Programblad - Bergsøy vs SIF/Hessa 12.mai

Page 1

A leading supplier of quality assured supply services to the offshore industry, nationally as well as internationally.

havilashipping.no

Bergsøy

sin leverandør av dagligvarer og kioskvarer

LEIARKOMMENTAR

Kjære fotballvenner, Etter ein lang treningsvinter er endeleg fotballsesongen her, og både små og store er utolmodige etter å komme i gang med kamper og turneringar. Med tett på 40 påmeldte Bergsøylag er det mykje fotballmoro i vente! Vi gler oss over at den fine utviklinga med auke i aktive held fram, og spesielt på jentesida har vi stor vekst. Vi kan no tilby eit likeverdig tilbod i barnefotballen for både gutar og jenter.

Fjoråret var det første normale driftsåret for klubben på nokre år, og det var stor aktivitet og mykje flotte sportslege resultat. Vi har satsa på å utvikle trenarane våre, og klubben er i ein situasjon der vi har svært mange kompetente og engasjerte trenarar på alle nivå. Dette er ein viktig føresetnad for å fortsette å utvikle oss sportsleg – både for laga og våre aktive.

Kostnadane ved å drive idrettslag følger utviklinga elles i samfunnet, og også i Bergsøy Fotball merkar vi godt at utgiftene aukar. Vi må omstille oss i henhold til dette, og ønsker samstundes å unngå at det påverkar vår sportslege satsing. Vi er også klar over at hushaldningane merkar inflasjonen på kroppen, og vedtok difor å halde kontingenten uendra i 2023. Dette er mogleg takka være den store frivillige innsatsen mange legg ned, men vi treng enda fleire som bidreg i større og mindre roller.

Ein annan viktig faktor for å gi eit best mogleg tilbod er alle våre økonomiske støttespelarar og sponsorar. Bergsøy Fotball er heldige, og har solid støtte i vårt lokale næringsliv. Dette er vi svært takksame for.

Kunstgraset på Havila Stadion Fosnavåg er utslitt, og må skiftast ut. Vi er glade for at Herøy kommune ser samfunnsverdien som skapast i Bergsøy Fotball, og vil legge til rette for dette. Med over 400 aktive er vi ein viktig aktør for folkehelsa i kommuna, og eit anlegg som gir oss anledning til å drive med all vår aktivitet er eit møst for oss.

Sportsleg sett har vi store forventningar til året som kjem. Vi har mange lovande jenter og gutar i alle alderstrinn, og er trygge på at dei vil fortsette si fine utvikling i 2023. Vi vil også gratulere Bergsøy Handball sitt herrelag med opprykket til 1. divisjon, og håper dei med det har sett standarden for ein sportsleg opptur i heile idrettslaget!

Vi vil med det ønske både aktive, frivillige og supporterar lykke til med sesongen, og håper å sjå mykje folk på anlegget vårt gjennom 2023. Du finn oppdaterte vekeplaner og kampoppsett på våre heimesider og Facebook. Heia Bergsøy!

Med sportsleg helsing

Lars Conradi Andersen

Styreleiar Bergsøy Fotball

HAV Group er glade fotballen

endelig er i gang igjen og

ønsker alle i Bergsøy lykke til med sesongen! havgroup.no

HAV Group ASA

–for ei bærekraftig framtid på havet

Vår offisielle utstyrsleverandør

Handling, processing and cooling of fish to the seafood industry

We are transforming the seafood industry by offering complete and sustainable system solutions for the handling, processing and cooling of fish to the seafood industry, onshore, onboard and in aquaculture – worldwide.

mmcfirstprocess.com

Velkomen til ny heimekamp på Havila Stadion Fosnavåg, der SIF/Hessa er dagens gjestar!

Etter ein god start og 3-0-siger borte mot Hovdebygda i serieåpninga, var det kjekt å vere tilbake på heimebane mot Volda 2 for to veker sidan. Flott ramme og støtte frå dryge 270 tilskodarar og nok ein ny 3-0-siger. Så vart det dessverre tap borte mot eit ungt og hardtarbeidande Langevåg. Vi dominerte fyrste 80 minutta og hadde meir enn nok store sjansar til å auke eitmålsleiinga, men ikkje var dyktige nok foran motstandars mål.

