2 minute read

DAGENS QUIZ

Next Article
LEIARKOMMENTAR

LEIARKOMMENTAR

I kvart programblad denne sesongen finn du ein quiz der du kan vinne premier ved å delta. Dagens premie er 2x Bergsøy-krus. Vinnar blir kontakta i neste veke. Svara finn du som regel inne i programbladet.

1. Kor mange Bergsøylag er påmeldt sesongen 2023?

A. 27 B. 39 C.44

2.

Kor mange seriekampar spelar Bergsøy A-lag Herre heime på

Havila Stadion Fosnavåg i 2023?

A. 11 B. 14 C. 16

3. Kven er dagens matchsponsor mot Volda 2?

A. Sparebanken Møre B. A.Våge C.Vestlandsnytt

4. Kva dag arrangerer Bergsøy HAV Xtra for barn 3-7 klasse?

A. Onsdag B. Fredag C. Søndag

Klikk her for å delta!

Handling, processing and cooling of fish to the seafood industry

We are transforming the seafood industry by offering complete and sustainable system solutions for the handling, processing and cooling of fish to the seafood industry, onshore, onboard and in aquaculture – worldwide.

mmcfirstprocess.com

Velkomen til årets fyrste heimekamp på Havila Stadion Fosnavåg!

Volda 2 er eit nytt betjentskap for Bergsøy. Dagens motstandar rykka opp til 4. divisjon etter ein god fjorårssesong, og har mange unge og lovande spelarar på laget. Samt nokre med erfaring frå fyrstelaget i Norsk Tipping-ligaen. I serieopninga vann dei 1-0 heime mot Aksla, og viste der at dei er eit lag som har ambisjonar om å gjere opphaldet i øvste krinsserie lenger enn berre i år.

Gutta leverte ein god prestasjon i opningskampen då vi vann 3-0 borte mot Hovdebygda. Etter ein jamn fyrste halvtime, vart det etter kvart klasseforskjell på laga, og sigeren kunne fort blitt større. Vi er godt nøgd med å ta med oss tre poeng frå ei bortebane der fleire lag skal få trøbbel i år.

Årets Bergsøy-lag er mykje likt det som avslutta sesongen godt i fjor. Nokre spelarar har vi mista i vinter, andre har kome inn. Mangeårig Bergsøy-kaptein Kjetil Paulsen er endeleg tilbake i klubben etter nokre år med fysioterapeut-studiar og spel for Lokomotiv Oslo. Junior Tombini er også ny i laget etter overgangen frå Sande FK, medan Glenn Are Elveseter og Arsene Simbi har komt opp frå rekruttstallen.

I kampen mot Hovdebygda hadde vi også tre debutantar. 15-åringane Sander Makipera Vike og Henrik Frøysa, samt fyrsteårsjunior Nikolai Løken Eide. Fleire unggutar i Bergsøy hospiterar allereie med herrelaget, og endå fleire vil få sjansen framover. Vi håper det inspirerer både spelarane det gjeld, lagkameratane som vakar rundt dei og yngre spelarar i klubben til satsing på fotballen.

Målsettinga i dag er som i alle kampar å utvikle spelet vårt, og gjere ein god prestasjon. Klarer vi det, tek vi tre poeng!

Bergsøy-publikum er kjent som det beste i divisjonen, og det er nydelig å ha dykk på laget! Vi håper på godt støtte i årets fyrste heimekamp! Ha ein god kamp og heia Bergsøy!

Helsing, Lars-Petter Rønnestad

I årets fotballsesong har Bergsøy 39 påmeldte lag!

Ein stor takk til alle våre fantastiske trenarar, lagledere og alle som gjer ein fantastisk jobb med å halde oppe god aktivitet kvar veke som skapar trivsel og utvikling for våre håpefulle. Vi ønsker alle våre Bergsøylag lykke til i årets fotballsesong, og håpar at den blir fylt med mykje fotballglede og gode opplevelsar.

Heia Bergsøy!

Kampar for våre Bergsøylag veke 18:

Instagram: canndesignstudio

Facebook: @canndesignface

This article is from: