Hodlekvemagasinet vinter-vår 2020

Page 1

Vinter/VĂĽr 2020

www.sogndalskisenter.no


Sogndal Skisenter Hodlekve

Sogndal Skisenter Drift er eit ideelt aksjeselskap. Alt overskot skal dermed førast attende til føremålet. Ein kan sjå på SSD som motoren i utviklingsprosjektet. Medan Sognefjord Utvikling står for hyttesalget, er det SSD som skal levera aktivitetstilboda i området. Synergien i prosjektet for lokalbefolkninga er stor. I utbyggingsfasen er det mange som har sitt arbeid i området, og når hyttene er klare vil butikkane i Sogndal få nye kundar.

Hodlekvemagasinet

2

Lokalbefolkninga har allereie merka at aktivitetstilbudet i området aukar år for år, både vinter og sommar. Utviklinga i Hodlekve er eit resultat av politisk vilje og støtte frå lokalt næringsliv! Når me no utviklar Hodlekve vidare gjer me dette fordi det gir gode synergiar for fleire. HODLEKVEMAGASINET Utgjevar:

Sogndal Skisenter Drift as Fosshaugane Campus Trolladalen 30, 6856 Sogndal

Opplag:

14.000

Redaksjonelt:

Håvard Nesbø: havard@hodlekve.no

Framside:

Andrea Mo Dalatun på Høgehaug, ein april ettermiddag

Annonsar:

Svein Olav Haugen: soh@hodlekve.no

Layout og trykk: Ingvald Husabø Prenteverk as

Jao oss faor du innmaten te hyttao di. Kjøkenutstyr, glas, servise, møblar m.m.

AMFI Sogningen • tlf.: 57 67 18 80 • www.traktoren.no

FAKTA Sogndal Skisenter Drift Organisasjonsnummer: 980886174 Eigarar – eigarfordeling: Sogndal Skisenter Eigedom AS, 65,4% (Sogndal kommune, Sogndal Idrettslag og bygdafolk m. fl.) Sognefjorden Utvikling AS 34,6% Styringsform: Aksjeselskap. Rekneskapsførar: Loftesnes Rekneskap AS Revisor: Deloitte AS Tilsette: 3,5 heilårstilsette 22 sesongtilsette Administrasjon: Dagleg leiar - Per Odd Grevsnes Driftsleiar - Kim André Navarsete Utviklingsleiar Håvard Nesbø Marknadsleiar - Svein Olav Haugen Tal skitrekk: 2 T-krok 1 Poma (lys) 2 Poma barnetrekk (lys) Langrennsløyper 10 km + 5 km 3 km lysløype


Valeberg, 6854 Kaupanger

SOGNDAL

3

Trykksaker • Reklame • Profilering Foto • Lerret • Folie • PVC

Ta kontakt for konkurransedyktige prisar. Me har fokus på ekstra tett oppfølgjing og rask levering. Profilering og synlegheit er viktig. Me kjem gjerne på besøk hjå di verksemd for og saman finne dei beste løysingane for deg. Spør oss om råd neste gong du skal profilera deg, me bryr oss. Me er Svanemerka trykkeri! Ingvald Husabø Prenteverk AS | Riverdalen 5, 6863 Leikanger | Tlf. 57 65 60 05 | Mail: post@ihp.no

Maxitaxi: 951 02 660

Malin Catering - til alle anledningar Bestill catering frå Restauranthuset Malin til bryllaup, konfirmasjon, blåtur, møtemat eller ein hyggeleg fest heime. Vi leverer catering både til bedrift og privat.

FIBERNETT på hytta, heime og arbeid Heimekontor, underhaldning, smart straumstyring eller berre ekstra komfort med godt internett på hytta? Fritidsbustadane i hyttefeltet Hodlekve/Rindabotn har tilbod om å kople seg til eit veletablert fibernett frå Sognenett, klart for dagens og framtidas behov. Etablering: 11.990,- inkl. fibermodem Internett 30/30 Mbit/s: 349,-/mnd. Fri databruk. Avtaletid: 12 mnd. frå oppkopling.

Sjå våre catering-menyar på www.restauranthusetmalin.no/catering Kontakt oss for meir informasjon:

sognenett.no | sal@sognenett.no | 9519 2222

Hodlekvemagasinet

BILVASK • MAT • STORKIOSK

Campus Fosshaugane Trolladalen 30, 6856 Sogndal Telefon: 57 67 16 19


Fjellføraren fortel:

Sogndalsdalen på vårpa eit skikkelige Kindereg Hodlekvemagasinet

4

N

år sola kryp høgre og høgre på himmelen, natta gjev oss vinter, mens dagane gjev oss ei kjensle av sumar, då stig Sogndalsdalen fram med det beste den har å by på. Laussnø i nord og mjuk fin soltint snø i sør. Men det gjeld å vera lur og vita korleis ein best kan nyta det best. Dette er også tida for dei lengre turane i og rundt dalen. Overgangsturar, gjerne kombinasjonsturar, fleire fjell på same dag. Kun fantasi, dugleik og den fysiske forma til den enkelte set grenser i denne årstida. Snødekket går også mot ei viss form for stabilisering. Dette er den tida der «førefallet» skjer. I tidlegare tider gjekk ein ikkje på langtur på ski før etter førefallet. Men, ein skal vera obs. på at det er stor forskjell på snødekke i sommarlege syd, og vinterlege nord. Snødekket i nordsidene vil framleis ha «full vinter» i snølaget, dvs. lagdelt vintersnø, sjølv om sørsidene er meir gjennomfukta og homogeniserte. Ein må både ha vinter- og vårtankar med seg med tanke på skred og lagdelinga i snøen. Sjekk alltid varsom.no og les kva skredproblemet er for det aktuelle området ein skal ut i. Det gjeld å forsyna seg grovt her, gjerne med fleire rettar. Kva med lausnø til forrett og ein skikkelig sløsjfest til middag. Ein tur som vil gje deg dette, er Frudalshesten til Vetlebotnen. Opp igjen til Steindalseggi, ned mot 1384 og ned i sør mot Haugabotnen og ut Anestølen. Du kan gjerne nytta to bilar. Ein ved Frudalsparkeringa og ein ved parkeringa til Anestølen. Denne turen går i terreng over 30 grader, so sjekk brattheitskartet på varsom.no under turplanlegginga. Ein skikkelig langtur som sikkert vil kjennast godt i beina. Ein flott langtur i sola er Torstadnakken. Ein velkjent klassikar.

Gå her frå Svedal via Grøssete. Ta ein kaffi på DNThytta før du går vidare slakt mot 1328 og vidare mot Toppen avTorstadnakken. Her kan du no peika skia dine rett sørover no i bollen som ledar deg ned til Myllobotnen. Ta på fellene igjen og gå opp på Kvamshalsen før du endeleg slepper deg ned til Svedal igjen. For dei som likar bratt køyring er det også mykje flott å køyre ned mot Yngsdalen og ta returen over Tverrdalen tilbake til Svedal. Men, her er det bratt, so ver trygg på forholda. Ein overgangstur som og kan gjerast på denne tida er Rindabotnen-Synnevaskjer-Myrdalsbreenn, ned Ryssebotnen til Øvre Rommedal og ekstratur opp på Romhesten, kjendisfjellet ved Fjærlandsfjorden. Etter nytinga av skibakken ned frå Romhesten kan ein velja å gå til Lidal og bli plukka opp med båt her etter avtale, for vidare transport, eller gå opp att Ryssebotnen og kanskje få seg eit «pudderrun» ned Brealægdene og ut Gunvordalen. Når ein først er i Fjærland, bør ein også nemna fjell som Skredfjellet frå Berge, Jordalsnipa frå Homrane og klassikeren Melsnipa frå Jordal, alle veldig flotte skifjell der og utsikta er i verdsklasse. Melsnipa krev ein del snø i området frå dalbotn til Trollabotnen, då det er ein del skog her som gjer det krevande å gå med ski om det ikkje er eit snørikt år. Snakk med bonden i Jordalen, før de legg innover dalen. Han er superhyggeleg og har full kontroll på dalen sin. Eg kunne sikkert ramsa opp eit ti-tals turar og ruter til, men vil heller råda folk til å bruka kartet og dei dagsaktuelle veirmeldingane for området, for å finna dei beste turane for akkurat sin skitur. Hugs å utnytta solinnstrålingane i sør og hugs at varme dagar ofte gjev knallhard og trøblete skare tidleg på morgonen. Og, er ein ikkje heilt ferdig med vinteren, so er det berre å setja skituppane ned ei nordside, der ventar lausnøen. Go tur! – Sigurd –


årparten, egg! Aprildag på Meneseggji over Vetlefjorden

5 Hodlekvemagasinet

Øystein Uglum Henjum leitar etter linjer ned frå Lammanipa

I Sogn bur den tettaste samlinga av internasjonalt godkjende tinderettleiarar i Noreg. Gjennom NORTIND har dei alle minimum tre år med utdanning innan ferdsel i høgfjellet. Det er alltid lurt å nytta ein tinderettleiar om ein ikkje er godt kjent i eit område, eller vil læra meir om ferdsel. Ein fjellførar er også ein glimrande turkompis som har mykje kunnskap å dela undervegs.

Sigurd Nordeide-Felde i djupsnøen dar han likar seg best

Sigurd Felde, Sander Buene og Gjert Grødal er kjende fjellførarar i Sogndal. Også selskapa Norgesguidene, Breogfjell har mykje fjellføring i Sogn. Tekst: Sigurd Felde Foto: Håvard Nesbø


Frå Barcelona til Timblalodgen Hodlekvemagasinet

6

Midt på mørkaste vinteren – i januar – tok 14 skigjester frå Barcelona inn i Timblalodgen i Hodlekve. Den særprega hytta har innlosjert gjester frå heile 32 land det første driftsåret! Gjester lokalt frå Sogn, Florø/ Førde-regionen og Noreg ellers er også hyppige i gjesteboka. «Me søkte på nettet etter ein romsleg og komfortabel plass å bu, med god utsikt og særpreg - Dessuten var tilgangen på skiaktivitetar viktig», seier 3-barnsfar Marcos Roig. Opphaldet i Timblalodgen og vintereldoradoet Sogndalsdalen innfridde forventningane til familien frå Katalonia til fulle. Familien på 5 beskriv seg som ein «reisande» familie, som dei fortel om i blogg og sosiale media. Det å oppleva andre kulturar ser vi på

Foto: Timblalodgen

som ein viktig del av utdanninga til borna, fortel mor Sandra Roig. På turen til Noreg i januar hadde dei med 2 venefamiliar frå Spania. Timblalodgen, som stod ferdig i april 2019, kan notera seg for eit godt første driftsår seier dagleg leiar Svein Ove Bergseth. Besøkjande frå heile 32 nasjonalitetar på eit knapt år slår alle forventningar. Det tyder på at lodgestilen, kombinert med stilig interiør, er noko som treffer marknaden. Særleg samarbeidet med møbelprodusenten Timbla på Kaupanger fell i smak hjå gjestene. Timbla har levert handlaga bord, som i storformat rommar 24 gjester. Dessuten er baderomma utrusta på ein svært smakfull og lun måte med møblar frå same leverandør. Samarbeidet er ein plussfaktor i marknadsføringa. Dei kvalitetsbevisste gjestene leitar etter ei slik hytte som skil seg ut.

Atmosfæren, fasilitetane og interiøret er dei beste kvalitetane ved Timblalodgen, seier Sandra Roig. Med god utsikt til Bleia (1730 meter over havet) på sørsida av Sognefjorden, fann gjestene roen i hytta. Løysinga med ekstra breie glaskarmar er populære sitjeplassar. Der kan ein nyte panoramautsikt og slappe av etter gode dagar i friluft. Gjestene frå Barcelona fekk jamvel oppleva ein skikkeleg snøstorm i Hodlekve i januar, noko som ga inneopplevinga ekstra kvalitetar. Vi berre elska den stormen, sier Marcos! Sogndal sentrum var også ei positiv oppleving, sjølv i januar, seier dei. Reisefølget frå Barcelona fekk ikkje berre prøvd seg i skitrekket i Rindabotn. Dei fann ei ny favorittøving på ski: for første gong fekk me testa langrenn, seier Marcos. Det var i følgje familiefaren frå


Hodlekvemagasinet

7 Foto: Håvard Nesbø Katalonia «amazing», lysløypene i Hodlekve var prima. Hytta som er «ski-in ski-out» ligg rett i traseen mellom Rindabotn og Hodlekve. Den yngste sonen i familien er avhengig av rullestol. Det var inga hindring, verken ved tilgang til hytta, i Rindabotn eller i området ellers. Inne i hytta var x-boxen særleg velkommen blant dei yngste på Noregs-ferie. Timblalodgen byr på opplevingar over eit breitt spekter gjennom heile året. Hytta som er delt inn i 3 einingar, inklusive annekset, gir stor fleksibiliet på leige. Familiar på 4 kan leiga annekset. Store grupper på 26 kan leige heile anlegget. Hovudhytta kan delast i 2, med plass til rundt 10-12 i kvar etasje. Hytta er såleis egna for ski-/

fjellferie, vene- og familietreff, feiring av bursdagar, julebord og kurs/møteverksemd. Det er etablert samarbeid med lokalmatverksemda Ellevilt som tilbyr kortreist meny av høg kvalitet. Timblalodgen samarbeider også med Breogfjell. Fjellførarane lokalt plassert i Sogndal tilbyr sine gjester aktivitetar i heile fjordregionen, sommar og vinter. Kort veg til brear og Jotunheimen er gode kvalitetar, også for kresne fjellfolk. Laussnøkøyring i Hodlekve-området er blitt ei merkevare. Dei spanske gjestene på 14 frå Barcelona er no forlengst tilbake til livet i storbyen. Vi kjem garantert tilbake til Timblalodgen og Sogndal, seier Marc. Hodlekve om vinteren er magisk med det låge

Foto: Privat lyset og dei korte dagane. Dei har alt anbefalt Timblalodgen for familie og vener. Ei sommarreise til attraktive fjord-Noreg står også på planen. Då er rolege Hodlekve ein like fin base, som dei meir trafikkerte områda ved fjorden. Besøkstala til Timblalodgen sist sommar – då flesteparten av dei 32 nasjonalitetane leigde seg inn - er ein av mange indikatorar på at Hodlekve også sommarstid har ei spennande framtid! Booking av Timblalodgen kan du gjere her: www.timblalodgen.no Tekst: Inge Kjell Holme

Foto: Privat


Sogndal Skisenter

Hodlekvemagasinet

8

2022 - 2027

U

tviklinga i Hodlekveområdet er spanande. Det er ikkje lett å vera konkret når det gjeld rekkefølgja på dei store prosjekta som ein har planar om inn i dei neste fem åra. Det er mange faktorar som spelar inn i høve tidsaksen på når ein kan setja i gang eit nytt prosjekt.

Pengar

Finansiering er sjølvsagt heilt sentralt, men og reguleringsplanar og områdeplanar er viktige grunnar for at ein av og til må snu fokus frå prosjekt til prosjekt. – Nett no handlar det mellom anna om ein stor områdeplan for heile området. I denne planen ligg td . vassmagasin og «Kambatrekket». Først når denne planen er på plass kan me gå i gang med byggesøknadar på desse prosjekta, seier Per Odd Grevsnes, dagleg leiar i SSD.

Regional aktør

Aktiviteten i Hodlekve er alt ein viktig næringsaktør i regionen. Det blir investert store summar kvart år, og det er mange som har jobben sin heile året rundt Sogndal Skisenter Hodlekve. Midt i dette samarbeidet av næringsaktørar står Sogndal Skisenter Drift AS. (SSD) Eit selskap som er styrt av folket gjennom at Sogndal kommune, lag og foreiningar eig 2/3 delar av selskapet. Selskapet har og ideell formålsparagraf. – Sogndal skisenter drift AS skal vera motoren i utviklinga av aktivitetstilbodet i Hodlekve. Framover vil me tenkje like mykje sommar som vinter. Det skal handla om å utvikla gang og sykkelstiar og aktivitetstilbod for liten og stor. Me ynskjer at heile bygda skal kunna ta i bruk området heile året. Dei næraste åra vil dette handla om å laga fleire universielt utforma vegar og stiar som ein kan nytta i all slags vær.

Stabil drift

Hodlekve er ein snøsikker stad, men ein ser at

sesongen gjerne kunne ha byrja før. Med utsikter til eit varmare klima, har ein også ynskje om å få på plass eit kunstsnø-anlegg, seier Grevsnes. – For å få dette til må me ha vatn, dermed ynskjer me oss eit bruddkjærn som me kan etablere i området mellom toppen av Rindabotn-trekket og toppen av Kalvavatni-trekket. Eit kunstsnø anlegg vil truleg bli det neste store løftet for oss og saman med lysanlegg som då bør komma på plass samstundes, skyv dette planane om eit trekk til Kambafjellet eit hakk ned. Me ynskjer endå meir stabil og trygg drift på plass før neste steg høgre oppe i fjellet. Utbyggingstakt er styrt av av tilgang på finasiering. Ein god vinter med godt salg gir større musklar til å ta tak i nye prosjekt. Samstundes er ein avhengig av andre næringsaktørar i området , dersom ein skal kunna lukkast med å utvikla Hodlekve til eit anlegg både hytteeigarar og lokalbefolkning kan vere stolte av.

Hand i hand

Sognefjorden Utvikling AS er det selskapet som sel tomter og som også er ein viktig aktør kring utbygginga av skisenteret og det som utanfor sjølve skianlegget blir kalla Sogndal Fjellandsby. – Me er no igang med å utvikla sentrumsdelen i anlegget. Her er det spanade planar som vert jobba med. Kanskje får me eit sportel i området i løpet av denne perioden. Ein betre infrastruktur og «skjulte parkeringsplassar». Utvida restaurant og aktivitetstilbod. Hyttesalet genererer sjølvsagt også midlar inn til skisenteret. Alt heng liksom i hop. Dette er prosessar som går paralellt med utviklinga av sjølve skianlegget. Der er mange planar om ei flott framtid for Sogndal Skisenter og Sogndal Fjellandsby. Me må ha eit visst nivå på det me har og driv med, før me tek neste. Me har alle lært å gå ein gang. Men me må ta eit steg om gangen, avsluttar Grevsnes.


STORT UTVALG & GODE PRISER til hus og hytte

Velkommen til oss på Kaupanger! 3000 m2 med møbler og interiør i alle prisklasser og stiler. Vi kan innrede hytta for deg! Ta med tegninger eller mål, så kan vi hjelpe deg med å få det akkurat slik du kunne tenke deg!

SOGN Kaupanger – Tlf. 57 67 74 40 ÅPENT 10-19 (16)

Hodlekvemagasinet

9


«Naturleg best» ikkje berre ein floskel D

Hodlekvemagasinet

10

et har vore ein traurig oppstart for mange skianlegg i år. Spesielt vestlandet har vore hardt råka av mildvêr og lite nedbør som snø denne sesongen.

på grunn av at det byrjar og bli eit heilheitleg aktivitetstilbod der noko skjer heile tida, mest kvar helg. I tillegg gjer Dalalåven til at ein no har ein flott plass og varma seg og få seg ein kopp kaffi.

Sjølv i snøsikre Sogndal Skisenter har ein fått sin dose regn, når det har stått på som verst. Men heldigvis her har det også kome mykje snø imellom.

Landsbyen

Planeringa redda

Sogndal Skisenter har som eit av særs få anlegg hatt ope kontinuerleg sidan desember. Og då som einaste anlegg utan kunstsnøproduksjon. – Me fekk snø nok i Rindabotn til å opna både Holentrekket og Toyotatrekket 13.des. Denne sesongen har me verkeleg fått merka verdien av det store planeringsprosjektet me hadde i Rindabotn sist sommar. Utan god grunnprepparering hadde me nok denne sesongen ikkje opna før i slutten av romjula, tidlegast. Ellers har drifta gått jamt og trutt, både i alpinnedfartar og langrenn/fjelløyper. Me er heldige som ligg så høgt som me gjer, og har breane på kvar vår side, forklarar dirftsleiar Kim Andre Navarsete.

God blanding

Navarsete trekkjer også fram viktige investeringar i utstyr og folk, som er med på å gjera drifta av skisenteret betre og sikrare. – Me har investert i ei ny trakkemaskin i år, som me alt no ser aukar kvaliteten på både resultat, tryggleik og arbeidsmiljø. Per no er me 22 timestilsette i Sogndal Skisenter, ei fin blanding mellom bygdafolk, studentar og litt andre som fungerar særs godt ilag, etter mi meining.

Første steg

At ein skal få samla mykje på ein plass med Dalalåven som kjerne, er ei målsetjing for å knyta aktivitetane betre saman. – Ellers ser eg at tankane mine om at dette er år ein, der me ser effekten av totalttilbodet i «Arena Rindabotn» stemmer på ein prikk. Me har i år hatt rekord i individuelle heisgjester og tilreisande. Eg ser at det byrjar og bli slik at det er meir jamt med folk uavhengig av vær og føre. Dette er nok

Sogndal Fjellandsby er hytteområdet rundt skisenteret. Siste steg ut er Rinden2 feltet. No er ein verkeleg komen høgt opp, og ein får for alvor stor utsikt. – Hyttefeltet Rinden 2 tok me over rett før jul av Flage Maskin på Voss. Dei har bygt ut infrastrukturen på dette feltet. Eit krevjande terreng og byggja i, men som vossingane har løyst på ein god måte. Noko som no gjer til at me har 31 nye hyttetomter til sals. Viktig for den vidare utviklinga, me byggjer steg for steg.

Anlegget for alle

Sjølv om dagane vinterstid går med til drift og preparering av løyper, så føregår det paralellt ein prosess og plan for framdrift lenger framme i tid. Ein må tenkje både ein og fleire sesongar fram i tid. Femårs planar, tiårs planar, til og med tjue år fram i tid. – Det er planar for framtida. Og først ut er sommaren som kjem. Den har me byrja og planlegga for lengst. Det blir bygjing av ny grøn løype frå toppen av Holentrekket. Traseen bli ca. 3 km lang, og skal ha ei hellingsgrad på 10-15%. Dette blir ei lågterskelløype som er meint for alle. Den løypa vert ca.15 meter brei. Eit stort prosjekt for oss, men veldig viktig, då me vil få tilrettelagt nedfartar tilpassa alle nivå. Me har endå fleire prosjekt, og det vert mykje vedlikehald og utbetring på eksisterande. Nok å hengja fingrane i, er vel greit å seia. At Sogndal Skisenter mest åleina som skianlegg har halde drifta igang på kun natursnø utan kunstsnøproduksjon tilseier at nemninga, Naturleg best på laussnø, ikkje berre er ein floskel. Det kjem nok snøanlegg i Rindabotn også. Enn så lenge er dei naturlege kvalitetane tilstades og dreg skisenteret inn i endå ein rekordsesong, mot alle odds.

: oto t/ F esbø s k N Te ard Håv


Hodlekvemagasinet

11


Privat og proffmarked

Hus og hytte

www.neumann.no

Me leverer alle typer

Hodlekvemagasinet

12

MATERIALE TIL HUS OG HYTTE

Me er hovudsamarbeidspartnar til

Me hjelpar deg med å finne rett peis! Vi har peiser frå Nordpeis og Jøtul.

Friske opp delajane, raskt og enkelt!

Om du har beslag som har sete på ei stund, må du først reingjere dei for at målinga skal Hugs at en skråskore pensel er feste best mogeleg. Hugs at du utmerkt for å måle hòla. Den får dei beste resultatane om skrå penselen gjer det lettare du målar to gonger! med rette linjer og minimerer riper. Om du har spegeldørar Me har måling frå Beckers, og og vil måle i to fargar, treng hjelper deg gjerne! du ikkje tape om du er litt stødig på handa.

Kontakt oss på

neumann.no/kaupanger

Me er proffens leverandør

Gode tenester, fokus på kunnskap, og gode relasjonar -da vert det bra!

Følg oss på Facebook

/Neumannkaupanger


Hus og hytte

www.neumann.no

13

Formåla kledning

Me introduserer RAW grunna eller måla panel med ferdig mellomstrøk. Og med 15 eller 20 års garanti på målinga! Grunnet panel,, Gran 19x148 D-fals, gml type 28gr.

15 års garanti Måla panel mellomstrøk,, Gran 19x148 D-fals, gml type 28gr. NCS S 0502-y. 20 års garanti Med kvalitetsprodukter går jobben fortare, og med topp resultat!

NEUMANN KAUPANGER Kloppenvegen 7 kaupanger@neumann.no tlf 57 67 75 20

Opningstid: Mandag - fredag kl. 06.30-16.00

Det du treng. Når du treng det.

Våre leveransar, frå tilbod til gjennomføring, skal vere oversynlege og komplette. Riktige produkter skal leverast til rett tid, og skape tryggleik og vere føreseieleg. Me gjer det me kan, så du kan gjere det du kan best!

Hodlekvemagasinet

Privat og proffmarked


Noregsmeister i kaker

Meny Sogndal har betjent kakedisk og sel lokale konditorbakte kaker. Ein kakedisk som har gjort butikken til Noregsmeister.

Nøgde kakemonsar i i Sogn – Me har eit svært godt samarbeid med konditorane «våre» på Eid. Vel halvparten av dei fleire tusen kakene me sel er bestillingsvarer, seier Sølvi Skartun Tuftene, som synest det kjekkaste er tilbakemeldingane frå kundane.

Hodlekvemagasinet

14

– Det er sjølvsagt kjekt å vera den butikken i Norgesgruppen som sel mest kaker. Men kontakten med kundane og tilbakemeldingane frå dei er uansett det som inspirerer oss mest, seier Sølvi, som inviterer både hyttefolk og fastbuande til kakedisken sin på AMFI Sogningen.

Sølvi Skartun Tuftene og Meny Sogndal er best i Norgesgruppen på kaker.

– Hyttekosen og helgekosen er sikra med ei kake bakt av lokale fagfolk. Og har du ei markering du ønskjer ei spesiell kake til så må du ta kontakt. Me hjelper gjerne.

Meny er butikken med det vetle ekstra. Ikkje berre i varesortiment, men også det personlege og engasjerte.

Husmannskost til under 100-lappen Go`biten kafe & konditori, av svært mange kalla Meny-kafeen, servere alt frå lefser og kaffi til gode rimelege middagsrettar. Det er her ein finn den gode møteplassen. Tradisjonsrik kafé betyr mykje for mange. – Dette er ein av dei eldste kafeane i Sogndal, og fast møteplass for mange. Nokon har faste tidspunkt dei møtest rundt ferske bakevarer, kaker og kaffi, medan det for andre er middagsplassen, forklarar Sølvi Skartun Tuftene. Vertskapet på Go`biten er dyktige fagfolk, med lang fartstid innanfor matfaget, som lagar middagen for deg på heimemåten og bakar ferske bakverk heile dagen.

– Her fiksar vi middagen for deg, seier Aina Merete Heggestad (t.v) og Sølvi Skartun Tuftene på Go`biten.


Sogndalsfjøra

www.havnen.no Telefon 908 27 344

Din merkevarebutikk i Sogndal

Skarpeteigvegen 13

Tlf. 57 67 27 20 • Hovevegen 10

6854 Kaupanger

AS

PLATEARBEID VANNSKJÆRING MASKINERING SVEISING

15 Hodlekvemagasinet

HAVNEN ANLEGG


Et godt i Sogndal 1 På Caffé Prego kan du ete lunsj frå ein rikhaldig meny av pastarettar, salatar, smørbrød, dagens suppe, og smoothies, eller du kan nyte ein god kopp kaffi i pausen på handleturen.

Hodlekvemagasinet

16

1 På Go`biten (lokalt; Menykafeen) står dei og steiker hedlekake (pannekaker), som er «grueleg godt» med smør og sukker. Kafeen har veldig mykje anna godt også; bakevarer, kaker, heimelaga tradisjonsmat.

3 Lise på Kafe Krydder Lise driv sjarmerande Kafé Krydder i Bondevikhuset midt i Sentrumsparken. Her får du heimelaga kaker, god kaffe, ferske bakevarer og enkle lunsjrettar. Godt utval i lokalt drikke, både juice, limonade og nektar. Intimt og triveleg selskapslokale i kjellaren samt rikhaldig cateringmeny. Lise driv også kafeen i Dalalåven og Ski-in pølsebua i Rindabotnen.

1 Cafè Sogningen, eller Domuskafeen som vi kallar den lokalt, serverer både tradisjonell norsk kost – i solide porsjonar, pizza, pitakebab og knallgode heimelaga kaker.

4 På Pizzabakeren i Fjøra kan du velge frå ein rikhaldig meny og ete god pizza inne og ute, eller bestille og ta med. Vi leverar gjerne på døra, same kvar du bur. Ta kontakt.

1 Dolly Dimple`s serverer pizza slik vi nordmenn likar det. Her får du pizza med ferske pizzabotnar, baka på eige bakeri kvar dag. Bestill pizza og ta med heim, eller velg pizzabuffet.

5 Vågal Burger and Gin på Quality Hotel Sogndal er spesialistar på gourmet hamburgar av Angus storfe frå Vestlandet. Her kan du tirre smakslaukane dine med ein saftig burgar med tradisjonelle, spicy eller dristige kombinasjonar.

1 Subway Amfi Sogningen Sandwichkjeda Subway held til i Amfi Sogningen. Dei tilbyr subs og salatar med grønsaker, nybaka brød og mykje godt tilbehør. Alt vert laga på bestilling..

5 Restauranten La Pergola på Quality Hotel Sogndal serverer ei rekkje fristande italienske rettar, både pasta, fisk, kjøtrettar og sjølvsagt italiensk pizza.

2 Restauranthuset Malin held til i Sogndal Kulturhus og innheld China House med tradisjonelle kinesiske rettar, Malin Steakhouse, Malin Sushi og Malin Hotpot. Her er det i tillegg buffet og noko for alle. Restauranten har også takeawaymeny.

