Filosofi

Page 1

Leseuniverset 5–7 Samfunnsfag 1

FilosoďŹ Ingunn Helene Kristensen


Desse bøkene høyrer til i boksen Leseuniverset 5–7 Samfunnsfag 1: Omleiringa av Akersborga Filosofi Hekser Kappløpet om Sørpolen Marco Polo Pompeii Regnskog Sjørøvarar

© Cappelen Damm AS, Oslo 2010 Føresegnene i åndsverklova gjeld for materialet i denne publikasjonen. Utan særskild avtale med Cappelens Damm AS er all eksemplarframstilling og tilgjengeliggjering berre tillate så langt det har heimel i lov eller avtale med Kopinor, interesseorgan for rettshavarar til åndsverk. Bruk som er i strid med lov eller avtale, kan føre til erstatningsansvar og inndraging og straffast med bøter eller fengsel. Til Martin – takk for hjelpa! Omsetjar: Kåre Vigestad Designar: Rune Mortensen Forlagsredaktør: Thomas Tønnessen / Hege Alnæs Trykk og innbinding: Korotan, Ljubljana ISBN 978-82-02-31975-5 www.cappelendamm.no


Leseuniverset 5–7 Samfunnsfag 1

Filosofi Tekst Ingunn Helene Kristensen Illustrasjonar Sigbjørn Lilleeng



Innhald Du er ein ďŹ losof!

. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

Det antikke Hellas

...................................................

6

....................................................................

9

. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .. . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .

16

Sokrates Platon

5

Aristoteles

.................................................................

23

3


4


Du er ein filosof! Det er heilt sikkert mykje du lurer på! Kvifor liknar du mest på pappa eller mamma? Finst det liv på andre planetar? Kva skjer når vi døyr? Korleis kan ei løvetann vekse gjennom asfalt? Kvar blir det av det kvite når snøen smeltar? For over 2300 år sidan levde det ein mann som heitte Aristoteles. Han sa at «mennesket er ein levande skapning med evne til å tenkje». Ein som tenkjer og grublar over ting, er ein filosof. Ein filosof er ein som leitar etter kunnskap og vil finne ut av saker og ting. Er du ein filosof? Mennesket har så lenge det har levd, grubla over ulike ting, men det var i det gamle Hellas at filosofar og vitskapsmenn tok til å setje ord på og skrive ned det dei tenkte på eller fann ut. Vi kan seie at mykje av den kunnskapen vi har i dag, oppstod i det gamle Hellas. Aristoteles var ein filosof som levde i Hellas i den perioden vi kallar antikken. Det gjorde Sokrates og Platon òg.

5


Det antikke Hellas Perioden som vi kallar det antikke Hellas, varde i nesten tusen år. Men den viktigaste perioden var rundt 400 f.Kr. I denne perioden oppstod nye tankar, filosofi og vitskapar som er like viktige i dag. Folk levde i byar og landsbyar. Dei fleste byane og øyane i Hellas hadde ein eineherskar, ein tyrann. Det vil seie at éin eller nokre få bestemmer. Men i Aten var det annleis. Aten hadde demokrati som styreform. Det vil seie at folket bestemte ved at dei valde kven som skulle lage lover og bestemme skattar på vegner av resten av folket. I vår tid er Noreg eit demokratisk land. Det greske folket var glade i song og musikk, og dei bygde store utandørs teater, det vi kallar amfiteater. Komediar og tragediar var god underhaldning. Elles var det viktig å drive idrett, og dei olympiske leikane og andre idrettsarrangement var populære høgdepunkt. Idrettsutøvarane var som regel nakne når dei konkurrerte. Men grekarane var også glade i å kle seg og pynte seg. Kleda var ofte kvite eller fargesterke. Folk pynta seg med smykke og sminke. Det var viktig å vaske seg med jamne mellomrom og å vere velstelt.

6


7


Grekarane trudde på mange gudar. Dei viktigaste gudane var Zevs (sjefsguden), Apollon (guden for medisin og helse), Poseidon (havguden) og Afrodite (kjærleiksgudinna). Gudane fekk sine eigne, flotte tempel. Dersom du reiser til Akropolis i Aten, kan du framleis sjå mange av desse templa.

8


Sokrates Sokrates var fødd omkring år 470 f.Kr. i Aten. Han blir av mange rekna som far til den vestlege filosofien. Det har levd filosofar før Sokrates òg, men Sokrates la grunnlaget for ein ny måte å tenkje på. Vi kan seie at han lærte folk å tenkje sjølve. Men det gjekk ikkje så bra med Sokrates. Då han var 70 år gammal, blei han dømd til døden. Kan du tenkje deg kva slags brotsverk han hadde gjort seg skuldig i? Sokrates meinte at rett kunnskap fører til at vi gjer dei rette tinga, og at det igjen fører til at vi blir lykkelege. Men korleis kan vi skaffe oss kunnskap som fører til lykke? Sokrates meinte at dei fleste menneske inst inne veit kva som er rett og gale, og at dette er kunnskap vi er fødde med. Problemet er berre at dei færraste av oss veit at vi har denne kunnskapen.

9


10


Oppgåva for Sokrates blei da å få menneska til å oppdage det dei eigentleg visste frå før. Det kunne berre gjerast ved å stille spørsmål, slik at kvar enkelt måtte finne fram til svaret som alt låg der. Dessutan måtte kvart menneske tenkje over den kunnskapen han eller ho hadde. «Den einaste sanne visdommen er å vite at du sjølv ikkje veit alt,» sa Sokrates. Derfor er det viktig å skaffe seg kunnskap. Sokrates var svært sosial. Han vandra rundt i gatene og på torga i Aten. Der stoppa han folk og stilte spørsmål til dei. Mange meinte at Sokrates var ein lærar. Sokrates nekta for det og sa at han ikkje lærte bort noko, men fekk folk til å tenkje.

11


Ein samtale med Sokrates På ein solskinsdag i Aten står ein mann og held tale om kor viktig det er å vere modig under ein krig, at ein mann må vere villig til å ofre livet for fedrelandet sitt. Så stikk Sokrates hovudet fram og seier: – Unnskyld at eg spør, men kva er det eigentleg du meiner med modig? – Å vere modig er å ikkje stikke av, sjølv om situasjonen er farleg. – Ja, men kva om det er lurare å plassere seg ein annan stad for å vinne over fienden? – Det er jo ei anna sak. – Jammen, da er det å vere modig i krig verken å bli der ein står eller å gå ein annan stad. Kva er modig da? Mannen rynkar på panna og seier: – Nei, når du seier det slik, så veit eg faktisk ikkje kva det er. – Ikkje eg heller, svarer Sokrates. – Men eg lurer på om det ikkje er å gjere det mest fornuftige, same om det er farleg eller ikkje. – Ja, det høyrest rimeleg ut, ropar ein tilhøyrar. – Skal vi vere einige om at modig er det same som ei sunn og fornuftig vurdering, og at ein ikkje lèt seg rive med av kjenslene? sa Sokrates.

12


Det vanskelegaste valet, meinte Sokrates, var å vite når du skal du ta igjen, og når du bør la vere. Den gode handlinga er den som er mest fornuftig. Dersom nokon prøver å erte deg opp, kva er da det mest fornuftige å gjere? Kva vil den handlinga du vel, føre til? Sokrates hadde fleire elevar, eller faste samtalepartnarar. Ein av dei var Platon. Etter det vi veit, skreiv ikkje Sokrates noko. Det vi veit om Sokrates, har vi derfor frå skriftene til Platon. Sokrates levde heile sitt liv i Aten. Mor hans var jordmor, og faren var steinhoggar. Somme hevdar at Sokrates òg arbeidde som steinhoggar, medan andre hevdar at han ikkje hadde nokon jobb. Sokrates gifta seg med Xantippe, som var mykje yngre enn han sjølv. Dei fekk tre søner saman. Sokrates var nok ikkje mykje heime. Han ville bruke tida si til det han meinte var viktigast, nemleg å filosofere. Han var mykje ute og snakka med folk. Det blir sagt at han gjekk barbeint året rundt. Sjølv sa han at han ikkje tok imot pengar for lærdommen sin, og beviset var at han ikkje hadde skor og var tynt kledd sjølv om det var vinter. Sokrates fekk mange venner. «Ein kan ikkje eige noko meir verdifullt enn ein god og trufast venn,» sa Sokrates. 13


14


Sokrates blir dømd Sokrates var stadig med i debattar. Men prinsippet var å overbevise deltakarane, ikkje overtale dei, sa Sokrates. Dei som styrte i Aten på denne tida, var redde for at Sokrates skulle få folk til å tenkje for mykje og dermed protestere mot styret. Sokrates var derfor ein trussel for dei som hadde makt i Aten. Han var særleg plagsam for folk som var redde for å miste makta si. I 399 f.Kr. blei han dømd for å ha forderva ungdommen. Det vil seie at dei som bestemte i byen, meinte at han hadde lært ungdommane å tenkje sjølve, noko som kunne føre til opptøyar og misnøye blant folk. Sokrates hadde ingen advokat under rettssaka, men heldt sin eigen forsvarstale. Det blei oppfatta som freidig og frekt. I forsvarstalen sin foreslo han at staten skulle spandere eit godt måltid på han. Dessverre blei han dømd til døden. Han måtte drikke eit beger med gift. Vennene til Sokrates prøvde først å få han til å rømme, deretter å få gjort dødsdommen om til ei bot. Men Sokrates godtok dommen. Han ofra sitt eige liv for det han meinte var viktigast – å få menneske til å tenkje.

15


Platon Platon blei fødd i 427 f.Kr. og døydde i 347 f.Kr. I motsetning til Sokrates voks Platon opp i ein rik familie. Han var ein av elevane til Sokrates og skulle vise seg å bli ein av dei viktigaste filosofane i historia. Platon var 29 år gammal da Sokrates blei dømd til døden. Platon var sterkt sjokkert over det som skjedde, og han valde å forlate Hellas ein periode for å skaffe seg meir kunnskap. Da han kom tilbake var han 40 år. Han var blitt kjend med ei gruppe filosofar som var opptekne av matematikk. Platon heldt fram med den filosofiske tenkinga han var blitt kjend med gjennom Sokrates. I år 388 f.Kr. grunnla han det som kanskje var den første skolen i verda. Denne skolen blei kalla Akademiet. Faga på Akademiet var astrologi, matematikk, gymnastikk og filosofi. Tanken bak skolen var å utdanne framtidige leiarar i Aten. Det blir òg hevda at Platon var ein stor idrettsmann. Akademiet eksisterte i omtrent 900 år før dei som bestemte i landet da, vedtok å stengje skolen. Dei var redde for at for mykje kunnskap blant folk kunne føre til opprør og misnøye.

16


17


Filosofien til Platon Tidlegare hadde filosofiske idear og tankar berre vore formulerte munnleg. Platon sette tankar og idear i system, og han skreiv ned tankane sine i bøker. Filosofien som Platon er aller mest kjend for, blir kalla idélæra. Ho går ut på at det finst to verder: den vi kan sjå med auga, og den vi ikkje kan sjå, men som likevel finst. Den verda vi kan sjå, er jo grei. Sjå deg rundt. Kva ser du? Eller som Platon ville ha sagt: Kva sansar du? Så lèt du att auga. Kan du sjå for deg ein tiger? Du veit korleis ein tiger ser ut sjølv om det ikkje er ein tiger i nærleiken av deg akkurat no. Tigeren som du ser inni deg, finst i idéverda. Platon meinte at det som finst i idéverda, er evig, medan det vi ser, eller sansar, berre varer i ei avgrensa tid. Ein tiger kjem ein gong til å døy. Men tigeren som du kan sjå inni deg, altså forma av ein tiger, lever for alltid. Kvar gong du ser ein tiger, så veit du at det er ein tiger og ikkje eit nashorn. For du har allereie forma av ein tiger i di eiga idéverd. Synest du dette er rart? Dersom du tenkjer litt over det, er du kanskje einig i at filosofien til Platon har noko for seg?

18


19


Platon hadde også tankar om korleis eit samfunn kan fungere best mogleg, og om korleis menneska kan leve saman på ein god måte. Han meinte at filosofane, eller dei med mest kunnskap, skulle styre og bestemme. Dei andre, dei med mindre utdanning, skulle vere vaktmenn og arbeidarar. Han meinte at alle burde gå på skole, også jenter. På den tida var det stor forskjell på jenter og gutar. Medan gutar var frie og hadde høve til å utvikle seg, var målet for dei fleste jenter å bli godt gifte og vere ei god kone og mor. Platon likestilte jenter og gutar. Han meinte at kvinner kunne bli like kloke som menn, og at ei kvinne som studerte, gjerne kunne vere med og styre i samfunnet. Platon sa at eit samfunn som ikkje utnytta evnene til jentene, kunne samanliknast med eit menneske som berre brukte éin arm.

20


Platon skreiv ned tankane og ideane sine i form av samtalar, nesten som skodespel. Det vil seie at to eller fleire snakkar saman og kjem fram til dei svara som Platon hadde kome fram til. I mange av «samtalane» er Sokrates med. Sidan Sokrates ikkje skreiv noko sjølv, er det gjennom Platon sine «samtalar» at vi veit korleis han levde, og korleis han gav andre kunnskap.

