Solveig Styve Holte Ann-Christin Kongsness Venke Marie Sortland
Opning Framfor deg har du no den andre utgåva av antologien KOREOGRAFI. På nytt vil vi utvide og bygge ei rik og kompleks forståing av om grepet. Eit mangfald av stemmer virksomme i feltet for dans og koreografi i Norden vert synleg. Alle tekstene er nyskrivne for denne antologien, og alle er skrivne av kunstnarar. Gjennom å dele refleksjonar og problem stillingar, kan vi tilnærme oss koreografi som eit eige kunnskapsfelt. Vi, som uavhengig redaksjon med base i Oslo, brukar antologien for å strekke oss ut mot og bidra til å skape eit større nordisk fagfellesskap. Initiativet bak KOREOGRAFI spring fram frå ei interesse for det språket kunstnarar sjølve kan utvikle. Skribentane er alle på ulike stadar i si tilnærming. Felles er at dei alle forsøker å finne eit produktivt forhold til språket, så språket kan nyttast til det dei treng det til i kunstnarskapa sine. Der nokon meistrar og brukar ei akademisk form for å stille spørsmål og skape endring – viser andre til det akademiske som uttømt for muligheiter og leitar etter nye former og uttrykk. Antologien er eit initiativ for å støtte og fremme kritiske perspektiv kring koreografisk praksis, samt strukturar vi som kunstnarar er av hengige av. Ambisjonen vår er å ta vare på eit refleksjonsrom som vi opplever er trua, nemleg tenkinga frå og kring dei kunstnariske arbeida. I ei tid då kunstnarar flest lever med konstante krav om sjølvpromotering, sjølv iscenesettelse og sirkulasjon, opplevast dette som desto viktigare. Når kunnskap blir delt, kan fleire få ta del i samtalen. Vi kan utfordre og destabilisere vedtatte sanningar, og nye omgrep og definisjonar kan kome til.
3