LEGESENTER

1

BUSS/TAXI

3 5


Hodlekvemagasinet

17

2

4


Gunslingers Romjulsbasar

Hodlekvemagasinet

18

Mathias på leikerommet

D

alalåven er godt ute i sin første heile vintersesong i Rindabotn. Den nye storstova i Sogndalsdalen stod meir eller mindre klar til bruk påsken 2019. Fullt hus

Etter det ein kan kalla kosmetiske og detaljerte endringar i sommar og haust, har det for alvor starta denne skisesongen. – Me er godt i gang, og for ei mottaking me har fått. Faktisk er det eit luksusproblem at det til tider har vore manko på sitjeplassar, spesielt laurdagar. Med ein kapasitet på 120 sitjeplassar, syner dette at me har fått eit viktig og attraktivt tilbod for gjestene våre, seier dagleg leiar Per Odd Grevsnes. Han legg til at det nye tilbodet er fleire divisjonar opp frå gode gamle SIL-hytta. Dalalåven gjev eit større, betre og meir heilheitleg produkt. Alt er blitt mykje enklare. Kafe, butikk, kontor og møterom er samla på ein plass.

Topp skipark

Kafeen er berre eit av fleire tilbod i Dalalåven. Ein butikk og skiutleige er blant det nye. –Intersport Sogndal har starta opp skiutleige, som no kan skilte med ein av dei største og best oppdaterte utvala innan ski i landet. Alpint, topptur, snowboard, barneski, fjellpulk. Det er Head som er den store leve-

randøren på ski, og som har levert dei nyaste modellane plukka ut av Aksel Lund Svindal. I tillegg så finn ein skipass salg og eit lite assortert utval av skirelatert sportsutstyr og kle, ramsar Grevsnes opp.

Låner ut

Og ikkje nok med det. Det har lenge vore naudsynt med innandørs betre tilhøve for reparasjon av trakkemaskinene. No har ein ei førebels løysing på dette etter å ha fått Dalalåven. – I ein større hall, som skal inngå i servicetilbodet som t.d. afterski, større kafe, kurs og konferanse. Der låner inntil vidare skisenteret lokalet for å ivareta maskinparken. Det er viktig å komma seg innomhus med trakkemaskiner for service og vedlikehald. Det er dyre maskiner. Dette greier me endeleg å få utført skikkeleg, grunna velviljen til Dalalåven. Stikkorda er lengre levetid, betre driftssikkerheit, og veldig kostnadsparande


Varm mottaking for Dalalåven Hodlekvemagasinet

19

Tekst/Foto: Håvard Nesbø

frå dag ein, seier driftsleiar Kim Andre Navarsete.

Leikerom

Til og med eit eige leikerom for dei minste er kome på plass. Skal ein tru foreldre så er dette eit kjærkome tilbod. – Ja me har fått massivt positive tilbakemeldingar på dette. Me har i samarbeid med Ringo Sogndal gjort om eine møterommet til leikerom, når skisenteret er ope. Slik kan dei minste borna får styra på litt utan tunge skisko. Det er mange foreldre som legg opp ein betre logistikk for skikøyøring. To turar i bakken så er det inn og byte med den andre som passar smårollingane i leikerommet. Slik får familiar mykje meir ut av skidagen. Me vil sjølvsagt at dei minste får stå mest muleg på ski i Toyotatrekket, men små føter treng som kjent litt oftare kvile, forklarar Grevsnes.

Dalalåven vår

Det har vore ei fantastisk mottaking av Dalalåven frå dag ein. Lokalet eignar seg godt til jobben det skal utføra. – Me har fått ei flott mottaking, og gode tilbakemeldingar. Me toppar det heile med større konsertar med over 500 publikum, og litt mindre arrangement spesielt i feriane, som alle har vore utruleg populære. Dalalåven er til for å brukast, me har allereie sett kor god verdi den gir i lokalområdet. Me har mykje spanande på ideblokka framover, og me ser allt no på mulegheitene får å ta i bruk endå meir areal for å gje meir plass. Det er gledeleg å sjå folk får eit aldri så lite eigarforhold. Dei stiller opp når me arrangerer noko. Det er akkurat det me vil, skapa aktivitet og eit godt miljø og ein felles identitet. Så mykje vil skje i tida som kjem, avsluttar han.


Hodlekvemagasinet

20

Den fagraste run M

ed ein smak av høgfjell, vinteridyll, i eit malerisk kvitt kulturlandskap og vakker natur, får ein fram det beste i fjelløypa over Fjærlandssete og Høgehaug. Rundreisa, ja ein kan kalla den det. Fjelløypa som går frå Rindabotn over Fagreggje bort til Fjærlandssete, via Sumhaug opp til Høgehaug og tilbake til start. Det må vera noko av det flottaste ein kan oppleva med fjellski på føtene. Når det er nypreparerte løyper går det også fint med tynnare ski. Ein treng jo ikkje alltid gå på dei høgaste eller brattaste fjelli for å få dei store naturopplevingane vintersdagen.

Fagert

Det byrjar med lett stigning opp mellom fjellbjørkene til Rysete. Om lag ved Skavatnet tynnast det ut når ein kjem opp i tregrensa. Ved Fagreggji ser ein på klåre dagar heilt til Hurrungane. Torstadnakken er mykje nær-

are, og der nede, Sogndalsdalen. Ein er ikkje skikkeleg til fjells komen her i Sogn, før ein ser Hurrungane var det ein som sa. Noko er litt rett i det.

Arktisk stikk

Det er ofte det flottaste området å gå på ski i oppe i tregrensa. Rimfrosne tre som klamrar seg fast i ein evig kamp med naturkreftene og snaufjellet. Det skapar så flotte kontrastar i staden for det tette, eller aude og opne. Det er mest so ein får litt kjensler av og vera i arktiske omgjevnader når ein går over dei snødekte myrdraga mot Jarbruene. Det er godt å kjenna naturen så nært innpå, ein lever.

Maleriet

Ein har ikkje før fått festa tankar til det iskalde aude i nord, før landskapet plutseleg er i endring att. På berre få meter opnar det heile seg opp. Som det reine Theodor Kittelsens maleriet er det eit vidt utsyn ut over Fjærlanssetevatnet, forbi Sumhaug mot Systrondsfjedli.


rundreisa Kjeringi først, so kneisar Kaldekletten til høgre for ho, vidare opp Friksdalseggi. Høgdedraga rundt Voggebreen og Myrdalsbreen ligg der bak høgt oppe. Men høgst av alle i syninga er Synnevaskjer. Ho kneisar 1543 meter over havet, navnet fekk fjellet etter Ho Melker - Synneva Jensdotter, ho var budeie og sterkare enn to mann. Trastadalen er dramatisk og skil Synnevaskjer frå Blåfjellet som er nabofjellet til høgre att. Dei to har hatt mang ein skilaupar på besøk. Utsynet frå dei begge er stort. Men det er stort å stå her om lag seks hundre meter lågare å beundra dei og resten av fjellandskapet. Med få stavtak går ein inn og blir i eitt med maleriet.

Knutepunktet

Når ein siglar seg ned bakkane mot Kringlevatnet og Fjærlandssetevatnet er ein med eit inne i eit flott kulturlandskap. Det er idyllisk her oppe, og ein kan ikkje unngå den nasjonalromantiske følelsen når ein passerar Sumhaug. Det er fint å ta seg til både Øvstedalen

Hodlekvemagasinet

21

og Njøsadalen når ein er i dette området. Spesielt heimekjære systrendingar likar denne ruta frå Hodlekve og heim Njøsadalen. Det er mest som eit knutepunkt for turfolket.

Lett innspurt

Det er ikkje bratte bakkane opp mot Høgehaug, ein kan leggja spori mest kvar ein vil, om ein ikkje fylgjer den preparerte løypa til trakkemaskina. Frå Høgehaug er det flott utsikt, Lyfter ein blikket opp frå Henjadalen ser ein bort mot Rambera og Fresvikbreen. Og ho er ikkje så verst å sjå på bak ifrå Kjeringi heller, altso Systrendingane sitt «nasjonalfjell» Kjeringi. Det er ein relativt lett retur med slake bakkar og nokre få stavtak dei godt fire kilometerane ned att til Rindabotn. Heldige er me!

: oto bø F / es st Tek ard N v Hå


BADEMILJØ Bent Vikøren AS 10

AMFI Sogningen

ÅRSI ANT GART BAD TET

ÅRSI 1G0 NT ARABAD TETT

Vi prosjekterer, teiknar bad og utfører alt av røyrleggjararbeid. Ta kontakt for avtale. Opningstider: Månd-onsdag og fredag 09.00-16.30 Torsdag 09.00-17.00 Laurdag 10.00-15.00 Ta kontakt for avtale utover opningstider.

Ingen jobb for liten – ingen jobb for stor Vangestadvegen 4 tlf.: 952 13 717 6854 KAUPANGER

Hodlekvemagasinet

22 Sogndal Skisenter og Dalalåven takkar Sogndal Glasmagasin Ringo for eit kjempeflott leikerom

KOM I til vårens arrangementer med f. eks E-Motion

MÅL

Y-Design understell

I Hodlekve har vi prosjektert vegar, vassforsyning og avløpsanlegg frå starten av og utarbeidd skisseprosjektet for fjellandsbyen.

Produsent og hovedleverandør:

Skjeldestad

Skjeldestad kontorspar AS Fossetunet 1, 6856 Sogndal


A/S Arkitektkontoret 4B - pb 244 - 6852 Sogndal • tlf. 57 62 77 50

Vi hjelper deg med å realisere hyttedrømmen i Hodlekve!

Opplev Tindekvaliteten!

Vi utfører:

Alt innan frisørfaget, manicure, pedicure, negledesign Massasje, reflexologi, vippeextension, voksbehandlinger med meir.

ODD-RUNE FLO Hyttekonsulent odd.rune.flo@tindehytter.no +47 906 20 299

23

Velkomne innom til Parkvegen 13

Hodlekvemagasinet

Telf.: 57 67 10 10 • Fixit.no

Sogndal • Tel. 95 94 29 54 • E-post: e.e.holme@gmail.com

Tlf. 95 80 53 70 Sogndal • Tel. 95 94 29 54 • E-post: e.e.holme@gmail.com

Installasjon service Besøksadresse: Vangestadvegen 2, Kaupanger | Tlf: 57-67 86 32- vedlikehold | E-post: post@wsaethre.no | Web: www.wsaethre.no

Vi produserer og leverer skreddarsydde beslag, pipebeslag og takhetter i lakkert wsaethre.no stål, aluminium, kobber og sink.

