2 minute read
Opning
from Koreografi 2018
by Dansens Hus
Framfor deg har du no den andre utgåva av antologien KOREOGRAFI. På nytt vil vi utvide og bygge ei rik og kompleks forståing av omgrepet. Eit mangfald av stemmer virksomme i feltet for dans og koreografi i Norden vert synleg. Alle tekstene er nyskrivne for denne antologien, og alle er skrivne av kunstnarar. Gjennom å dele refleksjonar og problemstillingar, kan vi tilnærme oss koreografi som eit eige kunnskapsfelt. Vi, som uavhengig redaksjon med base i Oslo, brukar antologien for å strekke oss ut mot og bidra til å skape eit større nordisk fagfellesskap.
Initiativet bak KOREOGRAFI spring fram frå ei interesse for det språket kunstnarar sjølve kan utvikle. Skribentane er alle på ulike stadar i si tilnærming. Felles er at dei alle forsøker å finne eit produktivt forhold til språket, så språket kan nyttast til det dei treng det til i kunstnarskapa sine. Der nokon meistrar og brukar ei akademisk form for å stille spørs- mål og skape endring – viser andre til det akademiske som uttømt for muligheiter og leitar etter nye former og uttrykk.
Advertisement
Antologien er eit initiativ for å støtte og fremme kritiske perspektiv kring koreografisk prak- sis, samt strukturar vi som kunstnarar er av- hengige av. Ambisjonen vår er å ta vare på eit refleksjonsrom som vi opplever er trua, nemleg tenkinga frå og kring dei kunstnariske arbeida. I ei tid då kunstnarar flest lever med konstante krav om sjølvpromotering, sjølviscenesettelse og sirkulasjon, opplevast dette som desto viktigare. Når kunnskap blir delt, kan fleire få ta del i samtalen. Vi kan utfordre og destabilisere vedtatte sanningar, og nye omgrep og definisjonar kan kome til.
Mangfaldet er avgrensa, vår orientering utilstrekkelig og nokre tekster som skulle vore med er ikkje her. For oss peikar dette fram mot nye utgåver med rom for nye stemmer.
Nokre problemstillingar har vi kjent akutte. Sommaren 2017 diskuterte vi korleis det var viktig å synleggjere ulike feministiske tilnærmingar i feltet vårt. Dette var rett før #Metoo, og i etterdønningane etter hausten 2017 sine rørsler, er det annleis både å skrive og lese desse tekstene. Spørsmålet er korleis vi kan praktisere feminisme på solidariske måtar, og få til ein vedvarande samtale kring strukturar i kunstfeltet som diskriminerer på grunnlag av kjønn, legning, etnisitet, alder eller klasse.
I ei tid då den offentlege samtalen stadig polariserast og populariserast er det mange som stiller spørsmål ved kva kunsten er eller skal gjere. Å utvide den enkelte si røynd gjennom å utvikle språket, auke kunnskapen og spisse den kritiske refleksjonen, er vårt bidrag til samtalen.
Solveig Styve Holte skaper, utøver og undersøker dans og koreografi gjennom framsyningar, tekster og utstillingsarbeid. Lightness: Fleire, soloen ÆØÅ i ABOUT med Ann-Christin Kongsness og Flakkande røynd med Rannei Grenne undersøker alle kollektive arbeidsstrukturer og ulike tilnærmingar til historiske arkiv. Holte har medverka til flere bokprosjekter, vore formidlingskonsulent ved Dansens Hus, har to barn og bur i Oslo. For mer informasjon se: www.choreography.no