3 minute read

inni krystallsky

inni

krystallsky

Advertisement

Elina Pirinen er koreograf, dansar, sanger – tekstforfatter – musiker, kurator, kunstnerisk leder og pedagog med base i Helsinki. Ho bruker ofte større klassiske musikkstykker som følge for ulike kroppslige, vokale og lingvistisk performative kvalitetar. Ho arbeider nært med samtidig feministisk psykoanalytisk tenking og erfaring og deira potensiale og kraft i scenisk praksis. Ho samarbeider jamnleg med Zodiak – Center for New Dance, Kiasma Theater of Kiasma Museum of contemporary art, performance art venue Mad House, Theatre Academy of University of the Arts Helsinki og Performance Art Society. Ho arbeider også med kjæledyr i nød, er gift med ein vakker mann og lagar romantisk barokk-rockmusikk med orkesteret sitt.

dei tenkte og tenkte og arbeidde og studerte og skreiv og snakka og sjekka situasjonen og sjekka igjen og tenkte og arbeidde og studerte og skreiv og snakka meir og sjekka situasjonen og sjekka på nytt og køyrte til Lidl og så heim og om morgonen tok dei over draumane hans og rommet og datamaskina og bankkontoen og festivalen og det europeiske nettverket og sykkelen og lunsjen og kollegaen hans sitt rom og datamaskina og bankkontoen og festivalen og produsentteamet og det amerikanske nettverket og sykkelen og redningshunden og lunsjen og kollegaen hans sitt rom og det tekniske teamet og draumen og blyanten og papiret og løna og blæra og levra og psykoanalytikaren og festivalen og eit av produsentteamet sine medlemar sin au pair og det asiatiske nettverket og sykkelen og far hans sin båt og lunsjen og boka og utmattelsen og kollegaen hans sin utmattelse og rommet og det tekniske teamet sitt blod og støvet og redningshunden og datamaskina og bankkontoen og løna og festivalen og produsentteamets medlems aupair sine vindu og det amerikanske nettverket og sykkelen og lunsjen og gifta og boka og kollegaen hans sin bok og blomsten og perversjonen og kollegaen hans sin blomst og perversjon og invitasjonen og døra til løyndomen og

skuggen frå veggen og kollegaen hans sin skugge frå veggen og bøna hans og kollegaen si bøn og høgtalaren og polyamorien og redningsharen og den nye ideen og kollegaen hans sin nye ide og kvile og salvie og prostata og kollegaen hans sin salvie og fortid og kollegaen hans sin hjerneskade og kollegaens kollega sin hjerneskade og den vaksne venen og dei vinka til lukta av treet i tåka frå kystlinja og krystallskya over tåka og lukta og dei tok dette over med øksa frå Lidl sin sommarkolleksjon og dei tenkte og arbeidde og studerte og skreiv og snakka og sjekka situasjonen som ei øks og med hjelp frå dei vaksne vennene let dei draumane hans og kollegaene hans sine draumar og rommet og prostataen og det asiatiske og det amerikanske og det europeiske nettverket og utmattelsen omfamne augeblikket til øksa og med den lysande refleksjonen frå bladet kauteriserte dei festivalen og blæra og datamaskina og blomsten og papiret og faren, men ikkje båten og aupairen sitt vindu og invitasjonen og boka og perversjonen og sykkelen skapte ny materialistisk komposisjon for hans framleis overlevande kollegaer til å gripe med sterk lyst og spesielt det tekniske teamet sitt blod og hjerneskaden og høgtalaren og den nye ideen hadde aldri kjend slik ein rytmisk

koreografi av eit objekt og der med sterk takksemd løyste seg opp til støv og skapte ei ny lukt av treet som vaks under krystallskya av neste sommar der redningshunden og redningsharen og aupairen og skuggen på veggen og produsentteamet og gifta og lunsjen og psykoanalytikaren og løna og levra og bankkontoen og bøna og salvia og kvila og blyanten og dei fekk ei reise med tåka på kystlinja gjennom døra av nye løyndomar.

Denne teksta oppstår frå det ultimate begjæret etter å gjennomføre «bad girls practice» som ein utopisk strategi i skapinga av kunst anno 2018. I dette tilfellet gjennom ei hardbarka frigjeringstenking i eit så fornuftig medium som språk, og dets relasjon til ideen om «sjøl-vet som ein utanforståande som snak-kar frå den posisjonen». Denne ideen om «subjektet som ein utanforståande posisjon» kan også bli sett som ei støtte til eit rettskaffe sjåvinistisk akademia der det å skrive om kunst har gått djupt til, og ut i frå, ei lingvistisk tenking og skriving som vert publisert som vellukka. I mitt arbeid som feministisk koreograf forsøker eg å omskrive denne veloppdragne framferda kvar gong nokon ber meg om å skrive, og ikkje lyde desse rettferdiggjeringane skapt av mannleg mygl gjennom tidene. Denne koreografiske språkfantasmaen spring ut frå den ultimate trongen eg og mine medsamansvorne har til å tenke med trøttheita i å forsøke å få, og oppretthalde handlekraft, i møte med ulik mannleg mygl i dansekunsten. Framfor å bruke mi faktiske tid i fengsel for mord, brukar eg fantasien og skapar kunst frå det som ein revolusjon. Oversatt fra engelsk av Solveig Styve Holte / Fanny Holmin

This article is from: