2 minute read
Tverretatleg og tverrfagleg samarbeid mellom profesjonar Samarbeid om spesialundervisning og inkluderande
Den overveldande konklusjonen i forskinga vår er at forsøket på å få utbyte av samarbeid er ein aktivitet som tek alvorleg mykje tid, så den bør vurderast brukt berre når det som står på spel verkeleg er verd innsatsen. Vår bodskap til praktikarane og politikarane er den same, ikkje gjer det med mindre du må.
Det kan vere skapt eit inntrykk av at kvaliteten på opplæringa er eit spørsmål om kompetanse og samarbeid åleine. Det er vesentleg å vere merksam på at forklaringa på låg kvalitet kan vere knytt til andre sentrale strukturelle føringar både i den ordinære opplæringa, spesialundervisninga og den inkluderande praksisen. Det kan vere slik at kompetanse og samarbeid er meint å erstatte eller reparere dårlege eller lite funksjonelle løysingar i skulen. Eit døme frå debatten om den veksande skulevegringa aktualiserer temaet. Forklaringa på auken kan vere tilhøve i skulen. Den kan kome av minkande trivsel som ei følgje av større faglege krav og lite variert undervisning. Å bøte på det, som det fagleg og politisk er framlegg om, med meir psykologisk kompetanse som skal nyttast individuelt, er ikkje truverdig og heller ikkje sakssvarande (Brochmann & Madsen, 2022). Den registrerte auken i omfanget av ADHD-diagnosar som ein møter med mellom anna medisinering, kan delvis forklarast med at skulen særleg i begynnaropplæringa ikkje har vore i stand til å tilpasse undervisninga for dei elevane som er fødde seint på året (Karlstad mfl., 2017).
Samarbeidet i spesialundervisninga og inkluderande opplæring vil vere tverretatleg og tverrfagleg. Tverretatleg og tverrfagleg samarbeid involverer begge personar frå ulike profesjonar. Profesjonsomgrepet er såleis også sentralt i denne samanhengen. Bjørgo, mfl.
(2015, s. 109 f.) nyttar nemninga gjenstridige problem6 som inngang til omtalen av utfordringar i slikt samarbeid. Utfordringane kan vere komplekse og vanskelege å få innsikt i og løyse. Ofte kan mange aktørar frå fleire instansar vere involverte, med ulik forståing og forskjellige løysingsforslag. Den rette vegen vidare vil ofte vere eit val mellom fleire alternativ, kva som er den beste, kan vere nokså uvisst.
Tverretatleg samarbeid
Tverretatleg eller tverrsektorielt samarbeid er nemninga når personar frå ulike sektorar eller etatar samarbeider for å nå felles mål (Kinge, 2012, s. 32 f.). Dette samarbeidet er oftast også tverrfagleg og involverer profesjonsutøvarar med ulik bakgrunn og innsikt. Ein etat er som regel eit forvaltningsorgan med ansvar for eit avgrensa område, med eit eige lov- og regelverk og med profesjonelle fagpersonar som hovudaktørar. Aktuelt i samanheng med spesialundervisning og inkludering er samarbeid som involverer elev og foreldre saman med profesjonsgrupper frå kommunale etatar som barnehage, skule, PPT, helsetenesta og sosialtenesta. Samarbeidet kan også femne om sektorar som Statped, helseføretaka, NAV, politiet og rettsvesenet. Omfanget av og intensiteten i slik tverretatleg aktivitet kan variere mykje. På det lågaste nivået er samarbeidet relativt uforpliktande, med fråvær av informasjonsdeling, det er lite koordinert, ingen referanse til kvarandre og med svak målretting. Ein studie av samarbeidet mellom PPT og skulen om spesialundervisning for ein bestemt elev viser nett det mønsteret (Remøy, 2017). Meir avansert er å arbeide koordinert, dele og drøfte informasjon og arbeide i lag for å nå felles mål. Eit døme er når eleven, foreldre, skulen og PPT saman avklarar behovet for spesialundervisning og i fellesskap finn fram til korleis kombinere allmennpedagogiske og spesialpedagogisk tiltak for vedkomande (Remøy, 2017).
6 Deira omsetjing av «wicked problems» frå Rittel & Weber (1973).