Samfunnsfag_6_frå_Cappelen_Damm_Grunnbok

Page 1


SAMFUNNSFAG 6

frå CAPPELEN DAMM

Grunnbok

Frøya Elisabeth Astrup

Emilie Forbes Holmen

Anne Marte Johnsen

Ingunn Langberg

Nynorsk

© Cappelen Damm AS, Oslo 2025

Materialet i denne publikasjonen er omfatta av føresegnene i åndsverklova.

Utan særskild avtale med Cappelen Damm AS er all eksemplarframstilling og tilgjengeleggjering berre tillate i den utstrekninga det er heimla i lov eller gjennom avtale med Kopinor, interesseorgan for rettshavarar til åndsverk.

All bruk av heile eller delar av publikasjonen som input eller som treningskorpus i generative modellar som kan skape tekst, bilete, film, lyd eller anna innhald og uttrykk, er ikkje tillate utan særskild avtale med rettshavarane.

Bruk av materiale frå publikasjonen i strid med lov eller avtale kan føre til inndraging, erstatningsansvar og straff i form av bøter eller fengsel.

Samfunnsfag 6 frå Cappelen Damm er laga til LK20, fagfornyinga, i faget samfunnsfag og er til bruk på barnetrinnet i grunnskulen.

Illustrasjonar: Marthe Strand Mourier

Fotografi: eiga liste.

Design og sats: Bøk Oslo AS

Omslagsillustrasjon: Marthe Strand Mourier

Omslagsdesign: Tank Design AS / Cappelen Damm AS

Forlagsredaktør: Frøya Elisabeth Astrup

Biletredaktør: Frøya Elisabeth Astrup

Repro: Narayana Press

Trykk og innbinding: Livonia Print SIA, Latvia, 2025

ISBN 978-82-02-87362-2

Utgåve 1

Opplag 1

Papiret i Cappelen Damms bøker er henta frå berekraftig skogbruk. Ingen av produkta til forlaget bidreg til avskoging eller degradering av skog. Cappelen Damm arbeider for å redusere miljøbelastninga frå bøkene våre så mykje som mogleg.

Les meir om Cappelen Damms miljøarbeid ved å skanne QR-koden:

www.cdu.no

www.laerer.cdu.no

www.skolen.cdu.no

Innhald

1 Fakta, faktisk? 4 Undring og utforsking

2 Den gong då .......................................................... 32 Samfunnskritisk tenking og samanhengar

3 Samar før og no .................................................... 64 Demokratiforståing og deltaking

4 Rettferdig for kven? ............................................. 90 Berekraftige samfunn

5 Alle saman saman ................................................ 118

Identitetsutvikling og fellesskap

Fakta, faktisk?

Alle som bur i Noreg, har rett til å seie meininga si. Likevel har vi nokre lover og reglar i samfunnet vårt som avgjer kva vi har lov til å seie og gjere, og kva vi ikkje har lov til. Til dømes kan ingen seie eller skrive noko som er direkte løgn, for å lure andre.

Men ikkje alt du ser, høyrer eller les, er nødvendigvis sant, sjølv om nokon seier eller skriv det. Korleis kan vi vite om noko faktisk er fakta? Korleis kan vi vite kva som er sant og ikkje?

For å forstå kor sant noko er, bør vi undersøkje kva agendaen til avsendaren er. Kva er målet med informasjonen som blir gitt?

Ønskjer den som seier eller skriv noko, at den som les eller ser det, skal gjere, seie eller meine noko spesielt? Kva, i så fall? Og kvifor?

LÆR OM

G fakta og meiningar

G kritisk bruk av kjelder

G bodskap og påverknad

Snakk saman

Kvifor gjer dei som dei gjer, trur du?

gir pengar til velgjerd

såg ein reklame der nokon hadde fint hår

kjøper ein bestemd balsam høyrde ein venn fortelje om ein spennande film

ønskjer seg kinobillettar

kjøper ein ny sjokolade

såg eit freistande bilete av ein sjokolade

las om barn i nød

Ytringsfridom

Alle menneske har rett til å seie det dei vil, og uttrykkje tankane og meiningane sine utan å bli straffa for det. Det er ytringsfridom.

Menneskerettane seier at alle har ytringsfridom, men retten er avgrensa.

Å ytre seg kan vere å seie eller skrive noko. Å spele inn ei lydfil eller ein film, eller å bere ein plakat med ein bodskap, er også måtar å ytre seg på. Fordi du har ytringsfridom, kan du seie kva du likar. Fordi du har ytringsfridom, kan du også seie kva du ikkje likar.

Retten til å ytre seg fritt er ein rett som står i dei norske lovene og i menneskerettane. Ytringsfridommen gir oss høve til å dele tankane og kjenslene våre med andre og vere ein del av debatten i samfunnet. Men ytringsfridom er faktisk også retten til å velje å ikkje seie noko.

Sjølv om alle menneske i Noreg har ytringsfridom, betyr det ikkje at alle kan seie akkurat kva dei vil, når dei vil det. Ytringsfridom inneber respekt for andre sine rettar og kjensler. Det er til dømes ikkje lov å true nokon, lyge om noko eller seie ting som er diskriminerande eller rasistiske. Det betyr at du kan seie kva du meiner, men du må gjere det på ein måte som ikkje skadar andre eller bryt lova.

Skriv

1 Kva betyr det å ytre seg?

2 Kva er ytringsfridom?

Ord = makt

Noreg er eit demokrati. I demokratiske land gir ytringsfridommen oss høve til å seie kva vi meiner om politikk, og kven vi vil ha som leiarar. Viss vi synest politikarane gjer ein dårleg jobb, kan vi seie ifrå om det. Men sånn er det faktisk ikkje i alle land.

Ord har makt. Ord er makt. Når vi deler tankar og meiningar, lærer vi av kvarandre og ser verda frå ulike perspektiv. Ytringsfridommen kan hjelpe oss å forstå kvarandre betre og finne ut kva som er best for samfunnet vårt.

Sjå føre deg at du er på fotballbana med vennene dine, og at det er nokre barn der som blir haldne utanfor. Tenk deg at du seier at alle bør få vere med. Viss vennene dine høyrer på det du seier, og lèt den andre gjengen få vere med, har orda dine faktisk gjort det betre for andre. Kanskje har orda dine gjort det betre for alle? Det du seier og gjer, kan ha makt til å forandre noko, både no og i framtida.

Skriv

Vel tre av orda frå ruta under, og forklar kva orda betyr.

ytre ytring samfunn regel lov rett makt

Spelereglane i samfunnet

Samarbeidsleikar, spel og sportar treng reglar for at dei som deltek, har det bra, ikkje kranglar, og forstår kva som er venta av dei. På same måte treng alle samfunn lover og reglar for å fungere. Lovene hjelper oss å halde orden og gjer at folk føler seg trygge. Dessutan fortel lovene kva som er konsekvensane av at nokon bryt dei. Lovene er spelereglane i samfunnet.

Bryt du lovene i Noreg, kan du få straff. Straff er ein konsekvens av ei ulovleg handling. Kva slags straff ein får, kjem an på kor stort lovbrotet er. Fengsel er den strengaste straffa i landet vårt. Å få bot er ei anna straff. Den som får ei

Einig eller ueinig?

• Alle samfunn treng reglar.

Somme blir dømde til samfunnsstraff for eit lovbrot.

Samfunnsstraff betyr å jobbe for samfunnet utan å få betaling for det. Det kan til dømes vere arbeid for frivillige organisasjonar eller hjelpetenester.

Lovene i Noreg er spelereglane i landet.

• Lovene hjelper oss med å halde orden.

• Alle samfunn har dei same reglane.

• Straff er ein konsekvens.

• Konsekvens» betyr «resultat av».

• Ei lov og ein regel er det same.

• Ein som parkerer feil, kan få bot.

• Samfunnsstraff er lønt arbeid.

Reglar er lokale lover som er laga for ei gruppe menneske. Til dømes har dei fleste skular eigne reglar. Mange klassar har eigne reglar òg. Det er eigne reglar for korleis ein skal spele bandy eller badminton, og for korleis medlemmene av eit kor eller korps skal oppføre seg. Reglane sørgjer for at ting fungerer best mogleg for flest mogleg.

Ein som bryt ein regel, kan også få straff. Men straffa for å bryte ein regel er mildare enn straffa for å bryte ei lov. Viss du bryt reglane når du spelar handball, kan du få gult eller raudt kort, eller ei to minutts utvising.

Normer er uskrivne reglar som seier kva som er greitt eller ikkje greitt å gjere. Å seie «tusen takk» når nokon gjer noko hyggjeleg for deg, er eit døme på ei norm. Sjølv om normer ikkje er lovpålagde, er det ofte forventa at du følgjer dei.

Kvifor det, trur du?

Snakk saman

Norm, regel eller lov? Du skal ikkje …

• stele

• rape

• slå • prompe • lyge • banne

Skriv

1 Gi eit døme på ei lov du kjenner til.

2 Gi eit døme på ein regel du kjenner til.

3 Gi eit døme på ei norm du kjenner til.

Kva fortel denne handballdommaren, trur du?

Kva er pressa?

«Presse» er ei fellesnemning for nyheitsmedium. Dei som arbeider i pressa, er folk som jobbar med å dele nyheiter og historier i medium som radio, tv, trykte aviser og nettaviser. Gjennom media når pressa ut til mange menneske på kort tid.

For å lage og publisere nyheiter samlar pressa informasjon frå ulike stader. Det er viktig for å sikre at informasjonen blir så sann og rett som mogleg. Dei som jobbar i pressa, prøver å dele historier som er viktige og interessante for folk flest.

Den viktigaste oppgåva til pressa er å halde folk informerte. Derfor prøver pressa både å finne ut kva som skjer i verda, og kvifor ting skjer. På den måten hjelper pressa oss å forstå verda betre. Men pressa skal òg formidle debattar og ulike meiningar. Kvifor er det viktig, trur du?

Pressa skal òg passe på dei som bestemmer i landet vårt. Pressa skal stille spørsmål til politikarar og andre menneske med makt for å sørgje for at dei gjer det dei har lova, og det som er venta av dei.

publisere – offentleggjere eller utgi

Snakk saman

Kva stemmer?

• Dei som arbeider i pressa, arbeider ofte med nyheiter.

• Ei nyheit er noko som er nytt.

• Pressa held nyheiter for seg sjølv.

• Pressa forsøkjer å fortelje det som er sant.

• Trykte aviser og nettaviser er akkurat det same.

Skriv

1 Forklar kva verbet «presse» kan bety.

2 Forklar kva substantivet «presse» kan bety.

Kven er pressa?

Aviser, nettaviser og tv- og radionyheiter består av fleire reportasjar. Reportasjane er laga av journalistar, fotografar og redaktørar.

Journalistar leitar etter informasjon om samfunnet og verda rundt oss. Dei intervjuar folk og besøkjer ulike stader. Dei utforskar spørsmål og samlar informasjon frå ulike kjelder. Alt saman samlar journalistane i digitale eller trykte reportasjar.

Fotografane tek bilete eller filmar for å vise og underbyggje det som journalistane fortel.

Redaktørane les over og ser gjennom det journalistane har laga eller skrive. Redaktørane er ansvarlege for det som blir publisert og vist fram.

Skriv Kva er kva, trur du?

nyheitsartikkel ein som les over og ser gjennom

omtale ei meining frå ein lesar

portrettintervju noko som fortel om ei aktuell hending

lesarbrev ei vurdering av til dømes ei bok eller ein film

redaktør eit intervju med ein spesiell person

Media

Ordet «medium» betyr eit middel som noko blir spreidd gjennom. Media leverer og presenterer informasjon.

MEDIUM

Redaksjonelle medium

Tv, aviser, nettaviser og radio er redaksjonelle medium som er styrte av ein redaktør.

Redaktøren vurderer, kontrollerer og godkjenner informasjonen.

Sosiale medium

I sosiale medium kan kven som helst opprette ein profil og lage og dele innhald. Det betyr at det ikkje er nokon som vurderer, kontrollerer eller godkjenner det som blir publisert der.

Skriv

Skriv svar på minst tre av oppgåvene under.

1 Kva gjer pressa?

2 Kva gjer media?

3 Kva er det ekstra viktig at pressa informerer om, meiner du?

4 Kvifor er det viktig at pressa informerer om nyheiter?

5 Kva redaktørstyrte medium kjenner du til?

6 Kva sosiale medium kjenner du til?

Pressa påverkar

Ei av dei største oppgåvene til pressa er å formidle nyheiter og informasjon om samfunnet og verda vi lever i. Sidan pressa avgjer kva dei skal skrive om, og media avgjer kva dei vil fortelje, og korleis dei vil fortelje det, har både pressa og media stor makt. Dei kan påverke kva vi trur og meiner.

Det som blir presentert i aviser og andre medium, blir ofte det vi diskuterer og engasjerer oss i. Viss pressa til dømes lagar mange saker om leksefrie skular, er det naturleg at nettopp leksefri blir eit samtaleemne blant både barn og vaksne.

Pressa kan påverke politikarane våre òg. Ofte er det sånn at ei sak som har vore omtalt i pressa, blir ei sak politikarane vel å bruke tid og pengar på. Dette betyr at media ikkje berre gir oss informasjon, men at dei òg kan påverke dei som tek viktige avgjerder og har makt i samfunnet vårt.

Snakk saman

1 Synest du at barn bør ha lekser? Kvifor eller kvifor ikkje?

2 Når eller korleis kan pressa påverke deg?

Lokale nyheiter

Nasjonale medium fortel om det som skjer i landet vårt. Dei fleste nasjonale media fortel om store hendingar ute i verda òg. Dei lokale media dekkjer mindre område. Ei lokalavis kan til dømes fortelje om nyheiter og arrangement i kommunen, byen eller bygda der du bur.

Tom Erik Nilsen frå Alta laga avisa Kronstadposten då han var berre elleve år gammal. Han ringde på dører i nabolaget for å spørje folk kva planar dei hadde for dagen. Andre gonger spurde han til dømes kva dei skulle ha til middag.

Kva kunne ha vore namnet på ei lokalavis der du bur?

Tom Erik Nilsen

Først delte Tom Erik ut avisa gratis. Etter kvart byrja han å selje ho. Folk i nærmiljøet likte å lese om kva som skjedde i lokalsamfunnet.

No er Tom Erik vaksen, men han lagar framleis avisa Kronstadposten. No er det jobben hans på fulltid. Avisa kjem ut både på papir og på nett, og har mange lesarar. Sjølv om Tom Erik ikkje ringjer på dører lenger, er alle sakene i avisa framleis lokale.

Visste du at … Noreg er eit av landa i verda med flest aviser per innbyggjar.

Skriv

1 Tenk deg at lokalavisa skal intervjue deg. Kva bør journalisten spørje deg om?

2 Tenk deg at du skal intervjue nokon i nærmiljøet ditt.

Kven vil du intervjue? Kva kan du spørje om?

Falske nyheiter

Pressa formidlar nyheiter og informasjon. Men det er ikkje alt pressa publiserer, som stemmer.

I 1874 skreiv ein journalist i avisa New York Herald at dyra i ein dyrepark hadde rømt. Ei heil avisside viste teikningar av ville dyr som gjekk lause i bygatene. Folk blei redde.

Avisa skreiv at nesten femti menneske var drepne, og at hundrevis var skadde. Heilt til slutt i avisartikkelen stod det at ingenting var sant. Men berre dei lesarane som fullførte heile artikkelen, fekk den beskjeden.

Mange blei sinte på avisa og på journalisten som hadde skrive artikkelen. Dei meinte at artikkelen skremde dei unødvendig.

Journalisten sa etterpå at han skreiv saka fordi han ville fortelje om dei farlege forholda i dyreparken.

New York Herald 9. november 1874

Skriv

1 Kvifor les mange berre overskrifter og bilettekstar når dei les nyheiter, trur du?

2 Kan du tenkje deg fleire grunnar til at New York Herald publiserte artikkelen om dyrehagen, sjølv om det berre var ein bløff?

Ver kritisk

På internett kan kven som helst skrive og dele omtrent akkurat det dei vil. Derfor er det viktig å vere litt skeptisk når du er på nettet. Nokre gonger prøver faktisk folk å lure deg, med vilje.

Både barn og vaksne bør vere kritiske til media dei brukar, og medvitne om kva eller kven som er kjelda og avsendaren. Ein faktasjekk er ofte både lurt og viktig. Først då veit vi om ting stemmer.

Er du sikker på at det som står, er sant?

Verkeleg?

100 % sikker?

Sjekk kjelda: Kvar kjem informasjonen frå? Nokre gonger kan kjelder som ikkje er til å stole på, spreie falske nyheiter. Verkar kjelda påliteleg?

Har du lese heile artikkelen?

Har du sjekka fleire kjelder?

Gjer det! Verkar det som står der, sant og ekte?

Gjer det!

Står det noko som liknar, fleire stader?

Fortel fleire kjelder det same?

Nokre gonger kan gammalt innhald bli delt som om det er nytt. Sjekk datoen: Er innhaldet nyleg laga og publisert?

Verkar nyheita faktisk ny?

Det er vanskeleg å vere heilt sikker, men nyheita kan vere sann.

Kan det verke som om dette er publisert tidlegare òg?

Mest sannsynleg ei ordentleg og ekte nyheit.

Finn ut Finn fram til ei nyheitssak. Undersøk saka ved hjelp av skjemaet over.

Truleg falske nyheiter.

Ver varsam

2.1.

VARSOM

2.5.

2.6.

3.7. Pressen har plikt til å gjengi meningsinnholdet det som brukes av intervjuobjektets uttalelser. Direkte sitater skal gjengis presist.

Ver varsam-plakaten er ei liste over reglar for norsk presse.

Pressa har eigne reglar dei må følgje. Reglane står skrivne på Ver varsam-plakaten.

Alt pressa publiserer i media, kan ha mykje å seie for enkeltmenneske og for samfunnet. Derfor må journalistar, fotografar og redaktørar vere varsame.

Nedst på Ver varsam-plakaten står det: Ord og bilete er mektige våpen. Misbruk dei ikkje! Kva betyr det, trur du?

Agenda

Ein agenda betyr ein plan. Til dømes kan eit klassemøte ha ein agenda . Det betyr at nokon har bestemt på førehand kva de skal snakke om på klassemøtet.

Nokre gonger er agendaen å opplyse om noko eller å forklare noko. Andre gonger kan agendaen vere å reklamere for noko.

Ein artikkel om eit nytt spel kan ha som agenda å opplyse eller å forklare. Men artikkelen kan òg ha som agenda å reklamere for spelet. Derfor er det viktig å sjå etter kven som er forfattar og avsendar. Medan ei avis truleg skriv ein spelartikkel for å informere, skriv spelutviklarane sjølv artikkelen for å reklamere. Agendaen til spelutviklarane er jo å selje spel!

Sjølv om du framleis er eit barn, må du vere kritisk til det du ser, les og høyrer. Berre sånn kan du danne deg di eiga meining og ta gode val for deg sjølv. Viss du er usikker på om det du har høyrt eller lese, er sant eller ikkje, kan du få vaksne til å vurdere det saman med deg.

Kva kan vere ein agenda for eit klassemøte?

Skriv

1 Vel tre av orda som er markerte i teksten over. Forklar kva orda betyr.

2 Vel tre andre ord blant orda som er markerte i teksten over. Bruk orda i kvar si setning.

Nyheitsbingo

Leit i trykte eller digitale aviser. Klarar du å finne eit eller fleire av døma i bingobrettet nedanfor? Finn du tre på rad, har du nyheitsbingo. Klarar du å finne eit døme på alt som er nemnt på brettet?

Veit du kvar snømenn les nyheiter?

ein omtale

ei overskrift som overdriv same sak to stader

skrivefeil

reklame ei nyheit om barn

ei nyheit om dyr ei nyheit frå eit anna land ei lokal nyheit

På vinternett.

Vakne opp

Arnulf Øverland var ein norsk forfattar og diktar. I 1937 skreiv han diktet «Du må ikke sove». I eit av versa står det:

Du må ikke sitte trygt i ditt hjem

og si: Det er sørgelig, stakkars dem!

