Førdefestivalen 2018 familiebrosjyre

Page 1

Festival for heile familien fordefestival.no


Ut på tur, aldri sur!

Onsdag 4. juli kl. 16.00 - 19.00, Halbrendstølen Bli med Barnas Turlag på stølstur og stølskonserten med dei sprelske musikarane Daniel Lazar og Almir Meskovic:“Med tusen knappar og fire strengar”. Daniel og Almir er ekspertar på å lage rare og pipete lydar, og ikkje minst elskar dei å vise kor fort dei kan spele - med begge hender på same tid. Turen startar og sluttar på Reset i Halbrendslia. Ta med sitjeunderlag og mat til grilling på bålpanner. Alder: Alle. 2


Familieverkstad: Song og dans med utøvarar frå Small Island Big Song-prosjektet

Laurdag 7. juli kl. 12.00-13.00, Førde barneskule, gymsal. Ta med heile familien, store og små, og bli med på ei fantastisk reise rundt «halve jorda»! I tre år har den prisvinnande australske filmskaparen og musikkprodusenten, Tim Cole og produsent og skribent Bao Bao Chen reist rundt på 16 øysamfunn i Søraust-Asia, Stillehavet og det Indiske hav, og gjort lyd- og filmopptak av 100 artistar i sine opprinnelege kulturar. På familieverkstaden får du møte Charles Maimarosia frå Solomonøyane, Alena Murang frå Borneo, Yoyo Tuki frå Påskeøya, Ado Kaliting Pacidal frå Taiwan, Sammy Andriamalalaharijaona frå Madagaskar og Ben Hakaliz frå Papua New Guinea – og du får vere med i dansane og songane deira. Dette er ein unik sjanse som du kanskje aldri får igjen, så gå ikkje glipp av dette!

3


Morgonstund har gull i munn Ta med frukosten og start festivaldagen ute! ONSDAG 4. JULI KL. 09.00-09.30 VIEÅSEN BARNEHAGE, AVD. TUSSERO TORSDAG 5. JULI KL. 09.00-09.30 HALBREND BARNEHAGE FREDAG 6. JULI KL. 09.00-09.30 SUNDE BARNEHAGE Morgonstund har gull i munn er ein serie konsertar Førdefestivalen gjer i samarbeid med barnehagane i Førde, og i år vert konsertane i Vieåsen, Sunde og Halbrend barnehage. Dei morgonfriske musikarane som skal i elden i år, er Helga Myhr og Lars Fivelstad Smaaberg som byr på spennande dans kombinert med folkesongar og fengande tonar frå hardingfela. Helga og Lars vil sjølvsagt gjerne at små og store svingar seg i dansen og syng med, slik at alle får varma opp både kropp og stemme til resten av festivaldagen i Førde! Dersom det blir regn, vert konsertane flytta inn i barnehagen, eller under tak. Ta gjerne med sitjeunderlag. Alder: Frå 3 år. Alle morgonstund-konsertane er gratis!

4


NY

PRODUKSJON

TINGINGSVERK

Barneframsyning: «PÅ GEITEVIS» Festsalen, Førdehuset Torsdag 5. juli 17.30-18.15 og fredag 6. juli 18.00-18.45 Kven var Aasmund Olavsson Vinje? Versa om Blåmann blåmann, geitebukken han leika med for nesten to hundre år sidan, har rørt eit heilt folk sidan tonar gav diktet vengjer året etter han sjølv døydde. ‘På geitevis’ er ei atterføding av eit utval Vinje-tekstar, til og for born i alle aldrar. ‘På geitevis’ er òg eit nytt musikkmøte. To jazzmusikarar og to folkemusikarar møtast i leik med ny musikk til gamle, men stadig unge ord. Daniel Herskedal sin virtuositet og fantasi på tubaen når store høgder, og musikkleiken hans har vekt åtgaum langt utover Noregs grenser. Dag-Filip Roaldsnes er ein av våre finaste jazzpianistar. Folkesongar Unni Boksasp har sunge seg inn i mange hjarte med si klangfulle klåre nordmørske røyst. Jorun Marie Kvernberg kjenner vi både som solist, og som ringrev i nyskapande Majorstuen. Hennar nærleik og delande kraft set merke hjå dei som høyrer. Som komponist har ho også vakse mykje dei siste åra. No sist som den norske komponisten i storverket Nordic Sound Folk Orchestra - fjorårets sagnomsuste opningskonsert. Tilrådd aldersgruppe: 1.-7. klasse. Idé og produksjon: Førdefestivalen, i samarbeid med Den Kulturelle skulesekken Sogn og Fjordane. 5


