Programblad Bergsøy vs Aksla 23.06

Page 1

Programbladet 23.06.2023

BERGSØY AKSLA

FOTO: STIAN LANGLO DRIVEKLEPP / VESTLANDSNYTT

A leading supplier of quality assured supply services to the offshore industry, nationally as well as internationally.

havilashipping.no

Bergsøy

sin leverandør av dagligvarer og kioskvarer

LEIARKOMMENTAR

Kjære fotballvenner, Etter ein lang treningsvinter er endeleg fotballsesongen her, og både små og store er utolmodige etter å komme i gang med kamper og turneringar. Med tett på 40 påmeldte Bergsøylag er det mykje fotballmoro i vente! Vi gler oss over at den fine utviklinga med auke i aktive held fram, og spesielt på jentesida har vi stor vekst. Vi kan no tilby eit likeverdig tilbod i barnefotballen for både gutar og jenter.

Fjoråret var det første normale driftsåret for klubben på nokre år, og det var stor aktivitet og mykje flotte sportslege resultat. Vi har satsa på å utvikle trenarane våre, og klubben er i ein situasjon der vi har svært mange kompetente og engasjerte trenarar på alle nivå. Dette er ein viktig føresetnad for å fortsette å utvikle oss sportsleg – både for laga og våre aktive.

Kostnadane ved å drive idrettslag følger utviklinga elles i samfunnet, og også i Bergsøy Fotball merkar vi godt at utgiftene aukar. Vi må omstille oss i henhold til dette, og ønsker samstundes å unngå at det påverkar vår sportslege satsing. Vi er også klar over at hushaldningane merkar inflasjonen på kroppen, og vedtok difor å halde kontingenten uendra i 2023. Dette er mogleg takka være den store frivillige innsatsen mange legg ned, men vi treng enda fleire som bidreg i større og mindre roller.

Ein annan viktig faktor for å gi eit best mogleg tilbod er alle våre økonomiske støttespelarar og sponsorar. Bergsøy Fotball er heldige, og har solid støtte i vårt lokale næringsliv. Dette er vi svært takksame for.

Kunstgraset på Havila Stadion Fosnavåg er utslitt, og må skiftast ut. Vi er glade for at Herøy kommune ser samfunnsverdien som skapast i Bergsøy Fotball, og vil legge til rette for dette. Med over 400 aktive er vi ein viktig aktør for folkehelsa i kommuna, og eit anlegg som gir oss anledning til å drive med all vår aktivitet er eit møst for oss.

Sportsleg sett har vi store forventningar til året som kjem. Vi har mange lovande jenter og gutar i alle alderstrinn, og er trygge på at dei vil fortsette si fine utvikling i 2023. Vi vil også gratulere Bergsøy Handball sitt herrelag med opprykket til 1. divisjon, og håper dei med det har sett standarden for ein sportsleg opptur i heile idrettslaget!

Vi vil med det ønske både aktive, frivillige og supporterar lykke til med sesongen, og håper å sjå mykje folk på anlegget vårt gjennom 2023. Du finn oppdaterte vekeplaner og kampoppsett på våre heimesider og Facebook. Heia Bergsøy!

Med sportsleg helsing

Lars Conradi Andersen

Styreleiar Bergsøy Fotball

HAV Group er glade fotballen

endelig er i gang igjen og

ønsker alle i Bergsøy lykke til med sesongen! havgroup.no

HAV Group ASA

–for ei bærekraftig framtid på havet

Vår offisielle utstyrsleverandør

Handling, processing and cooling of fish to the seafood industry

We are transforming the seafood industry by offering complete and sustainable system solutions for the handling, processing and cooling of fish to the seafood industry, onshore, onboard and in aquaculture – worldwide.

mmcfirstprocess.com

Då er det klart for sankthansaftan-fotball med Aksla som gjestar på Havila Stadion Fosnavåg!

Det er 20 år sidan Bergsøy og Aksla møttest sist. Sidan då har Aksla vore både ut av seriesystemet, 6. divisjon og 5. divisjon, før dei no er tilbake i 4. divisjon. Ålesund-laget har imponert etter opprykket i fjor, og ligg på plassen bak Bergsøy med 15 poeng på ni kampar. Anført av tidlegare Hødd-kaptein Joakim Wrele har laget vore gjerrige bakover i dei fleste kampane, og har bikka mange jamne kampar i sin favør.

