Førdefestivalen 2017 - Familiebrosjyre

Page 1

Festival for heile familien Ta med borna pĂĽ festival - #levlitt fordefestival.no


Ut på tur, aldri sur!

ONSDAG 5. juli, kl. 16.00-19.00 Halbrendsstølen Saman med Barnas Turlag inviterer vi til stølstur, mat og konsert med Kouame Sereba. Dette er ein lett tur som alle klarer. Den startar og sluttar på Reset i Halbrendslia. Det er skilta til parkeringsplass. Ta med sitjeunderlag og mat til å grille på bålpanner. Kouame er kjend for si magiske evne til å skape kontakt med publikum – uansett alder! Alder: Alle.

2


Barneverkstad med Kouame Sereba TORSDAG 6. juli kl. 16.00 – 16.45, Eventyrrommet På Kouame sin dialekt frå Elfenbeinskysten, gban, finst det ikkje eit eige ord for musikk, eller det å synge, spele eller danse. Det finst berre eitt ord ”sah”, som er alt på ein gong – samhald, glede, fest, rytme og tromming! Rytmesansen er universell og uavhengig av kulturell bakgrunn, meiner Kouame. - Alle menneske har rytme, det har ingenting med etnisk bakgrunn å gjere, seier han. For han er det viktig å vise at talent for rytme ikkje er noko mystisk og eksotisk. Kouame Sereba har budd i Norge i mange år, og er ein kjend og ettertrakta musikar i mange samanhengar. Han har reist land og strand rundt i landet vårt med kurs og framsyningar for born. Og éin ting er sikkert – dei elskar Kouame! No har du sjansen til å vere med inn i Kouames rytmiske leikeunivers, og du treng ikkje kunne noko frå før, har du lyst, har du lov! For born frå 3-7 år. 3


Morgonstund har gull i munn Ta med frukosten og start festivaldagen ute! ONSDAG 5. juli kl. 09.00-09.30 Solsida Barnehage, avd. Haugum TORSDAG 6. juli kl. 09.00-09.30 Ytre Hafstad Barnehage FREDAG 7. juli kl. 09.00-09.30 Vieåsen barnehage, avd. Tussero Morgonstund har gull i munn er ein serie konsertar Førdefestivalen gjer i samarbeid med nokre av barnehagane i Førde. I år er det marokkanske Aissa Tobi som skal ta store og små med på ei musikalsk reise. Med song og dans blir dette ein perfekt start på dagen i barnehagen! Dersom det blir regn, vert konsertane flytta inn i barnehagen, eller under tak. Ta gjerne med sitjeunderlag. Alder: frå 3 år. Alle morgonstund-konsertane er gratis!

4


Barnekonsert: Den standhaftige tinnsoldat Gruppa Vrang likar å vri og vrenge på musikk - og elskar eventyr. Med folkemusikk, dans og rikeleg med fantasi, tek dei oss inn i H.C. Andersen si klassiske forteljing «Den standhaftige tinnsoldat», om soldaten som var forelska i ei ballerina, og gjorde alt for kjærleiken. Alder: Frå 6 år.

Foto: Ingvil Skeie Ljones

FREDAG 7. JULI KL. 18.00-18.40, Festsalen, Førdehuset

Maja Gravermoen Toresen – fele, hardingfele, vokal og autoharpe Tuva Færden – fele, hardingfele og vokalJon Hjellum Brodal – fele, hardingfele og vokal

Tharan Revfem, visuell utforming/koreograf Produksjon: Hallgeir Frydenlund, Kulturtanken, © 2013 Foto: Lars Opstad, Kulturtanken 5


