Førdefestivalen 2015 - Katalog

Page 1

5 dagar 30 arenaer 300 artistar

fordefestival.no 1


er festivalen sin høge beskyttar.

Førdefestivalen 2015

Design: GASTA www.gasta.no

Illustrasjon: Piotr Pucylo

vert opna av Bjørgulv Vinje Borgundvaag

2

NRK P2 er på Førdefestivalen 2015 Direktesendingar og opptak frå Førdefestivalen vil først og fremst kome i programma Jungeltelegrafen, Kulturhuset og Folkemusikktimen i NRK P2.

Foto: Sølve Sundsbø

H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marit


Innhald Førdekonferansen 6 Kunstutstilling - Piotr Pucylo 8 Opningskonsert 9 Smaken av Marokko 10 Tonar & Tapas - Hjarterommet 11 Sommarnatt på Jølster 12 Morgonstund har gull i munn 14 Ut på tur, aldri sur 15 Columbi egg 16 Blåtur på sykkel 17 Gallakonsert 18 Familiesøndag 19 Festivalnatt 20 String ConneXions 22 Vocal ConneXions 24 Dance ConneXions 26 Talent 2015 74 INTRO-folk 76 Konferansierar og vertar 86 Kurshaldarar 87 Film: Timbuktu 84 Internasjonal Bokkafe 85 Stiftinga 90 Takk til sponsorar 92 FolkeLutt 94 Kven, kva, kvar Basco 66 Benedicte Maurseth & Knut Hamre 69 Bjørkås Kvintett 83 Catrin Finch & Seckou Keita 32 Danú 34

82 DJ Darius Darek 42 Driss El Maloumi Trio 44 Fiddlers’ Bid 85 Firda Spelemannslag 38 FRIKAR 48 Giorgos Xylouris 84 Indre Sunnfjord Spelemannslag 50 Janusz Prusinowski Kompania & Janusz Olejniczak 36 Khaira Arby 71 Knut og Ole Aastad Bråten 64 Linda Gytri Trio 30 Natacha Atlas 63 Ndima 70 Nina Fjeldet og Silje Onstad Hålien 56 Nomadic Voices 60 Noreum Machi 46 Otava Yo 40 Paulo Flores 43 Pilar Astola Ensemble 49 Rajery Trio 70 Sandum Trio 59 Sarah-Jane Summers & Juhani Silvola 67 Susanne Lundeng 58 SVER 80 Synnøve S. Bjørset og Elin Grytting 72 Team GløsTøs 54 Thang Long Water Puppetry 28 Toto La Momposina 68 Ulla Pirttijärvi & Ulda 62 Ulrika Bodén & Ahlberg, Ek og Roswall 52 Villniss 3


«World ConneXions» på Førdefestivalen

Men i det nye kjenner du kanskje att noko òg – liknar ikkje handrørslene i den indiske kathakdansen på dei vi kjenner frå spansk flamenco? Og sanneleg er det ikkje berre hardingfela som kling med understrenger – det gjer jo gadulkaen frå Bulgaria og sarangien frå India òg. Og dei folkelege songane frå Bretagne og Skotland, gjev dei ikkje assosiasjonar til våre eigne stev og bånsullar? I år ser vi spesielt på musikalske samanhengar på tvers av kultur- og landegrenser. To av våre fremste songarar og instrumentalistar møter framståande utøvarar frå andre land og kontinent i dei nye konsertproduksjonane Vocal ConneXions og String ConneXions. Og i framsyninga Dance ConneXions møtest to av dei fremste utøvarane innan to av verdas sterkaste dansetradisjonar - indisk kathak og spansk flamenco. Alle desse tre forestillingane er nyprodusert av og for Førdefestivalen. I alt det nye skal vi òg stoppe opp og kvile i det beste av det mange kjenner til frå før. Vi skal møte «slekta» frå Shetland og nokre av dei fremste utøvarane Irland har å by på. Vi skal nyte danseensemblet FRIKAR og virvelvinden Susanne Lundeng i nye produksjonar festivalen har vore medverkande til. Og vi skal møte nokre av dei mange framståande utøvarane frå vårt eige fylke Sogn og Fjordane. Kanskje finn du noko nytt i det heimlege òg? Kanskje det er i år du først oppdagar kor vanvittig kjekt det er å danse parhalling til eggande hardingfelerytmar? Eller skjønar kor vakkert ein trekkspellåt frå Nordfjord kan lyde? Vi inviterer til fargerikt musikalsk fyrverkeri i Førde! Og ikkje berre i Førde; 30 scener i 6 kommunar er rigga for festivalopplevingar desse julidagane. 300 musikarar og dansarar frå 30 land og 4 kontinent er klare til å gjere sitt best for deg frå scena. No ventar vi berre på deg, og ta gjerne med familien og venene dine! Vi ynskjer deg god festivalreise, der du kanskje får ny kunnskap og innsikt med på vegen – og vonaleg godt samver og store opplevingar du seint vil gløyme! Hjarteleg velkomen! 4

Foto: D. Reiakvam

Kom! Vi vil leie deg inn på stiar du kanskje ikkje har gått før! Vi skal bort frå hovudvegane, vi skal krysse landegrenser og kontinent. Vi skal møte nye menneske, sjå instrument du kanskje ikkje visste fanst, gå inn i nye musikalske landskap. For kanskje nettopp her ligg dei store opplevingane. Skattane. Dei ventar på deg. Velkomen til fem dagar med musikalsk skattejakt!


«World ConneXions» at the Førde Festival Come! We will lead you down paths you perhaps never have taken! We’re going off the main road, and will cross frontiers and continents. We will meet new people, see instruments you perhaps never knew existed, and wander into new musical landscapes. Because it may be here the great experiences lie. The treasures. They’re waiting for you. Welcome to five days of musical treasure hunting! But in the new, you might recognize things too – don’t the hand movements in the Indian Kathak Dance remind you of those we know from the Spanish Flamenco? And it is not just the Norwegian Hardanger fiddle that has resonating strings – so do the Gadulka from Bulgaria and the Sarangi from India. And the folk songs from Brittany and Scotland, don’t they remind you of our own choruses and lullabies? This year we have special focus on musical connections across cultures and frontiers. Two of our foremost singers and instrumentalists meet outstanding performers from other countries and continents in the new concert productions Vocal ConneXions and String ConneXions. And in the Dance ConneXions performance two of the foremost performers in two of the world’s strongest dance traditions meet – Indian Kathak and Spanish Flamenco. All of these three performances have been produced by and for the Førde Festival. Among all the new, we will get some rest with the best of what many already are familiar with. We shall meet our “relatives” from Shetland and some of the greatest performers Ireland has to offer. We will enjoy the dance ensemble FRIKAR and the whirlwind Susanne Lundeng in new productions the Festival has contributed to. And we will meet some of the many outstanding performers from our own county of Sogn and Fjordane. Perhaps you can find something new locally too? Perhaps this is the year you first discover how much fun it is to dance a couple’s ‘halling’ dance to suggestive Hardanger fiddle rhythms? Or realize how beautiful an accordion tune from Nordfjord can be? We are proud to welcome you to colourful musical fireworks in Førde! And not just in Førde; 30 stages in 6 municipalities have been rigged for festival events in July. 300 musicians and dancers from 30 countries and 4 continents are ready to give their all on stage. Now all we need is you, and don’t forget your family and friends! We wish you a pleasant festival trip, where you may gain new knowledge and insight along the way – and hopefully pleasant company and experiences you will never forget! We wish you a warm welcome!

direktør / artistic & managing director

55


Kultur, tillit og frivilligliv Torsdag 2. juli kl. 10.30 - 16.30 på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa Norge har vi uvanlig sterk tillit til kvarandre og samfunnet. Men frivilligliv og deltaking i samfunnslivet er i endring. Kva skjer med samfunnet vårt som ein konsekvens av dette? Kan endringane påverke viktige fundament i samfunnet vårt, som ytringsfridom og høve til å ytre seg? Og vil nye norske borgarar vere ein del av denne frivilligkulturen? Direktør i Fritt Ord Knut Olav Åmås og forskar Ivar Eimhjellen frå Senter for forskning på sivilsamfunn og frivillig sektor er mellom innleiarane som vil belyse dette temaet. Konferansen vil og ha fokus på festivalen og kulturlivet som katalysatorar for lokal kultur- og samfunnsutvikling. Statssekretær i Kulturdepartementet, Bjørgulv Vinje Borgundvaag vil møte representantar frå festivalar som har gjort mykje for å setje heimstaden sin på kartet langt utover festivalperioden. Kor viktig er kulturlivet og festivalane for lokal og regional samfunnsutvikling? Og korleis ser staten si vidare satsing på festivalfeltet ut?

PROGRAM 10.30 Velkomen - med helsingar frå ordførar i Førde og styreleiar for Førdefestivalen

Sesjon 1: Kl. 10.40 - 13.15: Kultur, tillit og frivilligliv 10.40 Sturla Stålsett, Frivillighet Norge: Om frivilligliv og tillit 11.05 Ivar Eimhjellen, Senter for forskning på sivilsamfunn og frivillig sektor: Utviklingstrekk i det frivillige,

med fokus på kulturfeltet

11.25 Lavleen Kaur, samfunnsvitar og artist: Frivilligliv som arena for integrering og involvering 11.45 Spørsmål frå salen 12.00 Kaffipause 12.15 Knut Olav Åmås, Stiftelsen Fritt Ord: Kva skjer med samfunnet vårt når frivilliglivet endrar seg? 12.30 Samtale om tematikken med Åmås, Stålsett og Kaur. 13.15 Lunsj 6

14.15 Kunstnarleg innslag


Foto: Geir Birkeland

Sesjon 2: Kl. 14.15 - 16.30: Festivalen -­ kakepynt og utgiftspost eller katalysator for samfunnsutvikling? 14.15 Bjørgulv Vinje Borgundvaag, Kulturdepartementet: Dyr moro, eller lønsam investering?

Festivalfeltet sett frå Kulturdepartementet

14.40 Bård Kleppe, Telemarksforsking: Vi treng jo litt kakepynt? 15.00 Tor Yttri, Bratt Moro: Bratt Friluftsliv som tilflyttingsmagnet 15.15 Julie Forchhammer, VinjeRock: Vinjerock - frå bygdefestival til Noregs mest populære kulturarrangement 15.30 Kaffipause 15.45 Samtale med Bjørgulv Vinje Borgundvaag, Trude Storheim (Vossajazz) og Gunhild Berge Stang

(tidl. Leiar i Noregs ungdomslag, fylkesleiar i Venstre). Festivalen si rolle i lokal samfunnsutvikling.

16.30 Slutt 17.30 Offisiell mottaking for gjester og samarbeidspartar på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa. 19.30 Opningskonsert: World ConneXions | Idrettshallen, Førdehuset. Billett til konserten er inkluldert i konferansen.

7


Kunstutstilling

Onsdag 1. juli kl. 18.30 | Festplassen

Opning av festivalutstilling: Piotr Pucylo - “GLOSSARY: Things in Instruments - Instruments in Things” Festivalen sin designar, Piotr Pucylo, har eit heilt spesielt blikk for verdas tradisjonsinstrument. I år stiller han ut fargerike trykk i parken på Festplassen. Utstillinga har fri entré og vil vere open under heile festivalen.

Opening of art exhibition: Piotr Pucylo - “GLOSSARY: Things in Instruments - Instruments in Things” The festival designer, Piotr Pucylo, has a special eye for traditional instruments from around the world. This year he’ll be exhibiting colourful prints in the park at Festplassen.

8


Opningskonsert: Torsdag 2. juli kl. 19.30 | Idrettshallen, Førdehuset Velkomen til ein kveld i selskap med norske og internasjonale artistar som utforskar likskapar og samanhengar mellom ulike musikktradisjonar. Her får du smakebitar frå nye produksjonar som Vocal ConneXions med Unni Løvlid, Annie Ebrel, Julie Fowlis, Ulla Pirttijärvi, Gergana Dimitrova og Håkon Thelin. Frå String ConneXions-prosjektet: Gro Marie Svidal, Emilia Amper og Peyo Peev. Desse opptrer også: Catrin Finch & Seckou Keita, Saïd El Maloumi og Houcine Baqir (Driss El Maloumi Trio), Fiddlers’ Bid, Noreum Machi og FRIKAR. Offisiel opning ved statssekretær Bjørgulv Vinje Borgundvaag. Konferansier: Sigrid Moldestad Dørene opnar kl. 19.00. Kom i god tid så vi får smidig innslepp og kan starte presis! NRK TV gjer opptak av opningskonserten, som vert sendt laurdag 4. juli på NRK1.

Opening Concert: World ConneXions Welcome to an evening in the company of Norwegian and international artists who will explore the differences and similarities between various musical traditions. Here you will be served with tasty morsels from new productions by Vocal ConneXions with Unni Løvlid, Annie Ebrel, Julie Fowlis, Ulla Pirttijärvi, Gergana Dimitrova and Håkon Thelin. From the String ConneXions Project: Gro Marie Svidal, Emilia Amper and Peyo Peev. Also performing: Catrin Finch & Seckou Keita, Saïd El Maloumi and Houcine Baqir (Driss El Maloumi Trio), Fiddlers’ Bid, Noreum Machi and Frikar. Official opening by State Secretary Bjørgulv Vinje Borgundvaag. Host: Sigrid Moldestad Doors open at 19.00. Please come early so people can enter smoothly and we can start on time! 9 Foto: Josh Pulman


Smaken av Marokko med Driss el Maloumi Trio Torsdag 2. juli kl. 22.00 | Restaurant Hugleik, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa Marokko har mykje spennande å by på, både av mat og musikk og i kveld får du servert begge deler. Driss El Maloumi er meister på oud, og serverer glitrande musikalske perler, saman med sine to virtuose perkusjonistar. Kokken Abdel Elmkhantar frå restaurant Marrakech i Oslo står for den marokkanske menyen. Ingen passrabatt.

A Taste of Morocco with the Driss el Maloumi Trio Morocco has much to offer - delicious food and exciting music and this evening you’ll be served with both. Driss El Maloumi is a master of the oud, and serves up sparkling musical gems with his two virtuoso percussionists. A chef from the Marrakech Restaurant in Oslo has compiled the Moroccan menu. No discount for pass holders.

10


Tonar & Tapas Laurdag 4. juli kl. 17.30 | Hjarterommet, Sentrum Sør Velkomen til det fargerike Hjarterommet, ei vakker og intim ramme for duoen Sarah-Jane Summers og Juhani Silvola. Dei serverer keltisk-inspirerte tonar i kløktige arrangement, til tapas frå Christel Eide sitt “Mitt lille kjøkken”. Dette er påfyll for kropp og sjel! Ingen passrabatt. Welcome to the colourful Hjarterommet (Heart Room), a beautiful and intimate setting for the duo Sarah-Jane Summers and Juhani Silvola. They will serve cleverly arranged Celtic-inspired melodies to tapas from chef Christel Eide’s “My Little Kitchen”. This is therapy for body and soul! No discount for pass holders. 11


Sommarnatt på Jølster Torsdag 2. juli kl. 23.00 - 01.30 | Jølstramuseet, Vassenden I dei intime museumsstovene på Jølstramuseet ønskjer vi velkomen til nye magiske musikkmøte. I år får du oppleve Knut og Ole Aastad Bråten, Emilia Amper, Samvaad, Julie Fowlis, musikarar frå Vietnam, og unge talentmusikarar frå Iran, Armenia og Norge. Indre Sunnfjord Spelemannslag spelar i tunet. Sal av mat og drikke. Buss frå Førdehuset kl.22.15, retur etter konserten, er inkl. i billetten. 12 12


Summer night at Jølster The intimate traditional houses in the Jølstra Museum welcome you to a new magical musical encounter. This year you can feast your ears on Knut and Ole Aastad Bråten, Emilia Amper, Samvaad, Julie Fowlis, musicians from Vietnam, and young talents fromIran, Armenia and Norway. Indre Sunnfjord Spelemannslag will play in the open. Sale of food and drink. Bus transport from Førdehuset at 22.15 and back afterwards is included in the ticket price.

