Bedriftshelse1 - profilbrosjyre 2022

Page 1

- trivsel på arbeidsplassen!



God bedriftshelse og lågt sjukefråvær er vårt mål Bedriftshelse1 er med 50 tilsette ein av dei største bedriftshelsetenestene i landet, og vi er størst i Vestland. Vi er eigd av våre medlemsbedrifter og er lokalt forankra. Alt vi produserer blir att i bedriftene på Vestlandet. Vi jobbar alltid tverrfagleg i team for å sikre lågt sjukefråvær og eit godt arbeidsmiljø i bedriftene.

Våre verdiar: Engasjert, tilgjengeleg og støttande.

Bedriftshelse1: • • • • • •

1200 kundar med 26 000 tilsette Legar Sjukepleiarar Fysioterapeutar Yrkeshygienikarar/verneingeniørar Psykososial rådgjevar

• Ergoterapeut • HMS-rådgjevarar • I tilegg har vi avtale med fleire psykologar og ernæringsfysiolog etter behov


Våre tenester SYSTEMATISK HMS-ARBEID • Kartleggingar, risikovurderingar • Revisjonar • Samarbeidsplan • Årsrapport • Bistand ved tilsyn ARBEIDSHELSE • Helsekontrollar, nytilsettkontrollar, AKAN-arbeid, sjukefråversoppfølging ORGANISATORISK ARBEIDSMILJØ • Endring og nedbemanning • Leiarutvikling og leiarstøtte • Medarbeidersamtale YRKESHYGIENE • Støy, vibrasjonar, biologisk materiale, kjemiske stoff, støv, stråling, belysning, inneklima


PSYKOSOSIALT ARBEIDSMILJØ • Konflikthandtering, mekling, vald, truslar • Rolleavklaring • Medarbeidarundersøkingar KRISE OG BEREDSKAP • Bistand ved ulykker/alvorlege hendingar • Beredskapsplan • Bistand ved øvelsar ERGONOMI • Rådgjeving og arbeidsplassvurdering, opplæring, tilrettelegging av arbeidsplass KURS OG OPPLÆRING • Grunnkurs HMS, leiarkurs, førstehjelpskurs, verneombodskurs m.m. • Sjå heile kurstilbodet på www.bedriftshelse1.no



Psykososialt arbeidsmiljø Bedriftshelse1 kan undersøke det psykososiale arbeidsmiljøet på arbeidsplassen gjennom samtalar eller spørjeundersøkingar. Undersøkingane blir tilpassa bedrifta sine utfordringar. Dersom konfliktar oppstår er det vesentleg å gå inn så tidleg som muleg for å unngå at dei utviklar seg. Her kan Bedriftshelse1 vere til god hjelp. Det førebyggande arbeidet gjennom leiing er også viktig, her bidreg vi med leiarråd og informasjon.

Kartlegging av arbeidsmiljø Vi tilrår alle bedrifter å kartlegge arbeidsmiljøet sitt med jamne mellomrom, minimum kvart tredje år. Vi i Bedriftshelse1 har fleire metodar for å kartlegge. Vi analyserer svara og hjelper med å vurdere gode tiltak.

Konflikthandtering Bedriftshelse1 har tilsette med spisskompetanse innan konflikthandtering. Har konflikten eskalert og blitt uoversiktleg og kompleks, har vi sertifiserte meklarar som kan hjelpe bedrifta.

Vald og truslar Arbeidstakarar kan bli utsett for vald og truslar av ulik karakter. I etterkant av slike hendingar vil det ofte vere godt å støtte seg på kompetanse i oppfølginga av dei tilsette. Bedriftshelse1 har denne spesialkompetansen, og kan gje råd og rettleiing for korleis ein kan gå vidare etter hendingane.


Endring og omstilling Det er ei bølgje av samanslåingar og fusjonar i samfunnet rundt oss. Desse endringane skaper stor utryggheit mellom dei tilsette. Bedriftshelse1 har kompetansen som skal til for å støtte opp i slike prosessar. Vi tilbyr støtte til både leiarar og tilsette.

Vi gjennomfører faktaundersøkingar Denne metoden blir tilrådd av Arbeidstilsynet når det oppstår påstandar om mobbing og trakassering. Vi har sertifiserte faktaundersøkarar.

Sjukefråvær er dyrt for bedrifta Eit samarbeid med oss om HMS-arbeidet er ei investering i god trivsel, sikkerheit og arbeidshelse for arbeidstakarane. Dei fleste bedrifter har erfart at det er økonomisk smart å ha fokus på HMS!

Lurer du på om di bedrift er pålagd bedriftshelseteneste? Kontakt oss, eller sjekk arbeidstilsynet.no

Eit sjukefråvær kostar i snitt 16 000 kroner i veka. På nettsida vår finn du ein kalkulator som bereknar kostnadane dine for sjukefråvær: www.bedriftshelse1.no/ sjukefraverskalkulator


Våre populære seminar Kvart år held Bedriftshelse1 seminar med aktuelle tema innan HMS. Seminara våre er svært populære, og blir halde i Sogn og Fjordane, Hardanger og Voss. Våre tema er dagsaktuelle og har teke føre seg aktuelle saker rundt psykososiale arbeidstilhøve, men vi har og tema som ergonomi, kjemikaliar og støy. Dei siste tema er varslingssaker, konflikthandtering, kontorlandskap og leiing. Vi legg ut informasjon om seminara på nettsidene våre i god tid for påmelding. www.bedriftshelse1/kurs



Kurs Vi i Bedriftshelse1 har dei siste åra satsa på spissing av kursporteføljen vår.

Grunnkurs i arbeidsmiljø er lovpålagt for alle medlemmer i AMU. Leiinga bør ta kurset saman med sine tilsette. Dei kursa du bør ta: • Grunnkurs i Arbeidsmiljø • HMS – kurs for leiarar • Førstehjelpskurs • Hjertestartarkurs Vi spesialtilpassar og kurs til di bedrift, og held dei kursa du ynskjer innanfor HMS. Du kan og bestille oss til foredrag på personalsamlingar, eller for å halde innlegg i AMU eller andre møter.


Bedriftshelse1 er ei godkjend bedriftshelseteneste med brei helsefagleg kompetanse. Du finn oss i heile nye Vestland og Møre og Romsdal. Hovudkontoret ligg i Sogndal, og vi har 11 bemanna lokalkontor. ULSTEINVIK

Hovudkontor:

Fossetunet 1A, 6856 Sogndal | Tlf 57 67 90 60 E-post: post@bedriftshelse1.no | www.bedriftshelse1.no Bemanna lokalkontor:

Sogndal, Årdal, Voss, Norheimsund, Odda, Florø, Høyanger, Førde, Stryn, Nordfjordeid, Ulsteinvik

NORDFJORDEID STRYN FLORØ FØRDE HØYANGER

SOGNDAL ÅRDAL

VOSS NORHEIMSUND ODDA

- trivsel på arbeidsplassen!


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.