Ă…rsmelding 2016
Innhald Leiar 3 Føremål, visjon og verdiar 4 Styre, representantskap og administrasjon 5 Sognekraft 6 Tema 2016: På flukt! 7 Bror og syster 8 Ny produksjon. Syriske bøner 9 Ny produksjon. Terje Isungseth: Arctic Ice Music 10 Ny produksjon. Voggesongprosjektet: 11 Sulla meg litt du mamma mi… grenselause voggesongar! 11 Tingingsverk: Erlend Apneseth - NATTSONGAR 12 På dei store scenene 14 Møteplass Jølster / Circus Raj 17 Talent 2016 18 Returbesøk for Talent 2015 19 Legender på programmet 20 Kurs og seminar 22
24 Festival i seks kommunar 26 Familiefestival og lågtersketilbod 28 Festivalutstilling Kristin Skrivervik: Resonans 29 Kompetansedeling 30 Heilårsverksemd 31 Bornas Verdsdagar Førde 32 Førdekonferansen 2016 34 Publikumsutvikling 36 Frivillige 37 Sponsorar og samarbeidspartar 38 Mediedekning 40 FørdefestivalMAT 41 Artist- og arrangementsoversyn 42 Årsmelding frå styret 2016 44 Rekneskap Førdefestivalen 2016 51 Melding frå revisor 2016 55 Festivalguide 56 Artistar 2016
2
ÅRSMELDING 2016
- Her får vi stadfesta til fulle musikkens enorme kraft som plattform for kommunikasjon, integrasjon, glede og kreativitet. Det gjer oss sikre på at Førdefestivalen er viktigare enn nokon gong i dagens samfunn.
HILDE BJØRKUM
Foto: Arve Ullebø
Førdefestivalen – viktigare og meir aktuell enn nokon gong I 2016 sette Førdefestivalen eit brennaktuelt tema på dagsorden med festivalfokuset «På Flukt!» Gjennom musikk og dans, seminar og konferanse, belyste festivalen migrasjon som fenomen både i historisk og dagsaktuelt perspektiv. Årets store opningskonsert i Idrettshallen i Førdehuset hadde også dette temaet som raud tråd, gjennom sterke kunstnarlege prestasjonar frå 40 framståande utøvarar frå 11 ulike land, under profesjonell leiing av den norsk-indiske skodespelaren, dansaren og samfunnsvitaren Lavleen Kaur. Eitt av innslaga i konserten som gjorde sterkast inntrykk på publikum, var fire unge utøvarar frå Norge, Sri Lanka og Etiopia. Tre av desse, Gutu Abera frå Etiopia, Jawana Thayaseelan og Mira Thiruchelvam frå Sri Lanka har alle fått utvikle seg i prosjektet Fargespill i Bergen. Dei tre unge utøvarane fekk under konserten tildelt utviklingsstipend frå Sparebanken Vest. Festivalen presenterte dette året fleire nye prosjekt og produksjonar i tilknytning til årets tema. Eitt av prosjekta var Møtestad Jølster, der lokale musikarar og dansarar, bebuarar på flyktningemottaket i Jølster og lokalbefolkninga elles var involverte både i arrangementsavvikling og oppleving gjennom aktiv deltaking. Hovudartisten her var Faytinga frå Eritrea. Ein annan viktig nyproduksjon var Sulla meg litt du mamma mi – grenselause voggesongar. Her vart 11 innvandrarkvinner frå 7 land, busette i Sunnfjord, invitert med i prosjekt leia av songar Kari Malmanger og musikkterapeut Jorunn Bakke Nydal. Saman skapte dei ein nær og sterk musikkproduksjon der voggesongar frå dei ulike landa sto i fokus, og der dei også delte litt av sine personlege historier med publikum. Prosjektet var svært vellukka og har ein klar overføringsverdi, og ein ser på om dette konseptet kan vidareutviklast i andre deler av fylket vårt og landet elles. I nyproduksjonen Syriske bøner, samarbeidde festivalen med Erik Hillestad i Kirkelig Kulturverksted om konsert og plateinnspeling der utøvarar frå det tradisjonelt fleirreligiøse Syria møttest på felles grunn i ein unik konsert i Førde kyrkje. Prosjektet inneheldt òg ein rundebordskonferanse og syrisk-ortodoks messe. Det vi veit, er det første gong eit slikt prosjekt er gjennomført i Norge. For festivalen er det eit uttalt mål å initiere nye produksjonar og tingingsverk, og gje musikarar moglegheit for musikalsk utvikling og nettverksbygging i ein internasjonal kontekst. Den unge musikaren og komponisten Erlend Apneseth sto for årets tingingsverk Nattsongar. Sjølv skildra han verket som «Lyden av Førdefestivalen» - og saman med eit knippe framståande musikarar skapte han ei magisk oppleving for ein fullstappa sal i Førdehuset med musikken sin. Verket kjem ut på plate i 2017.
Bak sjølve festivalarrangementet, med over 90 postar på programmet, ligg eit stort arbeid med utval av artistar frå heile verda, nitid programlegging, arena- og konseptutvikling, avtalar med musikarar og medarrangørar, logistikk rundt reiser, kost og losji, teknisk tilrettelegging på eit 30-tals arenaer, organisering av over 300 frivillige og mykje meir. Den faste festivalstaben tel no 7 personar fordelt på 5,6 årsverk. Desse har spisskompetanse innan både innan det musikkfaglege, på arrangements¬avvikling, kommunikasjon, sal og marknadsføring. Saman med alle dei dyktige frivillige, har festivalstaben ein unik kompetanse som kjem både lokalsamfunnet og andre aktørar i Norge til gode. Førdefestivalen er såleis ein viktig kulturinstitusjon både i eigen region og nasjonalt. Festivalen har òg etablert ein solid posisjon i det internasjonale musikkmiljøet. Festivalen skaper òg økonomiske ringverknader i eige fylke, og har eit godt samarbeid med næringslivet i regionen. Institusjonen Førdefestivalen har heilårleg drift og har eit uttalt mål om å vere ein aktiv samfunnsaktør. Festivalen driv utadretta verksemd gjennom konsertserien FolkJazzScena, eindagsfestivalen Bornas Verdsdagar og andre aktivitetar gjennom året. Også gjennom ei rekke foredrag, forelesingar og praksisplass for elevar og studentar, deltaking i ulike faggrupper og styre på lokalt og nasjonalt plan, deler festivalen sin kompetanse med ei lang rekke andre aktørar, både innan det offentlege, i næringslivet, til andre kunst- og kulturinstitusjonar og i til frivilligsektoren. Førdefestivalen har gjennom snart 30 år vore ein plattform for internasjonalt samarbeid og musikalsk nyskaping og utvikling på tvers av lande- og kulturgrenser. Festivalen er ein stor og viktig formidlingsarena for verdas fantastiske og mangfaldige musikkflora, samstundes som den er utstillingsvindauge for lokale musikktradisjonar frå vårt eige land. Under Førdefestivalen får vi oppleve nye møte både med musikk og menneske, her oppstår magiske augneblinkar som endrar oss og gjer oss både rikare og klokare. Her får vi stadfesta til fulle musikkens enorme kraft som plattform for kommunikasjon, integrasjon, glede og kreativitet. Det gjer oss sikre på at Førdefestivalen er viktigare enn nokon gong i dagens samfunn.
Hilde Bjørkum, direktør
ÅRSMELDING 2016
3
Foto: Arvid Anthun
Føremål, visjonar og verdiar Førde Internasjonale Folkemusikkfestival vart arrangert første gong i 1990, og er ei ideell stifting. Føremål
Visjon
Festivalen sitt føremål er å fremje kunnskap om og interesse for norsk og internasjonal folkemusikk og –dans gjennom konsertar, kurs og andre tiltak. Festivalen skal og vere med på å auke generell kunnskap om kulturar i andre land, og medverke til fred og forståing mellom ulike folk og nasjonar ved å gjere Førde og Sogn og Fjordane til ein møtestad for utøvarar frå heile verda.
«Førde Internasjonale Folkemusikkfestival skal vere den viktigaste arenaen i Norden for oppleving av tradisjonsmusikk frå heile verda ein magnet og møteplass for alle interesserte og nysgjerrige blant publikum, artistar og media»
Føremål Visjon
Verdiar
Verdiar
Festivalen skal: • Glede • Røre • Overraske • Utfordre • Opne for ny erkjenning og kunnskap
Beskyttarskap
Den årlege festivalen skal ha folkemusikk og folkedans som hovudinnhald. I tillegg kan det knytast andre kulturuttrykk og aktivitetar til arrangementet, som kan sjåast i samanheng med hovudføremålet. Stiftinga kan òg stå for arrangement i samsvar med hovudføremålet andre stader i fylket og utanom tida for sjølve festivalarrangementet.
H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marit Kongelege beskyttarskap har ein lang historisk tradisjon. Ordninga fungerer som ei anerkjenning av organisasjonar og arrangement innanfor viktige områder i samfunnslivet. H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marit er Førdefestivalen sin høge beskyttar i perioden 2010 – 2020. Foto: Jørgen Gomnæs
Tildeling av gåveforsterkningsmidler fra Kulturdepartementet.
Foto: Lise Åserud / NTB scanpix
Førde Internasjonale Folkemusikkfestival fikk 256 250 kroner i gåveforsterkingsmidlar. Dette er det første tilskotet festivalen mottek frå gåveforsterkningsordninga.
Fylkesarkivet: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane fekk overlevert arkivverdig materiale frå 1989 til 2005 frå festivalen. Materialet er lagra hjå Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
4
ÅRSMELDING 2016
STYRE • • • • • • •
Kristin Hille Valla, leiar, Sogn og Fjordane fylkeskommune Ivar Svensøy, nestleiar, Sogn og Fjordane fylkeskommune Mari Andrea Ness, Sogn og Fjordane fylkeskommune Trude Skarvatun, Førde kommune Arild Herstad, Represtantskapet Arne M. Sølvberg, Represtantskapet Dagfrid Brevik, Represtantskapet
Arne M. Sølvberg var ikkje til stades når bildet var teke.
Alle foto på sida: D.Reiakvam
Styre, representantskap og administrasjon Representantskap Olve Grotle Førde kommune (leiar) Karen Marie Hjelmeseter Sogn og Fjordane fylkeskommune Geir Opseth Førde Industri- og Næringssamskipnad Linda Dyrnes FolkOrg
Ingrid Heieren Sogn og Fjordane Folkemusikklag Knut M. Sandal Indre Sunnfjord Spelemannslag Karen Hornnes Førde Ungdomslag
Administrasjon
Torill Faleide kommunikasjonssjef Hilde Bjørkum direktør og kunstnarleg ansvarleg
Sølvi Lien arrangementssjef Reinert Hukseth økonomi- og administrasjonssjef
Fride Hareide Haugen kontormedarbeidar Ingebjørg Nomeland produsent
Hilde Katrin Wiik Sponsor- og salsansvarleg
Fleire personar var inne i korttidsengasjement i samband med førebuing og avvikling av festivalen: Viviann Alme, Arne Hammer,Ragnhild B. Vassbotn, Ann Kristin Vindheim, Karin F. Bøyum, Janne Karin Støylen, Jøran Løvik, Tuva Listau, Kamilla Mygland Storaker, Eirin Sekkelsten, Junior Lambrechts, Robert Indrebø, Miriam Førde, Johannes Anthun, Eli Nomeland og Julie Daling.
ÅRSMELDING 2016
5
STYRELEIAR, NESTLEIAR OG DIREKTØR I AUDIENS PÅ SLOTTET HJÅ H.K.H. KRONPRINSESSE METTE-MARIT.
Sognekraft Tre gonger måtte kulturdepartementet ringje før ho takka ja til styreleiarvervet i Førdefestivalen. Tre gonger tok ho likevel attval til vervet. Kristin Hille Valla er den lengst sitjande styreleiaren festivalen har hatt. –Som sogning trivst eg best i motbakkar når det bles litt, smiler ho. - Gode resultat og positiv respons er bra, men vi må heile tida ha nye forventningar og gå langs nye aksar. Ikkje slakke av. Ikkje kvile i glansen. -Då kan det så lett gleppe, held Kristin Hille Valla energisk fram. Ho er i Førde for å leie sitt siste styremøte i festivalen. –Som styreleiar er eg kanskje irriterande oppteken av at alle må meine noko. Men det må dei! Alle som sit i styret veit at eg kjem til å spørje dei. Seier dei ikkje sjølv meininga si om ei sak, spør eg. Eg er opptatt av dialog og prosess som arbeidsmåte, understrekar den avtroppande styreleiaren. –Og styret skal syne! I festivalveka kan du ikkje unngå å legge merke til oss, vi har oppgåver høgt og lågt, og alle må blomstre fremst i paraden med store buttons i fine fargar, ler Kristin. -Dei måtte ringe tre gongar, ja. Kulturfeltet hadde eg nemleg lite erfaring frå. Men eg var overtydd om at det kulturfaglege ville vere direktøren si oppgåve. Då sa eg ja, og sidan har vi komme til å bli eit skikkeleg godt team, Hilde og eg. Vi er fødde i Årdal begge to. Vi er ikkje i slekt, med somme tider kan det kjennest slik ut! Viljesterke og målbevisste, begge to. Eg trur ikkje det har gått ei veke utan at vi har snakkast på telefon. Slik har vi samarbeidd mot resultat eg er glad for å sjå tilbake på. -At vi fekk styrka økonomien frå staten. Det trur eg må løftast fram som det aller viktigaste. Då kunne vi tilsette ein administrasjonssjef, noko som var uhyre viktig for direktøren og dermed også for heile institusjonen. At vi har utvikla partnarskapen med fylkeskommunen og kommunen. Det er minst like viktig. Også at vi har vendt oss til fleire kommunar, ikkje berre i Sunnfjord men både i Sogn og Nordfjord.
