5 minute read

Nestleiaren i Delta har ordet

MARIT SOLHEIM, nestleiar i Delta

Det har gått ei tid, og det kan vere fint å sjå kva vi har fått til saman så langt.

Samarbeidet mellom AVYO og Delta starta som eit prøveprosjekt våren 2020, og etter eit år vart det einigheit om å gå inn som sjølvstendig organisasjon frå 30. april 2021. Sidan dette har samarbeidet utvikla seg og vi jobbar heile tida i fellesskap for å gje eit godt og eit endå betre tilbod til medlemmene våre.

Som medlem i AVYO og Delta er du med i ein partipolitisk uavhengig organisasjon. Det vil seie at vi støttar ingen parti, og medlemskontingenten går tilbake til medlemmene. Som medlem har du mange medlemsfordelar, som gode tillitsvalde, Delta Direkte, gode forsikrings­ og bankfordelar med meir.

AVYO i Delta har hatt god vekst dei seinare åra, og frå å vere eit reint statleg forbund, kjem no ein veksande del av medlemmene frå kommunal sektor. Samarbeidet mellom tillitsvalde lokalt i AVYO og Delta er viktig for at alle medlemmene blir godt ivaretatt, både på statleg og kommunal side.

2024 – LANDSMØTE I AVYO OG KONGRESS I DELTA

2024 er eit spannande år for både AVYO og Delta. AVYO med eige Landsmøte framfor seg, og Delta med Kongress. Dette er store, betydningsfulle og viktige begivenheiter. Det er her vi avgjer våre politiske og organisatoriske prioriteringar for dei neste fire åra. Det er her vi fattar vedtak på handlingsprogramma og dei prioriterte innsatsområda våre. Ikkje minst; det er her vi vel dei øvste tillitsvalde som skal leie organisasjonen dei neste fire åra.

Nestleiar i Delta, Marit Solheim og leiar Trond Ellefsen, under YS inntektspolitiske konferanse i februar 2024. Foto: Thomas Brun/NTB Kommunikasjon

For å kunne påverke Deltas prioritering og retning i åra som kjem, oppfordrar eg alle til å diskutere dykkar viktigaste fanesaker på nettverkssamlingar og sende inn dei forslaga som kjem. Forslaga må sendast før 1. mai, og ha gjerne tett kontakt med representantskapsmedlemmene dine fram mot kongressen.

Vi lever i ei uforutseieleg tid med auka forskjellar mellom menneske, samfunn og land. Auka polarisering utfordrar fagrørsla over hele verda.

I denne tida er det derfor viktig for heile Delta, både taktisk og strategisk, å tenke korleis vi skal plassere oss i det framtidige organisasjonssamfunnet.

Det er viktig at vi i Delta og AVYO er med i tida og deltek aktivt på vegne av medlemmene våre.

På enkelte område svekkast det organiserte samfunnet med at færre fagorganiserer seg, samtidig som ei aukande krise kan vere mobiliserande for at fleire vil organisere seg. Det er viktig at vi i Delta og AVYO er med i tida og deltek aktivt på vegne av medlemmene våre.

Den digitale revolusjon har skapt nye rom og moglegheiter, og også nokre utfordringar. Kunstig intelligens (KI) utfordrar oss som menneske, arbeidstakarar og som fagforening på ein heilt ny måte. Vi må vere svært oppegåande, og offensivt sikre at medlemmene våre både blir ivaretatt og beskytta.

Det blir også viktig å sikre reell deltaking og kompetanse i overgangen, under det grøne skiftet til endå meir digitalisering.

Dette er eksempel på perspektiv som Landsmøte i AVYO og Kongressen i Delta bør diskutere.

REGIONANE I DELTA SITT SAMARBEID MED AVYO I DELTA

Samarbeidet mellom Delta og AVYO har vart nokre år no og synest å fungere svært godt. Vi styrkar kvarandre og dreg vekslar på kvarandre sin kompetanse på ein konstruktiv måte.

Vi har bygd på gjensidig respekt for at AVYO og Delta har identiteten sin, tradisjonane sine og forma si. Gjennom gjensidig respekt har vi bygd tillit og fått til et konstruktivt samarbeid, som fungerer på alle nivå, både politisk og administrativt, lokalt, regionalt og sentralt.

Delta er inndelt i seks regionar der vi har tilsette over heile landet som jobbar for medlemmene våre. Alle Delta­regionane har ulike møtepunkt med medlemmer og tillitsvalde i AVYO. Vi jobbar for å bli endå betre kjende med kvarandre sine organisasjonar. Det er viktig å ha fokus på kva ein kan få til saman, til det beste for alle medlemmene våre.

Eit teikn på at samarbeidet fungerer er at AVYO i Delta veks på det kommunale området.

Fellesskapet vårt gjev synergieffektar fordi tilsette lokalt i stat og kommune kan få nytte av at tillitsvalde lokalt kan vere tettare på kvarandre.

Marit Solheim under AVYOs landsstyremøte i 2023.

KVA SKJER I LØNNSOPPGJERET I ÅR?

Årets lønnsoppgjer er viktig for medlemmene våre. I år må lønningane stige meir enn prisane. Vi har ikkje hatt reallønnsvekst sidan 2015, og verdiskapinga som skjer ute på arbeidsplassane må også komme tilsette til del. Fokus på offentleg tenesteyting vert viktig også dette året.

Sentralt i år er også arbeidet med ein tariffavtale i staten.

Vi har ikkje hatt reallønnsvekst sidan 2015, og verdiskapinga som skjer ute på arbeidsplassane må også komme tilsette til del.

I staten er det, som kjent, to tariffavtalar, Unio/Akademikeravtalen og LO/YS­avtalen. Dette resulterer i utilsikta lønnsforskjellar er vanskeleg for staten å handtere effektivt og rettferdig. Staten har også vore heilt klare og tydelege på at dei ønskjer ein avtale. I dette arbeidet er det viktigaste for oss i Delta at medlemmene våre blir ivaretatt lønnsmessig, at ein avtale inneheld ordningar som er gode for våre medlemsgrupper.

Lønna i offentleg tenesteyting må opp for å dekke framtidas behov for arbeidskraft og kvalitet i tenestene, og der er du som medlem i AVYO og Delta, heilt avgjerande. Takk for at du er medlem i AVYO i Delta!

Helsing frå Marit Solheim

This article is from: