Hodlekve magasinet haust 2019

Page 1

VINTEREN 2019/20

www.sogndalskisenter.no


Sogndal Skisenter Hodlekve Sogndal Skisenter Drift er eit ideelt aksjeselskap. Alt overskot skal dermed førast attende til føremålet. Ein kan sjå på SSD som motoren i utviklingsprosjektet. Medan Sognefjord Utvikling som står for hyttesalget, er det SSD som skal levere aktivitetstilboda i området. Synergien i prosjektet for lokalbefolkninga er stor. I utbyggingsfasen er det mange som har sitt arbeid i området, og når hyttene er klare vil butikkane i Sogndal få nye kundar.

Hodlekvemagasinet

2

Lokalbefolkninga har allereie merka at aktivitetstilboudet i området aukar år for år. Både vinter og sommar. Utviklinga i Hodlekve er eit resultat av politisk vilje og støtte frå lokalt næringsliv! Når me no utviklar Hodlekve vidare gjer me dette fordi dette gir gode synergier for fleire. HODLEKVEMAGASINET Utgjevar: Sogndal Skisenter Drift as

Fosshaugane Campus

Trolladalen 30, 6856 Sogndal

Opplag: 11.000 Redaksjonelt:

Håvard Nesbø: havard@hodlekve.no

Bilde:

Håvard Nesbø om ikkje anna er nemnt

Ski på framside: Martin Gilleshammer

Annonsar:

Svein Olav Haugen: soh@hodlekve.no

Layout og trykk: Ingvald Husabø Prenteverk as

FAKTA Sogndal Skisenter Drift Organisasjonsnummer: 980886174 Eigarar – eigarfordeling: Sogndal Skisenter Eigedom AS, 65,4% (Sogndal kommune, Sogndal Idrettslag og bygdafolk m. fl.) Sognefjorden Utvikling AS 34,6% Styringsform: Aksjeselskap. Rekneskapsførar: Loftesnes Rekneskap AS Revisor: Deloitte AS Tilsette: 3,5 heilårstilsette 22 sesongtilsette Administrasjon: Dagleg leiar - Per Odd Grevsnes Driftsleiar - Kim André Navarsete Utviklingsleiar Håvard Nesbø Marknadsleiar - Svein Olav Haugen Tal skitrekk: 2 T-krok 1 Poma (lys) 2 Poma barnetrekk (lys) Langrennsløyper 10 km + 5 km 3 km lysløype


Valeberg, 6854 Kaupanger

SOGNDAL

BILVASK • MAT • STORKIOSK

Campus Fosshaugane Trolladalen 30, 6856 Sogndal Telefon: 57 67 16 19

Maxitaxi: 951 02 660

SAMAN GJER VI DET BETRE SPV

Julemeny Frå 15.november kan vi, i tillegg til vår faste meny, tilby vår julemeny: Pinnekjøt-tallerken: 368,Ribbe-tallerken: 338,Jule-tallerken: 378,Julebord for bedrift? Ta kontakt på 57 67 87 00 eller post@restauranthusetmalin.no

Skal vi ta vare på alt det verdifulle vi har her på Vestlandet, må vi gjere det saman – for saman gjer vi det betre.

Hodlekvemagasinet

3


Tek heile året til hjelp Hodlekvemagasinet

4

Ein må nytte tida utan snø so godt som råd. Det er der ein legg grunnlaget for ein endå betre og meir stabil vintersesong. Noko som gjev betre berekraft rundt drift. Det er ein stegvis prosess der ein må gjere dei viktigaste grepa først. Gjerne ikkje bygge ut å verte endå større som anlegg. Men heller utvikle og forbetre tilbodet ein allereie har. FORBETRA HOVUDTRASE Driftsleiar i Sogndal Skisenter drift (SSD) Kim Andre Navarsete (biletet) fortel at det har aldri vore større aktivitet i skisenteret enn i år. – Det har gått i eit, mest før snøen reiste i vår. Så heile sommaren har vore prega av hyppig drift. Me starta eit prosjekt nokre år tilbake. Med etablering av tipp av masse frå hytteutbygginga, som igjen har blitt brukt til planering av bakke i Holentrekket i Rindabotn. I vår bestemte me oss for å gjere ferdig dette prosjektet i løpet av hausten 2019, seier Navarsete. Det vil seia at ein no har både utvida og faktisk flytta delar av nedfarten nokre plassar. Så ferdigstilt løype har no ei jamn breidde på 45 meter frå topp til botn. – Breidda vil gje ein mykje meir allsidig bakke, både for alpinistar, vaksne og born. Planeringsjobben vil gjere til at me kan opne bakken på mykje mindre snø, enn

tidlegare. Og me er sikra meir stabil og lengre driftstid. Samt den dagen me får snøproduksjonsanlegg, så vil det gje oss ei betre økonomisk utteljing. Eg gler meg til å sjå korleis folket vil reagere på det forbetra bakketilbodet, det er blitt ei stor forbetring, fortel Navarsete. FAMILIELØYPA Hovudnedfarten i Kalvavatni har også blitt utbetra. Ein del planeringsarbeid i sommar har gjort at ein kan få opna den populære solrike familieløypa tidlegare enn før. – I tillegg planlegg me neste år, ei grøn løype som skal strekkje seg frå toppen av Holentrekket (Rindabotn). Via familieløypa i Kalvavatni, og ned att med avslutning ved Dalalåven. Dette vil bli den mest

familievanlege traseen me har, og vil mest truleg stå klar vinteren 20/21, seier Navarsete. BETRE FOR BORN Når ein først er inne på emnet lågterskel så har det skjedd radikale endringar kring tilrettelegging for dei minste. – Heile nedfarten i Toyotatrekket har blitt planert. Vatn er veita ut og steinveiter og grøfter er blitt etablert. Her vil ein no kunne slå heile området med beitepussar eller kantklyppar på sommaren. Området har også fått lys. Dette vil i første omgang bli med tanke på arrangement, til dømes julebord, selskap og liknande. Kveldskøyringa vil framleis føregå i Hodlekve, som før. Enn so lenge til me i framtida får snøproduksjon og lys ned Holentrekket.


Me vonar det ikkje vert så altfor lenge til, smilar Navarsete lurt. HODLEKVE Ein skal ikkje gløyma der det heile byrja. I det gamle Hodlekvetrekket er det framleis full aktivitet. På vindfulle og heilt kvite dagar er Hodlekve ein fin plass å vere. Det er der ein framleis finn kveldskøyringa, og det eine av to barnetrekk. – I øvre del av Hodlekvetrekket har me tilrettelagt betre for parkkøyring. Slik ein kan utforme element mykje lettare når snøen kjem. Bratthenget lenger nede og alpinbakken er utvida og planert. Spesielt med tanke på eit betre treningstilbod for alpinistane under kveldskøyring er dette gjort. Dette har vore eit spleiselag med alpingruppa, som er ein stor bidragsytar til skisenteret, fortel Navarsete. NY TRAKKEMASKIN Vedlikehald av maskinpark og skitrekk er viktig for ei god framdrift. Både sikkerheit kring kontinuitet og det økonomiske kring drift er utruleg viktig. – Etter nytt regelverk frå taubanetilsynet i 2017, er krava for å driva skisenter skjerpa inn. Mellom anna med krav til hyppigare vedlikehald enn tidlegare. Dette medfører at vedlikehaldskostnadane aukar vesentleg. Girkassen til Holentrekket er no plukka ned og sendt til Tyskland for overhaling. No er me i forkant på vedlikehald, og har rett fokus på tryggleik og driftsikkerheit i trekka våre. Me vil også byte ut ei trakkemaskin no. Dette er ei

stor investering, som vil gjera resultatet i bakkane betre. Køyringa vert meir effektiv enn tidlegare. Dette er viktig i og med talet på nedfartar vert fleire, og større. Preparering av løyper er ein stor kostnad, men alfa omega for drift og tilbod. For spesielt interesserte så er den nye maskina som kjem til gards ei Piston Bully 600 Park, 2018 modell. Mykje meir effektiv og lågare driftsutgifter per kvadrat, seier Navarsete. STORSTOVA Til påsken 2019 opna Dalalåven, den nye storstova, samlingsplassen og hjarta ikkje berre i skisenteret, men i Sogndalsdalen. Dette er eit fleirbruks servicebygg. Med sportsbutikk, kafédrift og ein fleirbrukshall på 200 kvadrat, og god takhøgd. – Den kommande vintersesongen vil me sjå effekten av tilbodet me har i Rindabotn. No har med flott barnetrekk og to nye utvida hovudtrekk med samlingspunktet Dalalåven i botn. Me er ikkje heilt ferdige med interiøret ennå, men me ser kva stort, flott og viktig løft dette er for oss. Her har me plass til hundrevis av folk når me køyrer i gang større arrangement. Berre sjå på afterskien til Fjellsportfestivalen i fjor, då hadde me ein førpremiere, og Kaldfjøsen tok i mot over fire hundre fest og skiglade på afterski to dagar på rad. Legendarisk seier dei som var der, fortel Navarsete. FLEIRE HYTTER Det nye hyttefeltet Rinden 2, hadde