13


Morgonstund har gull i munn Onsdag 1. juli kl. 09.00 | Nærleiken Barnehage Torsdag 2. juli kl. 08.30 | Sunnfjord Museum Fredag 3. juli kl. 09.00 | Vieåsen Barnehage, avd. Tussero Tre morgonar under festivalen inviterer vi små og store til å ta med seg frukostniste og bli med på hyggeleg morgonstund-konsert ute i det fri. Onsdag og fredag er det Kari Malmanger som tek deg med i storskogen der du får møte rocke-huldra, eit troll, ein prins og ulven, bjørnen og andre dyr. Torsdag er det Synnøve S. Bjørset og Elin Grytting som byr på eventyr, songar og forteljingar frå Sogn og Fjordane. Konsertane er gratis for alle. Ta med sitjeunderlag. Alder: Frå 3 år Wednesday and Friday morning we invite children and adults to bring a packed breakfast and start the day with Kari Malmanger, who takes you along to the big forest to meet up with rocky “huldra”, the troll, a prince and the wolf, the bear and other animals. On Thursday you’ll meet Synnøve S. Bjørset and Elin Grytting who sings songs and tells a lot of strange stories from our region. Age: 3 years.

14


Foto: Heidi Hattestein

Ut på tur, aldri sur Onsdag 1. juli kl. 18.00 – torsdag 2. juli kl. 09.00 | Sunnfjord Museum I samarbeid med Barnas Turlag arrangerer vi for aller første gong overnattingstur med soveposekonsert under festivalen. Dette skjer på Sunnfjord Museum der vi først går tur til stølen, før vi riggar oss til i lavvo i museumstunet. Her blir det mat og kveldskonsert med Synnøve S. Bjørset og Elin Grytting: «Røyskattrumpa og dei knisande geitene», og jammen held dei konsert om morgonen også der du får møte hanen Skrikomgal, grisen som vart åleine på isen og mykje meir. Meir informasjon på fordefestival.no. Alder: Alle Come and join us and the Children’s Hiking Association in a celebration of the Outdoor Year with a trip round Mostien, with camping, a campfire atmosphere, food and music! In the evening two of our best local musicians, Synnøve S. Bjørset and Elin Grytting, will present “Weasel Bottom and the Giggling Goats”. We’ll spend the night in Sami tents or our own tents. More info at fordefestival.no. Age: All ages

15


Columbi Egg Vert: Gabriel Fliflet Fredag 3. juli kl. 21.00 | Laurdag 4. juli kl. 23.00 Restaurant Hugleik, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa Den alltid inspirerande og muntre bergensmusikaren Gabriel Fliflet skaper klubbstemning det går gjetord om. Til vanleg held han til på Hotel Augustin i Bergen, men kvar sommar flyttar han folkemusikklubben Columbi Egg til Førdefestivalen. Gjester fredag er Ulrika Bodén med Ahlberg, Ek og Roswall, Rajery og Sandum Trio. Laurdag kjem Fiddlers’ Bid, Emilia Amper og Linda Gytri Trio. Så har det alltid lag til å dukke opp nokre overraskingar under vegs. Aldersgrense: 18 år.

The ever-inspiring and good-humoured Bergen musician Gabriel Fliflet creates a club atmosphere that’s on everyone’s lips. His famous music club is normally hosted at the Hotel Augustin in Bergen, but every July he brings it to the festival in Førde. Friday’s guests are Ulrika Bodén with Ahlgren, Ek and Roswall, Rajery and the Sandum Trio. Saturday’s invited musicians are Fiddlers’ Bid, Emilia Amper and the Linda Gytri Trio. There might be some surprises on both evening, as usual. Minimum age 18 years.

16


BLÅTUR på sykkel: Ulrika Bodén med Ahlberg, Ek og Roswall Torsdag 2. juli kl. 13.30 | Start frå Førdehuset Førdeentusiast Hans Jakob Reite tek deg med på guida sykkeltur i sentrum. Turen endar på ein ny festivalarena. Den er intim og heimekoseleg, og ei perfekt ramme for stemningsfull svensk folkemusikk servert av Ulrika Bodén og hennar musikarvener. Hint: Kaffi frå tynne porselenskoppar. Start frå Førdehuset. Kontakt festivalkontoret FØR 20. juni for leige av sykkel.

Mystery Bike Tour: Ulrika Bodén with Ahlberg, Ek and Roswall The Førde enthusiast Hans Jakob Reite will take you on a guided bike tour in the town centre, which will end up at a new festival arena. It’s intimate and homely - the perfect setting for atmospheric Swedish folk music courtesy of Ulrika Bodén and her musician friends. Start from Førdehuset. Contact the Festival Office BEFORE 20 June to hire a bike. 17

17


Foto: Arve Ullebø

Festivalgalla Laurdag 4.juli 20.30 - 22.00 | Idrettshallen, Førdehuset I denne feiringa av musikk frå heile verda presenterer vi eit knippe leiande norske og internasjonale utøvarar: Rajery Trio, Susanne Lundeng, Nomadic Voices, Ndima, Ulla Pirttijärvi & Ulda, Pilar Astola & Samvaad og Team Gløs Tøs. Dørene opnar kl. 20.00. Kom i god tid så vi får smidig innslepp og kan starte presis.

Festival Gala In this celebration of music from around the world, we present a bunch of leading Norwegian and international performers: Rajery, Susanne Lundeng, Nomadic Voices, Ndima, Ulla Pirttijärvi & Ulda, Pilar Astola & Samvaad and Team Gløs Tøs. Doors open at 20.00. Please come early so people can enter smoothly and we can start on time.

18


Familiesøndag

Foto: Heidi Hattestein

Søndag 5. juli kl. 13.00 | Førdehuset

Vi ønskjer små og store velkomne i Førdehuset som sydar av musikk, song og dans frå mange land. I dag er alt gratis! Kafé og bibliotek er også opne. Detaljert program på fordefestival.no og på oppslag i Førdehuset. All ages are welcome to Førdehuset, which will be overflowing with music, song and dance from many lands. It’s all free today! The café and library will also be open. Detailed programme at fordefestival.no and on a notice in Førdehuset.

19


Festivalnatt Laurdag 4. juli Kl. 23.00 | Festivalsalen og Barthold Bar, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

Norsk og internasjonal dansefest i 2 etasjar! I Barthold Bar leverer SVER ein musikalsk skål til festen, jentene, musikken og livet! Det energiske samspelet pumpar liv i slitne kvardagshjarte, og gjev publikum ein helsebringane lykkerus. I tillegg spelar unge og energiske Team GløsTøs. Målet deira er som alltid å inspirere publikum til å danse og svette for alt det er verdt! Og kanskje dukkar det opp fleire... I etasjen over er det Paulo Flores og suggererande semba frå Angola som står øvst på plakaten. Paulo Flores elskar å by publikum opp til fest, det vere seg med semba eller andre rytmeartar, så her er det berre å finne fram sine beste dansesko. Deretter er det klart for dampande ørkenblues frå Timbuktu i Mali. Khaira Arby og bandet hennar er stolte formidlarar av ein musikktradisjon som over alt i verda får publikum til å danse. Barthold Bar er open frå kl. 21.30, og fram til konsertane startar, held DJ Darius Darek oss i ande med multirytmisk musikk frå heile verda. Aldersgrense 20 år.

20

Paulo Flores

Khaira Arby

DJ Darius Darek


In the Barthold Bar, Sver will raise a musical toast to the party, the girls, music, and life! Their energetic interplay pumps life into weary souls and showers the audience with health and happiness. Here you’ll also find the young and energetic

Foto: Ingvil Ljones

A Norwegian and international dance party on two floors!

SVER

Team GløsTøs,who always aim to inspire their audience to dance and sweat for all they’re worth! And maybe others will turn up… On the floor above, the top of the billing is Paulo Flores and suggestive semba music from Angola. Paulo Flores loves to invite his audiences to party, with semba or other rhythms, so get on your best dancing shoes! Then it’s time for steamy desert blues from Timbuktu in Mali. Khaira Arby and her band proudly pass on a musical tradition which gets people dancing the world over. The Barthold Bar will be open from 21.30, and until the gigs start, DJ Darius Darek will keep us going with multi-rhythmic music from around the globe. Minimum age 20 years. Team GløsTøs

21


String Fredag 3. juli kl. 18.00 | Festsalen, Førdehuset Fredag 3. juli kl. 11.00 Foredrag med Bjørn Aksdal: Ekstra resonans: Understrengsfeler som fenomen | Utstillingssalen, Førdehuset

Fire musikarar, fire instrument og meir enn åtti strenger Velkomen til eit meistermøte mellom fire utøvarar på fire ulike strykeinstrument som alle har resonansstrenger som kling med når du stryk. Dei fire musikarane har over 80 strenger å boltre seg på, så her har vi store klangopplevingar i vente!

Gro Marie Svidal | hardingfele

Four top musicians frolic on more than 80 strings when they get together to explore the common features of the Hardanger fiddle, nyckelharpa, sarangi and gadulka, which all have sympathetic strings. With Gro Marie Svidal, Emilia Amper, Murad Ali Khan and Peyo Peev. Host: Bjørn Aksdal.

Konferansier: Bjørn Aksdal 22 22

Foto: Martin Hugne

Ein allsidig, kreativ og hardtarbeidande folkemusikar oppvaksen i det rike folkemusikkmiljøet i Jølster. Vann Landskappleiken i 2014 (Norgesmeisterskapen for folkemusikk), og er i toppsjiktet av hardingfeleutøvarar i Norge.


Emilia Amper | nyckelharpe Frå Småland i Sverige. Byrja å spele som 10-åring, og vart verdsmeister på nyckelharpe i 2010, og har fått ei rekkje stipend og prisar. Ho er viljesterk og nyfiken, og utforskar gjerne nye musikalske landskap med musikken sin.

Murad Ali Khan | sarangi Kjem frå ei kjend musikarfamilie, og er ein av dei leiande unge musikarane som no løftar fram sarangitradisjonen og gjer at dette særeigne instrumentet etter ein periode med synkande popularitet, igjen kjem til heider og ære.

Peyo Peev | gadulka Ein av dei mest kjende gadulka-spelarane i Bulgaria, som starta musikkutdanninga si tidleg og har ei lang musikalsk merittliste i Bulgaria. Han er ein kreativ utøvar og komponist, som likar å utforske gadulkaspelet frå litt nye vinklar.

23


Vocal Fredag 3. juli kl. 21.00 | Førde kyrkje Julie Fowlis

UNNI LØVLID er ein av våre mest ettertrakta folkesongarar. Ho har sine røter i folkemusikken, Annie Ebrel men har i heile sin karriere også arbeidd med samtidsmusikk. Ho er kjend som ein modig musikar, og har gjeve ut fleire plater i grenselandet folkemusikk-samtidsmusikk.

ANNIE EBREL frå Bretagne har frå ho var 14 vore ein internasjonalt kjend ambassadør for bretonsk kultur. Med ei stemme som har ein heilt unik klang og presisjon har ho opna opp for bretonsk song i Frankrike og resten av verda. 24 24

Ulla Pirttijärvi

Gergana Dimitrova Foto: Anniken C. Mohr

JULIE FOWLIS er oppvaksen og busett på North Uist, ei av øyane i ytre Hebridane i Skottland. Ho har markert seg som ein dyktig og medviten formidlar av det skotsk-gæliske språket og songtradisjonen i området.

Foto: Eric Legret

I denne produksjonen samlar den anerkjende folkesongaren Unni Løvlid eit knippe framståande europeiske vokalistar for å utforske stemmebruk, ornamentikk, melodioppbygging og anna i europeisk folkesong. Og kanskje endar det opp med noko heilt nytt! Produsent: Grete Pedersen

Grete Pedersen


Foto: Ingvil Ljones

Powerful, atmospheric, new and old - all these words candescribe our first experience of the forceful voices of Unni Løvlid, Julie Fowlis, Annie Ebrel,Gergana Dimitrova (Eva Quartet) and Ulla Pirttijärvi together on stage. With Grete Pedersen (the Norwegian Soloists’ Choir)as producer, they will explore and challenge ornamentation, voice and melody in European folk song traditions.

Unni Løvlid

GERGANA DIMITROVA er mest kjend som ei av dei fantastiske stemmene i «Le Mystere Des Voix Bulgares» og «Eva Quartet». ULLA PIRTTIJÄRVI LÄNSMAN kjem frå finsk Lappland. Ho har lært joiking av mor si og ein onkel. Joik er ein av dei eldste musikalske uttrykksformene i Europa, og finst blant samar i Sverige, Norge og Finland. Ulla er i dag ein av våre største samiske utøvarar. GRETE PEDERSEN er dirigent og kunstnarleg leiar for Det norske solistkor gjennom 25 år. Under hennar leiing har koret markert seg sterkt både nasjonalt og internasjonalt. 25


Dance Kathak - Flamenco Laurdag 4. juli kl. 13.30 | Teatersalen Laurdag 4. juli kl. 12.30 Foredrag med Jaime Trancoso: the kathak-flamenco connection Utstillingssalen, Førdehuset Dette er ein av tre temaproduksjonar på festivalen, og viser samanheng og likskapar mellom to av verdas mest uttrykksfulle dansetradisjonar: Indisk kathakdans og spansk flamenco. I Teatersalen kjem du tett på dei to dansarane - indiske Mahua Shankar og spanske Pilar Astola, som kjem med kvar sine ensemble til Førde. Mahua Shankar byrja med den tradisjonelle kathakdansen som femåring, med foreldra som sine første læremeistrar. I dag er ho ein kathakdansar som har motteke fleire prisar og stått på scenene på mange prestisjetunge festivalar. Mahua Shankar dans | Murad Ali Khan sarangi | Hasan Shuheb harmonium, vokal | Hussain Zakir tabla Pilar Astola er frå Sevilla, og byrja å danse flamenco då ho var 6. Ho tok sine første profesjonelle dansesteg på El Patio Sevillano alt som 16 åring. Ho dansa klassisk ballett og flamenco, i byrjinga som dansar i Maria Pagés’ Compañía. Pilar Astola dans | Javier Allende Aparicio vokal | Oscar Alberto Guzmán Falconi gitar | Pablo Núñez Banda perkusjon Mahua Shankar and Pilar Astola and their ensemble will bring you an exciting close encounter between the Indian Kathak and and the Spanish flamenco dances. These two very expressive dance traditions have more in common than you probably realise! 26


Mahua Shankar

27


Toto La Momposina - Colombia Cumbia-dronninga tilbake i Førde etter 23 år Karismatiske Toto La Momposina er ei levande legende innan afro-colombiansk song. Om nokon kan kalle seg Cumbia-dronninga, er det ho, som den fremste ambassadøren for musikktradisjonen frå Colombias karibiske kyst. Musikken er ein arv etter både afrikanske, indianske og spanske kulturar, og med Toto La Momposina i spissen har cumbia-rytmane vorte ein internasjonal dansefarsott. Familien hennar er musikarar gjennom fem generasjonar, og alt som ung reiste ho frå landsby til landsby for å lære seg dei lokale musikktradisjonane. Toto La Momposina bestemte seg tidleg for å bli songar og entertainer. Og sidan 60-talet har namnet hennar vore viden kjent. Den colombianske cumbiaen er sjølve kjernen i hennar musikalske liv, men alle andre latinamerikanske rytmar inngår sjølvsagt også i repertoaret. Toto La Momposina har motteke WOMEX Lifetime Achievement Award for sin enorme innsats på verdsmusikkscena, og i ein alder av 74 år elskar ho framleis å stå på scena – og det er fantastisk å kunne ønskje denne flotte berføttdivaen velkomen tilbake til Førde 23 år etter ho var her første gong!

Toto La Momposina is a charismatic living legend of Afro-Colombian song, the original “Queen of Cumbia” whose entire life has been dedicated to representing the music of her country’s Caribbean coastline. A dynamic 74 year old, Toto continues to work tirelessly to promote the music of her homeland, driven by passion and the simple joy of performance. Through the power of her voice and creative spontaneity, Toto La Momposina has used this gift to summon people from all over the world, to hear the evocative village music of her roots, and celebrate a rich traditional legacy with one of the true giants of Latin American music.

