Hodlekvemagasinet Nr. 3

Page 1

VINTEREN 2018/19

www.sogndalskisenter.no


Tida går fort når me har det moro! Hodlekvemagasinet

2

På den mest travle dagen i Hodlekve denne hausten telte me over 30 anleggsmaskiner i anlegget! Maskinene fordeler seg på ca. 20 hyttetomter, Dalalåven og arbeid med sykkelstiar og nedfartar. No gler me oss til vinteren! Førehandssalet av sesongkort er viktig for økonomien i anlegget. I fjor var det rekordmange som slo til og handla sesongkort i den rabatterte kampanjeperioden.

HODLEKVEMAGASINET Utgjevar:

I år varer denne perioden fram til 1. desember. Viktig å få med seg om du vil nytte høvet til å sikre deg den beste julegåva nokon kan få under treet dette året J Sommarhalvåret blir viktigare og viktigare for Sogndal Skisenter. Dermed må me snart tenke på nytt namn J Denne sommaren har me jobba med å tilrettelegge for stisykling. Den tippemiddelfinasierte sykkelstien i Kambabotn (ved Rindabotn) er snart ferdig. Dette er ein familiesti som og dannar starten på eit framtidig stinettverk. I tillegg har me på dugnad byrja å lage stiar for den eldre garde. Til neste sommar kan du såleis sykle frå Kambabotn og ned til Hodlekvetrekket på ein delvis handlaga sti, der Stian Lie både har vore initiativtakar, dugnadssjef og arkitekt. Utan dugnadsinnsatsen frå Stian og mange fleire hadde me ikkje fått til den utviklinga som me no ser i Hodlekve! I sommar var det omlag 50 varme senger fordelt på omlag 10 hytter. Dei ulike hytteeigarane som har leigt ut hyttene sine har hatt bra belegg, og til neste år vil endå fleire leige ut hyttene sine om sommaren. Skisenteret ynskjer i framtida å kunne tilby hytteigarane tenester knytt til utleige og drift av dei ulike hyttene. I fjor la skisenteret ned mykje innsats i å kunne tilby gode langrenns- og fjelløyper. Utfordringa vår knytt til denne

Sogndal Skisenter Drift as Fosshaugane Campus Trolladalen 30, 6856 Sogndal

aktiviteten er at det er kostbart. Det var derfor gledeleg at så mange av brukarane betalte den frivillige løypeavgifta, men det er framleis eit stykke å gå dersom me skal forsvare den innsatsen som me legg ned i dette arbeidet. Me vonar derfor at me i sesongen som kjem vil klare å få endå fleire med oss på den frivillige ordninga. Me er no klare for atter ein fantastisk sesong hjå oss. Me gler oss til blåtimeturane til Høgehaug, me gler oss til å ligge på skjer ned nypreparerte løyper. Me gler oss til Olafen rockar showet i barnetrekket. Me gler oss til dei djupaste dagane i skogen. Me gler oss til å ta imot endå fleire som nyttar hytta si for første gong i vinter. Me gler oss til kakaoen til Lise. Me gler oss til Fjellsportfestivalen, til Furberg banked. Me gler oss til å treffe alle nye smilande fjes. Me gler oss til å treffe deg igjen. Me gler oss til å skape tidenes skisesong saman. Me gler oss til skigleda, det er dette det handlar om. Helsing frå Per Odd Grevsnes Dagleg leiar Sogndal Skisenter Hodlekve

Opplag: 11.000 Redaksjonelt: Håvard Nesbø Bilde: Håvard Nesbø om ikkje anna er nemnt Framsidefoto: Vegard Byrkjeland Aasen Annonsar: Svein Olav Haugen, epost: soh@sogndalfotball.no Layout og trykk: Ingvald Husabø Prenteverk as


MØBLER SKAPT FOR LIVET

Velkommen innom til vårt flotte Hødnebø studio!

Møbelringen Sogndal Tlf: 57 67 69 00 Sjøkanten, Stedjevegen 38 6856 Sogndal

Opningstider: Man. - tys. - ons. - fre. Torsdag Laurdag

09.30–17.00 10.00–18.00 10.00–15.00

Sogndal

Opningstider Sogndal Skisenter Alpint

Onsdag -Torsdag - Fredag 10 - 16 (Kun Rindabotn) Helg: Laurdag - Søndag 10 - 16 (Kalvavatni - Hodlekve - Rindabotn - begge barnetrekk) Kveldskøyring Tysdag - Torsdag - Fredag 18 - 21

Langrenn

Vekedagar: Lysløype 5 km. oppkøyrt til kl. 17 Helg: Lysløype 5 km og 10 km. oppkøyrt til kl. 10 Fjelløyper til Rysete, Høgehaug, Fjærlandsete: Vèravhengig, følg med på heimesider og facebook for fortløpande oppdateringar når det vert preppa. Vel møtt !

Hodlekvemagasinet

KUN HOS

3


Knallhard jobb og spenstige planar Hodlekvemagasinet

4

I SOGNDAL SKISENTER Hodlekve føregår det ein jobb kvar dag heile året. Anlegget er i kraftig vekst, og skal ein tru driftsleiaren så er det mykje å gle seg til allereie no i vinter. GJENNOM VINTEREN GÅR tida med til å sikre ei kontinurleg drift av skianlegget på ein trygg og effektiv måte. Skal ein få tid til utbetringar og vidare utvikling av anlegget må ein nytta tida når snøen er vekke særs godt.

DET ER IKKJE mykje kviletid for driftsleiar i Sogndal Skisenter Hodlekve, Kim Andre Navarsete. – I fjor vinter fekk me opp eit nytt og kjærkome barnetrekk i Kambabotn. Dette er eit lågterskeltilbod til dei minste, og til nybyrjarane. Det synte seg at frå første driftsdag var dette eit umåteleg populært område, med full aktivitet heile vegen. På same området har me no i sommar bygd ut eit lågterskeltilbod med ei ny stisykkelløype. Slik legg me til rette for aktivitet også når snøen er vekke. Dette er første steget i å etablere anlegget som eit heilårsanlegg. FOR DEI SOM ynskjer seg fleire alternativ nedover i dei preparerte løypene, er det også nye mulegheiter i år. – I fjor utvida me med ny familieløype frå toppen av Kalvavatni og heilt ned til heishuset i Rindabotn. Framfor sesongen no har me laga til endå ei heilt ny familieløype frå toppen av

Rindabotn og ned. Dette har me gjort fordi den gamle bakken var litt for bratt for nokre. Brukarane møter i år eit meir allsidig tilbod av løyper, fortel Navarsete. Han legg til at i nederste del av Rindabotntraséen gjamnar ein også ut. – SAMAN MED TOMTEKJØPARANE har me i år oppretta eit deponi av jordmassar, som me tippar i nedfartane. Soleis får me planert endå betre ut, noko som igjen gjer at me krev mindre snø for å drifta. Dette fører til lengre driftstid og sesong. DET VERT OGSÅ gjort grep for å gjere anlegget meir attraktivt å bruke om sommaren. Stisykling og vandrestiar skal på plass. – Me har no større fokus på heilårsdrift her oppe. Me planlegg å kloppe sti til Rysete, slik at ein kan gå «tørrskodd»

opp der. Me har også hogge skog, slik at ein kan gå ein rundtur frå parkeringen i Rindabotn, via heishus i Kalvavatni og til toppen av det gamle Hodlekvetrekket. For så å koma ned att på grusvegen og følgja den tilbake til utgangspunktet. På toppen av trekket skal me også sette opp ein kvilebenk og ei turpostkasse. Me merkjer også opp ein nydeleg tursti langs, med elva Reipa. Stien ligg der allereie, men det er få som har nytta den. Ein enkel og fin sti til både lågterskelsykling og gåturar. DET MANGE SIKKERT nok ventar på, er kva som blir det neste og verkeleg store grepet som vil bli gjort i Sogndal Skisenter Hodlekve. – Me er godt i gang med planlegginga av det som kjem til å bli det største løftet me kjem til å få oppleva dei nærmaste åra. Me planlegg nemleg T-kroktrekk frå toppen av Rindabotn-trekket og heilt opp


Hodlekvemagasinet

5

til Kambafjellet. Dette vil opne opp for eit ekstremt stort område for frikøyring, og gjev oss mulegheit for endå tidlegare opning. Me får også eit mykje større område til å lage flotte familievenlege løyper. Der alle endar opp nede ved den nye Dalalåven. Me jobbar no med terrengprofilen, og å sette trekktraséen. Det tek ikkje lange stunda å gå på Blåfjell når dette trekket kjem opp. DET ER MANGE fleire prosjekt i Hodlekveeventyret som er på gang. Men

noko må ein halda hemmeleg endå ei lita stund. Men driftsleiaren lovar nye flotte overaskingar framover. – Me har fått gjort veldig mykje denne sommarsesongen. Det har vel aldri vore større aktivitet her oppe. Me har mange ballar i lufta. Først utvikle det me allereie har til å bli endå betre. Me har mange og store planar. Me må ta eitt steg om gangen. Utviklinga går fort her no, og det vil nok ikkje stogge med det første smilar Navarsete lurt.

FØR DEN TID Navarsete vil lette endå meir på løyndommane, så får ein berre gjere seg klar til ein ny skisesong i Hodlekve. Går alt etter planen så er det heller ikkje lenge før den nye storstova, Dalalåven står klar. Her blir det kafé, skiutleige og butikk, afterski og billettkontor. Nedfartane er blitt utbetra, og preppemaskinene er klare. Ein ny sesong ventar deg i eventyret Hodlekve.