21


22


Aristoteles Aristoteles blei fødd i 384 f.Kr. Faren til Aristoteles var lege hos kong Filip 2. av Makedonia, og Aristoteles voks opp i krinsen rundt kongen. Makedonia var nabostaten til Hellas. Mange i Aten likte ikkje så godt styresettet i Makedonia og kalla det barbarisk. Da Aristoteles var 17 år gammal, blei han send til Aten for å studere. Han studerte på Akademiet til Platon. Aristoteles blei der i tjue år, og han blei nær venn med læraren sin, Platon. Sjølv om dei blei gode venner, var dei ikkje alltid einige om dei filosofiske ideane. Da Aristoteles var 42 år gammal, reiste han tilbake til Makedonia for å vere lærar for den neste leiaren i landet – Aleksander den store. I 336 f.Kr. blei Aleksander den store konge, berre 21 år gammal. Da reiste Aristoteles tilbake til Aten og grunnla sin eigen skole. I tillegg til å vere filosof var Aristoteles også vitskapsmann. Han undersøkte livet til plantane, dyra og menneska, og han skreiv mange bøker om det han og medarbeidarane hans fann ut. I tillegg til å gå ut og undersøkje naturen rundt seg, fekk han tilsendt materiale som Aleksander den store fekk

23


mennene sine til å ta med seg frå erobringstokta i Asia. Aristoteles gjekk grundig til verks i arbeidet sitt. Han systematiserte dyra etter pattedyr, fuglar, fiskar, krypdyr og amfibium. Arbeidet han gjorde, gjer at Aristoteles blir rekna som grunnleggjaren av fleire av naturvitskapane. Han delte naturfaga inn i • biologi (å studere levande ting) • botanikk (å studere plantar) • zoologi (å studere dyr) • fysikk (å studere kva naturen er bygd opp av, og korleis byggjeklossane i naturen påverkar kvarandre) Aristoteles var dessutan spesielt oppteken av mennesket og mennesket sin plass i naturen. Kva er det som skil mennesket frå andre levande skapningar? lurte Aristoteles på. Han meinte at tenkjeevna til mennesket gjer at vi kan lage omgrep (ord), danne oss meiningar og skaffe oss kunnskap. Aristoteles kalla skolen sin Lyceum. Her dreiv dei naturvitskapleg forsking i tillegg til den filosofiske tenkinga. Skolen hadde dessutan det største biblioteket i verda på den tida.

24


25


I 323 f.Kr. døydde Aleksander den store. Det gjorde at det blei utrygt for Aristoteles å bli verande i Aten. Alle venner av den makedonske kongen risikerte å bli arresterte. «Eg vil ikkje la atenarane synde to gonger mot filosofien,» sa Aristoteles da han flykta frå byen. Han tenkte da på det som hadde skjedd med Sokrates. Året etter døydde Aristoteles av sjukdom.

26


Ordliste antikken perioden frå 700 f.Kr. til 500 e.Kr. barbarisk rå og grufull, mangel på kunnskap og kultur e.Kr. etter Kristus, etter år 0 i vår tidsrekning f.Kr. før Kristus, før år 0 i vår tidsrekning idé ein tanke eller ei førestelling idéverd ei tenkt verd, mønsteret for ting vi kan sjå og oppleve sanse å oppfatte med sansane (Vanlegvis reknar vi med at mennesket har fem sansar: syn, høyrsel, lukt, smak og følesans.) tyrann ein som bruker vald for å herske, ein undertrykkjar

27


Oppgåver 1 Kva lurer du på? Lag fem filosofiske spørsmål som du gjerne vil ha svar på. 2 Når var perioden som vi kallar antikken? 3 Kvifor blei Sokrates dømd til døden? 4 Diskuter saman med ein annan: Kva er forskjellen på å overbevise og å overtale? 5 Finn likskapar og ulikskapar mellom Platon og Aristoteles. 6 Å røykje er farleg. Er det lysta eller fornufta som får ein person til å tenne seg ein sigarett? 7 Tenk deg at du skal intervjue Sokrates. Lag 5–10 spørsmål som du vil stille til han. Spel rollespel med ein annan. Byt på å vere Sokrates og å stille spørsmål til kvarandre. 8 Trur du at vi menneske har ei indre kjensle av kva som er rett og gale? Kan du nemne nokre døme? 9 Kvar blir det av det kvite når snøen smeltar?


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.