Taktekking - beslagsarbeid

Besøksadr.: SOGNDAL • Vangestadvegen 2, Kaupanger Postadr.: Postboks 92, 6851 Sogndal Tlf.: 57 67 86 32 • Telefax: 57 67 87 42 E-mail: post@wsaethre.no www.wsaethre.no Bankgiro: 3705 04 53562 Org. nr.: 983 632 963 MVA

Lagerførande leverandør av takrenne i aluminium og stål. Alt i ventilasjon. En miljøbedrift

Et sunt innemiljø Prosjekterende – Utførende

Naturlige materialer Kobber – Zink – Aluminium


Ein smak av arktis

Hodlekvemagasinet

24

Det er på ein måte starten på Blåfjellet eller Høgehaug like ovanfor Sogndal Skisenter. Då trer ein inn i Systrondfjelli. Dei ligg som ein beskyttande barriere mot den vene men mildare Sognefjorden.

Sogndal Skisenter, Hodlekve, takkar alle som bidreg til å realisera

«Eventyret Hodlekve» spesielt våre hovudsponsorar som er:

Systrondsfjelli gjer jobben med å halda lufta kald og vinteren lenger i Hodlekve. Voggebreen og Gunvordalsbreen er naboar til Blåfjellet. Ein fantstisk vårskiklassikar går frå Hodlekve, over Synnevaskjer og Voggebreen ned mot Stasete og ut anten Grindsdalen eller opp att til


Synnevaskjer i front so bort på Voggebreen, Friksdalseggji og Stav/Troeggji. Dei alpine Balestrandsfjelli ligg som den flottaste muren heilt bak i himmelsjå. Sognefjorden ser ein og. Den blenkjer sovidt oppe til venstre. Foto: Håvard Nesbø

Hodlekvemagasinet

25

fjellet Stav og ned Troeggi mot Hella. Dette er ein tur på taket av Sognefjorden. Ein må nok rekna ein lang dag til fjells på fjellski eller lette randoski for å nå heile ruta. Men fleire vel også å ligge i snøhole eller telt på Stav. Då har ein berre innspurten att, og ein fantastisk

solnedgang over Balestrandsfjelli i vest. For ein vand turgåar er det eit eldorado å ta av i Systrondsfjelli, dei ligg på same halvøya som Sogndalsdalen. Dei er mest som i ein familie. Fjelli ligg der og ventar, «fjedli kadlar å eg lyte gao».


FRIHEIT OG TID TIL Å NYTA DRAUMEN

Hodlekvemagasinet

26

Bestill gratis hyttekatalog på

boligpartner.no Me nyttar lokale leverandørar og underentreprenørar


HODLEKVE PANORAMA Fritidsleilegheiter med fokus på trivsel 6 AV 12 SELDE!

Bygg i gon inga er g leileg , og fyrst e h stå k eitane s k lare t il pås al k en 2020 !

KJØP LEILEGHEIT NO, FLYTT INN TIL PÅSKEN 2020 Hodlekve Panorama er eit leilegheitsprosjekt med fantastisk utsikt og beliggenheit midt i Sogndal Skisenter Hodlekve. Kvar leilegheit har balkong og utvendig sportsbod. I dette prosjektet har vi hatt fokus på minimalt vedlikehald og høg standard. Tiltalande fasadar i karakterstil, romslege balkongar med takoverbygg og gode planløysingar innvendig gjer at ein kan nyta livet i eit ski-eldorado om vinteren og eit tur-eldorado om sommaren. Med realiseringa av «Dalalåven» er Hodlekve i ferd med å vekse seg til eit fantastisk område både for ski-entusiastar og barnefamiliar.

BRA: 80 m2 | Soverom: 3 | Pris fra kr: 3 250 000,–

Fjørevegen 19, 6856 Sogndal Tlf: 917 90 817 | sogndal@boligpartner.no

FINN-kode: 126313319


Solskjerming er ein viktig del av hus og hytte!

Hodlekvemagasinet

28

Me har høg kompetanse innan dette faget, og hjelper deg gjerne med innvendig og utvendig måltilpassa solskjerming frå våre solide leverandørar Luxaflex og Royal. Me tilbyr oppmåling utan kostnad. Kom innom for eit uforpliktande tilbod med eller utan montering.

Parkvegen 17, 6856 Sogndal Tlf. 57 67 12 77


Frå venstre: Ørjan, Tormod, Morten og Ingvild

KJØKKEN

Hjå oss finn du eit stort utval av flotte kjøkken. Du kan velje mellom tradisjonelle løysningar i lyse og lette fargar, til meire moderne design med glatte flater. Alle kvitevarer passar perfekt til våre kvalitetskjøkken som har 25 års funksjonsgaranti. Utvalet er stort og me skreddarsyr ditt nye draumekjøkken etter smak og behov. Hjå oss finn du ei stor utstilling med 6 komplette kjøkken og vaskerom. Me tilbyr gratis og uforpliktande teiknetimar. Book ein teiknetime i dag!

Smart Heim

Vi har eitt breitt sortiment av smart heim produkt, som kan overvaka bustaden din for brann og innbrot, i tillegg til å gjera kvardagen din lettare.

SUPPORT

Elkjøp er More Than Things. Det handlar om meir enn å kjøpe eit produkt. Du skal bli 100% fornøgd. Me har over 100 tenester som hjelper deg med alt frå heimlevering til reparasjon og support. Frå venstre: Kristian, Marita, Kent Håvar, Oscar og Geir Cato

Gratis parkering og lading av el-bil!

ELKJØP SOGN PÅ KAUPANGER // 21 00 21 21 // OPE: 10-19(16) e-post: storemanager.sogn@elkjop.no

Hodlekvemagasinet

29 29


Hodlekvemagasinet

30

Kveldssol over Halsavatnet

F

riluftslivet kring Sogndalsdalen er nok endå mest kjendt for store fjellsider og bratte skogsteigar der dedikerte skikøyrarar kjem dundrande nedover med ville jubelrop i sjølvprodusert snøføyke, mest som ein lokal snøstorm. For tur- og fjellglade sogndøler som kjenner Sogndalsdalen, så er dette ei sanning med modifikasjonar.

Frudalen

Sogndalsdalen og fjedli rundt er så mykje meir. Her finn ein flotte familieturar i fjellet med låg nok terskel til at dei fleste kan få flotte turopplevingar. Ein treng ikkje utfordra dei brattaste rutene for å koma seg høgt til fjells. I sommarsesongen er nok nordsida av Sogndalsdalen mest nytta som turområde i motsetnad til den meir alpine sørsida og inste botn av dalen. – Nordsida er veldig lett tilgjengeleg. Det er store kuperte viddeliknande og flate parti, ein kan spare mykje tid på å nytte opparbeidde vegar og parkerings-

Tylderingen


Majestetiske Sogndalsdalen for alle Hodlekvemagasinet

31

Utsyn mot Laugadalen plassar for å nå nært og gjere turane korte. Dette gjer at mellom anna små barneføter slepp slita med for mykje høgdemeter, seier Morten Hagen frå Sogndal. Med ein far som er over snittet turglad og fjellvand har Morten fått turgleda inn frå barndommen av. Fleire av desse turane er det han i dag fortsatt likar aller best. – Ta til dømes Nuken. Fjellplatået som vakar mellom Sogndal og Hafslo. Med sine 919 høgdemeter kjem ein godt over tregrensa. Det er likevel ein enkel fottur. Til dømes om ein startar frå Årvollsåsen, er det ikkje meir en tre kilometer kvar veg og litt over to hundre høgdemeter opp. Enkelt friluftsliv med fisking i «verdsklasse», lett tilgjengeleg og populær tur. Utsikta er absolutt ingenting å seia på. Alle burde teke seg ein tur på Nuken. Dette området er eit lett terreng å gå i. Anten til Nuken, Halsavatnet eller Tylderingen. – Tylderingen på 1104 meter over havet, er ein annan klassikar som gjev utruleg utsikt i forhold til kor lett turen er. Ein kjem seg til topps med om lag 500 høgdemeter trasking frå parkeringsplassen på Fretland. Halsavatnet ligg midt mellom Nuken og Tylderingen,

eit eldorado. Desse turane når ein fint utan for mykje høgdemeter, og ein får mykje ut av dagen. Når Hagen skal trekkja fram dei lettaste turane til fjells, blir det denne nordstida av dalen – Denne sida av Sogndalsdalen er meir retta mot sommaren meinar eg. Den andre der skisentertet, Togga og Blåfjell med meir ligg, er meir konstruert for ski og vinter. Det same heilt framme ved Frudalen og Langedalen også. Dalføra er flotte og moderate å gå i, og så kan ein gjera det så utfodrande ein har dugleik til, forklarar han. Sogndalsdalen har alt, er ei fråsegn mange kjem med. også Hagen: – Heile året finn ein noko unikt i dalen vår. Utsøkte område for fjellskiturar og fotturar i moderat tempo med vidt og ope terreng, bratte og majestetiske fjell, toppturar og laussnø med breiare ski. Brear, flotte elvar, fiskevatn, alpine høgder og eit rikt utsyn, flott dyreliv, kulturlandskap og brelandskap. Ja for det er heilt sant, Sogndalsdalen har alt. esbø vard N gen å H : a Tekst Morten H : o Fot


Kortreist og effektivt n D

å isbreane takka for seg i Sogndalsdalen la dei ikkje berre att flotte fjellsider for skikøyrarar eller djupe dalar for turågarar. Ein skulle tru at om isbreen kunne snakka so sa han noko slikt som, «ja då var me ferdige her, me avsluttar med eit lite vatn, so har ein både til lauging og godt fiske.»