6
ÅRSMELDING 2016
-At vi står støtt lokalt er eit grunnlag for den internasjonaliseringa vi også har fått til. Fleire ambassadar har vitja festivalen. Vi har utvikle ein vertsskap der dei har fått oppleve meir enn sjølve festivalen. Dei har fått oppleve distriktet, bli kjende med våre myndigheiter og det dei elles har ønskt seg. Her finst eit potensiale for vidareutvikling av festivalen i denne kjennskapen. Kulturnæring høyrer vi mykje om, men helst i festtalar. No må det skje i praksis! – Potensialet for opplevingsturisme er enormt i dette distriktet. Festivalen er ei merkevare kulturnæringane kan utvikle seg i tilknyting til. Men kvar skal turistane overnatte? Kvar skal dei ete? Her er det mykje ugjort. Mykje! Du kan tru eg har ringt ordføraren om dette, fleire gonger, ler ho. - Vi må tore å utvikle oss, og vi må tole å ikkje lukkast med alt, undestrekar Hille Valla engasjert. -Dronningbesøket i 2010, seier Kristin Hille Valla rørt på spørsmål om kva ho ser tilbake på som det finaste minnet. -Dronninga vår er ei kjempedame! Ho har ei ektheit i interessa for si for kultur av alle typar, som kan gjere endå til folk som meg stumme. Vi gjorde opninga saman, Dronning Sonja, Hilde og eg. Så ville ho sjå talentprosjektet. Ho møtte ungdommane med genuin interesse, eg får frysningar på ryggen når eg tenkjer på det. Det bles rundt Kristin Hille Valla. Friskt og godt. – Eg har mykje energi, godt humør og er veldig nysgjerrig, smiler ho. Men motbakkane ho trivst i, dei ser ikkje ut til å finnast for denne festivalen. – Å jau, understrekar ho entusiastisk. –Ta dei store nasjonale sponsorane. Dei manglar. Her tenkjer dei vi nærmar oss alt for gammaldags. Vi må ha nye forventningar. Ikkje stoppe. Sjå etter motbakkane! Der finst vegen vidare for Førdefestivalen, avsluttar Kristin Hille Valla med stor kraft.
BROUKAR Foto: Heidi Hattestein
Tema 2016: På flukt! Europa 2016:
Kulturell rikdom
Før, no og truleg også i framtida vil vi sjå at folk flyktar, på grunn av krig, naud, etnisk eller religiøs undertrykking, fattigdom, mangel på ytringsfridom eller andre grunnar. I dag kjem flyktningar til Europa frå mellom anna Syria, Afghanistan og Eritrea – og dei tek kulturen sin med seg. Andre er flyktningar i eigne land, til dømes i Colombia, som er det landet i verda med flest internflyktningar etter Syria (kjelde: UNHCR).
Trass eit dystert bakteppe for val av tema, fokuserte festivalprogrammet på den kulturelle rikdommen og mangfaldet i land vi elles gjerne tenkjer på og høyrer om i samband med krig, konfliktar, fattigdom og naud, sa direktør Hilde Bjørkum i pressemeldingane som gjekk ut i forkant av festivalen. Ho ønskjer å vise det vakre i kulturen og musikken frå desse landa, og minne oss alle om at migrasjon til alle tider har påverka og utvikla samfunn og kultur rundt oss.
Andre reiser til nabolanda, og atter andre reiser frå andre kontinent til Europa. I bagasjen har mange med seg triste og dramatiske historier om vanskelege liv og tunge skjebnar. Men dei har også med seg sin kunnskap og sine evner, kulturen og tradisjonane sine - og musikken sin.
Dagsaktuelt - og med historisk perspektiv Gjennom temaet På flukt! sette festivalen også musikk og kultur på vandring i eit lengre historisk perspektiv. Til dømes emigrerte over 800 000 nordmenn til Nord-Amerika på 1800-talet, i hovudsak av økonomiske årsaker. Vidare har økonomiske vilkår og etnisk undertrykking i hundrevis av år tvinga romfolk til å flykte og ewødane med si over tusenår lange flukthistorie, tok kulturen sin med seg frå Midt-Austen via Nord-Afrika, Spania og vidare til mange land i Europa, der den ofte smelta saman med dei lokale musikktradisjonane i landa dei kom til.
ÅRSMELDING 2016
7
ERIK HILLESTAD I FESTIVALPARADEN Foto: Arvid Anthun
HILDE BJØRKUM Foto: Arve Ullebø
Bror og syster Hilde Bjørkum og Erik Hillestad (Kirkelig Kulturverksted) intervjua av Janne Karin Støylen i samband med prosjektet Syriske bøner Musikk er eit hjartespråk. Du skjønar så fort, det ord krev lenger tid å forstå. Alt vi har felles. At det er bror din som spelar og syster di som syng. Hilde Bjørkum smiler mot skjermen på kontoret sitt i Førdehuset og held fram. - Du og eg Erik, vi har jo jobba med dette sidan tidenes morgon. Frå kontoret på Kirkelig kulturverksted i Oslo smiler Erik Hillestad tilbake. Han har leia arbeidet i produksjons-selskapet i vel 40 år. Hilde Bjørkum har vore direktør for Førdefestivalen sidan starten i 1990. I år samarbeider festivalen og KKV om konserten «Syriske bøner». - Ja, vi tenkjer i ti år av gongen, ler Erik lunt og legg til: - Det er ei varigheit over arbeidet vårt som er verdifull. Gleda blir større fordi det ikkje berre dreier seg om opplevingar som er gode i augneblinken, men som kan innebere at menneske endrar kurs i liva sine eller at haldningar i samfunnet kan endre seg gjennom den tida vi har vore her. For vi er her! - Eg er nett komen igjen frå returbesøk i Armenia, fortel Hilde oppglødd til kollegaen sin. - Talentprosjektet vårt henta i fjor fleire av utøvarane herifrå. Det er så rørande å sjå kor ufatteleg sterk kommunikasjonsevne musikken har! Ikkje berre mot publikum, men også musikarane i mellom. Dei tek kvarandre sine tema, møter kvarandre sine blikk. Dei knyter sterke band, musikken får verkeleg menneska til å kjenne seg nærare kvarandre. - Det er så verdifullt det de får til gjennom talentprosjektet, svarar Erik. Masha Vadat, (leiar for talent 2015 red an.) bur hos meg no, etter turen de hadde saman til Armenia. Ho er så lykkeleg! Full av idear, snakkar ustanseleg om det ho har opplevd. - Såg du statusen min på facebook? spør Hilde. - Om at vi skulle hatt eit talentprosjekt for verdas leiarar? Vi fører folk saman som ikkje har kome fram til noko felles resultat tidlegare, ikkje av noko slag. Kontrakten inneber at arbeidet ikkje er muleg å sette ut, ein må komme fram til ei einigheit, ein må komme til ei felles forståing. For dette skal presenterast for offentlegheita ut frå ei felles plattform innan ein viss frist! Det er mykje å lære av måten talenta våre arbeider på, slår Hilde fast. - Kanskje lukkast musikarane så godt fordi musikken inneber at ein tek vare på barnet i seg? undrar Erik. - Det handlar om leik, gjer det ikkje? Og om å blottstille seg og ta sjansar? - Jau, det trur eg er rett, svarar Hilde. - Musikarane har nettopp det til felles: Dei er musikarar. Det sårbare i møtet med publikum opplever dei på same måte, same kvar dei kjem frå. - Eg trur også at det vil vere slik for utøvarane som skal vere med i «Syriske bøner», seier Eirik. Dei har musikken som utgangspunkt, det er meir uforpliktande enn om dei skulle møtast som teologar. Dei skal syne oss korleis dei tilber sin Gud gjennom songen, dermed kan dei stå heilt inne for si
8
ÅRSMELDING 2016
framføring og likevel syner dei kvarandre kva dei har å dele, held Erik fram. Eg var nettopp i Tunis. Situasjonen der eit heilt annleis enn i Syria. Eit skjørt demokrati veks fram, kvardagen er prega av håp. Tenk om vi kunne bruke like store ressursar på konstruktiv støtte her, i staden for dei destruktive verkemidla det interna-sjonale samfunnet bruker gjennom militære aksjonar i andre konfliktområde? Hilde nikkar stille. - I Førdefestivalen har vi heilt sidan starten hatt ytringsfridom som ei rettesnor i programmeringa, vi vil gje scener til dei som har lite spelerom i sine eigne land. Over tid trur eg vi har bygd ein tillit hjå publikum. Ingenting er så kjekt som ei herleg overrasking, er det vel? - Vi var så opptatt av musikk frå Balkan på 80-talet, mimrar Erik. Kanskje var det der det starta? Så opp-daga vi etter kvart at norske folkemusikarar kunne ha eit orientalsk preg i musikken sin. Hugsar du Ragnar Vigdal, frå Sogn, Hilde? - Ja, ein stor folkesongar, med ein songstil som minner om minaretsong i Midt-Austen, seier Hilde. - Vi samarbeidde med misjonærar frå Equador og koret SKRUK om prosjektet «Slipp mine fløyter fri.», fortel Erik vidare. Då var vi i gong, for alvor! Vi har vore opptekne korleis slike samarbeid kan tilføre norsk musikk energi, og helst frå andre tonar enn dei typiske angloamerikanske. - Ja, eg opplever også ein slektsskap mellom dykk og oss ved at vi begge har stor interesse for korleis dei musikarane vi brukar får formidle noko frå sin eigen kultur som kan stå på eigne bein. Ikkje berre bli krydder i eit eigentleg vestleg uttrykk, legg Hilde til. - Mangfald kan lett ende i einfald, ei suppe der du blandar alle ingredien-sar så det ser grått ut. Ikkje smakar det godt heller, held Hilde engasjert fram. - Vi er på jakt etter det skjønne som kan bli skapt i nye samarbeid, avsluttar festivaldirektøren. Direktøren i Oslo nikkar, og begge ler avkreftande når eg spør om det kan bli slitsomt med alle desse kreative prosessane, er det ikkje veldig krevjande? Nei, det er det visst ikkje. Det er det administrative som syg kreftene ut av desse to. Når ideane ynglar er energien på topp! Men nokon topp på kransekaka vil ingen av dei vere. Kulturen er grunnen under føtene våre, sivilasasjonane sine fotavtrykk i verdsarven. Kulturen er nøkkelen – til å forstå kvarandre og leve godt i lag. Slik går samtalen mellom to av pionerane i norsk kulturliv. Og det er visst ikkje berre musikarar som lett blir glade i kvarandre. Arrangørar med same sak på hjartet snakkar same hjartepråk, dei også. Hilde og Erik. Syster og bror. Janne Karin Støylen
NY PRODUKSJON
SYRISKE BØNNER Foto: knut Utler
Syriske bøner Samarbeid med Kirkelig Kulturverksted I Syria har eit stort religiøst mangfald eksistert gjennom fleire hundreår utan store konfliktar. Ikkje før no i nyare tid. -Vi ville gjennom konserten i Førde kyrkje gje ei oppleving av dette religiøse mangfaldet som er sterkt knytta til rike musikktradisjonar, seier Erik Hillestad, dagleg leiar i Kirkelig Kulturverksted. I hopetal søkjer flyktningane frå Syria ly i andre land. Her freistar dei å halde dei gamle tradisjonane sine i hevd. Til dømes i Libanon, der mange har funne tilhald i ulike kyrkjer og moskear tilhøyrande same trusgrein som dei hadde der dei kom frå. Omlag kvar fjerde person i Libanon er no ein flyktning. Erik Hillestad som var produsent for konserten, har søkt mellom røystene i Libanon. Landet har til liks med Syria lange tradisjonar for fredeleg sameksistens mellom ulike religiøse samfunn. Han har gjort opptak av songen hjå maronittane, dei syriskortodokse, armenarane, kaldearane, assyrarane og muslimske imamar. I tillegg til å vera utgangspunkt for konserten i Førde, kom Syrian Prayers ut på plate på Kirkelig Kulturverksted (KKV) hausten 2017.
MEDVERKANDE I KONSERTPRODUKSJONEN: Muslimsk chanter: Dr. Hassan Merheb Sunnimuslimsk chanter: Mansour Zaytir KOR FRÅ DEN SYRISK ORTODOKSE KYRKJA: Father Jaques Hana – liturg Aboud Zino – oud og vokal Charbel Khamis Samer Tomas Kassab Antoine Zeino KOR FRÅ DEN ASSYRISKE KYRKJA: Jack Jendo Elena Benyamin Georgina Khano Ninos Aude Sargon Zomaya
ÅRSMELDING 2016
9
NY PRODUKSJON
Desse medverka i konserten: TERJE ISUNGSET BEATRICE DEER & EVIE MARK SARA MARIELLE GAUP BEASKA RADIK TYULYUSH (HUUN-HUUR-TU) MARIA SKRANES
ARCTIC ICE MUSIC Foto: Oddleiv Apneseth
Terje Isungseth: Arctic Ice Music Terje Isungseth er musikaren som har gjort ismusikk til «si greie»; han er verdas einaste ismusikar. I samarbeid med Førdefestivalen skapte han prosjektet Arctic Ice Music, der ideen var å lage eit møte mellom urfolk frå Canada, Tuva og Sapmi for å utforske musikken hos urfolk som lever tett på is, snø og kulde. Konserten hadde urpremiere fredag 8. juli 2016 i Storsalen i Førdehuset, og vart ein stor suksess.
-The most memorable performance was the premiere of Arctic Ice Music, by the world’s only ‘ice musician,’ Terje Isungset. He literally plays trumpets, xylophone, chimes and drums made out of ice. But however extraordinary and beautiful that is, there are limitations to what ice can do. So here he was working with Sami and Inuit singers from the Arctic plus Tuvan throat singer Radik Tyulyush, which brought in an awesome sonic landscape, created in just three days. To play his instruments, Isungset wore a furry hood, thick sweater and gloves. I don’t know whether he’s sponsored by a Norwegian sweater company, but he’s missing a trick if not. During the show, Isungset had an ice helper (his daughter) bring instruments on, unpack bars of ice so they were ready to be played and remove them before they melt. It was a logistical choreography. “The concert is about human beings relation to nature and how to live with it,” he said to me before the show. “The Inuits really know how to live in the ice and this generated the idea for the concert.” Isungset’s contribution was largely percussive, with incredibly delicate sounds from tapping ice rods while stepping in crushed ice, to more melodic sounds from his ice xylophone. The latter is essentially like a balafon, but while the balafon evokes the dryness of the desert, Isungset’s iceophone sounds fluid. The singers added layers of texture and melody. The Inuit singers brought the breathy, rhythmic sound of katajjaq; the Sami singers add more ethereal joiks; and Radik Tyulyush produces a deep pulsing growl. One of the Sami singers, Sara Marielle Gaup Beaska told me she was performing joiks about nature, animals, the wind and “one from Finland about the Russians colonising Sami land and your feelings knowing it will be destroyed.” The various layers, textures and otherworldly sounds seemed like listening to an aural equivalent of the Northern Lights. Glorious, beautiful, but elusive. It is something that deserves to be seen around the world because it’s not only inspirational music, but there’s a powerful message in there as well. Songlines: Simon Broughton
10
ÅRSMELDING 2016
NY PRODUKSJON GRENSELAUSE VOGGESONGAR Foto: Heidi Hattestein
Voggesongprosjektet: Sulla meg litt du mamma mi… grenselause voggesongar! Den fyrste songen Det er ingen som veit korleis den første musikken i verda oppstod, eller kvar den oppstod. Men sjå for deg dette; Ei kvinne i ein skog, eller på ei savanne, langt vekke i tid. På armen ber ho eit lite barn som gret. Ho legg han til brystet, men han er ikkje svolten, han berre gret. Når ho ikkje veit kva ho skal gjere kva gjer ho då? Kanskje smyg lyden seg opp or bringa hennar, stille, nesten så ho ikkje høyrer det sjølv. Tonen veks sterkare, pulsen slår fastare, og ungen gløttar opp på mor si i undring. Ungen lytta til mor si og roa seg. Barnet kjende att den trygge stemma slik lamma på beitet kjenner sine mødrer. Og mora, denne kvinna som finns over heile verda, skjønte dette, for ho song «eg er her, eg passar på», heilt utan ord.