Toto La Momposina vokal | Jorge Luis Aguilar perkusjon, vokal, gaitas | Rafael Castro Vergara perkusjon, vokal | Wilmer Guzman Arevalo perkusjon, vokal | Edwin L Hernandez Ardila klarinett, saksofon | Juan Carlos V Muñoz tiple, vokal | Marco V Oyaga Basanta perkusjon, vokal | Freddy Soto Coavas trompet, vokal Nestor Vanegas Forero bass, vokal | Alejandro Niño trombone, eufonium

28


Foto: Josh Pulman

LAURDAG 4. JULI kl. 15.00 Toto La Momposina Utekonsert, Festplassen 29


Natacha Atlas vokal, dans | Samy Bishai fele Andy Hamil bass | Ivan Hussey cello Alcyona Mick flygel | Louai Al Henawi ney Vasilis Sarikis perkusjon | Mara (Lucia) Tieles (Cutie) fele Chandra Varona Vega fele | Erkan Tekci fløyte (jour de kaval) Gürkan Özkan perkusjon 30

FREDAG 3. JULI kl. 19.30 Natacha Atlas Idrettshallen, Førdehuset


Natacha Atlas Egypt/UK Med egyptisk-engelske foreldre, og oppvaksen i Brüssel, har det vore naturleg for Natacha Atlas å ta med seg fleire kulturar inn i musikken. Med stor tryggleik byggjer ho musikalske bruer ved å blande arabiske melodiar og instrument med vestlege rytmar og harmoniar. På dette området er Natacha Atlas ein pioner. Ho er ein allsidig artist, som har jobba med store namn innan fleire sjangrar; som Peter Gabriel, Sinead O’Connor og Jean-Michel Jarre. I tillegg til fleire platesuksessar har Natacha Atlas medverka med musikk på fleire spelefilmar og i dataspel. Musikk til ballett har ho også laga, saman med Samy Bishai, og hennar siste samarbeidsprosjekt er med den verdskjende fransk-libanesiske jazzmusikaren, Ibrahim Malouf. Dei siste åra har Natacha Atlas markert seg med eit meir akustisk uttrykk. Ho har nytta musikarar frå klassiske strykeorkester i prosjekta sine og har også spelt på festivalar for klassisk musikk. Og det er dette uttrykket ho konsentrerer seg om når ho kjem til Førde med sitt 10-manns sterke ensemble. Her er et er duka for ein storslagen konsert med suggererande rytmar, dans og mystikk à la 1001 natt!

“… the true measure of this Moroccan, Egyptian, Palestinian singer’s talent is that her sensuous serpentine voice coils its way around a diverse set of songs, from the heavily groove-centered to the ethereally acoustic, making each one her own.” The Independent

Born in Brussels of Anglo-Egyptian parentage, Atlas’s multi-cultural background and experiences have helped shape her trademark sound which seamlessly bridges musical and culture divides. She has released several albums and worked with artists like Peter Gabriel, Sinead O’Connor and Jean-Michel Jarre. She has also co-produced music for a ballet, together with Samy Bishai. In recent years, Natacha’s repertoire is more reflective of her acoustic albums, Ana Hina and Mounqaliba and performances have included classical music festivals and concert halls. On her new studio album to be released this year, she works with the French-Libanese jazz legend, Ibrahim Malouf.

31


Foto: Andy Morgan

The success of Catrin and Seckou’s debut album and their exhilarating live performances is attributed to the pair’s innate understanding and an infectious onstage chemistry. Despite Catrin coming from a classical background and Seckou unable to read music, they’ve found a huge amount of common ground and draw on their diverse traditions and transform them with remarkable synergy; Mandinka rhythms mix effortlessly with Welsh tunes, with hypnotic improvisations from both in a set which is at once exhilarating and mesmerising. Impossible to pigeon-hole, their music blurs the boundaries between world music, classical, folk and traditional genres. 32


Catrin Finch & Seckou Keita Wales, Senegal Catrin Finch og Seckou Keita sitt samarbeid på harpe og kora har kanskje vore ein større suksess enn nokon kunne drøyme om. Plata deira Clychau Dibon (2013) toppa det meste av spelelister for verdsmusikk, og både platemeldingar og konsertomtalar er fulle av lovord. I tillegg kjem internasjonale prisar som fRoots’ Critics Poll Album of the Year, Songlines’ Best Cross-Cultural Collaboration Award 2014, og to nominasjonar i BBC Radio 2 Folk Awards 2014. Catrin Finch frå Wales er verdskjend harpist, og spelar med dei leiande klassiske orkestra i verda. Men ho skiftar leikande lett til andre musikkformer, til dømes gjennom samarbeid med koraspelaren Toumani Diabaté frå Mali, colombianske Cimarrón (Førdefestivalen 2010), og no altså Seckou Keita frå Senegal. Han er fødd inn i den kongelege Keita-slekta og dei velkjende Cissokho-griotane, og er kjend frå samarbeid med onkelen Solo Cissokho og djembemeisteren Mamady Keita, samt at han også spelar med Salif Keita og Youssou N’Dour. Dei kjem frå ulike musikktradisjonar, men står likevel i ein stor felles tradisjon av musikalsk forteljarkunst frå kvar sine heimland. Og i den felles musikken deira vever dei musikalske trådane seg inn i kvarandre til ein besnærande og vakker vev, der den eines musikalske uttrykk går over i den andres og til slutt smeltar saman til noko heilt nytt. I møtet mellom Mandinka-rytmar, Wales-strofer og hypnotiske strengeimprovisasjonar oppstår Musikk med stor M.

“Something quite different.. a really intriguing collaboration... it works so beautifully together – a beautiful album.” Mark Radcliffe, BBC Radio 2

TORSDAG 2. JULI kl. 19.30 Opningskonsert: World ConneXions Idrettshallen, Førdehuset

“This, I suspect, will be remembered as one of the classic concerts of the year…magnificent” Robin Denselow, The Guardian *****

FREDAG 3. JULI kl. 13.30 Catrin Finch & Seckou Keita Festsalen, Førdehuset 33


DANÚ Irland Dei beste frå Irland! Frå Waterford, Kerry, Dublin og Donegal i Irland kjem dei, og er rekna mellom dei leiande gruppene innan irsk folkemusikk i dag. Som konsertband har dei i årevis levert ei energisk blanding av irsk tradisjonsmusikk og nyskapt materiale. Dei byr på heftig reel og stemningsfulle balladar; irsk folkemusikk på sitt aller beste. Dei virtuose musikarane trakterer fløyter, feler, knappetrekkspel, bouzouki, irsk og engelsk song. I 20 år har dei turnert over heile verda, og gitt ut sju kritikarroste album, det siste albumet «Buan» kom ut tidlegare i år. Danú har henta heim ei rekkje prisar både frå BBC og Irish Music Magazine, og i USA har dei mellom anna stått på scena i Hollywood bowl i Los Angeles og Symphony Space i New York. Danú tek deg med på ei stemningsfull musikalsk reise til heimlandet, Irland, med sine lange og sterke musikktradisjonar som er blitt kjende og kjære over store deler av verda. Dei spelte på festivalen i 2002 med stor suksess, og no er dei klare for entre scena i Førde på nytt!

Hailing from County Waterford, Kerry, Dublin and Donegal in Ireland, Danú is one of the leading traditional Irish ensembles of today. Their standing room only concerts throughout Ireland are true events featuring high-energy performances and a glorious mix of ancient Irish music and new repertoire.

34

Donal Clancy gitar, vokal Eamon Doorley bouzouki Liam Flanagan fele Donnchadh Gough bodhrán, sekkepipe Brendan Mccarthy trekkspel Muireann Nic Amhlaoibh vokal, fløyte


FREDAG 3. JULI kl. 23.00 Keltisk kveld – Danú, Fiddlers’ Bid, DJ Darius Darek Utekonsert, Festplassen 35


Khaira Arby Mali Dronninga av ørkenblues er klar for Førdefestivalen! Rett frå opptreden på Roskildefestivalen til Førde, kjem Khaira Arby, ein av dei levande legendene i Mali sitt musikkliv, og eit av dei absolutt store namna innan «ørkenblues». Blues blir nok av mange rekna som eit amerikansk fenomen, men desse «blå» rytmane har sitt opphav frå slavane som kom frå områda langs elva Niger. Her ligg også Timbuktu, Khaira Arby sin heimby, som var eit symbol for kultur og historie – og for ørkenblues - inntil ekstremistane kom og la mange av dei viktige kulturminna i byen i grus. Gjennom musikken sin tek Khaira Arby oss med til ein by der mykje av historia ligg i ruinar, men med eit folk og ein kultur som er sterke nok til å overleve. Med si sterke stemme Khaira Arby gjer det ho kan for å bringe den stolte musikktradisjonen vidare. Ho vil byggje bruer mellom kulturar, folk og generasjonar i Mali og resten av verda. Og trass eit dystert bakteppe, Khaira Arby sin musikk gjev oss alltid lyst til å danse!

«Arby is one of Mali’s most widely respected female singers and has a powerful style influenced by both southern Malian traditions and Arabic Melisma.» (Joe Tangari Pitchforks)

Khaira Arby vokal M’Barka Dembele gitar Mahalmadane Abbanassane trommer Moulaye Mohamed Traore bass Dramane Toure gitar Abdoulaye Dit Baba Sissoko

36


LAURDAG 4. JULI kl. 23.00 FESTIVALNATT - Khaira Arby, Paulo Flores, SVER og Team GløsTøs Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

Khaïra Arby’s music takes the listener on an audio journey across the essence of Mali and Timbuktu, a meeting of religions, cultures, past and present. She sings in the desert blues tradition and expresses her pride in the history and struggles of her desert homeland and its people. With her soaring, swelling and soulful vocals she sings of love, peace, family and the lives of women. She pairs her traditionally-rooted songs with her rock’n roll backing band (electric guitar, bass, calabash, ngoni, traditional violin and trap drum kit), like that she bridges generations and cultures.

37


FRIKAR – GotoGuta FRIKAR er tilbake med ei ny modig framsyning! Tittelen, GotoGuta, er Valdres’ svar på «Backstreet Boys», og heile framsyninga er ei studie i gruppedynamikk og fysisk kontakt mellom gutar. Det blir både mjukt, spenstig og akrobatisk! Saman med dansarane Ådne Kolbjørnshus, Vetle Springgard og felespelar Andris Hemsing har Hallgrim Hansegård laga ei danseframsyning der dei tek publikum med til ein tenkt støl. Her slår dei i hel tida med kreative og lett surrealistiske påfunn. Kva gjorde vi eigentleg på stølen før i tida? Kva fordreiv vi tida med før mobilen, skype og You Tube? Kva gjorde vi eigentleg før … alt? Med denne nye framsyninga som får verdspremiere under Førdefestivalen vert det både danseglede, hardingfele – og noko du aldri har sett før! Gotoguta er produsert av FRIKAR i samarbeid med Førdefestivalen. Frontfigur og koreograf i FRIKAR, Hallgrim Hansegård held i tillegg kurs i GoKarma Yoga under festivalen. Sjå eigen kursinformasjon!

ONSDAG 1. JULI kl. 20.00 FRIKAR: GotoGuta | Storsalen, Førdehuset TORSDAG 2. JULI kl. 16.00-17.00 KURS: Gokarma Yoga

Frikar is moving through unexplored territories to create bold, playful and free thinking art. Frikar’s dance aims to be like a vortex of moving traditions, pluralistic ideas and nature awareness - moving through boundaries of cultures, languages and art. The dance language is rooted in Hallgrim Hansegård’s contemporary work with the traditional Norwegian halling and evolves to share intelligent, courageous and free thinking concepts receiving international acclaim as well as artistic and commercial success. Frikar dance company & academy is based in the mountain valley of Valdres, the craddle of Norwegian folk music and dance. The company has performed in 29 countries worldwide. To “go frikar” has since the 1600’s meant to go unbeaten in fights and dance battles making no compromise facing dangers. The frikars have mostly set traces through nonverbal communication. 38

Hallgrim Hansegård dans Ådne Kolbjørnshus dans Vetle Springgard dans Andris Hemsing fele


Foto: Erlend Apneseth

VER D SPR EMIE RE!

39


Paulo Flores Angola Semba, semba, semba! Paulo Flores vokal, akustisk gitar António Adolfo gitar Hélio Marcos de Jesus da Cruz trommer João Ferreira perkusjon Jeremias Galheta bass Ciro Lopes trekkspel, piano Simão Nsingi gitar

LAURDAG 4. JULI kl. 23.00 FESTIVALNATT - Paulo Flores, Khaira Arby, SVER og Team GløsTøs Barthold Bar og Festivalsalen, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

40


Paulo Flores er ein fantastisk ambassadør for den angolske musikk- og dansestilen semba. I ein alder av 40 har han alt vore artist i 25 år og gitt ut 15 plater. Med si varme og djupe stemme er han ein levande og sterk musikalsk historieformidlar inspirert av dagleglivet og dei urbane tradisjonane i hovudstaden Luanda. Paulo Flores er fødd i Angola, men oppvaksen i Lisboa. Her regjerte unge Flores med danserytmar, saman med Eduardo Paim, og på 90-talet gjorde fleire slagerar Paulo Flores til eit angolansk musikk-ikon i Portugal. På leiting etter ny inspirasjon gjekk han etter røtene sine i heimlandet. Angola si frigjering frå koloniherrane gav håp og gjorde at han fatta interesse for den autentiske sembaen. I denne musikkstilen fann han det han leitte etter. Her fann Paulo Flores sin nye musikalske heim, som han har innreia på sin eigen måte; litt gammalt og litt nytt, i høgste grad dansbart – og med mykje kjærleik. Under festivalen vert det òg kurs i sembadans. Sjå eigen kursomtale.

Paulo Flores, author, composer and interpreter, is one of the most important references of Angolan music today and an indefatigable advocate of semba. At the age of 40, he celebrates 25 years of career, punctuated by 15 records. The voice of Paulo Flores, sweet and warm, vibrant and deep, is inspired by Luanda’s urban tradition and tells us stories of the past, the present and the future.

41


TORSDAG 2. JULI kl. 19.30 Opningskonsert: World ConneXions (Saïd El Maloumi og Houcine Baqir) Idrettshallen, Førdehuset kl. 22.00 Smaken av Marokko - med Driss el Maloumi | Hugleik, SSH FREDAG 3. JULI kl. 15.00 Driss El Maloumi Trio Teatersalen, Førdehuset

Driss El Maloumi Trio Marokko Virtuositet og speleglede i perfekt harmoni Etter å ha reist verda rundt med Jordi Savall, 3MA (Ballaké, Sissoko og Rajery), med Paolo Fresu, Debashish Bhattacharya og fleire andre store namn, vende Driss El Maloumi tilbake til heimtraktene sine. I Agadir, blant arabiske kulturar, amazigh, på grensa mellom vesten og Sahara, fann oud-meisteren inspirasjon til nye musikalske eventyr. Utgangspunktet hans er alltid den marokkanske tradisjonen, men Driss El Maloumi sin musikk har også trekk frå kulturar han har møtt på vegen. For å gje nytt liv til tradisjonsmusikken, strekker han seg mot yttergrensene, som i dette møtet mellom oud, iransk zarb og perkusjon med røter i Madagaskar. Det er tradisjon, men også nyskaping og leik, når oud-magikaren frå Marokko inviterer publikum på ei ny spennande reise, med stor musikalitet, virtuos teknikk, usvikeleg presisjon og smittande speleglede. Born in 1970 in Agadir, Morocco, Driss El Maloumi is an artist characterized by his virtuosity and talent. His music travels between different colours and genres, nourished by encounters with international artists such as the Spaniards Jordi Savall & the Ensemble Hespèrion XXI and Montserrat Figueiras, Paolo Fresu (Italy), Debashish Bhattasharya (India), and many more. He is universally praised for the quality, purity and delicacy of his playing, and the press nickname him the “Oud Magician”. Driss El Maloumi oud | Saïd El Maloumi zarb | Houcine Baqir perkusjon 42


Pilar Astola Spania Dirrande spansk lidenskap

Pilar Astola dans Javier Allende Aparicio vokal Oscar Alberto Guzmán Falconi gitar Pablo Núñez Banda perkusjon Rafael Cremades Morales produsent

Pilar Astola vaks opp i Sevilla, og byrja som profesjonell dansar (klassisk ballett og flamenco) som 16-åring. Først i María Pagés Compañía, som mange vil hugse frå ei fantastisk danseframsyning i Førde i 2013, seinare i andre store ensemble i Spania. I dag har ho sitt eige flamencoensemble som dansar på dei store scenene og i kjende TV-show i inn- og utland. Det skal både år og modning til for å bli ein god flamencodansar, og Pilar Astola har også utvikla sin eigen stil, både som songar og dansar, og i dag er ho kanskje betre enn nokon gong. Det er berre å glede seg!

