Bergsøy vs Ørsta - 26.05.23

Page 1

A leading supplier of quality assured supply services to the offshore industry, nationally as well as internationally.

havilashipping.no

Bergsøy

sin leverandør av dagligvarer og kioskvarer

LEIARKOMMENTAR

Kjære fotballvenner, Etter ein lang treningsvinter er endeleg fotballsesongen her, og både små og store er utolmodige etter å komme i gang med kamper og turneringar. Med tett på 40 påmeldte Bergsøylag er det mykje fotballmoro i vente! Vi gler oss over at den fine utviklinga med auke i aktive held fram, og spesielt på jentesida har vi stor vekst. Vi kan no tilby eit likeverdig tilbod i barnefotballen for både gutar og jenter.

Fjoråret var det første normale driftsåret for klubben på nokre år, og det var stor aktivitet og mykje flotte sportslege resultat. Vi har satsa på å utvikle trenarane våre, og klubben er i ein situasjon der vi har svært mange kompetente og engasjerte trenarar på alle nivå. Dette er ein viktig føresetnad for å fortsette å utvikle oss sportsleg – både for laga og våre aktive.

Kostnadane ved å drive idrettslag følger utviklinga elles i samfunnet, og også i Bergsøy Fotball merkar vi godt at utgiftene aukar. Vi må omstille oss i henhold til dette, og ønsker samstundes å unngå at det påverkar vår sportslege satsing. Vi er også klar over at hushaldningane merkar inflasjonen på kroppen, og vedtok difor å halde kontingenten uendra i 2023. Dette er mogleg takka være den store frivillige innsatsen mange legg ned, men vi treng enda fleire som bidreg i større og mindre roller.

Ein annan viktig faktor for å gi eit best mogleg tilbod er alle våre økonomiske støttespelarar og sponsorar. Bergsøy Fotball er heldige, og har solid støtte i vårt lokale næringsliv. Dette er vi svært takksame for.

Kunstgraset på Havila Stadion Fosnavåg er utslitt, og må skiftast ut. Vi er glade for at Herøy kommune ser samfunnsverdien som skapast i Bergsøy Fotball, og vil legge til rette for dette. Med over 400 aktive er vi ein viktig aktør for folkehelsa i kommuna, og eit anlegg som gir oss anledning til å drive med all vår aktivitet er eit møst for oss.

Sportsleg sett har vi store forventningar til året som kjem. Vi har mange lovande jenter og gutar i alle alderstrinn, og er trygge på at dei vil fortsette si fine utvikling i 2023. Vi vil også gratulere Bergsøy Handball sitt herrelag med opprykket til 1. divisjon, og håper dei med det har sett standarden for ein sportsleg opptur i heile idrettslaget!

Vi vil med det ønske både aktive, frivillige og supporterar lykke til med sesongen, og håper å sjå mykje folk på anlegget vårt gjennom 2023. Du finn oppdaterte vekeplaner og kampoppsett på våre heimesider og Facebook. Heia Bergsøy!

Med sportsleg helsing

Lars Conradi Andersen

Styreleiar Bergsøy Fotball

HAV Group er glade fotballen

endelig er i gang igjen og

ønsker alle i Bergsøy lykke til med sesongen! havgroup.no

HAV Group ASA

–for ei bærekraftig framtid på havet

Vår offisielle utstyrsleverandør

Handling, processing and cooling of fish to the seafood industry

We are transforming the seafood industry by offering complete and sustainable system solutions for the handling, processing and cooling of fish to the seafood industry, onshore, onboard and in aquaculture – worldwide.

mmcfirstprocess.com

Velkomne til ny heimekamp på Havila Stadion Fosnavåg.

Førre fredag tok vi ein fortjent og solid 3-0-siger borte mot Rollon. Enrique Crespo Søvik scora sitt andre hattrick for sesongen, og tredje hattrick i sin 12. kamp for klubben sidan han kom til Herøy i fjor haust. Med over eit mål i snitt per kamp er han Fosnavågs svar på Haaland. Vi håper scoringane fortsetter å renne inn for bankmannen frå Bergen!

Det var sjølvsagt godt å finne vinnarsporet igjen etter to kampar der vi ledar langt ut i kampen, men gir det bort mot slutten. At det har skjedd mot Langevåg borte og Skarbøvik heime, akkurat som i fjor, gjer at vi så langt har spegla resultata vi hadde i 2022. Det har satt oss i ein utfordrarposisjon som vi håper å utføre like bra som for eit år sidan.

Ørsta er kveldens motstandar. Etter opprykket frå 5. divisjon for to år sidan, og 7. plass i divisjonen i fjor, har laget foran denne sesongen forsterka seg. Knut Erik Myklebust frå Brodd og Evan Aambø frå Spjelkavik er blant dei som har blitt henta inn, og vipps står ørstingane med full pott og tabelltopp etter at halve vårsesongen er gjort unna.

Med det er det fyrste gong sidan Herd i fjor at vi ikkje er favorittar på heimebane, og vi håper at gutta sprudlar med lave skuldrer i kveld! Daniel Sandvik braut kragebeinet mot Rollon, og vart operert før i veka. Han er ute resten av vårsesongen. Kjetil Paulsen og Magnus Myklebust er også ute, men elles stiller vi med ei slagkraftig tropp.

Vi håper på eit vokalt og entusiastisk heimepublikum i kveld! Ha ein god kamp og heia Bergsøy!

Helsing, Lars-Petter Rønnestad

Trenarkommentar
BERGSØY A-LAG HERRE BERGSØY A-LAG HERRE
Besøk oss på nettsida: www.heroy.kommune.no Vi er også på Instagram Youtube Adr.: PB. 274 6099 Fosnavåg tlf.: 70 08 13 00 Heia Bergsøy! Bergsøy IL Fotball gjer eit stort og viktig arbeid for å aktivisere barn og unge. Takk for ein fantastisk innsats!

HAV CUP 2023

Vi gler oss til HAV CUP 2023!

Lørdag 9.september arrangerer vi HAV CUP og ein kan allereie no melde på lag!

Meir informasjon om cupen og påmelding finn du på havcup.cups.nu

Instagram: canndesignstudio

Facebook: @canndesignface

CANN AS - MERKEVARE- OG DESIGNSTUDIO

Vi leverer konsulenttjenester innen design, identitet/merkevarebygging og markedsplanlegging/rådgivning.

Ta gjerne kontakt med oss for å diskutere hva vi kan bidra med for å styrke deres merkevare ved hjelp av design og markedsføring.

cann.no
GJERNE
MEDIER
FØLG OSS
PÅ SOSIALE

BERGSØY A-LAG DAME

Trenar: Konstanse T Nærø

Lagleiar: Ingolf Leikanger

VASSENDGUTANE I FISKARHALLEN

Vi gjentek suksessen og inviterer til ny fest med Vassendgutane! Lørdag 30.09.2023 - Dørene opnar kl. 20

Vassendgutane er "Originalen av Festcountry". Dei er bandet som kan fylle heile konserten med allsongar som: Granada, Ungkar med Dobbelseng, Hjortejakt, Siste Dans, Silikon i Tatti, Hytta mi, Sånn so de va før og Hurragutt.

Alkohol og matservering. 18-års grense.

LØRDAG 30.09.2023

FISKARHALLEN

Visjonen vår er å bidra til å gjere Herøy til ein endå bedre skal vere ein arena for alle der målet er at vi

inkludere flest mulig,behalde alle lengst mulig, og legge til rettefor å verte best mulig.

VISJON, STRATEGI OG VERDIER I BERGSØY IL FOTBALL

Bruk oss innenfor regnskap, skatt, avgift og lønn!

A-LAGS DEBUTANTANE NIKLAS & SANDER

Vi tok oss en prat med Niklas Nerland Elveseter og Sander Makipera Vike som begge er 1.års guttespelara, og allereie fått debuten på A-laget!

Sander debuterte i 3-0 seieren over Hovdebygda i første seriekamp, og var også nære på å skore. Niklas fikk sin debut heime mot Volda 2 veka etter og dermed har begge to fått sin A-lags debut før dei vart konfirmerte!