Musikken, derimot, har vi til felles over heile verda, frå liten til stor, frå sør til nord. Vi veit når ein song er trist, når den er forførande, travel og glad – den resonnerer i dei menneskelege kjenslene, utan at vi heilt kan forklare det med intellektet. Musikk er kjærteikn i øyregangen, varme i magen, og gåsehud på armane. Førdefestivalen samla innvandrarkvinner frå Sunnfjord til å dele sine songskattar i konserten «Sulla meg litt du mamma mi». Same om du er frå Iran, Syria, Thailand eller Norge så syng vi for våre små. Det handlar om menneskeleg fellesskap, grenselaus songglede og dei aller kjæraste minna. Kunstnarisk leiar var Kari Malmanger og Jorunn Bakke Nydal var prosjektkoordinator. Produsent: Førdefestivalen. Tekst: Janne Karin Støylen
Musikken er like klar som ei mjuk hand – eller ein knytt neve, og verkar som ei bru over til dei av oss som ikkje forstår det talte ordet. Ordet er like presis som det er upresis; tilsynelatande tyder det berre ein ting, men like vel missforstår vi kvarandre stadig. Lærer du deg ikkje desse kodane, dette språket, så er du på eit vis ekskludert. Det gjeld vaksne med eit anna språk, spedbarn utan språk, og dei som aldri får eit verbalt språk.
ÅRSMELDING 2016
11
Erlend Apneseth: NATTSONGAR - Det ei stor glede for meg å få lov å skrive musikk for nettopp Førdefestivalen, som gjennom oppveksten har forsynt meg med impulsar frå heile verda; Ingenting kjem av ingenting. Erlend Apneseth har ein friplass på scena, og finn kvile-pulsen med fela i hand. - Musikken er ein kanal der eg får ut ting. Han skildrar seg sjølv som ein som tenkjer litt for mykje, tek ting innover seg og må fordøye. Ein som ikkje heilt finn avknappen. -Eg er ikkje flink å sove. Jobbar eg for langt utpå kvelden går det i alle fall ikkje, då vert eg liggande i senga med lyden kvernande i hovudet. Ting vert overdrive viktige. På ei anna side er dét kanskje ein føresetnad for at musikken skal verte verkeleg bra, funderer Apneseth, medan han tygg i seg ei gulostskjeve. ”Erlend Apneseth og trioen hans har funne eit rom som er i konstant rørsle og utviding, og vi som lyttar vert sjølv ein del av det. Det andre rommet er ein døropnar, og Erlend Apneseth vil garantert vere ei sentral kraft i norsk musikk i tida framover”, skriv Bjørn Hammershaug for folkemusikk.no. Rommet han snakka om er ”Det andre rommet”, den siste plata til Apneseth, som har hausta lovord og terningar med topptal i riksavisene.
Eg er jo avhengig av ein form for respons, og det er veldig kjekt når den er så positiv. Den siste plata er i større grad enn tidlegare mine ting, og desse tilbakemeldingane gjer at eg kjenner meg tryggare- at eg tør stole meir på den stemma. Med hardingfela og slåttemusikken som utgangspunkt har Apneseth flytta seg stadig nærare jazzen og samtidsmusikken. Under konsertane i vinter fekk publikum assosiere fritt mellom gamle spelemenn i tronge dalar, mongolske stepper og progressiv rock a la Pink Floyd og Radiohead. Synnøve Bjørset erklærer sin elsk for Apneseth si siste plate og legg lattermildt til; - Musikken er gjerne eit utrykk for det som rører seg i eit menneske, og det svirrar utvilsamt ganske mykje rart rundt i hovudet til Erlend Apneseth. Eg synes det er utruleg kult at han deler det med oss. Bjørset er ven, sambygding, tidlegare felelærar og no musikarkollega av Apneseth. Ho skildrar han som både audmjuk og festleg. - Erlend er ikkje så opptatt av å plassere ting i boksar. Han er søkande og meir opptatt av å forstå enn å reprodusere, seier ho, og fortel at dei har eit forholdsvis likt utgangspunkt som musikarar. - Likevel går arbeida våre i veldig ulike retningar. Å jobbe saman med han er alltid artig, men ikkje minst fasinerande. Han har ein tydeleg kunstnarleg ide som han er tru mot, seier Bjørset.
12
ÅRSMELDING 2016
Apneseth har fått det for seg at han har dårleg tid. Med det som utgangspunkt får han gjort meir, meiner han. Så langt ser det ut til at det har vore ein god strategi; i ein alder av 25 år lever han av musikken. Har han gjeve ut fleire plater, utmerkt seg som elitespelemann, helde konsertar i inn- og utland, kjøpt småbruk med kjærasten Margit Myhr, og no sist – fått i oppdrag å lage eit tingingsverk til Førdefestivalen. - Det er sprekt av festivalen. Dei skal ha honnør for å velje noko som dei veit vert bra, men som ikkje er heilt trygt, seier Erlend og siktar til at musikken hans vil vere uvan for ein del av publikum. - Dessutan er det ei stor glede for meg å få lov å skrive musikk for nettopp Førdefestivalen, som gjennom oppveksten har forsynt meg med impulsar frå heile verda; Ingenting kjem av ingenting, og det er heilt naturleg at når eg stadig har høyrt så mykje forskjellig musikk, så vil det også komme ut ein dag. Apneseth har tenkt å gjere seg til ein destillator for opplevingar han har hatt på folkemusikkfestivalen. Han vil koke ut essensen og lage nytt brygg; Kva om spelemannen Anders Viken hadde vore utsett for like mange globale impulsar som Apneseth er? Kva om Viken hadde møtt Django Reinhardt? Korleis ville musikken hans då ha blitt? Slike tanke- og feleeksperiment munnar ut i eit lydspor frå Apneseth si datamaskin; ein polka frå Sunnfjord har sakka farten, lagt seg i moll og fått ny tonalitet. Brått er brorskapen mellom Django og Viken klar som dagen. Det er både morosamt og tankevekkande. Arbeidsskissene trillar vidare, og Apneseth plukkar tonar frå hardingfela. Like fort som eg er i Vest-Afrika, er eg i Aust-Asia, før eg brått landar ein stad mellom Ål og ville vesten. - Eg tenkjer på at det er ein folkemusikkfestival eg komponerer for, så musikken vert meir rytmisk, og ikkje så utflytande, som den på førre plata. Med den bakgrunnen eg har i folkemusikk veit eg kva grep eg må ta for å vere ”innanfor”, men eg prøver, som alltid, å ikkje konstruere noko, men å la det komme. Eg trur det vert meir sant om eg gjer det slik. Når eg spør Synnøve Bjørset om ho veit kva Erlend pønskar ut, svarar ho kjapt - Eg har inga aning, men alle er einige i at vi er frykteleg nyfikne på det tingingsverket! Sidan i fjor haust har han jobba med å lage det han kallar eit ”sikkerheitsnett”. 16-17 skisser til låtar han og bandet skal improvisere rundt, fire dagar før festivalen. - Har eg noko som er ganske bra, kjem dei til å gjere det veldig bra, seier Apneseth.
TINGINGSVERK
Dei er eit knippe kvalitetsmusikarar Apneseth har handplukka, og ein føresetnad for å takke ja til utfordringa. Dei fire karane er solide musikarar med evne til improvisasjon, men også med ei kjensle for folkemusikk. Hans Hulbækmo har tradisjonen i blodet, men spelar jazza trommer. Apneseth kallar han best i verda og lydjegar. Bergens-gitaristen Stein Urheim er ein meister i å samle ulike assosiasjonar i eit utrykk- ei evne Erlend håpar å nyte godt av. Ole Morten Vågan og kontrabassen hans var sist i Førde med trioen Gammalgrass, der dei spelte fletta av FolkJazz publikumet, og svensken Erik Rydvall på nyckelharpe får rolla som det folkemusikalske alibiet i gruppa.
- Eg møtte han første gong på Måren-biennalen, og hadde det rett og slett utruleg gøy. Å jobbe saman med ein annan strykar på scena er frigjerande; ofte legg eg min eigen lyd digitalt oppå det eg sjølv spelar- no kan vi gjere dette saman og veksle på å bere melodilinjene.
må forsøke å forstå kven dei er, og hjelpe dei i den leia. I dag er Erlend ein allsidig felespelar som meistrar ulike sjangrar, det er det slett ikkje alle som kan. Eg kallar det han lagar ”drøymemusikk”, seier Eikås. Hadde ikkje Sigmund komme attende til Jølster som spelemann, og hadde ikkje Indre Sunnfjord spelemannslag eller Førdefestivalen eksistert, så hadde det truleg ikkje vorte noko av felespelar Erlend Apneseth heller. - Dette er min måte å gi noko attende på. Dette intervjuet stod på trykk i festivalmagasinet. Tekst: Åsta Urdal
Apneseth kjenner seg ikkje som nokon bandleiar. Han har valt musikarane ut frå kven dei er, ikkje for at dei skal vere eit komp. - Eg trur det handlar om å kjenne sine styrker og svakheiter. Eg ynskjer at alle skal verte gira på musikken, at vi skal finne ut av den saman. Min jobb vert å sitte med den raude tråden. Konserten har fått namnet ”Nattsongar”, ein tittel Apneseth kom over i boka til diktaren Kjartan Hatløy. - Eg set pris på titlar som på eit vis er heilt konkrete, men samstundes heilt opne. Og musikken høyrer liksom natta til, meir enn dagen. Det gjeld festivalen også.Apneseth heller i seg den siste tåren med kaffi, og ser ut kjøkkenglaset i Svidalen. Han er heime ein snartur for å spele på opninga til EM i vektløfting, i Førde. Tonnevis med vekter på stong skal løftast av breiskuldra karar og kvins. Stilfarne Erlend sin kunst er å løfte ein heil sal med eit bogestrøk- og halde den der. - Eg er kanskje nervøs i det daglege, men eg taklar det godt når eg kjem opp på scena. Då ville det vere dumt om eg ikkje hadde kjent på nervane, sjølv om det er ubehageleg. Utan dei ville noko av innhaldet bli borte. Eg prøver heller å balansere det med leik, og etter den siste plata har det blitt veldig viktig å få ut det eg skapar. Det kjennes riktig og meiningsfylt, så spelinga er behovsrelatert. Han har ikkje hatt noko alternativ karriereveg til musikken, ikkje sidan han som 13-åring valde fela over fotballen. Sigmund Eikås, som var lærar den gongen, fortel at han av erfaring ser kven som fell for fela. Erlend var ein av dei. - Min jobb var å lære han tradisjonane, slåttespelet, og å gje han dei tekniske verktøya. Når dei har lært seg sitt eige språk kan dei ta beviste val, og gå i den retninga dei vil. Eg kan ikkje forme dei i mitt bilete, men
ÅRSMELDING 2016
13
OPNINGSKONSERT Foto: Arvid Anthun
På dei store scenene Festivalen presenterer artistar på meir enn tretti ulike arenaer kvart år. Her er ei lita oversikt over det som vart presentert på dei største av festivalen sine meir enn 30 konsertscener i 2016: ONSDAG Café Aman Istanbul | Storsalen i Førdehuset Onsdag kveld fekk publikum oppleve ei visuell og vakker musikk- og danseframsyning der Café Aman Istanbul gjenskapte stemninga frå dei små Café Aman-kneipene i det osmanske riket for hundre år sidan. Ensemblet har i mange år medverka til at den felles gresk-tyrkiske rembetikatradisjonen har fått nytt liv.
TORSDAG Opningkonsert: På flukt! | Idrettshallen i Førdehuset
Foto: Knut Utler
Konferansieren Lavleen Kaur leia publikum gjennom ein fantastisk opningskonsert der publikum fekk presentert vakker musikk og dans frå land på land med flykningeproblematikk: Broukar frå Syria, Faytinga frå Eritrea, spanskjødiske Mor Karbasi, kurdiske Nishtiman, Romengo frå Ungarn, colombianske Noency Mosquera, norske Margit Myhr, etiopiske Gutu Abera og Jawana Thayaseelan frå Sri Lanka.
14
ÅRSMELDING 2016
SIGØYNARFEST Foto: Knut Utler
Foto: Arve Ullebø
Foto: Arvid Anthun
FREDAG Mor Karbasi | Idrettshallen, Førdehuset
LAURDAG Federspiel | Utekonsert på Festplassen
Fredag kveld fekk Førde-publikummet eit musikalsk møte med spanskjødiske Mor Karbasi og den sefardiske musikktradisjonen dei seint gløymer. Mor Karbasi er fødd i Israel, men har aner både i Marokko og Iran. Aller sterkast er røtene i den spansk-jødiske kulturen; difor syng ho på ladino, og difor kan du høyre spor av både flamenco, fado og og arabiske rytmar i musikken hennar.
Federspiel frå Austerrike var eit populært innslag på festivalen. Laurdagen var dei i aksjon på festivalfrukosten, i paraden før dei hadde hovudkonserten sin på Festplassen, i lett duskregn. Med stor musikalsk teft kombinerer Federspiel spontanitet, improvisasjon, leik og humor til pur musikkglede som omfattar både vals, mazurka, Czárdás og jodling. Dette vart ein skikkeleg feelgood-konsert.
Sigøynarfest: Mahala Rai Banda og Romengo Den annonserte utekonserten på Festplassen, måtte i år flyttast inn på festivalhotellet, utan at det la nokon demper på stemninga. Dette vart ein ekte sommarfest, med to feststemde band og eit ditto publikum. Mahala Rai Banda frå Romania drog det heile i gang med hardcore balkanbrass og Romengo følgde på med sigøynarmusikk frå den ungarske landsbygda, godt inspirert av sigøynartradisjonar frå andre deler av Europa.