Du må ikke tåle så inderlig vel den urett som ikke rammer deg selv!

Øverland levde før, under og etter andre verdskrigen. Han skreiv fleire dikt der han åtvara mot nazismen. Øverland var oppteken av at folk skal engasjere seg og ikkje berre sitje og sjå på når grufulle ting skjer. Bodskapen i diktet er ei åtvaring mot likegyldigheit.

Arnulf Øverland (1889–1968)

Snakk saman

1 Kva for nokre av orda under betyr omtrent det same som «likegyldig»?

2 Kva for nokre av orda under betyr omtrent det motsette av ordet «likegyldig»?

likeglad varm interessert ufølsam uengasjert nøktern upartisk passiv aktiv upåverkeleg kritisk engasjert lunken nøytral

Bodskap

Dei aller fleste tekstar er skrivne av ein grunn; dei har ein bodskap. Bodskap er det avsendaren vil seie til mottakaren. Eit debattinnlegg skal overtyde. Eit dikt skal røre. Ein artikkel skal informere.

Ein journalist som er oppteken av klima og miljø, kan skrive ein artikkel om søppelrydding langs kysten. Bodskapen i teksten kan vere at vi menneske må engasjere oss meir for å redde jorda.

Skriv

Lag ein tabell med tre kolonnar. I tittelrada på den første kolonnen skriv du «meining». I den neste kolonnen skriv du «fakta». I den siste skriv du «bodskap». Skriv inn setningane under i den kolonnen du meiner dei passar i. Kan nokon av setningane passe fleire stader?

• Ull klør.

• Bruk handlenett.

• Stockholm er hovudstaden i Sverige.

Snakk saman

Kven kan ha sagt eller skrive kva?

1: ein lærar

2: ein journalist

Alle elevar bør ha eigne skulebøker!

Desse skulane skil seg ut.

• Det er mange aviser i Noreg.

• Det er for mange aviser i Noreg.

• Ikkje gi opp!

3: ein elev

4: ein fotograf

Eit smil hevar antrekket.

Hugs matpakken!

5: ein forelder

6: ein politikar

La elva leve!

Hugs å sjå over det du har skrive.

Fakta?

To menneske som har vore akkurat same stad til akkurat same tid, kan fortelje to heilt ulike historier om det som skjedde der. Det er fordi vi menneske ser, sansar og opplever ting litt ulikt. Derfor er det viktig å bruke fleire ulike kjelder når vi skal finne ut av noko.

Ein journalist som skal skrive ei nyheitssak, bør intervjue fleire folk som er involverte i saka, for å få eit godt bilete av kva som har skjedd. På same måte må ein lærar som skal ordne opp i ein konflikt mellom to elevar, snakke med begge partar for å prøve å finne heile sanninga.

Nokre gonger endrar ei historie seg avhengig av kven som fortel ho. Derfor er det viktig å vere nysgjerrig og kritisk og å undersøkje grundig. Å bruke fleire kjelder hjelper oss å bli mest mogleg sikre på at det som blir fortalt, er fakta.

Kor mange stokkar ser du?

Skriv

1 Kva for ei av avisframsidene fortel ei sann historie, meiner du?

2 Kva for ein tittel likar du best? Kvifor?

Faktisk?

Journalistar i Noreg skal fortelje det som er sant og rett. Men stemmer alltid det dei seier?

I Noreg er pressa fri og uavhengig. Det betyr at det ikkje er nokon som kan bestemme kva pressa skal skrive og fortelje om, eller korleis dei skal gjere det. Dei som arbeider i pressa, skal og bør alltid forsøkje å fortelje sanninga. Det står på Ver varsam-plakaten.

Likevel er det av og til sånn at pressa publiserer noko som ikkje er sant, eller som ikkje stemmer. Det kan vere ei kjelde som snakkar usant, eller det kan vere nokon som fortel noko vondt eller dumt om andre for å framstå betre sjølv.

Nokre gonger er bilete manipulerte for at ting skal verke verre eller betre enn det dei eigentleg er. Andre gonger er det overskrifter som overdriv, eller reklame som manglar merking. Av og til kan ei meining bli presentert som fakta. Kvifor kan det vere skummelt, trur du?