Bergsøy står med fem strake sigrar, og har godt heng på både Herd og Ørsta. I førre heimekamp vart det 5-0 mot Blindheim, medan vi sist fredag slo Norborg 2-1 på ei flott grasmatte i Uggedalen. Enrique Crespo Søvik måtte ut med ei hamstring-skade i Blindheim-kampen. Med spissalternativ som Glenn-Are Elveseter, Magnus Myklebust og Daniel Jøsok Kvalsvik også ute mot Norborg, henta vi Thomas Leikanger Skar tilbake til moderklubben. Han løyste spissrolla på ein god måte. Thomas blir i Bergsøy ut vårsesongen, før han igjen skal tilbake til studiar til hausten.

Elles blir det også i kveld ein del endringar frå sist. Fredrik Muren, Daniel Jøsok Kvalsvik, GlennAre Elveseter, Daniel Pettersen Jøsok og Magnus Myklebust er tilbake i troppa samanlikna med Norborg-kampen, medan Roald Runde, Kjetil Paulsen og Junior Tombini er ute. I tillegg kjem truleg kampen for tidleg for Enrique Crespo Søvik.

Vi reknar med at kampbilete i kveldens kamp mot Aksla blir om lag som vi ofte opplever her i Fosnavåg, med eit lag som forsvarar seg lågt og satsar på kontringar. Så blir det opp til oss og bryte dei ned og stå for underhaldninga. Den jobben gler vi oss til!

Takk for god støtte i førre heimekamp, og ikkje minst hatten av for dei mange som tok den lange turen til Søvika førre fredag. Det var fleire bortetilskodarar enn heimetilskodarar på den kampen, og det er imponerande! Gi gutta god støtte også i kveld! Heia Bergsøy!

Helsing, Lars-Petter Rønnestad

Trenarkommentar
BERGSØY A-LAG HERRE BERGSØY A-LAG HERRE
Besøk oss på nettsida: www.heroy.kommune.no Vi er også på Instagram Youtube Adr.: PB. 274 6099 Fosnavåg tlf.: 70 08 13 00 Heia Bergsøy! Bergsøy IL Fotball gjer eit stort og viktig arbeid for å aktivisere barn og unge. Takk for ein fantastisk innsats!

Bergsøy IL-Fotball lotteriet 2023

Det er no blitt gjennomført trekning i lotteriet.

Bergsøy IL Fotball vil takke alle våre aktive for innsatsen dei har lagt ned for å selge lodd.

Vi vil også rette ein stor takk til alle som har bidrege med premiar til lotteriet, og vi oppfordrar alle til å støtte våre lokale butikker og bedrifter med lokal handel!

Oversikt over premiar og vinnarane finn du på vår heimeside eller KLIKK HER

Instagram: canndesignstudio

Facebook: @canndesignface

CANN AS - MERKEVARE- OG DESIGNSTUDIO

Vi leverer konsulenttjenester innen design, identitet/merkevarebygging og markedsplanlegging/rådgivning.

Ta gjerne kontakt med oss for å diskutere hva vi kan bidra med for å styrke deres merkevare ved hjelp av design og markedsføring.

cann.no
GJERNE
MEDIER
FØLG OSS
PÅ SOSIALE

BERGSØY A-LAG DAME

Trenar: Konstanse T Nærø

Lagleiar: Ingolf Leikanger

Meld barnet ditt på Tussa Sommarcamp 15-17 august

Meld deg på årets Tussa Sommarcamp!

Nærmare 80 ivrige og glade jenter og gutar i alderen 6-12 år var med i fjor, og vi håpar på minst like mange i år som går av stabelen 17-19 august.

Klubbtrenar Konstanse Torgersen Nærø står for organisering og det sportslege opplegget i lag med trenar og spelarutviklar Magnus Myklebust. Sportssjef og trenar for A lag Herre er også involvert i campen. Som instruktørar har vi også med A-lagsspelarar og ungdomstrenarar fra klubben. Alle instruktørar er kvalifiserte med fokus på kjekk aktivitet i trygge rammer.

Vi legger opp til ein trygg camp der klubben har innarbeidt gode rutiner. MELD PÅ HER!