ÅRSMELDING 2016
15
FESTIVALGALLA Foto: Arvid Anthun
Gjermund Larsen Trio & Nordic | Storsalen, Førdehuset Konserten med Gjermund Larsen Trio og Nordic vart eit høgdepunkt for mange. Dei to trioane er leiande innan nyskapande og nykomponert folkemusikk i Norden, og kom til Førde mellom anna med verket Gjermund Larsen skreiv til Oslo Internasjonale Kirkemusikkfestival i 2015. I tillegg serverte dei musikalske perler både i samspel og åleine.
SØNDAG La Bottine Souriante | Idrettshallen, Førdehuset Den legendariske gruppa frå Canada som stod for den siste store konserten i Idrettshallen dette året, er omtala på side 20-21, under tittelen Legender på programmet.
Festivalgalla | Idrettshallen, Førdehuset Gjennom 2016-utgåva av festivalgallaen fekk festivalen vist seg frå si beste side. Den tekniske gjennomføringa av gallakonserten er av internasjonal kvalitet; her fekk publikum nyte den eine stjerneartisten etter den andre: La Bottine Souriante, Huun-Huur-Tu, Mamar Kassey, Talent 2016, SambaSunda,Trio Madeira Brasil, Spring du fela og Dreamers’ Circus. Konferansierane, Geirr Lystrup og Camilla Granlien, sette ein norsk prikk over i-en.
MUSIKKSTIPEND TIL UNGE UTØVARAR På Opningskonserten - På Flukt, delte Sparebanken Vest ut musikkstipend til tre unge utøvarar, som alle var artistar på konserten: Gutu Abera frå Etiopia, Jawana Thayaseelan og Mira Thiruchelvam, begge frå Sri Lanka. Stipenda vart delte ut av Siren Sundland, direktør for operasjonelle tenester i Sparebanken Vest.
16
ÅRSMELDING 2016
Møteplass Jølster Løa på Jølstraholmen, Vassenden I samarbeid med Jølster mottak og Jølstraholmen inviterte festivalen til konsert med Faytinga, fridomskjemparen frå Eritrea som vart musikar. Ho syng på morsmålet, kumana, og har røter i lokale musikktradisjonar. I tillegg spelte felespelaren Sigmund Eikås rotekte Jølstra-slåttar, og det vart dansa både til norske og eritreiske rytmar. Møtestad Jølster vart ein møtestad der folk på Jølster møttest - og dansa på tvers av nasjonalitet, kultur og hudfarge. Eit draumescenario, rett og slett. Og det heile vart roa ned når dei eritreiske kvinnene ved Jølster mottak inviterte til eritreisk kaffiseremoni.
Circus Raj Ekte gatesirkus frå Rajasthan Eitt av dei mest eksotiske innslaga på festivalen i 2016 var utan tvil Circus Raj, ei gruppe utvalde sirkusartistar blant eliten i Rajasthan sin fascinerande og legendariske gatesirkustradisjon. Denne heilt spesielle forma for underhaldning er ei blanding av dei utrulegaste sirkusnummer i kombinasjon med levande brassmusikk; også det ein lang og viktig tradisjon i Rajasthan. Mange av dei spektakulære sirkus-stunta har sitt opphav heilt tilbake til maharajaene si stordomstid; desse fyrstefamiliane i India som elska å omgje seg med glitter, stas og sirkusmagi. Circus Raj har som mål å ta indisk sirkustradisjon til nye høgder, og i Førde fekk dei viste seg fram gjennom fleire framsyningar og eige sirkuskukurs for born, i den vakre parken på Festplassen. Circus Raj danna naturleg nok også spiss i den årlege paraden frå Førdehuset til sentrum laurdag føremiddag.
ÅRSMELDING 2016
17
Skift bilde Tekst satt inn
Talent 2016 Frå ungdommen: Til alle tider har menneska vandra med von om eit betre liv. Ein kan likne det med jorda sitt blodomlaup, vandringa har like lang historie som menneska sjølv. I mindre målestokk kan ein likne talentprosjektet med Førdefestivalen sitt blodomlaup. Snart like lenge som festivalen har eksistert, har Rikskonsertane og Førdefestivalen samarbeidd om å hente hit unge musikarar frå alle verdshjørne. Ny musikk vert skapt, nye vennskap vert knytte.
Men også som verdsborgarar som menneskerettane skal gjelde for. Slike kulturopplevingar gjev publikum innsikter det ikkje er muleg å verje seg mot. Og dermed eit ansvar det ikkje er muleg å la vere å ta.
Kvart år samlast unge talentfulle musikarar frå Norge og to andre land til to vekeslange verkstadar. Den første verkstaden skjer i samband med Førdefestivalen, den andre i eitt av dei andre landa som er representerte i prosjektet.
Janne Karin Støylen
Med talentprosjektet ønskjer festivalen å gje unge musikarar høve til å utvikle seg sjølv i møtet med andre musikktradisjonar. Men møtet mellom dei unge talenta og publikum er ikkje minst viktig: Vi ser dei på scena i Førde. Som representantar for sin tradisjon, som representantar for dei tusenar som spelar.
Frå Kenya: Faith Wangui - vokal, dans, gitar Saumu Kazia - dans, trommer, vokal Omari Mwatela Swaleh - perkusjon (sengenya, marimba, chapuo, kayamba, leg jingles)
18
ÅRSMELDING 2016
Frå Malawi: Asante Maulidi - perkusjon, dans, vokal Thokozani M1doko - vokal, dans, perkusjon Patrick Chimbewa - tsansi (mbira)
Frå Norge: Helga Myhr frå Torpo i Hallingdal - fele, dans, vokal Ingeborg Ulberg Sommar frå Roros - fele Torfinn Hofstad frå Verdal - fele
TALENT 2015
Returbesøk for Talent 2015 til Armenia Kvart år reiser deltakarane i fjorårets talentprosjekt på «returbesøk» til eitt av landa som har deltakarar i prosjektet. Ved returbesøka vert det lagt vekt på å vise det positive i fredelege kulturmøte, og la dei unge musikarane få utvikle vidare både på det musikalske og sosiale planet. Som det vart lagt grunnlag for under opphaldet i Førde. Prosjektet har òg som mål å bidra til ny giv for bevaring og utvikling av lokale musikktradisjonar i landet vi besøker. Tilbakemeldingane både frå utøvarane og leiarane viser at prosjektet bidrar til ny kunnskap og innsikt, og gir personleg utvikling på mange plan for deltakarane. Det er dermed ein viktig møteplass for unge musikarar som tidleg i si karriere får utvikla kompetanse og nettverk som dei kan bygge vidare på i sitt utdanningsløp. I perioden 30. april – 8. mai 2016 vart returbesøk for Talent 2015 gjennomført i Jerevan i Armenia. Gjennom prøver, konsertar og samver i Jerevan, utvikla prosjektet seg tydeleg både kunstnarleg og sosialt. Det var ein klar ny energi i prosjektet som følgje av at dei unge utøvarane no møttest igjen etter nokre månaders fråver frå kvarandre. Nye idéar kom opp, kreativiteten blomstra, og den sosiale samhandlinga utvikla seg mykje i løpet av opphaldet. Programmet i Armenia innheldt både prøver og konsert på Sayat-Nova Music School, besøk til musikkutdanningsinstitusjonar, instrumentmakar og
Frå Iran deltok Afarin Nazari (ghanoon), Firoozeh Raeesdana (vokal) og Golnoush Salehi (tar).Frå Armenia deltok The Harutyun Chqolyan Trio med Harutyun Chqolyan (duduk), Monica Nazaryan (vokal), og Albert Ordinyan (dhol). I tillegg deltok Haykuhi Babakhanyan Ordinyan på vokal, som opprinneleg skulle ha vore med i prosjektet også i Norge, men som vart forhindra. Ho bidrog svært godt inn i prosjektet under returbesøket.
folkemusikkensemble, samt besøk til viktige historiske stader og minnesmerke. Programmet i Armenia var svært godt tilrettelagt av Arman Padaryan (General Producer for Armenian National Philharmonic Orchestra), som også var med til Førde, og hans assistent Ani Martikyan. Det er ingen tvil om at talentprosjektet er svært viktig for deltakarane si utvikling, både musikalsk og elles. Prosjektet fører òg til resultat i etterkant med nye prosjekt mellom deltakarane. Til dømes har Golnoush Salehi frå Iran og Harutyun Chqolyan frå Armenia halde fram samarbeidet, besøkt kvarandre og gir no ut plate saman. Hans Kjorstad: - (the project) gives you perspectives on political, religious, social and geographical matters you didn’t have from before, and you become more open to others. I have become more interested in my own traditional music through playing and listening to the traditional music from the Middle East. Afarin Nazari: Being with a group of people totally different from me in every imaginable way of life, backgrounds and mentality and living with them for a week has thought me great lessons of how to coexist peacefully, positively and making great friends and great music. Mahsa Vahdat, kunstnarleg leiar: I believe such a projects can create a kind of self confidence in participants and when they see the reaction of other musicians to their own music. They encourage to know how a treasury of music they possess and how they can present it in another concept.
Frå Norge deltok Malin Victoria Alander (vokal) frå Sandane, Hans P. Kjorstad (fele) frå Sør-Fron og Selma French Bolstad (fele) frå Ås. I tillegg deltok dei to musikalske leiarane Mahsa Vahdat frå Iran og Andreas Ljones frå Norge, samt direktør for Førdefestivalen, Hilde Bjørkum.
ÅRSMELDING 2016
19
HUUN-HUUR-TU Foto: Geir Birkeland
Legender på programmet! HUUN-HUUR-TU - RUSSLAND Overtonesongens superstjerner trollbatt festivalpublikum Frå dei starta å turnere i vest, har Huun-Huur-Tu frå Tuva i Russland nærast på eiga hand, gjennom briljant kunstnarskap og solid handverk, introdusert den vestlege verda for dei fantastiske musikktradisjonane frå Tuva. Med utgangspunkt i dei store høgslettene i Altai-fjella sør i Sibir har dei gjennom fleire tiår finslipt overtonesongen, dei instrumentale finessane og den levande songskatten heimanfrå. Dei har trollbunde publikum over heile verda, og det gjorde dei òg til gagns i ein fullsett sal under Førdefestivalen. Musikarane i Huun-Huur-Tu er befriande fri for fakter og staffasje, her er det rein musikalitet, briljant teknikk og drivande samspel som gjeld! Publikum svarte med ståande plaus og krav om ekstranummer – det var mest uråd å få dei ut av konsertsalen!
Foto: David Bowen
VÄRTTINÄ Kronjuvelane i finsk folkemusikk gjesta Førde. Värttinä er sjølve kronjuvelane i finsk folkemusikk og verdsmusikk, med ei historie som går 30 år tilbake i tid. Med sterke kvinnestemmer og sylskarpe vokalharmoniar har gruppa lagt det meste av verda for sine føter. Under Førdefestivalen presenterte dei materialet på sitt nye album, med utgangspunkt i eldgamle songtradisjonar i Karelen. Med sin særeigne songstil, både humoristiske og vakre songar, og med si energiske, fargerike og sterke framtoning gjorde dei eit stort og varig inntrykk på festivalpublikum.
Foto: Arvid Anthun
20
ÅRSMELDING 2016
ALE MÔLLER & GUNNAR STUBSEID Foto: Utler Stubseid Møller
ALE MÖLLER & GUNNAR STUBSEID Legendarisk norsk-svensk duo i Haarklousalen Eit tilfeldig møte mellom desse to meisterspelemennene under Falun-festivalen i Sverige vart til eit livslangt venskap og eit 30 år langt banebrytande musikalsk samarbeid. Gunnar Stubseid sine hardingfeleslåttar får ein ny dimensjon i samklangen med Ale Möller sin mandola, og festivalpublikummet i Førde fekk oppleve det nære og leikande samspelet mellom desse to meistrane på nært hald i intime Haarklousalen på Førde kulturskule. Mykje humor og gode historier frå lange spelemannsliv bidrog òg til at denne konserten vart ei sjeldan god oppleving for publikum.
Foto: Knut Utler
LA BOTTINE SOURIANTE – CANADA Kanadisk supergruppe tilbake til Førde Dei levande legendene i La Bottine Souriante, eit av verdas mest kjende folkemusikkband, gjesta Førdefestivalen allereie på den første festivalen i 1990. Dette året var dei tilbake i Førde med utvida besetning og fornya energi. Søndag ettermiddag spelte dei ein forrykande avslutningskonsert for rundt 900 entusiastiske publikummarar i Idrettshallen i Førde. Det heile enda opp i ståande trampeklapp og ellevill publikumsdans framfor scena. Sjeldan har vi sett så sveitte og lukkelege festivalgjengarar kome ut frå ein konsertsal!
Foto: Knut Utler
ÅRSMELDING 2016
21
SUFIDANS MED BROUKAR Foto: Arvid Anthun
Kurs og seminar Kvart år oppmodar festivalen publikum i alle aldrar til å lære noko nytt eller friske opp att gamal kunnskap ved å melde seg på kurs under festivalen. Kurstilbodet omfattar både song, dans og musikk, og er meint å tiltrekkje både born og vaksne, par og single. Instruktørane er profesjonelle utøvarar som enten er hyra spesielt, eller som er medlemmer i ensemble som spelar på festivalen.
I 2016 HADDE FESTIVALEN DESSE KURSA: • Gresk-tyrkisk dans: Sirtaki og zeybekika • Lynkurs i reinlender og polka med støyt • Songkurs med Camilla Granlien • Sufi-dans med Broukar • Sirkuskurs for born med Circus Raj • Introkurs i colombiansk dans med Nancy Mosquera • Barneverkstad med Raymond Sereba
Rundebordskonferanse om sameksistens mellom religionar I samband med ein av dei nye produksjonane på festivalen, Syriske bøner sjå side 9, som tok utgangspunkt i Syria si historie som ein fredeleg nasjon der alle verdas religionar levde i fredeleg sameksistens, skipa festivalen til ein rundebordkonferanse leia av Erik Hillestad i Kirkelig Kulturverksted. Konferansen sette søkjelys på kva som skjer når eit religiøst mangfald går i oppløysing. Kva er utfordringane? Kva kan representantane for dei ulike religionane bidra med for å vise at de anerkjenner kvarandre?
CIRCUS RAJ HADDE SIRKUSKURS FOR BORN. Foto: Arvid Anthun
22
ÅRSMELDING 2016
BARNEKONSERT: RYTMEEVENTYR Foto: Heidi Hattestein
Foto: Heidi Hattestein
Møt artisten Den populære bokkafeen, som Førde bibliotek riggar i Utstillingssalen i Førdehuset, er arena for samtalar og møte med utvalde festivalartistar. I år fekk publikum bli nærare kjende med desse: Faytinga frå Eritrea, Mor Karbasi frå Israel/Spania, Noency Mosquera frå Colombia, Broukar frå Syria og dei fekk høyre meir om festivalen sitt prosjekt, Grenselause voggesongar.
Syrisk-ortodoks messe i Førde kyrkje Søndag morgon under festivalen vart det for første gong feira syriskortodoks messe i Førde kyrkje. Det var nokre av artistane i konserten Syriske bøner som spontant bad om å få halde messe medan dei var i Førde. Dei høyrer til den syrisk-ortodokse kyrkjelyden i Zahle, som ligg i Bekaa-dalen nord for Beirut. Songen er ein sentral del av alle messene deira, men det viktigaste er sjølvsagt forvaltninga av sakramenta. Det syrisk-ortodokse kyrkjesamfunnet er det einaste i verda som framleis held liturgien på arameisk, Jesu eige morsmål.
BARNEVERKSTAD MED RAYMOND SEREBA Foto: Arvid Anthun
ÅRSMELDING 2016
23
FLORA, VIGÜELA PÅ BLOMSTERHAGEN
Foto: David Bowen
Festival i seks kommunar I løpet av dei fem festivaldagane hadde festivalen arrangement i seks kommunar. I tillegg til Førde, vart det i 2016 arrangert konsertar i desse fem kommunane: Jølster: Sommarnatt på Jølster på Jølstramuseet torsdag kveld, Møteplass Jølster: Faytinga på Jølstraholmen fredag og konsert med Dreamers’ Circus søndag ettermiddag.
Foto: Arve Ullebø
Foto: David Bowen
Foto: Arve Ullebø
24
ÅRSMELDING 2016
JIGS, REELS AND BEERS, GLOPPEN HOTELL
Foto: Arve Ullebø
Ny festivalscene i 2016: Gloppen Hotell Multiinstrumentalistane Mairearad Green og Anna Massie frå det skotske høglandet fekk æra av å stå for den første festivalkonserten til Førdefestivalen i Nordfjord. I Kjellaren pub og bryggeri på Gloppen Hotell var det stinn brakke, og dei to skottane leverte skotske «jigs and reels» av beste merke. Suksess er rette ordet for denne kvelden.
Gaular: Konsert med Huun-Huur-Tu frå Russland på Rytne Gard søndag.
Foto: Berit Kverneng
Fjaler: Foto: Arve Ullebø
Konsert med Spring du fela i Løa på Jakob Sande-tunet.
Flora: Konsert med spanske Vigüela på Blomsterhagen Restaurant onsdag kveld.
Foto: David Bowen
Foto: David Bowen
ÅRSMELDING 2016
25
Foto: Heidi Hattestein
to: Fo
i id He
Familiefestival – og lågtersketilbod
Ha tte ste in
th un
På Førdefestivalen er alle velkomne! Mange konsertar og aktivitetar er spesielt tilrettelagt for dei små. Og barnebillettar er svært rimelege på Førdefestivalen. Mange gratisarrangment gjer festivalen tilgjengeleg for alle samfunnslag, og det er lagt til rette for felles musikkopplevingar på tvers av generasjonar. Det er difor gledelig å sjå både to og tre generasjonar blant festivalpublikum på same arrangement.
I 2016 kunne ein oppleve desse arrangementa gratis:
rvi o: A Fot
• Morgonstund har gull i munn • Musikk i sentrum, Torgscena • Arrangementa Møt artisten • Festivalfrokost • Festivalparade • Festivalgudstjenese i Førde kyrkje • Familiesøndag
Foto: O Apneseth
26
ÅRSMELDING 2016
d
An
Ã…RSMELDING 2016
27
FESTIVALUTSTILLING
Fotoutstilling
OPNING AV KUNSTUTSTILLING
Kristin Skrivervik: Resonans Kva kom først; lyden eller biletet? Når Kristin Skrivervik teiknar brukar ho musikken som motor. - Eg kan sitte lenge og stire på det kvite arket, nesten meditativt. Så let eg musikken sette meg i gang. Den inspirerer meg på fleire plan; den gjev meg ei sinnsstemning og ein rytme som driv handa mi fram i arbeidet. Tørrpastell, kol, klut og hender. Ho arbeider intuitivt i starten, let tankane sleppe til etter kvart. I dei nonfigurative verka dansar linjene over arket. - Heilt sidan folkeskulen har eg vore utruleg fasinert av Ernst Chladni, fysikaren og musikaren som på 1700-talet visualiserte lyd. Gjennom å la forskjellege lydvibrasjonar påverke ulike material, som til dømes sand på tynne metallplater, viste han oss at kvar frekvens har sitt mønster. Sanden samlar seg i ulike sirklar og geometriske mønster utover flata, avhengig av den lyden han vert utsett for.
- Eg vaks opp på Tynset i Nord-Østerdalen, ein av dei kaldaste plassane i Noreg- så den store, svarte vinternatta kjenner eg godt. Eg må stadig vende attende til naturen, for han har alltid vore mi største kjelde til inspirasjon. Eg vekslar mellom eit mikro- og eit makroblikk. Naturen er alt, men løyndomane hans får du berre i bytte med at du gjev han tid. Bileta til Skrivervik låg til grunn når Hulbækmo komponerte sin musikk til utstillingsopninga i Karasjok, og på den måten fekk kunsten sitt eige, organsike kretsløp; Frå musikk til teikning til musikk igjen. - Desse møta mellom kunstartane er veldig spanande. Ved ei anna utstillingsopning spelte to fløytistar, og medan dei spelte var det som om teikninga bak dei vakna til live. Linjene dansa i takt med tonane. Det hadde vore gildt å få til noko slikt i Førde også.
Mønstera og rytmen går att i Skrivervik sine verk. Nokre av dei har nærast ei melodisk linje. - Du kan nok ikkje sjå akkurat kva eg har lytta til, men nokre bilete speglar musikken på den måten at du kan sjå den stigande og dalande intensiteten i det eg høyrer, dei ulike musikalske tema, og det heilt spesielle temperamentet. Og så ser du sikkert eit slektskap mellom dei verka som er produsert til same musikk. Teikningane i ein slik serie vert som søster og bror.
Skrivervik har ynskt seg til Førdefestivalen i årevis. Ikkje berre har musikken lokka, men festivalen ligg også i gamle heimtrakter; - Eg er fødd i Nordfjord, og om somrane då eg var lita heldt eg til på Sandane hos farfar og farmor. No håpar eg at eg skal få ta med meg far min på konsertar i gamle trakter. Det var han, som musikkutdanna, som var den første til å gjere musikken levande for meg.
Platene går om att og om att. Nett no er det kurdiske tonar som fører stiften. - Å velje noko frå platesamlinga som passar årets festivaltema er heilt naturleg når eg forbereder meg til ei festivalutstilling. Den kurdiske musikken er veldig rytmisk. Også er det, det er litt rart, eit strenginstrument her som har den same sprø, vinteraktige klangen som den norske harpa.
Tekst: Åsta Urdal
I fjor samarbeidde Skrivervik og folkemusikar Tone Hul-bækmo, som spelar på nettopp denne harpa, om ei utstilling ved Samisk senter for samtidskunst i Karasjok. På svart papir, til musikk av mellom andre Frode Fjellheim, mana Skrivervik fram lyset i dei samiske fargane. Resultatet gav klare assosiasjonar til nordlyset.
28
ÅRSMELDING 2016
FØRDEFESTIVALEN PÅ WOMEX 2016 I SANTIAGO DE COMPOSTELA
Kompetansedeling Foredrag, rådgjeving og nettverksbygging. Også i 2016 har festivalen hatt utstrakt kontakt med andre aktørar som etterspør administrasjonen sin kompetanse innanfor både musikkfaglege spørsmål, kontraktsrett, visumproblematikk, sponsorarbeid, marknadsføring, lyd- og lysteknikk, visuell profilering, frivillighandtering, artistservice og mykje meir. Slik kompetanseoverføring skjer oftast i uformelle samtalar med dei aktuelle aktørane. Mellom desse er Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Sogn og Fjordane Teater, Scandic Sunnfjord Hotell, Landsfestivalen i gammaldansmusikk, Music Norway, Peer Gynt-stemnet, Sparebanken Vest, Førde kommune, med fleire. Førdefestivalen har inngått eit samarbeid med Firda vidaregåande skule på Sandane. Samarbeidet inneber at Førdefestivalen stiller med forelesar til fagdag på skulen eit par gonger i året, og elevane får høve til å delta i festivalen sitt arbeid med Bornas Verdsdagar Førde og festivalen. I april hadde festivalen besøk av 1. klasse på medie og kommunikasjon ved Hafstad vgs, mellom anna med gjennomgang av informasjons- og kommunikasjonsarbeidet ved festivalen, og gjennomgang av ulike produkt og ulike kanalar. I oktober/november hadde vi ein elev frå 2. klasse på same linje i to veker. Festivalen stilte i år praksisplass for eit internasjonalt utdanningsprogram for festivalmedarbeidarar gjennom European Festival Associaton (EFA). Praksisperioden vart knytt opp til festivaltidsrommet og praktikant Junior Lambrechts frå Belgia fungerte svært godt både i høve arbeidsoppgåver og arbeidsmiljøet i festivalen. Ordninga er planlagt vidareført i 2017. Administrasjonen har i 2016 hatt eit høgt nivå med deltaking og foredrag på konferansar og seminar både regionalt og og internasjonalt. Festivalen har vore til stades som innleiar eller deltakar i paneldebattar og liknande på m.a. European Forum of Worldwide Music Festivals (refugee work), Folkelarm (Hvordan tenker en festivalsjef?), Sunnfjord Næringsutvikling, styringsgruppa for reiselivsforsking i Sogn og Fjordane, Norske Festivalers årskonferanse m.m.
Direktøren er styreleiar i Norske Festivaler og styremedlem i Norges Musikkhøgskole. Ho er også medlem i representantskapen for Riksscenen og Rådet for folkemusikk og folkedans, samt i styringsgruppa for Faglag for Folkemusikkarrangørar, styringsgruppa for oppfølging av reiselivsplanen i Sogn og Fjordane og for Klubbscene i Førde.
Research og kunstnarleg utviklingsarbeid For å kunne utvikle gode og spennande festivalprogram og nye produksjonar, er det avgjerande å drive grundig research og halde kontinuerleg kontakt med faglege nettverk både nasjonalt og internasjonalt. Reiser til festivalar, konferansar, bransjetreff og andre relevante arenaer i inn- og utland er difor avgjerande for å drive eit profesjonelt og utviklande kunstnarleg arbeid. Direktør og andre i organisasjonen har for slikt formål deltatt på m.a. Babel Med, Marseille, Frankrike (internasjonal musikkmesse), UD-seminar, Oslo, Bylarm, Oslo, Folk- og världsmusikgalan, Sverige, Norske Festivalers årskonferanse, Bergen, Primera Linea, Havana, Cuba (internasjonal musikkmesse), Norsk Publikumsutviklings årskonferanse, Stavanger, Focus Galicia, Spania (visningstur), Womex, Santiago de Compostela, Spania, visningstur flamencoforestilling, Helsinki, Finland, returbesøk med Talent 2015, Armenia, Folkelarm, Oslo (nordisk musikkmesse), Reiselivskonferanse, Fjordkysten, Skjerjehamn, Reiselivskonferanse, Innovasjon Norge, Balestrad.
ÅRSMELDING 2016
29
Heilårsverksemd Førdefestivalen driv med publikumsretta aktivitet heile året gjennom konsertar, konferansar og seminar. FolkJazzScena 2016 Året på FolkJazzScena starta feiande med ny plate frå Gro Marie Svidal og hennar tradisjonsspel i ein fullsett sal på Jølstramuseet. Lokalet passar godt til akustisk musikk og vertskapet er ein god samarbeidspart. Det var endå meir ny musikk å høyre på FolkJazzScena i 2016. Både Odde/Holmen, Solfrid Molland og Ruth Lillegraven/Benedicte Maurseth hadde med seg heilt nytt materiale til Sogn og Fjordane. Odde/ Holmen hadde konsert på Jølstramuseet og i Stryn. I Stryn var Fjelljom spelemannslag medarrangør, og det var dans etter konserten. Det er alltid moro å presentere lokale musikarar, og Solfrid Molland hadde mellom anna med seg Hayden Powell, lokal trompetist, på konserten i Førde kyrkje. I samband med denne konserten inviterte festivalen til frivilligsamling på Kulturskulen. I november kom tida for Bornas Verdsdagar, ein dag proppfull av inntrykk og aktivitetar og opplevingar på Førdehuset, før vi avslutta FolkJazzScene-året med eit nytt samarbeid: 3 framsyningar av «Sigd» saman med Rom for ord – nynorskbyen Førde si litteratursatsing. Forfattar Ruth Lillegraven leste utdrag frå diktboka «Sigd» medan felespelar Benedicte Maurseth hadde komponert musikk til.
Solfrid Molland – piano, vokal Hayden Powell – trompet Mats Eilertsen – kontrabass Torbjørn Økland – gitar
Ole Morten Vågan, Stian Carstensen og Ola Kvernberg; musikalitet utan sidestykke!
GAMMALGRASS
SOLFRID MOLLAND – Forvandling
Biblioteket på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa Tysdag 1. mars kl. 20.30
Førde kyrkje søndag 23. okt. kl. 20.00
Billettar på TicketCo.no
Billettar:
og ved inngang
Ordinær kr 220/BOB-medl kr 200/Frivillige kr 160/Born kr 50
(dørene opnar kl. 20.00) Vaksne kr. 300 / BOB-medl kr. 240 / Frivillig kr. 220 Ungdom og student kr. 170
NGE ÅRETS U SIKAR FOLKEMU 2015!