LAURDAG 4. JULI kl. 13.30 Dance ConneXions: Kathak-Flamenco Teatersalen, Førdehuset kl. 20:30 Folkemusikkgalla Idrettshallen, Førdehuset SØNDAG 5. JULI kl. 18.00 Pilar Astola Ensemble Amfisalen, United World College, Flekke

Pilar Astola is a flamenco dancer and singer from Seville. 16 years old she starts her professional career, joining María Pagés’ Ballet. Pilar Astola has performed solo, with her own different ensembles or with the prestigious flamenco ensembles in Spain. She is now established with her own company, touring the big venues all over the world. She sings, dances, recites, always with a style of her own, in the flower of youth and artistic maturity. 43


Fiddlers’ Bid

Shetland

Vilt og vakkert frå Shetland Fiddlers’ Bid er eit forrykande band som held i hevd den rike feletradisjonen frå Shetland. Sidan 1991 har deira tette og heftige spelestil gjeve dei eit stort internasjonalt publikum. Musikken deira er som ein tornado; det er vilt, virtuost og vakkert på ein gong. Både einskildmedlemene i gruppa og bandet har motteke ei rekke prisar, som «Best live Act», «Scottish Folk Band of the Year» og «Album of the Year», og har turnert internasjonalt i mange år. Som kjent høyrde Shetland tidlegare til Norge, og framleis er det tette band. Hovudstaden Lerwick ligg nærare Bergen enn Edinburgh, og mange namn på Shetland stammar frå Norge. Slik også med musikken, her er klart slektskap mellom deler av den norske og shetlandske tradisjonsmusikken. Så her er det berre å kle seg til fest og møte «slekta»!

Chris Stout, Kevin Hendreson, Andrew Gifford og Maurice Henderson fele Catriona McKay harpe | Seán Òg Graham gitar | Neil Harland bass

«Om du ikkje får bakoversveis av desse, bør du sjekke pulsen din» Glasgow Herald

TORSDAG 2. JULI kl. 19.30 Opningskonsert: World ConneXions | Idrettshallen, Førdehuset FREDAG 3. JULI kl. 23.00 Keltisk Kveld – Danú, Fiddlers’ Bid | Utekonsert, Festplassen LAURDAG 4. JULI kl. 23.00 Columbi Egg | Restaurant Hugleik, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

44


Foto: Kris Kesiak

Fiddlers’ Bid are internationally respected as leading exponents of their rich fiddle tradition and are global ambassadors for Shetland. Since forming in 1991, they have established an identity as a unique band with a harmonious and symphonic sound developed though many years of playing together.

45


Otava Yo Russland Folkemusikk-surrealisme frå Russland Otava Yo forvandlar tradisjonelle russiske folketonar til livleg gladmusikk. Dei gjev oss eit glimt inn i livet på den russiske landsbygda med kjærleik, fest, vemod og villskap i ein slags surrealistisk harmoni. Otava Yo tek musikken på høgste alvor, men har eit svært uhøgtideleg forhold til seg sjølv. Her får du oppleve musikk du kanskje ikkje visste fanst! Otava Yo vart etablert i 2003 utan nokon klar plan. Medlemane kjem frå andre grupper, men Otava Yo har vorte ein stad der dei tek ut idéar det ikkje er plass til i andre konstellasjonar. Dei leikar med tradisjonelle, nasjonale instrument som gusli, Zhaleika og fele, og med utgangspunkt i tidlause russiske folketonar tek dei musikken vidare til det dei omtalar som «russisk-gotisk rhythm and blues». På scena er Otava Yo iført russiske skinnluer og slitne singletar. Dei er gjennomgåande humoristiske i alt dei gjer. I heimbyen St. Petersburg har dei stjernestatus, og har ein skikkeleg hit på med videoen «Prov Ivana Groove». Det blir eit surrealistisk eventyr å oppleve dei i full fyr på scena i idrettshallen – ein søndag ettermiddag. Otava Yo transform traditional Russian folk melodies to lively, happy and danceable music. They give us glimpses of life in the Russian countryside where love, celebrations, melancholy and wild behaviour combine into a kind of surreal harmony. Otava Yo take music highly seriously but have a laid-back attitude to themselves. Lyrical gusli, global guitar, wailing bagpipes, energetically expert dual fiddle-scraping, pumping bass and pounding drum, driving songs of rural romance, heroic sailors, goats and pancakes, delivered with casual wit and bursts of ensemble choreography. They have performed at major European folk festivals and as far afield as Mexico and India. They have met the President of Estonia and received an award from the Bratislava Humour Academy.

46 46


SĂ˜NDAG 5. JULI kl. 15.00 Otava Yo Idrettshallen, Førdehuset Aleksei Skosyrev gitar, vokal Alexey Belkin sekkepipe, vocal, gusli, fife Dmitrii Shikhardin fele, vokal Iuliia Usova fele, vokal Petr Sergeev basstromme Timur Sigidin bassgitar

47 47


Giorgos Xylouris Hellas Gresk musikk og dans på sitt beste

Giorgos Xylouris laouto George Saloustros daulaki (tromme), askomantoura (sekkepipe), hampioli (blåseinstrument), mandola Nikos Xylouris lyra Ioannis Zacharioudakis dans Antonis Xylouris lutt og mandolin

Foto: Manolis Mathioudakis

Giorgos Xylouris, eller Psarogiorgis, er ein av dei leiande songarane og musikarane på Kreta. Med sin kretiske lutt står han i ein fleire hundre år gamal musikktradisjon, som familien hans har gjort mykje for å blåse nytt liv i. Møte med andre kulturar, ikkje minst gjennom åtte år i Australia, har utvida Giorgos Xylouris sin musikalske horisont. Han har gjeve lutten ei ny rolle i gresk tradisjonsmusikk, som soloinstrument, og ikkje berre eit instrument som backar opp lyra. I dag turnerer Giorgos Xylouris med eige ensemble, men også med musikarar frå andre sjangrar. Til Førde og Høyanger har han med musikarar og ein dansar, som også tilbyr kurs for dei danseglade! ONSDAG 1. JULI kl. 20.00 Giorgos Xylouris Øren Hotell, Høyanger TORSDAG 2. JULI kl.17.30 Giorgos Xylouris Festsalen, Førdehuset kl. 21.30 Dansen går i Førdehuset Festsalen, Førdehuset TORSDAG OG FREDAG 2.-3. JULI: Gresk dansekurs med Ioannis Zacharioudakis

Giorgos Xylouris, also known as Psarogiorgis, plays the Cretan Lute (laouto) and sings Cretan music from a centuries old tradition. His family have been instrumental in not only reviving traditional Cretan music, but also in bringing it to new levels. Giorgos lived eight years in Australia, where he broadened his musical horizons through contact with musicians of other cultures. Today he is considered to be one of Crete’s foremost singers and instrumentalists. 48


Foto: Thibaut

Rajery Trio Madagaskar Prinsen av valiha! Rajery er ein kulturformidlar av rang, som kombinerer eit sjeldan musikktalent med stor innleving og formidlingsevne. Han syng og spelar valiha, tubesitteren som vert rekna som nasjonalinstrumentet på Madagaskar. Frå han var femten år har Rajery vore ein musikalsk ambassadør for heimlandet sitt, og spreidd rytmane frå Madagaskar til resten av verda. Han spelar valiha med éi hand og har utvikla sin heilt spesielle måte å spele på, sidan han måtte amputere fingrane på høgre hand tidleg i barndommen. Rajery er eit musikalsk under og eit stort førebilete på Madagaskar. Han har evna til å røre alle med musikken, men han har også eit vesen som opnar sansane hos publikum. Til Førde kjem han med trioen sin - og dei intrikate rytmane, den fleirstemde songen og den gode, døse stemninga frå Madagaskar.

Den udiskutable meisteren på det mest kjende instrumentet frå Madagaskar! The Times

Rajery Randrianarisoa valiha, vokal Jery Antonio Randrianarisoa gitar, vokal | Zo Christian Randrianarisoa perkusjon, vokal FREDAG 3. JULI kl. 12.00 Rajery Trio | Lunsjkonsert, Førde Rådhus kl. 21.00 Columbi Egg | Restaurant Hugleik, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa LAURDAG 4. JULI kl. 20.30 Festivalgalla | Idrettshallen, Førdehuset Germain Randrianarisoa – better known to world music fans as Rajery – is a talented singer, songwriter and percussionist who, on his home isle of Madagascar, is hailed as the “prince of the valiha”. Rajery lost the use of the fingers on his right hand before his first birthday and had to face amputation. Despite his handicap, the young boy was determined to do the same things as other children his age. At the age of 15 Rajery also decided to teach himself to play the valiha. He plucked away at his valiha strings over the years, developing his own original playing technique as he worked by day as an accountant. 49


Janusz Prusinowski Kompania & Janusz Olejniczak Polen Polske mazurkaer og Chopin slik du ikkje har høyrt det før Janusz Prusinowski Kompania spelar tradisjonsmusikk frå den polske landsbygda, men i sin eigen versjon. Med utgangspunkt i den sterke mazurka-tradisjonen i Polen, ville Janusz Prusinowski finne fram til nye måtar å presentere den på som passar for vår tid. Korleis kan vi fornye den gamle musikken, dei enkle melodiane, utan å falle for freistinga til å øydelegge dei typiske trekka ved å bringe inn element frå «moderne» musikk? Det viser seg at polsk folkemusikk har mange referansar til andre sjangrar. Bruken av improvisasjon liknar blues og jazz, og krafta og energien gjev assosiasjonar til rockemusikken. Også dei klassiske komponistane har latt seg inspirere av den polske tradisjonsmusikken, mellom anna når det gjeld melodiføring og bruk av rubato. Ikkje minst gjeld dette Polen sin store komponist Frédéric Chopin. Og det er nettopp sambandet til den klassiske musikken Janusz Prusinowski Kompania tek oss med inn i i hovudkonserten sin under Førdefestivalen; “The village roots of Frédéric Chopin’s music. Her har dei med seg den internasjonalt kjende klassiske pianisten, Janusz Olejniczak, m.a. kjend frå filmen Pianisten. Janusz Prusinowski Trio har turnert over heile Europa og i Asia, Canada og USA m.a. med konsertar i Carnegie Hall og Chicago Symphony Center. Og no er dei klare for festivalscena i Førde!

Janusz Prusinowski fele, dulcimer Piotr Piszczatowski perkusjon, trekkspel, dans Michal Zak fløyte, klarinett, shawm (treblåseinstrument) Piotr Zgorzelski kontrabass Janusz Olejniczak klaver (konserten laurdag)

50


Foto: A. Mendel

LAURDAG 4. JULI Kl. 08.30 Festivalfrukost | Festplassen Kl. 18.30 Janusz Prusinowski Kompania & Janusz Olejniczak | Festsalen, Førdehuset SØNDAG 5. JULI Kl. 13.00 Familiedag i Førdehuset

Janusz Prusinowski Kompania is a group of musicians who have learned from village masters of central Poland and who follow in their traditions but they are also an avant-garde band with their own characteristic sound and language of improvisation. It brings together mazurkas – sung, played, danced to, improvised live – and modern man.

51


Andreas S. Ljones fele Silje Onstad Hålien dans Torkjell L. Børsheim dans Anders Løfberg cello Tuva Færden fele Marit Midtli vokal

52


Villniss: Årstidene Norge Visuelt og nyskapande folkedansunivers Dansegruppa Villniss har skapt eit eige univers i framsyninga «Årstidene». Dei raude sjala dansar av seg sjølv, snøen svevar rundt i springartakt og nordavinden bles frå alle kantar. Midt i dette står 6 nysgjerrige musikarar og dansarar. I ulike naturelement møter dei kvarandre og seg sjølv. I ei leiken, ekspressiv og stemningsfull framsyning utforskar Villniss tilhøvet til naturen og skifta i dei ulike årstidene. Villniss Dansekompani er ein av dei nye aktørane innan sceniske folkemusikk- og folkedansproduksjonar i Norge. Villniss vart til som resultat av eit felles ønske om å utforske det forteljande i dans og musikk, og å utfordre sameksistensen mellom levende musikk og dans på ei scene.

Villniss Dance Company is a newcomer within the traditional music and dance productions in Norway, but the persons involved have lots of experience both individually and from different collaborations. The initiators behind Villniss is Silje Onstad Hålien (dancer) and Andreas Ljones (musician), known from FRIKAR and Majorstuen among others.

FREDAG 3. JULI kl. 16.30 VILLNISS – Årstidene Storsalen, Førdehuset 53


Vietnam is the only country in the world with a water puppetry tradition. The tradition goes all the way back to the 11th century, and the villages in the river delta Sông Höng, “The Red River” in North-Vietnam. The water is the stage floor where the wooden puppets are guided by the hidden puppeteers. The stories are humoristic and dramatic, and accompanied by live music. In Førde the performances will be outdoor at Langebrutorget. After a 30 minutes performance the audience is invited to a short demonstration of how the technique in this amazing vietnamesian tradition works.

54


Thang Long Water Puppetry Vietnam Unik dokketeatertradisjon til Førde Vietnam er det einaste landet i verda som har ein tradisjon med vassdokketeater. Tradisjonen stammar heilt tilbake til det 11. århundre i landsbyane ved elvedeltaet til Sông Hong, «Den Røde elv» i NordVietnam. Med vatn som scenegolv framfører tredokkene, som vert førte av skjulte dokkeførarar, dramatiske, humoristiske og spennande eventyr og historiar, og det heile vert akkompagnert av levande musikk og song frå eige orkester! Vietnam har etter kvart fått fleire profesjonelle vassdokketeater. Thang Long Water Puppetry som kjem til Førde, vart etablert i Hanoi i 1969. Sidan 90-talet har vassdokketeater vorte meir og meir populært i Vietnam - og ikkje minst internasjonalt. Thang Long Water Puppetry har turnert i 40 land, og har årleg meir enn 500 framsyningar, og eit publikumstal på 150000. I samarbeid med Vietnams ambassade i Oslo, og Vietnam Ministry of Culture, Sports and Tourism. Vassdokketeaterframsyninga under Førdefestivalen skjer på Langebrutorget i Førde sentrum. Teaterbassenget, med tribune og scene vert bygd på staden, men det meste av utstyret er frakta heilt frå Vietnam til Førde! Etter den 30 minuttar lange framsyninga, vert publikum invitert til å sjå nærare på dokkene og korleis dei vert handtert av dokkeførarane.

TORSDAG 2. JULI kl. 16.00 Thang Long Water Puppetry Langebrutorget, Førde sentrum FREDAG 3. JULI kl. 10.30 Thang Long Water Puppetry Langebrutorget, Førde sentrum LAURDAG 4. JULI kl. 12.30 Thang Long Water Puppetry Langebrutorget, Førde sentrum

55


NOMADIC VOICES Sardinia, Mongolia CUNCORDU E TENORE DE OROSEI & TS. TSOGTGEREL og N. GANZORING Nomadic Voices er møtet mellom vakker fleirstemt tenorsong frå det barske og vakre fjellandskapet på Sardinia og inderleg strupesong frå dei endelause steppene i Mongolia. Det er også møtet mellom to eldgamle musikktradisjonar. Tenorsongen frå fjella på Sardinia var ein del av gjetarkulturen langt tilbake i tida. Og her, i fjellheimen, er songtradisjonen framleis i live. Langt borte frå desse fjella ligg Gobi-Altai-steppene, der Altaifjella møter den enorme Gobiørkenen. I følgje gamle segn var det her overtonesongen, Khoomii (strupehovud), oppstod. Strupesongen er akkompagnert av ulike typar hestehovud-feler (morin-khuur og khiil-khuur). Denne songstilen er på mange måtar ein metafor for Mongolia: Fjellandskapet, dei enorme steppene, den barske naturen, dei gallopperande hestane og vinden sine kviskringar i graset. Overraskande nok viser det seg at desse to musikktradisjonane også har ein felles munnharpetradisjon.

Gian Domenico Appeddu Tonino Carta Piero Pala Massimo Roych Mario Siotto Tsogtgerel Tserendavaa Ganzorig Nergui

LAURDAG 4. JULI kl. 13.00 706 moh: NOMADIC VOICES Hafstadfjellet kl. 20.30 - 22.00 Festival Galla Idrettshallen, Førdehuset SØNDAG 5. JULI kl. 13.00 NOMADIC VOICES Takterrassen, Sogn og Fjordane Kunstmuseum

«Nomadic Voices viser rikdomen i to vokaltradisjonar som strekker seg omtrent like langt tilbake i tid; ei tid då folk enno visste korleis det var å leve i pakt med naturen.» Alain Weber

56


Foto: Susy Ninni

Nomadic Voices is the meeting between the harsh beauty of the Sardinian mountains and the vast steppes through the polyphony of the Tenores and Khoomii overtone chants. Within the confines of the sacred and the profane, somewhere between liturgy and peasant celebrations, these voices resonate in the heights of Sardinian mountains. Surprisingly, in the heart of these two traditions, we find the instrument known as the guimbarde or Jew’s harp, an instrument familiar to nomadic shepherds all over the world.

57


SVER Norge, Sverige Norsk-svensk powerband

“It´s a party, flying through the Norwegian mountains. It´s brilliant and powerful.” Rootszone

Karane i SVER leverer ein musikalsk skål til festen, jentene, musikken og livet! Frå folkemusikken si skattkiste hentar dei fram den eine energiske slåtten etter den andre, og meislar dei ut i sitt eige kraftfulle musikalske språk. Dei er høgt elska av festivalpublikum både i Skandinavia og store deler av Europa, og med musikk som appellerer både til bunad og skinnjakker, gjev dei seg i kast med kvar einaste konsert som om det var den siste. Det er ei god oppskrift for ei heftig festivalnatt! SVER sleppte si tredje plate, FRYD, i vår og gler seg til å stille på scena med flunkande nytt materiale!

Foto: Ingvil Ljones

Olav L Mjelva fele, hardingfele Anders Hall fele, bratsj Leif Ingvar Ranøien torader Adam Johansson gitar Jens Linell trommer

LAURDAG 4. JULI kl. 23.00 FESTIVALNATT Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

The overall aim for SVER is to give traditional music power, energy and playfulness. They present themselves as a powerband and they tend to play every gig as if it was their last one! Which is sometimes a good guarantee for the audience to expect something special. SVER released their third album, FRYD, in April this year. 58


Sarah-Jane Summers og Juhani Silvola Skottland, Finland Intimt, inspirert og intenst Sarah-Jane Summers er ein respektert tradisjonsberar frå Skottland med master i norsk folkemusikk og improvisasjon frå Norges Musikkhøgskole. Den musikalske stemma hennar er unik, og Summers er med i fleire ensemble og med fleire musikarar: RANT, Elin Kåven, Ingrid Håvik og trioen Mala Fama. Juhani Silvola er ein ettertrakta gitarist og produsent, som mellom anna har spelt med Erlend Viken Trio, Adjagas, Highasakite, Earlybird Stringband og Elin Kåven. Hausten 2013 gav Summers og Silvola ut eit felles album. Plata fekk strålande kritikkar, og kom mellom anna på Top of the World-lista i det anerkjende magasinet Songlines. Musikken deira byggjer for det meste på tradisjonen frå det skotske høglandet, men omfattar også eigne låtar. Duoen har ei open og improvisatorisk tilnærming, med både fele og gitar i solistrolla. Dei får fram ei intim stemning, der musikken blir som ein samtale med både lette og meir alvorlege parti. Som duo får dei fram alle klangmessige og uttrykksmessige sider ved instrumenta sine, og gjennom kreative arrangement og tett samspel skaper dei intense musikkopplevingar for publikum. Sarah-Jane Summers fele, hardingfele, Juhani Silvola gitar Not your average duo, Sarah-Jane Summers and Juhani Silvola lift you from the ordinary everyday to a captivating world of spacious, meditative soundscapes and driving rhythms strongly rooted in Sarah-Jane’s traditional Highland Scottish background.

LAURDAG 4. JULI kl. 17.30 Tonar & Tapas | Hjarterommet, Sentrum Sør, Førde SØNDAG 5. JULI kl. 17.00 Sarah-Jane Summers & Juhani Silvola | Fjordamattunet, Vassenden 59


TORSDAG 2. JULI kl. 19.30 Opningskonsert: World ConneXions | Idrettshallen, Førdehuset FREDAG 3. JULI kl. 10.00 Familiekurs: Noreum Machi | Førde Barneskule LAURDAG 4. JULI kl. 15.00 Noreum Machi | Storsalen, Førdehuset SØNDAG 5. JULI kl. 13.00 Familiedag i Førdehuset 60


NOREUM MACHI Korea Fargerikt og spektakulært frå Korea Noreum Machi er for tida det mest kjende folkemusikkbandet frå Korea. Det som starta i 1993 med eit ønskje om å skape ein ny og moderne kombinasjon av koreansk folkesong og høgintensiv perkusjon, har vorte krona med suksess både i heimlandet og internasjonalt. Instrumenta dei brukar er tradisjonelle trommer (janggu, jing, buk and kkaaenggwari) og essensen i framsyningane er musikalitet og kreativitet. I botnen litt tradisjonsmusikken, men Noreum Machi lagar også eigne komposisjonar. Dei ulike elementa vert sydde saman til ein heilskap som gjev publikum gåsehud same kvar i verda dei er. Noreum Machi, tyder forresten «den som ingen vågar å følgje», så dei har lagt lista høgt! Til no har suksessen ført dei på turné til rundt 30 land og resultert i mange inspirerande møte med nye kulturar og tradisjonar. Førdefestivalen er stolt over å presentere Noreum Machi på norsk jord for første gong, og vi gler oss til ei framsyning som er like fargerik som den er spektakulær! I samarbeid med Korean Arts Management Service (KAMS)

Norem Machi, currently the most widely recognized Korean traditional music band in Korea, was founded in 1993. They bring together traditional singing and enchanting powerful percussion, mixed with musical and creative activities. Ever since their first performance, Noreum Machi has continued to carve out their own path nationally and internationally. So far they have performed in almost 30 countries and they keep developing musical skills and enjoying meeting with people from all over the world.

Juhong KIM perkusjon, vokal Taeho KIM perkusjon Youngjun KIM fløyte Howon LEE perkusjon Hyunju OH perkusjon

61


Ulrika Bodén med Ahlberg, Ek & Roswall

Ulrika Bodén song, autoharpe, herjedalspipe Emma Ahlberg fele Daniel Ek harpegitar Niklas Roswall moraharpe, nyckelharpe

Ulrika Bodén er ein allsidig songar, musikar og låtskrivar som har eit særleg stort hjarte for viser frå Ångermansland. Ho er ein av dei leiande folkesongarane i Sverige, og til Førde har ho invitert med nokre av favorittmusikarane sine, trioen Ahlberg, Ek & Roswall (AER). Dei er kjende for glitrande samspel, fantasifulle arrangement og eit stort og variert repertoar. Med innslag av både pop og barokk, får dei musikken til å svinge skikkeleg. På festivalen får du ein miks av Ulrika Bodén og AER sine repertoar, og faktisk også par viser spesielt for oss. Du vil nok merke at dette er fire musikarar som elskar å spele i lag!

Foto: Olla Melkerhed

Svensk folkemusikk av beste slaget

Ulrika Bodén has her roots in Helgum and the songs of Ångermanland lie close to her heart. With her expressive style of singing she is regarded as one of Sweden’s foremost folk singers, and is engaged as both soloist and with her bands in Sweden and abroad. In Førde she plays with some of her favorite musicians Ahlberg, Ek & Roswall.

ONSDAG 1. JULI kl. 20:00 Ulrika Bodén med Ahlberg, Ek & Roswall | Blomsterhagen restaurant, Florø TORSDAG 2. JULI kl. 14.20 Blåtur på sykkel – Ulrika Bodén med Ahlberg, Ek & Roswall | Hemmeleg stad, Førde sentrum FREDAG 3. JULI kl. 21.00 Columbi Egg | Restaurant Hugleik, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

62


LAURDAG 4. JULI kl. 16.30 Møt artisten: N’dima Utstillingssalen, Førdehuset - Førdehuset Kl. 20.30 Folkemusikkgalla Idrettshallen, Førdehuset SØNDAG 5. JULI kl. 11.30 Ndima | Teatersalen, Førdehuset

The show Moaka ne ndima , is a journey in the depths of the equatorial forest. Ndima invites the public to make a dive in the history in the discovery of the aka man and of it’s musical heritage that is nowadays endangered. The performance is also the discovery of the voices of aka pygmies and mainly the complex vocal techniques such as the counterpoint and the yodel. Richard Ekoumé perkusjon, vokal | Sorel Eta perkusjon Michel Kossi perkusjon, harpe, dans | Dopo Koudzedze perkusjon | Emilie Koulé dans, vokal | Olivier Manialé fløyte, harpe, perkusjon, vokal | Nadège Motambo vokal, dans

Ndima Republikken Kongo (Brazaville) Song, dans og musikk frå den rike aka-kulturen Ndima tyder skog på akaspråket. Gruppa vart etablert i 2003 som ledd i ein «redningsaksjon» for musikkog dansetradisjonane blant akafolket, eit av pygméfolka nord i Republikken Kongo. Gjennom framsyninga Moaka na ndima, («Mennesket og skogen»), får du eit historisk tilbakeblikk og eit gløtt inn i ein kultur som fram til nyleg vart ignorert og i ferd med å forsvinne. Musikarane, dansarane og songarane i Ndima tek oss med til eit folk med fargerike og rituelle dansetradisjonar, med musikkinstrument som også blir brukte på jakt – og med songtradisjonar, ikkje minst, som er både utfordrande og overraskande. Akafolket er særleg kjende for si fleirstemte jodling, som vert framført med imponerande vokalteknikk og stemmeprakt. Dette er eit spennande møte for heile familien! 63


LINDA GYTRI TRIO Norge, Finland Nyskapande trekkspelmusikk med friske vindpust og melankolsk ettertanke er Linda Gytri sitt varemerke. Ho teiknar musikalske landskap der du svevar av garde: Lyrisk, sensitivt, varmt og virtoust – og alltid med ein folkemusikalsk grunntone. Etter solid suksess med soloplata Umbra i 2012 har ho no fått følgje av den finske pianolegenda Timo Alakotila (JPP, Nordik Tree, Maria Kalaniemi Ensemble) og bassist Anders Bitustøyl (Sigrid Moldestad Band, Morten Abel Band). Dei to har solid forankring i både nordisk folkemusikk, pop, reggae og finsk tango. Med utgangspunkt i Gytri sine komposisjonar, inviterer trioen publikum inn i ei musikalsk verd som både er leiken og drøymande, og som framfor alt byr på ei musikalsk kraft det er vanskeleg å motstå. Presse og publikum har omfamna trioen si første plate Audire frå første stund (audire tyder lytte på latin).

«Linda Gytri er ei av dei beste i Noreg i ein sjeldan kunstart: å la folkemusikken leve fint inni eit trekkspel. Springar, vals, bruremarsjar – alt friskt, organisk og med ettertrykk!» Gabriel Fliflet, Columbi Egg “Ei spesielt god plate, poetisk og gjennomtenkt. Med eit stort teknisk register, fine klangar og og dynamikk som får musikken til å bølge framover” Kjetil Bjørgan, NRK Lyrical, sensitive, warm and with great virtuosity – Linda Gytri from Oldedalen, Norway, is an unique accordionist and composer, playing folk music and own tunes that touches your heart directly. She invites her audience into new landscapes of music, with quiet places for melancholy quickly changing to windfull polkas full of joy. Linda Gytri is awarded a two year scholarship from Arts Council Norway to work as a fulltime musician. She was Norwegian Champion of the accordion at early age, and has a master`s degree in folk music, studying with Maria Kalaniemi at Sibelius Academy, Finland, and Jon Faukstad in Norway.

64


Linda Gytri trekkspel Timo Alakotila piano Anders Bitustøyl kontrabass

Foto: Oddleiv Apneseth

FREDAG 3. JULI kl. 15.00 NRK Folkelutt Torgscena, Elvetorget LAURDAG 4. JULI kl. 12.00 Linda Gytri Trio Festsalen, Førdehuset kl. 23.00 Columbi Egg Restaurant Hugleik, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa 65 65


Basco Danmark Det skandinaviske folkroots-bandet Basco har på kort tid vorte eit fenomen alle legg merke til på den europeiske folkemusikkscena. Med smittande energi, stor virtuositet og kreativitet har Basco spelt seg inn i hjarta og hovuda på eit stort publikum i heile Europa. Musikken er variert og full av nyansar, og med driv og temperament. Dei teiknar eit svevande landskap, med delikate og skjøre detaljar – og samstundes med taktfast rytmekomp ved tradisjonell fottramping. To av utøvarane i Basco har dei siste åra henta prisar i Danmark Music Award: Ale Carr vart Årets artist i 2013, og Hal Parfitt-Murray, årets vokalist året før. Basco si siste plate, «The remarkable return of old man Basco» var foreslått til Nordic Music Prize, som første stringband gjennom tidene.

«Dazzling … Basco were definitely the weekend’s most popular discovery» The Scotsman, Orkney festival 2013

Irrepressible Scandinavian folk roots band Basco is fast becoming and a phenomenon on the European folk music scene. Whether performing as a quartet or with the Danish Radio Big Band, Bascos infectious energy, virtuosity and inventiveness have gained the hearts and minds of audiences from all over Europe.

LAURDAG 4. JULI kl. 11.45 Basco – Gratiskonsert! Torgscena, Elvetorget SØNDAG 5. JULI kl. 13.00 Familiesøndag | Førdehuset kl. 21.30 Basco | Festivalsalen, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

Anders Ringgaard Andersen trekkspel, trombone | Ale Carr sitter Hal Parfitt-Murray fele, viola, mandolin, vokal | Andreas Tophøj fele, viola 66


Susanne Lundeng Norge På reisa si frå folkedansar via spelekvinne til konsert- og plateartist, har Susanne Lundeng stadig henta fram igjen forholdet til sin nordnorske folkemusikktradisjon; ein tradisjon ho kanskje delvis har funne på sjølv, og ein tradisjon som har oppstått og vorte dyrka på heilt andre måtar i nord enn i sør. Musikken har vorte utveksla der det har vore folk – på fiske, på marknadar og på handelsreier. Kampen for å knyte seg til denne musikktradisjonen og med publikum, har, paradoksalt nok, til tider gjort henne einsam. Då trøystar ho seg med gamle slåttar og minna frå dei ho lærte dei av. I solokonserten «Nesten ikke helt som før» svingar Susanne mellom avslørande sjølvironi og brådjupt alvor. Det er ei forteljing om ein folkemusikksamlar driven av nordlandsk nasjonsbygging, men også om ein moderne artist som finn fram til si personlege stemme. “Nesten ikke helt som før” er ein samproduksjon mellom Riksscenen og Førdefestivalen. Susanne Lundeng is one of our most prominent musicians and has successfully renewed folk music without losing the heritage. Her artistic expression is rooted in the tradition from the north of Norway. As a girl she heard about the folk music veterans of Lofoten. She brought her fiddle and found them. They taught her and told her to play: Not like us, for we are old, they said. Do it your way! They gave her the freedom and the possibility to develop her own sound; at the same time, they expected her to carry the heritage onwards.

