Haust 2021
Hodlekvemagasinet
1
www.sogndalskisenter.no
Sogndal Skisenter Hodlekve Sogndal Skisenter vil takke annonsørar og samarbeidspartnarar.
Utan deira velvilje og bidrag, hadde ikkje Sogndal Skisenter hatt den utbygginga og drifta vi har i dag. Takk og til alle våre gjester som gjer Sogndal Skisenter til det det er i dag.
Hodlekvemagasinet
2
Det er for folket vi bygger senteret. Målet er å tilby gode forhold for aktivitetar, både sommar og vinter. VELKOMEN TIL SOGNDAL SKISENTER, HODLEKVE! Hovudsamarbeidspartarar: Neumann Bygg AS, Holen Installasjon, Intersport Sogndal, Toyota Sogn, Meny, Sognahus/BoligPartner, Nordbohus/Saltdalshytta, Sognenett
HODLEKVEMAGASINET Utgjevar:
Sogndal Skisenter Drift as Hodlekvevegen 151 6856 Sogndal
FAKTA Sogndal Skisenter Drift Organisasjonsnummer: 980886174 Eigarar – eigarfordeling: Sogndal Skisenter Eigedom AS, 65,4% (Sogndal kommune, Sogndal Idrettslag og bygdafolk m. fl.) Sognefjorden Utvikling AS 34,6% Styringsform: Aksjeselskap. Rekneskapsførar: Loftesnes Rekneskap AS Revisor: Deloitte AS Tilsette: 3,5 heilårstilsette 22 sesongtilsette Administrasjon: Dagleg leiar - Per Odd Grevsnes Driftsleiar - Kim André Navarsete Marknadsleiar - Svein Olav Haugen
Opplag:
16.500
Redaksjonelt:
Håvard Nesbø: havard@hodlekve.no
Framside:
Elevar frå Nornes oppvekstsenter
Annonsar:
Svein Olav Haugen: soh@hodlekve.no
Tal skitrekk: 2 T-krok 1 Poma (lys) 2 Poma barnetrekk (lys)
Ingvald Husabø Prenteverk as
Langrennsløyper 10 km + 5 km 3 km lysløype
Layout og trykk:
Meklarhuset Sogn
Jan Rune Årøy eigedomsmeklar MNEF jan.rune@meklarhuset.no | mob 950 44 240
Bjarte Haugen eigedomsmeklar MNEF bjarte@meklarhuset.no | mob 948 56 528
Olav Skjeldestad eigedomsmeklar MNEF olav@meklarhuset.no | mob 905 64 525
Tre eigedomsmeklarar med meir enn 50 års erfaring. Me har lokalkunnskapen - kontakt oss om du skal selje, eller har spørsmål. Du finn oss på Campus Sogndal.
www.meklarhuset.no
3 Hodlekvemagasinet
gasta.no ©Jonny Akselsen
Me har kunnskapen og nettverket du treng.
Foto: Colourbox
Hodlekvemagasinet
4
Med hjarte for lokalt engasjement Alt vi gjer, gjer vi for å bidra til at livet på Vestlandet skal bli endå litt betre. Saman gjer vi det betre.
Dagleg leiar Per Odd Grevsnes
Sogndal skisenter har i fleire år jobba med planar om snøproduksjon i Rindabotn, men dette vil bli eit stort økonomisk løft, og det er me ikkje heilt klare til enno. Tidleg i desember 2020 ser me på værmeldingane at det er meldt kaldt utan snø. Frå tidlegare år veit me at då kan kaldeveret halde på ei stund. I lunsjen diskuterer me alternativ med ei snøkanon som kan suge vatn frå bekken, slik at me i allefall kan få snø til Toyotatrekket. Men dette kostar sjølvsagt pengar og det er ikkje rom for noko slikt i vårt budsjett. Driftsleiar Kim Andre har god dialog med Techno Alpin som føreslår at me
kan leige i eit år, og om me vil kjøpe den etterpå vil dei gi leiga i avslag. Framleis er det så store beløp at me ikkje har rom for dette i vårt budsjett. I det lunsjen snart er over seier marknadsmedarbeidaren vår Svein Olav Haugen at han skal ta ein telefon til Nesseplast. Det er no historia byrjar å bli god. For Nesseplast har hatt eit godt år, og sjølv om dei held til eit stykke ut i fjorden, har dei ved fleire høve vore med på sponsorsida i Sogndal. Det er kjekt med slike verksemder som ser nytte av lokalt engasjement og som er med og tek samfunnsansvar! Nesseplast finansierte første året med snøproduksjon i Hodlekve! Det er slike verksemder som Nesseplast som bidreg til utviklinga i Hodlekve! Utan næringslivet i regionen hadde utviklinga i Skisenteret stoppa opp! Det er imponerande at så mange vil vere med å støtte opp under utviklinga her oppe! Næringslivet veit at det er skisenteret som er sjølve navet i utviklinga av området, det er me som skal vere med å gjere både Hodlekve og regionen rundt attraktivt! Ein annan plass i dette magasinet vil Driftsleiar Kim Andre Navarsete fortelje om dei prosjekta me jobbar med nett no. Her skjer det ting heile tida!
Til denne sesongen har me gjort om på parkeringsordninga i Hodlekve. Årsaka til dette er samansett. Me ser at mange gjester kjem til Dalalåven berre for å ta ein kaffikopp, og noko lite å bite i. Då er det ok at ein berre betalar for den tida ein nyttar. Derfor er det no slik at det kostar 26 kr timen å parkere hjå oss. Vidare nyttar me no mykje energi på å utvikle området også til å bli eit attraktivt aktivitetsområde på sommaren. Derfor gjer me om på rabattordninga slik at me no berre sel årskort som gjeld frå dato til dato. For Sogndal skisenter er parkeringsinntektene heilt sentrale for å kunne utvikle infrastrukturen i området. Me får stadig meir besøk og me treng stadig fleire parkeringsplassar, som skal etablerast, brøytast og vedlikehaldast. Me vonar at våre gjester ser at me kvart år gjer forbetringar i området, parkeringsinntektene er ein viktig bidragsytar til dette arbeidet. Me er framleis på papirmagasin i Sogndal skisenter – Hodlekve! Me er og på sosiale media, på nett og annonser. Me ynskjer å nå ut til folk der folk er og dette magasinet kan gjerne ligge ei stund på stovebordet, Her er mange fine artiklar! Velkomne til ein ny vintersesong i Sogndal skisenter!
5 Hodlekvemagasinet
Fjorårssesongen var god, sjølv om me fekk ein litt treg start og sjølv om me ikkje fekk langvegsfarande gjester. Den gode historia frå i fjor var den med snøkanona. I Hodlekve har me ikkje hatt kunstsnøproduksjon tidlegare, me har stort sett vore velsigna med snø frå himmelen. Med hytteutbygging og med stor tilflytting av naturglade menneske til regionen, blir me utfordra på å kunne opne tidlegare. Klimaendringar kan og gi oss utfordringar på sikt. Dermed er den første snøkanona no i vår eige, men den gode historia handlar om korleis denne på rekordtid vart henta frå Sverige i desember 2020, og kor viktig den vart for sesongen sett under eitt.
Hodlekvemagasinet
6
MEIR FART, MEIR MORO!
FIBERNETT på arbeid, heime og hytta Kontakt oss for meir informasjon:
sognenett.no | sal@sognenett.no | 9519 2222
Internasjonal tilrettelegging i Hodlekve sine langrennsløyper
Sogndal Skisenter Hodlekve har eit stort framtidsretta fokus på langrenn. Både når det gjeld organisert aktivitet gjennom samarbeidet med Sogndal Idrettslag (SIL), Skikrinsen og som rekreasjon og ikkje minst folkehelsa.
Føresetnadene er tilnærma perfekt frå naturen si side, og ein har høyrt på den beste av dei beste, no startar den lange jobben mot målet verdscupen. - Me er no i gang med eit prosjekt for å få på plass eit FIS-godkjendt langrennsanlegg med rulleskiløyper og alt som høyrer med eit slikt anlegg. Eit langsiktig, og kanskje håret mål er at me ein gang i framtida skal kunne være vertskap for verdscup-renn.
Hodlekve er snøsikkert og har eit ideelt terreng for langrenn, med dette vil me bli ein attraktiv destinasjon både sommar og vinter, seier Tommy Harjo i Sogndal Idrettslag. Arbeidsgruppa kring langrennssatsinga er leia av Tommy Harjo , han er leiar i SIL Langrenn, og sit også i styret til SIL. Saman med skisenteret og Hermod Bjørkestøl, har ein gjort synfaringar til nye og
alternative løyetraséar. Og rapporten er særs lovande. - Dei fleste som har vore i Hodlekve, ser at me har eit terreng som skal kunne gje utfordrande løyper. Så i forbindelse med ei nyleg befaring seier løypedesignar Hermod Bjørkestøl at han kanskje aldri har vore borti eit terreng som har har vore så enkelt å leggje løyper i, med så lite inngrep som det her krevst. Me
Hodlekvemagasinet
7
har hatt som målsetjing å få oss eit langrennsanlegg som passar naturleg inn i terrenget, og gjev eit minimalt miljøavtrykk. Tilbakemeldingane frå Hermod er slik sett veldig gode nyhende, både miljømessig og økonomisk, hevdar Harjo.
Hodlekvemagasinet
8
- Hermod har designa ei løype og tilhøyrande infrastruktur som skal tilfredsstille alle krav frå Krinsmeisterskap til Hovudlandsrenn, NM og vidare til verdscup.
Klimaprognosane for dei neste tiåra er veldig gunstige for Hodlekve, noko som er vesentleg for at arbeidsgruppa har store og realistiske ambisjonar.
Det er sjølvsagt ein lang veg å gå. Men det har vore viktig for Idrettslaget og skisenteret å få eit anlegg som er fleksibelt og skalerar, samstundes som ein har ein plas for korleis ein skal vekse med utfodringane.
- Me trur at me er eit av få anlegg i framtida, som kan arrangere store meisterskap på natursnø, utan store miljømessige inngrep seier Harjo, som legg til:
- Anlegget vil også vere eit næranlegg som skal famne om paraidrett, kunne nyttast som tur, og sykkelløyper på sommaren, samt ha plass for standplass for skiskyting om det
vert aktuelt i framtida. Sjølv om FIS-godkjende løyper kan høyrast skremmande ut for oss som berre er vanlege mosjonistar, så er løypene designa slik at det er utfordringar for alle nivå, og må skal gjere vårt beste for å lage løyper som ein også kan kose seg på tur i, forklarar han. Endå meir detaljert forklarar Harjo kva løyper ein kan forvente: - So langt ser me for oss at utbygginga vil skje i tre trinn. Det første vil vera å få på plass 3,75km løype som etter kvart vil utgjere den asfalterte rulleskiløypa. Denne traseen vil vera ein del av klassisk-traseen på
Hodlekvemagasinet
9
5km. Der den nedste delen vil gå øvst i dagens lysløype, for so at den strekkjer seg opp i det området som dagens 10km løype går i. - Kva med stadionanlegg? - Det vil liggje oppe på den opne flata lenger oppe, der vil ein ha direkte ustyn frå kafeen i Dalalåven. Dei neste trinna vil bestå i å utvide traseen til 5km, byggje stadionområde og få lys med meir. So kjem den øvre 5km skøyetraseen til slutt. - Og jobben er ikkje over endå når ein kjem so langt? - Nei, den fortset med at det skal
byggjast administrasjonsbygg i samband med stadion, samt det må etablerast transporttraséar til administrasjonsbygget og stadion. I det heile er det eit stort prosjekt, men me er likevel ikkje skremde. Spesielt med tanke på tilbakemeldingane frå Hermod Bjørkestøl, som ikkje berre påpeikte at løypene ligg ideelt i terrenget, med tanke på stigning og naturleg tilpassing til skog og naturlege skilje mellom retningane. Harjo poengterer at Stadionområdet også får skryt av løypedesignaren. - Stadionområdet er også på eit perfekt plan og open flate. Med ideell stigning og ca fem meter stigning
i oppløpet mot mål. Her kan det bli duka for mang ein spanande og dramatisk sluttspurt blant framtidas store skistjerner. Så akkurat no ser det ut til at me skal kunne få eit anlegg som ligg naturleg og vent i terrenget, med minimale miljøinngrep. - Det er omtrent alt me hadde på «ønskjelista» vår då me starta opp dette prosjektet. Og dette er orda frå sjølvaste Hermod Bjørkestøl som har OL-løyper frå Salt Lake City, Torino, Vancouver og Sotsji, samt Oslo VM på sin CV. Me har fått tilbakemeldingar frå den beste av dei beste. Då er det berre å køyre på.
