1 minute read
Tysnes set barna høgt
from Flytt til Vestland
by Apriil Media
– Det er fint å bu her på Tysnes, vi har så mykje å finne på, sier Mia Kaldefoss Gjøvåg.
Åtteåringen er akkurat ferdig med ei god klatreøkt i Tysneshallen. Snart skal ho inn på gamingrommet i biblioteket.
– Eg driv også med svømming, kor og teater, fortel Mia, og legg til at ho er sliten i fingrane etter klatringa.
Ein fin plass å bu Tysnes klatreklubb held ope og sikrar i klatreveggen i Tysneshallen kvar onsdag. Dette er eit populært dropin tilbod for barn. Inne i hallen er det også bibliotek med gamingrom og bowling. Både biblioteket og bowlinga opplever at dei får meir trafikk grunna klatringa, og klatreklubben kan melde at det også kjem familiar der barna er meir interessert i det sosiale enn i klatringa.Rett utanfor er skuleplassen, opparbeida med pumptrack, leikestativ og ballbinge.
– Vi er stolte av at Tysnes har så mange kjekke tilbod for barn. Takka vere frivillige i eit rikt lag og organisasjonsliv. Me har mange frivillige som stiller opp veke etter veke for å gje borna våre eit variert og flott tilbod av fritidsaktivitetar, fortel ordførar Kåre Martin Kleppe.
Denne dagen er klatringa leia av Lea Qvistgaard. Ho er ein av dei frivillige som gjer ein innsats for barna på Tysnes, både med klatreklubben og som fotballtrenar for alderstrinnet til sonen.
– Klatringa er ein populær aktivitet og mykje brukt. Folk er flinke til å nytte tilboda som er lagt til rette for her på Tysnes, seier Lea Quistgaard.
Ho har berre sakna eit apotek på Tysnes, men frå no i vår er til og med det på plass.
– Det er fint å bu her for oss som har små barn. Det er veldig idyllisk og fint å la barna vekse opp her.
I tillegg til klatringa ramsar Lea opp populære aktivitetar som fotball, handball, enduroklubb (motorsykkelsport) og svømming.
– Alle barna blir kjent i barnehagen og på skulen. Dei snakkar om dei samme aktivitetane og vil gjerne drive med det same.
Mykje å velge i Barna er varme og slitne etter økta i klatreveggen. No er dei klar for ein aktiv gamingrunde. Fortsatt i Tysneshallen, inne i eige rom ved bilioteket.
– Dette er den kulaste fallskjermen, seier ein engasjert Trygve Harsvik Storetvedt (8), medan han stirrar intenst på karakteren sin på tvskjermen.
Det blir raskt god stemning på gamingrommet.
– Her les vi også ofte bøker, fortel Trygve.
– Mamma har levert bøker for meg i dag, seier Mia.
Dagens besøk i og ved Tysneshallen er snart over. Klatring, gaming, biblioteket og ballbingen blei brukt denne gongen. Kanskje blir det bowlingen eller pumptracken utanfor neste gong. Mia har likevel ein favoritt:
– Vi klatrar mykje. Eg hugsar den gongen det blei avlyst. Då blei eg lei meg!