Foto: Ingvil Skeie Ljones

Susanne Lundeng fele | Gull Øzger regi, koreografi | Aslak Moe regi, dramaturgi | Ida Andersson lysdesign | Fritjof Lindemann lyddesign

FREDAG 3 JULI kl. 12.00 Susanne Lundeng: Nesten ikke helt som før | Teatersalen, Førdehuset LAURDAG 4. JULI kl. 20.30 Folkemusikkgalla | Idrettshallen, Førdehuset 67


ULLA PIRTTIJÄRVI & ULDA Finland Urgamal samisk musikk frå Finland Joik er ein av dei eldste musikalske uttrykksformene i Europa, og finst blant samar i Sverige, Norge og Finland. Når Ulla Pirttijärvi-Länsmann joikar ulven, eller gumpe som det heiter på hennar samiske dialekt, er det som du høyrer ulven ule og skjelle. Trioen står støtt i den samiske tradisjonen, men finn også plass til både instrument og impulsar frå andre stilar og kulturar. Uttrykket er lågmælt og poetisk, med ein sterk og inderleg nerve som fangar lyttaren inn frå første tone. Ulla Pirttijärvi-Länsman vaks opp i finske Lappland, med ei mor og ein onkel som joika. Alt i 20-årsalderen gav ho ut si første plate, der målet var å lære born meir om samisk kultur. Plata vann ei rekkje prisar, og vart også følgd opp med ei bok. Fire plater seinare har Ulla Pirttijärvi-Länsman markert seg som ein av våre største samiske utøvarar. Ulla Pirttijärvi-Länsman was raised with joik music and chanting. As a young child, Ulla listened to her mother and uncle sing stories to her. She is very involved promoting and preserving Sami culture. At 20, she released Honkonk Dohkka, an album full of songs aimed at children to teach them the Sami language and the Sami world experience. The album won the cultural prize given by the Sami Council. The CD was followed up by an accompanying book, published by the Sámi University College in Norway. Four albums later, Ulla Pirttijärvi-Länsman is one of the leading sami singers. Ulla Pirttijärvi-Länsman joik, perkusjon Marko Jouste gitar, mandolin, oud, perkusjon Mikko Vanhasalo bassklarinett, fløyter, perkusjon FREDAG 3. JULI kl. 21.00 Vocal ConneXions (Ulla Pirttijärvi-Länsman) | Førde Kyrkje LAURDAG 4. JULI kl. 20.30 Folkemusikkgalla (Ulla Pirttijärvi & Ulda) | Idrettshallen, Førdehuset SØNDAG 5. JULI kl. 12.00 Ulla Pirttijärvi & Ulda | Rytne gard, Bygstad 68


Foto: Vidar Herre

LAURDAG 4. JULI Kl. 15.00 Benedicte Maurseth & Knut Hamre: Å vera ingenting Haarklousalen, Førde kulturskule

Benedicte Maurseth & Knut Hamre Norge Eleven og læremeisteren Som liten gut kakka Knut Hamre på dørene til alle naboane. Han stod utanfor med felekassen i handa. Han berre måtte spele for seg sjølv og for andre. Sidan den gong har livet hans handla om å spele hardingfele og å lære spel vidare til nye generasjonar. Knut Hamre (f. 1952) frå Granvin i Hardanger er rekna for å vere ein av dei fremste utøvarane på hardingfele i dag. Han er ein felepoet og ein felemeister.

Benedicte Maurseth began study of the hardanger fiddle at the age og eight under Knut Hamre, one of the foremost hardanger fiddle players in Norway. After 24 years of playing with him, Maurseth realizes that all their talks about art, music, life and friendship were as important as the playing. This is the background for her publishing a biographical account of her long time instructor; “Å vera ingenting. Samtalar med spelemannen Knut Hamre” (To be nothing. Talks with the fiddler Knut Hamre.) in 2014. Benedicte Maurseth hardingfele Knut Hamre hardingfele

Benedicte Maurseth har i 24 år samanhengande vore elev hos Hamre og er i dag ein framifrå og velkjend felespelar med fleire plateutgjevingar bak seg. Når ho ser attende, er det samtalane med Knut Hamre som har vore det viktigaste i opplæringa hennar. Desse samtalane om kunst, dikting, medkjensle og mystikk skreiv Benedicte Maurseth ned, og i 2014 kom dei ut i bokform med tittelen: Å vera ingenting – Samtalar med spelemannen Knut Hamre. 69


Foto: Ketil Jakobsen

Sandum Trio Norge

Sandum Trio is a new trio on the music scene in Norway, although the three musicians are all well known from other ensembles and also as soloists for many years. They already released their first album, named after the trio, which was nominated for the Norwegian Grammy in 2015. Sandum Trio simply loves to make people dance.

Dansemusikk rett frå hjartet! Trioen er fersk, men dei har alt spelt inn si første plate, Sandum Trio, som vart Spelemann-nominert i 2015! Ikkje rart, for dette er musikarar som kvar for seg og i andre konstellasjonar har lange folkemusikk- og gamaldansmerittar. Med ny glød leverer dei tre dyktige musikarane tradisjonsmusikk frå Ottadalen og Trøndelag i friske og elegante arrangement tilpassa gamle instrument. Dei er også glade i å lage eigne låtar, som sjølvsagt får plass i repertoaret. Sandum Trio er ekstremt glade i å spele til dans og publikum elskar å danse når desse tre dreg i gang sin glade gamaldansmusikk. Øyvind Sandum torader, einrader | Rikke van Ommeren torader | Ronny Kjøsen trøorgel, melodica, harmonium

TORSDAG 2. JULI kl. 21.30 Dansen går i Førdehuset | Festsalen, Førdehuset FREDAG 3. JULI kl. 21.00 Columbi Egg | Restaurant Hugleik, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa 70


Ole og Knut Aastad Bråten Norge

PLAT ESLE

PP

Ole og Knut Aastad Bråten (f. 1976) kjem frå Valdres og har spelt langeleik sidan dei var 16 år gamle. Med kvar sin kongepokal og ti sigraar (til saman) i klassen for langeleik på Landskappleiken, i tillegg til konsertar og kappleiksspel landet rundt, har dei to vore med på løfte fram langeleikmusikken i Norge dei siste 20 åra. No har dei for aller første gong vore i studio som duo, og plata, som kjem ut på Ta:lik, vert sleppt på Førdefestivalen. Ole er konstituert direktør ved Valdresmusea og medlem av Rådet for folkemusikk og folkedans. Knut sat fleire år i redaktørstolen for Bladet Folkemusikk, før han vart redaktør i Syn og Segn. Dei deltek gjerne og ofte i det offentlege ordskiftet, men til Førde kjem dei først og fremst på grunn av sin store lidenskap - langeleiken!

Foto: Ingvil Skeie Ljones

Langeleikslidenskap

TORSDAG 2. JULI kl. 23.00 Sommarnatt på Jølster | Jølstramuseet, Vassenden FREDAG 3. JULI kl. 14.30 Møt artisten: Ole og Knut Aastad Bråten The twins Ole and Knut Aastad Bråten from Valdres share a deep interest in the Norwegian traditional instrument langeleik. For 20 years they have done a continuous work to preserve the langeleik traditions, and bring this particular instrument to a higher level. They are now releasing their first duo langeleik album “Til Ragna”, at the record company Ta:lik, and we are happy that they choose to have the release concert at the Førde festival. 71


Team GløsTøs Norge Kompromisslaust hardingfelespel med snert Team GløsTøs er studentspelemannslaget som vart etablert i Trondheim i 2014, og høgst sannsynleg det spelemannslaget som har norgesrekord i studiepoeng! Dei har eit 30-tals medlemmer frå det ganske land, og svært mange av dei blir å høyre – og sjå – på Førdefestivalen. Team GløsTøs har ei vedteken målsetjing om å spele best, sjå best ut og legge seg sist! Dei er kjende for knallhardt og kompromisslaust hardingfelespel og ser på seg sjølv som folkemusikken sitt svar på Satyricon, Atomic, Madonna og BerlinFilharmonien. På scena gjev dei alt for at publikum skal bli inspirerte til å danse og sveitte frå første bogestrøk. På kappleikar og i konkurransar hevdar dei seg stadig. I 2008 gjekk dei heil til topps Nordisk meisterskap i folkemusikk, og året etter vart dei nummer to. Andreplass vart det også i lagspel på Landskappleiken både i 2009, 2013 og 2014. Team Gløstøs har gjort furore på undergrunnscenene i Trøndelag, Sverige, Svalbard og dei fleste dalstrøka innafor – og no er dei meir enn klare til å gje jernet på festivalnatta laurdag kveld under Førdefestivalen.

Team GløsTøs was established as a fiddle group for students at the University of Trondheim in 2004, and has evolved to be one of the leading hardanger fiddle ensembles in Norway. With around 30 members coming from all over the country, the Team GløsTøs are young and energetic, and with their hardcore hardanger fiddle music, they love to make people dance all night long. What a perfect match they make for the gig at the FESTIVALNATT on the Saturday night at the Førde festival!

72


LAURDAG 4. JULI kl. 23.00 FESTIVALNATT Team GløsTøs, SVER, Paulo Flores, Khaira Arby Barthold Bar og Festivalsalen, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

73 73


Talent 2015 Iran, Armenia, Norge Internasjonalt talentprogram Talentprosjektet er eit samarbeid mellom Førdefestivalen og Rikskonsertane, med støtte frå Utanriksdepartementet. Kvart år samlast unge talentfulle musikarar frå Norge og to andre land til to vekeslange verkstadar. Den første verkstaden skjer i samband med Førdefestivalen, den andre i eitt av dei andre landa som er representerte i prosjektet. Med talentprosjektet ønskjer festivalen å gje unge musikarar høve til å utvikle seg sjølv i møtet med andre musikktradisjonar.

Malin Victoria Alander

Golnoush Salehi

Firoozeh Raeesdana

The Harutyun Chqolyan Trio

Afarin Nazari Selma French Bolstad Hans P. Kjorstad I ÅR KJEM TALENT-DELTAKARANE FRÅ IRAN, ARMENIA OG NORGE: Deltakarane frå Iran er Afarin Nazari (ghanoon), Firoozeh Raeesdana (vokal) og Golnoush Salehi (tar) Frå Armenia kjem The Harutyun Chqolyan Trio med Harutyun Chqolyan (duduk), Monica Nazaryan (vokal), og Albert Ordinyan (dhol) Norske deltakarar er Malin Victoria Alander (vokal) frå Sandane, Hans P. Kjorstad (fele) frå Sør-Fron og Selma French Bolstad (fele) frå Ås. 74


Foto: Hallgrim Øiestad

Kunstnarlege leiarar for Talent 2015:

Mahsa Vahdat, har songutdanning frå persiske meistrar og studiar ved universtitet i Teheran. I Norge samarbeider ho med Kirkelig Kulturverksted og har arbeidd med SKRUK og Tord Gustavsen. Ho har også arbeidd med den amerikanske soulartisten Mighty Sam McClain. Sidan 2007 har Mahsa Vahdat vore ambassadør for Freemuse, ein internasjonal organisasjon som kjempar for ytringsfridom for musikarar, komponistar og artistar. I 2010 vart ho tildelt Freemuse sin årlege pris.

TORSDAG 2. JULI kl. 19.30 Opningskonsert: World ConneXions! | Idrettshallen, Førdehuset kl. 23.00 Sommarnatt på Jølster – Talent 2015 | Jølstramuseet, Vassenden LAURDAG 4. JULI kl. 18.30 Talent 2015 Teatersalen, Førdehuset SØNDAG 5.JULI kl. 11.00 Festivalgudsteneste Førde kyrkje

Foto: Oddleiv Apneseth

Andreas Skeie Ljones, folkemusikar og kreativ kulturentreprenør frå Lillehammer med mange jarn i elden. I dag driv han dansekompaniet Villniss saman med Silje Onstad Hålien, og Vicomte, eit selskap i skjeringspunktet mellom kultur og næring. Andreas var den første som tok diplomeksamen i hardingfele på Musikkhøgskulen. Han spelar òg i ensemblet Majorstuen.

The talent project gathers young talented musicians from three different countries for a week long workshop and concerts at the Førde festival. The participants of Talent 2015 comes from Iran, Armenia and Norway, and the project is managed by Mahsa Vahdat and Andreas S. Ljones. The talent project is a joint project between the Førde festival and Concert Norway, and happens for the 21st time. 75 75


INTRO-folk – Semifinale I Fredag 3. juli kl. 13.30 | Haarklousalen, Førde kulturskule «INTRO-folk — årets unge folkemusikar» er eit lanseringsprogram for unge norske og samiske folkemusikarar. I Førde møtest to sterke feleduoar til dyst: Brødrene Hans P. og Rasmus Kjorstad utfordrar Bjørn Kåre Odde og Sivert Holmen. Vinnaren kjem til finalen under Folkelarm 2015. I samarbeid med FolkOrg.

76


HANS P. OG RASMUS KJORSTAD I ein alder av 18 og 21 år har brødrene alt markert seg godt på den norske folkemusikkscena. Hans er student ved Norges Musikkhøgskule, medan Rasmus går siste året musikklinja ved Vinstra vgs, før også han satsar vidare på NMH. Duoen vann i mars ”Ung på Torsdag-spesial” på Riksscenen, og har innkassert både stipend frå Furestiftinga og Drømmestipendet, saman med fleire gode resultat frå landskappleiken. Gjennom improvisasjon, dynamikk og variasjon, har dei som mål å legge fleire fasettar til folkemusikken – og slik kanskje opne den for nytt publikum.

BJØRN KÅRE ODDE OG SIVERT HOLMEN Dei to har spelt saman sidan dei begge studerte på Norges Musikkhøgskole. Hovudrepertoaret består i å utforske lyden av hardingfele og vanleg fele i samspel, og møtet mellom tradisjonsmusikk frå Valdres og Gudbrandsdalen. Begge er opptekne av godt tradisjonsspel frå sine distrikt, men samstundes freistar dei å sprenge grenser for kva som er mogleg å gjere med denne instrumentkombinasjonen. Dei har ei frisk og ungdommeleg framtoning med eit variert repertoar som spenner frå suggererande laus-slåttar til lyriske lyarslåttar.

Organisasjon for folkemusikk og folkedans

“INTRO-folk - the young folk musician of the year” is a national competition and program to launch young Norwegian and Sami folk musicians. The semifinalists all show musicianship at a high level, most of them recently graduated from higher folk music education. Three finalists will be chosen on three different festivals this summer; the Førde festival is followed by Kalottspel and Nordsjøfestivalen. The finals will be held on Folkelarm in September. INTRO-folk is arranged by FolkOrg - The Norwegian Traditional Music and Dance Association in cooperation with the festivals.

77


Danse, sa fela! - Silje Onstad Hålien og Nina Fjeldet Norge Friske hallingspark og saftig felespel! Danse, sa fela er ei eventyrleg reise inn i huldrefolket sitt rike. Ei lita jente blir sett på prøve når ho blir bergteken inn i fjellet. Kan fuglar, hestar og ormar hjelpe ho? Med kløkt, spenst og listige krumspring prøvar ho å fri seg frå sjølvaste bergekongen. Framsyninga er eit eventyr med moderne og tidlause referansar, med musikk og rørsler henta frå folkemusikk og folkedans. Gjennom framsyninga vert også publikum inkludert i den spennande og engasjerande historia. Framsyninga passar for heile familien og born frå 3 til 10 år. Silje Onstad Hålien frå Vang i Valdres er utdannna frå Den Norske Ballethøyskole og Dance New Amsterdam i New York. Ho er kjent frå dansekompania Frikar og Villniss, og frå framsyningar på Hordaland Teater, Västanå Teater og Det Norske Teatret, både som dansar og koreograf. I 2014 hadde ho premiere på si eiga soloframsyning! Nina Fjeldet frå Gausdal er felespelar utdanna frå Ole Bull Akademiet og Høgskulen i Telemark. Ho speler i eliteklassa på landskappleiken, er mykje brukt som kurshaldar og til undervisning, og spelar i den skotsknorske gruppa As The Crow Flies.

Danse, sa fela! (Dance, said the fiddle!) is a performance for children about a little girl who is taken and hidden in the mountain. With strong imagination and fantasy she tries to get away from the “bergekongen” (the mountain king). Silje Onstad Hålien is a dancer and choreographer. She’s known from the dance companies FRIKAR and Villniss and her own solo performances. Nina Fjeldet is a freelance fiddler and teacher, with a playful and energetic way of performing.

