Førdefestivalen 2015 - familiebrosjyre

Page 1

FOR L A IV IEN T L S I E M F FA E L I HE

THANG LONG WATER PUPPETRY Bli med på vietnamesisk dokketeater – på vatn! Dette vert ei spektakulær framsyning med levande musikk og fantasifulle eventyr i eit vakkert fargespel. Gå ikkje glipp av dette showet som endeleg har tatt turen heilt til Sunnfjord! Det blir ei unik oppleving for heile familien. PS. Etter framsyninga får du høve til å sjå bak kulissane og bli litt betre kjend med dokker og dokkeførarar. Kvar del varer 30 min. TORSDAG 2. JULI kl. 16.00 – 17.00 FREDAG 3. JULI

kl. 10.30 – 11.30

LAURDAG 4. JULI kl. 12.30 – 13.30 Langebrutorget, Førde sentrum

fordefestival.no


TIS GRA

Torgscena

Frå festivalscena i sentrum får du små drypp frå festivalprogrammet. Heilt gratis! I år kan du få med deg desse godbitane :

ONSDAG 1. JULI 16.00 Torgscena FRIKAR

TORSDAG 2. JULI 11.00 Torgscena Ulrika Bodén med Ahlgren, Ek og Roswall 11.15 Torgscena Giorgos Xylouris Ensemble 11.30 Torgscena Fiddlers’ Bid

FREDAG 3. JULI 15.00 Torgscena NRK FolkeLutt

LAURDAG 4. JULI 08.30 Festplassen Janusz Prusinowski Kompania 11.00 Torgscena Basco

Frikar

Førdefestivalen i det fri! Morgonstund har gull i munn Ta med frukosten og start dagen på eventyrleg vis! På onsdag og fredag, inviterer Kari Malmanger deg inn i storskogen og eit møte med rocke-huldra, eit troll, ein prins, ulven, bjørnen og fleire andre dyr. Torsdag er det Synnøve S. Bjørset og Elin Grytting som skaper stemning med eventyr og songar frå Sogn og Fjordane. Alder: frå 3 år.

2

Onsdag 1. juli kl. 09.00-09.30

Nærleiken barnehage, Førde

Torsdag 2. juli kl. 08.30-09.00

Sunnfjord museum, Movika

Fredag 3. juli kl. 09.00-09.30

Vieåsen barnehage, avd. Tussero. Førde

GRA TIS


Ut på tur, aldri sur! Overnattingstur Saman med Barnas Turlag, skal Førdefestivalen markere Friluftsåret 2015 med ein overnattingstur i vakre Movika. Først går vi rundt Mostien, og deretter blir det leirstemning, mat og musikk på kvelden. Fylkesmusikarane Synnøve S. Bjørset og Elin Grytting, speler opp til konsert om “Røyskattrumpa og dei knisande geitene.” Alder: Alle. Overnatting i lavvo eller eige telt. Ta med mat. Denne turen har avgrensa tal plassar. Førehandspåmelding til billettar@fordefestival.no eller på tlf. 46 90 50 10. Meir info på fordefestival.no. Onsdag 1. juli kl. 18.00

Sunnfjord Museum

706 moh: NOMADIC VOICES Hafstadfjellet er truleg blitt den mest musikalske toppen i Sunnfjord ! Også i år inviterer vi til konsert 706 meter over havet, og saman med Indre Sunnfjord Turlag trakkar vi opp dei bratte bakkane for å oppleve Nomadic Voices. Dette blir eit mektig musikalsk møte mellom to eldgamle tradisjonar: Munnharpespel og strupesong frå høgslettene i Mongolia, og mannskorsong frå fjella på Sardinia. Inspirerande for barn og vaksne ! Buss kl. 10.45 frå Langebrutorget. Fottur til toppen. Etter konserten går vi til Bruland, der bussen ventar og køyrer oss tilbake til sentrum. For dei som vil, er det sjølvsagt mogleg å gå Hafstadkleiva, eller via Bruland for å kome til toppen. Laurdag 4. juli kl. 13.00 – 13.30 Hafstadfjellet