Visjonen vår er å bidra til å gjere Herøy til ein endå bedre skal vere ein arena for alle der målet er at vi

inkludere flest mulig,behalde alle lengst mulig, og legge til rettefor å verte best mulig.

VISJON, STRATEGI OG VERDIER I BERGSØY IL FOTBALL

Bruk oss innenfor regnskap, skatt, avgift og lønn!

STOR AKTIVITET

Bergsøy J7 saman med dei nyoppstarta laga G6 og J6 arrangerte miniturnering på

Havila Stadion for to veker sidan.

Ein kanonjobb av foreldre, lagledarar, trenarar og dommarar som har lagt tilrette for ei så fin turnering for dei yngste!

Ein kjempefin dag på stadion i sola!☀ Masse god stemning og kjempeinnsats av alle involverte!

HEIA BERGSØY!

Solid innsats også frå våre ungdomslag denne vårsesongen. Her nokre bilde frå ein av dei siste kampane deira.

Bildet:

J15 var i Valldalen å spelte kamp. Det endte med ein forrykande 5-13 seier til Bergsøy jentene! Ein kjempe god kamp av alle jentene idag. Dette er eit bevis på at god og kontinuerlig trening gir resultater til slutt!

Bildet:

G16 med enorm snuoperasjon på stadion. Bergsøy opnar klart best, men slit me å omsette sjansar til mål. Ligg under 1-2 til pause, og vinn til slutt 4-2.

Godt løyst av G16 som hadde alle sine 2007-modellar vekkreist på Polentur. Bergsøy stilte dermed med heile 5 hospitantar frå G14 som alle gjer ein god figur!

Bildet:

G14 etter ein knallsterk og fortjent seier 3-1 for Bergsøy G14 borte mot et solid Spjelkavik-lag i dag!

0-0 til pause i en tett og jevn kamp. Etter pause er Bergsøy effektive og skårer tre velfortjente mål etter fine angrep Skikkelig lagseier i en voksen og varm fotballkamp

Bildet:

Rekruttlaget i 5. divisjon med fleire ungdom- og juniorspelarar spelte 2-2 borte mot Rollon 2, og tok dermed med seg eit viktig poeng heim til Fosnavåg.

Olai Abeltun og Anatolii Bieshiliaha scora for Bergsøy 2. Fem G16-spelarar var i aksjon, inkludert debutant Jonas Flø Paulsen (bildet).

LOKALAVISA - NÆR OG KJÆR FØLG LOKALSPORT I LOKALAVISA, SOM ER TETT PÅ! Fosnavåg -Tlf. 70 08 44 00 - www.vestlandsnytt.no

Bergsøy A-lag møter Aksla ikveld.

Det er 20 år sidan sist laga møttest til seriekamp, ein kamp i 2003 på ei grusbane i Aksla der eit nedrykksklart heimelag vann 3-2 mot eit Bergsøylag som også kjempa mot nedrykk.

Og Aksla har vore ei historisk hard nøtt for Bergsøy, heilt sidan Aksla vann det første møtet mellom klubbane i 1961 med heile 8-1.

På 22 seriemøter har Bergsøy vunnet 6, spelt uavgjort 6 og tapt 10 ganger. Den totale målforskjellen er 41-50.

Den første kampen i Fosnavåg mellom klubbane vann Aksla med 6-1, og det er ikkje engang lagets største siger på Bergsøy si heimebane. I 1993 vann Aksla 6-0 på Bergsøy Stadion etter 4 mål av Oddvar Sandnes i det som ifølge supporter Sindre Notø var det dårligaste ein hadde sett av eit Bergsøylag nokongong.

Bergsøy har spelt 11 ganger heime mot Aksla, og kun vunnet 3 ganger. Det har blitt 2 uavgjort og 6 tap på heimebane med målforskjellen 16-25. Det betyr blant anna at om ein ser på lag Bergsøy har spelt mot meir enn 10 kampar, så er det Aksla som er Bergsøy sitt største mareritt å møte på heimebane - med sine 54,55% sigerar i Fosnavåg. Aksla har stått for over 60 % av måla når laga har møttast i Herøy.

Litt av svaret på statistikken finner vi når vi ser på Bergsøy sine fem første heimekampar mot Aksla (1962, 1963, 1965, 1975, 1987) - som alle endte med Bergsøytap.

