dame

Bad – Vaskerom - Varme - Vedovner – Gasspeis - Kvitevarer

Vi leier ut lokaler på klubbhuset

Treng du selskapslokale til dåp, konfirmasjon, bursdager eller andre hendingar?

No kan du leige selskapslokale på BIL Fotball sitt klubbhus! Vi leige ut i helger. Lokalet passar fint for selskap opp til 60-70 personar.

Kjøkken med kjølehjørne, komfyr, steamoppvaskmaskin, stor kaffekokar og dekketøy.

Interessert i å leige?

Send mail til kristin@bergsoy.no for meir info/reservasjon.

HERØYHAV AS

Synsundersøking? Tlf 700 88 195 E-post: fosnavag@interoptik.no Brillekonto - Det koster ikkje meir enn ved kontant kjøp! Facebook: www.facebook.com/nymark.fosnavag

6065 ULSTEINVIK - TLF. 70 01 74 20

Xtra

Meld barnet ditt på HAV Xtra fredagar kl 14.30 - 16.00. Vi gler oss til å ta imot nye 3.klassingar i haust!

Målet med HAV Xtra er å gi jenter og gutar i 3-7.klasse eit ekstra treningstilbud på tvers av aldersgrupper, og har som hovudmålsetting å halde barn i aktivitet. Akademiet rettar seg mot dei barna som ivrar etter å vere i aktivitet og spele fotball.

Vi legg opp aktivitet og øvelsar med mål om å føle meistring. Gjennom vårt treningsopplegg med trenarar med lang trenar- og spelarerfaring, legg vi til rette for at barna får utvikling over tid. Dei lærer og erfarer at "øvelse gjer meister" og at det er morosamt å spele fotball og trene saman med andre.

HAV Xtra er inklusiv i treningsavgiften.

Transport: Alle må kome seg til Havila Stadion Fosnavåg sjølve.

Spond brukast som informasjonskanal til spelarar/foreldre og til påmelding. Det blir lagt ut event for kvar trening slik at det skal være enkelt for alle å følge med på beskjed eller endringar.

Link for påmelding HAV Xtra : https://group.spond.com/UGVKZ

Spørsmål? Ta kontakt:

Magnus Myklebust, tlf 95247209 / magnus@bergsoy.no

Konstanse Torgersen Nærø, tlf 99015191 / konstanse@bergsoy.no

Tlf.70080700 Email:post@e-s.no Mjølstadnesvegen 22, 6092 Fosnavåg
ei trygg og sikker reise!
Køyrer du med Bjørlykke Transport får du

FLEST MULIG, LENGST MULIG, BEST MULIG

Bergsøy IL-Fotball ønsker å se ”hvor gode kan vi bli her vi bor”. Ved riktig bruk av våre ressurser, både menneskelig og økonomiske, håper og tror vi på vår visjon om at vi vil bidra til å gjøre Herøy til en enda bedre plass å bo.

Vår visjon er avhengig av at vi har en arena for alle, en arena der alle skal føle seg velkommen og trives uansett nivå. Våre trenere og ledere er innforstått med vår strategiplan, og skal etter beste evne inkludere alle som vil spille fotball, og gi de et trenings og kamptilbud tilpasset sitt nivå og ambisjoner.

Vi skal også ha lov å bli god i Bergsøy IL-Fotball, og vi skal legge forholdene til rette for de som vil satse. Et av våre mål er å øke rekrutteringen og få spillerne til å holde på lengst mulig. Når spillere gir seg av naturlige årsaker, håper vi at de fortsatt ønsker å være en del av miljøet, gjennom å bidra videre i Bergsøy IL-Fotball som frivillig, leder, trener etc. Vi ønsker å skape et livslangt godt forhold til Bergsøy IL-Fotball.

STØTT
- dei støttar
våre annonsørar
oss!
EIN ARENA FOR ALLE
ÅLESUND | VOLDA | FOSNAVÅG Før het vi Møretrygd, nå er vi Granne: Det nære forsikringsselskapet på Nordvestlandet. ______________________________________________ www.fosnavaag-pelagic.no https://www.granne.no/
Bergsøy IL Fotball sin offisielle utstyrsleverandør

BERGSØY IL-FOTBALL - Organisasjonen

Styret - Lars Conradi Andersen, Lasse Myrhol, Terje Teige, Torbjørn Hide, Veronica Nerland

Madsen, Ann-Elin Myklebust, Ronny-Pål Kvalsvik, Runar Olsen

Anleggsutvalg- Runar Olsen (anleggsansvarlig), Normann Frantsen, Gullik Kjellstadli, Per Odd

Pettersen, Tonny Pettersen / Karl-Bjarte Vike

Arrangementsutvalg - Admin

Markedsutvalg - Magnus Myklebust, Terje Teige, Daniel Jøsok Kvalsvik, Ole Magne Rotevatn

Sportslig utvalg - Ronny-Pål Kvalsvik, Lena Ihle, Ann-Elin Myklebust, Andre Søvik, Stian Elveseter

Daglig leder - Tom Beddari Sportssjef - Lars Petter Rønnestad

BERGSØY

IL- FOTBALL på sosiale medier

Følg oss på sosiale medier for å holde dykk oppdatert på det som skjer i og rundt klubben!

bergsoyil

bergsoyfotball

Bergsøy IL Fotball
HERØY MALERSERVICE
Bergsøy IL Fotball
Arenareklame · Banner/rollup · Tekstiltrykk Storformat Trykksaker · Monterig Gravering Foliering Bilde kor · Skilt Vi produserer varer og leverer tenester med kvalitet og sørvis. profilering@furene.no | www.furene.no Myklebustvegen 65, 6092 Fosnavåg Tlf 70081600 E-post: post@fosbil.no www.mekonomen.no Coo Fosnavåg Bilverksted AS
Historikk.com
anbefaler alle å ta ein tur innom www.historikk.com. Her finn du det meste frå Bergsøy IL si flotte historie
Vi
NESTE
HEIMEKAMP: HAREID, Fredag 22.09 Kl. 18.30

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.