I staden vart det nokre kaotiske sluttminutt der vi slapp inn tre mål, etter å ha gått over seks timar i forkant utan å ha sloppe inn eit einaste baklengs…. Fotballen er fascinerande!

Elles i seniorfotballen i Bergsøy tok rekruttlaget sin fyrste siger i 5. divisjon tidlegare denne veka, då dei vann 3-1 borte i nabooppgjeret mot Sande. Kom gjerne å støtt dei på heimebane på måndag når dei tek imot topplaget FK Sykkylven! Kvinnelaget til Bergsøy har dessverre fått utsatt sine to siste seriekampar i 4. divisjon ettersom motstandar har hatt mannskapsutfordringar. Neste kamp for dei er om to veker, og i mellomtida møtte dei G16 til treningskamp i går.

Aldersbestemt fotball er godt i gang med cupar, miniturneringar og seriespel. Det er kjekt å sjå den store aktiviteten og ikkje minst spelegleda som vert vist. Eit nytt kull med 6-åringar er også starta opp med over 30 jenter og gutar, og dei var på si fyrste miniturnering førre helg.

Kveldens motstandar for herrelaget er altså SIF/Hessa, som også står med seks poeng etter tre kampar. Eit godt organisert lag med mykje fart og fysikk, og fleire spennande enkeltspelarar. I fjor tapte vi begge kampane mot dei i serien, og det er noko vi sjølvsagt ynskjer å revansjere i kveld.

Kjetil Paulsen og Magnus Myklebust er begge ute med skader, og det er fortsatt usikkert når dei er tilbake. Elles har vi berre noko smårusk som normalt er på denne tida, så vi stiller ei god og slagferdig tropp og går sjølvsagt for tre nye poeng!

Gutta er klare til å gjere sitt beste, og vi håper på god støtte frå dykk. Ha ein god kamp og heia Bergsøy!

Helsing, Lars-Petter Rønnestad

Trenarkommentar
BERGSØY A-LAG HERRE BERGSØY A-LAG HERRE
Besøk oss på nettsida: www.heroy.kommune.no Vi er også på Instagram Youtube Adr.: PB. 274 6099 Fosnavåg tlf.: 70 08 13 00 Heia Bergsøy! Bergsøy IL Fotball gjer eit stort og viktig arbeid for å aktivisere barn og unge. Takk for ein fantastisk innsats!

Vekas profil - Junior #14

Bli bedre kjent med vår nye midtbanemann!

Full name: Junior Al. Román Tombini

Age: 26

Born: Palma (Mallorca)

Clubs you have played for: RCD Mallorca, CD Llosetense, Rápido de Bouzas, Córdoba CF, Zamora CF, CE Felanitx, Xerez Deportivo FC, ASD Ugento, LGFK, Bergsøy.

Favourite Club: RCD Mallorca

Best football experience in your career: Win the Spanish championship U-16

Why Bergsøy? Because of circumstances I decided to come to Norway and Bergsøy is the club that has shown me the most ambition to grow in the future. Pedro also gave me good references about the club and it is a well organised club.

I think the most important thing is to enjoy the sport, so I hope I can continue to do it for a long time. I hope to continue to meet new colleagues and places and to contribute where I can. I also hope to be able to repay the trust that the club has placed in me and that at the end of the season we all end up happy with how far we have come.

Your ambitions: To feel fulfilled and to be able to help the club achieve its objectives.

Describe yourself in three words: Calm, orderly and brave.

Funfact about yourself: I have the same birthday as Norway

Foto: Steffen Kvalsund

Instagram: canndesignstudio

Facebook: @canndesignface

CANN AS - MERKEVARE- OG DESIGNSTUDIO

Vi leverer konsulenttjenester innen design, identitet/merkevarebygging og markedsplanlegging/rådgivning.