Barneverkstad med Danyel Waro

Bli med til det Indiske hav! På øya Reunion finst den spennande musikktradisjonen maloya med fengande songar og rytmar som er herlege å danse til! Tenk at dei franske makthavarane syntest at denne musikken var så farleg at den var forboden heilt opp til 70-talet! Men nokre forkjemparar heldt tradisjonen levande – og på festivalen har du no sjansen til å møte «Mr. Maloya» personleg – Danyel Waro! Han er både instrumentmakar, instruktør, musikar og aktivist. Bli med han i dans, spel og song – og kanskje får du prøve nokre av dei stilige rytmeinstrumenta han har med seg - kayamb, sati, bob, triangel og rouler. Veit ikkje du kva slags instrument dette er, seier du? Møt opp og finn det ut då vel!

Fredag 6. juli kl. 10.00-11.00, Eventyrrommet, Førdehuset

6


Billettinformasjon FESTIVALPASS = meir for pengane! FESTIVALPASS KR 970 Festivalpasset inkluderer fritt tilgjenge til 5 konsertar (verdi kr 1780,sjå under) og STOR rabatt på alle andre konsertar og kurs! Opningskonserten Flamenco - 4 women 4 Fanfare Ciocarlia Festivalgalla Elida Almeida

torsdag 5. juli fredag 6. juli laurdag 7. juli laurdag 7. juli søndag 8. juli

unum. Idrettshallen (inkl. dansearr.) unum. Idrettshallen (inkl.dansearr.) Festplassen unum. Idrettshallen (inkl. dansearr.) kun unum. Idrettshallen

Kjøpt festivalpassbillett må bytast i armband på billettkontoret i Førdehuset. Festivalpasset er personleg.

DAGPASS LAURDAG KR 820 NB! Avgrensa tal! Dagpass laurdag gjev billett til desse fire konsertane laurdag 7. juli (Verdi kr 1390,-): Kl. 15.30 Fanfare Ciocarlia Kl. 17.00 Barokksolistene Kl. 20.30 Festivalgalla Kl. 23.00 Dansefest!

Festplassen, Førde Storsalen, Førdehuset Idrettshallen, Førdehuset Larris Scene, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

Kjøpt laurdagpassbillett må bytast i armband på billettkontoret i Førdehuset.

KOMBIBILLETT LAURDAG KR 520

Bornebillettar kr 50 på alle konsertar og kurs. Morgonstund har gull i munn er gratis for alle. KJØP BILLETT: BILLETTSAL på TicketCo.no – fordefestival.no – Billettkontoret i Førdehuset i festivalveka. Spørsmål om billettar og program: tlf. 46 90 50 10 og billettar@fordefestival.no Billettkontoret i Førdehuset opnar måndag 2. juli kl. 9.00 Last ned Førdefestival-appen og hald deg oppdatert på alt som skjer under festivalen. Fullstendig informasjon om billettar og program finn du på fordefestival.no

NB! Avgrensa tal!

Kombibillett gjeld desse to konsertane på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa laurdag kveld: kl. 22.30 Nordisk Klubb kl. 23.00 Dansefest

Festivalsalen, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa Larris Scene, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

7


FRI ENTRÉ I FØRDE BY Festivalfrukost

LAURDAG 7. juli, kl. 08.30 –10.00, Festplassen

Saman med Kokkenes Meisterlaug inviterer vi til gratis frukost i parken! Buffear med mat og drikke er på plass, og frukostkonsertar serverer vi også. Som regel vert det trangt om plassen, så det kan vere ein god idé å ta med eigen stol, eller eit teppe å sitje på. Ved dårleg vêr, vert frukosten flytta under rådhustaket på Langebrutorget.