Hodlekvemagasinet
10
No kan du få ViteMeir!
Du har kanskje køyrt forbi bygningen? Den er ikkje så vanskeleg å sjå den massive trebygningen ved skogenden på Kaupanger. 11. November opnar dei endeleg dørene for å bryne seg og lære meir om vitskap, teknologi og mange forskjellige tema. Kva er eit vitensenter, lurer du kanskje på? Eit vitensenter inspirerer barn og vaksne til å utforske og søkje ny kunnskap og samarbeider med skuleverket om å utvikle kunnskap som samfunnet og næringslivet treng i framtida. - ViteMeir ønskjer å ta ei rolle og bli ein
innovativ og teknologisk hub til glede for både næringsliv og skular. Målet er at me skal både auke kompetanse og bidra til auka verdiskaping, seier dagleg leiar Erlend Fardal Lunde.
– Samarbeidet med ViteMeir har gitt meg ein fantastisk moglegheit til å utvikla meg som kunnskapsformidlar i eit sprudlande miljø som ikkje er redd for å kasta seg over nye utfordringar.
På vitensenteret kan du tumla deg gjennom tre etasjar med interaktiv læring på forskjellige tema som fjorden, kroppen, verdsrommet.
Det seier Kristin Myhra Sæterdal. Ho har i lag med Linda Rebni delstilling på ViteMeir frå HVL.
Godt samarbeid Eit vitensenter rettar seg i hovudsak mot barnehagar, skular og alle andre som ønskjer seg meir realfagkompetanse. Med seg på laget heile vegen har dei hatt Høgskulen på Vestlandet. Både for å starta opp senteret, under planlegging, og i dag har dei to 20 % stillingar som skal styrke samarbeidet deira.
Senteret vert samlokalisert med nasjonal linje for transport og logistikk ved Sogndal vidaregåande skule.
Kasta seg ut med sommarskule Sjølv om dei ikkje opnar før i November har ViteMeir alt fått kasta seg ut i felten med å ha sommarskule rundt om i Sogn. Iskrem av flytande nitrogen, bruslaging med kjemi, og flaskerakettar var noko av det som stod på planen til elevane. -Sommarskulen blei ein skikkeleg suksess. Det var og ein kjekk måte for formidlarane til å teste ut læringsopplegga våre i praksis, så no er eg glad for at me kasta oss ut i det, seier formidlingsleiar Åse Neraas. Opningshelga skjer sjølvsagt med eit brak. Det blir mykje aktivitetar, der du kan mellom anna trykke dine eigne klede i makerspacen, lære å programmere, lage pynt til ViteMeir-treet, eksperimentere i kjemilabben eller utfordre venene dine i ballrommet. Kjende og kjære fysikar, vitskapsformidlar og programleiar Andreas Wahl kjem for å halda show. Men ViteMeir sine eigne formidlarar ViteVero og e-Skill står òg for vitenshow.
Treng du ein elektrikar du kan stole på? Når alle andre har stengt, ring vakttelefon
Kontakt oss på 57 67 75 00 www.holen-installasjon.no post@holen-installasjon.no
95 25 09 90 365-7-24
Dette seier kundane våre om oss • • • • • •
Holen Installasjon har elektrikarar med høg fagkompetanse og yrkesstoltheit Holen Installasjon leverer moderne løysningar med høg kvalitet Holen Installasjon held avtalar og møter presis Holen Installasjon tilbyr tett oppfylging gjennom heile byggeprosessen Holen Installasjon landar på rett pris Holen Installasjon er rett og slett Rasande flinke med straum og slikt
Me jobbar kvar dag for å gi alle kundane våre moderne og framtidsretta løysingar innan tryggleik, komfort og energiøkonomisering og kan blant anna hjelpe deg med: • Enkle serviceoppdrag • Stilrein og elegant belysning • Installasjon i ny bustad • Rehabilitering av hus og hytter • Smarthus installasjonar • Næringsbygg • Industri/automasjon
• Landbruksinstallasjonar • Brannvarslingsanlegg • Elkontroll • Internkontroll (næringskundar) • Brann- og innbrotsalarm • eKom (ikt, breidband, fiber) • Adgangskontroll
Holen Installasjon AS www.holen-installasjon.no SOGNDAL • GAUPNE • VIK • LEIKANGER Årøyvegen 14, 6856 Sogndal | tel: 57 67 75 00 | post@holen-installasjon.no
Hodlekvemagasinet
11
Privat og proffmarked
Hodlekvemagasinet
12
Hus og hytte
www.neumann.no
Alt du treng!
DIN LEVERANDØR AV TRELAST OG BYGGEVARER TIL HUS & HYTTE!
R k a
Kom innom og sjå vårt store utval av RAW parkett og laminat! /Neumannkaupanger neumann.no/kaupanger
Me er proffens leverandør
Gode tenester, fokus på kunnskap, og gode relasjonar -da vert det bra!
Opningstid: Mandag-fredag 06:30-16:00
G m
Me er stolt hovudsamarbeidspartnar til Vi hjelper deg å velge riktige dører og vindauge!
Hodlekvemagasinet
13
Me hjelpar deg med å finne rett peis! Vi har peiser frå Nordpeis og Jøtul.
RAW fabrikkmalt kledning gjer arbeidet enklare! Grunna eller måla panel med ferdig mellomstrøk.
, a!
Det du treng. Når du treng det.
Våre leveransar, frå tilbod til gjennomføring, skal vere oversynlege og komplette. Riktige produkter skal leverast til rett tid, og skape tryggleik og vere føreseieleg. Me gjer det me kan, så du kan gjere det du kan best!
Neuman Kaupanger Kloppenvegen 7 Kaupanger@neumann.no
Tlf 57 67 75 20
Utemat med Sigrid Lat utematen bli eit høgdepunkt Å vera ute i naturen gjev oss fridom, det er balsam for sjela, dei fleste går på tur fordi dei har oppdaga dette.
Hodlekvemagasinet
14
Er ein på tur så bør ein også gjera det beste ut av det spesielt matpausane er viktige. God mat på tur er med på å toppe det heile. Med gode råvarer i botn kan heilt enkle turar bli til dei flottaste matopplevingar. Det er nemleg ikkje så veldig komplisert, berre spør Sigrid Henjum, det har me gjort og her får du svaret. – Det er ingenting i vegen med pølsa i brød altså. Det er enkelt og fort gjort. Men om ein tenkjer seg litt om så er det mykje fantastisk god mat ein kan lage like enkelt ,sjølv om ein er langt frå kjøkenet heime Ikkje tek det lang tid heller. Med ein god primus og gode råvarer så har ein dei beste føresetnadene for å ta turmaten til nye høgder. Foresten likar du dobbel ost på burgaren din? Seier Sigrid Henjum medan ho serverar dagens første rett, men meir om det seinare. Sigrid ei nok over snittet turglad og matglad dame og blant anna forfattar av turkokeboka «Et ute». Ho elskar trivselen i det med å vera ute på tur, anten det er i ein kajakk rundt Sør- Georgia i Antarktis, eller kanskje inne på tjukkaste Grønlandsisen, eller «berre» saman med familien i skogen rett oppom garden heime på Lerheim. – Så lenge ein trivst på tur er det ikkje nøye kvar ein er. På tur har eg erfart at matpausen ofte er det viktigaste høgdepunktet, kvifor ikkje verdsetje desse flotte augneblikka endå betre. Det skal ikkje så mykje til seier Sigrid. Me tok Sigrid med på tur for lata ho syne i praksis kva det ligg bak påstanden hennar om enkel og god mat på tur, og let ho fortelja sjølv. – Eg fekk ei enkel oppgåve, velja heilt fritt frå den store ferskvaredisken på Meny i Sogndal, og der er det mykje godt å velja i. All maten skulle lagast på primus, med enkle reidskapar til mat som passar for alle. Så her får du nokre tips frå min handlerunde.
Enkel oste-burgar med ekte kjøt
Dette er turmat som er like lett som den elska og hata pølsa i brød, berre veldig mykje betre. Kjøp med deg grove burgarbrød, ein god BBQ-saus og det du likar å ha i burgaren. På butikken fann eg nokre smakfulle snack-agurkar og ein nesten-heimelaga coleslaw (krema salat med kål og gulrot) som eg tykte passa bra. Eg er av typen som tykkjer alt blir betre med ost, så oppskoren fyldig ost var ei sjølvfølgje i handlekorga, i tillegg til rå angusburger frå ferskvaredisken. Handlelista til 4 personar: 4 rå angusburgarar 1 pakke oppskoren kvitost 4 grove hamburgarbrød 1 pakke coleslaw 1 flaska med god BBQ-saus 4 små snackagurkar Litt smør eller olje til steiking Opna burgarbrøda og klin på saus på eine sida, coleslaw og grøntfor på andre sida. Steik burgarane med litt smør eller olje, ha gjerne på litt salt eller pepar. Etter omlag 3 minutt steiking, snur du om og legg osten på den steikte sida. Legg gjerne på lokk på steikepanna. Steik i 2-3 minutt til og legg burgaren i brødet. Nyt.
Fiskpinnar
med chips og grøn pasta Fisk til fjells er meir enn berre ein god aure. Fiskepinnar av fersk fisk er noko heilt anna enn dei «bremseklossane» du kanskje er vand med. Du kan lett omvende fiskepinne-skeptikaren med denne varianten:
Kjøp eit stykke fin torskeloin utan bein. Fisken blir fint pakka inn i papir og du kan skjera han opp rett på papiret, bruk baksida på eit fat under. Så lagar du tre ”stasjonar” for fisken før han skal i panna. Først legg du ein fin bit (gjerne på storleik med ein vanleg fiskepinne) oppi ein pose eller boks med kveitemjøl og litt salt, vend rundt slik at biten blir dekka av mjøl. Neste stopp er ein boks med 2 knuste egg, som berre er vispa saman. Vend fisken i egga før du kjem til siste stopp. Knust chips! Her kan du ta den typen du sjølv likar best, men eg brukte rifla chips med smak av løk og rømme og det blei knall bra. Smak gjerne litt først og knus resten så godt du klarar til bittesmå bitar. Klem chipsen litt bestemt rundt fisken og no ventar ei varm steikepanne med rikeleg skummande smør. Då skal det ikkje mange minutt til på kvar side, berre omlag 2 minutt på kvar side, før den beste fiskepinnen du har smakt, er ferdig. Server med kva du vil, men ein grøn pasta og litt gode gulrøtter var fine greier. Kok opp omlag 1 liter vatn og ha oppi pastaen før du byrjar med fisken. Kok pasta på rett tid, hell av vatnet, ha oppi eit glas med pesto og ein pose med babyspinat, rør rundt. Ha på lokk så er det klart når fisken er klar. Voila!
Biff
med fløytesaus og potetstappa Tenk at du kan servera denna klassikaren til fjells, laga på primus. Det blir ikkje vanskeleg å imponera nokon no. Handlelista 4 personar: 4 biffar frå 120-200 g pr biff (eg brukte ytrefilet av Angus her) Godt smør (250 g pakke) til steiking og potetstappa 1 pk fløyte 1 liten gul løk 2 nevar med god sopp, aromasopp eller kantarell 1 kg små poteter eller poteter i bitar Salt, pepar og gjerne biffkryddermiks Start med å setja potetene på kok. Dei treng ikkje meir enn 20 min når du har små poteter. Sil av vatnet og tilset ein god klatt med smør. Set vekk panna. No er det steikepanna sin tur på primusen og ha i ein god klatt smør her og. Når smøret er litt brunt og skummar
godt legg du på biffane og då strør du på litt krydder. Ha god varme og svi alle sidene godt. Krydra alle sidene. Kjenn på kjøtet, det skal vera litt mjukt, men som ein halvstram tommelmuskel, om du vil ha det medium steikt. Når det er gjort, løftar du biffane over på eit fat slik at dei får kvila seg. Ha no i sopp og løk i små bitar, i panna som framleis har godt med smør og krydder. Steik til løken er blank før du tømer på nesten heile fløytepakken. La det koka godt medan du rører rundt. Smak til om du treng meir salt og krydder i. Medan sausen kokar inn, heller du resten av fløyten på potetene og så kneftar du og skjer på kryss og tvers oppi panna med ein kniv. Strø oppi litt salt og pepar. Vipps så har du ei grov potetstappa. Legg stappa på eit fat, biffen på toppen og tøm over med varm saus. Skål!