Hodlekvemagasinet

32

Når ein køyrer bil gjennom Sogndalsdalen kan ein ikkje unngå å legge merke til Dalavatnet. Frå elveosen der Selsengelvi renn ut i vatnet til Hodlekvebrui der Dalavatnet vert omgjort til Dalaelvi, er der om lag 6,5 kilometer. Dalavatnet har veg rundt heile seg med både riksveg 5 og Gamle Dalavegen (FV211). Både Dalavatnet og Anestølsvatnet, som ligg innforbi Selseng, er gode fiskevatn. Det har dei seinare åra føregått ei kultivering i begge to. Og fisken har no byrja å bli stor. Gardbrukar og leiar hjå Dalavatnet Fiskekort, Johannes Gunvordal, seier at det er godt tilrettelagt for fiske i begge dei to vatna. – Sidan det er veg rundt heile Dalavatnet, er det god tilkomst mange stader. Det er mest so ein nokre stader kan fiska ut glasruta på bilen. Til dømes nede ved Vatnasete er det veldig flott. Det er eit område som dei tøffaste også kan bada frå, sommarsdagen. Med tøff meiner eg, det er smeltevatn så temperaturen er relativt låg. Men der er flott å bada, og ikkje minst flott å fiska. – Ellers kan eg nemna at ved elveosen i begge endar er det lett tilgjenge, og gode forhold. Det einaste ein skal ha omsyn til er dyrka mark. Ein må ikkje gå der utan å først ha snakka med grunneigar. Det same gjeld parkering. Det er mange stader fine forhold for å parkera bil. Men ein må spørja seg til råds om ein skal inn på privat eigendom, og sjølvsagt må ein ikkje sperra vegbana. Så ellers er det berre å kjøpa seg fiskekort og freista lukka. For fisken er der, kilosfisken er det fleire som har drege opp. Eg har fått fleire på godt over kiloen. Men det er slik med gardbrukarane, dei nemner ikkje dei beste plassane, anten det er moltemyrar, jaktlier eller fiskeplassar. Så kvar ein skal få fat på storauren får ein finna ut sjølv forklarar Johannes. – Det er god tilkomst over alt, spesielt ved Dalavatnet, hjå UTE-plassen er der også mulegheit til å leiga både båt og fiskeutstyr. Inne ved Anestølsvatnet er der bomveg, men vegen er fin og har fleire utkøyrsler ein kan stogge på langs vatnet. Heile sommaren beitar geitene godt ned langsmed Anestølsvatnet, det er ei fin og oversiktleg strandlinje so gjer det perfekt å fiska

med Oterfjøl. Anestølsvatnet er litt kaldare, og fisken er litt mindre, men det er nok mulegheiter for ein sværing her også. Selsengelvi har mange flotte fiskeplassar heile vegen. Så Sogndalsdalen er eit aldri så lite eldorado for fiske. Alle er velkomne til å nytta området. Det er fort ein gløymer kor bra det er heilt nært og enkelt. Ein treng ikkje reisa langt til fjells. Perfekt familiesyssel. Kjapt napp enkelt å greit, heile året. – Ja ein må ikkje gløyma isfiske. Eg har fleire gonger hatt med mine eigne born ut på isen. Me har fått over 50 aurar på ein dag. Spesielt fram i byrjinga av mars månad når sola kjem litt høgre opp så er det flott isfiske. Hugs berre å sjekk isen nøye, bruk redningsvest, og vær spesielt obs i nærleiken av elvar og råkene midt på vatnet. Dei to vatna høyrer til same grunneigarlag. Og ein skal ha gyldig fiskekort for å fiske. Det gjeld heile året. Hugs på at isen bør være minimum 12 cm tjukk, og den kan ha varierande tjukkelse etter kor ein er. Fiskekort får ein kjøpt i begge sportsforetningane i Sogndal samt MIX kiosken. Det står fiskekortautomat både ved Vatnasete, UTEplassen og Vassenden. Sist men ikkje minst kan ein kjøpa kort via VIPPS ( Nr: 519321) Siste spørsmål. Kva likar fisken i Sogndalsdalen? – Ein god gammal sølvkroken, den har drege opp store beist frå djupt vatn. Men no kan eg ikkje seia meir. Nokre hemlegheiter må me ha. Men velkomne skal de vera seier bonden i Gunvordal. Prisane er det heller ikkje noko å seia på: Dagskort kr. 100,Vekeskort kr. 200,3-vekerskort kr. 300,Årskort: 450,-

Kveldsidyll i Sogndalsdalen


vt napp Anestølsvatnet - kortreist perle med lett tilgang Ein kan fiska mest rundt heile Dalavatnet

Hodlekvemagasinet

33

Tekst: Håvard Nesbø Foto: Steffen Lægreid


Det naturlege ekte Kvifor velja Sogndal og Hodlekve?

Hodlekvemagasinet

34

Lat oss realisera hyttadraumen din! Der nedbøren vintersdagen kjem som regn andre stader, kjem den oftast som snø i Hodlekve. Hodlekve er eit av dei mest snøsikre skianlegga i landet og det kun på natursnø. Mange har også fått augo opp for sommaren i Sogndal. Me likar å kalla det timesaksen. Sler du passarspissen rundt på kartet så ser du at timesradiusen gir deg mykje. Veldig mykje og endå litt til:

Fjordar, brear, pittoreske fjordbygder og høge fjell Sogndal, Årdal, Astruptun og Tindeveg Balestrand, Fresvik, Solvorn og Skjolden Vikafjell Gaularfjell, Jotunheim og Jostedal. Bokby, Veitastrond, Kaupanger, Stavkyrkjer og Badeland Alt du las no er mest som eit dikt og går hand i hand. Men der er så uhorveleg mykje meir. Store ord seier du? Lån oss litt av di verdfulle tid, så skal me syna deg.

Me ha oss hj ligg fa lande

No ha og so Desse områd


jell

and. ier

.

Hodlekvemagasinet

35

Me har eit aldri så lite paradis og kan heilt korrekt kalla oss hjartet av fjordnoreg. Nord, sør aust eller vest. Me ligg faktisk meir sentralt plassert til det meste på Vestlandet en du kanskje hadde trudd. No har me byggeklare tomter med fantastisk utsikt og solforhold, lokalisert mellom skitrekk og nedfartar. Desse ligg øvst i hyttefeltet og det siste utbyggingsområdet i Rindabotn.

Eg syner dykk gjerne hyttefeltet og tomtene. De kan også studera tomtene på Skisenteret sine heimesider. Kontaktinfo: Jomar Haukås - Sognefjorden Utvikling Tlf.: 900 21 777 tomt@hodlekve.no sogndalskisenter.no


Hodlekvemagasinet

36


Dalalåven – butikk og skiutleige • • •

Ski, Sko, Hjelm, Stavar Alpint Nordisk

Besøk v år butik

• •

Fjellski Topptur

Pulk

k på Am

fi Sognin

gen

Hodlekvemagasinet

37

#medele

rdinlide n

skap

EL-sykkel

Stort utval av EL-syklar frå Trek, Scott, Diamant, Benno Bikes, Wallerang og Haibike.

Intersporthytta Kom gjerne og test ein EL-sykkel hjå oss VERKSTAD SKI og SYKKEL - Våre fagfolk fiksar det meste

• Høg Standard • 6 soverom • 16 sengeplassar • Ski INN / UT Booking: Reidar 92695718 Stig 90587688


ENDELEG! NO KAN DU BESTILLE NYE VOLVO XC40 RECHARGE 38

VEIL. PRIS FRÅ KR 499.900,-

Hodlekvemagasinet

No kan du bestille Volvo sin fyrste heilelektriske bil, Volvo XC40 Recharge Pure Electric!

VELKOMEN TIL FRYDENBØ

SOGNDAL 57 67 34 00

SANDANE 57 86 61 00

FØRDE 57 83 72 00

MINDE 55 59 97 00

ÅSANE 55 53 68 00

KJØKKELVIK 55 50 15 40

MANDAL 38 26 03 22

KRISTIANSAND 38 04 90 00

MEIR INFORMASJON PÅ FRYDENBO-BIL.NO


VALTRA - Traktor produsert for Nordiske forhold, med 5 års fabrikkgaranti utan eigenandel.

God mat på hytta? Bestill lokale råvarer eller få ferdig catering hjå oss. Berre tilsett matglede! Kontakt Ellevilt på 916 66 909 Eller send oss ein melding på facebook ellevilt.as | facebook.com/ellevilt

Postboks 44, 6856 Sogndal, Tlf: +47 908 80 761 www.maskinsenteret.com

ARS-Autorisert Rekneskapsførarselskap Tel: +47 916 96 842 Mail: martin@loftesnesrekneskap.no

KJØT FISK VILT

Telefon: 57 67 11 11 sognkulde.no

.sol e else vi e.no

la se i

Hodlekvemagasinet

39

sol e else vi e.no

gasta.no

el

Dalavegen 945, 6857 Sogndal Tlf. 468 85 035

Rydda heime? Leig containerar av oss! Sjå sirkla.no eller ring tel. 57 00 90 40

”gla´ i avfall” / sirkla.no

Telefon: 57 62 70 60

Sjøkanten


Nyopna avdeling på Amfi sogningen Ope frå 10.00-­‐19.00 i kvardagane og 10.00-­‐18.00 laurdag. Tlf 90795718

Nyopna avdeling på Amfi sogningen Ny herreavdeling for skjegg og barbering ! Nyopna avdeling på Amfi sogningen Ope frå 10.00-19.00 i kvardagane og Salongen i fjøra : man-­‐fre 09.00-­‐16.00. Tys-­‐ 10.00-18.00 laurdag. Tlf 90795718 Ope frå 10.00-­‐19.00 i kvardagane og Ny herreavdeling for skjegg og barbering! ons 09.00-­‐ 20.00 og laurdag 09.00-­‐14.00. 10.00-­‐18.00 laurdag. Tlf 90795718 Salongen i Fjøra : mån-fre 09.00-16.00.

Tys-ons 09.00-20.00 og laurdag 09.00-14.00. Ny herreavdeling for skjegg og barbering ! Salongen i fjøra : man-­‐fre 09.00-­‐16.00. Tys-­‐ ons 09.00-­‐20.00 og laurdag 09.00-­‐14.00.

FIBERNETT 40

på hytta, heime og arbeid Heimekontor, underhaldning, smart straumstyring eller berre ekstra komfort med godt internett på hytta? Fritidsbustadane i hyttefeltet Hodlekve/Rindabotn har tilbod om å kople seg til eit veletablert fibernett frå Sognenett, klart for dagens og framtidas behov.

Etablering: 11.990,- inkl. fibermodem Internett 30/30 Mbit/s: 349,-/mnd. Fri databruk. Avtaletid: 12 mnd. frå oppkopling.

Bestill gjerne din neste time på Fixit

Kontakt oss for meir informasjon:

sognenett.no | sal@sognenett.no | 9519 2222

Bestill gjerne din neste time på Fixit timebestilling – Velkommen innom timebestilling – Velkommen innom

Bestill gjerne din neste time på Fixit

timebestilling – Velkommen innom

STOLT LYS HISTORIE. FRAMTID. STØTT “GUTADN”. KOM PÅ KAMP.