ODDE & HOLMEN Skogstjerna ungdomshus, Markane tysdag 20. sept. kl. 19.00 Jølstramuseet onsdag 21. sept. kl. 20.00 Billettar: TicketCo.no og ved inngang
Vaksne kr 220/BOB-medl kr 200/Frivillige kr 160/Born kr 50
GJERMUND LARSEN TRIO Haarklousalen, Førde kulturskule Torsdag 7. april kl. 20.00 Billettar på TicketCo.no Vaksne kr. 300 / BOB-medl kr. 240 / Frivillig kr. 220 / Ungdom og student kr. 170
KONSERTAR PÅ FOLKJAZZSCENA 2016: 21.01
Gro Marie Svidal
Jølstramuseet, Vassenden
01.03
Gammalgrass
Scandic Sunnfjord hotel & spa, Førde
07.04
Gjermund Larsen Trio
Førde kulturskule, Førde
20.09
Odde/Holmen
Skogstjerna ungdomshus, Stryn
21.09
Odde/Holmen
Jølstramuseet, Vassenden
23.10
Solfrid Molland: Forvandling
Førde kyrkje, Førde
12.11
Bornas Verdsdagar Førde
Førdehuset, Førde
25.11
Sigd (Ruth Lillegraven/Benedicte Maurseth)
Trivselshagen, Sandane
26.11
Sigd (Ruth Lillegraven/Benedicte Maurseth)
Jakob Sande-løa, Fjaler
27.11
Sigd (Ruth Lillegraven/Benedicte Maurseth)
Svidal grendehus, Jølster
30
ÅRSMELDING 2016
Bornas Verdsdagar Førde Bornas Verdsdagar Førde er ein gratis familiedag, som Førdefestivalen gjennomfører saman med Førde kommune og matfestivalen Fargerike Førde. Gratisfestivalen nyttar storstova Førdehuset for gjennomføring, der kvar krik og krok av dette fantastiske kulturhuset vert nytta. Festivalen vert gjennomført kvart år i november, og i 2016 vart gratisfestivalen arrangert for sjuande gong. Ca. 2 500 besøkande var innom arrangementet.
Samarbeidspartar :
Årets verkstader:
• Førdefestivalen sine hovudsponsorar: Sparebanken Vest, Sunnfjord Energi, Scandic Sunnfjord
• Orientalsk dans med Laila Bellydance • Songverkstad med Oline Løvlid • Eventyrhole på biblioteket med Olaug A. Haugen og Linda Gytri • Afro Beat med Diom de Kossa • Trekkspel med Ole Nilssen
hotel og Spa, BOB, Sogn og Fjordane Teater og Adcom Førde
• Førde kommune - lokale, vaktmeistrar, rigging av lokale, medlem i prosjektgruppa og mykje anna • Førde kulturskule – opptredenar på Verdsscena, medlem i prosjektgruppa, ansiktsmåling • Førde bibliotek – dekor Eventyrhola + opne lokale for andre aktivitetar • Sogn og Fjordane fylkeskommune – ansvar for å invitere alle mottaka i fylket, og syte for at desse får gode opplevingar på dagen
• Bergum mottakssenter – rigging, ansiktsmåling, namneskriving, Fargerike Førde • Frivilligsentralen – Fargerike Førde • Jølster mottak – Fargerike Førde • Øyrane mottak – Fargerike Førde • Hafstad vgs – dekor • Barnehagane i Førde – dekor og opptreden med Verdskoret • United World College – vertskap på verkstader og for born frå mottaka i fylket • Sogn og Fjordane fylkesbibliotek - økonomisk bidrag til Eventyrlesarar • Annai Poopathi Tamilsk Kultursenter – opptreden på Verdsscena
Andre aktivitetar: • • • • •
Ansiktsmåling Teikneverkstad Namneskriving på ulike skriftspråk Japansk teaterframsyning i samarbeid med SOFT Matfestivalen Fargerike Førde
ÅRSMELDING 2016
31
FØRDEKONFERANSEN
Foto: David Bowen
FØRDEKONFERANSEN Foto: Arve Ullebø
Førdekonferansen 2016 Kulturens kraft i eit samfunn i endring var den høgaktuelle overskrifta for Førdekonferansen 2016. Sterkt personlege, fagleg interessante og engasjerte innlegg prega konferansedagen, og opna opp for høgst ulike innfallsvinklar til temaet. Gjennomgangstonen i ordskiftet var likevel felles: For eit samfunn i endring er kultur, både i materiell og immateriell form, utan tvil ei viktig kraft. Utfordringane ligg i korleis privatpersonar, organisasjonar og politiske institusjonar greier å bruke kulturen sine rom som møtestader for inkludering, vekst og utveksling av impulsar. Førde-ordførar Olve Grotle ønskte vel åtti konferansedeltakarar velkomen med å konstatere at samfunnsendringar står på agendaen på både lokalt og globalt nivå. Grotle oppmoda om å bruke konferansen til å søkje perspektivskifte, toleranse og kunnskap.
kunstprosjekt. I kunsten spør ein etter kva eit menneske har, medan sosiale prosjekt ofte spør etter kva det manglar. Gjennom Fargespill får deltakarane bidra med det dei har, sine ressursar. Grunntanken er at om du blir sett på som ein ressurs, så vert du ein ressurs.
Kristin Hille Valla, styreleiar for Førdefestivalen, oppfordra deltakarar og innleiarar til å tenkje kreativt og kritisk rundt konferansen sitt tema. For at samtalane om temaet skal bli konstruktive, er det difor viktig å skape felles forståing av ord og innhald. Valla trekte fram ordet mangfald som døme på eit viktig, men vanskeleg omgrep å einast om innhaldet i.
TIL NORGE SOM FLYKTNING – KORLEIS KNEKKE KODEN?
RYGGMARGSREFLEKSJONAR Fargespill-grunnleggar Ole Hamre tok utgangspunkt i at alle former for kunst er ytringar, og dermed språk. Kunst er eit upresist, mangetydig språk, motsett av matematikk, som er eit presist språk. Menneska treng desse to ytterpunkta, for det er i kryssinga mellom desse vi utviklar oss. Med dette som bakteppe, viste Hamre til Fargespillprosjektet og dei sosiale konsekvensane av det. Hans overtyding er at nøkkelen til at Fargespill lukkast, ligg i at det nettopp ikkje er eit sosialt prosjekt, men eit
32
ÅRSMELDING 2016
Hamzeh Alsheiko, vitskapleg assistent ved sosiologisk institutt på Universitetet i Bergen og syrisk flyktning til Noreg med to års butid, viste korleis kultur både kan stå i vegen for eller fremje integrering. Alsheiko hevdar integreringsprosessane har tre hovudutfordringar: Språk, kultur og kunnskap. Det er viktig å hugse på at utfordringane gjeld både minoritets- og majoritetsbefolkninga. Nøkkelen ligg i å tore å engasjere seg. Gjennom å delta aktivt i frivillig arbeid, idrett, musikk og andre former for kulturell samhandling, kan ein snu det som først skil menneske frå kvarandre, til det som bind oss saman. Integreringsutfordringar i eit liberalt samfunn Mahmoud Farahmand, talsperson for organisasjonen LIM (Likestilling, integrering,
mangfold), følgde på med sine refleksjonar kring integreringsutfordringar i eit liberalt samfunn. Også han hevda at kultur er ein nøkkel i migrasjonsspørsmål. Reell integrering og inkludering fordrar både forståing av og kunnskap om kulturen ein lever i, saman med aktiv deltaking i kulturaktivitetar. Farahmand understreka at dette ikkje berre gjeld for innvandrargrupper, men for alle samfunnsborgarar. Han rette peikefingeren mot at det ofte vert skapt eit offerbilete av minoritetar og flyktningar. Aktiv, sjølvstendig deltaking er både mål og middel for vellukka integrering.
ÅPNE OPP! Norsk-britiske Dominic Vilson, informasjonssjef ved Nordic Black Theatre, viste korleis kultur i praksis kan opne både dører og hovud. Sidan 1992 har han arbeidd med å bygge opp den Oslo-baserte institusjonen Nordic Black Theatre, eit alternativ til den etablerte, ”blendakvite” teatertradisjonen i Noreg. Utfordringane ligg i å lage gjevande lågterskeltilbod for å femne breitt og nå nye samfunnsgrupper. Dersom ein klarer å nå og føre saman menneske av ulikt opphav, vert kunsten tvers igjennom transkulturell, grenselaus.
FØRDEKONFERANSEN
Foto: Heidi Hattestein
FLORA KOMMUNE – MED INTEGRASJON PÅ AGENDAEN
KULTUR SOM PLATTFORM FOR INTEGRERING.
Flora kommune har i fleire år blitt brukt som døme på vellukka busetjing og integrering i praksis, særleg i si handsaming av mindreårige asylsøkjarar. Rådmann Terje Heggheim fortalde om kommunen sine suksessfaktorar i integreringsarbeidet. Heggheim trekte fram tverrpolitisk semje, langsiktige strategiar og sikker finansiering som tre nøklar for det kommunale integreringsarbeidet. Han åtvara likevel mot å ta lett på utfordringane knytt til integrering. Avslutningsvis appellerte Heggheim til forsamlinga med personlege refleksjonar om enkeltmenneska som utgjer asylsøkjarstatistikken.
Statssekretær i Kulturdepartementet, Himanshu Gulati synte korleis kultursektoren er ein nøkkel for alle typar integrering og inkludering, gjennom å bidra med møteplassar. Personar som flyttar til Norge, flyttar ikkje til Norge, men til eit lokalsamfunn i Norge, på same måte som ein skiftar lokalsamfunn når ein flyttar innad i eit land. Måten tilflyttarar vert tekne imot på, avgjer om dei vert aktive eller passive innbyggjarar. Frivilligheita og dei etablerte kulturtilboda gjev uvurderlige arenaar for aktiv involvering i eit lokalsamfunn. Gulati viste til regjeringa si nye integreringsmelding, der nettopp dette er eit hovudpoeng.
MANGFALD SOM INNOVASJONSKRAFT
WORKSHOPS OG PLENUMSAMTALE
Konserndirektør CSR i Sparebanken Vest, Hallgeir Isdahl, følgde opp styreleiar Kristin Hille Valla si oppfordring med å gå omgrepa innovasjon og mangfald nærare etter i saumane. Innovasjon kan forståast som eit multidimensjonalt omgrep, men òg, i enklast forstand, nyskaping som skapar verdi.
Nytt på 2016-utgåva av Førdekonferansen var ein lengre workshop-del med gruppediskusjonar. Diskusjonssekvensen og den avsluttande plenumssamtala vart leia av kaospilot, sosial entreprenør og gründer Silje Grastveit.
Mangfaldsomgrepet er på si side eit fleksibelt uttrykk for variasjon og varietet. Når det gjeld moglegheitene for å bruke mangfald som innovasjonskraft, peika Isdahl på at variasjon og utvikling ikkje heng nødvendig saman – mangfald i seg sjølv gjev ikkje nødvendigvis suksess – men eit auka mangfald kan generere auka innovasjon gjennom strategisk styring. Han vektla sterkt at flyktningspørsmål må handterast på humanistisk grunnlag.
Tekst: Åslaug Timenes Bell (nedkorta versjon)
ÅRSMELDING 2016
33
FESTIVALFRUKOST Foto: Heidi Hattestein
Publikumsutvikling Festivalen sitt føremål er å fremje kunnskap om og interesse for norsk og internasjonal folkemusikk -og dans gjennom konsertar, kurs og andre relaterte aktivitetar. Det er eit uttalt mål å nå flest mogleg med vårt tilbod, uavhengig av alder og geografisk, etnisk eller sosial tilhøyrigheit. Målretta programmering – lågterskeltilbud Førdefestivalen har eit uttalt mål om å nå breitt ut til mange publikumsgrupper, både når det gjeld alder, samfunnslag, geografi og kulturell og sosial tilhøyrigheit. Festivalen legg difor spesifikke strategiar og gjer ulike tiltak for å nå desse måla.
Heile familien på festival Førdefestivalen vil legge til rette for felles opplevingar på tvers av generasjonar. Festivalen har difor ikkje berre spesifikke arrangement retta mot barn og unge, men prøvar å legge til rette for at heile familien, både vaksne og born, kan få utbytte av same arrangement. Dette tek vi omsyn til m.a. når det gjel val og tilrettelegging av arenaer, og i billettprispolitikken vår m.m. Førdefestivalen har kanskje landets rimelegaste billettprisar for born, som betalar kr 50,- per arrangement; i tillegg har festivalen ei rekke gratisarrangement, Familiedag, turaktivitetar, fri festivalfrukost m.m.
Andre lågterskeltilbod Førdefestivalen ynskjer ikkje berre å invitere til konsertar i storstova Førdehuset og på andre konsertarenaer, men driv òg «oppsøkande musikkformidlingsverksemd» gjennom t.d. korte «smakebitkonsertar» på utandørsarenaer i Førde sentrum, festivalparade, opa utandørs kunstutstilling m.m. Festivalen gjev òg eigne tilbod til publikumsgrupper vi veit er prisømfintlege, som til dømes flyktningmottaka i fylket. Vi tek omsyn til dette alt i programmeringa av festivalen, slik at desse gruppene kan få mest mogleg ut av å reise til Førde for å oppleve festivalen.
34
ÅRSMELDING 2016
Involvering gjev eigarskap og engasjement Deler av publikum som er vanskeleg å nå gjennom den vanlege marknadsføringa, prøvar festivalen å nå ved å involvere dei i arrangementet. Det gjeld td innvandrargrupper og tenåringssegment, der vi gjennom å involvere dei i dugnad, samarbeid og hospitering, opplever auka interesse, engasjement og eigarskap. Det fører til at dei spreiar ordet om festivalen og musikken til vener og kjende. Alle frivillige, sponsorar og andre samarbeidspartar er også svært viktige ambassadørar og nettverksutvidarar for festivalen.
Auka kunnskap og innsikt Førdefestivalen har som eitt av sine mål å opne for ny oppleving, erkjenning og kunnskap. Vi programmerer difor ofte framståande artistar som ikkje frå før er kjende i Norge, og har fått svært mange tilbakemeldingar på at dette gjev heilt nye opplevingar og har stor verdi for publikum. Festivalen arrangerer også den årlege Førdekonferansen, ulike foredrag og «Møt artisten»-sesjonar der publikum får nærare innblikk i nokre av artistane sin musikk, deira bakgrunn og situasjon som kunstnarar.
Auka satsing på å nå publikum i nærregionen Dei siste par åra har festivalen hatt auka fokus på å nå eit større publikum i vår nærregion, då publikumsundersøkingane våre viser at det her er eit potensiale. Ein annan faktor er at overnattingskapasiteten i Førde er sprengt under festivalen, så ein måte å utvide publikum på, vil vere å nå folk som ikkje treng overnatting. Dette er gjort både gjennom marknadsføringsstrategiar og ved å legge festivalarrangement i kommunane rundt Førde. I 2016 hadde festivalen arrangement i 6 kommunar: Førde, Jølster, Gaular, Flora, Gloppen og Fjaler Kommune.