Hadde dokke trua på at dokke allereie i år skulle få muligheita å debutere på A-laget?

Vi hadde vel trudd det kom til å ta noken år til før vi var aktuelle for seniorfotballen, men det har vore kjekt og gir mykje motivasjon til å stå på vidare!

Kva er ambisjonane dokka når det gjeld fotball?

Først og fremst skal vi jobbe hardt for å fortsette å være aktuelle for A-laget i Bergsøy, men på sikt er målet Eliteserien og om mulig enda høgare.

Har dokke satt dokke eit mål for denne sesongen?

Gjerne få meir speletid på A-laget, men det viktigaste i år for oss blir å utvikle oss vidare som fotballspelarar. No har vi fått kjent på A-lags fotball og veit kva som må til for å hevde oss der.

Kva er favorittklubben din, og har du ein fotballspelar du ser ekstra opp til og prøva å lære av?

Sander: Favorittklubben er Liverpool. Firmino er ein eg har sett opp til lenge, men også Thiago, Curtis Jones og Gakpo er spelara eg prøver å lære av.

Niklas: Eg heier på Barcelona og ein spelar eg ser opp til er Pedri som spelar midtbane same som meg. Han brukar eg å lære av.

Kva trivst dokke best med utanfor fotballbana?

Mesteparten av tida går med til fotballen som vi elska og også en del egentrening på Aktiv, men utenom det er begge enige i at det å henge ilag med vennar er viktig, samt spele videospel (Sander) og kjøre båt (Niklas).

Det gror godt i dei yngre rekker og vi gler oss til å følge Sander og Niklas si fotballkarriere vidare!

Heia Bergsøy!

Seier 3-0 mot Volda 2: F.v.: Niklas Nerland Elveseter (debutant), Enrique Crespo Søvik (hattrick-matchvinnar), Theodor Kessler Myking (debutant) og Sander Makipera Vike (debut på heimebane). Seier 0-3 mot Hovdebygda: Sander fekk sin debut borte mot Hovdebygda i første seriekamp i år.
LOKALAVISA - NÆR OG KJÆR FØLG LOKALSPORT I LOKALAVISA, SOM ER TETT PÅ! Fosnavåg -Tlf. 70 08 44 00 - www.vestlandsnytt.no

DAGENS MOTSTANDAR

Idag spelar Bergsøy heimekamp mot Ørsta. Desse laga har møtt kvarandre 72 gangar før i seriesamanheng, og Ørsta er dermed den klubben Bergsøy har møtt aller flest ganger.

På heimebane: 13-10-13 Målforskjell 67-73 På bortebane: 8-6-22 Målforskjell 43-83

Totalt: 21-16-35 Målforskjell 110-156

Som statistikken viser har Ørsta eit historisk tak på Bergsøy både på heimebane og bortebane, men Bergsøy har faktisk berre eitt tap heime mot Ørsta på siste 10 oppgjøra (4 sigerar-5 uavgjort-1 tap). Dei fem heimekampane mot Ørsta før den tid viser 4 tap og en uavgjort, og dette viser at Ørsta ofte har vore ein vanskelig motstander. Verst gikk det i 1992 da Frode Tømmerbakk scora seks mål på Bergsøy Stadion, og Ørsta vann 8-0. Men mange vil også ha gode minner fra oppgjøra mot Ørsta: Klubbane møttest kvart år mellom 1970 til 1980 og Bergsøy opplevde mange jamne og gode heimesigrar i denne perioda. Fred Frantzen scora mål i mange av desse kampane, deriblant fire mål i 1974 der Bergsøy vann 5-0, som også er den største sigeren Bergsøy har hatt mot Ørsta.

Ifjor blei det 2-0 etter mål av Pijus Marcinkevicius og Nils Erik Engen. Det er lov å håpe på samme resultat denne gangen, men Ørsta er i form og suveren på toppen av tabellen med 6 strake sigerar.