oppstart seint i juni. Dette feltet består av 31 flotte tomter med flott utsikt cirka 800 meter over havet, med full infrastrukturbygging. Feltet vil mest truleg vere ferdig før snøen set inn for fullt, då startar også tomtesalet for dette. FOLKET Som tidlegare sesongar satsar ein so godt som råd på lokal arbeidskraft kring drift. – Me ynskjer å skape heilårs arbeidsplassar her hjå oss. Når me sakte men sikkert veks oss større no, så vert det naudsynt med fleire arbeidsplassar. Me er i dag 3,5 tilsette på heilårsbasis. Vintersesongen har me 25 sesongarbeidarar, fleire av desse har me god von om å få tilsett på permanent basis. Men når me først er inne på folket. Eg må få trekkje fram at me atter ein gong har hatt eit fantastisk år med mange gode dugnader. Det blei til dømes på vårparten gjort utruleg mykje med både ryddinga av trasé og uttynning av eit heilt nytt område kring Kalvavatnitrekket. Det er ein god gjeng som sjølv tek initiativ til både skoging, utvikling av sykkelløyper og lagar eigne arrangement. Dette er heilt i tråd med kven me er. Me er eit anlegg for alle. At personar føler eit så stort eigarskap til Sogndal Skisenter, syner at me er på riktig veg. Slike ting gjev oss den driven me treng for å held fram med dette. Det er moro når me spelar på lag. Eg berre gler meg til vinteren og framtida. Me skriv historie, avsluttar Navarsete.

Hodlekvemagasinet

5


Hodlekvemagasinet

6

Fjellføraren i Sogndalsdalen Ein vanleg skisesong i fjella rundt Sogndalsdalen strekkjer seg fort frå november til godt ut i juni. Det er ikkje uvanleg med skitur og jonsokfeiring på ein og same dag. Sogndølen Bjørn Ness hadde eit prosjekt her eitt år. Han gjekk på ski i og kring Sogndalsdalen, mest kvar veke i eit heilt år. Så ja ein kan strekkja sesongen. – Med litt kreativ skikøyring så gjekk det bra, seier Ness. HØGFJELLSFØRAREN Om ein deler skisesongen inn i to så skil ein mellom vinter og vår. Me tek for oss eit utval turar ein kan gjere fram til påske. I neste utgåve av Hodlekvemagasinet vil me presentere vårskiturar.Skal ein presentere skikøyring i fjellet utanfor preparerte løyper bør ein snakke med erfarne fjellfolk som har høg kompetanse på området. Sander Buene er av eit slikt kaliber, og helst litt meir. Han nyttar ofte Sogndal Skisenter som utgangspunkt både for

skredkurs og fjellturar på ski. Han er utdanna fjellførar gjennom NORTIND. Ei internasjonal sertifisering som er den høgste ein kan ha i verda på høgfjellsføring. KUNNSKAP Ein finn eit fjell for alle i Sogndalsdalen. Fjell ein kan ta sine første vaklande steg på ski, både opp og ned. Til fjell så stupbratte at det er berre ei lita handfull som meistrar å ta seg ned. – Det er nesten umuleg å gje nokre konkrete tips som høver alle. Det er fleire faktorar som spelar inn. Dei viktigaste er om fjellet er eksponert for skred, vêr og føreforhold, samt lengda på turen. Så kunnskap og fysiske evner er det første ein må ha på stell. Er ein bevisst på desse, så kan ein legge opp tur etter evne. Har ein ikkje kunnskap som gjer til at ein kan gjere slike vurderingar. Samt ein lærer å lese/nytte skredvarsla til varsom.no. Så finst det både skredkurs/ toppturkurs og reine skikurs. Der lærer ein det mest grunnleggande. Ein blir tryggare på seg sjølv, ein gjer meir bevisste val enn å berre

følgje andre sine spor. Ein blir også flinkare til å finne den beste snøen. Men alt i alt er det livsviktig kunnskap, forklarar Sander. Har ein kome so langt at dugleik og kunnskap er på plass, så listar Sander opp fjell som passar dei fleste: BLÅFJELL – Me kan begynne med det mest populære, og «enklaste». Blåfjell. Sjølv om dette er eit fjell som mange nyttar, ofte med born på tur og enkelt utgangspunkt frå toppen av skitrekket. Så er dette eit seriøst fjell. Fjorten hundre meter er høgt oppe. Ein kan gå til topps utan å gå i eksponert terreng. Og ta seg ned på samme viset. Det er fleire mulegheiter for trygg nedkøyring. Men der igjen, ein må ha kunnskap om å lese terrenget. 30 grader bratt der ein er, eller over seg. Utgjer ein risiko under rette tilhøve. Frå Blåfjell kan ein mest stå på ski ned alle himmelretningar. Ein effektiv tur. Ein kan køyre so bratt ein berre vil, med klippeband og store utfordrande flankar i komplekst terreng. Ein kan også cruise ned flotte sider utan å


måtte tenke på skredfare. Men i utgangspunktet kan Blåfjell tilby «noko for alle», fenomenal utsikt. På klårversdagar kan ein sjå inn til Hurrungane der Store Skagastølstind breiar seg ut over resten av gjengen sin, seier Sander.

er eit område med mykje mikroterreng, ved gode sporval kan ein gjere relativ trygge vegval. Men ein skal også her ha litt kunnskap, då fjernutløysing kan skje på rette dagar. Då ikkje berre der ein er, men også ovanfor seg, fortel Sander.

TYLDERINGEN – Eit flott «nybyrgjarfjell» der ein fint kan ha med born. Ei flott utsikt møter ein på toppen. Det er ein relativt effektiv tur. Ein må parkere på toppturparkeringa på Fretland, ikkje stenge vegen verken for mjølkebil eller dei som bur der, då går det bra. Ein bør køyre om lag same veg ned som ein går opp. Då unngår ein skredterreng, og ein får mykje leikent terreng. Det fine med Tylderingen er at ein kan ha det mykje moro i området på dagar med dårleg sikt. Opne flankar i skogen innbyr til leik og moro. Det finst andre nedkøyringsalternativ også, men då skal ein ha kunnskap om kva ein balar med, og er ikkje noko eg vil anbefale. Har ein kunnskap nok så skjønar ein kva det dreier seg om. Men som sagt normalvegen opp ned frå Fretland, perfekt for både vaksne og born, seier Sander.

TOGGA – Ein kjem ikkje unna utan å nemne Togga når ein omtalar Sogndalsdalen. Togga er populært fjell med effektive høgdemeter. Dette er eit seriøst fjell i den litt brattare delen av Sogndalsdalen. På toppen har ein dramatisk utsikt inn Laugadalen, inn Frudalen og Anestølen. Det er viktig å følgje normalvegen der sommarstien går både opp og ned. Togga er lunefull, og ein må ha kunnskap då det er mykje eksponert terreng. Det er eit par plassar ein må innom 30 grader brattheit. Opp mot tregrensa skal ein passe seg litt, det er ikkje store områda men store nok. Med god nok kunnskap og med rette forhold kan ein ta seg ned att sørsida mot Laugadalen, der er eit fint søkk ein kan følgje. Men då er ein eksponert fleire plassar. Er du så heldig at du må trakke førstesporet opp, så må du trakke på lavaste helløftar, ikkje legg sporet for bratt. Då kan både du og andre ha mykje meir glede av sporet. Glasserte og bratte oppoverspor er berre for folk med særs spesielle interesser, fortel Sander.