Rinden – med vindusplass mot S Hodlekvemagasinet

6

Endeleg. No startar førehandsalet i det nye feltet Rinden. Her vert det 15 tomter med fantastisk utsikt og ikkje minst gode solforhold. Jomar Haukås er full av entusiasme over det nye feltet. Dette er det fjerde byggetrinnet i Hodlekve. – Det nye hytteområdet følgjer ryggen oppover Rinden, og er lokalisert mellom skitrekk og nedfartar. Arbeidet med feltet skal vere ferdig i løpet av hausten og gje 15 tomter, alle med «vindusplass mot Sogndalsdalen». I det nye feltet vert det også høve til å kjøpe seg leilegheit. Hodlekve Panorama vil i første fase bestå av 3 bygg med 4 leilegheiter i kvart bygg.

– Her kan du kjøpe deg hyttekos – ikkje vedlikehald, seier Terje Thorsnes. Det er Sognehus ved Thorsnes som står bak Hodlekve Panorama. – Her er det lagt opp til skikkeleg hyttestil med beisa trepanel på vegger, lasert takpanel, eikeparkett på golv og lislagt golv på bad og gang. I dette prosjektet har vi fokus på minimalt vedlikehald og høg trivselsfaktor, seier Thorsnes. I Hodlekve er det for tida høg aktivitet. Dalalåven er på veg opp og vert ein møteplass for alle. Nytt barnetrekk er på plass i Rindabotn og ein fantastisk gjeng bygger sykkelsti i granskogen og skibakken. I tillegg er første fase i eit lågterskeltilbod innan stisykling nesten ferdig. Dette er første del i eit større nettverk med sykkelstiar. Innan berre kort tid aukar aktivitetstilbodet i Sogndal Skisenter Hodlekve, betrakteleg, også om sommaren.


ot Sogndalsdalen Hodlekvemagasinet

vi er

7


BJØRN NESS:

Mitt Hodlekve Hodlekvemagasinet

8

FRÅ EG VAR LITEN drog han far meg med på mange skiturar i Sogndalsdalen. Dei fleste gjekk til Blåfjellet. Det var ikkje noko skitrekk opp den gongen, første gong eg var på Blåfjell var eg seks år gamal, me gjekk på treski sjølvsagt. Me gjekk alltid opp ruta som går der den gamle heistraseen er i Hodlekve. Vidare over Vardafjell til Kambafjellet og til topps på Blåfjellet. Eg tenkte aldri at det gjekk an å gå opp via Britastein før eg vart vaksen. Far min si rute gjekk berre opp, over Hodlekve, og slik skulle det vere. Eg har vidareført skigleda til mine eigne born no, men det på betre ski og utstyr enn kva me hadde som små.

standard å høyra frå han Oddvar. Men det var heilt greitt. Det var på ein måte løna hans. Ein kopp kaffi hjå mora. Det var ei fantastisk tid å tenka tilbake på i dag. Faktisk er dei episodane i bilen noko av det eg hugsar best.

EG HUGSAR AT når me borna stod på toppen av Blåfjellet so sa me: –Tenk om me hadde hatt alpinski ned att no. Toppturski i dag er skapt for akkurat dette, fin tur opp, endå betre tur ned, ustyr som er skapt for våre fjell.

NO I DAG er eg ikkje i tvil om at det som skjer og har skjedd kring anlegget, så er det veldig framtidsretta. Ei utvikling må til, og eg er sikker på at det som skjer no er rette vegen å gå. Sjølv om området blir berre meir og meir populært så er det ikkje problem å få gå i fred i fjellet. Det er so mykje å ta av heilt nært.

EG VAR OGSÅ så heldig at eg fekk vera med då han Oddvar Uglum starta opp det første tautrekket i Hodlekve. Heile utviklinga då kroken på tauet spratt i alle rettningar, til den første t-kroken. Eg hugsar godt han Oddvar som fylte opp bilen sin med ungar, nede i Sogndalsfjøra, reiste fram i Sogndalsdalen. Der kveika han igang heisen, og det var full fart i bakken. Sjølvsagt køyrde han oss heim att også. Men det var ofte han skulle berre nett ein liten stogg på Ugla, hjå mor si. Me borna sat i bilen og venta medan han Oddvar var inne og fekk seg ein kaffi. «Eg må berre nett inn ein liten tur» Var

EG MÅ FÅ nemna han Jan Stedje, når eg nevner det neste steget i Hodlekve, då me fekk nytt skitrekk nokre år seinare. Jan, var ein skikkeleg motor for å få til aktivitetar. Då byrja me med meir treningsretta skikøyring, ikkje berre leik og moro, på alpintsida. For meg har Hodlekve vore ein unik oppvekstplass gjennom mange år heile vintrane.

EIT EKSEMPEL ER at førre påske så var meldt om rekordmykje folk til fjells på skjærtorsdag og den årvisse grillinga til Røde Kors ved Britabu. Meg og min betre halvdel var der også, men i staden for å gå den vanlege traseen opp, gjekk me nokre steinkast til venstre. Det var uspora, møtte ikkje eit menneske før me kom fram. Det eg vil fram til er at muligheitene er utruleg gode uansett kva ein vil velja, om ein vil gå for seg sjølv eller i godt lag med mange andre.

EG TENKJER AT hovudstyrken til plasseringa til Sogndal Skisenter består av nokre få elementære faktorar som skapar ein heilskap, og gjer til at dette er ein unik plass for skigåing. Det er noko for alle. Eit fantastisk fjellskiområde inn mot Fagreggi, Fjærlandsete opp mot Høgehaug og Trastadalen. Ein kan gå mykje lenger i alle retningar også. Og sjølvsagt så finn ein lett tilgjengeleg bratt skikøyring på alle nivå. MEN NÅR DET er sagt, så er der jo ein ting til som er viktig. Det er ikkje moro å stå på ski utan snø. Det er nok det beste med Hodlekve. Det er alltid snø der gjennom vinteren. Eg tenker at ein finn alltid mulegheiter til å stå på ski i Noreg sjølvsagt. Men ser ein ein heil sesong under eit, så er nok Hodlekve heilt unik når det kjem til tal gode skidagar. I tillegg er sesongen i Sogndalsdalen ein


Hodlekvemagasinet

9

av landets lengste, der det er skitrekk. Hugs at ein finn stort sett veldig bra snø frå november til juni månad, sjølvsagt må ein ha lokalkunnskap og vita kvar ein skal leita, nokre gonger. EIN ANNAN VIKTIG faktor når me snakkar om snø er alternativa ein har. Når det er grautande tjukk skodde med null sikt, eller vind og skredutsett i høgfjellet, så har me verdas beste skogskøyring. Heile Sogndalsdalen har fine bjørkelier som ligg i eit leikent skiterreng, det er berre og velja å vraka. Eg forstår godt at folk reiser over Atlanterhavet for å leika i skogane våre. HODLEKVE ER OGSÅ eit glimrande utgangspunkt for skiturar i høgfjellet, eller toppturar som dei kallar det i dag. Som nevnt tidlegare så er turen til Blåfjell fin. Det er ein kjempetur for nybyrjarar, folk som vil venje seg til bruken av dagens utstyr. Her kan ein komme seg trygt opp og ned under alle forhold, sjølv om ein alltid skal vurdera forholda før ein legg i veg. Ein kjem seg fint opp og ned utan å

rote seg bort i eksponert terreng, om ein vel dei rette rutene. Frå toppen kan ein også ta seg over til det me kallar baksida, eller Nonsholten. Då får ein over 900 høgdemeter med fantastisk skikøyring ned mot Gunvordal, mykje av nedkøyringa der går i ekpsonert område, så ein bør her ha kunnskap om skredvurdering og sikre vegval. Det har gått fleire skred i dette området. Men snøen som ligg her er stort sett magisk, gjer ein rette vurderingar så går det stort sett heilt fint. I dette området kan ein jo berre gå oppatt og nedatt over alt. Ein kan drive på i fleire dagar utan problem. EI ANNA PERLE eg vil nemna er turen over Synnevaskjer, Voggebreen, opp på Stav, over Troeggi og ned til Hella. Dette er kva ein kan kalle panoramaruta. Ein går mest på taket av Sognefjorden, fantastisk fjordutsikt, på skikkeleg klårversdagar, ser ein mykje Sognefjord, Jostedalsbre, Hurrungar og andre flotte fjell. Ein tur som ein bør vere i ok form for å gjennomføra. Turen er relativt lang, men ikkje teknisk vanskeleg og ein kan legge

ruta slik at ein unngår eksponert terreng. Første gang ein går den er det jo greitt å ha med lokalkjente. Dei fleste går den frå april og utover. Dette er ein tur som kan samanliknast med dei meir kjente turane folk reiser ned i alpane for å gå. Tenk på det neste gang. EG VIL AVSLUTTA med å trekke fram miljøet kring Hodlekve og jobben som har blitt og blir lagt ned for å utvikla området. Det har i alle år vore ein kjerne med lokale entusiastar. No kjem nye til, ekstremt gode unge skikøyrarar. Eg pratar med folk som har bygd seg hytte og bur til vanleg andre stader utanfor Sogn. Det er berre smil å sjå, ekte skiglede. Alle er der av ein og same grunn, stå på ski i den beste snøen. Mangfaldet ein i dag møter når ein er på ski, gjer noko med ein. Det er då eg tenkjer tilbake på dei første turane for snart femti år sidan. Kor utruleg moro me hadde det, minna sit i enno. Denne leiken lever i beste velgåande i dag. Skigleda er blitt vidareført, og det er i Hodlekve ein finn den upolert, i femti nye år, minst.


Vi møtast på Campus Sogndal - Fylket sin største møteplass. Det er 3-4.000 menneske innom Campus Sogndal kvar dag. Samspel, sosial utvikling, næring, entreprenørskap, idrett, læring og kompetanse står i sentrum. Eit campus på Fosshaugane drøymte vi om, og det vart mykje større enn draumen. Mange aktørar har grunn til å vere stolte av dette. Fosshaugane – Campus Sogndal er hovudarenaen til Sogndal Fotball. Men Campus er mykje meir enn fotball. Høgskulen på Vestlandet, Sogndal vidaregåande skule, Kvåle skule, Vestlandsforsking, eit breitt tiltaksapparat, mange private næringsverksemder, gründerlokale, fleire idrettsarenaer og mykje meir finn du på Fosshaugane.