Tapet for Aksla i 1975 er fortsatt smertefullt for mange med Bergsøyhjerte. Bergsøy var på vei mot opprykk og skulle møte et allereie nedrykksklart Aksla, men 800 tilskuerar på stadion opplevde lagets første heimetap på 3 år. Bergsøy rota vekk opprykket.

Bildet: Eit smertefullt minne frå 1975. Aksla sto i vegen for eit Bergsøyopprykk til landets nest øverste divisjon. Bergsøy skulle seinare klare det historiske opprykket 5 år seinare, men mange meinar at laget hadde hatt større sjanse for å halde seg ein divisjon høgare om opprykket hadde kome tidligare.

(www.historikk.com)

DAGENS MOTSTANDAR
Når det gjelder fiskeredskaper KONTAKT EGERSUND HERØY AS MJØLSTADNESET, TLF. 70 08 04 80

VASSENDGUTANE I FISKARHALLEN

Vi gjentek suksessen og inviterer til ny fest med Vassendgutane!

Lørdag 30.09.2023 - Dørene opnar kl. 20

Vassendgutane er "Originalen av Festcountry". Dei er bandet som kan fylle heile konserten med allsongar som: Granada, Ungkar med Dobbelseng, Hjortejakt, Siste Dans, Silikon i Tatti, Hytta mi, Sånn so de va før og Hurragutt.

Alkohol og matservering. 18-års grense.

LØRDAG 30.09.2023

FISKARHALLEN

TLF: 911 94 480

Bergsøy A-lag Herre

Terminliste og Tabell 2023

Oppdatert 21.06

Fair play handler om respekt. Både for kvarandre som medspelar, motspelar, trenar, lagleiar, og dommar. Det er viktig at vi skal oppføre oss bra både på trening, kamp og på reise til og frå.

Vi tek godt imot gjestande lag og dommar.

Vi har respekt for speletid, laguttak og i det dommaren bles i fløyta for.

Vi som foreldre/familie/supportarar må også hugse dette.

Vi deler hvert år ut Årets Fairplay priser. Kriteriane for denne prisen er bla respekt, gode haldningar, oppmøte og det å vær ein god lagspelar.

Vi har også haldningskontrakt til alle aktive fom 13 år-18 år, og kvart lag skal ha sin egen fair play representant.

Fair play er viktig både på og utanfor bana!

Oppdatert 21.06

Vestbas Holding AS

Terminliste
Bergsøy A-lag
og Tabell 2023
Dame

Bad – Vaskerom - Varme - Vedovner – Gasspeis - Kvitevarer

Vi leier ut lokaler på klubbhuset

Treng du selskapslokale til dåp, konfirmasjon, bursdager eller andre hendingar?

No kan du leige selskapslokale på BIL Fotball sitt klubbhus! Vi leige ut i helger. Lokalet passar fint for selskap opp til 60-70 personar.

Kjøkken med kjølehjørne, komfyr, steamoppvaskmaskin, stor kaffekokar og dekketøy.

Interessert i å leige?

Send mail til kristin@bergsoy.no for meir info/reservasjon.

HERØYHAV AS

Synsundersøking? Tlf 700 88 195 E-post: fosnavag@interoptik.no Brillekonto - Det koster ikkje meir enn ved kontant kjøp! Facebook: www.facebook.com/nymark.fosnavag

6065 ULSTEINVIK - TLF. 70 01 74 20

Xtra

Meld barnet ditt på HAV Xtra fredagar kl 14.30 - 16.00. Vi gler oss til å ta imot nye 3.klassingar i haust!

Målet med HAV Xtra er å gi jenter og gutar i 3-7.klasse eit ekstra treningstilbud på tvers av aldersgrupper, og har som hovudmålsetting å halde barn i aktivitet. Akademiet rettar seg mot dei barna som ivrar etter å vere i aktivitet og spele fotball.

Vi legg opp aktivitet og øvelsar med mål om å føle meistring. Gjennom vårt treningsopplegg med trenarar med lang trenar- og spelarerfaring, legg vi til rette for at barna får utvikling over tid. Dei lærer og erfarer at "øvelse gjer meister" og at det er morosamt å spele fotball og trene saman med andre.

HAV Xtra er inklusiv i treningsavgiften.