Noko spesielt med Ørsta hittil i sesongen er at det er fleire spelarar som har stått fram og scåra mange mål. Lasse Rebbestad (hattrick mot blindheim), Knut Erik Myklebust (hattrick mot Norborg/Brattvåg2) er to av målscorarane ein må passe seg for, mens spiss Evan Aambø med drakt nummer 11 scorar jamnt og trutt omtrent heile veien.

Så her må Bergsøy være skjerpa. (www.historikk.com)

Når det gjelder fiskeredskaper KONTAKT EGERSUND HERØY AS MJØLSTADNESET, TLF. 70 08 04 80

2022: Nærmare 80 deltakarar i alderen 6 - 12 år deltok på fjorårets Tussa Sommarcamp!

Vi gler oss til Tussa Sommarcamp, tre dager fra tirsdag 15.augusttorsdag 17. august!

Sett av datoane allereie no!

I fjor var det imponerande 80 sprudlande og glade deltakarar i alderen 6-12år som deltok, og vi håpar på enda fleire i år til ei kjekk fotballsamling.

Tussa Sommarcamp er også ein fin måte å avslutte sommarferien på, og gjere seg klar til både haustsesongen i fotball og nytt skuleår!

Påmelding og meir info kjem!

TUSSA SOMMARCAMP 2023

TLF: 911 94 480

Bergsøy A-lag Herre

Terminliste og Tabell 2023

Fair play handler om respekt. Både for kvarandre som medspelar, motspelar, trenar, lagleiar, og dommar. Det er viktig at vi skal oppføre oss bra både på trening, kamp og på reise til og frå.

Vi tek godt imot gjestande lag og dommar.

Vi har respekt for speletid, laguttak og i det dommaren bles i fløyta for.

Vi som foreldre/familie/supportarar må også hugse dette.

Vi deler hvert år ut Årets Fairplay priser. Kriteriane for denne prisen er bla respekt, gode haldningar, oppmøte og det å vær ein god lagspelar.

Vi har også haldningskontrakt til alle aktive fom 13 år-18 år, og kvart lag skal ha sin egen fair play representant.

Fair play er viktig både på og utanfor bana!

Bergsøy A-lag Dame

Terminliste og Tabell 2023

Bad – Vaskerom - Varme - Vedovner – Gasspeis - Kvitevarer

Vi leier ut lokaler på klubbhuset

Treng du selskapslokale til dåp, konfirmasjon, bursdager eller andre hendingar?

No kan du leige selskapslokale på BIL Fotball sitt klubbhus! Vi leige ut i helger. Lokalet passar fint for selskap opp til 60-70 personar.

Kjøkken med kjølehjørne, komfyr, steamoppvaskmaskin, stor kaffekokar og dekketøy.

Interessert i å leige?

Send mail til kristin@bergsoy.no for meir info/reservasjon.

HERØYHAV AS

Synsundersøking? Tlf 700 88 195 E-post: fosnavag@interoptik.no Brillekonto - Det koster ikkje meir enn ved kontant kjøp! Facebook: www.facebook.com/nymark.fosnavag

6065 ULSTEINVIK - TLF. 70 01 74 20

Xtra

Meld barnet ditt på HAV Xtra fredagar kl 14.30 - 16.00.

Målet med HAV Xtra er å gi jenter og gutar i 3-7.klasse eit ekstra treningstilbud på tvers av aldersgrupper, og har som hovudmålsetting å halde barn i aktivitet. Akademiet rettar seg mot dei barna som ivrar etter å vere i aktivitet og spele fotball.

Vi legg opp aktivitet og øvelsar med mål om å føle meistring. Gjennom vårt treningsopplegg med trenarar med lang trenar- og spelarerfaring, legg vi til rette for at barna får utvikling over tid. Dei lærer og erfarer at "øvelse gjer meister" og at det er morosamt å spele fotball og trene saman med andre.

HAV Xtra er inklusiv i treningsavgiften.

Transport: Alle må kome seg til Havila Stadion Fosnavåg sjølve.

Spond brukast som informasjonskanal til spelarar/foreldre og til påmelding. Det blir lagt ut event for kvar trening slik at det skal være enkelt for alle å følge med på beskjed eller endringar.

Link for påmelding HAV Xtra : https://group.spond.com/UGVKZ

Spørsmål? Ta kontakt:

Magnus Myklebust, tlf 95247209 / magnus@bergsoy.no

Konstanse Torgersen Nærø, tlf 99015191 / konstanse@bergsoy.no

Tlf.70080700 Email:post@e-s.no Mjølstadnesvegen 22, 6092 Fosnavåg
ei trygg og sikker reise!
Køyrer du med Bjørlykke Transport får du

FLEST MULIG, LENGST MULIG, BEST MULIG

Bergsøy IL-Fotball ønsker å se ”hvor gode kan vi bli her vi bor”. Ved riktig bruk av våre ressurser, både menneskelig og økonomiske, håper og tror vi på vår visjon om at vi vil bidra til å gjøre Herøy til en enda bedre plass å bo.

Vår visjon er avhengig av at vi har en arena for alle, en arena der alle skal føle seg velkommen og trives uansett nivå. Våre trenere og ledere er innforstått med vår strategiplan, og skal etter beste evne inkludere alle som vil spille fotball, og gi de et trenings og kamptilbud tilpasset sitt nivå og ambisjoner.

Vi skal også ha lov å bli god i Bergsøy IL-Fotball, og vi skal legge forholdene til rette for de som vil satse. Et av våre mål er å øke rekrutteringen og få spillerne til å holde på lengst mulig. Når spillere gir seg av naturlige årsaker, håper vi at de fortsatt ønsker å være en del av miljøet, gjennom å bidra videre i Bergsøy IL-Fotball som frivillig, leder, trener etc. Vi ønsker å skape et livslangt godt forhold til Bergsøy IL-Fotball.

STØTT
- dei støttar
våre annonsørar
oss!
EIN ARENA FOR ALLE

Før het vi Møretrygd, nå er vi Granne: Det nære forsikringsselskapet på Nordvestlandet.

KONTAKT OSS:

Telefon: 70 10 12 50

Epost: post@granne.no

ÅLESUND | VOLDA | FOSNAVÅG
Bergsøy IL Fotball sin offisielle utstyrsleverandør

BERGSØY IL-FOTBALL - Organisasjonen

Styret - Lars Conradi Andersen, Lasse Myrhol, Terje Teige, Torbjørn Hide, Veronica Nerland

Madsen, Ann-Elin Myklebust, Ronny-Pål Kvalsvik, Runar Olsen

Anleggsutvalg- Runar Olsen (anleggsansvarlig), Normann Frantsen, Gullik Kjellstadli, Per Odd

Pettersen, Tonny Pettersen / Karl-Bjarte Vike

Arrangementsutvalg - Admin

Markedsutvalg - Magnus Myklebust, Terje Teige, Daniel Jøsok Kvalsvik, Ole Magne Rotevatn

Sportslig utvalg - Ronny-Pål Kvalsvik, Lena Ihle, Ann-Elin Myklebust, Andre Søvik, Stian Elveseter

Daglig leder - Tom Beddari Sportssjef - Lars Petter Rønnestad

BERGSØY

IL- FOTBALL på sosiale medier

Følg oss på sosiale medier for å holde dykk oppdatert på det som skjer i og rundt klubben!

bergsoyil

bergsoyfotball

Bergsøy IL Fotball
HERØY MALERSERVICE
Bergsøy IL Fotball
Arenareklame · Banner/rollup · Tekstiltrykk Storformat Trykksaker · Monterig Gravering Foliering Bilde kor · Skilt Vi produserer varer og leverer tenester med kvalitet og sørvis. profilering@furene.no | www.furene.no Myklebustvegen 65, 6092 Fosnavåg Tlf 70081600 E-post: post@fosbil.no www.mekonomen.no Coo Fosnavåg Bilverksted AS
Historikk.com
anbefaler alle å ta ein tur innom www.historikk.com. Her finn du det meste frå Bergsøy IL si flotte historie
Vi

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.