Verdas raskaste «eplekaka» Raskare (og bedre?) enn dette kan ikkje dessert lagast, eple, sukker og kanel er ein uslåeleg kombinasjon.
15 Hodlekvemagasinet
Handlelista til 4 personar: 800 g fisk, gjerne torskeloin utan bein 2 egg 2 dl kveitemjøl med 1 ts salt 1 pose chips Litt godt smør til steikinga (250 g pakke) 250 g pasta, gjerne fullkorn fusilli 1 glas pesto (150-200g) 1 pose med babyspinat Gulrøter, paprika eller anna grønt som de likar
Handlelista for 4 personar: 3-4 lokale eple 2 ss sukker 1 pose malen kanel Litt godt smør 1 boks vaniljekesam Søt kjeks eller søt musli til strø Del opp eple, skrell av skalet, ta ut kjernen. Steik raskt på panna med smør, sukker og kanel. Når epla er litt mjuke og sausen litt seig, legg ein haug på eit fat, ein klatt med vaniljekesam oppå og strø noko søtt og sprøtt på toppen. Nyt med kaffi, godt selskap og flott utsikt. Hugs at det er lov å sleika seg på fingrane og grisa når ein er på tur, nyt måltidet. God tur!
Helsing Sigrid
Hodlekve ein viktig drivar for reisemålsutvikling Den målretta og strategiske satsinga Sogndal Skisenter driv med er veldig rett og viktig for både reisemålsutvikling, bulyst og attraktiviteten i Sogn og Sogndal. Påstanden blir stetta av reiselivsdirektør Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord som ynskjer både målsettingar og all satsing særs velkomne.
Hodlekvemagasinet
16
– Investeringane som Sogndal skisenter har gjort i snøkanon og utbetring av alpinløypene gjer at ein kan opne tidlegare, at snøen blir liggjande meir stabilt og at sesongen vert lenger sannsynlegvis frå om lag 1. desember til 1. mai. Dette gir både fastbuande og tilreisande eit endå betre skitilbod i Sogndal som betyr meir skiglede, ein endå meir attraktiv stad å bu og studere samstundes som det gir reiselivs- og handelsnæringa eit enno betre grunnlag for auka omsetning i vinteresesongen, seier Brandshaug som legg til: – Utviding av sesongen og nye investeringar i anlegget som gir nye moglegheiter for fleire og lengre aktivitetar både om vinteren og sommaren gir oss eit meir omfattande, meir stabilt og meir kvalitetssikra produkt som er lettare for Visit Sognefjord og næringa å selgje inn til tilreisande frå Norge og utlandet. Dette ser me allereie konturar av etter dei investeringane som allereie er gjorde. Så med betre føretsetnad gjennom eit betre tilrettelagt og stabilt tilbod, har ein eit mykje større fundament å byggje vintersatsinga større. –Denne satsinga - saman med hyttebygginga, Dalalåven, nye trasear og satsing på mellom anna sykling og vandring om sommaren - er veldig viktig for å utvikle Sogn vidare som eit attraktivt reisemål heile året og som ein endå meir attraktiv stad å bu og studere. Igjen betyr dette fleire heilårlege arbeidsplassar, fleire tilreisande heile året og sannsynlegvis også fleire studentar og tilflyttarar framover. Ei satsing på gode og sentrumsnære opplevingar både om vinteren og sommaren er avgjerande for
å utvikle Sogn og Sogndal vidare som reisemål og buområde. Satsinga vil ha stor nytte for reiselivs- og handelsnæringa i regionen. Brandshaug trekkjer fram at parallelt med utviding av sjølve aktivitetstilbodet bør ein også leggje til rette for overnatting og tilreisande turistar i større grad. – Det er viktig at Sogndal skisenter profesjonaliserer sals- og bookingtenestene sine, og at utleige vert gjort ut frå gjeldande lover og reglar. Skisenteret er i gang med dette arbeidet. Dette vil gjere det meir stabilt å drive utleige, samstundes som det er lettare for næringa å selgje og formidle tilboda. Produktutvikling i ei langsiktig satsing er avgjerande. Der ein har fokus på breidda i marknaden både som turistdestinasjon, og som ein arena for lokalbefolkninga. – Hodlekve satsar langsiktig med 5, 10 og 20 års planar. Dette er avgjerande for å få ei god utvikling, og for å gradvis byggje opp både tilboda, samhandlinga med næringa og lokalsamfunnet, i tillegg til stegvis utvikling tilpassa ulike brukargrupper i marknaden. Laussnøen i Sogn er allereie godt kjend - den beste snøen - medan det gjenstår utvikling av fleire tilbod retta mot familiar, langrennsanlegg, arrangement og til dømes parkkøyring. Alt dette ligg i planane til Sogndal skisenter, og er viktig for å bli eit komplett tilbod for både entusiastar, familiar og nybyrjarar. Koplinga til mellom anna hundekøyring med Fjord Husky og andre aktivitetar i næromårdet aukar attraktiviteten for fleire av gjestene - spesielt den internasjonale marknaden, hevdar han og konkluderer med: – Satsinga i Hodlkeve er veldig viktig som drivar for reisemålsutvikling, nye gjester og attraktiviteten til Sogn og Sogndal som bu- og studieregion. Næringslivet og me som bur her treng dette for å skape fleire arbeidsplassar og attraktive lokalsamfunn. Eg gler meg til å følgje med på den vidare satsinga - og til å starte skisesongen litt tidlegare i år!
AKTIV ҳҮҜңҸůҲчҳҮөчҮһһҮө ҜҺẁҸẃчŮҮңẀәҮһҜө MEDSPELAR
med fokus på samfunnsansvar gjennom snart fire tiår ˛‚ẅẅˆЉỲЇ̄Яẅ̄Ї—țˆỲ˝Љ˝̄Ỳ̄ЊЯЇ–˜Ń
�˛ΏЫ˝ЉЇ˜˝̄hЉ˛̄��Я˛Љˇ̄Ỳ˙˜–ˇ̄ЫЯˆЯ˛̄˜Ỳ˝̄țˇЉ˝Ŏ̄ЪЯЮ˜ЉЪ˝Љ˝–˛̄țЫỲ˙Ỳ˜ЪỲЮẅ̄ЉˆỲ˝Ŏ̄˜ЉЫ̄ЫЯ̄ЉỲ–˜ˇЯЫ̄˝Љˇ˙Я˛̄ Яˇ̄ˆЯЇțˆ̄ẀỲˆЊЯ˛hțЮЫˆț˛̄Љ˛̄Я‚Я˝ț̄ЯẅЮ̄ЉỲЮ̄țЇ˝Ỳ—̄ˇЉЫ˜˙Љˆț˛̄˝Ỳˆ̄ЀЯЫˆЉЇ—ЉŐ̄Ű‚Љ̄Уț˛Ỳ˜̄Г˛Я˜˜̄Љ˛̄ЫЉЮ̄ ỲЮЪỲЫỲЫ–Ю˝̄–˝̄ˆțẀЯ˛Љ̄Љ˝̄ЫЯˆЯ˛Љ̄ˇțẅЮț̄țˆỲ˚–țŐ̄П˝̄ЉЮỲˇ̄țЫ̄ˇỲЮỲˇ̄—ЉЮỲțˇŎ̄˚–Ỳ˜̄ЮЯ˜˝˛–Ы̄Љ’Љ˛ЪỲ˝ț˝ỲЯЮ̄ ˙Љ˛ЊЉЇ˝Љ̄ẀỲˆЮ‚hЉЮЫЉ̄ˇЉˆˆЯˇ̄ЊІЯ˛Ы̄Яẅ̄ЊІЉˆˆŐ̄ŧỲЮ̄˜ЮЉ˛˝ЉЮ̄h‚Ẁ˛ỲЫ̄ПР̄ˇЉЫ̄БСŦ̄ŏ̄ˇЉЫ̄˝ΏЊЊ̄ЫЉ˜ỲẅЮŎ̄ –ˆˆțˇЪЯ̄ˆțẀЯ˛Ỳ˜̄ЮỲ˜Ỳ̄–˝̄țˆỲ˚–Ỳ˙̄Љ’̄Љț̄ЪЯˇˇЯЫЯ̄ЪЯЮ˜Љ˚–ț˝Ő̄Ŧ–Ỳ˜̄ț–˝Љ̄Ỳ˛–˛Љ̄ЫЯˆЯ˛̄ỲЮ̄˛Љ˙˛ЉhЉЮЫЉ˛Ỳ˝̄ỲЮ̄ РỲЫț˛Љ̄hț˛̄ˇЉ̄ẀЉ˜˝˜ЉˆІț˛ЉЮ̄БРŖ̄ˆ–ẅỲЮ̄h‚Ẁ˛ỲЫ̄ˇЉЫ̄ŕŒŘhЇ̄Яẅ̄ЉˆЉЇ˝˛Ỳ˜Ї̄˛ЉЇЇЉ—ỲЫЫЉ̄˙Λ̄řŗЇˇŐ̄ŧỲЮ̄ẀỲˆ̄ —Яˆ–˙˝ț˝Љ̄—ЉˆỲ˝̄Љ˜˜Љ̄ЪỲˆˆ–ˇ̄ЫЯˆЯ˛Љ̄Љ–̄Њ–ẅỲț˝̄Ю–ˆˆț̄˙ț˛Ỳț˝–˛Ő̄ŧ’ЪЉ˙˝Љ–˛̄˜ỲЮ˝̄ЯЪЪțЉЪț˝̄Ъ–˙ỲЫț˝ț˝̄ЮЯЮ̄ ˜Яˇ̄ЫЉЇЇІЉ˛̄ЫЉỲ̄ЊˆЉ˜˝Љ̄ẀЉhЯ—̄Яẅ̄˜Яˇ̄hț˛̄˜ț˝˝̄ЉỲЮ̄Ю‚̄˜˝țЮЫț˛Ы̄Ỳ̄˙ˆ–ẅỲЮŏ˜ЉẅˇЉЮ˝Љ˝Ő̄ẅ̄˜˝˛țЇ˜̄Љ˛̄—Λ˛̄ ˙˛ЯỲЫЉЮ˝Ŏ̄˜–Ю˝̄ỲЮ̄Ъ–ˆ˙țŎ̄ŦЉЮЮЉ̄˝ЉЇ˜˝ЉЮ̄Љ˛̄˛ЉЫỲẅЉ˛Ẁț˛Ń hЉỲˆЉˆЉЇ˝˛Ỳ˜ЇЉ̄ПР̄ẀżŖТ̄Їˆț˛̄ЊЯ˛̄˜țˆ̄ŏ̄ЇЯЮ˝țЇ˝̄Я˜˜̄ЊЯ˛̄ỲЮЊЯŐ̄
17 Hodlekvemagasinet
NYE YARIS CROSS AWD Pris fra 333 900,-*
Privatleie fra 2 995,-/md** 1,95 % fastrente 3 år**
ГИИБ̄̄ЀУВЁŦ ˛Ỳ˜̄Њ˛ț̄ŗŕŔ̄ŒŒŒŎŏŌ ˛Ỳ—ț˝ˆЉỲЉ̄Њ˛ț̄Ŕ̄řśŗŎŏőˇЫŌŌ œŎśŗ̄Ň̄Њț˜˝˛ЉЮ˝Љ̄ŕ̄Λ˛ŌŌ
БРŖ̄ИПЕŏЁŰ̄ЀУВЁŦ ˛Ỳ˜̄Њ˛ț̄ŗŕŔ̄ŒŒŒŎŏŌ ˛Ỳ—ț˝ˆЉỲЉ̄Њ˛ț̄ŕ̄ŖśśŎŏőˇЫŌŌ œŎśŗ̄Ň̄Њț˜˝˛ЉЮ˝Љ̄ŕ̄Λ˛ŌŌ
УБЁ̄ЀУВЁŦ ˛Ỳ˜̄Њ˛ț̄Ŕřŕ̄ŔŒŒŎŏŌ ˛Ỳ—ț˝ˆЉỲЉ̄Њ˛ț̄Ŕ̄ŒśŗŎŏőˇЫŌŌ œŎśŗ̄Ň̄Њț˜˝˛ЉЮ˝Љ̄ŕ̄Λ˛ŌŌ
ёһẫẼẫẸẺчҺầẻẶầẴậẫẸчắẴằẲѕчẹẫẸẼắẩẫầẼẺầẲẫчắчњλẸіћќѕїїїằẳѕчёёәẸắẼầẺẲẫắẫчẫằẹѕчẳẵẪẫẲẲчźầẸắẹчҢẸẵẹẹґчẀẺầẸẺẲẫắẫіẫẺầẨẲѕậẫẨếẸчѝљќїїѓєѕчẁẵẺầẲẺчјўќњљїѓєѕчњчλẸẹчẨắẴẪắẴậẹẺắẪѓчằⁿếẸẫẲẫẴậẪẫчћќчїїїчằẳѕчүẵẸẨẸẻằчẨẲầẴẪầчằⁿếẸắẴậѓчẻẺẹẲắẶẶч ҢӘљчẵậчůӘẾчźầẸắẹчҢẸẵẹẹґчẬẸλчїѓћћчẲіẳắẲѓчẬẸλчҐҐчậіằẳѓчẬẸλчҐѓќчẳậіằẳѕ ŮẫắẸчắẴẬẵчẶλчẺẵếẵẺầẹẵậẴѕẴẵѕчҜẼẨắẲẪẫẺчẳẵẪẫẲẲчằầẴчẮầчẫằẹẺẸầẻẺẹẺếẸѕчẃắчẺầẸчẬẵẸẨẫẮẵẲẪчẵẳчẺẸếằằẬẫắẲѕ
Kaupanger toyotasogn.no
Skarpeteigvegen 1 Tlf.: 57 67 66 66
3
ÅR/50 000 km
SERVICE AVTALE
Et godt i Sogndal 1 På Caffé Prego kan du ete lunsj frå ein rikhaldig meny av pastarettar, salatar, smørbrød, dagens suppe, og smoothies, eller du kan nyte ein god kopp kaffi i pausen på handleturen. 1 På Go`biten (lokalt; Menykafeen) står dei og steiker hedlekake (pannekaker), som er «grueleg godt» med smør og sukker. Kafeen har veldig mykje anna godt også; bakevarer, kaker, heimelaga tradisjonsmat. 1 Cafè Sogningen, eller Domuskafeen som vi kallar den lokalt, serverer både tradisjonell norsk kost – i solide porsjonar, pizza, pitakebab og knallgode heimelaga kaker.
Hodlekvemagasinet
18
1 Dolly Dimple`s serverer pizza slik vi nordmenn likar det. Her får du pizza med ferske pizzabotnar, baka på eige bakeri kvar dag. Bestill pizza og ta med heim, eller velg pizzabuffet. 1 Subway Amfi Sogningen Sandwichkjeda Subway held til i Amfi Sogningen. Dei tilbyr subs og salatar med grønsaker, nybakte brød og mykje godt tilbehør. Alt vert laga på bestilling..
LEGESENTER
1
BUSS/TAXI
3 5
2 Restauranthuset Malin held til i Sogndal Kulturhus og innheld China House med tradisjonelle kinesiske rettar, Malin Steakhouse, Malin Sushi og Malin Hotpot. Her er det i tillegg buffet og noko for alle. Restauranten har også takeaway-meny. 3 Lise på Kafe Krydder Lise driv sjarmerande Kafé Krydder i Bondevikhuset midt i Sentrumsparken. Her får du heimelaga kaker, god kaffe, ferske bakevarer og enkle lunsjrettar. Godt utval i lokalt drikke, både juice, limonade og nektar. Intimt og triveleg selskapslokale i kjellaren samt rikhaldig cateringmeny. Lise driv også kafeen i Dalalåven og Ski-in pølsebua i Rindabotnen.
5 Vågal Burger and Gin på Quality Hotel Sogndal er spesialistar på gourmet hamburgar av Angus storfe frå Vestlandet. Her kan du tirre smakslaukane dine med ein saftig burgar med tradisjonelle, spicy eller dristige kombinasjonar. 5 Restauranten La Pergola på Quality Hotel Sogndal serverer ei rekkje fristande italienske rettar, både pasta, fisk, kjøtrettar og sjølvsagt italiensk pizza.
2
4
19 Hodlekvemagasinet
4 På Pizzabakeren i Fjøra kan du velge frå ein rikhaldig meny og ete god pizza inne og ute, eller bestille og ta med. Vi leverer gjerne på døra, same kvar du bur. Ta kontakt.
Hodlekvemagasinet
20
Nye EV6 Nå klar for bestilling!
Lanseringsmodell fra
469 900,Kia EV6 er en crossover med unik design, rekkevidde på inntil 510 km, 800 V ladesystem, hengervekt på 1600 kg og mulighet for 4x4. Velg mellom 3 modeller, alle med stort batteri, mye utstyr og 7 års garanti. Priser inkl. frakt og lev.omkostninger levert Drammen. Lokal frakt tilkommer. Forbehold om trykkfeil og avvik fra avbildet modell. Leveringstid vil variere, avhengig av modell.
STORT UTVALG & GODE PRISER til hus og hytte
Velkommen til oss på Kaupanger! 3000 m2 med møbler og interiør i alle prisklasser og stiler. Vi kan innrede hytta for deg! Ta med Helt ferdig hytte til du kommer? Våre tegninger eller mål, kan vihytta hjelpe deg med møbelkonsulenter kanså innrede til deg. å fåogdet akkurat slik duvære kunne tenke deg! Til med sengene kan ferdig oppredd.
SOGN Kaupanger – Tlf. 57 67 74 40 ÅPENT 10-19 (16)
Hodlekvemagasinet
21
BADEMILJØ Bent Vikøren AS ÅRSI 1G0 NT ARABAD
10
ÅRSI ANT GART BAD TET
TETT
Vi prosjekterer, teiknar bad og utfører alt av røyrleggjararbeid. Ta kontakt for avtale. Opningstider: Månd-onsdag og fredag 09.00-16.30 Torsdag 09.00-17.00 Laurdag 10.00-15.00 Ta kontakt for avtale utover opningstider.
Ingen jobb for liten – ingen jobb for stor Bestill gjerne din neste time på Fixit timebestilling – Velkommen innom !
Vangestadvegen 4 tlf.: 952 13 717 6854 KAUPANGER
Hodlekvemagasinet
22
-Følg oss gjerne på sosiale medier -
Skjeldestad
Dette er me 100% sikre på:
Me har meir enn du trur Kontorstolar og Møblar | Reinhald | Kantine | Kontorrekvisita | Blekk og Toner | Datautstyr | Møte og presentasjon | Førstehjelp og verneutstyr | Bøker og lokale hefter | Bager og koffertar | Hobbyartiklar
Tlf. 57 67 10 37 • 6856 Sogndal
Besøk oss i Fossetunet 1 - Sogndal eller på vår nettbutikk www.skjeldestad.no
Generasjon Alfa – Hodlekve er den beste plassen
Hodlekvemagasinet
23
GEN ALFA Born fødde mellom 2010 og fram til 2020 vert kalla Generasjon Alfa, dette fordi dei er dei første der alle er fødde i det tjueførste århundret. Dette er vår neste generasjon, dette er dei som vert arvtakarane til Sogndal Skisenter slik det vert bygd i dag. Det er dei me byggjer for.
Hodlekvemagasinet
24
GEN ALFA I denne finn ein også Sogndal Skisenter sin desidert ivrigaste brukar av skitrekk og bakkar. 10 åringen Karl Robert L. Brenden hadde 100 dagar på ski, og 1500 turar i trekket førre sesong. Nokre av kompisane hans hakk i hel, men med hytta kloss i bakken, og ein stor skiinteressert familie så er det naturleg det blir flest turar på Karl Robert. Me tok ein prat med skientusiasten. Ein kan seia mykje om drift, anlegg, utbygging planar og visjonar. Men ein kjem ikkje utanom at tida går, det ein byggjer no, byggjer ein for neste generasjon og framtida. Ein generasjon som får ein mykje betre føresetnad for å oppleva eit endå betre tilbod og anlegg. – Kva er det som er så bra med Hodlekve? –Her er så gode forhold for det eg driv med. Me kan dela det inn i 3. Laussnø, preparerte bakkar og ikkje minst hopp og park. Eg likar alt med hopp eller kicker og rails er det eg likar best. Det har skisenteret satsa meir på dei siste åra, og dei har lova oss som driv på, endå betre tilrettelegging og hopp til sesongen som kjem. Og så er det kort veg frå hytta til bakkane, og så har
me fått Dalalåven slik at me har vår eigen kafé. Her er ein god plass å vera, me blir tekne godt vare på av dei som jobbar her, det veit eg alle som eg står på ski med er samde om. Hodlekve er den beste plassen, konkluderer Karl Robert. Den «nye sporten» Karl Robert dreg fram at når dei vaksne har fått sitt med turløyper og ein har laga bakkar som heile familien kan nytta så er det viktig og flott at dei tenkjer på oss som likar parkkøyring. – Det er jo det som er det kulaste, parkkøyringa. Sjå berre på dei beste
skifilmane, det er alltid parkkøyring med, sjå berre på X- games, verdas største og kulaste skikonkurranse. Det er det vi vil driva med og driv med. Då er det utruleg bra at Kim Andre Navarsete og resten av gutta lagar bra hopp og rails til oss, slik vi kan trena masse. Vi trenar jo når det ikkje er snø, då er det dødsing og på trampoline. for vi vil bli best mulig, forklarar han.
Draumar og godt miljø For som born flest har Karl Robert ambisjonar og draumar. Han nyttar Hodlekve for å koma stega nærmare.
– Eg vil bli like god, eller faktisk vil eg bli bedre enn svenske Jesper Tjäder, han er den beste skikøyraren eg veit om. Skal eg bli god må eg stå masse på ski, helst heile året. I Hodlekve har vi lang sesong og vi får stått masse. Vi lærer oss nye triks heile vegen, der det viktigaste er å ha det moro saman, for me er blitt ein stor og flott gjeng som driv med det samme.
Legg til rette At nivået blant dei yngste er stort veit ein. 10-åringar i dag som tek dobbel backflip ( dobbelt baklengs salto) på ski er banebrytande og var totalt ukjendt for nokre år sidan. Det er fleire av desse råtassane å sjå på ski i Hodlekve. Læringskurven er bratt og rask når ein har det moro, og tilrettelegginga er god. Driftsleiar Kim Andre Navarsete lovar endå betre vilkår for park-køyrarane i Hodlekve: – Me i skisenteret vil ha endå større fokus på forbetring og betre tilrettelegging for park-køyringa i framtida. Me ser at det er ein stor auke i interessa og tal brukarar, så me vil bidra til ein endå betre kvardag på ski for desse. Tilbodet blir utvida og utbedra fortløpande.
Så er du i Hodlekve til vinteren og høyrer ord som Gnarly, Steeze, gønne blir nemnde er det berre parkgjengen som er i gang. Imponerande er det å sjå på dei, sjølv med litt ukjende ord og uttrykk. Så her har du ei lita ordliste:
25
Ordliste Gun/gunning/gønning Sleppe seg laus med å gi gass, stor fart eller so me seier i sogn, peisa pao. Stoked/stoka Veldig glad, spent, positivt overraska, entusiastisk Gnarly Betyr at ein gjer noko ekstremt og/eller kult. Noko svært skummelt som ikkje alle andre kunne ha gjort. Steeze Ein kombinasjon av stil og lettheit. Der ein gjer vanskelege triks med ein særs god stil, mest som det ser lett ut. Park Ratt Ski- eller brettkøyrarar som brukar mesteparten av dagen i skiparken. Ein skipark er eit tilrettelagt område kor ein finn element som mellom anna forskjellige kickers og rails. Kickers, Er hopp bygd av snø. Trakkemaskiner bygger estetiske hopp i forskjellige storleikar. Til dømes den i Rindabotn gjer til at dei beste går 3-4 meter høgt og opp til 12 meter langt.
Rails Det er rekkverk, røyr som ein siglar tverrstilt på nokre meter, gjerne i kombinasjon med triks. Jib Å stå på ski/snøbrett på noko som ikkje er snø, ofte er dette rails, som let køyraren kombinera fleire element nedover i parken. Switch Eit triks, der ein køyrer baklengs, i tilegg gjer ein ei vending på 180 grader utført korrekt. Airtime Ein som har mykje airtime er ein som fyk høgt, lenge og langt i eit hopp. X Games ein årleg sportskonkurranse innanfor ei rekkje greiner kategorisert som ekstremsport. Ein konkurranse som er den høgst meritterte og respekterte blant uttøvarane. Det største og gjævaste ein konkurransekøyrar kan bli med i.
Hodlekvemagasinet
Med det meiner Karl Robert tilrettelegginga som blir betre for kvart år, når det kjem til parkskikøyring. Miljøet er det raskaste veksande, og endå er det «berre» uorganisert. – Det er nok kring tredve som køyrer park aktivt no. Det som er kult er at me som er yngst, får køyre med dei vaksne. Mellom anna Magnus Uglum Krogstad, Mons Johan Hoel, og Bård Dalen er blant dei vaksne som er i bakken veldig mykje. Dei er kjempeflinke på ski, og utruleg greie som støttar opp oss yngre, og pushar oss til å bli betre. Dei lærer vekk mykje, og seier kva me skal gjere for å bli betre, me får lov å køyra med dei, og det er kjempekult. Det er blitt eit fantastisk godt miljø som eg håpar skisenteret også frametter vil vera med på å støtta opp under.
Intersporthytta
Hodlekve – Sogndal
Hodlekvemagasinet
26
Flott utgangspunkt for ski- og fjellturar -
Høg standard
-
20 sengeplassar / 6 soverom
-
Stort kjøkken/ 2 stover
-
4 bad og badstu
-
Vaskerom m/vaskemaskin og tørketrommel
-
3 flatskjerm TV / fiber Wi Fi
-
Eige anneks / smørebod
-
Stor uteplass
Ynskjer du å leige - kontakt oss på stig.nord@intersport.no reidar.dvergedal@intersport.no Evt. mobil 90587688 /92695718
NYHET!
BYD TANG – DEN PERFEKTE HYTTEBILEN FOR HELE FAMILIEN. 7-seter | 4x4 | 509 HK | 0-100 på 4,6 sek!
Bestill prøvekjøring!
Hodlekvemagasinet
27
Tilbud:
LEASING KR 5.995,-* Inkluderer komplette vinterhjul, metalliclakk og Executive Pack.
BYD Tang – en helelektrisk 7-seter.
Dette er en romslig familiebil med 4×4 og hele 505km rekkevidde (NEDC)! Den nye SUVen fra BYD er sprek, kan kjøre 0-100 km/t på 4,6 sekunder, er utrolig romslig og kommer med et høyt utstyrsnivå. Hvis du skal på fjellet eller trenger å få med deg ekstra last, så er det også mulighet for tilhengerfeste og takstativ. BYD Tang oppsummert: Komfort, sikkerhet, plass – og 100 % elektrisk! * Leasing med 2,49% nominell, flytende rente. Forskudd kr 99.900,-. Totalt kr 320,515,-. 3 års bindingstid / 15.000 km per år.
Frydenbo Bil frydenbo-bil.no
- Me har aldri vore betre skodde enn no Sogndal Skisenter Hodlekve var eit av dei første i Europa som fekk starta opp etter at landet stengde ned i mars 2020. Mykje på grunn av eit kjempegodt samarbeid med lokalt helsevesen og smittevernleiar i Sogndal Kommune kunne skisenteret opne opp att etter berre 18 dagar.
Hodlekvemagasinet
28
Trass i utfordringar kring koronapandemi og at snøen kom seint, noko som gav ein utfordrande sesongstart, kan driftsleiar Kim Andre Navarseete notere seg ein særs god fjorårssesong. Mykje jobb har blitt gjort sidan sist, og fleire grep er gjorde for at ein skal få eit endå betre produkt frametter. Ein ny vintersesong bankar på døra, og me let driftsleiar Navarsete summere opp stoda. Takk til Nesseplast Om det ikkje var nok med utfordringane kring koronapandemien så var det også ein snøfattig første del av vinteren. Men med gode krefter fekk ein redda både sesongstart, jule- og skuleferiar. – Då me summerte opp i etterkant hadde me ein knallsesong. Mykje besøk, stor entusiasme blant gjestene. Men det er viktig å påpeika at bak den gode sesongen hadde me det som må kallast ein reddande engel. Me har for første gong hatt behov for snøkanon til snøproduksjon. Så at sesongstarten i fjor vart redda har me Nesseplast i Balestrand alt å takke. Dei finansierte leasing på ein snøkanon, som etter den var komen på plass gjekk over sju hundre timar gjennom sesongen. Utan denne hadde me mest truleg hatt stengt både vinterferie og påsken, seier Navarsete, som legg til: – Me ser viktigheita med å ha fokus på etablering av kunstsnøanlegg, etter kvart som me veks. Dette for å gje ein meir forventa opning- og driftsgaranti både for dei lokale brukarane, samt hytteeigarar og tilreisande. Me har no kjøpt denne eine kanonen, og kjem til å bruke den for det
den er verd denne sesongen, for å sikra oss ein god sole på dei mest kritiske plassane.
Barneaktivitetar Dette er den kjappe oppsummeringa til Navarsete om fjoråret. Når ein ber han leggje fram kva som er gjort og kva ein no kan forvente seg framfor ein ny vintersesong så er lista byrja å bli relativt lang. – Me kan byrja med aktivitetar. Det vil den komande sesongen vera som i fjor, eit organisert aktivitetstilbod ein kan vera med på kvar helg. Målet vårt er at me kvart år framover skal ha meir og meir fokus på lågterskel-aktivitet i bakkane våre. Dette for å leggja til rette for barnefamiliar, og for å skapa ein tryggleiks- og meistringsfølelse for dei minste gjestene våre. Dette har me vorte flinke på, men me utviklar oss fortløpande og blir flinkare med tida. Familiebakken Av byggjeprosjekt vil skifolket denne sesongen merke seg at «Grøn Løype» er
ferdigstilt, ein vil til vinteren køyre ei familievenleg løype frå toppen av Holentrekket og ned til Dalalåven. – Løypa er 3,3 kilometer lang og er den lengste me til no har. Me fekk etablert store delar av denne framfor førre sesong, og merka allereie då kor populær den vart. I sommar har me også sett ein auka trend både på turgåing og sykling i denne løypa, den er bygd for ski om vinteren og turgåing/sykling om sommaren, forklarar Navarsete, i tillegg er det lagt til rette for pauseplassar seier han. Gapahukar «Grøn Løype» er utsiktsløypa, eller kall
den gjerne panoramaløypa. Då er det på sin plass at ein legg til rette for fine stoggeplassar. – Me set opp 3 vinkelgapahukar langsmed denne løypa, levert av Sønnesyn Sag på Indre Hafslo. Desse er meinte som, og vil vera, ein flott plass for å stogga opp for å eta nista si, eller berre for å sitja ned og nyta utsikta over området. Gapahukane er plasserte heilt i kanten av løypa, slik at den er veldig lett tilgjengeleg sommar og vinter. Her er det sett inn benkar og bålpanner, som er til disposisjon til gjestene. Betre til Høgehaug Ein av dei største utfordringane for turløypa mot Høgehaug er at ein må venta på relativ mykje snø før ein kan preparere løypa oppover. Spesielt over Stedjekamben har det vore naudsynt med mykje snø før trakkemaskina kjem seg over. – Dette problemet er no heldigvis løyst. I sommar har me etablert ein 2 meter brei grusveg, som går over Stedjekamben frå Dalalåven. Den har ei lengd på om lag åtte hundre meter. Denne vegen gjer at ein kan preparera løypa opp på eit mykje tidlegare tidspunkt, ein er ikkje avhengig av så mykje snø. Så sesongen med preparert løype strekkjer seg lengre i begge endar. I tillegg er det planert ei breidd på om lag 5 meter opp mot «Rødekors-kassen» Så det er ein stor merkbar forskjell for turfolket. I tillegg vil ein på barmark unngå fleire av dei blautaste områda. Dette er også ein del av satsinga vår inn mot sommar- og turstiar. Prosjekt tursti Når ein er inne på dette med turstiar, eit større dugnadsprosjekt er sett i verk, der det er merka fleire kilometer med turstiar i fjellet. – Eit dugnadsprosjekt er sett i gang saman med skisenteret og fleire eldskjeler som nyttar områda kring skisenteret mykje. Her har ein starta på eit sti-nettverk for å gjera området meir tilgjengeleg for alle. Me har hatt fokus på å finna att, og rydda gamle stiar og rekkje for at folk skal bruka dei. I forbindelse med stien over Stedjekamben, samt merking av nye stiar,
Pumptrack og sykkel Sommaren 2022 opnar skisenteret ei asfaltert sykkelbane ( pumptrack). Denne er det Rekkje stiutvikling som byggjer. I haust har grunnarbeidet starta. – Me etablerer no overvass-system for å ta unna både vatn i grunn og snøsmelting i eit lukka røyrsystem. Detter gjer at Rekkje stiutvikling kan starta utforminga av anlegget så fort snøen reiser att til våren. Dette blir eit kjempeflott prosjekt, som blir eit løft og flott suplement til sentrumsområdet vårt kring Dalalåven på sommaren. Om vinteren fyller me pumptracken med snø der området til aktivitetsområde for skileik, fortel Navarsete, han fortset: – I samband med utbyggjinga av pumptrack til neste år, vil me også byggja ei hoppløype for sykkel, rett til høgre for barnetraséen, som kan nyttast sommar og vinter. Her er det også Rekkje Stiutvikling som byggjer, og dette vil vera eit tilbod for
både dei meir erfarne og også nybyrjarar. Godt hyttesalg 2021 har vore eit fantastisk år på fritidsbustad-fronten. Ein ser att etterspurnaden på tomter er stor, og ein selde 20 tomter berre i januar fortel Navarsete. – Det vert i år ført opp 20 nye hytter kring skisenteret, og neste år om lag det tilsvarande. I tillegg kjem Sognehus med eit flott småhytte-prosjekt som vil treffa ei anna kundegruppe. Dette prosjektet har eg personleg stor tru på. Inn i framtida vil me få eit tilbod i alle varianter. Ein må ha ein indrefilet, for dei som har kapital og ynskje om dei største hyttene, men ein må også ha kjøtdeig på tilbod for å treffa dei som heller vil byggja seg ei lita lun og koseleg hytte. Hodlekveområdet skal vera for alle i all tid. Dalalåven I sommar har ein for første gong halde Dalalåven open, med enkel kafédrift og sykkelutleige. Eit spanande tilbod som ein ser eit stort potensiale i.Gjestene har besøkt Dalalåven jamt og trutt i heile perioden den var open. Ein god start skal
ein tru driftsleiaren. – I samband med skuleferien har Dalalåven vore open kvar dag. Her har det vore mogleg å kjøpe mat, kaffi og sjølvsagt is. Me ser at ved endå meir tilretteleggjing for turgåing og generelle tilbod om sommaren, vil Dalalåven verta motoren for aktivitetar i Rindabotn og Sogndalsdalen i framtida. Her ser eg for meg både sommararrangement som sykkelmesser, konkurransar, konsertar, sommarfestivalar, jaktmesser og meir. Når det er sagt så vil me den kommande vinteren no endeleg få prøvd ut «Laoen» skikkeleg. I Dalalåven vil me kunna ha trubadurar, vinkveldar, pizzakveldar, afterski, og andre arrangement. Det blir utruleg artig å koma skikkeleg i gang. Eit kjempeløft ikkje berre for oss, men også for å kunna syna fram til gjester og lokalbefolkninga, potensialet som ligg i det flotte servicebygget vårt. Eller storstova vår som det også kan kallast. Eg gler meg storveges til ein ny vintersesong, me har aldri vore betre skodde enn no. Og føresetnadene har aldri vore så bra nokon sinne, dette blir veldig bra, håpar eg ser dykk alle her framover, avsluttar Kim Andre Navarsete.
29 29 Hodlekvemagasinet
ser me ein kjempevekst av brukarar på sommaren. Det er utruleg kjekt å sjå, og eg er sikker på at dette berre er starten på eit sommareventyr i Hodlekve for åra som kjem.
RINDABOTN FJELLTUN Kjem kanskje for salg vinteren 2021 / 2022
Hodlekvemagasinet
30
Fjørevegen 19, 6856 Sogndal Tlf: 917 90 817 | sogndal@boligpartner.no
Hodlekvemagasinet
31
HIMMELHØ Høstens store hyttenyhet fra BoligPartner Som resten av hyttene våre, er Himmelhø bygget på solid håndverk og skogens egne råvarer, skapt for å tåle lunefullt nordisk vær år etter år. Med tre som vår arv, kombinert med moderne arkitektur tar vi ekstra godt vare på fritiden til hyttekundene våre. Bygget i tre, som skapt for høstfjellet. Last ned vår nye, digitale hyttekatalog gratis på boligpartner.no
Sogndalsdalen i sentrum Hodlekve stod sentralt i det som utvikla seg til eit krigsdrama i Sogndalsdalen vinteren 1945. Gestapo var på jakt etter Milorgstyrken Siskin som hadde hovudkvarter her.
Hodlekvemagasinet
32
Ved den første svingen nedanfor Rindabotnen ligg ei hytte som var eigd av Olav Foss (fødd 1913). Olav var ein sentral motstandsmann i Sogn under andre verdskrigen. I oktober 1944 kom fire offiserar frå Kompani Linge til Sogn for å byggja opp ein heimefrontstyrke. Leiar var fenrik Ragnar Ulstein – ein sunnmøring som seinare vart kjend som ein framifrå krigshistorikar. Styrken hadde fått namnet Siskin. I første rekkje skulle Siskin overta kontrollen over viktige anlegg den dagen tyskarane kapitulerte. Norske styresmakter frykta at tyskarane ville øydeleggja fabrikkar, kraftstasjonar og liknande før dei overgav seg. Olav Foss tilbaud Siskin å bruka hytta i Fosskamben som styrkens første hovudkvarter. 20. oktober kom Siskin til Fosskamben. Dei starta straks å rekruttera sogningar inn i styrken. I starten var det berre leiarane i Siskin som låg i dekning i Sogndalsdalen. Dei fire Linge-karane i Fosskamben fekk heilt frå start svært god hjelp av folk på dei tre gardane som låg i Hodlekve den gongen. Særleg stor nytte hadde Siskin av søskenparet Berta og Karl Hodlekve. Det same galdt dei tre søskena Synneva, Trygve og Sverre Hodlekve på garden som låg lengst oppe mot Fosskamben. Siskinkarane fekk mat frå gardane, og Synneva tok på seg å vaska kleda deira. Sivile tok store sjansar når dei hjelpte heimefronten på denne måten. Om dei vart tekne, venta det i verste fall brutal tortur og det som verre var. «Kvar mann og kvinne som hjelpte oss, risikerte fengsel og død» skreiv Ragnar Ulstein seinare i Jol i Sogn. Ein gong før jul i 1944 var det nære på. Då dukka det opp tyskarar i Hodlekve. Det var sett mykje skispor i området, og tyskarane ville ha ei forklaring. Sverre Hodlekve redda situasjonen. Han påstod at skispora var laga av ungdomar som jakta ryper med snarer i området. Ragnar Ulstein var militær leiar i Siskin, men han var også telegrafist som hadde
Sentrale Siskin-soldatar som opererte mykje i Sogndalsdalen vinteren 1945, frå venstre Olav Foss, Odd Johnsen, Kåre Ese, Sverre Klingenberg, Sigrid Nitter Rugesæter, Olav Nitter Rugesæter, Nils Fjeld, Olav L. Aaberge, Halvdan Torvanger, Edmund Ness og Hjalmar Solberg. (Foto frå boka Jakta på Siskin/Fylkesarkivet) med sendar frå Storbritannia. Ein slik radiosendar kunne i løpet av nokre veker bli peila inn av fienden. I november flytta difor Siskin hovudkvarteret sitt nokre veker til Rudsvik litt vest for Amlabukti. I desember var Siskin tilbake i Fosskamben. Då 1945 gjekk mot slutten hadde Siskin rekruttert rundt 200 sogningar som var klare til innsats. Men styrken mangla våpen til å driva trening i større målestokk. Julaftan 1944 starta dramatikken i Sogndalsdalen. Dei fire Siskin-karane feira kvelden hjå Berta og Karl Hodlekve. Då dei kom opp i hovudkvarteret om kvelden, kom det melding frå London om at Gestapo hadde hatt ein stor rassia i Fjordane. Siskin fekk ordre om å rømma hovudkvarteret straks. Karl Hodlekve køyrde karane nokre kilometer nedover dalen – til Elvagjeng der han hadde nær slekt. På den øvste garden på Elvagjeng var Siskin velkomne. Dei etablerte sitt tredje hovudkvarter i eit kårhus på garden. I månadsskiftet januar/februar starta dramatikken for alvor for karane i Siskin. I slutten av januar kom Gestapo, takka vera ein angivar, på sporet av Siskin si gruppe i Høyanger. Gestapo arresterte motstandsfolk. Dei vart hardt torturerte, og slik fekk Gestapo opplysningar om Siskin lenger inne i fjorden. Siskin i Sogndalsdalen var på denne tida oppteken med å førebu eit større våpenslepp frå fly. Det skulle skje på
Halsvatnet som ligg ved Nuken mellom Sogndalsdalen og Hafslo. Natt til 2. februar kom sleppet. Tre fly sleppte ut 25 fallskjermar med våpen og anna utstyr. Dagen etter vart det klart at to av fallskjermane hadde landa på ein gard på Hafslo. Det var svært alvorleg for Siskin, fordi tyskarane fekk med dette prov på at det var geriljasoldatar i området. Same dagen kom Gestapo til Leikanger med ei skøyte dei brukte. Den svartmåla skøyta spreidde frykt i sognebygdene då ho stemna innover fjorden. På Leikanger vart fleire motstandsfolk arresterte, før skuta gjekk til Kaupanger og kom tilbake til Sogndal søndag 4. februar seint på ettermiddagen. På kaia i Sogndal gjekk det i land ein styrke på rundt 15 mann. Det var seks Gestapo-folk som var henta i Bergen. Dei hadde med seg sju-åtte tyske soldatar og eit par nordmenn som vart kalla tolkar. Tolkane var i realiteten medhjelparar for Gestapo. Gestapo-styrken skulle til Elvagjeng. Dei truga buss-sjåføren Bjarne Skjeldestad til å køyra, men bussen kom ikkje langt. Skjeldestad sytte for at bussen fekk motorstopp, og turen vart dessutan raskt stoppa av djup snø. Eit kraftig snøfall kan denne dagen ha redda Siskin-karane frå å hamna i kamp med den tyske styrken på Elvagjeng. Snøen forseinka tyskarane si framrykking.
Fenrik Ragnar Ulstein frå Sunnmøre var leiar for Milorg-styrken Siskin i Sogn. (Privat foto) Samstundes fekk Siskin tid til å gøyma våpen og forsyningar i store snøfonner på tunet på Elvagjeng. Det stod om minutt. Då Ragnar Ulstein reiste på ski oppover frå Elvagjeng, høyrde han den tyske styrken losna skot nede i Dalavegen. På Elvagjeng var det seks personar då tyskarane storma garden på leit etter «britiske agentar». Folk på garden røpa ingen ting. «Dei klarte ikkje skremma folket på Elvagjeng til å snakka. Har alltid undra meg over kor rådsnare og kaldblodige våre vertar var», skreiv Ragnar Ulstein seinare i Sogn Avis. Neste dag var folk frå Gestapo-styrken framme i ei hytte som Eivind Elvagjeng eigde ved Halsvatnet. Dei skaut seg inn i hytta, men fann ingen ting. Like i nærleiken låg det gøymt ca. eit tonn våpen og forsyningar som kom med flysleppet. Tyskarne var også framme i Hodlekve for å sjekka hytta til Olav Foss. Også her skaut dei seg inn, og inne i hytta står kulehola den dag i dag. Etter dramatikken på Elvagjeng delte Siskin seg i to. Ein styrke med soldatar drog over til Veitastrond. Resten av krigen vart dei liggjande i området mellom Sogndal og Veitastrond. Dei brukte både Eldedalen og Yngsdalen i Veitastrond og Frudalen og Anestølen i Sogndalsdalen som base. Ragnar Ulstein og to nære medarbeidarar, Hans Heiberg og Nils Knagenhjelm frå Kaupanger, drog til Fjærland. Heiberg vart i desember utnemnd som sivil leiar i
Gestapo-mannen Josef Groth leia rassiaene mot heimefronten i Sogn i februar 1945. (Foto frå Statsarkivet) Siskin. Dei tre fekk ein svært strabasiøs tur frå Anestølen og over den 1200 meter Sogndalseggi. Seinare under vinteren brukte Siskin ein periode garden England ved Barsnesfjorden som hovudkvarter, før dei i mars flytta til åsen i Frønningen. Utover våren fekk Siskin store mengder våpen frå Storbritannia. 35 tonn våpen vart frakta med skøyter 150 kilometer innover Sognefjorden av modige sulingar. Våpena skulle til eit lager i Frønningen, men på veg dit måtte skøytene forbi tyske vaktbåtar, fleire kystfort, torpedobatteri og minefelt. Gestapo hadde fleire store rassiaer utover i februar 1945. Den 6. februar arresterte dei den viktige motstandsmannen Olav
Rise frå Leikanger og politimannen Hans Faleide frå Sogndal. Begge to vart svært brutalt torturerte av Gestapo i Høyanger. 15. februar døydde Olav Rise i Bergen kretsfengsel av skadane etter torturen. Hans Faleide gjekk bort hausten 1946 på grunn av hovudskade. Mange meinte dette var eit resultat av torturen han var gjennom. I slutten av april kom ein Gestapostyrke til Veitastrond. Dei gjekk til fots i snøen frå Fjærland. Angivarar hadde tysta på Siskin og lokale motstandsfolk. Men veitastrendingane var åtvara av ei dame på telefonstasjonen i Fjærland. Tyskarane gjorde dermed bomtur til Veitastrond. Gestapo fekk aldri tak i Olav Foss. Han gjekk i dekning då styrken kom til Sogndal 4. februar. Den følgjande natta overnatta han åleine ute ved Tylderingen i det kraftige snøvêret. Han la seg oppå skia sine i ei grop, men tok av seg skoa. Over seg hadde han eit teppe. På den måten kom han seg gjennom natta, og kunne neste dag søkja ly i ei løe nede i dalen. Dette var ikkje den einaste dramatiske hendinga Olav Foss opplevde i området rundt Hodlekve og dalen. I haust/vinterutgåva av Hodlekve-magasinet kunne me lesa den utrulege historia om korleis Olav på mirakuløst vis overlevde eit stort snøras i Trastadalen i 1951. Hytta som vart Siskin sitt første hovudkvarter, er framleis i Foss-familien si eige. I dag ligg denne historiske staden inne mellom nye staselege hytter som er med og formar det moderne Hodlekve.
Slik såg hytta til Olav Foss ut då Siskin hadde hovudkvarteret sitt i Fosskamben. (Privat foto)
33 Hodlekvemagasinet
um for krigsdrama
d
imberli
eT : Run Tekst
Solskjerming er ein viktig del av hus og hytte!
Hodlekvemagasinet
34
Me har høg kompetanse innan dette faget, og hjelper deg gjerne med innvendig og utvendig måltilpassa solskjerming frå våre solide leverandørar Luxaflex og Royal. Me tilbyr oppmåling utan kostnad. Kom innom for eit uforpliktande tilbod med eller utan montering.
Parkvegen 17, 6856 Sogndal Tlf. 57 67 12 77
HISUND ATV og UTV – maskiner til jordbruk, jakt og fritid
HS550 ATV – T3 -traktorreg. Sogndalsfjøra
Vinsj, kulekrok m.m Kun Kr. 77 900
HS590 UTV camo T1 traktorreg. Vinsj, kulekrok m.m Kun Kr. 115 900 Din merkevarebutikk i Sogndal Tlf. 57 67 27 20 • Hovevegen 10 Kaupanger – tlf. 57 67 16 22 • www.maskinsenteret.com
35 Hodlekvemagasinet
PLATEARBEID VANNSKJÆRING MASKINERING SVEISING
HELLEBROT kring Halsavatnet
Hodlekvemagasinet
36
Fjella våre er fulle av kulturminne, for dei har vore brukte av folk i hundrevis - for ikkje å seia tusenvis – av år. Nokre er lette å sjå, slik som t.d. steinmurar etter gamle stølar, andre er vanskelegare å få auga på, eller krev noko kunnskap for at ein skal kunna skjøna kva ein ser. Fjellturane vert endå meir spennande når vi kan finna spor som er sette av generasjonar før oss. Ikkje minst er dette noko som kan setja fantasien i sving hjå ungane. Ein type kulturminne ein kan finna mange stader i fjella kring Sogndalsdalen er restar etter hellebrot, altså stader der ein i eldre tider har hogge ut skiferheller. Hedleberget, som stig bratt opp frå Fagragjevatnet, er sjølvsagt ein stad der det har vore brote ut heller, men dei mest spektakulære minna etter hellebrot trur eg ein kan finna om ein tek turen til austsida av dalen, køyrer Åsavegen frå Eggja til Elvagjengsåsen, fylgjer den gode stien til stølane på Uglaåsen og held fram oppover mot Halsavatnet. Ikkje langt over stølane, ved Rupeskar, ligg ein fjellformasjon som også heiter Hedleberget. Langs heile lia her ligg det tjukt med heller, helst vrakheller som ein ikkje har kunna nytta. Mengda vitnar om at arbeidet med å ta ut heller her må ha hatt eit stort omfang. I 1977-78 vart hellebrotet kartlagt av geologar frå Norges geologiske undersøkelse, for å sjå om det framleis kunne vera drivverdig. Konkusjonen vart negativ, «som følge av utilstrekkelige spalteegenskaper, liten mektighet, hyppige folder og ugunstig beliggnehet.» Ingenting av dette hindra likevel bønder i Sogndalsdalen i å driva ut heller her i lange tider, i alle fall meir enn 100 år. Minna etter verksemda ligg opp i dagen.
Rupeskard, med den store røysa med vrakheller, minne etter hellebrotet i Hedlebeget. Foto: Per Ryghau, NGU Og ikkje nok med det: Her kan ein også finna buplassen til dei som arbeidde med hellebrytinga. Framfor ein heller er det laga mur, og sett inn dør og glas., inne kan ein sjå at dei hadde både omn og sengebrisk.
Slik såg hytta under helleren ut etter at Oddvar Uglum hadde restaurert den. No har ho forfalle mykje, men enno er ho eit fascinerande syn. Foto: Oddvar Uglum Vi veit ikkje kor gamalt hellebrotet her er, men det var i alle fall i drift tidleg på 1800-talet. Då hadde ein teke til å bruka heller til taktekkjing, og dei vart ein viktig ressurs. Heller vart også brukte i kjøkengolv, kjellargolv og i fjøs- og stallgolv. Hellebrotet tilhøyrde dei som hadde beiterettar i området, og så tidleg som i 1827 ser vi at ein rett i hellebrotet vart seld frå eit bruk på Elvagjeng til bonden på Ormalseng, for ein god slump pengar. Elles ser det nok ut til at det mest var folk frå Ugla som dreiv heller her. Oddvar Uglum, ein av alpinsporten sine fedrar i Sogndal, og tidlegare eigar og drivar av Hodlekvetrekket, har fortalt om hellebrotet i det lokalhistoriske tidsskriftet «…so han sa…». Hellene vart kilte ut med handmakt om sumaren, og frakta ned til gardane i dalen på den første snøen med hest og «sloe», dvs. bjørketoppar som dei batt saman på ein spesiell måte. Dei kunne vera store og tunge, på Ugla var det mange heller på 2 og 3 m2. Det er til og med fortalt om ei helle som var 2 x 3 meter! Det var ein «storveges dugnad» å få hellene heim frå fjellet, har Oddvar Uglum fortalt Hellebrotet i Rupeskar på Uglaåsen skal ha vore i drift heilt fram til 1920-talet. Dei siste som dreiv ut heller her var Ivar Uglahagen, frå Ugla, og Elling Kalvskinn frå Heimdal i Fremstedalen. Medan dei arbeidde, budde dei i helleren
som dei hadde stelt til. Oddvar Uglum bygde opp att denne hytta for 20-30 år sidan, og sjølv om ho har forfalle mykje sidan den tid, er den stadig lett å oppdaga. Det er fascinerande å sjå korleis Ivar og Elling budde. Her var det ikkje mykje luksus; ein smal sengebrisk, 70 cm brei og ein liten vedomn. Heldigvis var det berre sumarbustad, om dei arbeidde utover hausten flytte dei ned til stølane på Uglaåsen, etter at bøndene hadde bufora heim i september. Det er ikkje langt frå hellebrotet til Halsavatnet, og her skaffa Ivar og Elling seg mat. Det er fortalt at dei hadde kvart sitt faste lineset. Hellebrotet ved Holmavatnet. Foto: Per Rughau, NGU
Frå Hellebrotet på Uglaåsen kan ein gå vidare på oppdagingsferd, og finna restar etter fleire andre hellebrot i fjellområdet her. Ved Holmavatnet, på høgda nordaust for det store Halsavatnet, ligg eitt av dei større. I dette området, ved Kvamsnystølen, har det til og med vore konfliktar mellom dalingar og bønder i Kvam om rettane til hellebrota. Kvamsingane meinte dalingane tok seg til rette og fann heller i brot som tilhøyrde dei. Saka enda i forliksrådet, der dei i 1832 vart samde om kvar grensene skulle gå.
Ved idylliske Holmavatnet vart det også drive ut heller. Minna etter verksemda er stadig lette å sjå, ved nordenden av vatnet, der lia tek til å halla nedover mot Hafslovatnet. Foto: Aage Engesæter
Kjelder: …so han sa…, 2004 Sogndal bygdebok, band 2 og 3 NGU-Rapport nr. 1560/11A. Undersøkelse av bygningsstein, Sogn og Fjordane
ter
ngesæ
eE : Aag Tekst
37 Hodlekvemagasinet
Under helleren var det både vedomn og sengebrisk. Dei kan ein enno sjå om ein tek turen til Uglaåsen. Foto: Oddvar Uglum
Langs nordvestsida av Øktarskarsholten kan ein og sjå restar av hellebrot. Geologar har observert fire ulike hellebrot her. Det største ligg lengst mot nord, altså nærast Hafslo. Langs botnen av den bratte fjellsida aust for Hundsvatnet finst også restar av hellebrot, likeeins ved det vetle vatnet Kyrauga, mellom Holmavatnet og Hundsvatnet. Det har også vore drive ut heller i Djupadal og ved Orrastadstølen. Ein sumartur i dette flotte fjellområdet aust for Sogndalsdalen kan altså by på mange spennande oppdagingar. Her kan ein ha fine familieturar, og borna vil garantert lata seg fascinera av dei kulturminna ein kan sjå. Kanskje kan ein også finna minne etter hellebrot andre stader enn dei eg har nemnt. Området er lett tilgjengeleg for både store og små, med mange inngangar. Bomvegen frå Eggja kan ein ta til Åsen og Elvagjengsåsen, og frå Fretland kjem ein lett til Djupadal og Hundsvatnet. God tur!
Eit berekraftig sykkeleldorado i emning Hodlekvemagasinet
38
Ein viktig del av destinasjonssatsinga kring Hodlekve og målet om heilårsdrift, er tilrettelagde stiar og anlegg for sykling. Tilrettelagde stiar for sykling vil vera eit av dei større fokuspunkta når det kjem til sommarsatsing.
sykkelbane som Ein pumptrack er ei eigenorganisert og er perfekt for leik blir ein naturleg s nde stu sam t, ivie akt iljøet. Det består sosial møteplass i nærm og hopp som gar svin e ert av kular, dos e for å skape pup å til ein brukar sykkelen mtrack». I tillegg til «pu net nav av der t. far t er det ei utruleg å vera veldig morosam teringsarena for rut rek og bra læringso å øve på for nok er terrengsykkel. Det hopp og heilt til kk, kni gte svin frå alt , alle e på sykkelen for grunnleggjande balans ar. ykl born på løypes rt av toppdekke Pumptrack med asfalte ruksarena for eirb fl m rso mo vert ein er skateboard, det en ant l, alle typar hju eller rullestol, kel syk rke rulleskøyter. spa er so godt so det som s nde stu sam vedlikehaldsfritt.
– For oss er det viktig at dei stiane som vert tilrettelagde til dette, er berekraftige stiar, som ligg fint naurleg inn i terrenget, seier Per Odd Grevsnes, dagleg leiar i Sogndal Skisenter Hodlekve. Driftsleiar Kim Andre Navarsete legg til at ein er avhengige av ulike faktorar for å lukkast på også dette området.
– For å få til dette er me avhengige av tett og god dialog med grunneigarar. Sykkelsatsinga i Hodlekve er eit langsiktig prosjekt, der me tek små steg om gangen. Me har saman med Rekkje Stiutvikling laga planar for kva som skal byggjast, kvar og når. Neste steg innan sykkelsatsinga, og som allereie har starta opp, er etableringa av pumptrack. – Me er så heldige at me har eit firma som heiter Rekkje Stiutvikling i Sogndal, dei er leiande i Noreg innan dette segmentet. Dei byggjer ein pumptrack i Rindabotn som også blir eit referanseprosjekt til seg sjølve. Referanseanlegget vert eit av dei framste, men ikkje det største, men med ein særs
høg kvalitet. Dei legg mykje i denne jobben kring dette prosjektet. Det vert eit unikt anlegg. Der ei integrert hopplinje er inkludert. Sjølve pumptracken får også eit fokus på grøntareal i midten, slik at det glir best mogleg inn i terrenget. Alt i nær tilknyting til Dalalåven, seier Grevsnes
mulegheitene til å kombinere det med langrennsløypene som også er under utvikling. Det me her snakkar om er det me kallar flytstiar. Lett tilgjengelege for store brukargrupper, tilrettelagde stiar der me ynskjer å kanalisere sykling inn på desse stiane, som skal tåle hard bruk.
– Hopplinja vert litt høgare terskel på, men skal kunne nyttast av alle. Topografien blir utruleg bra der linja strekkjer seg over 150 meter nedover parallelt med Toyotatrekket. Dette blir midt i det som vert definert som sentrumsområdet hjå skisenteret. Og i umiddelbar nærleik til Dalalåven, supplerer Navarsete.
Han poengterer at dei viktigaste faktorane er at det skal vera trygt, tilrettelagt for flest mogleg, folkehelse og eit attraktivt aktivitetstilbod som passar for flest moglege. Ein skal ha eit nivå og tilbod interessant nok til at ein reiser til Hodlekve for å nytte sykkeltilboda.
Etter at desse to etableringane no kjem på plass vert neste steg å lage endå fleire sykkelstiar ute i terrenget. Grevsnes greiar ut: – Rekkje Stiutvikling utarbeidar ein masterplan, der me mellom anna ser på
– Me skal bli ein heilårsdestinasjon i Sogn. Me legg lista høgt, målet er eit heilskapleg tilbod anten det er turgåing, overnatting, skikøyring. Bort, opp eller nedover eller på sykkelsetet.
A/S Arkitektkontoret 4B - pb 244 - 6852 Sogndal • tlf. 57 62 77 50
Vi hjelper deg med å realisere hyttedrømmen i Hodlekve! ODD-RUNE FLO Hyttekonsulent odd.rune.flo@tindehytter.no +47 906 20 299
Vi tilbyr alt innen:
Frisørbehandlinger,manicure,pedicure, reflexologi,massasje og voksbehandlinger. Du finn oss i parkveien 13 • Telf:57671010 Eller book time på Fixit.no VELKOMMEN INNOM Hilsen oss på
Sogndal • Tel. 95 94 29 54 • E-post: e.e.holme@gmail.com
Tlf. 95 80 53 70
Sogndal • Tel. 95 94 29 54 • E-post: e.e.holme@gmail.com
Besøksadresse: Vangestadvegen 2, Kaupanger | Tlf: 57 67 86 32 | E-post: post@wsaethre.no | Web: www.wsaethre.no
Vi produserer og leverer skreddarsydde beslag, pipebeslag og takhetter i lakkert stål, aluminium, kobber og sink. Lagerførande leverandør av takrenne i aluminium og stål. Alt i ventilasjon.
39 Hodlekvemagasinet
Opplev Tindekvaliteten!
Trykksaker • Reklame • Profilering Foto • Lerret • Folie • PVC
Ta kontakt for konkurransedyktige prisar. Me har fokus på ekstra tett oppfølgjing og rask levering. Profilering og synlegheit er viktig. Me kjem gjerne på besøk hjå di verksemd for å saman finne dei beste løysingane for deg. Spør oss om råd neste gong du skal profilera deg, me bryr oss. Me er eit Svanemerka trykkeri! Ingvald Husabø Prenteverk AS | Riverdalen 5, 6863 Leikanger | Tlf. 57 65 60 05 | Mail: post@ihp.no
ARS-Autorisert Rekneskapsførarselskap Tel: +47 916 96 842 Mail: martin@loftesnesrekneskap.no
God mat på hytta? Bestill lokale råvarer eller få ferdig catering hjå oss. Berre tilsett matglede! Kontakt Ellevilt på 916 66 909 Eller send oss ein melding på facebook ellevilt.as | facebook.com/ellevilt
KJØT FISK VILT
Telefon: 57 67 11 11 sognkulde.no
www.solbergelservice.no
larserik@solbergelservice.no
Tel 977 677 33
gasta.no
Hodlekvemagasinet
40
Dalavegen 945, 6857 Sogndal Tlf. 468 85 035
Rydda heime? Leig containerar av oss! Sjå sirkla.no eller ring tel. 57 00 90 40
”gla´ i avfall” / sirkla.no
Telefon: 57 62 70 60
Sjøkanten
Sykkel og fiske Med Hodlekve som utgangspunkt er det kort veg til området Fagereggja der gode fiskevatn ligg og ventar. Ein liten times gange og du er midt i eit eldorado av fjellvatn. Fiskekortet får du for ein rimeleg peng. Kollsetevatnet, Nipevatnet, Rundavatnet, Langevatnet, Rysetevatnet og ikkje minst, Trastadalsvatnet kan gje gode fiskeopplevingar. Også vatnet på Fjærlandsete er kjent for godt fiske, litt lenger unna. Eller vatnet med det klingande namnet Bodlasteinsvatnet!
Etter kvart har sykkelsporten blitt ein av dei store i distriktet. Mountain-bike tek deg til heilt nye stader, også til fjells. Dei siste åra er det stadig fleire som finn denne aktiviteten både spennande og utfordrande.
Hodlekvemagasinet
Med den rette spinnaren kan du sikra kveldsmaten, eller i beste fall ein middag viss du har rette fiskelukka. Sjølv var eg så heldig å læra fiskekunsten på Fagereggja i ungdomsåra, der Ivar og Dagny Kollsete har hytte. Det var spenning, kalde fingrar, tolmodsprøve, med fisketroe eller oter. Gode opplevingar, og som regel med godt fiske viss det var den rette «grelen», som Ivar allltid snakka om – ein liten bris.
41
Den første sykkelparken vart opna i fjor sommar. Ei populær og fin løype, særleg for dei yngste. Etter kvart vil tilbodet bli utvida. Den første sykkelparken i Hodlekve vart opna i fjor sommar. Ei fin løype, spesielt for den yngre garde. Snart kjem det fleire nye løyper av ulik vanskegrad og utfordring. Og snart ser du nok syklistar på veg ned i alpinløypene og. I alle fall vil dette tilbodet spela ei viktig rolle i framtida til Hodlekve som turdestinasjon. Sommar som vinter.
Denne fisken vart landa i Trastadalsvatnet. Raud og fin var han, og bra storleik.
Du finn oss på Amfi Sogningen storsenter
• • • • •
Hodlekvemagasinet
42
• Alpint (Head) • Snowboard • Fjellski • Felleski (langrenn) • Sko - Hjelmar - Stavar • Pulk • Hurtiggliding av ski • Salg av sportsutstyr
Stort utval av alt du treng til toppturen Våre skiekspertar finn rett utstyr tilpassa ditt behov Vondt i beina? Vi kan sko og varmetilpassar / blokker Skiverkstad med slip / prepp / montering og reparasjon Stikk innom for ein skiprat - ferske tur og snørapportar
Valeberg, 6854 Kaupanger
SOGNDAL
BILVASK • MAT • STORKIOSK
Campus Fosshaugane Trolladalen 30, 6856 Sogndal Telefon: 57 67 16 19
43
AMFI Sogningen • tlf.: 57 67 18 80 • www.traktoren.no
Hodlekvemagasinet
Jao oss faor du innmaten te hyttao di. Kjøkenutstyr, glas, servise, møblar m.m.
Maxitaxi: 951 02 660
gjennomtenkt. gjennomført. gasta.no
Skal du ha eit selskap? • Vel mellom tre ulike trerettarsmenyar • Frå 15 og heilt opp til 100 personar i lokala
www.havnen.no
Hjå Restauranthuset Malin kan du ha både
Telefon 908 27 344
store og små selskap, medan du får servert ein nydelig trerettars til selskapet. For meir informasjon: Ring 57 67 87 00 eller sjå restauranthusetmalin.no
HAVNEN ANLEGG Skarpeteigvegen 13
6854 Kaupanger
AS
Hodlekve
påskeutfart for ei stund si
Hodlekvemagasinet
44
Utviklinga ved Hodlekve skisenter har vore eventyrleg dei siste åra. Frå vegen vart bygd for bilkøyring på slutten av 1960-talet, kom etter kvart SIL-hytta, lysløypa og Oddvar Uglum sitt mini-max skitrekk tidleg på 1970-talet. I 1980 stod Poma-trekket klart i høve junior-NM alpint det året. Det var starten på det som i dag er fjellandsbyen og Hodlekve skisenter.
tida var feller eit ukjent begrep. Dei første fellene kom vel tidleg på 70-talet. Skia skulle smørjast, og me er vel nokre få som svergar til dette den dag i dag!
Den gongen var det Blå eller Lilla Swix, Rex, Rode eller Ex-elite, Østbye vokssmurning eller universlaklister, Bratlie og Findal som var tingen. Og sjølvsagt Record, sølvvoks og parafinbiten for å ha god gli til nedfarten. Det var ein heil prosess. Kandahar-bindingane var gode og stabile dei – litt verre med rottefella når du skulle ned att. Preparerte løyper var ukjende på den tida, så kontrasten til dagens variantar av fjellski, som no er like bra som alpinutstyret me brukte, er svært stor. Treski og hardvedkant Skia var gjerne av typen Splitkein, Toppen, Madshus, Åsnes, Bonna eller Troll. Nokre med hardvedkant, som ga betre høve til å svinga. Nokre sette også på stålkantar for å få betre grep mot underlaget. I Stedjekamben var det gjerne ein liten stopp hjå Hjelpekorpset, Røde Kors som serverte buljong eller saft frå eit vindauga i ei hytte der. Dei vanlegaste turane gjekk til Fagereggja, Rysete, Hedleberget, Britastein, Blåfjedle eller Fjærlandsete og Voggebreen for dei som ønskte ein litt lengre tur. Preparerte løyper var ukjent, og det var gjerne dei ivrigaste som brøytte og laga løype opp i fjellområda. På 60-talet var det nokre våghalsar som laga ei utforløype frå Hedleberget og rett ned til vatnet på Fagereggja. Det var verkeleg ei dristig og krevande løype med den tidas utstyr! Du trengte heile Fagereggvatnet før du stoppa på andre sida. Betre utstyr, betre løypenett
Skia eg har brukt til mange, og nokre lange turar med utgangspunkt i Hodlekve. Bonna langrennski med rottefella-bindingar var ei stor nyvinning midt på 60-talet. Splitkeinskia med kandahar-bindingar fungerte godt til heilt fram til ut på 80-talet. Før vegeutløysinga var det parkeringsplassen nede ved Hodlekvebrua som var basen. Nokre starta skituren der nede, men dei fleste tok skia på skuldrane opp til Hodlekve for smurning og klargjering der. På denne
I dag er utstyr og anlegg av eit heilt anna format. Sko, bindingar og ikkje minst skia er moderniserte og teknisk langt betre. Eit utal variantar av toppturski, frikøyringski eller bakkeski. Og skismurning er blitt enklare – med felleski på vegen oppover. Talet på turgåarar i fjellet har auka i takt med denne utviklinga. Lettare tilgjenge og fleire heisar gjer sitt til at mange fleire no tek turen i fjellområda med utgangspunkt frå Hodlekve. Løypenettet er blitt utbetra, og preparerte løyper finn ein nær sagt over alt, frå skianlegget i Hodlekve og langt til fjells. Turen til Høgehaug er autostradaen som mange nyttar, overkomeleg som han er. All grunn til å rosa løypegjengen i Hodlekve Skisenter – snakk om å leggja til rette for alle!
e
d sidan Plass til mange i huset på lasteplanet når heile grenda skulle på skitur.
Hodlekvemagasinet
45
Påskeutfart for 85 år sidan. Som de ser var utstyret annleis enn dagens. Men skigleda heilt sikkert like stor. Topptur – den nye trenden Fenoménet topptur har blitt eit moteord, og for mange ein del av sjølve «livet i Sogndal». Puddersnø eller laussnøkøyring er blitt meir og meir populært, og spektakulert. Som bileta viser har utforminga av ski og bindingar utvikla seg enormt og i takt med dette. Turskia i dag liknar meir det alpine utstyret, og nedfarten blir desto meir interessant der du kan flyta oppå og ha betre styring på skia. Dagens plankar er noko heilt anna enn det som var vanleg på 1960- og 70-talet. Carvingskia var ei stor nyvinning, svingar lettare, og dei breie fjellskia gjer at du no kan nyta nedfarten på ein heilt annan måte, trass i djup nysnø a la pudder. Og i langrennsløypene er aktiviteten stor heile vinteren. Her kan du starta tidleg føremiddag i velpreppa løyper i eit variert nett av løyper, klassisk eller fristil som du ønskjer. Lysløypa som vart bygd midt på 1980-talet er populær og gjer at kveldane også kan nyttast til skiglede.
varsete
Na : Jon Tekst
Aktuelle skismurningar som me alltid hadde med i sekken. Record og sølvvoks var den tidas superglid for nedturen frå Blåfjedle eller Hedleberget.
Hodlekvemagasinet
46
Din lokale elektronikkbutikk i Sogndal!
Hos oss finner du kjente merkevarer til lave priser!
Vi har det du trenger til både hus og hytte. Kom gjerne innom for en prat eller se vårt utvalg. Velkommen hjem til oss i Elon Sogndal for en hyggelig handel! Elon Sogndal Sjøkanten Stedjevegen 38, 6856 Sogndal
- Din lokale elektronikkbutikk i Sogndal
Åpningstider: man - fre: 10 - 18 lørdag: 10 - 16 TLF: 92 25 23 45
Svane Intelligel Zense kontinentalseng og Paris hovudgavl.
Woodstory konsollbord med hylle i valgfri farge med Trendy speil.
Hodlekvemagasinet
47
Mantovani modulsofa frå Hjellegjerde.
Ta med teikningar, vi hjelper deg å finne dei optimale løysingane!
Opningstider: Man. - tys. - ons. - fre. Torsdag Laurdag
10.00–17.00 10.00–18.00 10.00–16.00
Sogndal
Møbelringen Sogndal Tlf: 57 67 69 00 Sjøkanten, Stedjevegen 38 6856 Sogndal
Foto: Håvard Nesbø
55 spreke butikkar!
Hodlekvemagasinet
48
Subway Meny med søndagsbutikk !
10-22 Meny
Rema 1000
8-23 (8-21) Søndag: 10-22
7-23 (8-21)
Vinmonopolet
10-17 Torsdag-fredag 10-18 Laurdag: 10-15
AMFI Mykje å gle seg til. Alltid.
Apotek 1 9-19 (10-18)