Transport: Alle må kome seg til Havila Stadion Fosnavåg sjølve.

Spond brukast som informasjonskanal til spelarar/foreldre og til påmelding. Det blir lagt ut event for kvar trening slik at det skal være enkelt for alle å følge med på beskjed eller endringar.

Link for påmelding HAV Xtra : https://group.spond.com/UGVKZ

Spørsmål? Ta kontakt:

Magnus Myklebust, tlf 95247209 / magnus@bergsoy.no

Konstanse Torgersen Nærø, tlf 99015191 / konstanse@bergsoy.no

Tlf.70080700 Email:post@e-s.no Mjølstadnesvegen 22, 6092 Fosnavåg
ei trygg og sikker reise!
Køyrer du med Bjørlykke Transport får du

FLEST MULIG, LENGST MULIG, BEST MULIG

Bergsøy IL-Fotball ønsker å se ”hvor gode kan vi bli her vi bor”. Ved riktig bruk av våre ressurser, både menneskelig og økonomiske, håper og tror vi på vår visjon om at vi vil bidra til å gjøre Herøy til en enda bedre plass å bo.

Vår visjon er avhengig av at vi har en arena for alle, en arena der alle skal føle seg velkommen og trives uansett nivå. Våre trenere og ledere er innforstått med vår strategiplan, og skal etter beste evne inkludere alle som vil spille fotball, og gi de et trenings og kamptilbud tilpasset sitt nivå og ambisjoner.

Vi skal også ha lov å bli god i Bergsøy IL-Fotball, og vi skal legge forholdene til rette for de som vil satse. Et av våre mål er å øke rekrutteringen og få spillerne til å holde på lengst mulig. Når spillere gir seg av naturlige årsaker, håper vi at de fortsatt ønsker å være en del av miljøet, gjennom å bidra videre i Bergsøy IL-Fotball som frivillig, leder, trener etc. Vi ønsker å skape et livslangt godt forhold til Bergsøy IL-Fotball.

STØTT
- dei støttar
våre annonsørar
oss!
EIN ARENA FOR ALLE
ÅLESUND | VOLDA | FOSNAVÅG Før het vi Møretrygd, nå er vi Granne: Det nære forsikringsselskapet på Nordvestlandet. ______________________________________________ www.fosnavaag-pelagic.no https://www.granne.no/
Bergsøy IL Fotball sin offisielle utstyrsleverandør

BERGSØY IL-FOTBALL - Organisasjonen

Styret - Lars Conradi Andersen, Lasse Myrhol, Terje Teige, Torbjørn Hide, Veronica Nerland

Madsen, Ann-Elin Myklebust, Ronny-Pål Kvalsvik, Runar Olsen

Anleggsutvalg- Runar Olsen (anleggsansvarlig), Normann Frantsen, Gullik Kjellstadli, Per Odd

Pettersen, Tonny Pettersen / Karl-Bjarte Vike

Arrangementsutvalg - Admin

Markedsutvalg - Magnus Myklebust, Terje Teige, Daniel Jøsok Kvalsvik, Ole Magne Rotevatn

Sportslig utvalg - Ronny-Pål Kvalsvik, Lena Ihle, Ann-Elin Myklebust, Andre Søvik, Stian Elveseter

Daglig leder - Tom Beddari Sportssjef - Lars Petter Rønnestad

BERGSØY

IL- FOTBALL på sosiale medier

Følg oss på sosiale medier for å holde dykk oppdatert på det som skjer i og rundt klubben!

bergsoyil

bergsoyfotball

Bergsøy IL Fotball
HERØY MALERSERVICE
Bergsøy IL Fotball
Arenareklame · Banner/rollup · Tekstiltrykk Storformat Trykksaker · Monterig Gravering Foliering Bilde kor · Skilt Vi produserer varer og leverer tenester med kvalitet og sørvis. profilering@furene.no | www.furene.no Myklebustvegen 65, 6092 Fosnavåg Tlf 70081600 E-post: post@fosbil.no www.mekonomen.no Coo Fosnavåg Bilverksted AS
Historikk.com
anbefaler alle å ta ein tur innom www.historikk.com. Her finn du det meste frå Bergsøy IL si flotte historie
Vi
NESTE HEIMEKAMP: HOVDEBYGDA,
Fredag 11.08 Kl. 18.30

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.