Skriv

Vel tre av orda frå ruta under, og forklar kva orda betyr.

presse journalist avis radio publisere nyheit kjelder

Reklame

Reklame er når nokon prøver å overtyde deg om å kjøpe eller like noko. Reklame kan gi deg informasjon om nye produkt, tilbod eller arrangement. Men reklame kan òg bidra til at du føler du må kjøpe noko, sjølv om du eigentleg ikkje treng det.

All reklame er laga for å påverke kva du tenkjer, føler og gjer. Dei som lagar reklame, brukar ulike verkemiddel for å påverke deg. Nokre verkemiddel kan vere lette å leggje merke til. Andre kan vere vanskelege å få auge på.

Utsjånad

Sterke fargar som raud, turkis og gul kan få deg til å leggje merke til det som blir vist fram. Grønt blir ofte brukt for å få deg til å tenkje at noko er miljøvennleg.

Innhald

Humor kan få deg til å like ein reklame betre. Musikk i ein reklame kan gi deg ei god kjensle. Og nettopp ved å «spele på kjenslene dine» kan det vere lettare å freiste deg til å kjøpe noko.

Bodskap

Ord kan freiste. Positive ord blir ofte gjentekne mange gonger, for at du skal hugse dei. Stor skrift og gjentekne bodskap gjer det lett å få auge på, og hugse, dei viktigaste orda i ein reklame.

Skriv og teikn

Lag din heilt eigen reklame. Bruk verkemiddel frå lista over.

Kan dette vere ein reklame? For kva, i så fall?

Reklame for barn

Det kan vere vanskelegare for barn å avsløre reklame enn det er for vaksne. Derfor er det eigne lover om reklame retta mot barn.

I Noreg er det forbode å lage reklame som oppmodar barn til å kjøpe noko. Det er også forbode å lage reklame som fører til at barn masar på vaksne om at dei skal kjøpe noko til dei.

Likevel blir både barn og vaksne utsette for reklame kvar einaste dag. Dessutan kan barn få lyst på ting i reklamar som eigentleg er laga for vaksne. Kan du tenkje deg nokon døme?

Skriv

1 Kva stader ser eller høyrer du reklame?

2 Kva reklamar finn du i denne nettavisa?

Påverkarar

Ein påverkar er ein person som jobbar med å påverke oss. Påverkarane deler ting dei likar, gjer og meiner, og ønskjer å inspirere andre til å like, gjere og meine det same som dei. Av og til kan ein påverkar få deg til å kjøpe noko. Andre gonger kan ein påverkar få deg til å gjere eller meine noko.

Nokre påverkarar deler mykje frå livet sitt. Då kan det vere lett å tenkje at ein kjenner dei «på ordentleg». Av og til kan det nesten verke som om påverkarane er vennene dine. Det er ikkje så rart viss du blir inspirert til å leve som ein påverkar, dersom det einaste påverkaren viser fram frå livet sitt, er det som er kjekt og bra.

Påverkarane kan vere fine førebilete. Dei kan hjelpe deg å oppdage nye ting og gi deg nye idear. Nokre gonger kan dei også lære deg noko nytt!

Men det er lurt å hugse på at mange påverkarar tener pengar på å reklamere for produkt eller tenester. Det som kan verke som om det er den genuine meininga eller initiativet til påverkaren, kan i røynda berre vere ein reklame for noko påverkaren sjølv har fått betaling for å vise fram og fortelje om.

Snakk saman

Det smakar berre så digg! Alt er betre med …

Den sjette bokstaven i alfabetet er f.

Eg hadde ikkje klart meg utan … Finland ligg aust for Noreg.

Første pakke er gratis!

Buddhisme er ein religion.

«Bok» heiter «Buch» på tysk. … redda livet mitt.

Retusjering

Retusjering er å endre eller justere bilete eller videoar for å få noko til å sjå annleis ut. Retusjering kan vere å gjere fargar lysare eller mørkare, fjerne noko eller endre korleis stader, ting eller menneske ser ut.

Retusjering er ofte brukt i reklamar, magasin og sosiale medium for å få bileta til å sjå «perfekte» ut.

I Noreg må all reklame som er retusjert sånn at kroppsfasong, storleik eller hud er endra, merkast. Kvifor det, trur du?

Skriv

1 Kvifor trur du at bilete ofte blir retusjerte i reklamar og sosiale medium?

2 Korleis kan retusjerte bilete påverke korleis folk ser på seg sjølv og andre?

3 Kva kan vere problemet med retusjerte bilete?

Denne kua blir mjølka av ein mjølkerobot.

Kan ei maskin hjelpe?

Ein robot er ei maskin som er laga for å hjelpe oss menneske med ulike oppgåver. Har du fått hjelp av ein robot nokon gong?

Mange fjøs i Noreg har mjølkerobotar. Robotane vaskar og mjølkar kyrne.

Mjølka blir automatisk oppbevart på rett måte.

På nokre sjukehus er det robotar som fraktar og leverer mat, medisinar og sengeklede. Robotane kan jobbe døgnet rundt og er aldri sjuke eller vekke frå jobben.

Mange menneske trur at robotar vil hjelpe oss endå meir i framtida. Kanskje kan robotar lage mat, rydde eller vaske klede for deg når du er vaksen?

Sjølv om robotar kan vere gode hjelparar, er det viktig at det er menneske som styrer dei og lærer dei korleis dei skal oppføre seg. Då kan robotar kanskje gjere verda enklare, betre og meir interessant.

Snakk saman

1 Har du fått hjelp av ein robot nokon gong?

2 Kva skulle du gjerne hatt ein robot til?

Kan ei maskin tenkje?

Hjernen din er ei superkraft som hjelper deg å tenkje, forstå og løyse gåter.

Menneskeleg intelligens handlar om kor flinke vi er til nettopp å lære, forstå ting og løyse problem. Når maskiner lærer seg å gjere noko som normalt krev menneskeleg intelligens, kallar vi det for kunstig intelligens (KI).

KI brukar informasjon og mønster for å føresjå og forstå. Til dømes kan KI tilrå filmar eller musikk basert på filmar du har sett, og musikk du har lytta til. Kunstig intelligens kan gjere livet enklare på mange måtar. KI kan hjelpe legar med å finne ut kva som feilar pasientar, hjelpe bilar å køyre tryggare, og hjelpe menneske lynraskt med å finne svar på spørsmål.

Men sjølv om KI kan komme med forslag og kreative tilrådingar, kan ikkje maskiner tenkje på same måte som vi menneske kan. I alle fall ikkje enno.

Eg har lyst til …

Snakk saman

Kva kan KI? • rekne • skrive

Skriv

1 Kva står KI for?

tenkje

føle

Hei! Kva kan eg hjelpe deg med?

Basert på det du har lese til no, trur eg du vil like …

Eg lurar på …

Svaret på spørsmålet ditt kan vere …

lese

snakke

2 Kva trur du KI kan hjelpe deg med no?

3 Kva trur du at KI kan hjelpe deg med i framtida?

Menneske og maskiner, saman!

Selja elskar å hoppe på trampolinen. Ho øver på ulike triks. Men i dag landar ho feil. Veldig feil.

Armen gjer vondt. Selja og mamma reiser til «sjukestugu» i sentrum.

Inne på behandlingsrommet får Selja hjelp av ein radiograf. Ei maskin tek bilete av armen hennar.

Eitt minutt og ti sekund seinare er resultatet klart.

Maskina fant ut at Selja har eit brot i armen. Ein lege gipsar armen til Selja.

Fordi menneske og maskiner samarbeidde, gjekk behandlinga raskare enn om menneske hadde gjort vurderinga åleine.

Du kan påverke!

Skriv og teikn

Tenk deg at du er journalist ein stad der det skal opnast ein ny dyrepark.

1 Teikn to avisframsider. Skriv to ulike forslag til titlar som presenterer saka i lokalavisa.

2 Teikn eit framsidebilete på kvar av avisene som illustrerer tittelen din.

3 På kva måte treng dei ulike titlane ulike bilete?

4 Fortel begge titlane dine ei sann historie? Kvifor eller kvifor ikkje?

5 På kva måte er orda dine makt i avistitlane?

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.