LIVET I FJELLA FØR FRILUFTSLIVET FANST og den villaste skituren i Kokstadli

41

N

år vi i dag høyrer namn som Fosskamben, Stedjekamben, Rysete og Fagreggji, tenkjer dei fleste på friluftsliv og skiturar. Slik har det ikkje alltid vore. Friluftsliv – slik vi kjenner det – er ei forholdsvis moderne oppfinning.

Tekst: Aage Engesæter Foto: Håvard Nesbø

«Jeg lot de stå til utfor» heiter denne teikninga av Hans Gude. Slik var vel også skiutstyret til Svartesmeden og Bratten på deira ville ferd ned Kokstadli. Eigar: Nasjonalmuseet.


Frå gamalt av var fjellet ein viktig del av næringsgrunnlaget for folk i Sogn, først og fremst som beiteområde, men også for jakt, og i bjørkeliene for vedhogst. Namna ovanfor er alle namn på gamle stølar. Dei to første var stølar for gardane Foss og Stedje, Rysete var fjellstølen til Ormelseng og på Fagreggji var det gardsbruka på Skjeldestad som hadde stølar. Bruken av fjellbeita og drifta på stølane var ein heilt avgjerande del av gardsdrifta i det gamle bondesamfunnet. Fjellbeita var store og det var om sommaren husdyrbruket ga avkasting. På stølane passa dei buskapen, mjølka, kinna smør og ysta ost. Dette var kvinnearbeid, det var budeiene sin jobb. Det var hardt arbeid å vera budeie, det var ingen fjellferie. Men det stod ein eigen glans av stølslivet, det var eit avbrekk frå kvardagane resten av året, - og stundom var det stølsfestar.

Hodlekvemagasinet

42

Det var folk frå byborgarskapet, akademikarar og velståande forretningsfolk, som tok til å bruka fjella slik, og gradvis spreidde deira syn på frilufsliv, fjell og fjellturar seg utover i befolkninga og utover i landet. Den første eg veit om som skildrar bruk av fjell i Sogndal som rekreasjon er også ein byborgar, bergensaren Henrik Krohn. Han var ivrig målkjempar, og skipa m.a. Vestmannalaget, første mållaget i landet. Han eigde ein fyrstikkfabrikk i Sogndal, og busette seg etter kvart på Nedre Stedje. Han var også forfattar, og i 1868 gav han ut ei makalaus flott skildring av ein sommartur frå Loftesnes til Tylderingen, saman med diktarvenen Kristoffer Janson. (Den er trykt opp att i Årbok for Sogn, 2018, og er vél verdt å lesa.). Då Henrik Krohn skreiv i 1860-åra fanst det ikkje noko etablert nynorsk skriftspråk, og bergensaren brukte ei språkform som låg tett opp mot sognemålet. Henrik Krohn skreiv også om jakt og skikøyring i Kokstadli, der laussnøkøyrarane no boltrar seg. Kokstad, nede ved Dalavatnet, var sjølvsagt også støl; her hadde både Heibergsgarden i Amla og to gardsbruk på Stenehjem stølsrett. Forteljinga om jaktturen i Kokstadli finn vi i eit dikt som heiter «Svartesmeden og Bratten» og som tek utgangspunkt i ei gamal segn om to karar: Dan eine både stor var og sterk og herdabrei han endå lenger var enn nokon annan mann på lei. Dei sagde meg for visst og sant, han fjorde alner femnde og denne karen folket S v a r t e s e d e n nemnde

Fire budeier fotografert i Stedjekamben ein gong først på 1900-talet. Fotograf: Ukjend Eigar: Fylkesarkivet i Vestland

Det er likevel ein himmelvid skilnad på det gamle stølslivet og det moderne friluftslivet. Det å bruka fjellet som rekreasjon, og sjå på fjellet som noko vakkert er ein arv frå romantikken, ei europeisk åndsretning som fekk stor kraft, også i Norge, på 1800-talet. Før den tid vart høgfjella sett på som stygge og skremmande, og ingen sogndøler drog til fjells for moro skuld.

Segna om Svartesmeden og Bratten er nedskriven i fleire versjonar. Hjå Asbjørnsen og Moe er Svartemedenen den same karen som i ei anna segn budde på Bjedla og drap Lundamyrstrollet med den kvasse kniven sin som heitte Flusi. I ein versjon nedskriven av Olav Sande – den fremste samlaren av segner frå Sogn – budde denne Svartesmeden på Smedaflaten i Kaupanger, og Bratten, den andre karen i segna, enten på Hjellabøen eller i Hôla, også i Kaupanger. Bratten var kortvokst, og Henrik Krohn skildrar han slik: Dan andre fulla ogso var ein gild og spreke kar so ledug fast i holdet, men hardla stutt han var vel so halvtridja aln frå sôlen og til hatten og denne knøtne guten kalla bygdafolket B r a t t e n. Den svære Svartesmeden var beste skisiglaren i bygdi, og den beste jegeren. Han vart eit ideal for vesle Bratten, som trena seg opp for bli like god som smeden, både på ski og som jeger. Etter kvart vart dei mykje i lag, og det vart konkurranse om kven som var den beste av dei. Dette var bakgrunnen for forteljinga frå Kokstadli:


Dan Svartesmeden smatt og smaug og tok heilt store steg men vesle Bratten fylgde honom trottugt same veg. Og når or einkvan flokken dan eine skaut ei rjupa so laut dat og ei onnor for dan andre byrsa stupa Då smeden vart heilt sinnad og rann so at dat fauk men kvar han enn seg snudde, ved hans sida hin og strauk. Han sistpå reint som galen fôr i gjennom Kokstadskaret men vesle Bratten fylgde honom beint i sama faret Dat gjeng i gjennom lii, slik at snjoen fyk og driv no smeden skyt og bøygjer seg, ei skoten rjupa triv. So ber dat ned åt vassisen som dat galt om livet dar krøkjer han på skidom, og ein «null» står dar skrive

Men sjå dan vesle Bratten du, han held beint same veg og med dan gilde børsa si han ogso nøyter seg. Or same flokk som Svartesmed han skaut ein fugl i flukti som han i same stund med handi triv i lausa lukti So fôr han liksom elding ut på vatnet ifrå li og svingar over snjolagd is so letteleg på ski Då store Svartesmeden etter faret skulle glotta so hadde vesle dvergaguten skrive talet åtta. Skal ein tru denne segna, stod ikkje Svartemeden og Bratten noko tilbake for dagens laussnøkøyrar, sjølv om dei korkje hadde randonee-ski eller techbindingar. Å skyta ei rype i flukt og fanga ho i fallet, medan ein siglar i laussnø i Kokstadli, og til slutt stansa med å gjera eit åtte-tal på dalaisen, er det nok ingen som gjer Bratten etter. No skal vi sjølvsagt ikkje tru ordrett på slike segner, men ei segn som denne fortel oss at sjølv om det moderne friluftslivet enno ikkje var opppfunne, og fjell og lier først og fremst vart brukte til å skaffa seg mat og livsopphald, var ski eit viktig framkostmiddel. Ho fortel óg at det var stor stas å beherska skiteknikk, kunna køyra ned bratte lier og gjera elegante svingar. Konkurranseinstinktet var det heller ikkje noko i vegen med.

På dette fotoet, teke på Loftesnes i Sogndal, truleg mellom 1866 og 69, ser vi Henrik Krohn ståande med ein fot på brygga og ein på båtripa. Han som held båten inntil brygga med tau er Krohn sin gode ven, diktaren og presten Kristofer Janson (1841-1917). Baksida av fotoet gir oss også namn til dei andre vi ser: I båten sit «Mosterknut», ved sida av Krohn står kona hans, Johanna Augusta og i kvit kjole sit kona til Kristofer Janson, Drude. Til høgre for Janson står Henrikke Anker Irgens, som då budde på Loftesnes. Dei to kvinnene til høgre på biletet er Kari Vasli og dottera hennar, Ingebjørg. Fotografen er ukjend, og fotoet tilhøyrer De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum.

43 Hodlekvemagasinet

So var dat her ein vetter, at på veide smeden drog då Bratten sjølvsagt jagade, og nett i same skog. Dat var ein solskinsdag i dan beste morgontidi dei møttest båe to oppi dan bratte Kokstadlii


Godt å bu i Rindabu

M

ed eigendesigna hytte har familien Munch-Tufte funne seg meir enn godt til rette i Rindabotn. Avstanden til Bergen er heller ikkje verre enn at ein kan kosa seg på turen til og frå hytta Rindabu.

Då Rebecca og Magnar Munch-Tufte kjøpte tomt i Rindabotn i 2014 var det heile litt spontant.

Enkelt og kjekt

Hodlekvemagasinet

44

Magnar er frå Sogn og kjende området godt frå før. Saman hadde dei to feriert her ein god del, og begge treivst godt i Sogn. – Her kan me stå på slalom og langrenn, det er flotte turmulegheiter i fjella omkring, og ikkje minst - det er trivelege folk å treffa over alt! Det er enkelt og kjekt å væra i Sogndal og Hodlekve, seier Rebecca.

Sosial plass

Dei to har born i småskulealder og har hatt mange dagsturar på ski i Hodlekve allereie frå borna var ganske små. No ville dei gjerne byggja deira eiga hytte dei kunne nytte som base for aktivitetar heile dagen og året - for alle i familien. Valet fall på Hodlekve fordi dei syntest det var så godt tilrettelagt her. – No har borna fått fleire vener blant hyttenaboane, og me vaksne er også blitt meir sosiale enn enn me brukar å vere heime, fortel Magnar.

Eige design

Hytta dei har bygd har dei designa sjølve. Dei hadde ein hytteleverandør i Estland til å teikne den, levere elementa og reise hytta hausten 2018. Dei flytta inn vinteren 2019 etter ein ganske grei byggjeprosess, og er kjempenøgde. – For oss var det viktig med design som spelte på lag med tomta og utsikta, seier Rebecca, og legg til: – Store vindaugsflater var vesentleg, og utsikta er fantastisk. Samtidig trong dei ei praktisk hytte der dei kunne invitera familie og vener på besøk. Hytta er er svartbeisa i stavlaftstil, med trestokkar i limtre i hovuddelen og oppstova. Hytta har fire soverom. I tillegg har dei eit anneks med ekstra stove, bad og soverom når det trengst. Dei har beisa panel på vegger og tak, men vindaugene er det som verkeleg skil denne hytta frå andre. I stova og på hovudsoverommet går vindua frå golv til tak og alle i front har skrå, gjennomgåande sprosser i kraftig dimensjon. Det er nok det Rebecca er mest nøgd med. – Eg trur vindauga er det me er mest nøgde med å ha

designa. Dei minner meg om fjella rundt Nærøyfjorden, som stuper ned i sjøen.