Ta gjerne kontakt med oss for å diskutere hva vi kan bidra med for å styrke deres merkevare ved hjelp av design og markedsføring.

cann.no
GJERNE
MEDIER
FØLG OSS
PÅ SOSIALE

BERGSØY A-LAG DAME

Trenar: Konstanse T Nærø

Lagleiar: Ingolf Leikanger

SUNNMØRSAKADEMIET

Sunnmørsakademiet er eit ekstratilbud kvar søndag for jenter og gutar 10 og 11 år i Bergsøy og naboklubbar.

I år vert dette eit tilbod for 10- og 11-åringane, gutar og jenter, som vil trene meir enn berre lagstreningar. SunnmørsAkademiet er både eit spelar- og trenarutviklingstiltak. Spelarar frå naboklubbar er også invitert, og det er gratis å delta. Det er lokale trenarar i Bergsøy som leiar desse øktene.

Sunnmørsakademiet Bergsøy er i samarbeid med Aafk, Hødd og Sunnmøre Fotballkrets.

(SunnmørsAkademiet kjem i tillegg til ekstratilbudet HAV Xtra på fredagane i barnefotballen).

Ivrig gjeng: Bilde tatt frå første samling då Fredrik Carlsen (leiar SunnmørsAkademiet) og Elias Larsen (spelarutviklar SunnmørsAkademiet) leia økta saman med dyktige lokale trenarar.

Visjonen vår er å bidra til å gjere Herøy til ein endå bedre skal vere ein arena for alle der målet er at vi

inkludere flest mulig,behalde alle lengst mulig, og legge til rettefor å verte best mulig.

VISJON, STRATEGI OG VERDIER I BERGSØY IL FOTBALL

Bruk oss innenfor regnskap, skatt, avgift og lønn!

BILDER FRÅ MINITURNERING

Ingenting er kjekkare enn sol, miniturnering og ekte fotballglede!

6-åringane var forrige helg på deira aller fyrste miniturnering! Stor stas å endelig få spele kampar ilag med dei nye lagvennindene sine! G6 var også på miniturnering og storkosa seg saman med nye kompisane sine!

Bergsøy J7 var også i Volda på miniturnering. Jentene stilte med 3 lag som alle spelte 3 kampar! Ein flott fotballdag med kjempegod innsats av alle saman!

Bergsøy G7 tok turen til Gurskøy på miniturnering! Flott opplegg og god stemning gjennom heile dagen! Gutta viser stor innsats og fekk krona turneringa med såpebobler!

Bergsøy G8 var på Hasundgot med 3 lag! Kjempe kjekk dag med mykje fotball og stor innsats!

Vi i Bergsøy Fotball er stolt og glad over å sjå våre yngste i aksjon og gler oss til å følge gjengen i tida framover!

Heia Bergsøy!

LOKALAVISA - NÆR OG KJÆR FØLG LOKALSPORT I LOKALAVISA, SOM ER TETT PÅ! Fosnavåg -Tlf. 70 08 44 00 - www.vestlandsnytt.no

DAGENS MOTSTANDAR

Bergsøy har spelt 9 kampar mot SIF/Hessa sidan samanslåinga i 2017.

Heimebane: 3 sigerar og 2 tap med målforskjell 12-7,

Bortebane: 2 sigerar, 1 uavgjort og 1 tap, med målforskjell 10-6.

Ifølge statistikken hørest det jamt ut og med ein fordel til Bergsøy, men fakta er også at SIF/Hessa sine tre sigerar mot Bergsøy har kome i dei tre siste oppgjøra imellom laga. Det betyr at Bergsøy har ei oppgåve med å snu ein dårlig trend, etter at SIF/Hessa har vunnet 1-0 og 5-3 på Havila Stadion dei to siste åra. Fjorårets 5-3 tap skjedde etter mange omrokkeringar på laget, og Bergsøy låg under med 4-0 allereie til pause.

Før samanslåinga av SIF/Hessa hadde Bergsøy møtt SIF 54 gangar og Hessa 12 gangar i seriesamanheng. Det er kun Ørsta (72 kampar) som Bergsøy har møtt fleire gangar.

Det har vore mange spennande kampar, men en omdiskutert hendelse mellom Bergsøy og Skarbøvik skjedde i Bergsøy sin 2-1 bortesiger mot SIF i 1970. Bergsøy får frispark og vippar ballen opp til Jack Pettersen som dunkar ballen i mål til 1-0. På Skarbøvik sitt lag spiller Helge Skuseth som nokre år seinare blir Start-spelar og der dette trekket blir kjent som "start-vippen".