Barnekurs: Lær å spele balafon med Mamadou Diabaté! FREDAG 7 juli, kl. 09.30-10.30, Eventyrrommet i Førdehuset Ein balafon er den vest-afrikanske versjonen av perkusjonsinstrumentet xylofon, og blir spelt på med køller. Instrumentet er nesten tusen år gamalt, og har også ei historie som kommunikasjonsverktøy. Begynner du å bli lei av skjermen på smarttelefonen? På kurset lærer du å sende ein balafon-SMS! Instruksen får du av balafonmeisteren Mamadou Diabaté frå Burkina Faso. Diabaté har spelt sidan han var fem år gamal, og er ein prisvinnande musikar som turnerer i heile verda. På kurset vil han gi oss songar frå heimlandet sitt, samt eit innblikk i løyndomane i balafonspråket. I tillegg skal alle få prøve å spele det spennande, tradisjonsrike instrumentet. For born frå 6 år. Pris: 100/50 (med festivalpass)

6 Foto: Simon Broughton


Ta med borna på festival - lev litt! ORDINÆR BARNEBILLETT KR 50,- PÅ ALLE KONSERTAR. OPNINGSKONSERT: Nordic Sound Folk Orchestra | Torsdag 6. juli kl. 19.30 | Idrettshallen, Førdehuset Ta gjerne med borna så dei kan oppleve denne storslagne konserten med 40 musikarar frå heile Norden på scena. Folkemusikk i storformat. Mokoomba | fredag 7. juli kl. 1930 | Idrettshallen, Førdehuset Alle, uansett alder, fortener å oppleve dette ungdommelege musikalske fyrverkeriet frå Zimbabwe. Vi tilrår dette som ei familiefestivaloppleving. Psst! Her treng ingen å sitje i ro. 706 m.o.h.: Bitori | laurdag 8. juli kl. 13.00 | Hafstadfjellet Kjekk fjelltur til Hafstadfjellet i godt følgje med Indre Sunnfjord Turlag, og forboden musikk frå Kapp Verde på toppen! Kor stilig er ikkje det? Tinariwen | laurdag 8. juli kl. 15.30 | Festplassen Kvifor ikkje la heile heile familien ta del i storhendinga når kongane av ørkenblues inntek Jølstras breidd? Eit minne for livet! Last ned vår gratis festivalapp, og hald deg oppdatert på festivalprogrammet! 7


FRI ENTRÉ I FØRDE BY Festivalfrukost

LAURDAG 8. juli, kl. 08.30 –10.00, Festplassen

Saman med Kokkenes Meisterlaug inviterer vi til gratis frukost i parken! Buffear med mat og drikke er på plass, og frukostkonsertar serverer vi også. Som regel vert det trangt om plassen, så det kan vere ein god idé å ta med eigen stol, eller eit teppe å sitje på. Ved dårleg vêr, vert frukosten flytta under rådhustaket på Langebrutorget.


Festivalparade

LAURDAG 8. juli kl. 10.30 – 11.00, Torgscena ved Elvetorget

Den tradisjonelle festivalparaden med folk og musikk frå heile verda er for mange festivalens høgdepunkt. Paraden startar ved Førdehuset og går til Torgscena.

Musikk i sentrum Torgscena ved Elvetorget - gratiskonsertar Med torget som dansegolv er det duka for føremiddagsfest i sentrum. På Elvetorget vert det servert smakebitar frå det omfattande festivalprogrammet både torsdag, fredag og laurdag. Alle konsertane er gratis! PROGRAM FOR MUSIKK I SENTRUM Torsdag 6. juli kl. 11:00:

Fredag 7. juli kl 10:30:

Laurdag 8. juli kl. 11:00:

Molsky’s Mountain Drifters

Xabier Diaz & Adufeiras de Salitre

Väsen

Talent 2017

Mokoomba

Casuarina

Ricardo Ribeiro

Gudbrandsdølenes Spelmannslag

Helene Blum & Harald Haugaard Band

Kouame Sereba

Bulgarian Voices Angelite

Titi Robin Trio

Familiesøndag SØNDAG 9. juli, kl. 13.00 – 14.30 Førdehuset (inne og ute) Det vert det leik, moro og musikk i alle krikar og krokar når heile Førdehuset vert sett av til borna. Då kan du rusle rundt og få med deg minikonsertar, dans og andre aktivitetar, både inne og ute. Alt er gratis. Kafeen og biblioteket er ope. Detaljert program finn du på fordefestival.no og på oppslag i Førdehuset. 9


Her er ei oversikt over arrangement som passar heile familien: Onsdag 5. juli 09.00-09.30 Morgonstund har gull i munn! Solsida barnehage, avd. Haugum. 16.00-19.00 Ut på tur, aldri sur! Familiekonsert m/ Kouame Sereba. Vi går med Barnas Turlag til Halbrendsstølen. Tilrettelagt for grilling.

Gratis

Torsdag 6. juli 09.00-09.30 11.00-11.45 16.00-16.45

Morgonstund har gull i munn! Ytre Hafstad Barnehage. Musikk i sentrum: Smakebitar frå festivalprogrammet. Torgscena. Barneverkstad: Kouame Sereba. Eventyrrommet, Førdehuset

Gratis Gratis

Morgonstund har gull i munn! Vieåsen barnehage, avd. Tussero. Barnekurs: Balafon med Mamadou Diabat. Eventyrrommet, Førdehuset Musikk i sentrum: Smakebitar frå festivalprogrammet. Torgscena. Barnekonsert: Den standhaftige tinnsoldat. Festsalen, Førdehuset Mokoomba Idrettshallen. Førdehuset

Gratis

Fredag 7. juli 09.00-09.30 09.30-10.30 10.30-11.15 18.00-18.40 19.30-20.30

Gratis

Laurdag 8. juli 08.30-10.00 10.30-11.00 11.00-11.45 13.00-13.30 15.30-16.30,

Festivalfrukost. Festplassen. Festivalparade Førdehuset - Torgscena. Musikk i sentrum: Smakebitar frå festivalprogrammet. Torgscena. 706moh: Bitori & Chando Graciosa. Hafstadfjellet Tinariwen. Festplassen

Søndag 9. juli 13.00-14.30

10

Familiedag med gratis minikonsertar og verkstadar i Førdehuset.

Gratis Gratis Gratis


Festivalpass for heile familien! VAKSEN KR 960

UNGDOM/ STUDENT

BORN

KR 470

(under 14 år)

KR 200

(14-20 år)

MED FESTIVALPASS FÅR DU: • Fritt tilgjenge til fem store konsertar; Opningskonsert; Nordic Sound Orchestra, Mokoomba, Tinariwen, Festivalgalla, The Klezmatics samt dansearrangement i Festsalen. • Gratis tilgjenge til Sogn og Fjordane Kunstmuseum under festivalen. Sjå sfk.museum.no • Rabatt på øvrige billettar og kurs. • Festivalpassbillett må bytast i armband på billettkontoret i Førdehuset, og er personleg. Bornebillettar kr 50 på alle konsertar og kurs. Morgonstund har gull i munn er gratis for alle. KJØP BILLETT: BILLETTSAL på TicketCo.no – fordefestival.no – Billettkontoret i Førdehuset i festivalveka. Spørsmål om billettar og program: tlf. 46 90 50 10 og billettar@fordefestival.no Billettkontoret i Førdehuset opnar måndag 3. juli kl. 9.00 Last ned Førdefestival-appen og hald deg oppdatert på alt som skjer under festivalen. Fullstendig informasjon om billettar og program finn du på fordefestival.no

11


Lev litt.

Det er lett å tenkje at du må reise langt for å få dei store opplevingane. At det krev både tid og pengar. At dei er uoppnåelege. Av og til er høgdepunkta nærare enn du trur. Ei veke i året byr vi på opplevingar i verdsklasse. Heilt i nærleiken. Opplevingar for livet. Opplev Førdefestivalen – Lev litt!

NORWAY 5. July– 5-9 2017 9. juli 2017

fordefestival.no


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.