GRÅNIPA – Ein lengre tur enn dei to første. Ein går opp frå Gunvordal. Og fjellsida i bolleformasjonen mellom Grånipa og Nonsholten er ofte skjerma frå vind frå fleire himmelretningar. Ein finn ofte god snø her. Austvendt øverst mot nordaust nederst. Dette

ANDRE TURAR – Frudalshesten, Sogndalseggi, Lamma-

nipa, Skjerdingane, Salen er alle områder som innbyr til flott skikøyring, og er flotte turar. Men dette blir i område som er særs eksponerte over tid. Og ein bør ha eit ganske høgt nivå på skred- og terrengvurdering før ein legg i veg. Når ein har dette, veit ein sjølv kvar ein skal finne informasjon i turplanlegginga si. Og så må ein sjølvsagt ikkje gløyme dei flotte fjellskiturane ein kan gjere. Både til Høgehaug, Sumhaug, Fjærlandsete. Nuken og Halsavatnet. Og kongen over dei alle Torstadnakken, då får ein følelsen av å gå på taket av Sogndalsdalen, fortel Sander. LAUSSNØEN Dei djupe dagane er noko me alle siklar mest på. har ein køyrt nokre runder i lårdjup fjørlett dunsnø ,så hugsar ein dette for resten av livet. Det gjev den optimalt gode skikjensla. Me er så heldige her i Sogndalsdalen at når mange andre slit med dårleg sikt så har me plenty av mulegheiter i skogane våre. Svartholten, Kvamshalsen. Grøssete er flotte område om ein vil leike i laussnøen. Skogane rundt skisenteret har mykje fantastisk skogskøyring. Ein må berre passe på i dei brattaste områda ned mot Fjærlandsvegen. Fjellføringsfirma som jobbar med guiding, tilrettelegging og kurs i Sogndal skisenter: sogndallodge.no breogfjell.no norgesguidene.no

Hodlekvemagasinet

7


Viktig tilrettelegging for rekruttering SOGNDAL SKISENTER ER viktig for Sogndal idrettslag Alpin. Det er her me har våre treningar på heimebane, det er her me driv skiskule for dei minste og det er her me rekrutterar nye skiglade born.

Hodlekvemagasinet

8

SPESIELT FOR DEI minste borna og det me kallar for nybyrjarar er det viktig å ha ein lokal treningsarena kor ein kan føle seg heime og ikkje minst trygg. Dei største og mest erfarne borna og ungdommane reiser i tillegg rundt i fylket og landet, for treningssamlingar og konkurransar. ME OPPLEVER AT dialogen og samarbeidet med Sogndal Skisenter fungerer veldig bra. Me har løpande dialog gjennom sesongen. Me opplever at skisenteret verkeleg ynskjer å legge tilrette for gode treningsforhold. FOR OSS ER det også viktig at me har ein god preparert sole av snø, når me skal køyre portar. Der nokon ynskjer seg pudder og nysnø, så treng me i vår trassé godt preppa bakke med harde forhold. Lys i bakken for kveldstrening er også heilt avgjerande for å kunne gjennomføre treningar, på kveldtid i vekedagane. ALT DET NYE og spennande som no skjer kring utviklinga i Hodlekve, syner eit anlegg som tør å satsa, utvide aktivitetstilbodet. MED DEI BESTE ynsker om ein flott snøsesong, Knut Munthe Olsen Leiar Sogndal idrettslag Alpin


Hodlekvemagasinet

9

SOGN STORSENTER KAUPANGER WWW.BOHUS.NO TLF 57 67 74 40 Ã…PNINGSTIDER: 10-19 (16)


Hodlekvemagasinet

10

Eit allsidig langrennstilbod Sogndal Idrettslag si langrennsgruppe er ivrige brukarar av Sogndal Skisenter og langrennsløypene i Hodlekve. Når dei første snøfnugga byrjar å dale på seinhausten kriblar det i både små og store langrennsføter. Det er mest so dei ivrigaste står å trippar når trakkemaskina legg ut på den første runden i løypa. Me i langrennsgruppa kosar oss skikkeleg når me rundt juletider endeleg kjem oss ut av av gymsalen og opp i Hodlekve. Me har etterkvart fått os ei stor og allsidig gruppe, og løypene i Hodlekve gjev gode treningsforhold som lett kan tilpassast alle nivå. Me har stadion nederst som ligg godt i ly, og har plass til skileik og annan moro for dei minste. Mellomtrinnet flyttar gjerne opp på flata ovanfor stadion. Dei eldste er ofte heilt øverst i langrennsanlegget. Der finn dei god plass og har tilgang på større flater med god fart, og utfordrande bakkar. Me har i tillegg lært oss å bruke anlegget slik at me kan ha morosame stafettar både i løypene, men også i djupsnø og gjennom busker mellom trer.

Sjølv når Hodlekve byr på meir snø enn me sjølv likar, stiller skisenteret opp både tidleg og seint, slik at me alltid kan ha gode tilhøve. Dei gode forholda i løypene, saman med lett tilgjengeleg stadion og ei god varm SIL_hytte, har gjort til at langrennsgruppa har hatt god rekruttering siste åra. Dei minste har det moro på trening, og dei vaksne kan sjå på eller ta seg ein runde i løypene sjølve. Utover vinteren samlar dei tradisjonsrike Skicup-rundane og Skikarusellen nesten tohundre, ivrige skilauparar som saman med foreldre og føresette lagar eit deilig lite kaos i Hodlekve, og sørger for at langrennsporten stadig er i framdrift. Me i SIL Langrenn ser fram til nok ein flott vinter og mykje skiglede. Med ynske om den beste vinteren, Tommy Harjo Leiar Sogndal Idrettslag Langrenn


Hodlekvemagasinet

11

Nestangen, 6856 Sogndal | tel: 57 67 75 00 | post@holen-installasjon.no


Privat og proffmarked

Hus og hytte

www.neumann.no

Me leverer alle typer

Hodlekvemagasinet

12

MATERIALE TIL HUS OG HYTTE

Me er hovudsamarbeidspartnar til

Me hjelpar deg med å finne rett peis! Vi har peiser frå Nordpeis og Jøtul.

Fargeval innandørs

Varme, kalde, mørke og lyse. Ulike fargar på ulike typer av flater påverkar meir enn man trur. Eit lite rom kan med fordel målast i lyse fargar for å få rommet til å opplevast større. Og fargar med varm tone er å foretrekkje om du vil ha en meir lunhet. Golv og tak er viktig for heilskapen.

Tenk på at fargar veks med overflata. Det tyrer at jo større flate du målar fargen på, desto kraftigare opplevast fargen. Me har måling frå Beckers, og hjelper deg gjerne!

Følg oss på Facebook

Spiler for praktiske og estetiske løysingar

Spiler kan brukes på vegg og i tak, spør oss!

/Neumannkaupanger


Privat og proffmarked

Hus og hytte

www.neumann.no

Eik Plank Parkett

Ein vakker parkett med breie bord i matt lakk. Eit golv som er som skapt for nordiske interiørtrendar. Her får man lange lekre bord som strekk seg heile 2200 mm, og skapar eit eksklusivt sluttresultat. Det er mykje liv i treet, som skapar eit spanande uttrykk med årer og kvist. Eit golv som oser av soliditet og ektheit.

eumann kaupanger Kloppenvegen 7 kaupanger@neumann.no tlf 57 67 75 20

Opningstid: Mandag - fredag kl. 06.30-16.00

Det du treng. Når du treng det.

Våre leveransar, frå tilbod til gjennomføring, skal vere oversynlege og komplette. Riktige produkter skal leverast til rett tid, og skape tryggleik og vere føreseieleg. Me gjer det me kan, så du kan gjere det du kan best!

Hodlekvemagasinet

13


Hodlekvemagasinet

14

Med tolv år i ordførarstolen og totalt tjue år i kommunestyret. Er det få som har følgt tettare på utviklinga til Sogndal Skisenter enn ordførar Jarle Aarvoll. No når tre kommunar vert til ein og Jarle trer ut av ordførarvervet, reflekterar han over kva Hodlekve har vore og kva det er på veg til. Hodlekve har ein heilt spesiell plass i hjarta hjå oss friluftsinteresserte. Spesielt om vinteren har det i alle år vore ein viktig møteplass og turområde for alle generasjonar. Hodlekve er litt «vårt» alle. Sjølv har eg tidlegare vore med i styret i driftsselskapet, og me trudde vel aldri det skulle skje så mykje på så kort tid der framme. Men med framsynte eldsjeler og politikarar har ein bygt stein på stein, og

i dag er det i ferd med å bli ein heilårsdestinasjon. Fosshaugane Campus var med å forandre Sogndal. Hodlekve er eit slags Campus med skitrekka, heisane, Dalalåven, SIL-hytta, alle hyttene, fjell-løypene, lysløypa, sykkelstiane, fiskevatna. Ein god time til Sognefjellet, eit kvarter til sentrum og fjorden. Ein kan bruke fjella på begge sider. Det er ikkje mange stader med så mykje innhald og med so korte avstandar som me finn i Hodlekve. For meg er Hodlekve ein av dei viktigaste møteplassane me har i bygda. Om det er på ein roleg fjelltur, praten i bakken eller over kaffi og vafler i ei av hyttene. På slike plassar opnar me oss, treffer mykje kjekke folk og praten går lett. På denne måten har mange nye relasjonar oppstått. Dei friviljuge, eigarane og styra, har gjort ein kjempejobb for å få Hodlekve dit det er i dag. Slike folk heiar eg på. Kva Hodlekve er om ti år veit eg ikkje, men

det vil vere noko mykje meir enn det er i dag. Staden vil ha utvikla seg til å bli ein opplevingspark om sommaren som ein kjem langvegsfrå for å oppleve. Sykling, klatring, vandring, det rolege gode liv er det me forbind med Hodlekve. Men på vegen må me ikkje tape dei friviljuge og deira kreative tanke- og handlekraft. Det er det som har gitt oss det Hodlekve me har i dag. Det er so mykje kjekt med Hodlekve. Trening i lysløypa, kaffien og litt attåt i hytta. Blåfjellet eller ein tur på breen. Etter kvart er det nok turen over Fagreggji, ned til Fjærlandssete og opp til Høgehaug og nedatt, som er den finaste turen. Og for dei sprekaste opplevingar nedetter fjellsidene på alle dei flotte fjella i Sogn med Hodlekve som hovudbase. Det aller finaste med Hodlekve er alle folka eg møter på tvers av alle aldersgrupper. -Jarle Aarvoll-


HAR DU EIN DRAUM PÅ E I N P O S T - I T ? TA D E N M E D T I L O S S !

POST@L A -BIM.NO 9 7 5 3 2 071

T E I K N I N G - P R O S J E K T E R I N G - BYG G E S Ø K N A D

Jao oss faor du innmaten te hyttao di. Kjøkkenutstyr, glass, serviser, møblar m.m.

Din merkevarebutikk i Sogndal AMFI Sogningen • tlf.: 57 67 18 80 • www.traktoren.no

PLATEARBEID VANNSKJÆRING MASKINERING SVEISING

15 Hodlekvemagasinet

Tlf. 57 67 27 20 • Hovevegen 10


Et godt i Sogndal

LEGESENTER LEGESENTER

Gra

n Dalavege

Hodlekvemagasinet

16

Gi

ld

BUSS/TAXI BUSS/TAXI

ta ga s in te s n ve a Gr

5 ekve

odl <-- Til H

ev

an

ge n

rk Pa

6

v


en eveg v o H

1 På Caffé Prego kan du ete lunsj frå ein rikhaldig meny av pastarettar, salatar, smørbrød, dagens suppe, heimelaga is og smoothies, eller du kan nyte ein god kopp kaffi i pausen på handleturen. 1 På Go`biten (lokalt; Menykafeen) står dei og steiker hedlekake (pannekaker), som er «grueleg godt» med smør og sukker. Kafeen har veldig mykje anna godt også; bakevarer, kaker, heimelaga tradisjonsmat. 1 Cafè Sogningen, eller Domuskafeen som vi kallar den lokalt, serverer både tradisjonell norsk kost – i solide porsjonar, pizza, pitakebab og knallgode heimelaga kaker.

a sgat n i e t s aven

n ge e rk v

Pa

7

4

Fj ør av eg en

n ge ve

Bry gg jeg ata

1 Dolly Dimple`s serverer pizza slik vi nordmenn likar det. Her får du pizza med ferske pizzabotnar, baka på eige bakeri kvar dag. Bestill pizza og ta med heim, eller velg pizzabuffe. 1 Subway Amfi Sogningen Sandwichkjeda Subway held til i Amfi Sogningen. Dei tilbyr subs og salatar med grønsaker, nybaka brød og mykje godt tilbehør. Alt vert laga på bestilling.. 2 Restauranthuset Malin held til i Sogndal Kulturhus og innheld China House med tradisjonelle kinesiske rettar, Malin Steakhouse, Malin Sushi og Malin Hotpot. Her er det i tillegg buffet og noko for alle. Restauranten har også takeawaymeny. 3 Lise på Kafe Krydder Lise driv sjarmerande Kafé Krydder i Bondevikhuset midt i Sentrumsparken. Her får du heimelaga kaker, god kaffe, ferske bakevarer og enkle lunsjrettar. Godt utval i lokal drikke, både juice, limonade og nektar. Intimt og triveleg selskapslokale i kjellaren samt rikhaldig cateringmeny. Lise driv også kafeen i Dalalåven og Ski-in pølsebua i Rindabotnen. 4 På Pizzabakeren i Fjøra kan du velge frå ein rikhaldig meny og ete god pizza inne og ute, eller bestille og ta med. Utkøyring inntil 4 km. Bur du lengre unna? Ta kontakt. 5 Vågal Burger and Gin på Quality Hotel Sogndal er spesialistar på gourmet hamburgar av Angus storfe frå Vestlandet. Her kan du tirre smakslaukane dine med ein saftig burgar med tradisjonelle, spicy eller dristige kombinasjonar. 5 Restauranten La Pergola på Quality Hotel Sogndal serverer ei rekkje fristande italienske rettar, både pasta, fisk, kjøtrettar og sjølvsagt italiensk pizza. 6 Lægreid Hotell plassen for det gode selskap. Me serverar god norsk tradisjonsmat til arrangementt ditt. På Lægreid’s Puben finn du den gode tjukkbotna pizzaen vår, og noko godt i glaset finn du også her. 7 Restauranten MeatPoint serverer biff og burgarar av topp kvalitet og stort utval av tilbehør. Prøv ein falafel burgar eller milkshake.

17 Hodlekvemagasinet

1 3

2


Noregsmeister i kaker

Meny Sogndal har betjent kakedisk og sel lokale konditorbakte kaker. Ein kakedisk som har gjort butikken til Noregsmeister.

Nøgde kakemonsar i i Sogn – Me har eit svært godt samarbeid med konditorane «våre» på Eid. Vel halvparten av dei fleire tusen kakene me sel er bestillingsvarer, seier Sølvi Skartun Tuftene, som synest det kjekkaste er tilbakemeldingane frå kundane.

Hodlekvemagasinet

18

– Det er sjølvsagt kjekt å vere den butikken i Norgesgruppen som sel mest kaker. Men kontakten med kundane og tilbakemeldingane frå dei er uansett det som inspirer oss mest, seier Sølvi, som inviterer både hyttefolk og fastbuande til kakedisken sin på AMFI Sogningen.

Sølvi Skartun Tuftene og Meny Sogndal er best i Norgesgruppen på kaker.

– Hyttekosen og helgekosen er sikra med ei kake bakt av lokale fagfolk. Og har du ei markering du ønskjer ei spesiell kake til så må du ta kontakt. Me hjelper gjerne.

Meny er butikken med det vetle ekstra. Ikkje berre i varesortiment, men også det personlege og engasjerte.

Husmannskost til under 100-lappen Go`biten kafe & konditori, av svært mange kalla Meny-kafeen, servere alt frå lefser og kaffi til gode rimelege middagsrettar. Det er her ein finn den gode møteplassen. Tradisjonsrik kafé betyr mykje for mange. – Dette er ein av dei eldste kafeane i Sogndal, og fast møteplass for mange. Nokon har faste tidspunkt dei møtast rundt ferske bakevarer, kaker og kaffi, medan det for andre er middagsplassen, forklarar Sølvi Skartun Tuftene. Vertskapet på Go`biten er dyktige fagfolk, med lang fartstid innanfor matfaget, som lagar middagen for deg på heimemåten og baker ferske bakverk heile dagen.

– Her fiksar vi middagen for deg, seier Aina Merete Heggestad (t.v) og Sølvi Skartun Tuftene på Go`biten.


North kontinentalseng med hovudgavl.

Passion modulsofa i hud eller stoff. Tilpass sofaen til dine mål. Velg modular, armlen og fastheit på puteinnlegga.

Hodlekvemagasinet

19

Woodstory spisebord. Velg farge, størrelse, bordplate og understell. Mange variantar.

Gratis befaring. Ta kontakt, vi hjelper deg å finne dei optimale løysingane.

Opningstider: Man. - tys. - ons. - fre. Torsdag Laurdag

09.30–17.00 10.00–18.00 10.00–15.00

Sogndal

Møbelringen Sogndal Tlf: 57 67 69 00 Sjøkanten, Stedjevegen 38 6856 Sogndal


Gjennomtenkte Fjellblikk Hodlekvemagasinet

20

Fjellblikk er navnet på hytta til Arild Tistel og Ingeborg Flaten, frå Førde. Eller det er kanskje ikkje heilt rett, for Arild kjem eigentleg frå Vik i Sogn, men er busett i Førde.

Så litt knotete med denne overskrifta og ingressen,tenkjer du? Nei eigentleg ikkje, for omlag midt mellom Vik og Førde finn ein Hodlekve. Ein gjennomtenkt lokasjon når Arild og Ingeborg ynskjer å samla storfamilien frå begge stader på ein plass. Slik når heile familien på begge sider fram til hytta på under eit par timar. EFFEKTIV HYTTEBRUK Med ei hytte ved sjøen frå før, og ei ny no til fjells. Har familien heilgardert seg. – Me er vel litt klimaflyktningar i begge

endar. Me har hytte ute ved kysten og i fjellheimen her i Sogndalsdalen. Slik har me det me meiner er det beste av alt. På under to timar rekk me heimanfrå i Førde til Hodlekve. Dette gjer me kan ta turane meir spontant, og me nyttar hytta oftare enn om den hadde lege lengre vekk. Like viktig er det at me får samla familiane på begge sida mykje lettare. Dette har me tenkt på også under byggeprosessen, fortel Arild. GENERASJON OG JOBB Hytta er kva ein kan kalle ei generasjonshytte. Med ei stor handfull born, skal det vere plass til alle. Her har heile gjengen på åtte god plass til å boltre seg forklarar han. – Hytta har tre etasjar. Sokkel og hovudetasje er begge på 120 kvadrat. Loftsetasjen er på i overkant av tredve. I tillegg har me eit anneks me kan ha til utleige, eller når gjestebodet blir ekstra stort. Totalt har me sengeplass til 25. Fordelen då igjen er at

eg kan ta med meg kollegaer frå verksemda mi Førde Bilberging, hit på samlingar. Det blir noko heilt anna enn firmaturar der ein ligg på hotell. Kort veg, oversikteleg, flott natur. Alt i alt veldig enkelt. SAMSPEL GJEV RESULTAT Enkelt har også byggjeprosessen vore. Sognehus AS ved Terje Thorsnes har stått for bygginga, i tett samarbeid familien. Kva Thorsnes kallar for eit perfekt samspel. – Me har hatt ein ganske så effektiv prosess, det er gjennomtenkte løysingar. Det heile tok vel omkring ni månader til hytta stod ferdig. Undervegs har me fortløpande hatt ein god dialog. Ein kan velgja og vraka so mykje ein vil i framkant før ein startar byggjeprosessen. Så ser ein gjerne utover at ein vil endre på det eine og andre. Med god dialog og engasjerte eigarar som veit kva dei vil ha og som er tydelege, så har dette gått som smurt. Resultatet er blitt veldig gjennomtenkt og gjennomført, eit flott val frå kunden som eg godt kunne gjort sjølv. PIMPA OPP Med det legg Thorsnes i at resultatet er blitt ei hytte med spesiell karakter. Det er den største av alle dei ti hyttene Sognahus har sett opp i skisenteret. – Det i utgangspunkt ei hytte som heiter «Utsikten» frå Boligpartner. Denne har me pimpa opp ein god del. Med royal kledning, og steinfasader. Eksklusive løysingar ute og inne, tilpassa reguleringsplanane i Hodlekve. Til dømes utefasaden er veldig mørk, ikkje noko kvite lister som bryt opp i mellom. Samt ein lysare versjon innvendig. – Eit godt døme på bestemte løysingar som syner seg å ha blitt veldig bra. Så artig at dei bryt litt med det som ofte er, og resultatet blir så flott. Hytta ligg elles i det


Hodlekvemagasinet

21

som var ei bratt og utfordrande tomt, som no er blit ganske så flat og tilgjengeleg. Eit veldig bra grunnarbeid er blitt uført, den har godt spelerom og ei fantastisk plassering. Ei hytte som blir lagt merke til. ARMSLAG Sjølv er Arild og Ingeborg særs nøgde med sluttresultatet i den store men lune hytta. – Her har me tre stover, som born og vaksne kan fordele seg alt etter alder og aktivitetsnivå, noko me meiner er både praktisk og fornuftig. Barne-TV for dei minste i den eine, ungdomen for seg sjølv i ei. Og me vaksne får litt luft. Det er fort ein tenkjer det berre er dei vaksne som treng fritid og avkobling. Det er like viktig for borna også. Me skal trivast i lag, me er ein stor gjeng så det blir fort litt støy, då er det flott med litt rom og armslag, fortel Ingeborg. TRYGT OG ENKELT Tomta var heller ikkje tilfeldig. Arild likar utsikt og mykje lys, og det skal vere lett tilgjengeleg. – Ski in ski out, er viktig for meg. Store vindusflater som opnar for naturleg lys og sjølvsagt utsikta. Her kan dei eldste borna trygt trakke i skia utanfor døra, skli ned i trekket. Når dei vil inn att i varmen er det berre å køyre gjennom skogen eller

transportløypa så er ein heime. Perfekt. No gler me oss til snøen kjem så me får testa ut det heile skikkeleg. Så ser andre som er i Rindabotn bergingsbilen på tunet her, så er vegen kort om ein treng hjelp på vintervegen. Ikkje dårleg det, skisenter med eigen bergingsbil, smiler Arild lurt. Hytta som har det flotte namnet Fjellblikk lever sitt eige liv på Instagram.

Ingeborg er aktiv med eigen hytteprofil og dokumenterar hyttelivet heilt frå oppstarten. Ho håpar dei kan inspirere andre både med interiør men også å føljga hyttedraumen. Sjekk gjerne Fjellblikk på Instagram: _hytta_fjellblikksogndal


Hodlekvemagasinet

22

«Hyttefrå» med Sognenett SOGNENETT ER DEN LOKALE internettleverandøren til Hodlekve og skisenteret. Med kontorlokale i Sogndal har Sognenett sidan 2007 stått for fiberutbygginga i Indre Sogn. Sognenett er òg ein av hovudsamarbeidspartnarane til skisenteret og er ein stor bidragsytar for at hyttefolket og andre får ein flott arena å leike seg i. EIN AV SOGNENETT SINE nøgde kundar, er hytteeigar Arild Tistel. Ein kan våga seg til å seie at hytta hans er blant dei smartaste av dei alle i Rindabotn. For å kopla litt av frå jobben som dagleg leiar i Førde Bilberging, finn han roen på hytta i helgane med familien. Arild har, som så mange andre, sett moglegheita for å jobbe frå hytta. Med eit stabilt nett har han ingen kvaler med å ta seg nokre dagar ekstra i vakre omgjevnader. – Det å kunne kombinera ein arbeidsdag med naturen er heilt perfekt. Her kan eg jobba ein halv dag medan eg tek meg ein tur i skogen før eg er tilbake og kan jobba vidare. MEN SJØLV EIN smart-hytteeigar kan kjenne på at det blir litt for mykje av det smarte iblant. - Både steikeomnen og kaffimaskina kan tilkoplast nettet, men det har eg ikkje sette meg inn i enda. Eg trur eg skal klare

å slå på brytarane inntil vidare, seier Arild som òg kjem med eit tips til vordande hytteeigarar i Hodlekve: - Varmen er første prioritet. Det er deilig å ha den varmen i hytta når ein kjem fram, då er det berre å fyra opp i peisen og nyta hyttetilværelsen. SOGNENETT HAR I likheit med Arild Tistel stor tru på framtida til Hodlekve. - Det er kjekt å sjå at så mange skiglade menneske vel å ha fritidsbustaden sin her i Hodlekve og Rindabotn. Sogndal er tent med eit yrande hytteliv og difor er det ekstra artig å kunne levera eit stabilt nett til dei nye hyttene, i tillegg til at me kan gje noko tilbake til skisenteret og hytteeigarane. Me har vorte ein del av ei særs spennande næringsutvikling, seier marknadsleiar Sebastian Øyrehagen som òg dristar seg til å lansere eit nytt begrep. - Med fiber inn til hytta kan ein fint jobbe heimefrå og det er noko me ser at fleire benyttar seg av. Det å jobbe frå hytta har vorte meir og meir populært og då er ein avhengig av eit godt og stabilt nettverk. Å jobbe heime frå hytta er komen for å bli, eller kan me sei «Hyttefrå», lanserte me eit nytt begrep no? GENERASJONSHYTTER HAR ÒG vorte meir populære. Borna kan leike, sjå på TV

og spele spel, medan dei vaksne kosar seg med ein film eller lyttar til podkast. - Raskt og stabilt internett skal selvfølgeleg vere eit supplement i hyttekvardagen, meiner Sebastian. - Anten ein eig eller leiger hytte i Rindabotn må ein nyta naturen og dei vakre omgjevnadane. So er det komfortabelt å vita at etter ein dag i bakken, kan ein sette varmen klar til du kjem inn att døra. FORUTEN Å LEGGJA til rette for gode internettopplevingar, arrangerte Sognenett i fjor skidag i samarbeid med Hodlekve Skisenter. - Å få moglegheita til å arrangere barneskirenn og hoppkonkurranse var kjekt. Me hadde til og med eit kjekt besøk av Olaf, det satte ungane pris på. Det var ein artig dag, det å bli møtt av så mange smilande ungar gjer det ekstra kjekt å kunne gje noko tilbake til lokalsamfunnet. Ein ting er i allefall sikkert: Anten ein spenner på seg randonèskia, snowboardet eller jobbar litt hyttefrå, så kan ein vere trygg på at med fiber frå Sognenett ligg alt til rette for eit hytteliv fylt med enda meir fart og enda meir moro.

Fotograf Ingeborg Flaten. Instagramkonto: _Hytta_Fjellblikksogndal


Din lokale røyrleggjar Spør oss om pris

Nybygg og rehabilitering av bustadhus og hytter

Vannboren golvvarme og varmepumper Røyrinspeksjon Slambil Tining

Hodlekvemagasinet

23

Sogndal - Tel. 95 17 00 00 - www.fimreite.as - post@fimreite.as

Sogndal • Tel. 95 94 29 54 • E-post: e.e.holme@gmail.com

95 80 53 70 Sogndal • Tel. 95 94 29 54 • E-post: e.e.holme@gmail.com

Installasjon service Besøksadresse: Vangestadvegen 2, Kaupanger | Tlf: 57-67 86 32- vedlikehold | E-post: post@wsaethre.no | Web: www.wsaethre.no

Vi produserer og leverer skreddarsydde beslag, pipebeslag og takhetter i lakkert wsaethre.no stål, aluminium, kobber og sink.

Taktekking - beslagsarbeid

Besøksadr.: SOGNDAL • Vangestadvege Postadr.: Postboks 92 Tlf.: 57 67 86 32 • Telef E-mail: po w Bankgiro: Org. nr.: 98

Lagerførande leverandør av takrenne i aluminium og stål. Alt i ventilasjon. En miljøbedrift

Et sunt innemiljø Prosjekterende – Utførende

Naturlige materialer Kobber – Zink – Aluminium


FRIHEIT OG TID TIL Å NYTA DRAUMEN

ann boligpartner

Bestill gratis hyttekatalog på

boligpartner.no Me nyttar lokale leverandørar og underentreprenørar


HODLEKVE PANORAMA Fritidsleilegheiter med fokus på trivsel 6 AV 12 SELDE!

Bygg i gon inga er g leileg , og fyrst e heita stå k lare t ne skal il p 2020 åsken !

KJØP LEILEGHEIT NO, FLYTT INN TIL PÅSKEN 2020 Hodlekve Panorama er eit leilegheitsprosjekt med fantastisk utsikt og beliggenheit midt i Sogndal Skisenter Hodlekve. Kvar leilegheit har balkong og utvendig sportsbod. I dette prosjektet har vi hatt fokus på minimalt vedlikehald og høg standard. Tiltalande fasadar i karakterstil, romslege balkongar med takoverbygg og gode planløysingar innvendig gjer at ein kan nyta livet i eit ski-eldorado om vinteren og eit tur-eldorado om sommaren. Med realiseringa av «Dalalåven» er Hodlekve i ferd med å vekse seg til eit fantastisk område både for ski-entusiastar og barnefamiliar.

BRA: 80 m2 | Soverom: 3 | Pris fra kr: 3 250 000,–

Fjørevegen 19, 6856 Sogndal Tlf: 917 90 817 | sogndal@boligpartner.no

FINN-kode: 126313319


l Hodlekvemagasinet

26


Hodlekvemagasinet

27


Solskjerming er ein viktig del av hus og hytte!

Hodlekvemagasinet

28

Me har høg kompetanse innan dette faget, og hjelper deg gjerne med innvendig og utvendig måltilpassa solskjerming frå våre solide leverandørar Luxaflex og Royal. Me tilbyr oppmåling utan kostnad. Kom innom for eit uforpliktande tilbud med eller utan montering.

Parkvegen 17, 6856 Sogndal Tlf. 57 67 12 77


Snart startar skisesongen, og me er nykursa og klar for haust/vinter trenden!

Bestill gjerne din neste time på Fixit timebestilling – Velkommen innom !

Følg oss gjerne på sosiale medier

Entreprenør R. Vedvik Maskin as Kyrkjebakken 31, 6856 Sogndal

Telefoner 906 32 640 • 57 67 10 32

Velkommen til Parkveien 13 hilsen oss på Stil Frisør & Velvære Telf.: 57 67 10 10 • Fixit.no

29 29 Hodlekvemagasinet

Vi utfører:

Alt innen frisørfaget, vippeextension, negledesign, manicure, pedicure, reflexologi, massasje og voksbehandlinger.


Dalalåven – av kjærleik til Dalen Hodlekvemagasinet

30

Det starta med ein draum om å skapa aktivitetar i det fantastiske vinterlandskapet Sogndalsdalen byr på, i verdas beste snø. Det har ein lukkast med. Og no er storstova og møteplassen på plass i Rindabotn. Dalalåven er sett opp av kjærleik til Dalen og dalingar. - ME ER ALLE dalingar, seier Magne Hofslundsengen og Yngve Hallèn, to sentrale personar bak oppføringa av Dalalåven i Rindabotn. Bygget er den nye møteplassen ved Hodlekve Skisenter, bygget som skal vera ein aktivitetsbase året rundt for dei som vil nyta det gode, aktive livet i Sogndalsdalen. HAUSTEN 2007 SETTE ein gjeng gutar og jenter i bygda seg saman og byrja å planleggja ein vinterfestival i Sogndal. Dei representerte heilt ulike miljø, men hadde det felles at dei ville skapa noko nytt og morosamt. Dei meinte det var vinterkvalitetar i Sogn som burde løftast opp, kvalitetar som burde kunne danna grunnlag for både bulyst, betre studentrekruttering til Sogndal og næringsutvikling. Parallelt med dette jobba eldsjeler kring skisenteret i Hodlekve med planar om ny skiheis og områderegulering for utvikling. I 1994 opna Fjærlandsvegen, vegsambandet som knytte Nordfjord, Sunnfjord og Sogn saman, vegsambandet som samla fjordfylket. Sogndalsdalen var ikkje lenger ei perle berre lokale kjende til, vegen opna augene til dei som likar flott og bratt natur.

I FEBRUAR 2008 var det klart for den første Fjellsportfestivalen, med direktesendingar på NRK, teltovernatting på kunstgraset inne i Sognehallen og svært mykje åtgaum. Slik vart me stolte over naturen og vinteren vår, slik vart det også ei sanning at me har den beste snøen. Resten er historie, i dag framstår Hodlekve og Sogndal Skisenter som ein svært attraktiv destinasjon, med stadig nye prosjekt under oppsigling og realisering. Kven hadde trudd, for få år sidan, at Hodlekve og Sogndalsdalen jamnleg vert kåra til ein av Noregs beste og mest attraktive vinterdestinasjonar? DET ER I denne samanhengen Dalalåven vart realisert, av entusiastar og for entusiastar. Satsinga Dalalåven representerer er ikkje tufta på ein draum om økonomisk utbyte, men ein draum om å halda fram utviklinga av skisenteret, Hodlekve og Sogndalsdalen som noko heilt spesielt, ein stad der alle kan trivast, frå dei

minste til dei eldste, ein stad for heile familien. Ein stad der alle kjenner seg velkomne, same kva sko dei har på beina. - For oss er Dalalåven ei ny tidsrekning, seier Kim Andre Navarsete, driftssjef ved Sogndal Skisenter. BYGGINGA STARTA I august 2018, i påsken 2019 var det klart for offisiell opning. - Me er ikkje ferdige med Dalalåven enno, men må nytta kvar einaste krone


Hodlekvemagasinet

31

på best mogleg vis, seier Yngve Hallèn og Magne Hofslundsengen, styreleiar og styremedlem i aksjeselskapet. I tillegg til ein møteplass og eit senter for aktivitetar, skal Dalalåven bli ein stad for konsertopplevingar og god mat. Dei vil at alle tek eigarskap til Dalalåven og er med og fyller den med innhald og gode opplevingar. Intersport Sogndal var dei første som etablerte seg i Dalalåven, med sportsbutikk, skiutleige og skiverkstad. Håpet er at det etter kvart skal bli stor aktivitet også i sommarhalvåret, med aktivitetar som sykkel og vandring. OPPE I ANDRE høgda, på låvebana, skal det byggjast eit senter for skredkunnskap. Arbeidet er godt i gang, men vil ta litt tid. - Me kan ikkje fortelja så mykje om dette enno, men det kjem til å verta noko heilt spesielt, seier Hallèn og Hofslundsengen. DEI ER SVÆRT glade for at folk som bur i Sogndalsdalen har teke så vel imot Dalalåven, og dei rosar næringslivet og dei folkevalde i kommunen for måten dei har støtta opp om tiltaket. Begge peikar

på nærleiken til Sogndal sentrum og alle tilboda der, som ein svært stor fordel for skisenteret og Dalalåven. Det er ingen tvil om at aktivitetar i og kring Hodlekve, om det er hyttebygging, festivalar eller idrettstevlingar, også kjem næringslivet i regionen til gode. Di meir aktivitet, di fleire folk

som vil handla, oppleva og overnatta. Og di betre opplevingar, di meir attraktiv vert Sogndal som reisemål. - Denne nærleiken gjer at me kan utvikla oss saman, seier dei.


BADEMILJØ Bent Vikøren AS Postboks 44, 6856 Sogndal, Tlf: +47 908 80 761 www.maskinsenteret.com

10

ÅRSI ANT GART BAD T TE

ÅRSI 1G0 NT ARABAD TETT

Vi prosjekterer, teiknar bad og utfører alt av røyrleggjararbeid. Ta kontakt for avtale. Opningstider: Månd-onsdag og fredag 09.00-16.30 Torsdag 09.00-17.00 Laurdag 10.00-15.00 Ta kontakt for avtale utover opningstider.

Ingen jobb for liten – ingen jobb for stor Vangestadvegen 4 tlf.: 952 13 717 6854 KAUPANGER

Hodlekvemagasinet

32

Mur og betong – Omnar og piper Telefon 90 96 94 94 – www.bentj.no

I Hodlekve har vi prosjektert vegar, vassforsyning og avløpsanlegg frå starten av og bygningstekniske konstruksjonar for Dalalåven.

KOM I

til høstens arrangementer med f. eks

MÅL

apollo stoler og sqb bord.

Produsent og hovedleverandør:

Skjeldestad

Skjeldestad kontorspar AS Fossetunet 1, 6856 Sogndal


Tenkjer du på å selje? Eller er det noko du lurer på om fast eigedom? Hodlekvemagasinet

33

Olav Skjeldestad, tlf. 905 64 525 e-post: olav@eigedomsmekling.no

Jan Rune Årøy, tlf. 950 44 240 jan.rune@eigedomsmekling.no

Eit godt sal startar med god planlegging. Vi er størst i Sogn, med lang erfaring og stor kundegruppe. Vi tilbyr tenester som sal, kontraktsoppdrag, seksjonering, e-takstar/ verdivurdering m.m. Kom innom oss på Amfi Sogningen for ein prat!


Rinden – med vinduspla No startar me førehandsalet i Rinden 2. Dette er fantastiske tomter, med utsikt nedover heile Sogndalsdalen. Me kjem nok ikkje til å ha maken til desse tomtene i Sogndal Skisenter.

Hodlekvemagasinet

34

Jomar Haukås i Sognefjorden Utvikling, er full av entusiasme over tomtene på Rinden. – Dette er det femte byggetrinnet i Hodlekve sidan me starta for 6 år sidan. Me nærmar oss no 150 hyttetomter, i tillegg til 20 leilegheiter i det som blir Hodlekve Panorama. Det nye hytteområdet følgjer ryggen oppover Rinden, og er perfekt lokalisert mellom skitrekk og nedfartar. Dette er siste utbyggingområde i Rindabotn og inneheld 26 tomter. Dei skal vere klare i løpet av hausten. Ein kan allereie no sikre seg førsteretten til å velje tomt. – Om du vil sikre deg ei av desse fantastiske hyttetomtene i Hodlekve, eller Hodliwood som nokon likar å kalle det, er det berre å ta kontakt med meg på telefon telefon eller e-post. Eg tek dykk gjerne med på visning.

Beste helsing Jomar Haukås

Tlf: 900 21 777 E-post: jomar.haukas@icloud.com


ass mot Sogndalsdalen

Hodlekvemagasinet

35


Vårt engasjement for aktivitet , produkt og kunde gjer kundemøtet til vår arena. Her får vi vist det vi kan og det vi brenn for. Det fell oss naturleg å gje gode råd og dele våre erfaringar

Me deler din lidenskap

SKIBUTIKKEN DALALÅVEN UTLEIGE AV: SKI – SKO – HJELM – STAVAR

Hodlekvemagasinet

36

• • • • • •

ALPINT NORDISK ( felleski ) FJELLSKI TOPPTUR TRUGER PULK

SKIBUTIKK MED SAL AV VINTERVARER

TOPPTURBUTIKKEN I SOGNDAL Over 10 år med satsing på TOPPTUR har gjort oss til ein av dei beste på dette området • STORT UTVAL TOPPTUR SKI-SKO-TEKSTIL • SKIVERKSTAD MED SLIPEMASKIN • HØG KOMPETANSE PÅ INDIVIDUELL TILPASSING AV SKISKO • VI BLOKKAR ALPIN/ TOPPTURSKO • FORMSTØYPTE SÅLAR 100 % TILPASSA DIN FOT • TILSETTE SOM TESTAR OG BRUKAR UTSTYR VI SEL LEIGE HYTTE I HODLEKVE ? INTERSPORTHYTTA – HØG STANDARD 16 SENGEPLASSAR SKI INN / UT BOOKING: Reidar: 92695718 Stig: 90587688


37 Hodlekvemagasinet

Foto: Håvard Nesbø

55 spreke butikkar!

Subway Meny med søndagsbutikk !

10-22 Meny

Rema 1000

8-23 (8-21) Søndag: 10-22

7-23 (8-21)

Vinmonopolet

10-17 Torsdag-fredag 10-18 Laurdag: 10-15

AMFI Mykje å gle seg til. Alltid.

Apotek 1 9-19 (10-18)


hovedsponsorar: Sogndal Skisenter, Hodlekve, takkar alle som bidreg til å realisera

«Eventyret Hodlekve»

spesielt våre hovudsponsorar som er:

Hodlekvemagasinet

38


Vår kunnskap medverkar til eit Vår kunnskap medverkar til eit meir verdifullt samfunn

God mat på hytta?

meir verdifullt samfunn

Bestill lokale råvarer eller få ferdig catering hjå oss. Berre tilsett matglede! Kontakt Ellevilt på 916 66 909

Norconsult er Noregs største rådgjevar – med lokale kontor nær våre oppdragsgjevarar. Norconsult i Sogn og Fjordane arbeider med små og store oppdrag innan prosjektering og arkitektur.

Eller send oss ein melding på facebook ellevilt.as | facebook.com/ellevilt

KJØT FISK VILT

Telefon: 57 67 11 11 sognkulde.no

Hodlekvemagasinet

39

FIBERNETT på hytta, heime og arbeid Heimekontor, underhaldning, smart straumstyring eller berre ekstra komfort med godt internett på hytta? Fritidsbustadane i hyttefeltet Hodlekve/Rindabotn har tilbod om å kople seg til eit veletablert fibernett frå Sognenett, klart for dagens og framtidas behov. Etablering: 11.990,- inkl. fibermodem Internett 30/30 Mbit/s: 349,-/mnd. Fri databruk. Avtaletid: 12 mnd. frå oppkopling.

Kontakt oss for meir informasjon:

Telefon: 57 62 70 60

sognenett.no | sal@sognenett.no | 9519 2222

Sjøkanten


40


41

Andreas Vold likar seg utanfor løypene i Sogndal Skienter. På dagar med gode og stabile forhold kan dette her vere eit alternativ. (Foto: Håvard Nesbø)


Hodlekvemagasinet

42

Snøforholda gjorde utslaget for William Eit tydeleg kvalitetsstempel på Hodlekve som spennande hyttområde får ein først når ein ekte valdresing finn vegen over fjellet frå aust. Og set seg opp draumehytta si her. William Holden valdresingen me pratar om, er sjølv hytteutbyggjar og entrepenør gjennom selskapet Høyset Panorama AS. Der han er deleigar, heime i Valdres. Selskapet har selt om lag sytti av to hundre godkjendte tomter og bygd fleire hytter for sal. Så han veit godt kva han pratar om når han skal forklare hytta som er eineståande i sitt slag, i allefall i Hodlekve. KLIMAFLYKTNINGEN Skal ein ta hyttepraten må det først bli fortalt kvifor Holden som sjølv bur i eitt av dei største hytteutviklingsområda i landet, valde seg Hodlekve. – Det starta vel med at borna mine og eg reiste vestover her på helgaturar og

dagsturar når det var store snøfall. Så me blei presentert for Sogndalsdalen gjennom dunsnøen. På ein av desse turane sa yngste son min Erlend «Pappa der er jo her me skulle hatt hytte, ikkje på vaset». Ein tanke som fekk gro eit snautt år, så blei tomta kjøpt. Som du sikkert skjønnar så er det laussnøkøyring på ski som er hovudårsakt til at me havna her. Men også det faktum at leigemarknaden er veldig bra, noko som er med på å rettferdiggjera investeringane, er også ein vesentleg årsak. Dette kombinert med to og ein halv times køyreavstand frå heimen, gjer dette til eit meget bra alternativ for oss. Ein kan spørja seg kva sambygdingar i hyttemetropolen aust for vasskilje reagerar på «utbrytarar» som Holden. – Det var nok mange som stussa litt då eg sa me skulle bygge hytte i Sogndal, i staden for Valdres. Det kan vel seiast at det er ganske så uvanleg, særleg for ein som driv med tomtesal og hytter. Men innanfor miljøet som driv med laussnøkøyring så var forståelsen stor på valet me gjorde.

PRAKTISKE LØYSINGAR Hytta er same BYA som alle andre, 120m2. Men har eit innvendig areal som akkurat snik seg under 150m2. I praksis litt større då alt ikkje reknast med grunna låg takhøgd i andre etasje. – Det er et moderne bygg, med varme styrt frå app på telefonen. Den har automatisk solskjerming, varmekablar på platning ute og på gangareal bak hytta. Sonos musikkanlegg i dei fleste rom på hovuddelen. Får snart på plass takhengt pipe til vedomnen som då skal henge fritt etter taket. Hytta har to kjøken, to bad og badstove. Den er halvannan etasje og bygd som to einheiter som kan stengast av kvar for seg eller brukast som ei stor einheit. Moderne design, kombinert med praktiske løysingar og god utnytting av plass. Det er ikkje gått vekk noko areal til gang mellom rom. Hytta fungerer spesielt godt i bratt terreng som det er i Hodlekve, den glir fint inn i landskapet, og er ikkje noko prangande eller forstyrrande på noko slags vis.


POSITIV FRAMTID Holden gler seg til kva framtida vil by på i Sogn. Sjølv om det er den djupe lette fine dunsnøen som lokkar mest. Så ser han potensial i mykje meir. – Eg må først få kommentere at alle desse anneksa er ei finurleg greie i reguleringsplanen. Etter mi meining skulle det vore muleg å byggje tak mellom anneks og hytte, eventuelt byggje noko større hytte og ikkje anneks. Det er ikkje alltid anneks er på sin plass. Eg har god tru på at området her vil vekse og stige i popularitet etter kvart som fleire byggjer og området vert meir kjendt. Eg føler at området har mange kvalitetar både sommar og vinter. Det ligg fint plassert slik det er hav av mulegheiter for aktivitetar og utflukter som svært få andre områder har.

43 Hodlekvemagasinet

GODT SAMSPEL Terje Thorsnes hjå Sognehus AS er byggherre. Og hytta er opprinneleg ei Forus frå Boligpartner, men betydeleg større og totalt teikna om innvendig. – Eg hadde mange konstruktive runder med Terje og kompani, som er svært nøgd med planløysinga og hytta som heilheit. Dei er proffe på plan og teikning. I følgje Terje Ser det ingenting som er dyrt, berre litt dyrare, og det kan du trygt seie at det har blitt. Det har vore totalt sett ein god byggeprosess, men tok noke lengre tid enn eg hadde håpa. Det har vore veldig lærerikt og nyttig for meg å oppleve det heile frå andre sida av bordet forklarar Holden som legg til: – No går eg berre å ventar på fleire av dei andre som har hytte i området, skal bli ferdige med sine hytter. Er mykje som ennå står halvferdig rundt om, og det er for få som lagar til uteområda sine. Litt byggeplasspreg endå, men det må vel vere slik når det er så stor aktivitet. Det blir nok heilt topp når alt står ferdig.


Berekraftig frå «år null» Hodlekvemagasinet

44

Hytteutleige er ein trend som aldri tek slutt her i landet. Den er faktisk aukande. I Sogndal Skisenter har ein lagt bak seg ein sommarsesong med forbløffande godt resultat.

området. For hytteeigarane opnar det opp slik det gjerne er lettare å forsvare investeringane som ei hytteutbygging er. Dei med høgst utleigefrekvens på årsbasis, nærmar seg ein halv million kroner i omsetnad. Dette gjer til at det er enklare å finansiere hyttedraumen for fleire, seier Per Odd Grevsnes, dagleg leiar i Songdal Skisenter Drift.

Skisenteret har formidla utleige på fire hytter gjennom sommarhalvåret i år. Der det mest har vore fullbooka heile sommaren.

BEREKRAFTIG SAMSPEL Sogndal Skisenter har tatt steget frå å «berre» vere eit lokalt lite skisenter, med nasjonalt renomé knytt til laussnøkøyring, til å bli ein heilårsdestinasjon. – Etter kvart som me veks oss litt større så rettar me også fokuset over på litt fleire brukargrupper. Me må levere godt til både barnefamiliar og utanlandske turistar. Det handlar heller ikkje om å bli blant dei største, men å bli gode på det me har. Få ein berekraftig organisasjon, som skapar heilårsdrift. Slik får ein utnytta infrastruktur og investeringar. Det handlar om å skapa og drifta eit heilårstilbod for lokalsamfunnet og tilreisande. Då tenkjer eg både på

FJELLANDSBYEN Hodlekve er blitt noko meir enn berre eit skisenter, med aktivitetar og besøk heile året passar nemninga fjellandsby nok mykje betre. – Me har hatt fullt opp i alle hyttene så og seia heile sommaren. Hovudsakleg er det utanlandske turistar som søkjer seg nærmare naturen, dei ynskjer å vere meir sjølvstendige når dei er på ferie. For skisenteret ei viktig og kjærkomen tilleggsinntekt, som er med på å sikra vidare drift og utvikling av

arbeidsplassar og tilrettelegging for naturbaserte aktivitetar. Som fremjar både idrett, leik og moro, samt folkehelse. I tillegg turisme heile året som fremjar og styrkjer regionen økonomisk. Det er eit samspel og lagspel med positive synergiar, forklarar Grevsnes. EKSPANSJON I Hodlekve har det vore skisenterdrift sidan 1979. Men denne sesongen ein no er i, vil på mange måtar vere som eit år null att i følje Grevsnes. – Det er først dei siste åra ein har fått ein vesentleg ekspansjon i utvikling og drift sidan oppstarten for førti år sidan. Noko som har vore naturleg med hytteutbygginga. Me har sett saman ein mykje større og tydlegare organisasjon. Me har 3,5 årsverk på heilårsdrift. I tillegg til 25 sesongtilsette. Hytteutleigen har no totalt 173 senger. Då er me på ein solid tredjeplass i den


Hodlekve på 50 tallet.

1,2 km sykkelløype - Norbohusløypa.

Hodlekvemagasinet

45

nye storkommunen. Dette opnar for endå fleire mulegheiter. NY MARKNAD I det legg Grevsnes mellom anna tilbod som Dalalåven. Eit nytt servicebygg med vesentleg betre kafé/restaurant tilbod. Ein møteplass ikkje berre for skifolket, men også ein samlingsstad for lokale. Kafédrift, pub, ulike tilstelningar og arrangement, privat utleige. Fleire møtelokale. – Med eit så stort tal senger tilgjengeleg, samt ein Dalalåve som kan huse fleire hundre. Er ein med eitt inne på kurs og konferansemarknaden. Vil ein prøve noko anna enn hotelltilboda. Så har ein moglegheita her hjå oss i større skala. Jobb og konferanse kombinert med aktivitetar og skianlegg rett utanfor døra, gjev eit meir aktivt preg på samlingar. Berre tenk deg firmasamling over eit par dagar, med to timar ski, tur eller sykkel midt på dagen,

ein frisk gjeng. Sunne verdiar er noko dei fleste vil assosiere seg med, det får ein her hjå oss i bøtter og spann. KVALITET PÅ UTLEIGE Sogndal Skisenter tilbyr eksisterande hytteeigarar å ta formidlingsbiten når det kjem til utleige. Med enkle vaktmeistertenester, sal av ved, sengetøy og ei oppfølging med vakttelefon tilgjengeleg heile døgeret, vert det også sikrare for utleigar. – Me byggjer om nettsidene våre, ein ny app er også på plass. Me har hatt eit prosjekt i sommar der me har hatt formidling og styring av fleire utleigeeiningar. Der har hytteeigarane overlete det meste til oss. Me har sikra bookingar, følgt opp gjestene. Noko som har gitt god avkasting når det har blitt gjort på rette måten. Me riggar no organisasjonen vår til å kunne tilby dette for alle hytteeigarar i området, forklarar han. og legg til:

– For eksisterande hytteeigar og nye som kjem til, så vil me gjerne leige ut hytta når ein ikkje skal nytte den sjølv. Det er berre å ta kontakt for meir inngåande informasjon. BETRE PÅ SEG SJØLV Ein må ikkje gløyme aktivitetstilbodet utandørs. Forbetring av eksisterande og utvikling av nye tilbod er eit føremon for eit betre produkt. – Me forbetrar eksisterande alpine nedfartar. Me har også planar for nye nedfartar, nye skitrekk, snøproduksjonsanlegg, lys i Holenløypa. Sykkelstiar og vandrestiar skal byggjast og utviklast. Langrennsløypene skal få heilårsdrift med asfaltert område. Det er mykje og mange idear, muleg for mange til tider. Men me tek dei nærmaste først. Me fullfører Hodlekve Fjellandsby steg for steg.


Hodlekvemagasinet

46


Hodlekvemagasinet

47


Hodlekvemagasinet

48


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.