Hodlekvemagasinet

10

I Sognahallen finn du Sogndal Klatresenter og verdas finaste klatrevegg, og ein av to europeiske klatrearenaer som har eit komplett klatretilbod i alle OL-greinene i klatring. Sogndal klatreklubb er ein av landets mest aktive. Her kan du prøve speedklatring og buldring. Vanleg led-klatring i den store veggen og kursveggane. I nær framtid vil Sogndal Klatresenter utvide med ein eigen buldrehall og bli endå meir barnevenleg. Idrettsenteret AS – møteplass for alle - er eit knutepunkt på Campus Sogndal. I tett samspel med Høgskulen har senteret instruktørar med høg kompetanse, syter for god rettleiing og formidling anten om ein er profesjonell idrettsutøvar eller mosjonist. Om du har ein draum om å bli gründer eller berre ynskjer å bli ein del av eit dynamisk skapande og kreativt kompetansemiljø, så er Campus Sogndal rette staden å vere. Det har aldri vore lettare å bli integrert. Av hjelpande nevar finn ein både Innovasjon Norge, Sogn Næring og Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane her. Sogn Næring yter gratis hjelp til bedriftsetablering. Det er alltid plass til fleire på Campus Sogndal. Ynskjer du meir informasjon kan du ta kontakt her:

Sogn Næring AS – Trolladalen 30, 6856 Sogndal – E-post: post@sognnaring.no


stort utvalG

– GoDE PrIsEr – Weston 3 seter i Eco hud lys brun.

Stone rundt spisebord m/uttrekk lys grå oljet ask m/raw look og svarte stålben. Finnes også i eik og ulike farger i treverket. Ella spisestol med arm i stoff Mine. Stort utvalg i stoff.

Weston 3-seter

NÅ Kr

7.999 sPar 2000

Gratis befaring, ta gjerne kontakt for avtale. Me hjelper deg med dei optimale løysingane!

SOGN

Kaupanger – Tlf. 57 67 74 40 ÅPENT 10-19 (16)

SOGN

Kaupanger – Tlf. 57 67 74 40 ÅPENT 10-19 (16)

11 Hodlekvemagasinet

Toppmodellen fra Signature Collection Sleeping. Scs 7070 kontinetalseng med flexisone, pocketfjærer og 7 komfortsoner. 3 fasthetsgrater, kantstabil, Pulse Latex overmadrass med vaskbart trekk.


LISE SUNDBERG:

Hodlekve starten på det gode liv Hodlekvemagasinet

12

NÅR EG OG FAMILIEN min flytte til Sogndal i desember 2003, var planen at me berre skulle bu her ei lita stund. Mest som eit prøveprosjekt. No skriv me 2018, og jammen er me her ennå. DET TOK IKKJE LANGE stunda før me fann ut, at om me skulle bli kjent med folk, så var Hodlekve den rette plassen. Det var jo der folk stort sett oppheldt seg på fritida i vintersesongen. Me var på ski kvar einaste helg. ALLE I FAMILIEN var nybyrjarar på nedoverski og snøbrett. Men det gjorde ingenting. Det var der me møtte folket. Det var mykje lettare for både oss vaksne, og borna å komma i kontakt med sogndølene der oppe enn nede i sentrum. Slik bygde me oss fort opp ein omgangskrins med gode vener. Det var i grunnen ein veldig viktig del av livet vårt. Hodlekve vart ein brubyggjar for oss. Det var her me bygde nettverket, så Hodlekve har vore og er ein fantastisk integreringsplass. HODLEKVE ER EIN plass for alle. Frå Kong Salomon til Jørgen Hattemakar. Det er ikkje av betydning kven ein er og kva status ein har, i Hodlekve er me alle like. Me møtest for ei felles interesse, for å slappe av og for å ha det moro i fjellet. Me samlast rundt ei felles glede og interesse for å stå på ski. EIN KAN REISA til Hodlekve heilt åleina. Ein veit at ein alltid møter nokon ein

kan slå av den gode praten med. Det er eit rom for alle. Fordommar og dårlege haldningar vert lagt att heime. Den positive følelsen er noko alle som er der oppe kjenner på. Den er unison. Folk som ikkje står på ski, har også oppdaga dette. Det er fleire som legg søndagsturen sin til Hodlekve, berre for å sitte på kafé, møte folk. Det er i Hodlekve det skjer, spesielt når det er snø. DEI FLESTE KUNDANE eg møter er lokalbefolkninga, barnefamiliar frå Sogndal og omegn. Det er dei eg har skapt mest relasjonar til. Eg har fått ubegripeleg mange vener framme i Hodlekve. Spesielt dei små. Eg er nok på førenavn med dei minste, mest hundrevis i talet. BORN KJEM ALLTID bort for å fortelle kor langt dei har gått, kor fort dei har køyrt og kor bratt dei har køyrt. Raudblussa kjakar, snørrete nasetippar og store blanke auge som tindrar av skiglede og meistringsfølelse. Slike ting gjev meg utruleg mykje. Då gjer det ikkje noko om det er lange dagar med armar og føter over alt. EG ER VELDIG glad i å sjå at folk har det godt og eg trivst godt i store forsamlingar. Serveringsverksemda i Hodlekve er ein verdsett arbeidsplass både for meg og mine tilsette. Den er viktig for at eg kan halda på samme personalet heile året gjennom. Eg har seks årsverk i verksemda, fordelt på tjuetre tilsette.

DET ER ALLTID jubel og tjohoi blant dei tilsette når vinteren kjem. Dei vil opp i Hodlekve. På arbeid i Sil-hytta eller i Vetle Lisebui, du veit, den raude fine vogna oppe i Rindabotn. Det er så mykje positivitet å hente der oppe i fjellet. Om ein sjølv ikkje får så mykje tid i bakken, så har ein jo følelsen av å ha vore med når ein får rapportar frå folk som har vore ute i skileiken. VETLE LISEBUI ER kva ein kan kalle ein liten filial av kaféen i SIL-hytta. Me såg der var eit behov for noko enkel servering der oppe, i forhold til logistikk, parkering og tilkomstløyper. Det var han Stig på Intersport Sogndal, som kom med ideen om at me burde hatt ei slik lita vogn. Det tok ikkje lang tid før den var på plass. Ei kvit vanleg lita vogn var ikkje


DET BLIR FLEIRE og fleire gjester i skisenteret vårt. Dalalåven er noko me absolutt treng no. Og eg gler meg til den kjem på plass. Då får me ein flott møteplass, ein viktig del av utviklinga i skisenteret. Dalalåven blir eit fantastisk selskapslokale, afterski, god mat og drikke med mulegheit for catering til hyttene. Det blir hjartet ikkje berre i skisenteret, men hjartet i vinterdestinasjon Sogndalsdalen. EG HAR EIT stort hjarte for Hodlekve, miljøet der oppe, samarbeidet med skisenteret, det å vere med på utviklinga. Det å sjå at ting går i rett retning, den direkte fine gode tilbakemeldinga rett frå gjestane, det gir meg utruleg mykje. Eg ville aldri vore det forutan. Sjølv om «businessen» ikkje har vore så mykje å skryta av, så er det so mykje anna. Eg har stortrivest alle dei 6 sesongane eg har hatt drift der oppe, sjølv om det har vore mange tøffe tak. ME HAR BRUKT mykje krefter sånn reint fysisk. Det er store som areal skal handterast, og varehandteringa er jo noko for seg sjølv. Til dømes om det er førti bruskassar som skal på plass, og det

er like mange centimeter med nysnø. Det går tre kassar på akebrettet, som er transportmiddelet på strekninga mellom varebilen og hytta. For når det er nysnø, ja då er det jo også mykje folk. Det har vore mykje styr. Opptil tre og ein halv time har det teke å få varene i hus. Men det er jo arbeid som eg elskar, sjølv om ting tek litt lenger tid enn tenkt. NÅR EIN HAR arbeidsplassen sin i eit så fantastisk område som Hodlekve er, så er ikkje sofaen noko alternativ når støpselet på vaffeljernet er drege ut. Har ein heilt uventa ein gang imellom litt fritid medan det ennå er dagslys, er vegen kort til til fjells. Til dømes i år under den fantastiske påska me hadde. Strålande forhold og vêr. Det var enormt med folk i fjellet kvar dag. Sjølv hadde eg ikkje fått vore på fjellet med ski på føtene, det var full drift over alt, på tre stasjonar. EG KJENDE AT det bygde seg opp, eg hadde eit behov for å komme meg opp og ut sjølv. Første påskedag såg eg ei moglegheit. Om eg skunda meg å bli ferdig, så rakk eg kanskje ein tur etter jobb. Klokka blei fire på ettermiddagen, eg såg gjengen i bua stengde trekket for dagen. Eg såg bort på bilen. Skia og sekken låg klar. Eg la på sprang bort til dei tilsette i trekket, spurde fint om dei kunne køyre ein ekstra runde slik at eg kom meg raskt til fjells. Det var sjølvsagt ikkje noko problem, det kom eit ja med ein gang. Dei kveikte opp att skitrekket

berre for meg. Heilt aleine traska eg meg opp mot Blåfjell. På toppen såg eg ikkje eit menneske. Det var vindstille, ikkje eitt vindpust og sol frå blå himmel. Eg sat der oppe lenge. Solnedgangen der oppe har nok aldri vore så nydeleg som då. Det var magi. Eg trengde berre denne eine turen, så var påska berga. SLIK KAN LIVET bak heiskortet i Hodlekve vere. Dei tilsette, gjestene, smila, borna. Skigleda. Eg veit ikkje heilt kva det er, men Hodlekve har fått ein plass djupt inne i hjartet mitt. Hodlekve gjer noko med meg. Eg er nok forelska.