Mangfaldet

Paret trivst veldig godt, og har stor tru på framtida her. Sogndal Skisenter, Dalalåven, Fjellsportfestivalen, Fjord Husky og alle dei andre tilboda her gjev eit mangfald av aktivitet, og den lokale drivkrafta og innsatsen står det respekt av, hevdar Magnar. – Me er imponerte over aktiviteten her, folk står på seint og tidleg, sommar som vinter, for å lage gode opplevingar for oss som er gjester. Det er flott, og me vil støtta opp om det, seier Magnar.

Nummer to

No har familien teke det heile eit steg lenger. og bygd endå ei hytte - denne gong for sal. –Me trur at familiar i framtida vil prioritera fritid der ein kan væra ute i aktivitet saman hevdar Magnar, og fortset: – Derfor trur me at hytter i eit snøsikkert område som Rindabotn, der ein også har mykje moro å drive med gjennom heile året, vil være populært i framtida.

Strammare stil

Hytta dei no sel, har dei også teikna sjølve, dette er ei hytte med ein heilt forskjellig stil enn deira eiga. – Me ville ha ein strammare stil, meir minimalistisk, men framleis med store vindaugsflater for å sleppa inn lys og sjå utsikta frå alle rom. Denne hytta har fem soverom, to bad, stove og kjøken, lofstove og i tillegg ein hems. Alt på 134m2 BRA! Hytta vert seld ferdig møblert, og som alle dei andre tomtene er det ski inn/ut.


Tekst: Håvard Nesbø Foto: Espen Wilhelmsen

Turen er viktig

– Det er eit eldorado for oss å koma på hytta i Hodlekve, seier Magnar. Dei køyrer frå Bergen på mellom tre og ein halv og fire timar, og heile familien tykkjer det er ein flott tur. – Me kan sleppa fjellovergangar om me vil, og kan enkelt handla i Sogndal før me køyrer opp til hytta, slik unngår me å dra med oss alt frå Bergen, fortel Rebecca. Ho legg til at dei også fleire gonger har delt seg opp. Far køyrer med fullasta bil, medan mor og borna tek hurtigbåten og kosar seg ombord.

– Å ha hytte her er faktisk blitt endå betre enn eg hadde venta seier ho, og legg avslutningsvis til: – No gler me oss berre til å koma på hytta so ofte so råd i helgar og feriar, ta del i det trivelege samfunnet som er her i Hodlekve.

Hodlekvemagasinet

45


Hodlekve – eit eldorad

D

et starta i det små med alpinkonkurransar i Kamben-området i krigsåra 1940-45. Men utviklinga skaut fart først då byggjinga av vegen til Hodlekve med tilhøyrande parkeringsplass kom i gang tidleg på 1970-talet. Før det var Hodlekvebrua startplassen når du skulle på skitur i fjellet. Skia vart gjerne borne opp i Hodlekve før smørjinga starta. Då var det fram med festesmurning, Bratlie og Østbye eller Swix når den passa best. Då toppen var nådd, på Hedleberget, Fagereggja, Britastein eller Blåfjellet, var det fram med Record og sølvvoks. Glien måtte vera god under nedfarten.

Hodlekvemagasinet

46

Med vegen til Hodlekve kom og det første skitrekket, Mini-Max´en til Oddvar Uglum i 1972. Dermed var Hodlekveheisen ein realitet. Litt seinare, på 80-talet vart den første lysløypa bygd. Dermed starta ei utvikling som fram til dagens Sogndal Skisenter Hodlekve må kunne kallast eit eventyr. No kan du velja og vraka i eit løypenett som tilfredsstiller alle. Og velpreparerte løyper til fjells gjer skituren til ei endå betre oppleving.

Slalåmrenn i 1940-åra

Første gong me høyrer om skiaktivitet i Hodlekve-området, er under andre verdskrigen. Rett nok hadde folk ferdast i fjellet med ski på beina også før den tid, særleg i påsken. I krigsåra tok Hans Faleide initiativ til slalåmkonkurransar i påskeveka. Sogndølene skulle kjempa på 3-mannslag om eit påskeskjold, og slalåmløypa vart sett opp i området Rindabotn/Kamben.

Hodlekve 1950-talet.

Nokre av hytteeigarane stilte med «importerte» løparar frå Nordfjord og Austlandet. Dette gjorde sitt til at dei lokale skiløparane fekk god kjennskap til alpinsporten. På Hundere dreiv tyske og østerrikske alpejegerar skiskule i krigsåra, så her fekk karane i Middalen gode impulsar og skapte eit lite, men godt slalåm- og hoppmiljø. Men det var først då Oddvar Uglum fann opp det unike Mini-Max skitrekket at alpinsporten for alvor vaks fram. Saman med Edvin Myklestad var han ein ivrig forkjempar for denne spennande og utfrodrande sporten.

Mini-Max i 1972

Som nemnt kom det røste tautrekket på plass i Hodlekve vinteren 1972. Då vart du frakta opp kring 400 meter og kunne sigla ned att. For ei kjensle! Snart kom den første preppemaskina på plass og. Alt dette ein revolusjon for dei ivrige alpinistane. Aktiviteten auka monaleg i Hodlekve, og det tok ikkje lang tid før den same Uglum´en forlenga skitrekket langt oppover i Hodlekvebakkane. I 1978-79 vart SIL-hytta bygd. Denne var også ein viktig grunn til aukande trafikk av ivrige skiløparar i Hodlekve. Nokre år etter etablerte Hjelpekorspet seg med ny hytte i Hodlekve, og seinare ved Høgehaug. I tidlegare år hadde dei base i Kamben, og det var alltid stas å stoppa der for litt saft eller buljong. I alle år har Hjelpekorpset vore ein viktig tryggleiksfaktor i Hodlekve og fjella omkring. På 1960-talet var Kleivsbakken eit senter for hoppsporten i området. Ovanfor Hodlekvebrua kunne dei sveva ned til kring 55 meter. Namn som Henrik Myklestad, Si-


rado for skisport NM i alpint

Det var snørikt og gode tilhøve i Hodlekve vinteren 1980. Sogndal IL stod som arrangør av junior-NM i alpint. Eit stort og krevande løft for laget. Til NM stod den nye Poma-liften klar, noko som var eit gigantisk framsteg. Med ordførar og medlem i hovdekomiteen, Kåre Lerum , alpinleiar Jan Stedje og leiar i hovedkomiteen Torolf Norheim i spissen, kunne Sogndal idrettslag ønskja velkommen til junior-NM i alpint. Sidan den gongen har alpinsporten ved fleire høve hatt svært god oppslutnad. Løypetraséen har etter kvart vorte betre og betre. Fleire skitrekk, nye og meir utfordrande bakkar og løyper. Til dagens flotte løypenett i Rindabotn. NM-arrangementet i 1980 var naturlegvis starten på det moderne skisenteret Hodlekve slik me ser det i dag. Alpinsporten opplevde stor auke i talet på aktive, og også ivrige turløparar boltra seg i bakken der Poma-liften tok dei opp i høgfjellet.

: Jo n Na

varse

te

Ski Randonee, som eigentleg betyr skitur med heilt spesielle ski og bindingar, er blitt svært populært der toppturar er tingen. Fjellsportfestivalen er komen for å bli, og dette arrangementet samlar kvart år hundrevis av interesserte, også svært mange tilreisande.

Den nye tida - spenstige planar

Med den siste utbygginga i Hodlekve, framstår anlegget som svært moderne og med nye heisar i fleire retningar. Rindabotn og Hodlekve-området er svært snøsikkert, og det er store planar om vidare utbygging. Planar om hytte- og leilegheitsutbyging, aktivitetar tilrettelagde for både sommar og vinter. Det går mot spennande tider for skiidretten og andre aktivitetar i Hodlekve. Det er snart 50 år sidan det starta for alvor. Dei neste 50 vil heilt sikkert by på nye planar og nye aktivitetar.

Nye langrennsløyper

Langrennsporten har etter kvart fått svært gode tilhøve i Hodlekve. Det vart gjort ein stor jobb då lysløypa kom på plass på 1980-talet. Med snøscooter, og litt seinare prepareringsmaskin vart det bygd opp eit flott skimiljø. Den tidlegare Domus-kiosken fungerte som utmerka sekreteriat under skirenna. Det vart laga løyper på alt frå 2 til 5 kilometer. Alt dette som eit resultat av stor dugnadsinnsats. Dei seinare åra er tilbodet blitt stadig betre og løypene like eins utbetra og forlenga. Skøyteteknikken medførte auka krav til preparering. I dag er det eit svært godt tilrettelagt anlegg for langrenn. Dei seinare åra har alpin skiidrett endra seg radikalt. For mange er laussnøkøyring det mest populære. Her byr fjella i Hodlekve og Kamben på unike mulegheiter.

Slik var langrennsarenaen i Hodlekve på 1980- og 90-talet. Den tidlegare Domus-kiosken fungerte fint som sekretariat og base for aktiviteten.

47 Hodlekvemagasinet

gurd Dyrdal, Ole Schøyen, Per Berglie, Håkon Strypet, Harald Nondal og brørne Ragnvald og Karsten Bjelde boltra seg i bakken heilt fram til kring 1970.

Teks t

Oddvar Uglum sette i gang med sitt Mini-Max skitrekk i 1972. Det sette fart i utviklinga for alpinsporten. I dag er Rindabotn eit eldorado for skiinteresserte i alle aldrar.


Foto: Håvard Nesbø

55 spreke butikkar!

48

Subway Meny med søndagsbutikk !

10-22 Meny

Rema 1000

8-23 (8-21) Søndag: 10-22

7-23 (8-21)

Vinmonopolet

10-17 Torsdag-fredag 10-18 Laurdag: 10-15

AMFI Mykje å gle seg til. Alltid.

Apotek 1 9-19 (10-18)


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.