PROGRAMSLEPP 2016
Programpresentasjonar
Barnehagesamarbeid
Førdefestivalen presenterer programmet til ulike lag, organisasjonar og samarbeidspartar i forkant av festivalen. 10 presentasjonar vart gjennomført til ca 400 personar dette året. Samarbeidspartar som Sparebanken Vest, Sunnfjord Energi/Enivest, Firda, Handelhuset og Elvetorget hadde besøk av Hilde Bjørkum. Det var også programpresentasjon for Lions Førde og Førde Norsksenter.
Nærleiken Barnehage bidrog med dekor til Bornas Verdsdager Førde til verkstaden Song for dei minste. I tillegg hadde alle barnehagane teikna flagg, som vart utstilte under arrangementet. Oline Løvlid besøkte 4 barnehagar 2 gonger før Bornas Verdsdagar, og i samband med opninga av Bornas Verdsdagar Førde, framførte eit barnehagekor songtradisjonar frå fylket på scena.
Samarbeidsorganisasjonar
Barnehagar og skular i Førde og omegn får også tilsendt eige informasjonmateriell med særskilt vekt på barne- og familietilbodet i festivalprogrammet, og barnehagane i Førde er også aktive brukarar av lågterskeltilboda i Førde Sentrum under festivalen.
Gjennom samarbeid med andre organisasjonar får Førdefestivalen bodskapen ut i fleire kanalar, til eit publikum som gjerne har mange felles interesser og verdiar som Førdefestivalen. Den Norske Turistforening, Sogn og Fjordane Turlag, Indre Sunnfjord Turlag og Barnas Turlag Førde er nokre slike organisasjonar. Dei to sistnemnde er også viktige samarbeidspartar ved eit par av konsertane under festivalen. Lions Førde og Førde Rotary er også organisasjonar som det er eit intensjonsamarbeid med. Hausten 2016 samarbeidde Førdefestivalen om 3 framsyninger av Sigd også med Rom for ord, nynorskbyen Førde si satsing på eit større litterært kultur og debattilbud i 2016.
Skulesamarbeid Dei siste åra har festivalen hatt eit samarbeid med Firda vidaregåande skule, og i 2016 gjennomførte festivalen fagdag på Sandane. Festivalen hadde i år ein praksiselev frå Hafstad vidaregåande skule (media og kommunikasjonslinja) som var på festivalen i 2 veker. Festivalen samarbeider også med skular i samband med Bornas Verdsdagar Førde, der elevar ved Hafstad vgs. laga dekor på verkstaden Afro Beat.
Utplassering frå The Festival Academy I samarbeid med The Festival Academy som er eit tilbod gjennom European Festivals Association, tok festivalen i mot Junior Lambrechts på utplassering i veke 26 og 27. Han fekk komme tett på den praktiske gjennomføringa av festivalen, og fekk sjå produksjonssida av festivalen frå innsida.
Tilbod til innvandrar og asylsøkarar. Mangfald og integrering er viktige verdiar for Førdefestivalen. Flyktningmottak i Sogn og Fjordane fekk tilbod om fribillettar til nokre konsertar under årets festival. Festivalen samarbeider også med Førde Norsksenter om programpresentasjonar og rekruttering av frivillige blant innvandrarar. Vi har røynsle for at publikumsutvikling gjennom aktiv deltaking mot innvandrarsegmentet verkar positivt. Dette er integrering i praksis!
Reiseliv Festivalen arbeider målretta med å få aktørar i reiselivet til å pakke festivalen inn i sine turprogram. Vi har inngått samarbeid med destinasjonsselskapet Fjordkysten, med sikte på å styrke dette arbeidet.
Kokk heim På festivalfrukosten trekte vi ut ein vinnar av ein 3-rettars middag for 8 personar. Dette er eit samarbeid med Kokkenes Meisterlaug Sogn og Fjordane som steller til maten, og Coop Extra som sponsar alle råvarene.
ÅRSMELDING 2016
35
AMALIE OG ANNA VAR FØRSTEGONGS FRIVILLIGE PÅ ÅRETS FESTIVAL. Foto: Knut Utler
Frivillige Kvart år er ca. 350 frivillige med på å gjere Førdefestivalen til det eventyret den er. Dei bidreg før, under og etter festivalen og skaper ei heilt fantastisk stemning og samhald. Dei gjer alt frå å rigge scener, selje billettar, køyre buss, servere mat, pynte arenaer, vere artistkontaktar og mykje, mykje anna. Alt med eit felles mål: Å legge til rette for at andre skal ha gode opplevingar, både artistar og publikum - og dei frivillige. Å vere frivillig gjev eigarskap til og stoltheit over kva ein får til, både som enkeltperson og saman med andre. Verdiar som samhald, fellesskap og hjelpsemd er noko av det som kjenneteiknar alle dei frivillige som er med på festivalen kvart år.
«Sommarens høgdepunkt å bli kjent med så masse kjekke folk!» - frivillig Frivillig om å vere frivillig: “Love it!” «The people there (les:i artistservice) are angels” – artistkontakt
36
ÅRSMELDING 2016
Vi takkar våre gode sponsorar og samarbeidspartar!
Barnas Turlag Førde, Bary as, Bellis Blomster, Bergens Tidende, Blomsterhagen Restaurant, Bondens Marked Førde, Fjordamattunet, FjordKysten, Førde kulturskule, Førde Kyrkje, Gloppen Hotell, Hellevang Kontorsystemer as, Jølster mottak, Jølstraholmen, Jølstramuseet, Klokkargarden, Kokkenes Mesterlaug Sogn og Fjordane, Kontorsenteret, Lotteri- og stiftingstilsynet, Magne Hafstad as, Naustdal Dampbakeri, Norkring, Nortura, Nærleiken Barnehage, Rotary Førde, Rytne Gard, SOF Teater, Sognefjord.net, Sogn og Fjordane Folkemusikklag, Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Solsida Barnehage, SNU, Sunnfjord Folkehøgskule, Sunnfjord Kunstlag, Vieåsen Barnehage
Organisasjon for folkemusikk og folkedans
DEN INDONESISKE AMBASSADE
ÅRSMELDING 2016
37
Profilanalyse - Førdefestivalen
Uttak 29.
Dekning per fylke
Foto: Knut Utler
Mediedekning Mediedekning
Mediestatistikkar
Mediedekninga på festivalen er nokså stabil. I samband med tema- og programslepp er festivalen omtala i mange lokalaviser rundt i landet, og vi blir følgde av Aftenposten og andre nasjonale aviser. Når det gjeld radio og TV, er det først og fremst NRK sine kanalar som dekker festivalen. Internasjonalt hadde vi i 2016 mellom anna eit TV-team frå Rudaw TV som følgde den kurdiske gruppa Nishtiman på festivalen. Dei laga eit lengre program om festivalen, intervjua direktør Hilde Bjørkum og rapporterte frå festivalen undervegs. NRK P2 dekka festivalen og gjorde opptak frå konsertar som vart sende i Folkemusikktimen og Verdsscenen utover hausten.I 2016 akkrediterte vi 22 norske journalistar/fotografar i tillegg til 16 eigne fotografar og mediegruppe.
Festivalen hadde i alt 351 medieoppslag, fordelt med 60% i papiraviser og 40% på nett. I tillegg til norske medier, har festivalen mykje omtale internasjonalt, både gjennom radiokanalar og TV-stasjonar.
Profiler Førdefestivalen
0
Dekning pr fylke:
norske fylker Sogn og Fjordane Hordaland Oppland Nordland Rogaland
Antall 277 95 90 89 88
32 delegatar frå 11 land deltok på det internasjonale presseprogrammet under Førdefestivalen 2016. Programmet vert gjennomført i samarbeid med Music Norway og med støtte frå Utanriksdepartementet. og gjev festivalen mykje omtale i internasjonale medier. Delegatane får oppleve leiande norske folkemusikarar, og lære om norske musikktradisjonar.
Møre og Romsdal Buskerud Oslo
87 87 86
På deltakarlista stod representantar for både presse og bransje, som til dømes Johannes Theurer frå Rundfunk Berlin Brandenburg, Simon Broughton, redaktør i Songlines; Teddy Grego og Martin Mbita for France24, TV5 Monde og Ubiznewstv.com; Béla Bowé frå RFI og F24; Asaki Abumi, japansk journalist basert i Norge. Yoko Hatano frå Five Crosscultural Media Co; Allah Ahmad Hemken og Shivan Tahir frå Rudaw TV (kurdisk/tysk), Yanyan Hu frå People's Daily, Litterature and Art; Sam Banda Junior frå Times i Malawi og Synneva Brynnel frå LIRA. Norske deltakarar var Helge Westbye i Grappa; Karl Seglem i NORCD og representantar for viktige reiselivsaktørar The Travel Designer og Fjord Norge.
Troms Aust-Agder Sør-Trøndelag Nord-Trøndelag Vest-Agder
84 83 83 83 82
Østfold Vestfold
81 81
Finnmark Hedmark Akershus Telemark
81 81 80 80
Program for internasjonal presse og bransje
38
ÅRSMELDING 2016
4
|
Kultur
|
mandag 11. juli 2016
Erlend Apneseth (oppe t.v.), Erik Rydvall, Hans Hulbækmo, Stein Urheim (under t.v.) og Ole Morten Vågan sto bak årets bestillingsverk. ALLE FOTO: ODDLEIV APNESETH
Unge talentfulle norske utøvere preget den internasjonale Førdefestivalen, som ble avsluttet i går. Bergens Tidendes journalist er imponert over artistene. Her oppsummerer han høydepunktene.
Nordmenn toppet verdensfestival å FESTIVAL
struktører, så gir de en konsert og får delta på den store gallakonserten. I år kom de utenlandske gjestene fra Kenya og Malawi.
Selv uten internasjonale stjernenavn på programmet har den 27. Førdefestivalen levert nok en kvalitetsmønstring av tradisjonsmusikk fra flere verdensdeler.
Multitalent
Jan H. Landro Førde
Kanskje ikke helt på nivå med de to foregående årene, men likevel. Høydepunktene har ikke vært færre, og gledelig nok har unge, uvanlig talentfulle norske utøvere stått for noen av disse. Den røde tråden gjennom festivalen har vært kulturell sammensmelting, musikalske møter på tvers av tradisjoner og sjangrer, tidligere ukjente konstellasjoner av utøvere og instrumenter og internasjonal forbrødring i en grenseløs verden. Igjen har Førdefestivalen stolt levd opp til sine kulturelle forpliktelser. Et viktig uttrykk for denne tankegangen er det årlige talentprogrammet, hvor unge utøvere fra Norge og et par land i andre verdensdeler inviteres til en ukes samspill og kurs med dyktige in-
I et program med så stor variasjon og bredde er det selvsagt umulig å kåre «vinnere», men det som har gjort sterkest inntrykk på meg, og tydeligvis på flere andre, er soloforestillingen Stilt trør kvinner i sørgedans. I sentrum står multitalentet Margit Myhr fra Ål i Hallingdal, som for øvrig var en del av talentprogrammet i 2009. Med manus av Eldgrim Springgard og regi av Leif Stinnerbom presenterer hun tre autentiske kvinneskjebner fra ulike århundre, varierende fra det sørgelige via det dramatisk-tragiske til det dypt tragiske. Vekten ligger på disse kvinnenes tanker og drømmer og den maktesløsheten de må ha opplevd. 26-åringen er en dyktig skuespiller og forteller, i tillegg synger og kveder hun og trakterer lyre og langeleik. Presentasjonen er utsøkt og så kontrollert ned til minste bevegelse og tone; Margit Myhr stoler fullt og helt på fortellingenes iboende styrke og trenger ikke legge noe til. Det går år
Margit Myhr fra Ål i Hallingdal er et multitalent og leverte soloforestillingen Stilt trør kvinner i sørgedans.
mellom hver gang vi ser en slik stillferdig og sterk formidling. Bestillingsverket
Kjæresten hennes ligger ikke langt etter. 25 år gamle Erlend Apneseth hadde skrevet årets bestillingsverk, som han fremførte sammen med Hans Hulbækmo (perkusjon), Ole Morten Vågan (bass), Erik Rydvall (nøkkelharpe) og Stein Urheim (gitar). Det var formet som en hyllest til Førdefestivalen, som har gitt ham så mange musikalske impulser, og var en bortimot timelang reise gjennom kulturer, tradisjoner og
Profilanalyse - Førdefestivalen
genre som har preget festivalen. Bunnplanken er folkemusikken, den ligger hele tiden under, men spennet i uttrykkene er stort – riktig nok med mindre jazzpreg enn den nyeste platen hans kunne innvarsle. Aller best syns jeg dette er når Apneseth og musikerne beveger seg bort fra det gjenkjennelige og tar oss inn i landskap det er vanskelig å definere og sette ord på. Nattsongar er et verk som absolutt tåler gjenhør. Nye dimensjoner
Nevnes må også Silje Onstad Hålien fra Valdres, som i sin dans våger å gå helt egne veier, slik forestillingen 101 hattar å sparke før eg døyr viser. Hun gir den sceniske folkedansen nye dimensjoner, som kanskje ikke alle puristene setter like stor pris på, men som får sitt fascinerende uttrykk i denne forestillingen. Festivalens diva var Mor Karbasi, et helt integreringsprosjekt i seg selv. Hun er født i Israel, bor i Spania og har marokkanske og iranske aner. Dessuten bidrar hun til å holde liv i et språk og en kultur som er truet av stille død, den jødespanske ladinoen, dyrket av jødene som etter noen århundrer i
Spania ble fordrevet derfra. Hun ser ut som en gudinne, har en guddommelig røst, en magisk utstråling og et foredrag og et helt spesielt uttrykksrepertoar. Også hun tok oss med på en reise, til landene «sine» rundt Middelhavet. Med innlevelse, stor lidenskap og talende arm- og håndbevegelser formidler hun sterke følelser og tilsvarende fortellinger, fra det heftige til det sødmefylte. En annen verden
I en helt annen verden befinner de tre finske kvinnene i Värttinä seg. Med fart, ypperlig presisjon og et enormt overskudd formidler de tradisjonsmusikk fra det østlige Karelen, på det som i dag er russisk side. Også de tar vare på en sangskatt som står i fare for å gå tapt. Det går fra joik til de mest dansbare melodier, fremført toog trestemt og med harmonier du sjelden hører. Kirkemusikkfornyeren Gjermund Larsen, sibirske overtonesangere, den svenske multiinstrumentalisten Ale Möller, en hel festival alene, gamelanspillerne og -danserne fra Java. Disse og mange flere bidro til at Førdefestivalen også i år ble noen opplevelsesrike og meningsfylte dager.
Uttak 29.05.2017 Kilde: Retriever
Dekning pr. kjelde
Dekning per kildekategori (papir)
Kjelde: Retriever Profiler
Førdefestivalen Profilanalyse - Førdefestivalen
Profiler
01.01.2016 - 31.12.2016 Uttak 29.05.2017 Kilde: Retriever
/ Tal lesarar Rikspresse Regionavis Lokalavis Magasin Tidsskrift
Dekning antall Førdefestivalen 21 Totalt 21
lesere 7 7
Profiler Førdefestivalen Totalt
Profiler
178 178
Fagpresse 1 1
2 2
Pressemeldi Totalt nger 0 209 0 209
Kjelde: Retriever
Førdefestivalen
01.01.2016 - 31.12.2016
Profiler 01/16 02/16 03/16 04/16 05/16 06/16 07/16 Førdefestivalen 355542 1357673 878659 1582328 272489 2346580 5392214 Totalt 355542 1357673 878659 1582328 272489 2346580 5392214 Profiler 08/16 09/16 10/16 11/16 12/16 Totalt Side 115430214 av 1 Førdefestivalen 443300 226327 604412 481750 1488940 Totalt 443300 226327 604412 481750 1488940 15430214
ÅRSMELDING 2016
39
LOKALMAT-FØRDEFESTIVALEN Foto: Geir Ivar L. Ramsli
FørdefestivalMAT Formålet med FørdefestivalMAT-prosjektet er å fremme kunnskap om, og auke interessen for og bruken av kvalitets lokale råvarer og lokalmat kultur. Samarbeidspartane i prosjektet skal styrke kvarandre gjennom profilering, aktivitetar, relasjonsbygging og kunnskapsdeling. Prosjektet skal gje Førdefestivalens gjestar lokal mat og ein heilskapleg kulturoppleving med tydeleg identitet.
Samarbeidspartane som var med i prosjektet: Førdefestivalen, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa, Pikant, Sunnfjord Cafe og Catering, Naustdal Dampbakeri/Olefine, Coop Vest Cafe, Cafe Sobra, Spiseriet og Spisekroken Cafe. Leiing for prosjektet var Førdefestivalen i samarbeid med kokk og rådgjevar Hanne Frosta, Bergen. Festivalen fekk støtte frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane til prosjektet. I tillegg bidrog samarbeidspartane med innkjøp av råvarer og arbeidsinnsats i prosjektet. Samarbeidspartane viste stort engasjement og var svært positive til prosjektet. Det var forholdsvis kort tid til planlegging i forkant av Festivalen, men til tross for dette blei det laga flotte festivalmenyar basert på lokale råvarer.
40
ÅRSMELDING 2016
Festivalen utarbeida logo og mal for menyane og markedsførte prosjektet på nettside og i sosiale media mm. Prosjektet fikk god marknadsføring i NRK lokalradio og avisen Firda i forkant av festivalen. Evaluering av prosjektet blei gjort ved ei spørjeundersøking av samarbeidspartane og i møter etter festivalen. Det var gjennomgåande svært positive tilbakemeldingar på prosjektet frå alle samarbeidspartane. På fleire av spisestadane har omsetningen på matsalet under festivalen auka betydeleg. Målsettinga er å videreføre prosjektet i 2017.
101 HATTAR Å SPARKE FØR EG DØYR Foto: heidi Hattestein
Artist- og arrangementsoversyn
2013
2014
2015
2016
Tal artistar / Tal land - festivalen
276 / 27
326 / 40
287 / 30
284 / 37
Samla programtilbod - festivalen
110
95
92
93
Eigenproduksjonar
6
5
8
Konsertar / framsyningar / dansetilstellingar
49
50
67
Kurs / konferanse / foredrag / seminar
15
9
11
Kunstutstilling
1
1
1
1
Andre festivalaktivitetar*
7
13
14
26
Heilårsdrift: Konsertserien, FolkJazzScena, Bornas Verdsdagar, seminar/kurs mm
10
14
28
37
7 74
Solgte billettar, festival
12 412
Fribillettar (sponsorar, frivillige, flyktningemottak), festival
2 192
Besøkstal festival, inkl. gratisarrangement
25 000
28 000
28 000
26 800
Besøkstal heilårsdrift (FolkJazzScena, BVD, foredrag etc.)
4 000
6 600
3 755
4 157
Samla besøkstal
29 000
34 600
31 755
30 957
*Omfattar gudsteneste, familiedag, festivalfrukost,festivalparade, møt artisten-sesjonar, kino, salsutstillingar, m.m. Eigenproduksjonar 2016: Oponingskonsert, Gallakonsert, Talent 2016, T. Isungset: Arctic Ice Music, E. Apneseth: Nattsongar, Syriske bøner, Sulla meg litt du mamma mi - grenselause voggesongar.
ÅRSMELDING 2016
41
42
Ã…RSMELDING 2016
Ã…RSMELDING 2016
43
44
Ã…RSMELDING 2016
Ã…RSMELDING 2016
45
46
Ã…RSMELDING 2016
Ã…RSMELDING 2016
47
48
Ã…RSMELDING 2016
Ã…RSMELDING 2016
49
50
Ã…RSMELDING 2016
Ã…RSMELDING 2016
51
52
Ã…RSMELDING 2016
Ã…RSMELDING 2016
53
54
Ã…RSMELDING 2016
Festivalguide Onsdag 6. juli 09.00-09.30 16.00-19.00 17.30-19.20 18.30-19.00 20.00-21.00 20.00-21.00 20.00-21.30
ARENA:
Morgonstund har gull i munn Solsida barnehage, avd. Haugum Ut på tur, aldri sur Halbrendstølen Festivalfilm: Fuocoammare Lisjesalen, Førdehuset Opning av festivalutstilling: Kristin Skrivervik: Resonans Kunstsalen, Førdehuset Café Aman Istanbul Storsalen, Førdehuset Vigüela Blomsterhagen restaurant, Florø Jigs, reels and beers - Mairearad & Anna Gloppen Hotell
Ord./Fpass/USpass, Barn
Fri entré 160/100/50 100 (Resepsjonen FH) Fri entré 250/160/50 230/140/50 250/160/50
Torsdag 7. juli 09.00-09.30 10.30-16.30 11.00-11.45 15.00-15.45 17.30-18.30 19.30-21.00 21.30-23.30 22.00-23.30 23.00-02.00
Morgonstund har gull i munn Førdekonferansen 2016 Musikk i sentrum Circus Raj Vigüela Opningkonsert: På flukt! Dansen går i Førdehuset Jigs, reels and beers - Mairearad & Anna Sommarnatt på Jølster
09.00-09.30 10.30-11.15 11.30-11.50 12.00-13.00 12.00-13.20 13.30-14.30 13.30-14.30 14.30-14.50 15.00-15.45 15.00-16.00 16.30-18.00 16.30-17.30 17.30-17.50 18.00-18.40 18.00-19.00 19.30-20.30 21.00-23.30 21.00-22.45 21.30-22.30 23.00-02.00
Morgonstund har gull i munn Musikk i sentrum Møt artisten: Faytinga Margit Myhr: Stilt trør kvinner i sørgedans Lunsjkonsert: Noency Mosquera & Bonga de Bayajá Gunnar Stubseid & Ale Möller Värttinä Møt artisten: Mor Karbasi Circus Raj SambaSunda Møteplass Jølster: Faytinga Terje Isungset: Arctic Ice Music Møt artisten: Noency Mosquera Barnekonsert: Rytme-eventyr Nishtiman Mor Karbasi Dansen går i Førdehuset Columbi Egg Syriske bøner - Syrian prayers Sigøynarfest på Festplassen
Fredag 8. juli
Laurdag 9. juli 08.30-10.00 10.30-11-00 11.00-11.45 12.00-13.00 13.00-13.20 13.00-13.30 13.30-14.30 14.00-15.00 15.00-16.00 15.00-16.00 16.30-16.50 17.00-18.00 18.30-19.30 18.30-19.30 20.30-22.30 22.30-00.30 23.00-01.00 23.00-02.30
Festivalfrukost Festivalparade Musikk i sentrum Silje Onstad Hålien: 101 hattar å sparke før eg døyr Møt artisten: Broukar 706 moh - Chouk Bwa Libéte Erlend Apneseth: Nattsongar Broukar Håkon Høgemo & Tom Karlsrud Federspiel Møt artisten: Grenselause voggesongar Gjermund Larsen Trio & Nordic Huun-Huur-Tu Talent 2016 Festivalgalla Dansen går i Førdehuset Columbi Egg Festivalnatt
Nærleiken barnehage Amfi Eikaas, SSH Torgscena Festplassen Festsalen, Førdehuset Idrettshallen, Førdehuset Festsalen, Førdehuset Restaurant Hugleik, SSH Jølstramuseet
Fri entré *Påmelding Fri entré 230/140/50 230/140/50 360/--/50 170 250/160/50 300/190/50 inkl buss
Tussero, Vieåsen barnehage Fri entré Torgscena Fri entré Utstillingssalen, Førdehuset Fri entré Teatersalen, Førdehuset 230/140/50 Terrassen, Førde rådhus 320/ born 160 Haarklousalen, Førde kulturskule 230/140/50 Festsalen, Førdehuset 230/140/50 Utstillingssalen, Førdehuset Fri entré Festplassen 230/140/50 Teatersalen, Førdehuset 230/140/50 Løa, Jølstraholmen 250/160/50 Storsalen, Førdehuset 250/160/50 Utstillingssalen, Førdehuset Fri entré Teatersalen, Førdehuset 230/140/50 Festsalen, Førdehuset 230/140/50 Idrettshallen, Førdehuset 320/--/50 Festsalen, Førdehuset 170 Restaurant Hugleik, SSH 250/160/50 Førde kyrkje 230/140/50 Festplassen 320/200/50 Festplassen Fri entré Ute ved hovudinngang Fri entré Torgscena Fri entré Teatersalen, Førdehuset 230/140/50 Utstillingssalen, Førdehuset Fri entré Hafstadfjellet 160/100/50 inkl. buss Festsalen, Førdehuset 230/140/50 Teatersalen, Førdehuset 230/140/50 Haarklousalen, Førde kulturskule 230/140/50 Festplassen 320/--/50 Utstillingssalen, Førdehuset Fri entré Storsalen, Førdehuset 250/160/50 Festsalen, Førdehuset 230/140/50 Teatersalen, Førdehuset 230/140/50 Idrettshallen, Førdehuset 360/--/50 Festsalen, Førdehuset 170 Restaurant Hugleik, SSH 250/160/50 Scandic Sunnfjord Hotel & Spa 360/220/50
Søndag 10. juli 11.00-12.30 11.30-12.30 12.00-13.30 13.00-14.00 13.00-14.30 15.00-16.00 17.00-19.00 17.30-19.00 18.00-19.50
Festivalgudsteneste Førde kyrkje Fri entré Sulla meg litt du mamma mi... - grenselause voggesonger Teatersalen, Førdehuset 230/140/50 Huun-Huur-Tu Rytne gard, Bygstad 250/160/50 inkl buss Trio Madeira Brasil Høgsalen, Sogn og Fjordane Kunstmuseum 230/140/50 Familiesøndag Førdehuset Fri entré La Bottine Souriante Idrettshallen, Førdehuset 320/--/50 Dreamers’ Circus Fjordamattunet, Vassenden 250/160/50 inkl buss Spring du fela Klokkargarden, Dale 250/160/50 inkl buss Festivalfilm: Fuocoammare Lisjesalen, Førdehuset 100 (Resepsjonen, FH)
ÅRSMELDING 2015
55
Artistar 2016 Internasjonale artistar Ale Möller Sverige Assyrisk kyrkjekor Syria / Libanon Beatrice Deer & Evie Mark Canada Broukar Syria Café Aman Istanbul Tyrkia Chouk Bwa Libète HaÏti Circus Raj India Dr. Hassan Merheb Syria / Libanon Dreamers' Circus Danmark Faytinga Eritrea Federspiel Austerrike Gutu Abera Etiopia / Norge Huun-Huur-Tu Russland Jawana Thayseelan Sri Lanka / Norge La Bottine Souriante Canada Lavleen Kaur India / Norge Mahala Rai Banda Romania Mairearad Green & Anna Massie Skotland Mira Abera Sri Lanka / Norge Mor Karbasi Israel / Spania / UK Navarra Sverige Nishtiman Irak, Iran, Tyrkia Noency Mosquera & el Bongo de Bojayá Colombia Nordic Sverige Radik Tyulyush Russland Raymond Sereba Senegal / Norge Romengo Ungarn SambaSunda Indonesia Syrisk-ortodoks kyrkjeensemble Syria / Libanon m/ Father Jaques Hana Tamilsk kultursenter Sri Lanka / Norge Trio Madeira Brasil Brasil Vigüela Spania Värttinä Finland
Norske artistar Silje Onstad Hålien: 101 hattar å sparke før eg døyr Camilla Granlien Djønne & Børsheim Elling Sølvberg Erlend Apneseth m.fl - tingingsverk Gamlebanken spelemannslag Geirr Lystrup Gjermund Larsen Trio Grindstuen og Midtlis Gunnar Stubseid Håkon Høgemo & Tom Karlsrud Indre Sunnfjord Spelemannslag Ingrid Heieren Gabriel Fliflet Mari Skeie Ljones: Spring du fela Maria Skranes Margit Myhr: Stilt trør kvinner i sørgedans Morgonfrosken Sara Marielle Gaup Sindre & Co Terje Isungset – Arctic Ice Music
Talent 2016: Faith Wangui, Saumu Kazia, Omari Mwatela Swaleh Kenya Asante Maulidi, Thokozani M¹doko, Patrick Chimbewa Malawi Helga Myhr, Ingeborg Ulberg Sommar, Torfinn Hofstad Norge Leiarar: Ivan Mazuze Sør-Afrika / Norge Unni Løvlid Norge
Sulla meg litt du mamma mi – grenselause voggesongar 11 kvinner frå Sudan, Palestina, Thailand, Eritrea, Sri Lanka, Syria / Norge Leiarar: Kari Malmanger og Jorunn Bakke Nydal
56
ÅRSMELDING 2016