13 Hodlekvemagasinet

interessant, det måtte bli ei pittelita søt, raud vogn. Me kunne tilby akkurat det som var nødvendig. På gode dagar fyrer me opp grillen i tillegg. Ski in ski out pølsebu. Vetle Lisebui blir nok å finna der framme heilt til den nye Dalalåven er på plass.


Jao oss faor du innmaten te hyttao di. Kjøkkenutstyr, glass, serviser, møblar m.m.

Trolladalen 1, 6856 Sogndal Telefon: 57 67 16 19 AMFI Sogningen • tlf.: 57 67 18 80 • www.traktoren.no

SOGNDAL

AMFI – SOGNINGEN

Hodlekvemagasinet

14

BILVASK • MAT • STORKIOSK PLATEARBEID VANNSKJÆRING MASKINREING SVEISING

K


MEIR FART, MEIR MORO!

FIBERNETT pĂĽ hytta, heime og jobb

Kontakt oss for meir informasjon:

sognenett.no | sal@sognenett.no | 9519 2222


SENEA SABANOVIC :

Mitt Hodlekve Hodlekvemagasinet

16

FOR MEG ER Hodlekve ein innfallsport til naturen både på vinter og sommartid. Med fantastiske og gode preparerte løyper rett utanfor døra, har mogelegheitene til å koma seg ut på ski vore mange. Som aktiv fylkes- og kommunepolitikar blir det fort mange reisedøgn, og lange møtedagar. For meg er det heilt avgjerande å ha mogelegheita til å vera aktiv og få frisk luft. Det å ha opplyste langrennsløyper lett tilgjengeleg på kveldstid med gode forhold heile vinteren, gir eit pusterom. DET HAR VORE mange fine skiturar, men om eg skal trekkja fram ein, må det vera ein kald februarkveld i vinter. Ein spontantur ein torsdag etter å ha sjekka vèrmeldinga. Blå swix under skia, og nyleg oppkøyrte løyper venta på oss. Det var måneskin, blikstille, ein stad mellom 10 og 15 minusgrader og gnistrande skiføre. Turen gjekk til Høgehaug med måneskinn som hovudlykt, der naturen synte seg fram på sitt beste. MED EIN SAMBUAR frå Sunnmøre som har bakgrunn som aktiv skiløpar, har det vore mange timar på langrennsski i Hodlekve. Eg må innrømma at skiteknikken har vorte nokre hakk betre dei siste åra, og skøyting er vorte ein stor favoritt! Som sogndøl brukar eg alltid å framsnakka den beste snøen og dei magiske forholda som er i Hodlekve, difor er det alltid obligatorisk med skiturar i dalen når det kjem besøk utanfrå.

Med både snowboard, alpint, og nokre langrennsski stabla i boden, har interessa for toppturar og turar utanfor preparerte løyper auka dei siste åra. Det nye tilskotet i samlinga mi har vorte eit par toppturski, noko som gitt mange opplevelsesrike turar til både Blåfjell og andre toppar i området. For meg gir skiglede treningsglede. Når ein har gått opp eit fjell, og renner ned igjen i puddersnø, gir det ei ubeskriveleg god meistringsfølelse. Som politikar dukkar det opp krevjande saker og utfordringar, då er det å koma seg ut i frisk luft og vera i fysiske aktivitet viktig for å koma fram til gode og forenlege løysingar. Når eg tenkjer tilbake, er det nokre saker som har fått «lufta» seg i Hodlekve.

det lagt godt til rette for tryggleik, og tilgjengelegheit til naturopplevingane. Det gir ei ramme for god folkehelse, og det fremmar fysisk aktivitet for alle aldersgrupper.

I TILLEGG TIL dei andre flotte friluftsområda i Sogndalsdalen, har eg fått augene opp for Hodlekve på sommartid. Det er fint å vandra oppover dei opne områda mot Høgehaug, Fagereggi og Fjærlandssetevatnet. Og eg kan avsløra at området rundt Hodlekve har dei beste blåbæra! Det eg er mest glad for er at Hodlekve er eit skisenter for alle! Uavhengig av ferdigheiter, nivå og alder, er Hodlekve ein samleplass for absolutt alle. Dei fine løypene, dei bratte fjella, dei unike omgivnadane, gir også rom for lågterskelaktivitet i naturen. For meg er folkehelse viktig, og at alle kan få skapa seg turminne og turgleder. I Hodlekve er

ETTER MITT SYN har Hodlekve vore og er eit viktig utviklingsprosjekt for heile Sogn. Skisenteret har investert mykje dei siste åra, og er i gang med nye spennande prosjekt for vidareutvikling. Dalalåven blir ein viktig samlingsplass i Rindabotnen, og eg ser fram til når den står ferdig. Ein slik samlingsstad vil både utfylle og styrkja skisenteret på ein framanfrå måte. Hadde det ikkje vore for dugnadsgjengen og eldsjelene som gjer ein god og viktig jobb for bygda, hadde me ikkje hatt slike gode tilbod. Det gjer oss utruleg privilegerte som har slike fantastiske forhold og dei aller beste preparerte løypene. Dette er berre starten på eit skieventyr!


Hodlekvemagasinet

17


Kvalitetssikring blei hyttedraum • FAKTABOKS

Hodlekvemagasinet

18

NORDBOHUS SOGN • 24 ansatte, 10 innleigde • Snart 20 år på marknaden i Sogn • Byggjer 60 % i eigen regi, resterande 40 % har eiga tomt. • Omset for om lag 120 mill. i året. • Har utvikla 78 bueiningar i Sogndal siste to åra. • Arbeidsområde frå Atløy til Skjolden • Leverer nøkkelferdige hytter, men også råbygg, eller på spesialbestilling.

Når den daglege leiaren i Nordbohus Sogn skulle byggje hytte, vart løysinga enkel. Det blei samstundes kvalitetsikring av eige produkt. Resultatet blei ein hyttedraum som gjekk i oppfylling Nordbohus er ein totalleverandør innan hytter og hus. Frå tomtekjøp til nøkkelferdige hytter. Verksemda har byggjeavtalar både med Ranahytta og Saltdalshytta. Men ein treng ikkje velje reine kataloghytter om ein heller vil ha noko meir spesielt. I Sogndal skisenter, har verksemda allereie sett opp fire hytter. – Nordbohus produserer også hytter akkurat slik kunden vil ha. Me utarbeider forslag og våre arkitektar teiknar hytta i samarbeid med kunden. Til dømes her i Rindabotn. Her har me til no levert ei Saltdals-hytte, samt sett opp

tre spesialteikna. Det er i grunn berre fantasien som set grenser, utifrå reguleringsplan, på korleis hytta skal bli. Den eine av dei tre er mi eiga. Sjå gjerne på det som kvalitetssikring av eige produkt, forklarar Loftesnes. For Loftesnes var valet ganske så enkelt når moglegheita baud seg. – Det heile var litt tilfeldig. Me kom over ei flott tomt, og falt for den umiddelbart. Den ligg godt skjerma, men har likevel ei fantastisk utsikt over området. Frå dei store stoveglasa har eg full kontroll på når dei første laussnøbikkjene kjem opp til trekket, då er det berre å hive seg rundt, for å få køyre mest mogleg uspora laussnø. Hytta vår vart ferdig til jul i fjor. Og opplevinga me har hatt overstig alle forventingar me hadde i framkant. Eg har jo alltid vist at skisenteret her er eit paradis for laussnøkøyring. Men å kome så nært på, har berre gjort alle inntrykk så mykje sterkare. Skal eg bruka eit ord så må det bli, fantastisk.

Frå Dag og kona Elin, bestemte seg, tok det berre gode fire månader før hytta stod ferdig. Etter den tid, vart hytta den andre heimen, flittig brukt, spesielt resten av skisesongen. – Me byrja støypinga i midten av august. 22. desember stod hytta klar. Allereie etter den første veka hadde me tett tak. Det gjekk fort og effektivt. Me har nok vore meir på hytta enn heime fram til 1. mai. Du veit det er lang skisesong her. Kort veg til jobb også. Heilt perfekt. Hytta til familien Loftesnes er spesialtilpassa frå Nordbohus sin fabrikk på Kaupanger. Den har eit bruksareal på 116 kvadrat. Har fem soverom, to bad og stor stove med open løysing. Naturen har også fått kome heilt inn i stova. – Me gjekk for ei løysing med stor open stove. Med store vindusflater som slepp inn mykje naturleg lys. Det er mest som å vere i naturen. Berre det å vakne opp her ein fin vinterdag sjå sola kjem krypande


m

19

Før syntest Elin at det var rart å høyre på alle sogndølene som bygde seg hytte berre ti minutt frå heimen i Sogndalsfjøra. Men etter ho sjølv kom på plass har ho fått ei litt anna oppfatning. – Etter me fekk hytta så nært, så ser jo me at den blir nytta mykje meir. Også i vekedagar. Det er lettvint, lett tilgjengeleg og me kan fint bruke den i vekedagar kombinert med jobb, seier ho. – Også er det jo ikkje til å stikke under ein stol, at på dei beste vinterdagane, når nysnøen ligg djup og urørt, så går det fint å ta seg

Hodlekvemagasinet

over fjella i søraust, følja den heile dagen, gjer at me får eit fint naturleg lys. Me har også lagt vekt på ein rein hyttestil. Heile hytta er av furu, med panel på veggane, og ikkje minst så har me peis, den er viktig. Hytta er teikna av Nordbohus sine arkitektar og av eigenproduserte element. Me har eigen avdeling for borna på loftet, slik at dei kan få vere for seg sjølve om dei ynskjer. Det har på sett og vis blitt ei generasjonshytte, forklarar Elin.

ein skikkeleg pudderdans på dei breiaste skia, før ein stikk på jobb. Eit privilegium i seg sjølv, legg Dag til. Nordbohus har stor tru på framtida i Rindabotn og Hodlekve. Det er eit populært område som veks seg større parallelt med dei nye hyttene som veks fram i terrenget. – Me har veldig stor tru på skisenteret her. Me ynskjer å vere i hyttemarknaden på eigen regi. Me ynskjer å byggje nøkkelferdige hytter og leilegheiter. Eg trur at utleige også vert ein stor del av dette framover. Det er viktig då ein får større drift heile året, forklarar han, og legg til: – For meg som skientusiast er eg ikkje i tvil om kvifor ein skal velja seg Hodlekve. Det er jo den fantastiske snøen. Det store anlegget som er kome på plass, og som berre blir betre og betre. Det er kort veg til alt. Langrenn,

barnetrekk, dei store bakkane og laussnøen, ikkje minst. Også er det berre gode ti minutt til Sogndal sentrum. No er også den store Dalalåven på veg opp. Då får me ein flott møteplass. Det blir hjarta i det heile. Eg treng ikkje meir sjølv. Dette er berre rein luksus, i all beskjedenheit. For snart sju år gamle Hedda er saka klar. Ho vil ikkje heim. No ventar ho berre på snøen. – Eg likar meg veldig godt på hytta. I vinter laga eg mykje snøholer, og har stått veldig mykje på ski. Eg står mest i det brattaste trekket (Rindabotn) men av og til i det mellomste (Kalvavatni). Eg likar mykje betre å vere på hytta enn heime. Her oppe har eg vener eg leikar med. Eg tykkjer her er kjempefint, og til vinteren skal eg byrja på snowboard. Det gleder eg meg kjempemasse til. Eg håpar vinteren kjem snart.


Fotball og ski med hytta som basecamp Hodlekvemagasinet

20

Fotball, ski, heimekontor og litt ferie. Kort veg til mykje, er nokre av nøkkelfaktorane for familien Solheim frå Dale i Sunnfjord DET IKKJE MEIR enn ein køyretur på to timar før familien er på hytta si i Hodlekve. Ei hytte som er blitt base for meir enn berre skiaktivetar. – Vi flytta inn til jul i fjor og er på hytta så ofte vi kan. Enn so lenge det ikkje kolliderer med andre aktivitetar. Det tek berre to timar å køyre til hytta, noko som det absolutt ikkje er noko å seie på. Vi har også flytta heimekontoret hit nokre gonger. Det fungerer perfekt, og bonusen er jo ei fantastisk utsikt, seier Sølvi Solheim. OM HYTTA TIL familien fortel Pappa, Roger Solheim, at dei tok turen til hytteutstillinga på Hellerudsletta for å sjå på ei hytte dei hadde tenkt på. – Då vi kom inn i visningshytta til Levehytten, fann vi akkurat ei slik hytte vi hadde ønskt oss. Deretter gjekk det raskt og hytta kunne innviast til jul, fortel han, og legg til: – På utsida er hytta lågmælt og ruvar lite i landskapet. Når ein kjem inn slår den fantastiske utsikta mot ein frå alle kantar. Gjennomgåande glas i hytta gjer at vi får lyset og naturen inn. Smarte løysingar gjer at her får heile familien på sju, pluss venner god plass. I VINTER HAR dei fått oppleve snøen i Sogndalsdalen, og for ein førstegangsvinter dei fekk!

– Vi hadde to meter snø utanfor og ungane hoppa frå taket. Eigentleg var det godt med snøsmeltinga, slik at vi fekk tilbake den fantastiske utsikta nedover dalen, seier Sølvi. Indie Luice fortel med stor iver om sin første vinter i Hodlekve. – Det var moro når det nye barnetrekket opna. Der er det veldig gøy å vere. Også møtte eg han Olaf på ski, han er kul. I DEN AKTIVE familien er det nok like mykje fotball som ski so står i fokus. Då er Hodlekve eit perfekt utgangspunkt når ein vil ta med seg aktivitetane heimefrå. Dei tre gutane Noah, Felix og Valentin er ivrige fotballspelarar. Vetlejenta Indie Lucie på snart fire år, har også fotballsko. Rosa sjølvsagt. Eldstemann i

søskenflokken Sander, studerer i Bergen, men også han er å finna i Hodlekve så ofte han kan. Hodlekve ligg sentralt plassert i Sogn. GUTANE HAR BYTT ut skiklede med fotballdrakter denne aprildagen, når me var innom hytta for ein prat. Sesongen i skisenteret er fortsatt ikkje slutt når ein skriv siste helga i april og trekket i Rindabotn går så det susar, men i dag må gutane stå over. Fotballsesongen er allereie i full gang. Dale sitt smågutelag skal møte Jotun i Årdal og Noah og Felix er klare. FØR TUREN GÅR heim att til Dale denne søndagen, er det tid til ein tur på Fosshaugane Campus der Sogndal skal


Hodlekvemagasinet

21

møte Kongsvinger. Før kampen kjem Eirik Bakke ut for å helse på, saman med Johan Hove. Rolf Navarsete, «Mr. Sogndal» og styreleiar i Sogndal Skisenter, har også lyst til å helse på dei nye bebuarane i ALLE FOTO:

VEGARD BYRKJELAND AASEN

Hodlekve. Han tykkjer det er flott å høyre at familien ofte dreg i Sognahallen og spelar fotball når dei er på hytta. – Hallen er open for alle som har lyst til å spele og ha det moro. Å sjå barn og unge

i leik og idrettsglede varmar ein ski- og fotballentusiast som meg fortel Rolf. Kven veit, kanskje vil det stå Solheim att på ei av Sogndalsdraktene om nokre år?


Sogndal • Tel. 95 94 29 54 • E-post: e.e.holme@gmail.com

Hodlekvemagasinet

22

Nettbuss express

Turbuss

Kjøp billett på nettbuss.no

Bestilling eller førespurnad:

eller last ned vår mobilapp

t: 407 05070 eller

Vi ordnar buss uansett kvar!

e: travel@nettbuss.no

Sogndal • Tel. 95 94 29 54 • E-post: e.e.holme@gmail.com

Entreprenør R.Vedvik Maskin as Kyrkjebakken 31, 6856 Sogndal

Telefoner 906 32 640 • 57 67 10 32


Fleire og fleire varme hytter i Hodlekve Denne sommaren har fleire hytteeigarar leigt ut hyttene sine. Trenden for utleigehytter er aukande, og kundane strøymer på. FLEIRE VIL BU i hytter når dei ferierar. Anten det er sommar eller vinter. For Sogndal Skisenter Hodlekve er det nok nærleiken til natur, og ei sentral plassering i Sogn som trekkjer. På vinterstid er det nærleiken til ski og snø som dreg. SÅ MANGE SOM 50 senger har til ei kvar tid vore tilgjengelege for leige i Sogndal Skisenter Hodlekve, gjennom ulike nettportalar denne sommaren. – Marknaden for utleige har vore god, og mange har hatt svært godt belegg. Dette er første sesongen me verkeleg har merka at det er ein marknad for dette. Noko me ser oss svært nøgde med. Men når det

er sagt, så er det plass til endå fleire. Og utsiktene er gode, om utviklinga fortset i denne retninga, seier Per Odd Grevsnes, dagleg leiar i skisenteret. SKISENTERET HAR ANSVARET for ei av Bratt Utvikling, sine hytter som eit test prosjekt. – Det ligg i våre planar å kunne tilby hytteeigarane ulike tenester knytt til utleige av hyttene. Målet er at me skal kunne tilby desse tenestene fullt ut, frå neste sommar. I tilbodet til hytteeigarane vil me kunne tilby reinhald, vaktordningar, innkjøp, snøbrøyting og vedlikehald. Me skal også vurdere om me skal tilby eige booking-system. Noko som vil forenkle det heile, fortel Grevsnes. Han seier vidare at Skisenteret sjølvsagt er veldig interesserte i at hyttene blir brukte så mykje som mogeleg. Derfor er det naturleg at me skal tilby desse tenestene. Me ynskjer og at hyttene kan bli leigt ut om vinteren,

dersom dei elles ikkje vert nytta. Det er ein vinn-vinn-situasjon for alle. I HODLEKVE SER ein at det er fleire hytter som no vert klargjorde for utleige til vinteren. – Mellom anna har me fått melding om at Intersporthytta, Pudderhytta og Bratt Utvikling hytta samt ei ny hytte som er under oppføring vil bli leigt ut i vinter. Me vonar at endå fleire vil leige ut sine hytter når dei elles er ledig. Alle hyttene som blir utleigde får også tilbod om å bli presenterte på nettsidene til skisenteret. Ser ein utviklinga og veksten i skisenteret parallelt med utleige så er det ein veksande marknad. PÅ BILETET SER du Intersporthytta til venstre og Pudderhytta til høgre. To store luksushytter plassert sentralt i skisenteret. Luksus forhold, luksus hytter. Det kan ikkje bli betre.

Hodlekvemagasinet

23


Stolt leverandør av

PREMIEHYTTA Farmen 2018

MIDTHØ


HODLEKVE PANORAMA Nye leilegheiter midt i Sogndal Skisenter

3 AV 12 SOLGT

MINIMALT VEDLIKEHALD OG HØG TRIVSELSFAKTOR Hodlekve Panorama er eit leilegheitsprosjekt med fantastisk utsikt og beliggenheit midt i Sogndal Skisenter Hodlekve. Kvar leilegheit har balkong og utvendig sportsbod. I dette prosjektet har vi hatt fokus på minimalt vedlikehald og høg trivselsfaktor. Tiltalande fasadar i karakterstil, romslege balkongar med takoverbygg og gode planløysingar innvendig gjer at ein kan nyta livet i eit ski-eldorado om vinteren og eit tur-eldorado om sommaren. Med realiseringa av "Dalalåven" er Hodlekve i ferd med å vekse seg til eit fantastisk område både for ski-entusiastar og familiar.

BRA: 74 m2 | Soverom: 3 | Pris fra kr: 3 250 000,–

Fjørevegen 19, 6856 Sogndal Tlf: 917 90 817 | sogndal@boligpartner.no

finn.no/126313319


I Hodlekve har vi prosjektert vegar, vassforsyning og avløpsanlegg frå starten av og bygningstekniske konstruksjonar for Dalalåven. Hodlekvemagasinet

26

Vår kunnskap medverkar til eit

meir verdifullt samfunn

Norconsult er Noregs største rådgjevar – med lokale kontor nær våre oppdragsgjevarar. Norconsult i Sogn og Fjordane har kontor i Sogndal, Førde og Årdal. Vi har i dag meir enn 50 medarbeidarar i fylket og arbeider med små og store oppdrag innan bygg og eigedom, energi, industri, samferdsel, arealplanlegging, miljø, vatn og avløp, samfunnsplanlegging, sikkerheit, geoteknikk, og landskapsarkitektur.

www.norconsult.no

BADEMILJØ Bent Vikøren AS 10

ÅRSI ANT GART BAD T TE

ÅRSI 1G0 NT ARABAD TETT

Vi prosjekterer, teiknar bad og utfører alt av røyrleggjararbeid. Ta kontakt for avtale. Opningstider: Månd-onsdag og fredag 9-16 Torsdag 9-17 Laurdag stengt Ta kontakt for avtale utover opningstider.

Skjeldestad kontorspar AS Fossetunet 1, 6856 Sogndal Tlf: 57 67 65 40

Ingen jobb for liten – ingen jobb for stor Fjørevegen 25 tlf.: 952 13 717 6856 SOGNDAL

kjeldestad@kontorspar.no www.kontorspar.no

Mur og betong – Omnar og piper Telefon 90 96 94 94 – www.bentj.no


Valeberg, 6854 Kaupanger

Hodlekvemagasinet

27

95 80 53 70 Alt av snøutstyr får du på Hagalandet hjå

Postboks 44, 6856 Sogndal, Tlf: +47 908 80 761 www.maskinsenteret.com


Gamle dalaveg kumating - Foto: Steffen Lægreid

Hodlekvemagasinet

28

Anestølen - Foto: Steffen Lægreid

Frammi dalen heile aoret Sogndal Skisenter og Sogndalsdalen har ikkje påmontert ein brytar kor ein berre sler av alt saman når skisesongen er over. For dei fastbuande er det hovudsakleg jordbruk som er næringa. For naturglade turfolk er det fjedli, og ofte sidedalane som lokkar. Ein kan mest berre stige ut bildøra så startar ein på turen ute i terrenget, det treng ikkje vere dei høgste toppane som er målet. Ein treng heller ikkje bevege seg vekk frå vegane. Til dømes frå sykkelsetet langsmed den gamle Dalavegen, eller grusvegen inn frå Selseng til Anestølen. PÅ EIN SYKKELTUR langsmed den gamle Dalavegen beveger ein seg i eit frodigt kulturlandskap. Der ein syklar mest frå gardstun til gardstun. Heile tida

med Dalavatnet ved si side. Det er mogleg å få kjøpt fiskekort for å freiste fiskelukka i vatnet. Det er mange fiskevatn kring Sogndalsdalen. Rykta seier at det også er storfisk å få om ein vel rette tjøddni. Men kvar dei ligg, er vanskeleg å få greie på frå dei lokale. Storauren vil dei nok ha for seg sjølv, men det er lett og forstå. DET ER OGSÅ tilrettelagt fleire toppturparkeringar i Sogndalsdalen. Bratt moro fekk bygd ein ved Laugadalen, også kalla Toggaparkeringi blant dei lokale toppturentusiastane. Denne parkeringsplassen har nok vesentleg mykje større trafikk på dei djupaste snødagane midtvinders enn ein fargerik haustdag. VED FRUDALSTUNNELEN finn ein endå ein parkeringsplass, den er ein god del mindre enn førstnemnde. Men finn ein seg plass der, er det kort veg inn den majestetiske Frudalen. Ein blir liten når

ein går i desse områda, men desto større på opplevingar og sanseinntrykk. Frudalen er utgangspunkt for mange turar og rundturar, sommar som vinter. I ANDRE ENDEN av Sogndalsdalen finn ein fjellet Tylderingen, og nedanfor, garden Fretland. Det er tilrettelagt nokre parkeringsplassar her også, men det er ofte greitt å spør på garden kvar ein kan parkera før ein legg i veg til fjells. Kanskje det er oppe i dette området storfisken står? FRÅ ANESTØLEN HAR ein også eit glimrande utgangspunkt til den fagre Langedalen, eller meir alpine turar som opp den gamle ferdselsstien over Sogndalseggi. Skjer ein til venstre litt lenger nede kan ein ta seg opp til Lammanipa og ut på Oksli. Frå Oksli har ein panoramautsikt over dei dramatiske flotte fjella rundt seg, i mest 360 grader. Ein raskare, men brattare tur til Oksli kan


Fjærlandssete - Foto: Steffen Lægreid

Hodlekvemagasinet

29 29

Togga - Foto: Håvard Nesbø

ein gå frå Frudalsvollen og mest beint opp. Men her er det til tider bratt og litt luftig. GÅR EIN ANDRE vegen når ein er på Anestølen kan ein gjere meir seriøse turar mot Steindalsnipa, Badnakona eller Tverrdalstind. Ein får her ein smak av breane. Det er mange småbrear i dette området. So følelsen av dei verkelege høgfjella er verkeleg tilstades. Eit lite Jotunheimen i miniatyr.

FRÅ SOGNDAL SKISENTER har ein også eit stort utval av flotte turar i alle kategoriar. Det er eit lett terreng å gå i fram mot Høgehaug opp mot Fjærlandssete. Ja, faktisk det er mange alternative turar opp til Blåfjell. Det er ikkje lange marsjen heller frå parkeringsplassen ved Rindabotnen. Lengre turar mot Trastadalen eller mot Synnevaskjer og Voggebreen blir meir og meir populært også på sommaren. Me i skisenteret jobbar med ein

stiuviklingsplan for nærområdet. Me har ein draum om at i framtida skal ein kunne gå eller sykle heilt til Hermansverk via Høgehaug og Henjadalen. Dette blir nok sykkelturen over alle turar her i området, vår eigen vetle rallarveg. Uansett kvar du tek turen, hugs kart og kompass. Meld frå kvar du går. God Tur!


Hodlekvemagasinet

30

Utsjånaden er faktisk viktig Det er mykje å tenkja på når ein byggjer hytte. Når byggverket ditt sakte men sikkert byrjar å bli ferdig vil ein jo at det også skal sjå flott ut visuelt. Då er det tid for målarkosten. Fagmann Stian Bakketeig hjå Fargerike Sogndal, veit meir om måling og beis enn dei fleste. Stian har gjeve vegleiing og gode råd til fleire av hyttebyggjarane i Hodlekve samt mange andre stader i heile Sogn. Her får du nokre tips frå han. Eksteriørt Det er ein ofte brukt hovudregel, med færrast fargar utvendig. Dei

fargane som vert brukt bør absolutt vere i harmoni med landskapet og miljøet rundt. – Fargen er ein ting. Det er nett kome og kjem stadig nye matte alternativ. Beis som ikkje glinsar i sola. Ein slepp også den motlyseffekten som tidvis sjenerar. Det blir endå meir naturleg. Hyttene skal jo helst vere «usynlege» i naturen. Det blir meir og meir populært med matt alternativ i hyttelandskapet. Ein god beis helde i «normalhøgd» (500 til 100 meter over havet), i 5 til 6 år. Alt etter kor vérutsatt hytta ligg. Samme med snø, er det ekstremt mykje snø på eine sida så tærar det meir på kledninga. Det er tjærebasert beis som er tingen når ein vil ha noko som varar lengst muleg.

Interiørt Det blir meir og meir vanleg med ferdigbehandla panel, når ein byggjer interiørt. Mange nye gode produkt kjem på marknaden, og ein kan velja om ein vil ha det med i totalpakken når ein kjøper og byggjer ny hytte. – Me ser dette kjem meir og meir. Det kjem med hardvoksolje eller dekorvoks, som er eit suverent produkt i seg sjølv. Fordelen med det er jo at då er det nesten fiks ferdig levert. Men mange vel og fortsatt gjera arbeidet sjølv. Og har ein tid til det så er det også noko Bakketeig anbefalar. – Det er jo kosen i seg sjølv å måla. Ein er med på å skapa sitt eige uttrykk. Ein får det nøyaktig


Hodlekvemagasinet

31

slik ein vil. Det tek jo litt tid, men det bør ein kanskje unne seg. Det er ikkje vanskeleg. Ein veit jo då sikkert kva ein får. Panel Det er nok fleire hytteeigarar som gjerne har hatt hytta si i nokre år, og ein opplever at panelen rett og slett gulnar. I dag er det mange løysingar for å endre på dette, slik panelen får meir tilbake sin originale farge. – Gulna panel er ein kjemisk reakjson som skjer i trevirket. Garvesyra som ligg i trevirket reagerer med oksygen. Og ein får ein oksidasjon. Som stål får rust. Kvitlasering først for fargeutjevning og so ny farge på topp , eller lutbleiking er ofte det som fungerar godt . Om ein legg ein lysare grunnfarge først og so ny fargebehandling som toppstrøk vil også gje eit flott resultat! Fargar Når ein skal velja interiørfargar er

det mest fritt fram på kva ein sjølv likar. Men det er ikkje til å kome utanom at der er trendar i marknaden. Trendar kjem og trendar går. – No har trenden snudd att. Det har ei tid vore mykje grått og svart. Men no er det tilbake til brunfargar. I butikken prøvar me å ikkje anbefala konkret den og den fargen med ein gang. Me ynskjer å hjelpa kunden fram til rett fargeval. Me er objektive og kjem ofte med tankar og spørsmål tilbake, ofte som kunden ikkje har tenkt på. Det er ein prosess i seg sjølv å jobbe fram rett fargeval. Men det er ikkje reglar for kva ein skal og ikkje skal. Ein kan måla alt, i den fargen ein trivst med. Solskjerming innvendig Fargerike Sogndal er stor aktør på innvendig solskjerming, og kan tilby mange forskjellige variantar på soldemping og skråglas. – Det som er viktig når ein snakkar om solskjerimg, er at det skal passe inn til typen hytte. Kanskje

ikkje køyre på med lamellar med mindre ein absolutt må. Ein blir ofte bergteken av store flotte mønefrontar. Der finst det eit heller mindre utval som fungerar. Då må ein kanskje over på lamell. Det er også viktig med gode glas og UV-stopp. Lamellar er meir industri og moderne og bryt ofte med resten av interiøret. Me strekk oss då langt etter å finne røffe og litt meir «hyttevenlege» lamellar som kan passe inn, for dekoren sin del. Alternativ er liftgardiner av litt tyngre stoff. – Men viktigaste av alt. Kom innom oss, ta gjerne med nokre foto frå kva som er prosjektet. Så har me eit godt utgangspunkt for den beste hytteopplevinga


Hodlekvemagasinet

32


Hodlekvemagasinet

33


Hodlekvemagasinet

34

Tenkjer du på å selje? Eller er det noko du lurer på om fast eigedom?

Jan Rune Årøy, tlf. 950 44 240 jan.rune@eigedomsmekling.no

Olav Skjeldestad, tlf. 905 64 525 e-post: olav@eigedomsmekling.no

Eit godt sal startar med god planlegging. Vi er størst i Sogn, med lang erfaring og stor kundegruppe. Vi tilbyr tenester som sal, kontraktsoppdrag, seksjonering, e-takstar/ verdivurdering m.m. Kom innom oss på Amfi Sogningen for ein prat!


Me deler din lidenskap

Toppturbutikken Over 10 år med topptursatsing har gjort oss til ein av landets beste. • Personleg tilpasning • Aktive tilsette som testar utstyret og tilbyr utstyr til ditt behov

35 Hodlekvemagasinet

• Testing og utlån av ski • Formstøypte solar • Sliping, prepping og gliding av alle typar ski • Varmetilpassing og blokking av sko • Vinterens nyheiter i butikk

Her testar Eric Sadorge fra Intersport Sogndal vinterens utstyr

SGN, Dynafit, Volkl, K2, Atomic, Blizzard, Scott, Tecnica, La Sportiva, Mammut, G3, Åsnes, Head, 4Frnt, Salomon, Fischer, Marker, Black Diamond, Dalbello, Stockl, Scarpa, Fritchi, Line, Fulltilt.

Intersporthytta Ski INN Ski UT - Stor hytte med høg standard - Perfekt til storfamiliar eller grupper - 16 sengeplassar, stort kjøkken, 6 soverom, 2 stover, 4 bad, badstove - Anneks tiltenkt prepping og oppbevaring/tørking av utstyr.

bestill ditt neste skiopphald og draumehytta i dag kontakt: stig.sogndal@intersport.no | 90587688 reidar.dvergedal@intersport.no | 92695718

sjå meir på våre nettsider og facebook

intersport_sogndal _

Intersport Sogndal - Tlf. 57 62 88 15 – sport.sogndal@intersport.no


Foto: Håvard Nesbø

55 spreke butikkar!

Hodlekvemagasinet

36

Subway Meny med søndagsbutikk !

10-22 Meny

Rema 1000

8-23 (8-21) Søndag: 10-22

7-23 (8-21)

Vinmonopolet

10-17 Torsdag-fredag 10-18 Laurdag: 10-15

AMFI Mykje å gle seg til. Alltid.

Apotek 1 9-19 (10-18)


For mange matglade er hausten den beste tida på året. Kvar dag får me inn ferske grønsaker, lokal frukt og ikkje minst lam. Ingenting smakar vel meir av haust enn fårikål eller lammegryte.

Lammegryte med rotgrønsaker, (4 pers) 600 g grytekjøt av lam 4 ss olivenolje 1,5 lauk 2 gulrot

100 g sellerirot 1 ts paprikapulver 3 kvitlauksfedd 2 ss tomatpuré

5 dl buljong eller kraft 2 dl raudvin (kan sløyfast) 1 kvast frisk rosmarin 3 tomatar

2 dl kremfløyte 2 ss frisk bladpersille 1 ss dijonsennep

Skjær kjøt og grønsaker i terningar, finhakk lauken. Brun kjøtet i ei gryte. Tilset lauk og la den frese med til den er blank og fin. Tilset grønsaker, paprikapulver, kvitlauk og tomatpuré og la det småkoke i 2 min. under omrøring. Tilset raudvin og la det koke nesten heilt inn. Tilset kraft og la det småkoke i 20 min. Tilset finhakka rosmarin, grovhakka tomatar, sennep og fløyte og kok til gryteretten tjuknar litt. Vil du ha den tjukkare kan du jamne med litt maizena rørt ut i kaldt vatn. Smak til med salt og pepar. Server med potetstappe. Håpar det smakar Helsing oss på Meny

SOGNDAL

37 Hodlekvemagasinet

På Meny.no ligg det mange gode oppskrifter. Kva med å servere ei god lammegryte med «Tilslørte bondepiker» til dessert? Gryta lagar ein fint på førehand og takast med på hytta, då har du endå betre tid til å slappe av. Ein skvett raudvin har ein som regel i huset, resten av ingrediensane har me i butikken. Me har også ferdige gryter i ferskvaredisken om ein vil gjere det endå meir lettvint. Oppskrifter på «Tilslørte Bondepiker» finn du på meny.no.


FIN PÅ AFTERSKI !!

Sju dagar i veka er Malin-dagar. To dagar er Malin buffé-dagar.

Hodlekvemagasinet

38

Onsdagar: Sushibuffé

Søndagar: Familiebuffé

Prisar: buffé Vaksne: kr. 248,Born 4-14 år: kr. 124,Opningstider buffé onsdagar: 15.00-20.00

Prisar: buffé, dessert og kaffi: Vaksne: kr. 328,Born 6-14 år: kr. 164,Opningstider buffè søndagar: 13.00-20.00

Takeaway-meny - sjå nettside. 10 min. frå Hodlekve!

Me fører merka Color me beautiful & Miniralogie -alt du treng av makeup !

Bestill bord online på www.restauranthuset.no eller 57 67 87 00

Velkommen innom oss

Din lokale røyrleggjar Spør oss om pris

Nybygg og rehabilitering av bustadhus og hytter

Vannboren golvvarme og varmepumper Røyrinspeksjon Slambil Tining

Sogndal - Tel. 95 17 00 00 - www.fimreite.as - post@fimreite.as


Holen Installasjon er ei av dei leiande elektroentreprenørbedriftane i indre Sogn. Bedrifta har nærare 50 tilsette og me leverer tenester både til privat- og næringsmarknaden. Me leverer alt frå tradisjonelle elektroinstallasjonar til meir avanserte anlegg innan smarthus, enerigstyring, ekom og IKT osv. Holen Installasjons AS har hovuskontor i Sogndal, men betener både små og store kundar i heile regionen frå avdelingar i både Gaupne, Leikanger og Vik i Sogn.

NY BUSTAD?

OMBYGGING

SMARTHUS

Vi viser deg alternativer i huset du pusser opp, rom for rom.

Skal du byggje ny bustad i dag er det mange val å ta. Me i Holen Installasjon er opptekne av å gje kundane våre moderne og framtidsretta løysingar innan tryggleik, komfort og energiøkonomisering. Me har lang erfaring – ta kontakt så hjelper vi deg vidare! Smarthus er blitt eit begrep, og det gjer heimen din til noko spesielt. Eit smarthus gir deg komfort, tryggleik og sikkerheit i kvardagen. Men det viktigaste er kanskje at det gir deg lågare straumforbruk. I eit smarthus har du full kontroll over alle elektriske installasjonar i heimen som: • lysstyring • varmestyring • ventilasjon • solavskjerming • brannalarm • innbrotsalarm • komfyrvakt • elektriske apparater Vi i Holen Installasjon as har god erfaring med smarthus.

Eldrel hus har ofte el-anlegg som er underdimensjonerte i forhold til ditt forbruk og behov i dag. Vi tek på oss oppdrag med oppgradering av el-anlegg og framtidsretta el-installasjon.

Vi er medlem av NELFO og garanterer at du får levert forskriftsmessige tekniske installasjonar i henhold til det oppdraget vi avtalte.

SERVICEOPPDRAG PRIVAT

Serviceoppdrag er oppdrag med avgrensa omfang. Desse vert som regel utført utan fast pris og vert løyst av ein av våre elektrikarar. Vi fakturerar etter medgått tidsdforbruk og levert materiell. Vi dekkjer hele indre Sogn. Når oppdraget er ferdig leverer vi lovpålagt dokumentasjon.

Hodlekvemagasinet

39


HYTTA VERT BYGD MED MATERIALAR FRÅ NEUMANN Neumann Kaupanger er leverandør av alt av byggjematerialar til både privat- og proffmarknaden. Me har eigen kranbil og varebil for distribusjon av byggjevarer. Velkomen til oss for ein god handel!

SLEPP NATUREN INN! TRE ER FANTASTISK! Det finst ikkje mange byggjematerialar som kombinerer styrke, fleksibilitet og design, på same måten som tre gjer. Råvara til RAW innandørspanel kjem

frå Nord-Sverige. Her veks trea langsamt, og får dermed ein tett og jamn struktur. Dette gjer panela eigna til vakre løysingar for tak- og veggkledning. I NORMALT INNANDØRS KLIMA HAR TRE EI FUKT PÅ OMTRENT 8 %. Tre er levande material. Ved å ta

HOVUDSAMARBEIDSPARTNAR TIL SOGNDAL SKISENTER opp eller gjeve frå seg fukt tilpassar treet seg omgjevnadene, og det gjev rørsle i treet. Difor har me tørka vårt innandørspanel til 8 %. Resultatet er at treet får mindre rørsle som gjev færre sprekkar. RAW innandørspanel finn du hjå oss i 10 variantar.

N


NEUMANN + SOGNDAL SKISENTER Neumann Kaupanger har gått inn som hovudsamarbeidspartnar til Sogndal Skisenter. Me blir med dette ein synleg aktør i skisenteret, og leverer byggjevarer av høg kvalitet til ein god pris til hyttebyggjarane i området. Me feirar samarbeidet med å dela ut eit sesongkort til den neste hytta me får hovudleveransen på!

Peisomnen ME frå Nordpeis skapar eit heilt personleg uttrykk i rommet. Vert levert i 16 forskjellige variantar.

Dagleg leiar Olve Aaberge og salsleiar Ole Johnny Ålsberg i Neumann Kaupanger saman med driftsleiar Kim Andre Navarsete og dagleg leiar Per Odd Grevsnes i Sogndal Skisenter Hodlekve.

EIK PLANK PARKETT Ein vakker parkett med breie bord i matt lakk. Eit golv som er som skapt for nordiske interiørtrendar. Her får ein lange lekre bord som strekkjer seg heile 2.200 mm, og skapar eit eksklusivt sluttresultat. Det er mykje liv i treet, som skapar eit spennande uttrykk med årer og kvist. Eit golv som osar av soliditet av ekte materialar. Me har 6 variantar RAW parkett, i tillegg til parkett frå andre leverandørar.

NEUMANN BYGG | Kloppenvegen 7, 6854 Kaupanger tlf: 57 67 75 20 | kaupanger@neumann.no

Som einaste i Noreg byr Neumann på eit sortiment av RAW-produkt i høg kvalitet.

RAW-produkt tek kontakt med handverkarar som stiller store krav til haldbarheit og kvalitet. RAW matchar tilsvarande merkevare på kvalitet, og til ein konkurransedyktig pris.

Alle RAW-produkt er testa etter handverkaranes krevjande standardar. Det betyr at alle produkt og løysingar i RAW-serien lever opp til våre høge kvalitetskrav, og er nøye utvikla for det norske klimaet.


Sogndal Skisenter, Hodlekve, takkar alle som bidreg til å realisera

«Eventyret Hodlekve»

spesielt våre hovudsponsorar som er:

Hodlekvemagasinet

42

Telefon: 57 62 70 60

Kjøp ny mobil med Telehuset Switch, ps: vi kjøper gjerne din gamle

Telefon: 57 67 11 11 Telehuset Sogndal, 911 66 020



2

44

Velkomen til Gards!

Hodlekvemagasinet

1

Etter ein lang dag i villsnø på ski, kan det vera sutalaust og sleppe tida til middagslaging. Det er ikkje mange minuttane ein brukar frå Hodlekve og ned til Sogndal sentrum. Der ventar eit stort utval av flotte serveringsstader på deg. Enklare vert det ikkje.

10

På menyen kan du velja alt frå gastroburgar til Steinomnsbakt pizza, steakhouse, eller skal det vera litt sushi. Mest alle verdsdelar er representert i Sogndalsfjøra, kun 15 minutt frå skisenteret. Bon appetit! / Buon appetito! Ith gu leòir! / Smaklig måltid!

慢慢吃

1 Vågal Burger and Gin på Quality Hotel Sogndal er spesialistar på gourmet hamburgar av Angus storfe frå Vestlandet. Her kan du tirre smakslaukane dine med ein saftig burgar med tradisjonelle, spicy eller dristige kombinasjonar. 2 Restauranten La Pergola på Quality Hotel Sogndal serverer ei rekkje fristande italienske rettar, både pasta, fisk, kjøtrettar og sjølvsagt italiensk pizza.

3 Cafè Sogningen, eller Domuskafeen som vi kallar den lokalt, serverer både tradisjonell norsk kost – i solide porsjonar, pizza, pitakebab og knallgode heimelaga kaker. 4 Dolly Dimple`s serverer pizza slik vi nordmenn likar det. Her får du pizza med ferske pizzabotnar, baka på eige bakeri kvar dag. Bestill pizza og ta med heim, eller velg pizzabuffe.

5 På Caffé Prego kan du ete lunsj frå ein rikhaldig meny av pastarettar, salatar, smørbrød, dagens suppe, heimelaga is og smoothies. eller du kan nyte ein god kopp kaffi i pausen på handleturen. 6 På Go`biten (lokalt; Menykafeen) står dei og steiker hedlekake (pannekaker), som er ”grueleg godt” med smør og sukker. Kafeen har veldig mykje anna godt også; bakevarer, kaker, heimelaga tradisjonsmat.


3

4 11

5 6

7

8

9

7 Restauranthuset Malin held til i Sogndal Kulturhus og innheld China House med tradisjonelle kinesiske rettar, Malin Steakhouse, Malin Sushi og Malin Hotpot. Her er det i tillegg buffet og noko for alle. Restauranten har også takeaway-meny.

Godt utval i lokal drikke, både juice, limonade og nektar. Intimt og triveleg selskapslokale i kjellaren samt rikhaldig cateringmeny. Lise driv også kafeen i Sil-hytta i Hodlekve og Ski-in pølsebua i Rindabotnen.

8 Lise på Kafe Krydde Lise driv sjarmerande Kafé Krydder i Bondevikhuset midt i Sentrumsparken. Her får du heimelaga kaker, god kaffe, ferske bakevarer og enkle lunsjrettar.

9 På Pizzabakeren i Fjøra kan du velge frå ein rikhaldig meny og ete god pizza inne og ute, eller bestille og ta med. Utkøyring inntil 4 km. Bur du lengre unna? Ta kontakt.

10 Restauranten MeatPoint serverer biff og burgarar av topp kvalitet og stort utval av tilbehør. Prøv ein falafel burgar eller milkshake. 11 Subway Amfi Sogningen Sandwichkjeda Subway held til i Amfi Sogningen. Dei tilbyr subs og salatar med grønsaker, nybaka brød og mykje godt tilbehør. Alt vert laga på bestilling..

45 Hodlekvemagasinet

10

Et godt i Sogndal


Hodlekvemagasinet

46


Hodlekvemagasinet

47


Hodlekvemagasinet

48 Foto: Håvard Nesbø, Ski: Eric Sadorge

Sogndal 20. - 24. februar 2019 Ved den lengste fjorden, dei høgaste fjella og den største breen finn du Sogn. Midt i hjartet ligg Sogndal, Fjellsportfestivalens heim. Med vér frå vest, store brear som kjølar ned lufta slik at nedbøren kjem som snø, er områda rundt Sogndal verdenskjende for god snø. Den beste snøen. Når vinteren byr opp til fest, og snøen ligg metervis i skogane våre, då er det høgtidsstund i bygda. Dette kunne høyrast ut som starten på eit eventyr. Og eit eventyr er det, eit sant eventyr alle kan delta i. Store ord tenkjer du. Heilt greitt det. Om du låner vekk fire dagar av tida di til oss, skal me syna deg at me har rett. Me ynskjer velkomen til den ellevte utgåva av Fjellsportfestivalen. Der skiturar, toppturar, laussnøkøyring, sikker ferdsel i fjellet og legendariske fjellsportkveldar står i fokus. Alt tilrettelagt for ein durabeleg skifest. Er du ny i skifaget, ingen problem. Kompetanse og tryggleik er våre varemerke. Bli med våre sertifiserte tindevegledarar på guida turar, eller ta gjerne eit

skredkurs når du først er med. Under Fjellsportfestivalen finn ein aktivitetar for alle ferdigheitsnivå. Ynskjer ein å vera på sjølvstyr, så går det også fint. Me legg opp til god infrastruktur som laussnøbuss tilpassa djupe dagar i skogen, eller om ein ynskjer å bli plukka opp langsmed vegen i Sogndalsdalen. Visste du at me har eigne toppturparkeringar? Det skal vere enkelt å komme seg på tur i Sogndal. Skiturane står i høgsetet og då treng ein ikkje kasta bort dyrebar tid. Fjellsportfestivalen har eit tettpakka program tilrettelagt for akkurat deg, du som trivst med ski under føtene. No er det ikkje slik å forstå at det berre er djup snø me har å by på her i Sogndal. Me kan lova at det blir kjekt å vera festivaldeltakar også på kveldstid. Bli med på foredrag og lær deg noko nytt og nyttig, eller opplev den unike atmosfæren på afterski. Same kva du gjer, lyt du ikkje liggja heime på sofaen når Tyyl! endeleg er tilbake på Fjellsportfestivalen att. Blir det ikkje ellevill rock og hemningslaus allsong, lyt du krevja pengane dine att. Saman med heile bygda, og vår samarbeidspartnarar i Sogndal Skisenter Hodlekve, gledar me oss til å syna deg bygda vår, den djupe snøen og dei herlege fjedla.

Fjedle kadla og eg lyte gao. Sjaoast i februar.

Følg oss gjerne på Facebook eller stikk innom vår heimeside fjellsportfestivalen.no


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.