1970: Bergsøyvippen. Jack Pettersen heilt til venstre dundrer til etter vipp fra Kjartan Fagerlund, og stillinga blir 1-0
Når det gjelder fiskeredskaper KONTAKT EGERSUND HERØY AS MJØLSTADNESET, TLF. 70 08 04 80

KLUBBDOMMERE

Før sesongstart ble det holdt Klubbdommerkurs her på klubbhuset. Kurset ble ledet av Abbas Tamimi fra kretsen, med bistand fra klubbens dommeransvarlig Arnstein Selvåg. Det ble en trivelig og ikke minst lærerik kveld. Tusen Takk for godt oppmøte.

Vi hadde 38 deltagere som til daglig spiller på våre G13,G14 og J15 laget. Lagledere og trenere deltok også.

I tillegg til dommerutdanning gir også kurset en meget god innføring i fotballreglene, som er nyttig for alle.

Vi håper at mange av deltagerne er klar for å prøve seg som dommere.

Klubbdommerkurset er første trinn i dommerutdanningen. Etter gjennomført kurs kan deltakerne dømme opp til og med 12 års klassen.

Vi ønsker alle klubbdommere lykke til med sesongen, både som dommere og spillere!

TLF: 911 94 480

Bergsøy A-lag Herre

Terminliste og Tabell 2023

Fair play handler om respekt. Både for kvarandre som medspelar, motspelar, trenar, lagleiar, og dommar. Det er viktig at vi skal oppføre oss bra både på trening, kamp og på reise til og frå.

Vi tek godt imot gjestande lag og dommar.

Vi har respekt for speletid, laguttak og i det dommaren bles i fløyta for.

Vi som foreldre/familie/supportarar må også hugse dette.

Vi deler hvert år ut Årets Fairplay priser. Kriteriane for denne prisen er bla respekt, gode haldningar, oppmøte og det å vær ein god lagspelar.

Vi har også haldningskontrakt til alle aktive fom 13 år-18 år, og kvart lag skal ha sin egen fair play representant.

Fair play er viktig både på og utanfor bana!

Bergsøy A-lag Dame

Terminliste og Tabell 2023

Bad – Vaskerom - Varme - Vedovner – Gasspeis - Kvitevarer

Vi leier ut lokaler på klubbhuset

Treng du selskapslokale til dåp, konfirmasjon, bursdager eller andre hendingar?

No kan du leige selskapslokale på BIL Fotball sitt klubbhus! Vi leige ut i helger. Lokalet passar fint for selskap opp til 60-70 personar.

Kjøkken med kjølehjørne, komfyr, steamoppvaskmaskin, stor kaffekokar og dekketøy.

Interessert i å leige?

Send mail til kristin@bergsoy.no for meir info/reservasjon.

HERØYHAV AS

Synsundersøking? Tlf 700 88 195 E-post: fosnavag@interoptik.no Brillekonto - Det koster ikkje meir enn ved kontant kjøp! Facebook: www.facebook.com/nymark.fosnavag

6065 ULSTEINVIK - TLF. 70 01 74 20

Xtra

Meld barnet ditt på HAV Xtra fredagar kl 14.30 - 16.00.

Målet med HAV Xtra er å gi jenter og gutar i 3-7.klasse eit ekstra treningstilbud på tvers av aldersgrupper, og har som hovudmålsetting å halde barn i aktivitet. Akademiet rettar seg mot dei barna som ivrar etter å vere i aktivitet og spele fotball.

Vi legg opp aktivitet og øvelsar med mål om å føle meistring. Gjennom vårt treningsopplegg med trenarar med lang trenar- og spelarerfaring, legg vi til rette for at barna får utvikling over tid. Dei lærer og erfarer at "øvelse gjer meister" og at det er morosamt å spele fotball og trene saman med andre.

HAV Xtra er inklusiv i treningsavgiften.

Transport: Alle må kome seg til Havila Stadion Fosnavåg sjølve.