78


LAURDAG 4. JULI kl.14.00 Danse, sa fela! | Festsalen, Førdehuset 79


Foto: Almenningen

ONSDAG 1. JULI kl. 18.00 Røysekattrumpa og dei knisande geitene | Ut på tur, aldri sur – overnattingstur Sunnfjord Museum, Movika TORSDAG 2. JULI kl. 08.30 Morgonstund har gull i munn Sunnfjord Museum, Movika 80


Synnøve S. Bjørset & Elin Grytting Norge Barnekonsertar med humor og oververkelege vesen I konserten «Røysekattrumpa og dei knisande geitene» tek Synnøve S. Bjørset og Elin Grytting deg med på ei eventyrleg og oververkeleg reise med rim, regler, songar og slåttar frå Sogn og Fjordane si rikhaldige folkemusikalske skattekiste. Møt hanen Skrikomgal, pusen som ville ta med sine små døtre til Danmark, reven som fekk ein pissemaur på pinteren (kva er ein pinter, eigentleg?), grisen som vart åleine på isen, og ekornet som sat i enga og song. Og truleg blir det også halling for febersjuke mus som ventar på kakao, reinlender for brækande sauer, og ein ekte plukkfisk-springar! Synnøve S. Bjørset er rekna blant våre aller fremste utøvarar og tolkarar på hardangerfele i dag. Med uvanleg kraft og sjel, presenterer ho eit smakfullt, melodisk utval av ukjende slåttar saman med nytolkingar av kjent materiale. Fleire plater har det blitt, og Synnøve S. Bjørset er også fast medlem i Majorstuen. I dag er ho tilsett som fylkesmusikar i Sogn og Fjordane. Elin Grytting flytta frå Bærum til Nordfjord i 1976. Ho er folkesongar og musikkpedagog, og har tileigna seg grundig kjennskap til folkesongar og dansetradisjonar i Sogn og Fjordane. Denne har ho flittig formidla vidare som fylkesmusikar i fylket (frå 1989) og gjennom frivillig arbeid. Grytting er heidra med Kulturprisen i Gloppen og Folkemusikkprisen i fylket.

Synnøve S. Bjørset ranks among the foremost performers and interpreters of traditional Hardanger fiddle music today. She has released a number of albums, and also performs regularly with Majorstuen. Elin Grytting is a folk singer and a song teacher, known for her continuous work in order to preserve the local song traditions in our region. 81


DJ Darius Darek Polen, Tyskland Dans, dans, dans! Darius Darek serverer både afrobeat, bollywoodmusikk, cumbia, raggea, balkanbeat, latino ska, mestizo og polka. Han er levande oppteken av å finne nye måtar å formidle musikk på. I dag er han leiar i organisasjonen “Taxi MunDJal MusiX” og han har vore ein pådrivar i etableringa av «Global Club Music Network” – i november 2014 opna han kulturbåten Township i Bonn, ein kulturarena for både konsertar, disco og film. Han har også fått UNESCO-godkjenning under “UNESCO Convention on the Protection and Promotion of the Diversity of Cultural Expressions”. Det betyr at arbeidet hans som DJ er med på å oppretthalde mangfaldet i verdas kulturuttrykk!! Darius Darek (PL/DE) is producer, DJ and host of “World Beat Party”, “Gramophone Vibez ElectroSwingParty” and “Silent Party” in Bonn, Germany. He is also artistic director & head of “Taxi MunDJal MusiX” and Co-founder of “Global Club Music Network”, and he is the director of Township in Bonn.

FREDAG 3. JULI kl. 18.00 Kurs: World Music DJ | Skrivarløa kl. 23.00 KELTISK KVELD - DANÚ, Fiddlers’ Bid, DJ Darius Darek | Festplassen LAURDAG 4.JULI kl. 23.00 Festivalnatt | Scandic Sunnfjord Hotel & Spa SØNDAG 5. JULI kl. 22.30 Basco + DJ Darius Darek Festivalsalen - Scandic Sunnfjord Hotel & Spa 82


Foto: Eivind Kassin

Andreas Bjørkås fele Knut Håvard Bjørkås fele Ole Morten Blankenborg kontrabass Even Røhjell trekkspel Kåre Vennevik gitar

Bjørkås Kvintett Norge Norges beste runddansmusikk! Felespelaren Andreas Bjørkås, som har gjeve namn til kvintetten, har Oppdalstradisjonen som sitt spesialfelt og har tunge merittar som felespelar. Andreas Bjørkås kan opplevast i mange format: Solo, duo, trio – og altså kvintett. Og uansett format, leverer han kvalitetsmusikk med stor respekt for tradisjonar. I fjor tok han kvintetten sin til topp i gruppespelet på Landsfestivalen i gammaldans, og nettopp denne bragden er det som har ført Norges beste runddansspelemenn til Førde. Førdefestivalen har nemleg ein samarbeidsavtale med FolkOrg som gjer at vinnaren av denne klassa får speleoppdrag på festivalen året etter. Bjørkås Kvintett loves to make people dance. They won the “Landsfestivalen”, the Norwegian championship for traditional dance music, in 2014, and as a consequence they are invited to play at the festival in Førde the consecutive year. Their repertoire origins from the area around Oppdal, in the middle of Norway. FREDAG 3. JULI kl. 21.00 Dansen går i Førdehuset | Festsalen, Førdehuset LAURDAG 4. JULI kl. 22.30 Dansen går i Førdehuset | Festsalen, Førdehuset

83


Indre Sunnfjord Spelemannslag Norge Indre Sunnfjord Spelemannslag har gjennom mange år markert seg som eitt av landets aller fremste spelemannslag, og driv aktivt med konsertar og dansespel. På merittlista står ei rekkje kappleikssigrar, og laget kan dessutan skilte med eit omfattande rekrutteringsarbeid innan spel og dans. Blant medlemmene er det fleire framståande solistar og grupper som har markert seg både lokalt og internasjonalt. Musikalsk leiar: Ingrid Heieren These two local “spelemannslag” represents two generations of local musicians. The founders of the Indre Sunnfjord Spelemannslag was indeed also involved in the initiation of the Førde festival itself in the late 80-ties. The Firda Spelemannslag was established one year ago,by young music students at the Firda high school. FREDAG 3. JULI kl. 21.00 Dansen går 84


Firda Spelemannslag Norge Deler av dette unge spelemannslaget møttest første gong på Mokurset (sommarkurs i regi av Sogn og Fjordane Folkemusikklag) – og deretter som elevar på musikklinja ved Firda vidaregåande skule på Sandane, sjølve «utklekkingsfabrikken» for musikktalent i Sogn og Fjordane. Etter huskonsert på skulen, og deretter fylkeskappleik, har det gått slag i slag. Med frisk spelestil både i slåtteval og arrangement ønskjer dei å bringe noko nytt og ungdommeleg inn i folkemusikken. I løpet av kort tid har dei blitt lagt merke til både i og utanfor folkemusikkmiljøet i heimfylket.

Mathilde Skjæret hardingfele | Ragnhild Bjørkum Vassbotn hardingfele | Ingrid Nedrebø hardingfele | Emil Horstad trekkspel | Henning Lad gitar, vokal Anders Vassli Brekke trekkspel | Gina-Agathe Takle Tytingvåg kontrabass

i Førdehuset | Festsalen, Førdehuset 85


Konferansierar og vertar SIGRID MOLDESTAD – KONFERANSIER PÅ OPNINGSKONSERTEN WORLD CONNEXIONS Ho er ein stolt bærar av den norske folkemusikktradisjonen, men nølar ikkje med bringe både fornying og humor inn i musikken. Desse kvalitetane gjorde henne til Årets folkemusikar i 2010, og til ein av våre mest etterspurde folkemusikarar. Sigrid skal leie oss trygt gjennom opningskonserten World ConneXions, som også vert å sjå på NRK TV laurdag 4. juli.

SJUR HJELTNES – KONFERANSIER PÅ FESTIVALGALLA Sjur er klassisk pianist og seriøs komikar frå Voss. Heilt frå dei ytterste skjær til kongens slott har han kome med sine særeigne tankar frå pianokrakken. Han har spelt det meste mellom Deep Purple og Fartein Valen og vore kapellmester, skodespelar og komikar i alt frå revy til samtidsteater. Frå 2003 til 2010 spelte han med Nordic Tenors og i 2006 vann dei komiprisen ilag. Har for tida suksess i tospann med Linda Eide, også ho frå Voss.

HANS JAKOB REITE – GUIDE PÅ BLÅTUR PÅ SYKKEL, TORSDAG 2. JULI: Hans Jakob Reite (f.56) flytta til Førde i 1987. Han er Førdeentusiast og har sete i bystyret i to periodar. Han har vore leiande i Førderevyen og drive eige kulturfirma i mange år. Han har guida i Førde som «Grøn mann» med vandreteatret «Førde, du Fagre!» Han har god kunnskap om Førde og likar å fortelje på ein humoristisk og levande måte.

86

Foto: Christin Eidie

She is a proud caretaker of Norwegian folk music, but does not hesitate to bring innovation and humor into her music. These qualities made her Folk Musician of the Year in 2010, and she is by far one of Norway’s most requested folk music artists.


Kurshaldarar Mau Kobri har dansa frå barnsbein av og meistrar ei rekkje danseartar; frå tradisjonsdansar frå heimlandet Elfenbeinskysten til salsa, bachata, kizomba og semba. Han har lært av store dansarar som Mestre Petchu og Vanessa Pura Ginga. No bur han i Stockholm der han har etablert sin eigen danseskule. Mau Kobri er kjend for å vere ein velskulert dansar og ein karismatisk danseinstruktør. Mau skal ha sembakurs som går over to dagar, og i tillegg har han eit kort introduksjonskurs i forkant av Festivalnatt, laurdag kveld på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa.

FREDAG 3. JULI kl. 09.30-11.30 Sembakurs, dag 1 LAURDAG 4. JULI kl. 11.30-13.30 Sembakurs, dag 2 LAURDAG 4. JULI kl. 22.15-23.00 Sembakurs – nybyrjar*

Foto: Knut Utler

*Gratis for deg med billett til Festivalnatt

Bjørnar Slåtten og Inger Furevik kjem frå det rike dansemiljøet i Jølster, der dei har vore med sidan dei starta i barneleikarring. Opp gjennom åra har dei gjort det skarpt på kappleikar både lokalt og nasjonalt. Bjørnar og Inger er også ofte å sjå på danseoppvisningar i samband med konsertar og framsyningar av ulike slag. Parhalling er som namnet seier ein pardans, med tradisjon frå Sunnfjord. Den går i todelt takt slik som den meir kjende solodansen halling, og høyrer med til dei eldste tradisjonsdansane i Norge. På Austlandet har den ein slektning i dansen gangar. Parhalling er ein frisk og artig dans, med stor fridom for variasjon og improvisasjon.

TORSDAG 2. JULI kl. 18.00-19.00 Lynkurs i parhalling. Gratis. | Prøvesalen, Førdehuset 87


Festivalfilm

Timbuktu Onsdag 1. juli og søndag 5. juli kl. 18.00 | Lisjesalen, Førdehuset

Fransk/mauritansk drama. 1t. 40 min. 15 år, eigna for ungdom/vaksne. Kåra til Årets Film i 2014 av franske filmkritikarar. Nominert til Oscar for Beste utanlandske film. Timbuktu er ei viktig påminning om at den radikale islam sitt største offer er andre muslimar. B.T (6) Korleis er det å måtte leve i ein by og eit land der militante fundamentalistar har teke over styringa? Det er viktig å sjå ein film som denne, som på ein stillferdig og vakker måte skildrar korleis kvardagslivet til folk – og særleg kvardagen i gjetaren Kidane sin familie – endrar seg brutalt når deler av landet Mali vert overteke av religiøse og hykleriske fanatikarar med sine mange forbod. Filmen, som vann to prisar under filmfestivalen i Cannes i 2014, byr på sterke scener, men er først og fremst ei varm og menneskeleg skildring av livet i ein landsby. Du får sjå vakker natur – og menneske som kjempar i opposisjon mot grufulle handlingar som vert utførte i Guds namn. I samarbeid med Kino Førde. 88


Internasjonal bokkafé Foto: Ingvil Skeie Ljones

Utstillingssalen, Førdehuset

Fredag 3. juli kl. 14.30 i den internasjonale bokkafée møter du Knut og Ole Aastad Bråten som slepper langeleikplata «Til Ragna» under festivalen. Ta med deg kaffikoppen, finn deg ei god bok og slapp av mellom konsertar og aktivitetar på festivalen. Vi har leita fram bøker som høver med temaet på festivalen og andre som kan vere aktuelle. Nokre av bøkene er også til sals. Bokkaféen er også arena for MØT ARTISTEN-serien, der du blir betre kjend med nokre av årets festivalartistar. Sjå oversikt på omslagsside. Fri entré. Bokkaféen er eit samarbeid med Førde Bibliotek.

89


Foto: Knut Utler

Stiftinga Førde Internasjonale Folkemusikkfestival Stiftingsmedlemmer: Sogn og Fjordane fylkeskommune, Førde kommune, Førde ungdomslag, FolkOrg, Indre Sunnfjord Spelemannslag, Sogn og Fjordane Folkemusikklag og Førde industri og næringsamskipnad.

Styre: Kristin Hille Valla (styreleiar), Ivar Svensøy (nestleiar), Arild Herstad, Mari Andrea Ness, Trude Skarvatun, Dagfrid Vallestad Brevik og Arne M. Sølvberg.

Administrasjon: Hilde Bjørkum (direktør), Torill Faleide (kommunikasjonssjef), Lene Grande (økonomi- og adm.sjef), Sølvi Lien (arrangementssjef), Fride Hareide Haugen (kontormedarbeidar), Ingebjørg Nomeland (produsent) og Ingrid Heieren (festivalmedarbeidar).

Illustrasjonar: Piotr Pucylo. Ansvarleg redaktør: Hilde Bjørkum. I redaksjonen: Torill Faleide 90


Foto: Arve Ullebø

Opplevingar for livet i Førde! Førdefestivalen er den største festivalen i Skandinavia for akustisk tradisjons- og verdsmusikk. Festivalen starta i 1990, og går over fem dagar i veke 27 kvart år. I 2005 vart festivalen knutepunktfestival. HKH Mette-Marit er festivalen sin høge beskyttar. Sidan 2010 har Førdefestivalen stått på det internasjonale musikkmagasinet Songlines si eksklusive liste over dei 25 beste verdsmusikkfestivalane i verda. I mai 2014 var Førdefestivalen einaste norske festival på The Guardian si 10-på topp liste over europeiske småbyfestivalar.

FESTIVAL FOR HEILE FAMILIEN Festivalen tilbyr eit variert program med konsertar, kurs, utstillingar, barneaktivitetar og turar. Kulturhuset Førdehuset er hovudarena, men vi samarbeider også med andre kulturinstitusjonar, hotell, museum og kyrkje. Frå i alt 30 arenaer tilbyr vi rundt 90 arrangement på 5 dagar.

FØRDEFESTIVALEN SOM HEILSÅRSARRANGØR FolkJazzScena er festivalen sin konsertserie for folkemusikk, jazz og folkjazz. I alt 8-10 arrangement rundt i fylket. I november kvart år står Bornas Verdsdagar Førde på programmet; ein gratis familiefestival med verkstadar og aktivitetar for små og store. Festivalen arrangerer også seminar og møteplassar for arrangørar og nettverk på kulturfeltet, åleine eller i samarbeid med andre. 91


Vi takkar våre gode sponsorar og samarbeidspartar!