3


Kurs og konsert

Familiekurs fredag 3. juli kl. 10:00 – 11:30 Konsert

KVAR ??

lørdag 4. juli kl. 17.00 – 18.00 Storsalen, Førdehuset

Noreum Machi | Korea Dette er ein gjeng som forstår seg på trommer ! Høgintensiv perkusjon kombinert med song og dans har gjort Noreum Machi til eitt av dei mest populære koreanske folkemusikkbanda i verda. Denne framsyninga er fargerik og fascinerande – ikkje minst for dei små. Noreum Machi inviterer også på kurs eit par timar på fredag. Her får du bli med ein “snartur” til Korea og lære deg eit par nye dansesteg, ein rytmeleik og kanskje ein ny pusteteknikk! Kanskje får du prøve deg på eit par instrument òg... Hugs at her krevst ingen forkunnskapar. Alt du treng er godt humør, og eit ønske om å lære noko nytt i lag med andre. Instruktørar: Medlemmer av Noreum Machi Konserten er i samarbeid med KAMS.

4


Barneframsyning: Danse sa Fela! som einaste tittel! Laurdag 4. juli

kl. 14.00 – 14.40

Festsalen, Førdehuset

Ei lita jente er teken til fange inne i fjellet. Med kløkt og listige krumspring prøvar ho å fri seg frå sjølvaste bergakongen. Kan fuglar, hestar og ormar hjelpe ho? Det blir friske hallingspark og saftig felespel når Silje Onstad Hålien og Nina Fjeldet tek oss med på ei eventyrleg reise inn i huldrefolket sitt rike!

I samarbeid med NRK Sogn og Fjordane inviterer vi for aller første gong til FolkeLuttkonsert under festivalen. Konserten er gratis for publikum, og vert direktesend på radio og nett-TV. Bli betre kjent med den levande, norske folkemusikken! Her møter du dei mest veletablerte folkemusikarane frå fylket saman med unge talent som bankar på: Gro Marie Svidal, Unni Løvlid m.fl., Linda Gytri Trio og Firda Spelemannslag. Stian Sjursen Takle er vert. Gratis. Fredag 3. juli

kl. 15.00 – 16.00

Linda Gytri Trio

Torgscena

Foto: D. Reiakvam

NRK FolkeLutt

5


Fri entré i Førde by Laurdag morgon spankulerer festivalen til byen med spanderbuksene på. Etter ein deilig frukost på festplassen, svinsar han glad gjennom gatene i festivalparaden. Konsert på torgscena er målet for den spandable festivalen som merkar alt dette med: ”Fri entré”! Det store festivalhjartet bankar så heile byen kjenner pulsen slå!

Festivalfrukost på Festplassen laurdag 4. juli kl. 08.30 Start dagen med frukost i det grøne! Saman med våre gode samarbeidspartar, Kokkenes Meisterlaug og Bondens Marknad, ønskjer vi velkomen til gratis frukost og frisk festivalmusikk i parken.

Festivalparade frå Førdehuset laurdag 4. juli kl. 10.30 Den tradisjonelle festivalparaden med lyd og rytmar frå heile verda går i år frå Førdehuset til Førde Torg.

Gratiskonsert: BASCO på Torgscena laurdag 4. juli kl. 11.00 Denne konserten vil få fart i små og store på ein laurdag føremiddag! Basco byr på si heilt eiga blanding av skandinaviske, engelske, skotske, irske og nordamerikanske musikktradisjonar – og har som mål å skape skikkeleg stemning! I parken på Festplassen kan du sjå Piotr Pucylo sine fargerike trykk av litt annleis musikkinstrument. Utstillinga er gratis, og opnar onsdag 1. juli kl. 18.30. Den er open under heile festivalen.

6


Familiesøndag Søndag 5. juli

GRA TIS

kl. 13.00 – 15.00 Førdehuset

Familiesøndag er som ein diger bursdagsfest. Det blir rigga til eit mylder av aktivitetar i Førdehuset, der musikk, leik og moro står i fokus. Mellom anna kan ein forvente seg fleire mini-konsertar med forskjellige festivalartistar, og det blir diverse verkstader for små og store. Kafé og bibliotek er også opne. Detaljert program på fordefestival.no og på oppslag i Førdehuset.

Konsertar

Ndima

Ndima Søndag 5. juli

kl. 11.30 - 12.30 Teatersalen, Førdehuset

Bli med til Kongo, og rist på rumpa i lag med Ndima ! Dei tilhøyrer eit av mange pygméfolk som lever nord i det gigantiske landet midt i Afrika. Gruppa har ein fantastisk rik song- og dansetradisjon som flittig vert brukt ved alle typar ritual i landsbyen. Mest kjende er dei for ei heilt spesiell jodling. Her er det duka for ei eksklusiv oppleving for heile familien!

Otava Yo!

Søndag 5. juli

kl. 15.00 – 16.00 Idrettshallen, Førdehuset

Med Otava Yo har du høve til å oppleve musikk du kanskje ikkje visste fanst ! Denne sjølvuhøgtidelige gruppa vil ha deg til å danse og le, medan dei gir deg eit gløtt inn i livet på den russiske landsbygda. Tradisjonelle folketonar har blitt svinga saman i ein slags surrealistisk harmoni, og fortel om kjærleik, fest, vemod og villskap. Dette kan ikkje bli kjedeleg!

7


Ta med borna på festival. Her er ein oversikt over dei mest barnevennlege arrangementa våre:

Onsdag 1. juli 09.00 18.00

Morgonstund har gull i munn! - Nærleiken barnehage. Gratis. Ut på tur, aldri sur! Overnattingstur med Barnas Turlag. Etter tur til stølen, overnattar vi i tunet på Sunnfjord Museum. Konsert på kvelden og om morgonen.

Torsdag 2. juli 08.30 11.00 16.00

Morgonstund har gull i munn! - Sunnfjord Museu. Gratis. Musikk i sentrum - Torgscena Gratiskonsertar med festivalartistar. Thang Long Water Puppet - Langebrutorget

Fredag 3. juli 09.00 10.00 10.30 15.00

Morgonstund har gull i munn! – Vieåsen barnehage, avd. Tussero. Gratis. Familiekurs: Noreum Machi Thang Long Water Puppet – Langebrutorget NRK Folkelutt – Torgscena. Gratis.

Laurdag 4. juli 08.30 10.30 11.00 12.30 13.00 14.00 17.00

Festivalfrukost – Festplassen. Gratis. Festivalparade – Førdehuset -Torgscena. Gratis. Basco – Torgscena. Gratis. Thang Long Water Puppet - Langebrutorget 706 moh: Nomadic Voices Barneframsyning: Danse, sa Fela! – Festsalen, FH Noreum Machi – Storsalen, FH

Søndag 5. juli 11.30 13.00 15.00

Ndima - Teatersalen, Førdehuset Familiedag med gratis minikonsertar og verkstadar i Førdehuset. Otava Yo! - Idrettshallen, Førdehuset

Festivalpass for heile familien!

Born kr 190* Ungdom/student kr 430** Vaksne kr 910

BILLETTAR Festivalpass gjev fritt tilgjenge til 5 konsertar – Opningskonserten, Natacha Atlas, Toto La Momposina, Festivalgalla og Otava Yo. Tillegg kr. 40,- for plassbillett i Idrettshallen. (Tlf. 46 90 50 10.) Med festivalpass (vaksen og ungdom/student), får du rabattert pris på andre konsertar og kurs. Barnebillettar til kurs og konsertar: kr 50,Unntak: Smaken av Marokko, Tonar og Tapas og Lunsjkonsert. Billettkontoret i Førdehuset opnar måndag 29. juni kl. 09.00. Billettsal: Tlf. 46 90 50 10 eller Billettservice.no (tlf. 815 33 133) og Narvesen. *under 14 år, **14-20 år eller gyldig studentleg. Leg.plikt. Sjå fordefestival.no for rabattavtalar med DNT, BT, Firda og BOB.

gasta.no

Familiefestivalguide


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.