Spond brukast som informasjonskanal til spelarar/foreldre og til påmelding. Det blir lagt ut event for kvar trening slik at det skal være enkelt for alle å følge med på beskjed eller endringar.

Link for påmelding HAV Xtra : https://group.spond.com/UGVKZ

Spørsmål? Ta kontakt:

Magnus Myklebust, tlf 95247209 / magnus@bergsoy.no

Konstanse Torgersen Nærø, tlf 99015191 / konstanse@bergsoy.no

Tlf.70080700 Email:post@e-s.no Mjølstadnesvegen 22, 6092 Fosnavåg
ei trygg og sikker reise!
Køyrer du med Bjørlykke Transport får du

FLEST MULIG, LENGST MULIG, BEST MULIG

Bergsøy IL-Fotball ønsker å se ”hvor gode kan vi bli her vi bor”. Ved riktig bruk av våre ressurser, både menneskelig og økonomiske, håper og tror vi på vår visjon om at vi vil bidra til å gjøre Herøy til en enda bedre plass å bo.

Vår visjon er avhengig av at vi har en arena for alle, en arena der alle skal føle seg velkommen og trives uansett nivå. Våre trenere og ledere er innforstått med vår strategiplan, og skal etter beste evne inkludere alle som vil spille fotball, og gi de et trenings og kamptilbud tilpasset sitt nivå og ambisjoner.

Vi skal også ha lov å bli god i Bergsøy IL-Fotball, og vi skal legge forholdene til rette for de som vil satse. Et av våre mål er å øke rekrutteringen og få spillerne til å holde på lengst mulig. Når spillere gir seg av naturlige årsaker, håper vi at de fortsatt ønsker å være en del av miljøet, gjennom å bidra videre i Bergsøy IL-Fotball som frivillig, leder, trener etc. Vi ønsker å skape et livslangt godt forhold til Bergsøy IL-Fotball.

STØTT
- dei støttar
våre annonsørar
oss!
EIN ARENA FOR ALLE

Før het vi Møretrygd, nå er vi Granne: Det nære forsikringsselskapet på Nordvestlandet.

KONTAKT OSS:

Telefon: 70 10 12 50

Epost: post@granne.no

ÅLESUND | VOLDA | FOSNAVÅG
Bergsøy IL Fotball sin offisielle utstyrsleverandør

BERGSØY IL-FOTBALL - Organisasjonen

Styret - Lars Conradi Andersen, Lasse Myrhol, Terje Teige, Torbjørn Hide, Veronica Nerland

Madsen, Ann-Elin Myklebust, Ronny-Pål Kvalsvik, Runar Olsen

Anleggsutvalg- Runar Olsen (anleggsansvarlig), Normann Frantsen, Gullik Kjellstadli, Per Odd

Pettersen, Tonny Pettersen / Karl-Bjarte Vike

Arrangementsutvalg - Admin

Markedsutvalg - Magnus Myklebust, Terje Teige, Daniel Jøsok Kvalsvik, Ole Magne Rotevatn

Sportslig utvalg - Ronny-Pål Kvalsvik, Lena Ihle, Ann-Elin Myklebust, Andre Søvik, Stian Elveseter

Daglig leder - Tom Beddari Sportssjef - Lars Petter Rønnestad

BERGSØY

IL- FOTBALL på sosiale medier

Følg oss på sosiale medier for å holde dykk oppdatert på det som skjer i og rundt klubben!

bergsoyil

bergsoyfotball

Bergsøy IL Fotball
HERØY MALERSERVICE
Bergsøy IL Fotball
Arenareklame · Banner/rollup · Tekstiltrykk Storformat Trykksaker · Monterig Gravering Foliering Bilde kor · Skilt Vi produserer varer og leverer tenester med kvalitet og sørvis. profilering@furene.no | www.furene.no Myklebustvegen 65, 6092 Fosnavåg Tlf 70081600 E-post: post@fosbil.no www.mekonomen.no Coo Fosnavåg Bilverksted AS
Historikk.com
anbefaler alle å ta ein tur innom www.historikk.com. Her finn du det meste frå Bergsøy IL si flotte historie
Vi

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.