Festivalparade

LAURDAG 7. juli kl. 10.30 – 11.00, Torgscena ved Elvetorget

Den tradisjonelle festivalparaden med folk og musikk frå heile verda er for mange festivalens høgdepunkt. Paraden startar ved Førdehuset og går til Torgscena.

Musikk i sentrum Torgscena ved Elvetorget gratiskonsertar Med torget som dansegolv er det duka for føremiddagsfest i sentrum. På Elvetorget vert det servert smakebitar frå det omfattande festivalprogrammet både torsdag, fredag og laurdag. Alle konsertane er gratis!

PROGRAM FOR MUSIKK I SENTRUM PÅ TORGSCENA ONSDAG 4. JULI KL. 16 INNE PÅ ELVETORGET

FREDAG 6. JULI KL. 10.30

Son Del Nene

Fanfaraï Big Band

Aynur

På geitevis

TORSDAG 5. JULI KL. 11 Canzoniere Grecanico

LAURDAG 7. JULI KL. 11

Salentino

Frigg

Hallingan

Majorstuen

Muchacho & Los Sobrinos

Cimbaliband

Familiesøndag SØNDAG 8. juli, kl. 13.00 – 14.30 Førdehuset (inne og ute) Her vert det leik, moro og musikk i alle krikar og krokar når heile Førdehuset vert sett av til borna. Då kan du rusle rundt og få med deg minikonsertar, dans og andre aktivitetar, både inne og ute. Alt er gratis. Kafeen og biblioteket er ope. Detaljert program finn du på fordefestival.no og på oppslag i Førdehuset. 9


Ta med borna på festival - lev litt! ORDINÆR BARNEBILLETT KR 50,- PÅ ALLE KONSERTAR. OPNINGSKONSERT: Dansen i musikken - musikken i dansen! Torsdag 5. juli kl. 20.00 | Idrettshallen, Førdehuset Ta med borna og lat dei oppleve dans og musikk frå heile verda! Flamenco - 4 women 4 | fredag 6. juli kl. 19.30 | Idrettshallen, Førdehuset Denne storslagne flamenco-framsyninga kan trygt tilrådast som framsyning for heile familien! Ein time med visuell og flott dans og mange kostymeskift. Dette er noko for alle aldrar. 706 m.o.h.: Hazellius Hedin | laurdag 7. juli kl. 13.00 | Hafstadfjellet Kjekk fjelltur til Hafstadfjellet i godt følgje med Indre Sunnfjord Turlag, og flotte svenske polskar og balladar på toppen! Ei topp stund for heile familien! Fanfare Ciocârlia | laurdag 7. juli kl. 15.30 | Festplassen, utekonsert Verdas beste brassband i parken ved Jølstra! Elida Almeida | søndag 8. juli kl. 15.00 | Idrettshallen, Førdehuset Etter familiedagen i Førdehuset (sjå side …) MÅ du komme og danse med til den herlege musikken frå den nye, unge, stjerna frå Kapp Verde! Last ned vår gratis festivalapp, og hald deg oppdatert på festivalprogrammet!

10


Canzoniere Grecanico Salentino

Fanfare Ciocârlia Elida Almeida

Flamenco 11


findriv.no

Dans litt

Kva er det som fenger deg? Kor tid let du deg rive med? Synge med? Danse med? Eller hoppe opp av stolen i vill begeistring?

4. – 8. juli 2018

Dansen er i musikken. Dans litt.

fordefestival.no

gasta.no

Vi vil treffe noko i deg som utløyser den spontane gleda. Spele på strenger som får det til å rykke i dansefoten, får hofta til å svinge eller armane opp i lufta. Dans og musikk er universelt.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.