SKOTHOLMEN

Page 1

Velkomne til eit hav av smakar


SKOTHOLMEN Velkomne

PĂĽ ein eigen holme gir vi ei eigenarta oppleving PĂĽ Skotholmen er det jovialt og elegant, uformelt og profesjonelt. Velkomne til eit hav av smakar!



SKOTHOLMEN Historie

Gjennom århundrar har det handla om fisk og fiskarar på Skotholmen. Fiskeforretning og krambu, båtlag og utror.

Frå midten av 1600-talet var holmen husmannsplass. I 1770 er holmen nemnd som handelsstad. Utover på 1800-talet vart handelen driven av Rønnebergfamilien og i 1847 bygde dei sjøbuda der restauranten Kami Skotholmen no held til.

Christoffer M. Rønneberg (1832 - 1863)

I 1937 kjøpte tre Remøy-brør, Adolf, Gerhard og Joakim Remøy holmen. Dei dreiv silde-salting. Saltkummane vart brukte til å gøyme våpen under andre verdskrig og Skotholmen var stoppestad for MTBen Vigra som gjekk i Englandsfarta.

Albert Larsen Bakke (1865 - 1883) Olaf Evanger (1921 - 1930-åra) Brørne Adolf, Gerhard and Joakim Remøy (1937 - 1996) Erling og Atle Remøy (1996 - 2009) Skotholmen AS (2009 -dd.)


No er Skotholmen klar for eit nytt kapittel, og det er fortsatt fisk og sjømat som skal skape historia.


SKOTHOLMEN Mat

Kami Skotholmen er ein sjømatrestaurant som skvulpar i vasskanten eit steinkast frå Fosnavåg og eit augekast frå Ålesund.

Vi ønskjer velkomen til ein holme full av god smak med eit kjøken som følgjer sesongen og solnedgangen. Kjøkenet har havet og horisonten som levande veggbilde. Her blir det laga ureist mat hausta frå den blå åkeren. Vi har henta spesielt utvalde vinar frå Frankrike, og gir vårt heilt eigne tilbod av drikke til maten. Vi kan dekke til rundt hundre gjester i sjøbuda der vi har kjøken og restaurant. Eller vi kan servere i det røffare Røykeriet der ein kan site 24 personar til bords ved langbord. Dei snart hundre år gamle betongveggane der inviterer til tøffare menyar. Dette er staden for å knuse krabbeklør.



SKOTHOLMEN Opplevingar

Nokre gongar trengst det meir enn mat. På Skotholmen skal vi gi ei god matoppleving til fødselsdagar og andre dagar, konfirmasjon og bryllaup, båttur og blåtur. Kami Skotholmen ønskjer velkomen både private gjester og firmagjester.

Ein ti minutts båttur frå Fosnavåg tek deg til di eiga øy, ditt eige kurs, din eigen konferanse. Vi hjelper deg med å sy saman programmet. Vi har avtalar med firma som kan levere pynting av lokale, fotografering, underhaldning og anna du ønskjer for å gjere feiringa di akkurat slik du ønskjer. Vil du ut og oppleve havet, ordnar vi fartsfylt tur med rib -og med den stilige plattgattaren Skreddaren går det i snekkefart til fuglefjellet på Runde. Du også kan også vere med ut og hente maten din opp frå havet. Etter turen kan du få lage til den sjølvfiska maten i lag med kokkane om du ønskjer det. Skotholmen arrangerer sjømat- og skaldyrkurs saman med vinsmaking med innleigde vinekspertar.



Runde

SKOTHOLMEN Transport - kontakt

Skotholmen Fosnavåg

ÅLESUND lufthavn, (AES), VIGRA - FOSNAVÅG: Distanse: 87.3 km, Reisetid: 2 timer ØRSTA-VOLDA lufthavn, (hov), HOVDEN - FOSNAVÅG: Distanse: 45.8 km, Reisetid: 40 minutt

Lat opplevinga starte med transporten. Holmeturen går med store, varme og trygge båtar frå gjestebrygga i Fosnavåg. Turen tek om lag ti minutt. Lett å gå om bord og på land. Vi kan ordne med transport i samband med selskap og lukka lag. KONTAKT Spørsmål om mat eller meny, opningstider eller bestilling? Magnus Bergseth, 480 38 388 / 404 57 483 Spørsmål om opplevingspakkar, kurs og konferanse? Tone Sævik, 480 38 388 / 975 90 178



Design: www.cann.no, Foto: Siv-Elin Nærø, Eivind Sævik

www.skotholmen.no booking@skotholmen


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.