Barnas Turlag Førde, Bary as, Bellis Blomster, Bergens Tidende, Blomsterhagen Restaurant, Bondens Marked Førde, Byggmakker Bruland, Fjordamattunet, FjordKysten, Førde Kulturskule, Førde Kyrkje, Hellenes as, Hellevang Kontorsystemer as, Hjarterommet, Jølstramuseet, Kokkenes Mesterlaug Sogn og Fjordane, Kontorsenteret, Lotteri- og stiftingstilsynet, Magne Hafstad as, Mokurset, Naustdal Dampbakeri, Norkring, Nærleiken Barnehage, Rotary Førde, Rytne Gard, Sognefjord.net, Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Sunnfjord Museum, SNU, United World College, Vieåsen Barnehage, Øren Hotel

92


Organisasjon for folkemusikk og folkedans

HANDELSHUSET FĂ˜RDE

93


Foto: D. Reiakvam

NRK FolkeLutt Fredag 3. juli kl. 15.00 | Torgscena Velkomen til den aller første FolkeLutt-konserten. Her får du høyre dei beste etablerte folkemusikarane frå fylket, saman med nokre av talenta som bankar på. På plakaten står Linda Gytri Trio, Unni Løvlid, Gro Marie Svidal og Firda Spelemannslag. Konserten er gratis for publikum, og blir sendt direkte både i radio og på nett-tv. Bli med og skap stemning når Stian Sjursen Takle og hans kollegaer inntek Torgscena saman med våre flotte folkemusikarar. – Målet med Luttkonsertane er å vise fram kor mange fantastiske musikarar frå Sogn og Fjordane som finst, fortel Sjursen Takle i NRK Sogn og Fjordane, som i år får gleda av å direktesende konsertar både frå Førdefestivalen, Norsk Country Treff og Malakoff.

94


Verda kjem til Førde! Som stolte sponsorar for Førdefestivalen, ønskjer vi arrangørane lukke til med den 26. festivalen. Ta med deg heile familien på flotte festivalopplevingar 1.-5. juli i Førde! Vi gler oss!

95


5 dagar 30 arenaer 300 artistar 96

fordefestival.no


Festivalkart

8

1 - Førdehuset – hovudarena og billettkontor Idrettshallen | Teatersalen | Foajéen | Storsalen | Uteamfiet | Kunstsalen | Festsalen | Utstillingssalen | Lisjesalen

Andre scener: 2 Festplassen

8 Hjarterommet

13 Fjordmattunet

3 Førde Kyrkje

9 Sogn og Fjordane kunstmuseum

14 Rytne Gard

4 Førde Barneskule (kurs)

10 Torgscena

15 Klokkargarden, Fjaler

5 Haarklousalen, Førde Kulturskule

11 Sunnfjord Museum

16 Hafstadfjellet

6 Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

12 Jølstramuseet

17 Hunsrasta

7 Rådhuset / Langebrutorget 97


Følg Førdefestivalen på Facebook, Instagram og Twitter.

Gro Marie Svidal

Informasjon NYTT! Last ned gratis Førdefestival-APP! BILLETTSAL på Billettservice.no, tlf. 815 33 133 og hos Narvesen og 7-Eleven. Spørsmål om billettar og program: tlf. 46 90 50 10 og info@fordefestival.no NB! Fullstendig billettinformasjon på fordefestival.no FESTIVALPASS Vaksen kr 910 Ungdom/Student (14-20 år/stud.) kr 440 Leg.plikt. Barn (u/14 år) kr 190 Festivalpass gjev fritt tilgjenge (unummererte plassar) til dei 4 store konsertane i Idrettshallen inkl. dansearrangement og utekonserten på Festplassen 4.juli, samt rabatt på alle andre konsertar og kurs. Unntak: Smaken av Marokko (torsdag), Rajery Trio (fredag), Tonar & Tapas (laurdag). Ungdom/student betaler kr 50 pr. konsert ved kjøp av festivalpass. Billettpris for born er kr 50 pr konsert, uavhengig av festivalpass. • Passhaldarar må ringe Billettservice tlf 815 33133 for kjøp av rabattbillettar, eller kjøpe direkte på Narvesen eller 7-Eleven ved framsyning av festivalpassbillett. • Kjøpt festivalpassbillett må bytast i armband på billettkontoret i Førdehuset, og er personleg. • Vis gyldig legitimasjon/studentkort ved kjøp av Ungdom/Studentpass. • Alle billettprisar er inkludert serviceavgift. • Kjøpte billettar vert ikkje refunderte. 98 • Festivalen aksepterer følgjekort.

NB! Flytting av arrangement pga regn, vert bestemt om morgonen same dag, og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på billettkontor og arenaer. PLASSBILLETTAR I IDRETTSHALLEN, FØRDEHUSET Passhaldarar må reservere plassbillettar på tlf. 46 90 50 10 eller epost: billettar@fordefestival.no Tilleggspris for plassbillett på golvplan felt A, B og C kr 40,-. Unummererte plassar på tribuner og galleri. Alle andre konsertarenaer har unummererte plassar. NB! Med atterhald om feil og endringar.

BILLETTKONTORET I FØRDEHUSET: Opningstider 29. juni - 5. juli: Måndag - tysdag: 09.00 - 20.00 Onsdag: 09.00 - 22.00 Torsdag - laurdag: 09.00 - 24.00 Søndag: 10.00 - 18.00 Ting billettar på tlf.: 46 90 50 10


Musikk i sentrum Torgscena ved Elvetorget er staden for den som vil ha smakebitar av eit omfattande festivalprogram. Alle minikonsertane er gratis, og her er ein oversikt over kva artistar som spelar når.

BASCO

Laurdag 4. juli kl. 11.00 er du velkomen på gratis konsert med det skandinaviske folkrootsbandet BASCO. Velkomen! Dersom dårleg vêr gjer at vi må avlyse festivalparaden laurdag morgon, blir det minikonsertar på Torgscena frå laurdag 4. juli kl. 10.30.

ONSDAG 1. juli 16.00-16.10 Torgscena FRIKAR

TORSDAG 2. juli 11.00-11.15

Torgscena

Ulrika Bodén

11.15-11.30

Torgscena

Giorgos Xylouris ensemble

11.30-11.45

Torgscena

Fiddler’s Bid

FREDAG 3. juli

15.00-16.00

Torgscena

NRK Folkelutt

LAURDAG 4. juli

LAST NED GRATIS FESTIVALAPP!

08.30

Festplassen

11.00

Torgscena Basco

Janusz Prusinowski kompania 99


Ole og Knut Aastad Bråten

Ndima

Foredrag og Møt artisten Festivalen inviterer til korte temaforedrag og samtalar med nokre utvalde festivalartistar. Dette er gratis, og du er velkomen til å ta med deg noko forfriskande frå kafeen. Stad: Utstillingssalen, Førdehuset Fredag 3.juli 11.00-11.30 Bjørn Aksdal: Ekstra resonans: Understrengsfeler som fenomen. 14.30-14.55 Møt Ole og Knut Aastad Bråten 17.30-17.55 Gerard Kurdjian: The Sacred Musics of the World as medium of intercultural dialogue. Laurdag 4.juli 12.30-13.00 Jamie Trancoso: The kathak flamenco connection 16.30-16.55 Møt Ndima Bjørn Aksdal

100

Gerard Kurdjian


DJ Darius Darek

Mau Kobri (semba)

Noreum Machi

Ioannis Zacharioudakis

Paulo Flores

Festivalkurs Torsdag 2. juli

Fredag 3. juli

Laurdag 4. juli

15:30-17:00 Gresk dans - Kreta. Instruktør: Ioannis Zacharioudakis 2 dagars. 500/350*

09:30-11:30 Sembakurs, 2 dagars. Instruktør: Mau Kobri 500/350*

11:30-13:30 Sembakurs (forts)

10:00-12:00 Gresk dans - Kreta (forts) 16:00-17:30 Gokarma Yoga med Hallgrim Hansegård 300/200* 18:00-19:00 Lynkurs parhalling. Instruktørar: Inger Furevik og Bjørnar Slåtten. Prøvesalen, Førdehuset. Gratis

10:00-11:30 Familiekurs: Noreum Machi 100/50* 18:00-20:00 World music DJ-kurs for ungdom med DJ Darius Darek. Skrivarløa. Avgrensa tal plassar. Gratis

Informasjon * Pris med festivalpass. Påmelding og informasjon: fordefestival.no. F.o.m. måndag 29. juni skjer påmelding til Billettkontoret i Førdehuset, tlf. 46 90 50 10.

22:15-23:00 Sembakurs (nybyrjar) Gratis for publikum med billett til Festivalnatt

Søndag 5.- fredag 10. juli Mokurset: Meisterklasse og samspelkurs Instruktørar: Bjørn Kåre Odde og Øyvind Sandum. Påmelding og info: www.mokurset.no Støtta av Førdefestivalen.

101


Festivalpass-konsert er utheva med grønt

Morgonstund har gull i munn Førdekonferansen Musikk i sentrum BLÅTUR på sykkel: Ulrika Bodén m/Ahlberg, Ek og Roswall Thang Long Water Puppetry Giorgos Xylouris ensemble Opningskonsert: World ConneXions inkl dans Dansen går i Førdehuset Smaken av Marokko - med Driss el Maloumi Sommarnatt på Jølster

09.00-09.30 10.30-11.30 11.00-11.30 12.00-13.00 12.00-13.20 13.30-14.30 13.30-14.30 14.30-14.55 15.00-16.00 15.00-16.00 16.30-17.20

Morgonstund har gull i munn Thang Long Water Puppetry Bjørn Aksdal: Ekstra resonans: Understrengsfeler som fenomen Susanne Lundeng: “Nesten ikke helt som før” Lunsjkonsert med Rajery Trio INTRO-folk - årets unge folkemusikar | Semifinale 1 Catrin Finch & Seckou Keita Møt artisten: Ole og Knut Aastad Bråten Driss el Maloumi NRK Folkelutt VILLNISS - Årstidene

Fredag 3. juli

08.30-09.00 10.30-16.30 11.00-11.45 13.30-15.30 16.00-17.00 17.30-18.30 19.30-21.00 21.30-23.30 22.00-24.00 23.00-01.30

Fri entré *Påmelding Fri entré 240/140/50 220/130/50 220/130/50 330/ - /50 (unum) 160 450 290/170/50 Vieåsen bh, avd Tussero Fri entré Langebrutorget 220/130/50 Utstillingssalen, FH Fri entré Teatersalen, FH 220/130/50 Førde Rådhus 300/ born 150 inkl. lunsj Haarklousalen, FK 220/130/50 Festsalen, FH 220/130/50 Utstillingssalen, FH Fri entré Teatersalen, FH 220/130/50 Torgscena, Førde Torg Fri entré Storsalen, FH 240/140/50

Sunnfjord Museum Amfi Eikaas, SSH Torgscena, Førde Torg Førde sentrum Langebrutorget Festsalen, FH Idrettshallen, FH Festsalen, FH Hugleik, SSH Jølstramuseet

Torsdag 2. juli

Ord./Fpass/USpass, Barn

Nærleiken barnehage Fri entré Sunnfjord Museum 160/100/50 Lisjesalen, FH 95 (Resepsjonen FH) Festplassen Fri entré Blomsterhagen rest., Florø 220/130/50 Øren Hotel, Høyanger 220/130/50 Storsalen, FH 300/180/50

Morgonstund har gull i munn Ut på tur, aldri sur! Overnattingstur med Bornas Turlag Film: Timbuktu Opning av festivalutstilling Ulrika Bodén med Ahlberg, Ek og Roswall Giorgos Xylouris ensemble FRIKAR - GotoGuta

ARENA:

Pris m/ festivalpass Pris born og m/USpass

09.00-09.30 18.00 18.00-19.40 18.30-19.00 20.00-21.00 20.00-21.00 20.00-21.00

Pris ordinær konsertbillett

Slik les du prisane i guiden PRIS: 910 220/130/50 440 190

Gjennom samarbeidsavtalar med Den Norske Turistforening, Bergens Tidende, Firda og BOB tilbyr vi rabattar på festivalen. Info: fordefestival.no.

Rabattavtalar

Onsdag 1. juli

TID: FESTIVALPASS 1. - 5. juli Festivalpass vaksen 1. - 5. juli Ungdom / Studentpass 1. - 5. juli Festivalpass barn

Festivalguide

102


Gerard Kurdjian: The Sacred Musics of the World STRING ConneXions Natacha Atlas inkl dans Dansen går i Førdehuset Busstur med festivalguide frå Florø til Førde VOCAL ConneXions - Unni Løvlid med songarar Columbi Egg KELTISK KVELD - DANÚ og Fiddlers’ Bid Festivalfrukost Festivalparade BASCO Linda Gytri Trio Jamie Trancoso: The kathak - flamenco connection Thang Long Water Puppetry 706 moh: NOMADIC VOICES Dance ConneXions: Kathak - Flamenco Omvisning Kjartan Slettemark-utstilling Barneframsyning: Danse, sa fela! Benedicte Maurseth & Knut Hamre: Å vera ingenting Toto La Momposina Møt artisten: Ndima Noreum Machi Tonar & Tapas Janusz Prusinowski Kompania & Janusz Olejniezak Talent 2015 Festivalgalla inkl dans Dansen går i Førdehuset Columbi Egg Festivalnatt Festivalgudsteneste Ndima Ulla Pirttijärvi & Ulda Nomadic Voices Familiesøndag Otava Yo Sarah Jane Summers & Juhani Silvola Pilar Astola Flamencoensemble Film: Timbuktu BASCO

Fri entré 220/130/50 310 - /50 unum) 160 fordefestival.no 220/130/50 240/140/50 300/180/50

Førde kyrkje Fri entré Teatersalen, FH 220/130/50 Rytne gard, Bygstad 250/150/50 inkl. buss Sogn og Fj. Kunstmuseum 220/130/50 Førdehuset Fri entré Idrettshallen, FH 310/ - /50x(unum) Fjordamattunet, Vassenden 250/150/50 inkl. buss UWC, Flekke 250/150/50 inkl. buss Lisjesalen, FH 95 (Resepsjonen FH) Festivalsalen, SSH 220/130/50

Festplassen Fri entré Førdehuset - Førde Torg Fri entré Torgscena, Førde Torg Fri entré Festsalen, FH 220/130/50 Utstillingssalen, FH Fri entré Langebrutorget 220/130/50 Hafstadfjellet 160/100/50 Teatersalen, FH 220/130/50 Sogn og Fj. Kunstmuseum Fri entré m/festivalpass Festsalen, FH 220/130/50 Haarklousalen, FK 220/130/50 Festplassen 310/ - /50 Utstillingssalen, FH Fri entré Storsalen, FH 240/140/50 Hjarterommet, Sentrum Sør 450 Festsalen, FH 220/130/50 Teatersalen, FH 220/130/50 Idrettshallen, FH 360/ - /50 (unum) Festsalen, FH 160 Hugleik, SSH 240/140/50 Scandic Sunnfjord Hotel 360/210/50

Utstillingssalen, FH Festsalen, FH Idrettshallen, FH Festsalen, FH Firda Billag, Florø Førde kyrkje Hugleik, SSH Festplassen

FH = Førdehuset, SSH = Scandic Sunnfjord Hotel, FK = Førde kulturskule Idrettshallen: Unummererte plassar på tribuner og galleri, tilleggspris for plassbillett på golvplan felt A, B og C kr 40,- *Påmelding Førdekonferansen - sjå fordefestival.no

11.00-12.30 11.30-12.30 12.00-13.30 13.00-14.00 13.00-14.30 15.00-16.00 17.00-19.00 18.00-19.00 18.00-19.40 21.30-22.30

Søndag 5. juli

08.30-10.00 10.30-11-00 11.00-11.45 12.00-13.00 12.30-13.00 12.30-13.30 13.00-13.30 13.30-14.30 14.00-14.30 14.00-14.40 15.00-16.00 15.00-16.00 16.30-16.55 17.00-18.00 17.30-19.30 18.30-19.30 18.30-19.30 20.30-22.00 22.30-01.00 23.00-01.00 23.00-02.30

Laurdag 4. juli

17.30-17.55 18.00-19.00 19.30-20.30 21.00-23.30 21.00 21.00-22.00 21.00-22.45 23.00-02.00

103


FOTO: BENT ARE IVERSEN / FIRDA MEDIA

MANGFALD. FARGERIKT. PULSERANDE SYNERGIAR. VI ER HER.

Trykk: Natvik

MANGFALD. FARGERIKT. PULSERANDE SYNERGIAR. VI ER HER. Vi har vært sponsor for Førdefestivalen sidan 2008. Vi køyrer på vidare. Sjåast på festival! spv.no / 05555

Neste års festivalGØY er 6. – 10. juli 2016

Design: GASTA gasta.no

GØY


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.